Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

ASBJØRNSEN OG MOE

Det var ein gong ein vakker sommardag at jomfru Maria sat og sydde ute i det grøne. Ho hadde lagt gullsaksa og det raude silkenøstet ved sida av seg, men rett som ho tok etter dei, så var dei borte. Ho leita og ho leita, og spurde alle tre og alle dyr, både fugl og fisk, om nokon av dei hadde tatt nøstet og saksa. Men dei sa nei alle saman, dei hadde verken sett dei eller rørt dei. Med det same kom svala flygande forbi og kvitra:

"Gutar og jenter,
sit på låven,
blir kyst og klappa -
Eg sat og såg på!"

"Det er du som har tatt saksa og nøstet!" sa jomfru Maria. "For ingen andre vimsar omkring som du, både høgt og lågt, rundt hus og heim, under sky og himmel, og i den grøne enga!"

"Jomfru Maria skuldar meg, skuldar meg
For saksa og silkenøstet,"

sa svala.

"Tok eg ei saks?
Kva skulle vel eg med slikt?
Tok eg eit nøste?
Det kunne eg iallfall bruke til reiret."

"No gav du meg ein idé", sa jomfru Maria. "Både nøste og saks skal du bere til merke, og bu under tak og raust [1]."

Ja, svala flyg omkring med den raud flekk i strupen og med saksestjert. Om hausten tumlar ho seg i lufta mellom folket som arbeider på åkeren og skyt seg ofte like inn på dei, nesten som ho vil ta farvel for året. Ho bur seg sikkert på langreis, ho som mange andre fuglar når hausten kjem.

Det første ein høyrer frå ho om våren, er nå ho syng:

"Om hausten når eg drar,
er alle husa fulle.
Om våren når eg kjem,
er alle husa tomme,
kvart eitt!
Dyr og folk har ete mest alt, trur eg. [*]

Eventyr att-gitt

Ord

  1. raust: taksperre, møne; berande konstruksjon i hustak med møne; øvre (trekanta) del av gavlvegg.

Notar

Fugl Dam

Det var ein gong ein konge som hadde tolv døtrer, og dei heldt han så mykje av at dei måtte vere omkring han støtt. Men kvar middag når kongen sov, gjekk kongsdøtrene ut og spaserte.

Ein gong då kongen tok middagsluren [1] sin og kongsdøtrene var ute, blei dei borte med det same og kom ikkje att. Då blei det stor sorg over heile landet, og kongen var den som var mest sorggiven av alle. Han let det gå ut bod både i sitt eige rike og i framande, og etterlyste dei ved alle kyrkjer og ringde etter dei med alle kyrkjeklokker over heile landet. Men kongsdøtrene var borte og blei borte, og ingen visste kor det var blitt av dei. Så kunne folk skjøne at dei var tatt i berg.

Det varte ikkje lenge før det spurdest vidt og breitt både i by og bygd, ja over mange bygder og framande land. Så kom ordet om det også til ein konge langt borte i landa, ein som hadde tolv søner. Då dei fekk høyre om dei tolv kongsdøtrene, bad dei faren om lov til å reise ut og leite etter dei. Han ville nødig gi dei lov, for han var redd han aldri skulle få sjå dei att. Men dei gjorde knefall for kongen og bad så lenge at til sist måtte han la dei fare likevel. Han rusta eit skip til dei og sette Riddar Raud til styrmann, for han var vel kjent på sjøen.

Dei seglde omkring i lange tider, og var oppe i alle land dei kom til og leita og spurde etter kongsdøtrene, men dei fekk verken høyrt eller spurt dei [2]. No var det berre nokre dagar att, så hadde dei segla i sju år. Då blei det sterk storm ein dag, og slikt vêr at dei trudde dei aldri skulle komme til land meir. Alle måtte henge i, og dei fekk ikkje søvn på auga så lenge uvêret stod på. Men då det lei på tredje dagen, la vinden seg, og med eitt blei det heilt stilt. Mest alle var no så trøytte og slitne etter hardvêret at dei sovna på augeblinken. Men den yngste kongssonen hadde ikkje ro på seg og kunne ikkje sove.

Mens han no gjekk att og fram på dekket, kom skipet til ei lita øy, og på øya sprang ein liten hund og gøydde og knistra mot skipet som om han ville ut på det. Kongssonen gjekk på dekket og lokka og plystra på hunden, og dess meir gøydde og knistra hunden. Han syntest at det var synd at hunden skulle gå der og stryke med, for han trudde hunden kunne vere frå eit skip som var forlist i stormen. Men kongssonen syntest ikkje han kunne hjelpe hunden heller. Han trudde ikkje han var i stand til å sette ut båten aleine, og dei andre sov så godt at han ikkje ville vekke dei berre for ein hunds skuld. Men vêret var blankt og stilt, og så tenkte han: Du får likevel i land og berge hunden. Så prøvde han å sette ut båten, og det gjekk lettare enn han hadde trutt. Han rodde i land og gjekk opp til hunden, men kvar gong han greip etter han, sprang hunden unna, og slik heldt det fram til han kom inn i eit slott før han visste ordet av det. Der gjorde hunden seg om til ei vakker kongsdotter, og i benken [3] sat ein mann så stor og stygg at kongssonen blei reint fælen.

"Du treng ikkje bli redd", sa mannen - enda reddare blei kongssonen då han høyrde målet hans - "for eg veit godt kva du vil: det er tolv kongssøner av dykk, og de leitar etter dei tolv kongsdøtrene som blei borte. Eg veit nok kor dei er hen, dei er hos husbonden min. Der sit dei på kvar sin gullstol og reinskar hovuda hans for lus, for han har tolv hovud. No har de segla i sju år, men de kjem til å segle i sju år til før de finn dei. Du kunne gjerne bli her, du", sa han, "og få dotter mi. Men først må du slå husbonden i hel, for han er ein streng herre mot oss. Så prøv no om du kan svinge sverdet", sa trollet.

Kongssonen tok fatt i eit gammalt, rustent sverd som hang på veggen, men han kunne snautt rugge det.

"Så får du ta deg ein slurk av denne flaska", sa trollet.

Då kongssonen hadde gjort det, kunne han rugge det, og då han hadde tatt éin til, kunne han lyfte det, og då han hadde tatt enda éin, kunne han svinge sverdet så lett som ei bakstefløyg [4].

"Når du no kjem om bord", sa trollprinsen, "så må du gøyme sverdet vel i køya di så Riddar Raud ikkje får sjå det. Han er vel ikkje god for å svinge det, men han vil enda bli hatsk på deg og stå deg etter livet. Når sju år er omme på tre dagar nær", sa han vidare, "så går det like eins som no: Det kjem eit sterkt vêr over dykk med storm, og når det er over, blir de søvnige alle saman. Då må du ta sverdet og ro i land. Så kjem du til eit slott, og der står alle slags vaktar, både ulvar og bjørnar og løver. Men du skal ikkje vere redd dei, for dei kastar seg framfor føtene dine alle saman. Når du kjem inn i slottet, så ser du han som sit i eit staseleg kammers, gild og grom. Men tolv hovud har han, og kongsdøtrene sit på kvar sin gullstol og lyskar [5] kvar sitt hovud. Og det arbeidet kan du nok vite dei ikkje synest om. Så må du skunde deg og hogge av det eine hovudet etter det andre. Vaknar han og får sjå deg, så sluker han deg levande."

Kongssonen gjekk om bord med sverdet, og det han hadde fått visst, kom han vel i hug. Dei andre låg og sov enda, og han gøymde sverdet i køya si, så verken Riddar Raud eller nokre av dei andre fekk sjå det. No tok det til å blåse att, og han vekte dei og sa han syntest det likna ingen ting at dei låg og drog seg lenger, no når det var slik god vind. Ingen merka at han hadde vore borte.

Då no dei sju åra var omme på tre dagar nær, så gjekk det som trollprinsen hadde sagt. Det kom hardt vêr og storm som varte i tre dagar, og då det var over, blei dei søvnige etter alt slitet og la seg til å sove alle saman, så nær som den yngste kongssonen. Han rodde til land, og vaktdyra på land kasta seg framfor føtene hans så han kom fram til slottet.

Då han kom inn i kammerset, sat stortrollet og sov som trollprinsen hadde sagt, og dei tolv kongsdøtrene sat kvar på sin stol og lyska kvar sitt hovud. Kongssonen vinka til kongsdøtrene at dei skulle flytte seg av vegen, men dei peikte på trollet og vinka til han at han skulle gå sin veg og ha seg vekk. Men han heldt ved å gjere miner til dei at dei skulle flytte seg unna, og så skjønte dei at han ville frelse dei, og flytta seg bort så stilt dei kunne, den eine etter den andre, og like så fort hogde kongssonen hovuda av trollkongen så blodet til sist fløymde som ein stor bekk.

Då trollet var drepe, rodde han om bord att og gøymde sverdet. No hadde han gjort nok, syntest han, og sidan han ikkje rådde med å få liket av vegen aleine, meinte han det var ikkje for mykje om dei hjelpte til litt dei andre også. Han vekte dei og sa det var skam slik dei låg og drog seg, no når han hadde funne kongsdøtrene og frelst dei frå trollet.

Dei andre lo av han og sa at han nok hadde sove like godt som dei og vel så det, og drøymt at han var slik kar. Dersom nokon skulle frelst kongsdøtrene, var det nok rimelegare at ein av dei hadde gjort det.

Men den yngste kongssonen fortalte korleis alt var gått til, og så følgde dei med i land då. Først fekk dei sjå blodbekken, og så slottet og dei tolv hovuda og kongsdøtrene. Då såg dei han hadde sagt sant, og no hjelpte dei til med å kaste hovuda og kroppen på sjøen. Alle var dei no glade, men ingen var gladare enn kongsdøtrene, som slapp å sitte og lyske trollet heile dagen. Av alt det gullet og sølvet og dei kostbare tinga som var der, tok dei med seg så mykje som skipet kunne frakte. Så gjekk dei om bord alle saman, både kongssønere og kongsdøtrene.

Men då dei hadde komme eit stykke ut på sjøen, sa kongsdøtrene at i gleda hadde dei gløymt gullkronene sine. Dei låg i eit skap, og dei ville dei gjerne ha med.

Då ingen andre ville hente dei, sa den yngste kongssonen: "Å ja, eg har no våga såpass før, så eg kan vel reise etter gullkronene også, berre de vil ta ned segla og vente til eg kjem att."

Ja, det skulle dei. Men då han hadde komme så langt bort at dei ikkje såg meir til han, sa Riddar Raud, som gjerne ville vere den fornemste sjølv og ha den yngste kongsdottera, at det kunne ikkje nytte å ligge stille og vente på han, "for han kom aldri att, kunne dei nok vite." Riddar Raud sa også at dei visste at kongen hadde gitt han sjølv makt og mynde så han seglde når han ville. Dei skulle seie at han hadde frelst kongsdøtrene. Og var det nokon som sa noko anna, skulle han miste livet. Prinsane torde ikkje gjere anna enn det som Riddar Raud ville, og så seglde dei.

Imens rodde den yngste kongssonen i land og gjekk opp i slottet. Han fann skapet med gullkronene i, og streva og drog på det til han fekk det ned i båten. Men då han kom dit han skulle sjå skipet, var det borte.

Då han no slett ikkje såg det på nokon kant, så kunne han nok skjøne korleis det hadde gått til. Å ro etter kunne no ikkje nytte, og så snudde han og rodde til lands att. Han var nok redd for å vere aleine om natta i slottet, men det var ikkje anna hus å få. Så skaut han hjartet opp i livet, låste alle dører og portar og la seg på eit rom der det stod ei oppreidd seng. Men redd var han, og reddare blei han då han hadde lege ei stund og det tok til å knake og brake i veggar og tak som om heile slottet skulle rivne. Med eitt duska det ned ved sida av senga som eit høylass. Så blei det stilt att, men han høyrde ei røyst som bad han ikkje vere redd, og sa:

"Eg er Fugl Dam,
eg skal hjelpe deg fram.

Med det første du vaknar i morgon, må du gå på stabburet etter fire tønner rug til meg, det må eg ha til livs til dagverds #pd, elles kan eg ikkje gjere noko."

Då han vakna, fekk han sjå ein urimeleg stor fugl som hadde ei fjør i nakken så svær som ei halvvaksen bjelkegran. Kongssonen gjekk no på stabburet etter fire tønner rug til Fugl Dam, og då fuglen hadde sett dei til livs, bad han kongssonen at han skulle henge skapet med gullkronene på den eine sida av halsen på han, og ta så mykje gull og sølv som kunne vege likt imot, og henge på den andre sida. Og så fekk han sjølv sette seg opp på ryggen og halde seg vel fast i nakkefjøra.

Så bar det av stad gjennom lufta så det suste, og det varte ikkje lenge før dei fór forbi skipet. Kongssonen ville vore om bord etter sverdet, for han var redd nokon skulle få sjå det, og det hadde trollet sagt at ingen måtte. Men Fugl Dam sa at det fekk vere med det no. "Riddar Raud får vel ikkje sjå det", sa fuglen, "men kjem du om bord, så står han deg etter livet, for han ville gjerne ha den yngste kongsdottera. Men ho kan du vere trygg for, ho legg eit nakent sverd framfor seg i senga kvar natt."

Langt om lenge kom dei til trollprinsen, og der blei kongssonen så vel mottatt at det ikkje var måte på det. Trollprinsen visste ikkje alt det gode han ville gjere han fordi han hadde slått i hel husbonden hans og gjort han til konge; han hadde gjerne gitt han dotter si og halve landet og riket. Men kongssonen hadde no fått slik godhug for den yngste av dei tolv kongsdøtrene at han aldri hadde ro på seg, men endeleg ville av stad den eine gongen etter den andre. Trollet bad han vere roleg enda ei stund, og sa dei andre hadde nesten sju år å segle før dei kom heim. Om kongsdottera sa trollet det same som Fugl Dam: "Du kan nok vere trygg for ho. Ho legg eit nake sverd framfor seg i senga. Og dersom du ikkje trur meg", sa trollet, "så kan du gå om bord når dei segler framom her og sjå etter og hente sverdet du gøymde, for det må eg så ha att likevel."

Då dei seglde forbi, hadde det igjen vore uvêr, og då kongssonen kom om bord, sov dei all saman, og kvar kongsdotter låg med sin kongsson. Men den yngste låg aleine med eit nakent sverd framfor seg i senga, og på golvet framfor senga låg Riddar Raud. Kongssonen tok sverdet og rodde i land att utan at nokon av dei merka han hadde vore om bord.

Men enda var ikkje kongssonen roleg, og han ville ofte av stad. D det endeleg lei mot slutten av dei sju åra og det berre var som tre veker att, sa trollkongen: "No kan du gjere deg i stand til å reise, sidan du ikkje vil bli hos oss. Du skal få låne jernbåten min. Han går av seg sjølv berre du seier: "Båt, gå fram!" I båten er det ei jernklubbe, og den jernklubba skal du lette på når du får sjå skipet like framfor deg, så får dei slik bør at dei gløymer å sjå etter deg. Når du kjem på sida av skipet, skal du lette på jernklubba att, så blir det ein slik storm at dei nok får anna å gjere enn kike etter deg. Og når du er forbi dei, skal du lette på klubba tredje gongen. Men du må alltid legge ho varleg ned att, elles blir det slikt eit vêr at de går til grunne, både du og dei. Når du så har komme til lands, treng du ikkje bry deg om båten: Skuv han berre ut og vend han, og sei: "Båt, gå vegen heim som du gjekk han fram!""

ASBJØRNSEN OG MOE

Då kongssonen reiste, fekk han så mykje gull og sølv og så mykje anna gildt, og klede og linnet [6] som trollprinsessa hadde sydd til han i all denne tida, så han var mykje rikare enn nokon av brørne sine. Han hadde ikkje før sett seg i båten og sagt: "Båt, gå fram", så gjekk båten, og då han fekk sjå skipet rett framfor seg, letta han på klubba. Så fekk dei hine slik bør at dei gløymde å sjå etter han. Då han var på sida av skipet, letta han på jernklubba att, og då blei det slik ein storm og slikt vêr at kvitt skumm stod rundt skipet og sjøane slo over dekket så dei nok hadde anna å gjere enn kike etter han. Og då han kom framom dei, letta han på klubba tredje gongen, og så fekk dei så rundeleg nok å gjere at dei slett inga tid hadde til å sjå etter kva det var for ein.

Han kom i land lenge, lenge før skipet, og då han hadde fått alt sitt ut av båten, skuva han båten ut att, vende han om og sa. "Båt, gå vegen heim som du gjekk han fram!" og så gjekk båten. Sjølv kledde han seg ut som sjømann og gjekk opp i ei ussel stove til ei gammal konesom trudde at han var ein stakkars matros som kom frå eit skip som hadde lidt skipbrot og at han var den einaste som var blitt frelst. Han bad om ho ville låne han hus for seg og tinga hans.

"Bere meg", sa kona, "eg kan nok ikkje la nokon overnatte her. Du ser korleis det er her. Eg har ikkje noko å ligge på sjølv, og enda mindre noko å la andre ligge på."

"Ja, det er det same", sa mannen frå jernbåten, for når han berre fekk tak over hovudet, så fekk det vere det same korleis han låg. Husrom kunne ho då ikkje nekte han når han ville ta til takke slik som ho hadde det.

Om kvelden flytta han inn sakene sine, og han hadde ikkje fått dei inn før kona, som gjerne ville høyre nytt å renne med, tok til å spørje kva han var for ein, kor han var frå, kor han hadde vore hen, kor han skulle, kva det var han hadde med seg, kva for ærend han reiste i, og om han ikkje hadde høyrt noko om dei tolv kongsdøtrene som var blitt borte for mange herrens år sidan – og enda mykje anna som det skulle god tid til å tale om og rekne opp. Men han sa han kjende seg skrøpeleg og hadde vondt i hovudet. Ho måtte endeleg la han ha ro nokon dagar til han hadde komme seg etter alt det han hadde hatt å stå i, så skulle ho få vite alt ho ville og meir til.

Dagen etter tok kona igjen til å spørje og grave. Mannen frå jernbåten hadde enno hovudverk, sa han, men rett som det var så let han likevel falle eit ord om at han nok visste litt om kongsdøtrene. Straks fór kona av garde med det ho fekk vite til alle dei sladrekjerringane som fanst i grenda, og no kom den eine rennande etter den andre og spurde nytt om kongsdøtrene, om han hadde sett dei, om dei kom snart, om dei var på vegen, og meir slikt. Han sa framleis han hadde vondt i hovudet, men sa så mykje som at var dei ikkje blitt borte i det harde vêret som hadde vore, så kom dei om fjorten dagars tid eller kanskje før. Men han kunne ikkje seie om dei var i live enno, for han hadde ikkje sett dei. Men det kunne gjerne vere at dei hadde gått under sidan.

Ei av kjerringane fór til kongsgarden med dette, og sa at det budde ein sjømann i stua hos den og den kona. Han hadde sett kongsdøtrene, og dei kom nok om ei fjorten dagars tid, eller kanskje åtte. Då kongen høyrde dette, sende han bod på mannen. Han skulle komme og fortelje det sjølv.

"Eg ser ikkje slik ut", sa mannen frå sjøen, "eg har ikkje klede så eg kan komme fram for han." Men ærendssveinen til kongen sa at han endeleg skulle komme, for kongen ville og måtte tale med han enten han var slik eller slik, for enno hadde det ikkje vore nokon som hadde kunna gi han melding om kongsdøtrene.

Ja, så måtte kongssonen i veg til kongsgarden. Han gjekk inn til kongen i matrosdrakt [7], og kongen spurde om det var sant han hadde sett noko til kongsdøtrene.

"Ja, det har eg", sa mannen i matrosdrakta, "men eg kan ikkje vite om dei lever enno, for då eg såg dei, var det hardt vêr. Men dersom dei er til enno, kjem dei nok om ei fjorten dagars tid og kanskje før."

Då kongen høyrde det, blei han nesten ute av seg av glede, og då det lei mot den tida som sjømannen hadde sagt dei skulle komme, drog kongen imot dei ned til stranda i full stas, og det var stor glede over heile landet då skipet kom med kongsdøtrene og kongssønene og Riddar Raud; men ingen var gladare enn den gamle kongen som hadde fått att døtrene sine.

Alle dei elleve eldste kongsdøtrene var glade og lystige; men den yngste, som skulle ha Riddar Raud, ho gret og var sorgfull støtt. Kongen syntest ille om dette, og spurde korfor ho ikkje var munter og lystig, ho som dei andre kongsdøtrene. Ho hadde då ingenting å vere sturen for, no som ho hadde sleppt frå trollet og skulle få ein mann som Riddar Raud, meinte kongen. Men ho torde ikkje seie noko, for Riddar Raud hadde sagt at han ville ta livet av den som fortalde korleis det hadde gått til.

Men ein dag dei heldt på å sy på bryllaupsstasen, kom det inn éin i ein stor matroskjole [8] og med eit kremmarskap på ryggen, og spurde om kongsdøtrene ikkje skulle handle stas av han til bryllaupet, for han hadde så mange rare og kostelege ting, både av gull og sølv.

Jo, det kunne nok hende det, sa dei. Dei såg på stasen, og dei såg på han, for dei syntest dei drog kjensel både på han og mange av tinga han hadde.

"Den som har så mykje gildt", sa den yngste kongsdottera, "har visst noko som er enda gildare, og som kunne passe enda betre for oss."

Det kunne nok vere, sa kremmaren.

Men dei andre hysja på ho og bad ho minnast kva Riddar Raud hadde trua med.

Ei stund etter sat kongsdøtrene ved vindauget ein dag, og så kom kongssonen att med den store matroskjolen på seg og skapet med gullkronene på ryggen. Då han kom inn i storstova i kongsgarden, lukka han opp skapet for kongsdøtrene. Då dei kjende att kvar si gullkrone, sa den yngste: "Eg synest det er rett at den som har frelst oss, får lønna han har fortent, og det er ikkje Riddar Raud, men han som kom med gullkronene våre - han har frelst oss."

Då kasta kongssonen av seg matroskjolen, og stod der mykje gildare enn alle dei andre; og så let den gamle kongen Riddar Raud bli avretta. No først blei det retteleg glede på kongsgarden. Kvar tok sin, og så blei det bryllaup så det blei høyrt og spurt [9] over tolv kongerike.

Ord

  1. middagslur: lur (kort søvn, blund) etter middag.
  2. høyrd eller spurt: ingen høyrde noko meir til dei.
  3. i benken (her): i den lange og ganske smale senga, i sengebenken. Det kan også vere tale om slagbenk til å slå opp og bruke til seng. Benk er her eit møbel til å sitte eller ligge på. Elles finst vekstbenkar, arbeidsbenkar og anna - avlange underlag for ymse arbeid.
  4. bakstefløyg: lett og flat, sverdforma pinne til å flytte og vende flatbrød under bakinga.
  5. lyske (verb): plukke lus av, reinse for lus, avluse.
  6. linnet: lintøy (dukar, sengeklede, handkle, lommedukar og liknande av lin), nattklede, underklede og brudelin, eit tynt brudeslør av lin. forkle, veskar, dukar, og mange slags dame- og herreklede elles.

    Lin blir laga av fibrane i den spinkle linplanten. Lintøy loar til dømes mest ikkje i forhold til bomull, og er uvanleg svalt og kjekt å bruke når det er heitt. Men flekkar kan gi vanskar.

    Lin blei dyrka også i Noreg før, men etter at treskemaskinen for bomull blei oppfunnen i 1792 dala interessa for lindyrking i Noreg både godt og vel. Amerikansk bomull kom til og rådde grunnen etter kvart. [◦Norsk linforening]

  7. matrosdrakt: matrosar hadde sine habittar, og barn og kvinner tok til å bruke slike populære plagg med tid og stunder, dei også. [Det står bilde og tekst i Wikipedia, s.v. "Matrosdress"]
  8. kjole kan mellom anna vere mannsdrakt med knelang jakke eller frakk. Ein matros er ein fullt utdanna dekksmann; ferdig utlært til å gjere teneste på dekk om bord. Det er såleis arbeidshabitten (arbeidsklednaden) til ein matros det er tale om her. Matrosar laut slite hardt.
  9. høyrt og spurt: høyrt om og fretta (spurt) om.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]