NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Skarvane frå Utrøst

Ved heimkomsten hender det ikkje sjeldan dei nordlandske fiskarane at dei finn kornstrå festa til styret eller byggkorn i fiskemagen. Då heiter det dei har seglt over Utrøst eller eit anna av dei huldrelanda det går segner om i Nordlanda. Dei viser seg berre for fromme eller framsynte menneske i livsfare på havet, og dukkar opp der det elles ikkje finst noko land. Dei underjordiske som bur her, har åkerbruk og feavl, fiske- og jektebruk [1] som andre folk; men
Storfugl, tiur
Jekt (modell av stor-åttring)
her skin sola over grønare beite og rikare åkrar enn nokon annan stad i Nordlanda, og lykkeleg er den som kjem til eller kan få sjå ei av desse solrike øyane: "Han er berga," seier nordlendingen.

Ei gammal vise i Peder Dass-manér inneheld ei fullstendig skildring av ei øy utafor Træna i Helgeland, Sandflesa kalla, med fiskerike kystar og overflod på allslags vilt. Såleis skal det også midt i Vestfjorden stundom vise seg eit stort, flatt åkerland som berre dukkar opp så høgt at aksa står tørre. Og utafor Røst på sørspissen av Lofoten, blir det fortalt om eit liknande huldreland med grøne bakkar og gule byggåkrar. Det heiter Utrøst. Bonden i Utrøst har jekta si liksom andre nordlandsbønder; stundom kjem den imot fiskarane eller jekteskipperane for fulle segl, men i same augeblink som dei trur at dei støyter saman med den, er den forsvunnen.

På Værøy, rett ved Røst, budde ein gong ein fattig fiskar som heitte Isak. Han åtte ikkje anna enn ein båt og eit par geiter som kjerringa heldt liv i ved fiskeavfall og dei grastråa dei kunne sanke omkring på fjella, men heile hytta hadde han full av svoltne barn. Likevel var han alltid fornøgd med det slik Skaparen laga det for han. Det einaste han anka over var at han aldri hadde skikkeleg fred med naboen sin. Den naboen var ein rik mann som syntest han skulle ha allting betre enn ein larv [2] som Isak, og så ville han ha han vekk så at han kunne få den hamna Isak hadde utafor hytta si.

Ein dag Isak var ute og fiska eit par mil til havs, kom det mørkskodde på han, og rett som det var rauk det opp med ein storm så overhendig at han måtte kaste all fisken over bord for å lette båten og berge livet. Enda var det ikkje greitt å halde den flytande. Men han snodde farkosten nokså vakkert både mellom og over styrtsjøane som var klare til å suge han ned kvar augeblink.

Då han hadde seglt med slik fart ein fem, seks timar, tenkte han han snart måtte treffe land ein stad. Men det lei med det skrei, og stormen og mørkeskodda blei verre og verre. Så tok det til å gå opp for han at han styrte til havs eller at vinden at hadde vendt seg. Til sist kunne han skjøne det måtte vere så, for han seglde og seglde, men han nådde ikkje land.
Skarv

Rett som det var, høyrde han eit fælt skrik framfor stamnen, og han trudde ikkje anna enn det var draugen som song liksalmen hans. Han bad for kone og barn, for no skjøna han at siste timen hans var komen. Men best som han sat og bad, fekk han sjå skimta av noko svart. Då han kom nærmare, var det berre tre skarvar [3] som sat på ein rekved-stokk, og vips! var han forbi dei.

Slik gjekk det både langt og lenge, og han blei så tørst og svolten og trøytt at han ikkje visste si arme råd, og sat nesten og sov med rorpinnen i handa. Men rett som det var, skura båten mot stranda og støytte. Då fekk Isak kanskje auga opp. Sola braut gjennom skodda og lyste over eit fint land. Bakkane og berga var grøne like opp til toppen, åker og eng skråna opp imot berga, og han syntest han kjende ei lukt av blomar og av gras så søt som han aldri hadde kjent før.

"No er eg berga; dette er Utrøst," sa Isak ved seg sjølv. Rett framfor han låg ein byggåker med aks så store og fulle at han aldri hadde sett maken, og gjennom byggåkeren gjekk det ein smal stig opp til ein grøn, torvsett jordgamme [4] som låg ovafor åkeren. På toppen av gammen beita ei kvit geit med gylte horn, og jur hadde den så stort som på den største kua. Utafor sat ein liten blåkledd mann på ein krakk og smatta på ei snadde; han hadde eit skjegg så stort og langt at det nådde langt nedpå brystet.

"Velkomen til Utrøst, Isak," sa kallen.

"Velsigne møtet, far," svara Isak. "Kjenner De meg då?"

"Det kan nok vere," sa kallen. "Du vil vel ha hus her i natt?"

"Var det så vel, var det beste godt nok, far," sa Isak.

"Det er leitt med sønene mine, dei toler ikkje mannelukt," sa kallen. "Har du ikkje møtt dei?"

"Nei, eg har ikkje møtt anna enn tre skarvar som sat og skreik på ein rekved-stokk," svara Isak.

"Ja, det var sønene mine det," sa kallen, og så banka han ut av pipa og sa til Isak: "Du får gå inn så lenge; du kan vere både svolten og tørst, kan eg tenkje."

"Takk som byr, far," sa Isak.

Men då mannen lukka opp døra, var det så gildt der inne at Isak blei reint forgapt. Slikt hadde han aldri sett før. Borda var dekt med dei prektigaste rettar, rømmekoller og uer og dyresteik og levermølje [5] med sirup og ost på, heile hopar med bergenskringler, brennevin og øl og mjød [6] og alt det som godt var. Isak åt og drakk alt han orka, og enda blei tallerkenen aldri tom, og alt det han drakk, var glaset like fullt. Kallen åt ikkje stort og ikkje sa han stort heller; men rett som dei sat, høyrde dei eit skrik og ein rammel utafor. Då gjekk han ut. Om ei stund kom han inn att med dei tre sønene sine. Det kvakk litt i Isak i det same dei kom gjennom døra; men kallen hadde vel fått stagga dei, for dei var nokså blide og godlynte, og så sa dei at han måtte då halde bordskikk og bli sitjande og drikke med dei, for Isak reiste seg og ville gå frå bordet; han var mett, sa han. Men han føydde dei i det, og så drakk dei dram om dram, og imellom tok dei seg ein tår av ølet og av mjøden. Venner blei dei og vel forlikte, og så sa dei at han skulle gjere eit par fisketurar med dei så han kunne ha litt med heim når han reiste.

Den første fisketuren dei gjorde, var i ein overhendig storm. Ein av sønene sat ved styret, den andre sat ved halsen, den tredje var mellomromsmann, og Isak måtte bruke storausekaret så sveitten hagla av han. Dei seglde som dei var rivande galne; aldri duva dei seglet, og når båten gjekk full av vatn, skar dei opp på bårene og seglde den lens att så vatnet stod ut av bakskotten som ein foss.

Om ei stund la vêret seg, og dei tok til å fiske. Det var så tjukt av fisk at dei ikkje kunne få jernsteinen i botnen for fiskeberga som stod under dei. Sønene frå Utrøst trekte opp fisk i eitt vekk; Isak kjende også gode napp, men han hadde teke si eiga fiskegreie, og kvar gong han fekk ein fisk til ripa, sleppte den att, og han fekk ikkje beinet. Då båten var full, fór den heim til Utrøst, og sønene gjorde til fisken og hengde den på hjell. Isak klaga for kallen over at det var gått så ille med fisket hans. Kallen lovde det skulle nok gå betre neste gong, og gav han eit par anglar. Og på den neste fisketuren trekte Isak like så fort som dei andre, og då dei var komne heim, fekk han tre hjellar fulle av fisk på lotten sin.

Så blei han heimsjuk, og då han skulle reise, gav kallen han ein ny åttring, full av mjøl og klaverduk og andre nyttige ting. Isak sa både takk og ære for seg, og så sa kallen at han skulle kome att til jektutsetjinga; han ville til Bergen med føring i anna båtfølgje, og då kunne Isak bli med og sjølv selje fisken sin. Ja, det ville Isak gjerne, og så spurde han kva for ein kurs han skulle halde når han skulle kome til Utrøst att. "Beint etter skarven når den flyg til havs, så held du rett kurs," sa kallen. "lykke på reisa."

Men då Isak hadde sett ifrå og ville sjå seg om, såg han ikkje meir til Utrøst; han såg ikkje anna enn havet både vidt og breitt.

Då tida kom, møtte Isak fram til jektutsetjinga. Men slik jekt hadde han aldri sett før. Den var to rop lang, så når styrmannen som stod og heldt utkikk på styremannsfjøla i baugen, skulle rope til rorskaren, så kunne ikkje karen høyre det. Derfor hadde dei sett ein mann midt i fartøyet også, like ved masta. Han ropte styrmannsropet til rorskaren, og enda måtte han skrike alt han orka. Den parten Isak åtte la dei framme i jekta. Sjølv tok han fisken av hjellane, men han kunne ikkje skjøne korleis det gjekk til, for støtt kom det ny fisk på hjellane i staden for den han tok vekk, og då han reiste, var dei likså fulle som då han kom.

Frå Bergen
Bryggen, Bergen.

Då han kom til Bergen, selde han fisken sin og han fekk så mange pengar for den at han kjøpte seg ei ny jekt i full stand med ladning og alt det som høyrde til; for det rådde kallen han til. Og seint om kvelden før han skulle reise heim, kom kallen om bord til han og bad han at han ikkje skulle gløyme dei som levde att etter grannen hans, for den grannen var han blitt, sa han, og så spådde han Isak både hell og lykke med jekta. "Alt er godt, og allting held som i vêret står," sa han, og dermed meinte han at det var éin om bord som ingen såg, men som stødde under masta med ryggen sin når det kneip.

Isak hadde alltid lykka med seg sidan den tida. Han skjøna vel kor det kom frå, og han gløymde aldri å esle [7] litt godt til den som heldt vintervakt, når han sette opp jekta om hausten. Og kvar julekveld lyste det så der skein ut av jekta, og dei høyrde feler og musikk og latter og støy, og det var dans i jektevengen.

Ord

  1. Jektebruk: verksemd, førsle med jekter. Ei jekt er ein båt - eit lite, plattgatta kystlastefartøy utan baugspryt og med ei mast utan stong, rigga med råsegl og råtoppsegl.
  2. Larv: duglaus kar, stakkar.
  3. Skarv: Phalacrocorax carbo er ein mørk, langnakka og langnebba symjefugl som livnærer seg av fisk som den dukkar etter. Ein kan rett som det er sjå den stå med utstrekte venger på skjer for å tørke vengene. I Nord-Noreg har folketrua elles vore at det følgjer hell med skarvar samla nær der ein bur.
  4. Gamme: mindre hustype med vegger av jord el. torv, særleg brukt av samar.
  5. Levermølje: rett av (torske- elller sei)lever og flatbrød bløytt i kraft.
  6. Mjød: alkoholhaldig vin av gjæra honning.
  7. Esle: setje av, reservere, og anna.
OPP


Risen som ikkje hadde hjerte på seg

Det var ein gong ein konge som hadde sju søner, og dei heldt han så mykje av at han aldri kunne unnvere dei alle på éin gong: éin måtte støtt vere hos han. Då dei var vaksne, skulle dei seks ut og fri; men den yngste ville faren ha att heime. Dei andre skulle ta med seg ei kongsdotter til han. Kongen gav då dei seks dei gildaste kleda nokon hadde sett, og som det lyste lang veg av, og kvar sin hest som kosta mange, mange hundre dalar, og så reiste dei.

Då dei hadde vore på mange kongsgardar og sett på kongsdøtrene, kom dei langt om lenge til ein konge som hadde seks døtrer. Så vakre kongsdøtrer hadde dei aldri sett, og så fridde dei til kvar si, og då dei hadde fått dei til kjærastar, reiste dei heimetter att. Men dei gløymde reint at dei skulle ha med seg ei kongsdotter til Oskeladden som var att heime - så borte var dei i kjærastane sine.

Då dei no hadde reist eit godt stykke på heimvegen, kom dei tett framom ein bratt fjellvegg, der risegarden var. Der kom risen ut og fekk sjå dei, og så skapte han dei om til stein alle saman, både kongssønene og kongsdøtrene.

Kongen venta og venta på dei seks sønene sine, men alt han venta, så kom det ingen. Han gjekk og sørgde og styrte, og sa han aldri kunne bli heilt glad meir. "Hadde eg ikkje deg att," sa han til Oskeladden, "kunne eg ikkje leve - så sorgfull er eg for at eg har mista brørne dine."

"Men no hadde eg tenkt å be om lov til å reise ut og finne dei att, eg," sa Oskeladden.

"Nei, det får du ikkje lov til," sa faren, "du blir berre borte, du også."

Men Oskeladden ville og skulle av stad, og han tigga og bad så lenge at kongen måtte la han reise. No hadde kongen ikkje anna enn ein gammal fillehest å la han få, for dei seks andre kongssønene og følgjet deira hadde fått alle dei andre hestane han hadde; men det brydde ikkje Oskeladden seg om; han sette seg opp på den gamle skabbete hesten, han. "Farvel, far!" sa han til kongen; "eg skal nok kome att, og kanskje eg skal ha med meg brørne mine også," og dermed reiste han.

Då han hadde ridd eit stykke, kom han til ein ramn som låg i vegen og flaksa med vengene og ikkje orka å kome unna, så svolten var den.

"Å kjære vene! Gi meg litt mat, så skal eg hjelpe deg i di yttarste nød," sa ramnen.

"Eg har ikkje mykje mat, og du ser ikkje ut til å kunne hjelpe meg stort heller," sa kongssonen; "men litt får eg vel gi deg, for du kan nok trenge til det, ser eg." Og så gav han ramnen noko av nista han hadde fått med seg.

Då han hadde reist eit stykke att, kom han til ein bekk. Der låg ein stor laks som hadde kome på tørt land og slo og spratt og kunne ikkje kome ut i vatnet att.

"Å, kjære vene! hjelp meg ut i vatnet att," sa laksen til kongssonen; "så skal eg hjelpe deg i di yttarste nød, eg."

"Hjelpa du gir meg, blir vel ikkje stor," sa kongssonen; "men det er synd du skal liggje her og svelte i hel." Og så skuva han fisken uti att.

No reiste han eit langt, langt stykke, og så møtte han ein ulv; den var så svolten at den låg og drog seg i vegen.

"Kjære vene! la meg få hesten din," sa ulven; "Eg er så svolten at det pip i tarmane på meg, for eg har ikkje fått eit måltid mat på to år."

"Nei," sa Oskeladden, "det kan eg ikkje gjere. Først kom eg til ein ramn, han måtte eg gi nista mi. Så kom eg til ein laks, han måtte eg hjelpe ut i vatnet. Og no vil du ha hesten min. Det er ikkje råd, for så har eg ikkje noko å ri på."

"Jo kjære, du må hjelpe meg," sa ulven; "du kan ri på meg. Og då skal eg hjelpe deg i di yttarste nød," sa den.

"Ja, den hjelpa eg får av deg, blir vel ikkje stor; men du får vel ta hesten då, sidan du treng mat så sårt," sa kongssonen.

Då no ulven hadde ete opp hesten, tok Oskeladden bekselet og batt i kjeften på den, og la salen på ryggen av den. Og no var ulven blitt så sterk av det den hadde fått i seg, at den sette av stad med kongssonen som ingen ting. Så fort hadde han aldri ridd før.

"Når vi no har reist eit lite stykke til, skal eg syne deg risegarden," sa ulven, og om litt kom dei der. "Sjå her er risegarden," sa den. "Der ser du alle seks brørne dine, som risen har gjort til stein, og der ser du dei seks brudene deira. Der borte er døra til trollet, der skal du gå inn."

"Nei, det tør eg ikkje," sa kongssonen, "han tek livet av meg."

"Å nei," svara ulven; "når du kjem inn der, treffer du ei kongsdotter. Ho seier deg nok korleis du skal bere deg åt så du kan få gjort ende på risen. Berre gjer som ho seier deg, du!"

Ja, Oskeladden gjekk då inn, men redd var han. Då han kom inn, var risen borte, men i det eine kammerset sat kongsdottera slik som ulven hadde sagt, og så vakker ei jomfru hadde Oskeladden aldri sett før.

"Å Gud hjelpe deg, korleis er du komen hit då?" sa kongsdottera då ho fekk sjå han; "det blir din visse død det. Den risen som bur her, kan ingen få gjort ende på, for han ber ikkje hjertet på seg."

"Ja, men er eg komen her, så får eg vel prøve han likevel eg," sa Oskeladden. "Og brørne mine som står i stein utafor, vil eg nok sjå til å frelse. Og deg vil eg nok prøve å berge også," sa han.

"Ja, sia du endeleg vil vere, så får vi vel sjå å finne på ei råd," sa kongsdottera. "No skal du krype inn under senga der, og så må du lye vel etter kva eg taler med han om. Men ligg endeleg bra stille."

Ja, han kraup under senga, og aldri før han var innunder, så kom risen.

"Ho! her er mannelukt!" sa risen.

"Ja, det kom ei skjor flygande med eit mannebein og sleppte det ned igjennom pipa," sa kongsdottera; "Eg skunda meg å få det ut, men lukta gjekk vel ikkje så snart bort likevel, den."

Ja, så sa risen ikkje meir om det.

Då det no blei kvelden, gjekk dei til sengs, og då dei hadde lege ei stund, sa kongsdottera: "Det var ein ting eg gjerne ville spørje deg om, når eg berre torde."

"Kva er det for ein ting?" spurde risen.

"Det var kor du har hjertet ditt, sia du ikkje har det på deg," sa kongsdottera.

"Å, det er noko du ikkje treng å bry deg med; men elles ligg det under dørhella," sa risen.

"Å hå! Der skal vi vel sjå å finne det," tenkte Oskeladden under senga.

Neste morgon stod risen fælt tidleg opp og strauk til skogs, og aldri før var han av garde, så tok Oskeladden og kongsdottera til å leite under dørhella etter hjertet hans. Men alt det dei grov og leita, så fann dei ikkje noko. "Denne gongen har han lurt oss," sa kongsdottera, "men vi får vel prøve han enda ein gong." Så sanka ho alle dei vakraste blomster ho kunne finne og strødde rundt om dørhella - den hadde dei lagt slik den skulle liggje. Og då det lei mot den tida dei venta risen heim, kraup Oskeladden under senga att.

Straks han var vel innunder, kom risen. "Huttetu! her er slik mannelukt inne!" sa risen.

"Ja, det kom ei skjor flygande med eit mannebein i nebbet og sleppte det ned gjennom pipa," sa kongsdottera; "Eg skunda meg nok å få det ut, men det er vel det det luktar av likevel." Så tagde risen still, og sa ikkje meir om det. Men om litt spurde han kven det var som hadde strøtt blomster omkring dørhella.

"Å, det er nok eg," sa kongsdottera.

"Kva skal no det vere for då?" spurde risen.

"Å eg har deg vel så kjær at eg må gjere det, når eg veit at hjertet ditt ligg der," sa kongsdottera.

"Ja så; men elles ligg det ikkje der, du," sa risen.

Då dei hadde lagt seg om kvelden, spurde kongsdottera igjen kor hjertet hans var, for ho heldt så mykje av han at ho nok gjerne ville vite det, sa ho.

"Å, det ligg borti skapet der på veggen," sa risen.

"Ja så," tenkte Oskeladden og kongsdottera, "då skal vi vel prøve å finne det."

Neste morgon var risen tidleg på ferde og strauk til skogs att. Aldri så snart hadde han gått før Oskeladden og kongsdottera var i skapet og leita etter hjertet hans. Men alt dei leita, så fann dei ikkje noko der heller. "Ja ja, vi får freiste éin gong til," sa kongsdottera. Ho stasa ut skapet att med blomster og kransar, og då det leid mot kvelden, kraup Oskeladden under senga att.

Så kom risen. "Huttetu! her er mannelukt!" sa risen.

"Ja, for litt sidan kom her ei skjor flygande med eit mannebein i nebben og slapp ned igjennom pipa," sa kongsdottera; "Eg skunda meg nok å få det ut att eg, men det er vel det det luktar av likevel."

Då risen høyrde det, sa han ikkje meir om det; men litt etter fekk han sjå at det var hengt blomster og kransar rundt skapet, og så spurde han kven som hadde gjort det.

Jo, det var då kongsdottera.

"Kva skal no det narreriet vere til?" spurde risen.

"Å, eg har deg no alltid så kjær at eg må gjere det, når eg veit at hjertet ditt ligg der," sa kongsdottera.

"Kan du vere så galen å tru slikt?" sa risen.

"Ja, eg må vel tru det, når du seier meg det," sa kongsdottera.

"Å, du er ei tulle," sa risen; "der hjertet mitt er, der kjem du aldri!"

"Men det var då hyggjeleg å vite kor det er likevel," sa kongsdottera.

Ja, så kunne risen ikkje berge seg lenger, han måtte seie det. "Langt, langt borte i eit vatn ligg ei øy," sa han; "på den øya står ei kyrkje. I den kyrkja er ein brønn, i den brønnen sym ei and. I den anda er eit egg, og i det egget - der er hjertet mitt, du."

Om morgonen tidleg, det var ikkje grålyst enno, strauk risen til skogs igjen. "Ja, no får eg av stad, eg også," sa Oskeladden; "berre eg kunne finne vegen!" Han sa farvel til kongsdottera så lenge, og då han kom utafor risegarden, stod ulven der enno og venta. Til han fortalde han det som hadde hendt inne hos risen, og sa at no ville han av stad til brønnen i kyrkja, berre han visste vegen. Så bad ulven han setje seg på ryggen hans, for han skulle nok finne vegen, sa han. Og så bar det i veg så det suste om dei, over heiar og åsar, over berg og dalar.

Då dei no hadde reist mange, mange dagar, kom dei til slutt til vatnet. Kongssonen visste ikkje korleis han skulle kome over det; men ulven bad han berre at han ikkje skulle vere redd, og så la han uti med kongssonen på ryggen og sumde over til øya. Så kom dei til kyrkja, men kyrkjenøkkelen hang høgt, høgt oppe på tårnet, og først så visste kongssonen ikkje korleis han skulle få den ned. "Du får rope på ramnen," sa ulven, og det gjorde kongssonen. Straks kom ramnen og flaug etter nøkkelen så prinsen kom inn i kyrkja. Då han no kom til brønnen, låg anda ganske rett der og sumde att og fram, slik som risen hadde sagt.
Frå Bergen
Han stod og lokka, og til sist fekk han lokka den bort til seg og greip den. Men med det same han lyfte den opp av vatnet, sleppte den egget ned i brønnen, og så visste Oskeladden slett ikkje korleis han skulle få det opp att. "Ja no får du rope på laksen," sa ulven; og det gjorde då kongssonen; så kom laksen og henta opp egget. Så sa ulven at han skulle klemme på det, og med det same Oskeladden klemte, skreik risen.

"Klem éin gong til," sa ulven, og då Oskeladden gjorde det, skreik risen enda ynkelegare, og bad både vakkert og pent for seg; han skulle gjere all kongssonen ville, sa han, berre han ikkje ville klemme sundt hjertet hans.

"Sei at dersom han skaper om att dei seks brørne dine som han har gjort til stein, og brudene deira, skal han kanskje berge livet," sa ulven, og det gjorde Oskeladden.

Ja, trollet hadde ikkje store valet; han skapte om att dei seks brørne til kongssøner og brudene deira til kongsdøtrer.

"Klem no sundt egget," sa ulven. så klemte Oskeladden sundt egget, og så sprakk risen.

Då han så var blitt av med risen, rei Oskeladden attende til risegarden på ulven. Der stod alle dei seks brørne hans lys levande med brudene sine. No gjekk Oskeladden inn i berget etter bruda si, og så reiste dei alle saman heim til kongsgarden. Då blei det vel glede på den gamle kongen, då alle sju sønene hans kom att med kvar si brud. "Men den finaste av alle kongsdøtrene er bruda til Oskeladden likevel," sa kongen, "og han skal sitje øvst ved bordet med bruda si."

Så blei det feira gjestebod både vel og lenge, og har dei ikkje feira frå seg, så feirar dei vel enno.

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2007–2009, Omsetjing m.m, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]