Norsk del, Gullvekta
Merknadar til Asbjørnsen og Moe - E
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Ordliste til Asbjørnsen og Moe

Reservasjonar    Innhald     

Kjetta som var så fæl til å ete

ATU 2028 (AT 2027): "The Devouring Animal That Was Cut Open (previously The Troll (WolfJ who was Cut Open)". Ramse av typen Kjeder som involverer eting.

Det er mange slags dyr som er svoltne i eventyr av denne typen - ein ulv, ei mus, ein bjørn, ein kylling, ei lus - og dessutan eit troll, ei kjempe, eit graskar og ei kvinne, for å nemne nokre. Den som er for glupsk, et også familien sin. På veg heimanfrå fortel dyret kven det har ete så langt på ferda, før det et dei han fortel det til. Slik held det fram heilt til magen sprekk. Då kjem dei ut derifrå i live, alle som dyret har slukt. (Uther 2004, II:522)

Ein fin lærdom er iallfall: Ein skal ikkje ete så magen sprekk, og ein liten, fersk fisk til middag kan somtid gjere ein katt glad og nøgd.

Attgivinga er "skoren til beinet", mykje stytta utan omsyn til den gamle, langdryge forteljinga. Men er det stytta bra nok?

[Til eventyret]

Fanden og futen

ATU 1186: Dumtrolleventyr av typen Sjeler frelst frå fanden.

Til den plasseringa kan det kanskje høve med nokre "tja", sidan futen ikkje blei frelst. Dei andre, som fanden ikkje tok, var aldri i faresonen likevel, for fanden i eventyret var nokså skjønsam, han.

[Til eventyret]

Jomfru Maria og svala

Ait. leg. 85: Opphavslegende.

Svala er trekkfugl, og ligg ikkje i vinterdvale på botnen av myrer og tjern slik det står opphavleg i Asbjørnsen og Moe. Nyare funn om svaler er sett i staden, så ein ikkje fører barn og eldre med feil-data der det ikkje er så lett å gjennomskode. Det finst elles mange slags svaler, og ikkje alle er raude i fronten som låvesvala. — Taksvala, låvesvala og sandsvala overvintrar i Afrika, og taksvala og låvesvala også i Sør-Amerika og Sør-Asia. Og tårnseglaren, som blei kalla tårnsvale før, er ikkje svale likevel. Han overvintrar i Sør-Afrika. [Jf. f.eks. Wikipedia, "Swallow"]

Svalene blei nok til lenge før Maria. Dei er mellom anna omtala og avbilda i oldtidas Egypt.

[Til eventyret]

Fugl Dam

ATU 301 (J): Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Oskeladden og dei gode hjelparane

ATU 513: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

Ein finn mange av under-temaa i ei gammal Munchausen-skrøne, til samanlikning.

[Til eventyret]

Gudbrand i Lia

ATU 1415: Skjemt av typen Den dumme mannen og kona hans.

Skjemtet kunne blitt lagt under "Andre realistiske forteljingar" i ei betre verd der folk såg jamt og selektivt positivt på mangt, og med sans for "det opne". Undergruppa "Vitsar om heldig mann" er ikkje laga.

H. C. Andersen arbeidde fram sin variant av folkeeventyret. [Til jamføring]

Positiv tenking kan somtid hjelpe og gagne. Jamfør litteraturen om positiv psykologi. Det hjelper også å tenke fornuftig. Å tenke positivt om å tenke fornuftig er også fint -

[Til eventyret]

Dei tolv villendene

ATU 451: Trolldomseventyr av typen Bror eller søster.

Episoden med andefjørene til sist gjer eventyret til attgiving og ikkje omsetting. Her er det den broren som ville drepe søstera si som får ein defekt, og ikkje den yngste som berga ho. Og defekten er dessutan gjort til ein svært liten ein. Ved desse grepa nærmar slutten seg poetic justice (diktarisk rettferd). Det er ikkje så ille. [Jf. Wikipedia, "Poetic justice"]

[Til eventyret]

Høna trippar i berget

ATU 311: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

Historier om kvinner som blei røva og sidan funne drepne, er utbreidde og går langt attende "fordi slikt verkeleg skjedde", skriv Olav Solberg. Han peikar på at ein eventyrtype som her, ATU 311, har vore svært utbreidd i norsk tradisjon, og at eventyret har forlauparar i europeisk tradisjon. Segner, anekdotar og viser om bortkomne kvinner er eit sentralt tema i folkedikting og folketradisjon. "Reelt sett var det altså god grunn for kvinner i alle sosiale lag til å ta seg i vare for kven ein innlét seg med", skriv Solberg vidare, men i dette eventyret er ikkje åtvaringa heilt oppe i dagen. I dette eventyret bergar ei bergtatt jente både søskena sine og seg sjølv. Gull og sølv fekk heimen attpå. (Solberg 2007:133; Hodne 1995:15-21).

Temaet "Troll røvar jenter som ikkje passa seg godt nok for lemmen" er eit gammalt tema. "Troll røvar kvinner" har også komme med i den norrøne framføringa (dikt-skodespelet) om den giftegale jotnen Trym som stal hammaren til Tor for å bytte til seg den fagre Frøya. Men trolldödaren Tor drog av stad til jotnen, utkledd som den fagre kvinna, fekk hammaren i handa og slo laus med han, står det i Trymskvida (Munch 1981:133-35). Temaet om troll som røvar kongsdøtrer har vore omtykt i mange former elles også sidan –. Somme troll blir overlista og overvunne på ymse vis, oftast av ein mannleg utfriar.

I folkeeventyr blir jotnar og troll framstilt som stygge og uhyggelege vesen med opptil mange hovud. Trolla kunne bortførte folk og tolte ikkje dagslys i somme eventyr og segner. Trolla i segner, eventyr og folkeviser har mykje til felles med jotnar, bergrisar og gygrer som liknar gresk mytologi sine gigantar og titanar. I Eddadiktet Skirnismål har trollet tre hovud. I andre soger frå tidleg historisk tid kunne dei bu i fjella eller langt mot nord. Men troll flest – svært store og sterke, gamle, vondvillige og farlege for folk – kunne også vere hjelpsame.

[Til eventyret]

Det blå bandet

ATU 590: Trolldomseventyr av typen Magiske gjenstandar.

To-tre utidige scener der tenestejenter blir ringeakta og slått i hel, er fjerna, så forteljinga her er litt mindre forferdeleg, kan reknast som attgiving og ikkje direkte omsetting. Det kjem likevel an på kva for mål ein legg på kva omsetting kan vere (Jf. Munday 2001:5 ff).

[Til eventyret]

Meistertjuven

ATU 1525 A-F: Skjemt av typen Historier om ein mann.

[Til eventyret]

Tuftefolket på Sandflesa

Historia om eit menneske som er ute for noko overnaturleg, er opphavleg del av ein lengre tekst, "Julebesøget i Præstegaarden". Eg-forteljaren i Sandflesa-forteljinga er ein av gjestane der i prestegarden.

Sandflesa er liksom Utrøst eit huldreland ute i havet, og skal ha lege utanfor Træna på Helgeland. Historia handlar om to brør. Den eine av dei er god og har lykka med seg, og den andre er vond og svikefull og må bøte for det til sist. Det ligg liknande lærdom i eventyret "Tru og Utru".

Etter innleiinga kjem tre ulike delar som kvar for seg er som ei segn, og føytt inn i kvarandre til ei trippelsegn. Ein god grunn til å kalla historia segn, er at det er drauger i ho: Verken hulder eller draug opptrer i eventyr, mens troll og trollkjerringar dukkar opp både i eventyr og segner.

Det er er elles mange forteljingar som er vriene å gruppere, som "Kjetta på Dovre". I Asbjørnsen og Moe er forteljinga begge deler - ein stad eventyr, ein annan stad segn.

[Til segna]

Kari Trestakk

ATU 510 AB: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

[Til eventyret]

Buskebrura

ATU 403: Trolldomseventyr av typen Kone.

[Til eventyret]

Jomfru Maria som gudmor

ATU 710: Trolldomseventyr av typen Andre forteljingar om det overnaturlege.

[Til eventyret]

Rike Per Kremmar

ATU 461: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege oppgåver.

Rike Per kallast Rike Tor(d) i nesten dobbelt så mange av dei 34 norske variantane av eventyrtypen (AT 461). Dei fleste norske variantane er samla i Telemark. "Dybenfart" heiter "Dyphavet" i ein av dei, og elles så mangt.

Det blir fortalt om ei utbytterik, vellykka ferd til hi sida for guten, og ei ikkje vellykka ei for den rike som stod guten etter livet frå starten. (Hodne 1984, 104-5)

Ei setning som guten seier til Rike Per, er fjerna: "Den gamle sundmannen hjelper deg nok over." Der taler helten venteleg mot betre vitande.

[Til eventyret]

Håken Borkeskjegg

ATU 900: Novelleeventyr av typen Den gjenstridige kona lærer å lyde.

Eventyret har ein del uheldige drag: "Det leie trollet" fekk mishandla uskyldige hestar i originalversjonen, men dyremishandling er ikkje eigna til godsleg underhaldning. Og prinsen gjekk så langt ned som til nid og vekkjaging av god moral hos ho. Ikkje noko av dette er klokt nok, så det er tona ned her.

Gods og gull, stas og pengar, kan føre til fall, men det fortel ikkje dette ganske naive eventyret om.

[Til eventyret]

Dei tre mostrene

ATU 501: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

Prinsen blei narra av tre koner. Skjemt og dryge skrøner går saman.

[Til eventyret]

Oskeladden som stal sølvendene til trollet

ATU 328: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

Eventyrtypen heiter "Guten som stal frå trollet" hos Hodne (AT 328). Det er 47 variantar i Noreg, og guten har mange ulike namn i dei. (Hodne 1984, 82-85)

Det er ikkje det at tjuvskap og lureri er bra, men det kan unekteleg verke frigjerande for forknytte å lese om det av og til innanfor godtatte rammer. Hovudpersonen i fleire eventyr stel, and hovudpersonar i andre eventyr drep også. Ein viss råskap skin nok fram . . .

Guten som fanga endene, hadde først og fremst fiendar i familien, i slottskrinsar, og først dernest hos grannane han stal frå og øydela for for å tekkast kongen. Dette fortel at eventyret kanskje ikkje høver fullgodt i AT-gruppa det har stått i før.

[Til eventyret]

Hanen og høna i nøtteskogen

ATU 2021: Ramse av typen Kjeder som involverer daude.

[Til eventyret]

Hanen, gauken og orrhanen

ATU 120: Dyreeventyr av typen Ville dyr og husdyr.

[Til eventyret]

Taterar

"Taterar" er ei folkelivsskildring der taterar lurer fastbuande. Rammeforteljinga er lagt til ein lensmannsarrest i Gudbrandsdalen. Der er eit fantefølge sett inn, mistenkte for lovbrot. Mens dei ventar på at det blir natt så dei kan bryte seg ut og rømme, fortel dei segner og eventyr.

Historia bygger til dels på stoff som Asbjørnsen fekk under ei innsamlingsferd sommeren 1847 då han var par dager med ein taterfamilie - og til dels på stoff han fekk frå teologen og samfunnsforskaren Eilert Sundt, som var ein av føregangsmennene for studium av folkelivet her i landet.

Asbjørnsen interesserte seg for dei som fall utanfor samfunnet og det slikt folk kunne fortelje, og han makta å skildre ulike miljø og mennesketypar godt. Interesser utanfor allfarveg kom elles til syne i samfunnet i dei tidene Asbjørnsen skreiv "Taterar". Forteljinga blei gitt ut første gongen i 1848.

[Til historia]

Jomfrua på glasberget

ATU 530: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

[Til eventyret]

Tru og Utru

ATU 613: Trolldomseventyr av typen Magiske gjenstandar.

[Til eventyret]

Lundeætta

I "Lundeætta" er Asbjørnsen på reise nordetter på vestsida av Mjøsa. Skysskaren har "snakkelyst". Segnene som blir lagt i munnen på han av Asbjørnsen, knyter seg til ætta på garden Lunde i Biri. Der i ætta skal det ha vore fleire som skilde seg sterkt ut, og segner om dei "har levd i tradisjonen til det siste", fortel Knut Liestøl (Liestøl 1949, I:235).

[Til historia]

Ein kveld ved Andelva

"Ein kveld ved Andelva" frå Eidsvoll-trakta fortel om ein fisketur langs elva. Eg-forteljaren i rammeforteljinga blir kalla A (for Asbjørnsen). Han skriv om den ivrige flugefiskaren Robert Meason Laing, Peter Jonas Collett (1813-1851) og bondekona Lisbeth Maria. Lisbeth hadde vore barnejente i prestegarden på Eidsvoll for Camilla (gift Collett) og Henrik Wergeland, og var liksom mor si, Sara Sandmark, ein god eventyrforteljar.

Lisbeth Maria fortel mellom anna om en kar som finn ein huldrehatt og blir usynleg så lenge han har hatten hos seg. Vandresegna om huldrehatten er kjend i Tyskland, Norden og i Irland. I Reidar Th. Christiansens vandresagnkatalog har segna fått nummeret ML 6050. Asbjørnsen har med ein norsk variant av segna. [Meir om huldrehatten]

[Til historia]

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, litteratur  

Aarne, Antti. The Types of the Folktale: A Classification and Bibliography. Translated and Enlarged by Stith Thompson. 2nd rev. ed. Helsinki: Suomalainen Tiedeakatemia / FF Communications, 1961.

Ashliman, D. L. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987.

Brudal, Lisbeth E. Positiv psykologi: Empati, flyt, kvinne og mann, humor. Bergen: Fagbokforlaget, 2006.

Goleman, Daniel, Richard Boyatzis, og Annie KcKee. Positiv Ledelse: Den emosjonelle intelligensens makt. Oslo: Damm, 2002.

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Kølpin, Sarah Zobel. Lev deg lykkelig med Positiv Psykologi. Omsett av Kari Olsen. Rev. norsk utgåve. Oslo: Engelstad Forlag, 2010.

Liestøl, Knut. Norske huldreeventyr og folkesagn fortalt av P. Chr. Asbjørnsen. Første samling. Utgitt av Knut Liestøl. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1949.

Liestøl, Knut. Norske huldreeventyr og folkesagn fortalt av P. Chr. Asbjørnsen. Annen samling. Utgitt av Knut Liestøl. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1949.

Munch, Peter Andreas. Norrøne gude- og heltesagn. Rev. ed. Oslo: Universitetsforlaget, 1981.

Munday, Jeremy. Introducing Translation Studies: Theories and Applications. London: Routledge, 2001.

Seligman, Martin E. P. Ekte lykke: Den nye positive psykologien. Oslo: Universitetsforlaget, 2009.

Solberg, Olav. Peter Chr. Asbjørnsen: Norske huldreeventyr og folkesagn. Utgåve ved Olav Solberg. Oslo: Det norske språk- og litteraturselskap/bokselskap.no, 2010.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284 -86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Wikipedia, s.v. "Aarne–Thompson classification system".

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]