Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Tuftefolket på Sandflesa

Langt til havs rett ut for Træna på Helgeland ligg det ein liten banke som blir kalla Sandflesa [1]. Det er ein utmerkt fiskeplass, men vanskeleg å finne, for han flyttar seg frå stad til annan. Men den som er så heldig å treffe på han, er sikker på å gjere godt fiske. Luter han seg over båtripa, ser han i klart og stille vêr eit smalt søkk på botnen, lik kjølfaret etter ei stor nordlandsjekt [2], og ein diger fjellknatt som ser ut som eit naust.

Denne banken har ikkje alltid lege på havbotnen. I gamle dagar var han ei øy og tilhøyrde ein rik helgelandsbonde. Til ly mot uvêr under sommarfisket hadde bonden sett opp ei rorbu der, og ho var større og betre enn rorbuer bruker å vere. Det finst dei som trur at Sandflesa enno stundom hever seg opp over havet som ei vakker øy. Dette skal eg la vere usagt, men i hi tid gjekk det ikkje rett til på den aude holmen. Fiskarar og ferdafolk sa for visst at når dei fór forbi der, hadde dei høyrt latter og styr, spel og dans og hamring og anna romstering, og oppsong liksom til jekteoppsetting. Derfor sette dei gjerne kosen eit stykke utanom – og det var ingen som kunne fortelje at han hadde sett ei levande sjel på Sandflesa.

Denne rike bonden hadde to søner. Dei heitte Hans Nikolai og Lykk-Anders. Den eldste var ein som det ikkje var godt å bli klokt på, og som var ein lei kar å vere i lag med. Han hadde dessutan meir næringsvit enn folk [3] pla ha. Den andre, Lykk-Anders, var ein villstyring, men alltid i godlag. Om det gjekk aldri så gale, sa han støtt at han hadde lykka med seg. Kollsiglde han, som ikkje sjeldan hende, og dei fann han på kvelvet forkomen av væte og kulde, så svarte han når nokon spurde korleis han hadde det: "Å, passeleg vel; eg er då berga. Lykka er med meg."

Ved den tida faren døydde, var dei vaksne, og noka tid etter skulle dei begge ut på Sandflesa og hente ein del reiskap som var sett att der etter sommarfisket. Lykk-Anders hadde med seg børsa, som alltid følgde han kor han fór. Det var seint på hausten dette, etter den tida fiskarane bruker reise ut på havet og fiske. Hans Nikolai talte ikkje stort på reisa, men han tenkte nok på mangt og mykje.

Dei blei ikkje ferdige til å ta på heimvegen før det lei mot kveld. "Høyr, veit du kva, Lykk-Anders, det blir skadevêr i natt", sa Hans Nikolai, og såg utover havet, "eg meiner det er best vi blir over her til i morgon."

"Skadevêr blir det ikkje", svarte Anders, "for dei Sju Søstrene har ikkje fått på seg skoddehetta. Vi må la det våge seg."

IMAGE
Dei sju søstrene er ein fjellformasjon på Alstenøya på Helgelandskysten. Sett vestfrå, frå venstre: Botnkrona (1072 moh.), Grytfotn (1019), Skjæringen (1037), Tvillingane (945 og 980), Kvasstinden (1010) og Breitinden (Stortinden) (910).

Det blir sagt at det var diktarpresten Petter Dass som gav fjellrekka namnet etter ei segn. Fjellrekka har tidligare også blitt kalla "Horva" fordi ho kan likne ei harv (horv) som ligg med tindane opp.

Men så klaga den andre over at han var trøytt, og til sist blei dei då einige om å vere natta over.

Då Anders vakna, var han aleine. Han såg verken broren eller båten før han kom opp på toppen av holmen. Då augna han båten langt borte som ein måse som flaug mot land. Lykk-Anders kunne ikkje skjøne meininga med dette, for nisteskrinet låg att der, eit anker også, børsa og forskjellig anna.

Men Anders var ikkje av dei som gjekk lenge og grunda på ein ting. "Han kjem vel att til kvelds", sa han, og gav seg i kast med nista; "Det er ein skarv som blir motlaus før han er matlaus." Men det kom ingen bror til kvelden, og Lykk-Anders venta dag etter dag og veke etter veke. Så kunne han skjøne at broren hadde sett han att på den aude holmen for at han sjølv skulle få heile arven. Og det var det broren tenkte også, for då Hans Nikolai var kommen under land [4], kollsegla han båten og sa at Lykk-Anders hadde blitt [5] på sjøen.

Men Lykk-Anders mista ikkje motet. Han samla rekved i fjøra, skaut sjøfugl og sanka skjel og sløkje [6], gjorde seg ein flåte av hjellved, og fiska med ei seitroe som var lagt etter der. Ein dag han dreiv på med dette, fekk han auge på eit søkk i sanden, likt kjølfaret etter ei stor nordlandsjekt, og han kunne tydeleg skilje merket etter vridinga i taua like frå sjøen og opp til fjellknatten. Så tenkte han med seg sjølv det hadde ingen fare med han, for han såg det var sant det han ofte hadde høyrt: at tuftefolket [7] hadde tilhald der og dreiv stort jektebruk [8].

"Takk og pris for godt selskap! Det er berre godtfolk. Ja, det er som eg seier, lykka er med meg", tenkte Lykk-Anders. Kanskje sa han det også, for han kunne nok trenge å snakke litt iblant. Slik levde han utover hausten. Ein gong såg han ein båt. Han sette eit plagg på ei stong og vifta med. Men i det same fall seglet, og folka sette seg til åra og rodde bort att i hui og hast, for dei trudde det var tuftefolket som flagga og vifta.

Om julekvelden fekk han høyre feler og musikk langt ute frå havet. Då han gjekk ut, såg han eit lysskin. Det kom frå ei stor nordlandsjekt som glei inn mot land. Men slik ei jekt hadde han ikkje sett før. Ho hadde eit urimeleg stort råsegl, som han syntest var av silke, og det smekraste tauverk, ikkje tjukkare enn om det hadde vore av ståltråd. Og alt som høyrde til, svarte til dette, så gildt og praktfullt som ein kunne ønske seg det. Heile jekta var full av blåkledte småfolk, men ho som stod ved roret, var pynta som brur og så staseleg som ei dronning, for ho hadde krone og kostelege klede. Men han kunne sjå at ho var eit menneske, for ho var stort av vokster, og vakrare enn tuftefolka. Ja, Lykk-Anders syntest ho var så vakker at han aldri hadde sett ei så vakker jente.

Jekta styrte mot land der Lykk-Anders stod, men snartenkt som han var, strauk han inn i rorbua, reiv børsa frå veggen og kraup opp på det store halvloftet som var der. Der låg han godt gøymt, men kunne likevel sjå det som gjekk føre seg i bua. Han såg snart at det krydde inne i stua. Ho blei stappande full, og det kom fleire og fleire. Det tok til å knake i veggane, og stua vida seg ut til alle kantar, og det blei så staseleg og utstaffert der at det kunne ikkje vere staselegare hos den rikaste handelsmann. Det var mest som på kongsslottet. Det blei dekt bord med dei kostelegaste rettar, og tallerkenane og fata og alle kjørela var av sølv og gull.

Då dei hadde ete, gav dei seg til å danse. Under danseståket kraup Lykk-Anders ut gjennom ljoren, som sat på den eine sida av taket, og kleiv ned. Han sprang ned til jekta, kasta fyrstålet sitt over ho og skar ein kross i ho med tollekniven også, for å vere trygg. Då han kom opp att, var dansen i full gang. Borda dansa, og benkar og stolar og alt som var i stua, dansa med. Den einaste som ikkje dansa, var brura. Ho sat berre og såg på, og når brudgommen ville ha ho opp, skuva ho han frå seg. Men elles var det ikkje stans: Spelemannen pusta ikkje og stilte ikkje eller rørde på knappen – han spela i eitt vekk med keiva, og trødde takta til sveitten silte av han og han ikkje kunne sjå fela for støv og røyk.

Då Anders kjende at han også tok til å lette på føtene der han stod, sa han til seg sjølv: "No er det nok best eg gir ein smell, elles speler han meg frå gard og grunn." Så snudde han børsa om og stakk ho inn gjennom vindaugsgluggen, og skaut ho av over hovudet på brura, men vrangt – elles hadde kulen råka han sjølv [9]. I same blinken skotet gjekk, fór alt tuftefolket på dør, den eine over den andre, men då dei fekk sjå at jekta var bunden [10], bar dei seg ille og kraup inn i eit hòl i berget.

Men all gullstasen og sølvtøyet var att, og brura sat der også. Det var som ho var kommen til seg sjølv att. Ho fortalde Lykk-Anders at ho var blitt bergtatt [11] då ho var lite barn. Då mor hennar var ved grindene ein gong og skulle mjølke, hadde ho dottera si med, men så fekk mora eit ærend heim og let ho sitte att i lyngen under ei einebuske Jenta kunne gjerne ete bær, sa mora, berre ho sa tre gongar:

"Eg et av einebær blå
Med kross oppå
Eg et tyttebær raud også."

Men då mora var borte, fann veslejenta så mange bær at ho gløymde å seie dette, og så blei ho tatt i berg. Ho hadde ikkje fått anna lyte der enn at ho hadde mista det siste leddet på veslefingeren, og ho hadde hatt det godt og vel hos tuftefolket, sa ho. Men det var ikkje rett selskap for ho, syntest ho; det var liksom noko grov ho. Og ille hadde ho også vore mykje plaga av at den tuftekallen som dei ville ha ho til å ta, hang over ho seint og tidleg.

Då Anders høyrde kven mor hennar var og kor ho var frå, visste han at ho var av slekta hans. Dei blei snart vennar og vel forlikte. Så reiste dei heim og tok med seg jekta og alt det gullet og sølvet og alle dei kostelige tinga som var igjen i rorbua, så Anders blei mange gongar rikare enn broren.

Men Hans Nikolai hadde si tru om kor all denne rikdommen var kommen frå, og han ville ikkje vere mindre rik, han. Han visste at troll og tuftefolk brukte å vere ute og ferdast om julekvelden, og så reiste han til Sandflesa på den tida. Om julekvelden fekk han også sjå eld og lys, men det var som moreld [12] som gnistra. Då det kom nærare, høyrde han plask og fælslege hyl og kalde, skjelvande skrik, og han merka ei fæl fjørelukt. I redsel sprang han opp i rorbua, og der såg han draugane [13] komme i land. Dei var korte og tjukke som høysåter, hadde full skinnhyre på seg, skinnstakk og sjøstøvlar og store vottar som hang nesten ned på bakken. I staden for hovud og hår hadde dei ein tangvase. Då dei krabba opp i stranda, lyste det etter dei som av ei neverhue, og når dei rista seg, spruta gneistane om dei.

Då dei kom oppover, kraup Hans Nikolai opp på halvloftet, som bror hans hadde gjort. Draugane bar med seg ein stor stein opp i bua, og la til å banke sjøvottane sine tørre, og iblant skreik dei så det isna gjennom Hans Nikolai på hjellen [14]. Sida naus ein av dei i eldmørja for å få varme på grua, mens dei andre bar inn lyng og rekved [15] så rå og tung som bly. Røyken og varmen var nær ved å kvele han som låg på hjellen, og for å komme til å puste og få frisk luft, prøvde han å krype ut gjennom ljoren [16]. Men han var meir grovlemma enn broren, og så blei han sittande fast og kunne verken komme ut eller inn. No blei han redd og gav seg til å skrike, men draugane skreik enda verre, og dei skreik og bar seg, og tumla og banka både ute og inne. Men då hanen gol, blei dei borte, og då slapp Hans Nikolai laus, han òg.

Då han kom heim, var han tullete, og sidan høyrde dei ofte på uthus og loft der han var, det same mørke, kalde skriket som dei i Nordland tillegg draugen. Før han døydde, kom han likevel til samling att.

Sidan den tida har ikkje noko menneske sett foten sin på Sandflesa. Ho sokk, og folk trudde tuftefolket flytta til Lekangholmane. Lykk-Anders gjekk det støtt godt med, for inga jekt gjorde så heldige reiser som hans. Men kvar gong han kom til Lekangholmen, blei det stilt; tuftefolket gjekk om bord eller i land med varene sine. Men om ei stund fekk han bør, enten han reiste til Bergen [17] eller heim att. Han fekk mange barn, og alle var dei friske og kjekke, men dei mangla alle det siste leddet på venstre veslefingeren.

Ord

  1. fles: sandbanke, skjer. Her må det nok vere eit heller stort skjer med sandbanke til som det er tale om, i og med at tuftefolk skal ha forsvunne i eit hol i berget, som vel var på den digre fjellknatten vi kan lese om i innleiinga.
  2. jekt: lite kystlastefartøy med mast utan stong, rigga med råsegl og råtoppsegl. Båttypen er direkte etterkommar av vikingskipa. Nordlands-, nordfjord-, sogne- og hardingjektene var nokså like.
  3. folk: her står 'nordlendingar'.
  4. under land: nær stranda.
  5. blive: drukne.
  6. sløke eller sløkje: ein høg skjermplante med hol stengel, ein art av slekta kvann, jol – Angelica silvestris. Sløka har vore brukt som grønsak, men i mykje mindre omfang enn den nærskylde kvanna. Sløke kan forvekslast med den særs giftige selsnepa, som ho kan vekse saman med.
  7. tuftefolk: tussefolk, tussar, huldrefolk, underjordiske, underjordsfolk, haugfolk, vetter, blåkallar, blåmenn, bergfolk, "dei underbuande", det er alt saman namn på usynlege, sosiale naturvesen som ifølge folketrua heldt til overalt der folk ferdast, i fjell, haugar, steinar, tre, nær bustadar og arbeidsplassar, under fjøs og stall, på stølane, i djupe gruver og som soldatar. Tussefolk likna til forveksling vanlege folk. Viste ein omsyn, kunne dei også vere hjelpsame og snille. [Hodne 1995, 21-25. Utdrag.] [Meir]
  8. jektebruk: verksemd, førsle med jekter; jektefart. Ei jekt er eit lite kystlastefartøy med høg framstamn, éi mast utan stong, og rigga med to slags segl: råsegl og råtoppsegl.
  9. Å skyte over hovudet til hulderbruda er noko ein gjer i somme segner, men å "skyte vrangt" er ikkje vanleg. [Wikipedia, s.v. "Huldrebryllup"]
  10. bunden: på rituelt-magisk vis -
  11. bergtatt: i folketrua: lokka inn i berg; tatt inn i berg; røva og tatt inn i berg til underjordiske.
  12. moreld: små lyspunkt som kan vise seg i havoverflata når sjøen er i rørsle, og som kjem av sjølvlysande plankton.
  13. draug (i folketru): menneskeliknande havvette som ror ein halv båt og varslar død. Tradisjonen varta også opp med forteljingar om fiskarar som møtte draugen på land. [Hodne 1995, 132-3] [Meir]
  14. hjell: halvloft o.a.
  15. rekved: drivved, drivtømmer.
  16. ljore: røyk- og lysopning i taket på ei einhøgda stove i eldre tider, frå før vindaugsglas blei vanleg.
  17. Bergenshandel: Frå store deler av vestkysten og nordover var handelen med Bergen svært viktig i hundrevis av år, og truleg heilt frå vikingtida. Folk kom seglande til Bergen i den vanlege båttypen som blei kalla jekt (ovanfor). Gode vegar fanst ikkje, og båtferdene var strabasiøse og avhengige av véret og vinden. I jektene frakta folk med seg varer heimanfrå – det var mykje tørrfisk – og kom tilbake med ting som ikke kunne skaffast elles. Bergen var også den største byen i Skandinavia i fleire hundreår.

Notar

Kari Trestakk

Det var ein gong ein konge som var blitt enkemann. Etter dronninga si hadde han ei dotter som var så snill og vakker at ingen kunne vere snillare og vakrare. Han gjekk lenge og sørgde over dronninga, som han hadde halde mykje av, men til sist blei han lei av å leve einsleg, og gifte seg att med ei enkedronning. Ho også hadde ei dotter. Men dottera hennar var likså stygg og slem som den andre var snill og vakker. Stemora og dottera hennar var misunnelege på kongsdottera for at ho var så herleg, men så lenge kongen var heime, torde dei ikkje gjere ho noko, for han heldt mykje av ho.

Om ei stund fekk kongen krig med ein annan konge og drog ut i krigsflåte. Då trudde dronninga ho kunne gjere som ho ville, og så både svelta og slo ho kongsdottera og var etter ho i kvar krok. Til sist syntest ho all ting var for godt for kongsdottera, og sette ho til å gjete. Jenta gjekk då med buskapen og gjette i skogen og på fjellet. Mat fekk ho lite eller ingenting av. Bleik og magar blei ho, og nesten alltid gret ho og var sørgmodig.

I buskapen var det ein stor blå stut som støtt heldt seg så fin og blank, og han kom ofte bort til kongsdottera og let ho kjæle seg. Ein gong som ho sat og gret og var ute av seg att, kom stuten bort til ho og spurde korfor ho var så sørgmodig. Ho svarte ingenting, men blei ved å gråte. "Ja", sa stuten, "eg veit det nok, enda du ikkje vil seie det. Du græt fordi dronninga er slem mot deg og vil svelte deg i hel. Men mat treng du ikkje å sørge for: I det venstre øyret mitt ligg det ein duk. Når du tar og breier han ut, kan du få så mange rettar du vil."

Det gjorde ho, ho tok duken og breidde han ut på bakken [1], og så diska duken opp med dei finaste rettane nokon kunne ønske seg. Det var både vin og mjød og søtkake. Ho kom no snart i hald igjen og blei så raud og rund og kvit [2] at dronninga og den tørrskranglete dottera hennar blei både blå og bleike av sinne over det.

Dronninga kunne slett ikkje skjøne korleis stedottera kunne komme til å sjå så godt ut på så dårleg kost. Så sa ho til ei terne [3] at ho skulle gå etter den andre i skogen, og passe på og sjå korleis det hang i hop, for ho trudde at nokon av tenestefolka gav ho mat. Terna gjekk då etter i skogen og passa på, og så fekk ho sjå at kongsdottera tok duken ut av øyret på den blå stuten og breidde han ut, så diska duken opp med dei gildaste rettar, og dei fråtsa kongsdottera i. Det gjekk terna heim og sa til dronninga.

No kom kongen heim og hadde vunne over den andre kongen som han hadde vore i krig med. Det blei stor glede over heile slottet, og ingen var gladare enn kongsdottera. Men dronninga la seg sjuk og gav doktoren mange pengar for at han skulle seie ho ikkje kunne bli frisk att utan at ho fekk kjøt av den blå stuten å ete. Både kongsdottera og folka spurde doktoren om ikkje noko anna kunne hjelpe, og bad for stuten, for alle heldt av han, og sa at det fanst ikkje make til stut i heile riket. Men nei, han måtte slaktast og han skulle slaktast, det var ikkje anna råd. Då kongsdottera høyrde det, blei ho ille ved og gjekk ned i fjøset til stuten. Han stod der også og hang med hovudet og såg så sørgmodig ut at ho skar i å gråte.

"Kva græt du for?" sa stuten.

Så sa ho at kongen var kommen heim att, og at dronninga hadde lagt seg sjuk, og at ho hadde fått doktoren til å seie at ho ikkje kunne bli frisk om ho ikkje fekk kjøt av den blå stuten. Og no skulle han slaktast.

"Får dei først livet av meg, så drep dei snart deg også", sa stuten. "Vil du som eg, så reiser vi vår veg i natt."

Ja, kongsdottera syntest nok det var vondt å reise frå faren sin, men det var enda verre å vere i hus med dronninga, og så lovde ho stuten at ho skulle komme.

Om kvelden, då alle dei andre hadde lagt seg, stiltra [4] kongsdottera seg ned i fjøset til stuten. Så tok han ho på ryggen og fór av garde det fortaste han kunne. Då no folka kom opp i otta neste dag og skulle slakte stuten, var han vekk, og då kongen kom opp og spurde etter dottera, var ho også borte. Han sende bod til alle kantar for å leite etter dei, og lyste [5] etter dei frå kyrkjebakken, men det var ingen som hadde sett noko til dei.

Imens fór stuten gjennom mange land med kongsdottera på ryggen, og så kom dei til ein stor koparskog der tre og greiner og blad og blomster og all ting var av kopar.

Før dei reiste inn i skogen, sa stuten til kongsdottera: "Når vi no kjem inn i skogen, må du ta deg vel i akt så du ikkje rører så mykje som eit blad, elles er vi ille ute, både du og eg. For her bur eit troll med tre hovud, og trollet eig skogen."

Nei kross, ho skulle ta seg vel i vare og ikkje røre noko.

Ho var så forsiktig og bøygde seg til side for greinene og skuva dei bort med hendene. Men det var så trongskoga at det nesten ikkje var råd å komme fram, og korleis ho stelte seg, kom ho likevel til å rive av eit blad, som ho fekk i handa.

"Au også, kva gjorde du no?" sa stuten. "No gjeld det å slåst på liv og daude. Men gøym berre bladet vel."

Straks etter var dei ved enden av skogen, og då kom det eit troll med tre hovud farande.

"Kven er det som rører skogen min?" sa trollet.

"Han er likså mykje min som din", sa stuten.

"Det skal vi nappast om", skreik trollet.

"Kan så det", sa stuten.

Så rende dei i hop og slost, og stuten stonga og spente av alle krefter, men trollet slo like godt, og det varte heile dagen før stuten fekk ende på det, og då var han så full av sår og så ussel at han nesten ikkje orka å gå. Så måtte dei kvile over ein dag. Så sa stuten til kongsdottera at ho skulle ta det smurningshornet [6] som hang ved beltet til trollet, og smørje han med. Då kom stuten seg, og dagen etter rusla dei av stad att.

Dei reiste no i mange, mange dagar, og så kom dei langt om lenge til ein sølvskog der tre og greiner og blad og blomster og all ting var av sølv.

Før stuten gjekk inn i sølvskogen, sa han til kongsdottera: "Når vi no kjem inn i denne skogen, må du for all del ta deg vel i akt: Du må slett ikkje røre ved nokon ting, og ikkje rive av så mykje som eit blad, for elles kan det vere ute både med deg og med meg. Det er eit troll med seks hovud som eig skogen, og det trollet trur eg snautt eg kan klare."

Men då dei kom inn i skogen, var han så tett og så trong at dei nesten ikkje kunne komme fram. Ho fór så varleg som ho kunne, og bøygde seg til sides for greinene og skuva dei bort i framfor seg med hendene. Men kvart augeblink slo kvistane i auga på ho, og korleis ho stelte det, så kom ho til å rive av eit blad.

"Au også, kva gjorde du no?" sa stuten. "No gjeld det å slåst på liv og daude, for dette trollet har seks hovud og er dobbelt så sterkt som det andre, men berre pass på bladet og gøym det vel.

Rett som det var, så kom trollet. "Kven er det som rører skogen min?" sa det.

"Han er likså mykje min som din", sa stuten.

"Det skal vi nappast om", skreik trollet.

"Kan så det", sa stuten – og rauk på trollet og stonga ut auga på det og køyrde horna tvers igjennom det så tarmane rann ut, men trollet slo like godt, og det varte tre samfulle dagar før stuten fekk livet av trollet. Men då var han også så ussel og oppgitt at han med nød og neppe kunne røre seg, og så full av sår at blodet rann. Så sa han til kongsdottera at ho skulle ta smurningshornet som hang ved beltet til trollet og smørje han med. Det gjorde ho, og då kom han seg, men dei måtte ligge over og kvile ei veke før han orka å gå lenger.

Endeleg gav dei seg på vegen att, men stuten var skrøpeleg enno, og det gjekk ikkje fort i førstninga. Kongsdottera ville spare stuten, og sa at ho var så ung og lett på foten, ho kunne gjerne gå. Men det fekk ho slett ikkje lov til; ho måtte sette seg opp på ryggen hans att.

Så reiste dei i lang tid gjennom mange land, og kongsdottera visste slett ikkje kor det bar hen. Men langt om lenge kom dei til ein gullskog. Han var så gild at gullet draup av han, og tre og greiner og blomster og blad var av reint gull.

Her gjekk det like eins som i koparskogen og sølvskogen. Stuten sa til kongsdottera at ho slett ikkje på nokon måte måtte røre ved skogen, for det var eit troll med ni hovud som eigde han, og det trollet var mykje større og sterkare enn begge dei andre til saman. Stuten trudde slett ikkje at han kunne rå med det. Nei, ho skulle nok passe seg, det kunne han nok vite. Men då dei kom inn i skogen, så var han enda tettare enn sølvskogen, og dess lenger dei kom, dess verre blei det. Skogen blei tettare og tettare og trongare og trongare, og til sist syntest ho dei ikkje på noko sett og vis kunne komme fram. Ho var så redd for å rive av noko at ho sat og snudde og bøygde seg både hit og dit for kvistane, og skuva dei bort framfor seg med hendene. Men alt i eitt slo dei ho i auga så ho ikkje kunne sjå kor dei greip ho, og før ho visste av det, hadde ho eit gulleple i handa. Ho var så hjarteleg redd at ho gret og ville kaste det att. Men stuten sa ho skulle ikkje, men gøyme det vel, og trøysta ho så godt han kunne. Men han trudde det blei eit hardt basketak, og han tvilte på det ville gå godt.

Rett som det var, så kom trollet med ni hovud. Det var så fælt at kongsdottera nesten ikkje torde sjå på det.

"Kven er det som rører skogen min?" skreik det.

"Han er likså mykje min som din", sa stuten.

"Det skal vi nappast om", skreik trollet.

"Kan så det", sa stuten.

Og så rende dei i hop og slost, og det var så fælt å sjå på at kongsdottera var nær ved å dåne. Stuten stonga ut auga på trollet og køyrde horna tvers igjennom det så innvolane velta ut. Men trollet slo like godt, for når stuten fekk stonga i hel eitt hovud, bles dei andre liv i det att, og det varte ei heil veke før stuten var i stand til å ta livet av det. Men då var stuten så ussel og skrøpeleg at han ikkje kunne røre seg. Sår hadde han over det heile. Han kunne ikkje ein gong seie så mykje som at kongsdottera skulle ta smurningshornet til trollet og smørje han med. Men ho gjorde det likevel, og då kom han seg også. Men dei måtte ligge over og kvile i tre veker før han var god for å gå vidare.

Då reiste dei så smått av stad, for stuten sa at dei skulle litt lenger fra. Så kom dei over mange store åsar med tjukk skog. Dette varte no ei stund, så kom dei opp på fjellet.

"Ser du noko?" spurde stuten.

"Nei, eg ser ikkje anna enn himmelen og ville fjellet", sa kongsdottera.

Då dei kom litt høgare opp, blei fjellet flatare så dei kunne sjå vidare omkring seg.

"Ser du noko no?" sa stuten.

"Ja, eg ser eit lite slott langt, langt borte", sa kongsdottera.

"Det er nok ikkje så lite", sa stuten.

Langt om lenge kom dei til ein stor haug, der det var ein tverrbratt bergvegg.

"Ser du noko no?" sa stuten.

"Ja, no ser eg slottet tett ved, no er det mykje, mykje større", sa kongsdottera.

"Dit skal du", sa stuten. "Straks nedanfor slottet er det eit grisehus, og der skal du vere. Når du kjem dit, finn du ein trestakk [7]. Den skal du ta på deg og gå fram til slottet og seie du heiter Kari Trestakk, og bede om teneste.

Myrull
Stakk, skjørt, av tekstil. Husflidvare.

Men no skal du ta den vesle kniven din og skjere hovudet av meg med. Såskal du flå meg og rulle i hop huda, og legge ho under bergveggen der. Og inne i huda skal du legge koparbladet og sølvbladet og gulleplet. Borte ved berget står det ein kjepp. Når du vil meg noko, så bankar du berre på bergveggen der med han."

I førstninga ville ho ikkje, men stuten sa at det var den einaste takka han ville ha for det han hadde gjort for ho, og så kunne ho ikkje anna. Ho syntest det var så inderleg vondt, men ho træla og skar med kniven på det store dyret til ho fekk av hovudet og huda. Så la ho huda saman borte under bergveggen, og la koparbladet og sølvbladet og gulleplet inni huda.

Då ho hadde gjort det, så gjekk ho bortover til grisehuset, men mens ho gjekk, gret ho og var reint ute av seg. Der tok ho trestakken på seg, og så gjekk ho fram til kongsgarden. Då ho kom inn på kjøkkenet, bad ho om teneste og sa at ho heite Kari Trestakk. Ja, sa kokka, teneste kunne ho nok få, ho kunne få lov til å vere der og vaske opp, for den som hadde gjort det før hadde nyss gått sin veg. "Men når du blir lei av å vere her, så stryk du vel din kos, du også", sa ho. Nei, det skulle ho slett ikkje.

Ho var både flink og snar til å vaske opp. Om søndagen skulle det komme framande til kongsgarden. Så bad Kari om å få lov til å gå med vaskevatn til kongssonen. Men dei andre lo av ho og sa: "Kva vil du der? Trur du kongssonen vil vite noko av deg, slik som ser slik ut?"

Ho gav seg ikkje, ho, men heldt fram med å be, og endeleg fekk ho då lov.

Trestakk etter T. Kittelsen

Då ho gjekk oppover trappene, ramla det i trestakken så kongssonen kom ut og spurde: "Kva er du for ein?"

"Eg skulle nok bere vaskevatn til Dykk, eg", sa Kari.

"Trur du eg vil ha det vaskevatnet du ber?" sa kongssonen og slo vatnet over ho.

Med det måtte ho gå, men så bad ho om lov til å gå til kyrkja. Det fekk ho også, for kyrkja låg tett ved. Men først gjekk ho bort til berget og banka på med kjeppen som stod der, slik som stuten hadde sagt. Straks kom det ut ein mann og spurde kva ho ville. Kongsdottera sa at no hadde ho fått lov til å gå i kyrkje og høyre presten, men ho hadde ingen klede å ha på seg. Så kom han med ein kjole til ho, han var så blank som koparskogen, og hest og sal fekk ho også.

Då ho kom til kyrkja, var ho så vakker og gild at alle undrast på kva ho var, og nesten ingen høyrde etter det presten sa, for dei såg for mykje på ho. Kongssonen sjølv likte ho så godt at han ikkje kunne få auga frå ho ein augeblink.

I det same ho gjekk ut av kyrkja, sprang kongssonen etter og drog kyrkjedøra til etter ho, og så fekk han den eine hansken hennar i handa. Då ho gjekk bort og sette seg på hesten, kom kongssonen etter att, og spurde kor ho var frå.

"Eg er frå Vaskeland", sa Kari, og då kongssonen tok fram hansken og ville gi ho han att, sa ho:

"Lyst føre og mørk bak
så kongssonen ikkje ser kor eg rir hen i dag!"

Kongssonen hadde aldri sett maken til hanske, og han fór både vidt og breitt og spurde etter landet den stolte dama som reiste frå hansken sin, hadde sagt ho var frå, men det var ingen som kunne seie han kor det låg.

Om søndagen skulle nokon gå opp til kongssonen med handkle.

"Å, får eg lov til å gå opp med det?" sa Kari.

"Kva skal det vere til!" sa dei andre som var i kjøkkenet. "Du såg korleis det gjekk sist."

Kari gav seg ikkje, men heldt fram med å bede til ho fekk lov, og så sprang ho oppover trappene så det ramla i trestakken. Kongssonen fór ut, og då han fekk sjå det var Kari, reiv han til seg handkleet og kasta det like i synet på ho.

"Pakk deg vekk, ditt stygge troll!" sa han. "Trur du eg vil ha eit handkle som du har tatt i med dei svarte fingrane dine?"

Sidan reiste kongssonen til kyrkje, og Kari bad også om å få gå dit. Dei spurde kva ho ville til kyrkje etter, ho som ikkje hadde noko anna å ha på seg enn trestakken, og som var så svart og fæl. Men Kari sa ho syntest at presten var slik ein gild mann til å preike og at ho hadde så godt av det han sa, og så fekk ho då lov til sist.

Ho gjekk til berget og banka på, og så kom mannen ut og gav ho ein kjole som var mykje gildare enn den første, Den nye kjolen var utsydd med sølv overalt, og det skein av han liksom av sølvskogen, og ein praktfull hest med sølvbrodert hesteklede og sølvbeksel fekk ho også.

Då kongsdottera kom til kyrkja, stod kyrkjefolket utanfor på bakken [8] enno. Alle undra dei seg på kva ho var for ei, og kongssonen var straks på ferde og kom og ville halde hesten for ho mens ho steig av. Men ho sprang av og sa at det trong han ikkje, for hesten var så vel tamd at han stod still når ho sa det, og kom når ho ropte på han. Så gjekk dei alle saman i kyrkja. Men det var nesten ingen som høyrde etter det presten sa, for dei såg for mykje på ho. Og kongssonen blei enda meir hugtatt i ho enn førre gong. Då preika var slutt og ho gjekk ut av kyrkja og skulle sette seg på hesten, kom kongssonen att og spurde kor ho var frå.

"Eg er frå Handkleland", sa kongsdottera, og i det same sleppte ho ned ridepisken sin. Då så kongssonen bukka og skulle ta han opp, sa ho:

"Lyst føre og mørkt bak
så kongssonen ikkje ser kor eg rir i dag!"

Borte var ho att, og kongssonen kunne ikkje vite kor ho var blitt av. Han fór både vidt og breitt og spurde etter landet som ho hadde sagt ho var frå, men det var ingen som kunne seie han kor det låg, og kongssonen måtte då slå seg til tols att.

Om søndagen skulle nokon gå opp til kongssonen med ein kam. Kari bad om å få lov til å gå med han, men dei andre minte ho på korleis det hadde gått sist, og skjente på ho for at ho ville vise seg for kongssonen så svart og fæl som ho var i trestakken sin. Men ho heldt ikkje opp å bede før dei let ho gå opp til kongssonen med kammen. Då ho kom ramlande oppover trappene att, fór kongssonen ut, tok kammen og kasta han etter ho, og baud ho å berre pakke seg vekk.

Sidan reiste kongssonen til kyrkja, og Kari bad også om lov. Dei spurde igjen kva ho skulle der, ho som var så fæl og svart og som ikkje hadde klede så ho kunne vise seg blant folk. Kongssonen eller nokon annan kunne komme til å sjå ho, sa dei, og då kunne både ho og dei bli ulykkelege. Men Kari sa at dei andre hadde nok anna å sjå etter, og ho heldt ikkje opp å bede før ho fekk lov til å gå.

No gjekk det like eins som begge dei andre gongane. Ho gjekk bort til berget og banka på med kjeppen, og så kom mannen ut og gav ho ein kjole som var enda mykje gildare enn dei andre. Kjolen var nesten av berre gull og edelsteinar, og ein gjæv hest med gullsydde hesteteppe og gullbeksel fekk ho også.

Då kongsdottera kom til kyrkja, stod presten og allmogen på bakken enno og venta på ho. Kongssonen kom springande og ville halde hesten, men ho sprang av og sa: "Nei takk, det trengst ikkje. Hesten, min er så vel tamd at han står still når eg seier det." Så skunda dei seg i kyrkja alle saman, og presten på preikestolen. Men ingen høyrde etter det han sa, for dei såg for mykje på ho og undrast på kor ho var frå, og kongssonen var enda meir hugtatt enn begge dei andre gongane. Han sansa ikkje nokon ting, men såg berre på ho.

Då preika var over og kongsdottera skulle gå ut av kyrkja, hadde kongssonen tømt ei kvart tønne råtjøre i kyrkjesvala [y] for å komme til å hjelpe ho over. Men ho brydde seg ikkje om det, sette foten midt ute i tjøra og sprang over. Så blei den eine gullskoen sittande att, og då ho hadde sett seg på hesten, kom kongssonen farande ut av kyrkja og spurde kor ho var frå.

"Frå Kammeland", sa Kari. Men då kongssonen ville rekke ho gullskoen, sa ho:

"Lyst føre og mørkt bak
så kongssonen ikkje ser kor eg rir hen i dag!"

Kongssonen kunne då ikkje vite kor det var blitt av ho denne gongen heller, og så fór han i lang tid omkring i verda og spurde etter Kammeland. Men då ingen kunne seie han kor det var, let han kunngjere at ho som kunne passe til gullskoen, ville han gifte seg med. Det kom då saman både vakre og stygge frå alle kantar, men det var ingen som hadde så liten fot at ho kunne få på gullskoen. Langt om lenge kom den slemme stemora til Kari Trestakk med dottera si også, og ho passa skoen til. Men stygg var ho, og så lei såg ho ut at kongssonen ugjerne gjorde det han hadde lovt. Likevel laga dei til bryllaup, og ho blei pynta til brur. Men då dei rei til kyrkja, sat det ein liten fugl i eit tre og song:

"Eit stykke av hæl
og eit stykke av tå
Kari Trestakks sko
er full av blod!"

Og då dei såg etter, hadde fuglen sagt sant, for blodet sildra ut av skoen. Så måtte alle tenestejentene og alle kvinnfolka som på slottet var, fram og prøve på seg skoen, men det var ingen skoen passa.

"Men kor er Kari Trestakk då?" spurde kongssonen då alle dei andre hadde prøvd, for han skjønte fuglesong, og kom godt i hug det fuglen hadde sagt.

"Å, ho då!" sa dei andre. "Det kan aldri nytte ho kjem fram, for ho har føter som ein gamp."

"Det kan så vere", sa kongssonen, "men sidan alle dei andre har prøvd, så kan Kari også."

"Kari!" ropte han ut gjennom døra. Kari kom oppover trappene, og det ramla i trestakken som det var eit heilt regiment soldatar som kom farande.

"No skal du prøve gullskoen og bli prinsesse, du også", sa dei andre jentene og lo og gjorde narr av ho.

Kari tok opp skoen og sette foten i han så lett ho ville, kasta trestakken av seg, og så stod ho der med gullkjolen på så det skein av ho, og på den andre foten hadde ho maken til gullskoen. Kongssonen kjende ho straks, og blei så glad at han gjekk beint bort og tok ho om livet og kyste ho. Og då han fekk høyre ho var kongsdotter, blei han enda gladare, og så blei det bryllaup.

Snipp snapp snute, så er eventyret ute.

Ord

  1. bakken (her): kyrkjebakken, som er samlingsplass framfor kyrkje.
  2. raud og rund og kvit: Venleiksideala forandrar seg. Kvit hud, raude kinn og meir kjøt på kroppen enn utsvelta modellar har vore halde for godt mellom danna før i tida, og truleg i knappe tider generelt Men å bli solbrun var ikkje rekna som fint for nokre hundre år sidan. Tenk det! [Meir]
  3. terne (her): ung tenestejente. Terne kan også vere ein fugl som flyg frå Antarktis eller Sør-Afrika og hit og tilbake – kvar år.
  4. stiltre eller stiltre seg: gå varleg, liste (seg).
  5. lyse (her): kunngjere offentleg.
  6. smurningshorn: horn med smurning i. Smurning er middel til å smørje med, som til dømes spenefeitt.
  7. stakk: skjørt; særleg: kufte, sid trøye til å tre over hovudet. Trestakk: stakk av tre; veldig lite brukt no om dagen.
  8. kyrkjesval: gang, utbygg på sida av eller rundt hus frå eldre tider i sær, til dømes stavkyrker.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Hodne, Ørnulf. Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo: Cappelen, 1995.

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]