Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

ASBJØRNSEN OG MOE

Det var ein gong ei dronning som var ute og køyrde. Det var om vinteren, og det hadde nettopp falle nysnø. Då ho hadde komme eit stykke på vegen, tok ho til å blø naseblod og måtte ut av sleden. Mens ho stod oppmed gjerdet og såg på det raude blodet og den kvite snøen, kom ho til å tenke på at ho hadde tolv søner og inga dotter, og så sa ho ved seg sjølv: "Hadde eg ei dotter så kvit som snø og så raud som blod, så kunne det gjerne vere det same med sønene mine."

Det var nesten ikkje sagt, før det kom ein trollkjerring til ho. "Ei dotter skal du få", sa ho, "og ho skal vere så kvit som snø og så raud som blod, og så skal sønene dine vere mine. Men du kan få ha dei hos deg til barnet er døypt."

Då tida kom, fekk dronninga ei dotter så kvit som snø og så raud som blod, slik som trollkjerringa hadde lovt. Derfor kalla dei ho også Snøkvit og Roseraud. Det blei stor glede i kongsgarden, og dronninga var så glad at det ikkje var nokon måte på det. Men då ho kom i hug det ho hadde lovt trollkjerringa, let ho ein sølvsmed lage tolv sølvskeier, éi til kvar kongsson, og så let ho han gjere éi til, og den gav ho til Snøkvit og Roseraud.

Best kongsdottera var døypt, blei kongssønene til tolv villender og flaug sin veg, og folket såg ikkje meir til dei. Dei var borte og dei blei borte. Kongsdottera voks opp, og ho blei både stor og vakker, men ho var ofte så underleg og sørgmodig, og det var ikkje nokon som kunne skjøne kva som feilte ho.

Men så var det ein kveld dronninga også var så sørgmodig, for ho hadde vel mange underlege tankar når ho tenkte på sønene sine. Så sa ho til Snøkvit og Roseraud: "Korfor er du så sørgmodig, barnet mitt? Er det noko som feiler deg, så sei ifrå! Er det noko du vil ha, skal du få det."

"Å, eg synest det er så audsleg", sa Snøkvit og Roseraud. "Alle andre har sysken, men eg er så aleine; eg har ingen. Det er det eg sørger over."

"Du har også hatt sysken, barnet mitt", sa dronninga. "Eg har hatt tolv søner. Dei var brørne dine, men alle dei gav eg bort for å få deg." Så fortalde ho korleis alt var gått til.

Då kongsdottera høyrde det, hadde ho ikkje ro på seg. Alt det dronninga gret og bar seg, så hjelpte det ikkje: ho ville av stad, og ho syntest ho var skuld i alt saman. Til sist gjekk ho då også frå kongsgarden. Ho gjekk og gjekk så langt ut i den vide verda at du ikkje skulle tru at så fin ei jomfru orka å gå så langt.

Ein gong hadde ho gått i lang tid i ein stor, stor skog. Så var det ein dag ho blei trøytt og sette seg ned på ei tue og sovna der. Då drøymde ho at ho gjekk lenger inn i skogen til ei lita tømmerstue, og der var brørne hennar. Med det same vakna ho, og rett framfor seg såg ho ein oppgått stig i den grøne mosen, ein som gjekk djupare inn i skogen. Ho følgde stigen, og langt om lenge kom ho også til eit slikt lite tømmerhus som ho hadde drøymt om.

Då ho kom inn i stua, var det ingen inne, men der stod tolv senger, tolv stolar, tolv skeier og tolv ting av alt som fanst. Då ho fekk sjå det, blei ho så glad som ho ikkje hadde vore på mange år, for ho kunne straks skjøne at brørne hennar budde der og at det var dei som eigde sengene og stolane og skeiene. Ho til å legge på varmen og sope og reie sengene og koke mat og stelle og pynte det beste ho kunne. Og då ho hadde kokt og laga til dei alle, så åt ho sjølv. Men skeia si gløymde ho på bordet. Så kraup ho inn under senga til den yngste broren og la seg der.

Ikkje før hadde ho lagt seg, så høyrde ho det suste og kvein i lufta, og så kom alle dei tolv villendene farande inn. Men i det same dei kom over dørstokken, blei dei til kongssøner.

"Å, så godt og varmt her er då!" sa dei. "Gud signe den som har lagt på varmen og kokt slik god mat til oss!" Og så tok dei kvar si sølvskei og skulle til å ete.

Men då kvar hadde tatt si, blei det enda éi liggande att, og ho var så lik dei andre at dei ikkje kunne skilje ho frå dei. Då såg brørne på kvarandre og undra seg: "Det er skeia til søstera vår", sa dei, "og er skeia her, kan ikkje ho vere så langt unna heller."

"Er det skeia til søstera vår og ho er her, så skal ho drepast, for ho er skuld i alt det vonde vi lir", sa den eldste av kongssønene, og det låg ho under senga og høyrde på.

"Nei", sa den yngste, "det ville vere synd å drepe ho for det. Ho kan ikkje gjere for det at vi lir vondt. Skulle nokon vere skuld i det, måtte det vere vår eiga mor."

Dei gav seg då til å leite etter ho både høgt og lågt, og til sist leita dei under alle sengene også, og då dei kom til senga til den yngste, fann dei ho og drog ho fram.

Den eldste kongssonen ville framleis at ho skulle drepast, men ho gret og bad så vakkert for seg: "Å, kjære vene, drep meg ikkje", sa ho. "Eg har gått i mange år og leita etter dykk, og dersom eg kunne frelse dykk, skulle eg gjerne late livet mitt."

"Ja vil du frelse oss", sa dei, "så skal du få leve. For når du vil, så kan du nok."

"Ja sei meg berre korleis det kan skje, så skal eg gjere kva det så er", sa kongsdottera.

"Du skal sanke myrdun [1]", sa kongssønene, "og duna skal du karde [2] og spinne [3] og veve ein vev [4] av, og når du har gjort det, så skal du klippe og sy tolv huer, tolv skjorter og tolv klutar av det, éin til kvar av oss. Mens du gjer det, skal du verken tale eller le eller gråte. Kan du det, så er vi frelste."

"Men kor skal eg få myrdun til så mange klutar og huer og skjorter frå?" sa Snøkvit og Roseraud.

"Det skal vi nok vise deg", sa kongssønene, og så tok dei ho med seg ut på ei stor, stor myr. Der stod det så fullt av myrdun og vagga i vinden og glinsa i sola at det skein som snø av ho på lang avstand.

Myrull

Aldri hadde kongsdottera sett så mykje myrdun før, og ho på timen til å plukke og sanke det beste og fortaste ho vann. Og når ho kom heim om kvelden, så til å karde og spinne garn av myrduna. Slik gjekk det no både godt og lenge. Ho sanka myrdun og karda, og alt imellom stelte ho for kongssønene og kokte og reidde opp sengene til dei. Om kvelden kom dei susande og brusande heim som villender, om natta var dei kongssøner, men så om morgonen flaug dei av stad att og var villender heile dagen.

THEODOR KITTELSEN. PRINSESSA SANKAR MYRULL.

Men så hende det ein gong ho var på myra og skulle sanke myrdun – det var nok den siste gongen ho skulle dit – at den unge kongen som styrte riket, var ute på jakt og kom ridande bort til myra og fekk sjå ho. Han stansa og undra seg på kven den herlege jomfrua kunne vere som gjekk i myra og sanka myrdun, og han spurde ho om det også. Då han ikkje fekk noko svar på det han spurde om, undra han seg han enda meir, og han syntest så vel om ho at han ville ta ho med seg heim til slottet og gifte seg med ho. Så sa han til tenarane sine at dei skulle ta ho og sette ho opp på hesten hans. Snøkvit og Roseraud vrei hendene sine og gjorde miner til dei og peikte på sekkane ho hadde alt arbeidet sitt i, og då kongen skjønte ho ville ha dei med, sa han til tenarane at dei skulle ta og lesse på sekkane også. Då dei hadde gjort det, gav kongsdottera seg til tols etter kvart, for kongen var både ein snill og vakker mann, og han var så blid og vennleg mot ho som ei lerke.

Men då dei kom heim til kongsgarden og den gamle dronninga som var stemora hans fekk sjå Snøkvit og Roseraud, blei ho så arg og misunneleg over at ho var så vakker at ho sa til kongen: "Kan du ikkje skjøne at ho du har tatt med deg og som du vil gifte deg med, er ein heks? Ho verken taler eller ler eller græt."

Kongen akta ikkje det ho sa, men heldt bryllaup og gifta seg med Snøkvit og Roseraud, og dei levde i stor glede og herlegdom. Men ho gløymde ikkje å sy på skjortene for det.

Innan året var omme, fekk Snøkvit og Roseraud ein liten kongsson, og det blei den gamle dronninga enda meir arg og misunneleg for. Og då det lei utpå natta, lista ho seg inn til Snøkvit og Roseraud mens ho sov, tok barnet og kasta det i ormegarden. Sidan skar ho dronninga i fingeren og smurde blodet om munnen på ho, og gjekk så til kongen.

"Kom no og sjå kva det er for ei du har tatt til dronning", sa ho, "No har ho ete opp sitt eige barn."

Då blei kongen så ille ved at han nesten var gråteferdig, og sa: "Ja, det må vel vere sant sidan eg ser det for auga mine. Men ho gjer det visst ikkje oftare. Denne gongen vil eg spare ho."

Før året var omme, fekk ho ein son att, og med han gjekk det akkurat liksom med den første. Stemora til kongen blei enda meir vond og misunneleg. Så lista ho seg inn til dronninga om natta mens ho sov, tok barnet og kasta det i ormegarden, skar dronninga i fingeren og smurde blodet om munnen på ho. Så sa ho til kongen at dronninga hadde ete opp dette barnet også. Då blei kongen grufullt såra, men sa: "Ja, det må vel vere sant sidan eg ser det for auga mine. Men ho vil visst ikkje gjere det oftare, så eg vil spare ho denne gongen også."

Før året var omme, fødde Snøkvit og Roseraud ei dotter, og no også tok den gamle dronninga og kasta barnet i ormegarden. Og mens ungdronninga sov, skar ho ungdronninga i fingeren, smurde blodet om munnen på ho, og gjekk så til kongen og sa: "No kan du komme og sjå om det ikkje er som eg seier at ho er ei heks, for no har ho ete opp det tredje barnet sitt også."

Då blei det slik sorg på kongen at det ikkje var måte på det, for då kunne han ikkje spare ho lenger, men måtte gi ordre til at ho skulle brennast levande på eit bål. Då bålet stod i brann, og ho skulle settast på det, gjorde ho miner til dei at dei skulle ta tolv fjøler og legge dei rundt om bålet. På dei la ho klutane og huene og skjortene til brørne sine. Men i skjorta til den eldste broren mangla ein liten flik det venstre ermet. Den delen hadde ho ikkje kunna rekke å få ferdig.

Aldri før hadde dei gjort dette, så høyrde dei det suste og bruste i lufta. Så kom det flygande tolv villender over skogen, og kvar av dei tok kledningen sin i nebben og flaug av stad med.

"Ser du no", sa den slemme dronninga til kongen, "No kan du sjå at ho er ei heks. Skund deg no og brenn ho før veden brenn opp."

"Å", sa kongen, "ved har vi nok av, vi har skogen å ta av. Eg vil vente litt enda, for eg har lyst til å sjå kva for ein ende det blir på dette."

I det same kom dei tolv kongssønene ridande så vakre og velvaksne som ein fekk sjå slikt, men den eldste kongssonen hadde eit par andefjører i staden for neglar på to av fingrane på den venstre handa.

"Kva er på ferde?" spurde kongssønene.

"Dronninga mi skal brennast fordi ho er ei heks og har ete opp barna sine", svarte kongen.

"Ho har ikkje ete opp barna sine", sa kongssønene. "Tal no, søster. No har du frelst oss, så frels no deg sjølv!"

Så talte Snøkvit og Roseraud. Ho sa korleis alt hadde gått til: Kvar gong ho hadde lege i barselseng, hadde den gamle dronninga, stemora til kongen, lurt seg inn til ho om natta, tatt barnet frå ho og skore ho i fingeren og smurt blodet om munnen på ho. Kongssønene tok kongen og førde han bort til ormegarden. Der låg dei tre barna og leika med ormar og padder, og herlegare barn kunne du ikkje sjå for auga dine.

Kongen tok barna med seg og bar dei bort til stemora si og spurde ho kva for ei straff ho syntest den burde få som hadde hjarte til å forråde ei uskyldig dronning og tre så velsigna barn.

"Ho burde spennast mellom tolv utamde hestar så dei tok kvar sitt stykke", sa gamledronninga.

"Du har sjølv sagt dommen, og sjølv skal du få lide han", sa kongen, og så blei den gamle, slemme dronninga spent mellom tolv utamde hestar, som sleit av kvar sitt stykke av ho. Men kongen tok Snøkvit og Roseraud og barna sine og dei tolv kongssønene, og så reiste dei heim til foreldra hennar og fortalde det som hadde hendt dei. No blei det stor frygd og glede over heile kongeriket for at kongsdottera var frelst og hadde frelst dei tolv brørne sine også. "Og andefjørene kan eg jo klippe ned og stelle liksom naglar," sa den eldste.

Eventyr att-gitt

Ord

  1. myrdun: myrull, halvgras av slekta Eriophorum i storrfamilien, med dekkblad som veks ut til ullhår. Det finst sju artar myrull her i landet, men myrullfibrar er korte, så tråden ein får av å spinne myrull, blir lite bøyeleg. Klede av slikt tøy er kanskje ikkje stas. Men myrulla hadde andre bruksmåtar rundt om. Ho blei kalla "fattigmanns pute" etter ein ganske vanleg bruk, og tvinna kunne myrulla også brukast som veike i lys og tranlampar. Mange dyr og fuglar har myrull som viktig mat, også reinsdyr. [Høyhjelle, 2006]
  2. karde: reinske og kjemme ull med karder – i dette tilfellet myrull. Ei karde er ein reiskap med tettsittande (jern)tindar til å reinske og kjemme ull med.
  3. spinne: lage tråd, tvinne. [Spinnerokken]
  4. veve vev: få renning (varp) og innslag (veft) i ein vev til å bukte og vikle og slynge seg saman til tøy. Ein vev er ein tråd som er opplagd til veving, eller vove stoff, tøy.

Notar

Høna trippar i berget

Det var ein gong ei gammal enke med dei tre døtrene sine. Dei budde i ei avsides grend av bygda langt oppunder ein ås. Ho var så fattig at ho eigde ikkje anna enn ei høne, og den hadde ho så kjær som augeeplet sitt. Den kakla ho for, og den stelte ho med både tidleg og seint.

Men ein dag, rett som det var, så blei høna borte. Kona gjekk då ut, rundt om stova, og leita og lokka. Men høna var og blei borte. "Du får nok ut og prøve å sjå etter høna vår du", sa kona til den eldste dottera. "Vi må ha ho att om vi så skal ta ho ut av berget."

Ja, dottera skulle då ut og sjå etter ho. Ho gjekk både hit og dit og leita og lokka, og inga høne fann ho. Men aller best det var, så høyrde ho det sa borte i ein bergvegg:

"Høna trippar i berget!
Høna trippar i berget!"

Ho skulle då bort og sjå kva det var, men ved bergveggen fall ho gjennom ein lem [1], djupt, djupt ned i ein kvelving under jorda. Der nede gjekk ho fram igjennom mange rom, det eine gildare enn det andre, men i det innarste kom ein stor stygg bergmann [2] til ho.

"Vil du vere kjærasten min?" spurde han.

Nei, sa ho, det ville ho slett ikkje, ho ville opp att og sjå etter høna si, som var blitt borte.

Då blei bergmannen så sint at han tok ho og vrei hovudet av ho, og kasta kropp og hovud ned i kjellaren.

Mora sat heime og venta og venta, men inga dotter kom att. Ho venta enda ei god stund, men då ho verken høyrde eller såg noko til dottera, sa ho til den mellomste at ho fekk gå ut og sjå etter søstera si. "Og høna kan du lokke på med det same", sa ho.

Den andre søstera skulle då ut, og det gjekk det like. Ho gjekk og leita og lokka, og med eitt høyrde ho også det sa borti bergveggen:

"Høna trippar i berget!
Høna trippar i berget!"

Dette syntest ho var underleg. Ho skulle då bort og sjå kva det var, og så fall ho også gjennom lemmen, djupt, djupt ned i kvelvingen. Der gjekk ho gjennom alle romma, men i det innarste kom bergmannen til ho og spurde om ho ville vere kjærasten hans. Nei, det ville ho slett ikkje, ho ville straks opp att og leite etter høna som var blitt borte, ho. Men då blei bergmannen sint og vrei hovudet av ho og kasta hovud og kropp ned i kjellaren.

Då no kona hadde sete og venta på den andre dottera også i sju lange og sju breie og inga dotter var å høyre eller sjå, sa ho til den yngste: "No får du i vegen og sjå etter søstrene dine. Ille var det at høna blei borte, men enda verre blir det om vi ikkje finn att søstrene dine. Høna kan du alltid lokke på med det same."

Ja, den yngste skulle då ut. Ho gjekk hit og dit og leita og lokka, men høna såg ho ikkje, og ikkje såg ho søstrene sine heller. Langt om lenge kom ho også bort imot bergveggen, og så høyrde ho det sa:

"Høna trippar i berget!
Høna trippar i berget!"

Dette syntest ho var rart – ho skulle då bort og sjå, og så fall ho også ned gjennom lemmen, djupt, djupt ned i kvelvingen. Der nede gjekk ho gjennom det eine rommet gildare enn det andre. Men ho var ikkje så redd, ho; ho gav seg god tid og såg både på det eine og det andre, og så fekk ho auge på kjellarlemmen også. Ho såg nedi der, og straks kjente ho søstrene sine som låg der.

Med det same ho vel hadde fått late att igjen kjellarlemmen, kom bergmannen til ho. "Vil du vere kjærasten min du?" spurde bergmannen.

"Ja då", sa jenta, for ho kunne nok skjøne korleis det hadde gått med søstrene hennar.

Då trollet høyrde det, fekk ho gilde, gilde klede, dei finaste ho kunne ønske seg, og alt ho elles ville ha. Så glad blei han for at nokon ville vere kjærasten hans.

Men då ho hadde vore der ei tid, var det ein dag ho var enda meir stur og stille enn ho brukte vere. Så spurde bergmannen kva ho var sturen for.

"Å", sa jenta, "det er fordi eg ikkje kan komme heim til mor. Ho er visst både svolten og tørst, og ingen har ho hos seg heller."

"Ja, du kan ikkje få lov til gå til ho", svarte trollet, "men stapp noko mat i ein sekk, så skal eg bere han til ho."

Ja, det takka ho for; det skulle ho gjere, sa ho. Men på botnen av sekken hadde ho ei mengd gull og sølv, og så la ho litt mat ovanpå og sa så til trollet at no var sekken ferdig, men han måtte slett ikkje sjå ned i han, og det lovde han også han ikkje skulle gjere.

Då så bergmannen gjekk, kika ho ut etter han i eit lite hòl som var på lemmen. Då han hadde komme eit stykke på vegen, sa han: "Han er så tung denne sekken, eg vil sjå kva som er i han, eg", og ville løyse opp sekkebandet. Men så ropte jenta: "Eg ser deg nok! Eg ser deg nok!"

"Det var då fælt til auge i hovudet på deg også då", sa trollet, og så torde han ikkje prøve på det meir.

Då han var kommen dit enka budde, kasta han sekken inn gjennom stovedøra. "Der har du mat frå dottera di. Ho har det lett", sa han.

Då no jenta hadde vore i berget enda ei god stund, fall det ein dag ein geitebukk ned gjennom lemmen.

"Kven er det som har sendt bod etter deg, ditt langragga [3] beist?" sa trollet, han var fælt vill [4], og så tok han bukken og vrei hovudet av han og kasta han ned i kjellaren.

"Å, nei, korfor gjorde du det då?" sa jenta. "Han kunne eg hatt og mora meg med her nede."

"Du treng ikkje sette opp nokon surmule [5] for det, veit eg", sa trollet, "eg kan snart få liv i geitebukken att, eg." Dermed tok han ei krukke som hang på veggen, sette hovudet på geitebukken og smurde han med noko av det som var i krukka. Så var bukken like god att.

Hå hå! tenkte jenta, den krukka er noko verdt.

Då ho hadde vore hos trollet ei god stund til, passa ho på ein dag trollet var borte, tok den eldste av søstrene og sette hovudet på ho og smurde ho frå krukka slik ho hadde sett trollet gjere med geitebukken. Straks kom søstera til live att. Jenta la ho då i ein sekk og hadde litt mat ovanpå, og så snart trollet kom heim att, sa ho til han: "Kjære vene, no får du heim til mor med litt mat att, ho er visst både tørst og svolten, stakkar, og aleine er ho også. Men sjå ikkje i sekken!"

Ja, sekken skulle han nok gå med, sa han, og sjå i han skulle han heller ikkje. Men då han kom eit stykke på vegen, syntest han sekken blei så tung, og då han hadde gått enda ei stund, sa han at han nok ville sjå kva som var i sekken; "Kva for slags auge der er skapt på ho, så kan ho då ikkje sjå meg no", sa han ved seg sjølv. Men med det same han ville til å løyse opp, sa ho som sat i sekken: "Eg ser deg nok! Eg ser deg nok!"

"Det var då farleg til auge i hovudet på deg også då!" sa trollet – han trudde det var ho i berget som talte. Då torde han ikkje prøve å sjå nedi meir, men bar sekken til mora det fortaste han kunne, og då han kom til stovedøra, kasta han sekken inn igjennom. "Der har du mat frå dotter di. Ho har det godt, ho", sa han.

Då no jenta hadde vore i berget enda ei god stund, gjorde ho det same med den andre søstera. Ho sette hovudet på ho, smurde ho av krukka, og hadde ho i sekken. Men denne gongen fylte ho også opp så mykje gull og sølv som det var rom til, og aller øvst la ho litt mat.

"Kjære vene", sa ho til trollet, "No får du gå heim til mor med litt mat att. Men sjå ikkje i sekken!"

Ja, trollet ville gjerne føye ho i det, og han lovde også at han ikkje skulle sjå i sekken. Men då han kom eit stykke på vegen, blei sekken fælt tung, syntest han. Og då han hadde gått enda eit stykke, var han reint utkøyrt. Han måtte sette ned sekken og puste på litt. Og så skulle han løyse opp sekkebandet og sjå nedi. Men då ropte ho som var i sekken: "Eg ser deg nok! Eg ser deg nok!"

"Det var då fælt til auge i hovudet på deg også då!" sa trollet, og så torde han ikkje sjå i sekken meir, men skunda seg det meste han kunne og bar sekken like til mora. Då han kom utanfor stovedøra, kasta han sekken inn gjennom. "Der har du mat frå dotter di. Ho har det godt, ho", sa han.

Då så jenta hadde vore der enda ei god tid, skulle trollet ut ein gong. Så lèt jenta som ho var ussel og sjuk, og sutra og bar seg.

"Det kan ikkje nytte du kjem heim før klokka tolv", sa ho. "Før kan eg ikkje få maten ferdig, for eg er så ussel og klein."

Då no trollet vel hadde gått, stoppa ho ut kleda sine med halm og sette denne halmjenta borti kroken ved peisen med eit kjøkkenreiskap i handa så det såg ut som det var ho sjølv som stod der. Så skunda ho seg heim og fekk med seg ein skyttar til å vere i stova heime hos mora.

Då klokka var tolv eller vel det, kom trollet heim.

"Kom med maten!" sa han til halmjenta.

Nei, ho svarte ikkje.

"Kom med maten! seier eg", sa trollet att. "Eg er svolten!"

Nei, ho svarte ikkje.

"Kom med maten!" skreik trollet tredje gongen. "Høyr det eg seier, elles skal eg vekke deg, eg!"

Nei, jenta stod like stille.

Så blei han så vill at han spente til ho så halmstubbane fór både i veggar og tak. Men då han såg det, merka han uråd og gav seg til å leite både høgt og lågt, og til sist kom han ned i kjellaren også. Der var begge søstrene til jenta borte. Då skjønte han straks korleis det hadde gått til. Det skulle ho få unngjelde, sa han, og la i vegen dit mora budde. Men då han kom til stova, skaut skyttaren. Så torde ikkje trollet gå inn, for han trudde det var tora [6] . Han sette heim att det fortaste han orka, men med det same han kom til lemmen, steig sola opp, og så sprakk han [7].

Der er visst gull og sølv nok enno. Den som berre visste kor lemmen var!

Ord

  1. lem: luke; stengsel for opning i tak, vegg eller golv.
  2. bergmann: troll.
  3. langragga: med langt ragg. Ragg er langt, stridt hår (på dyr), til dømes geiteragg.
  4. vill (her): sinna, styrlaus.
  5. surmule (verb): setje opp eit surmulande fjes; sjå furten ut. I teksten er det brukt som substantiv. Den bruken er ikkje gjengs no. Mule er munnpartiet hos større dyr, særleg drøvtyggarar (jortarar) og hest.
  6. torevêr og trollmakt: Troll er redde for torevêr i folketrua. Det er helst lynnedslag som er meint. I norrøn tru var det mange slags kampar mellom toreguden (Tor i himmelvogna si) og mange forskjellige troll (jotnar) [Munch 1981:37-40; 96-115].
  7. sprekke eller bli til stein: Det er ein del av folketrua at trolla sprekk eller blir til stein om sola skin på dei. Dei toler ikkje solskinet.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Høyhjelle, Knut. "Hvite myrer." Namsos: Namdalsavisa, 9. juni 2006.

Munch, Peter Andreas. Norrøne gude- og heltesagn. Rev. ed. Oslo: Universitetsforlaget, 1981.

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]