NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Guten og fanden

Det var ein gong ein gut som gjekk på ein veg og knekte nøtter. Så fann han ei ormstukken ei, og med det same møtte han fanden.
      "Er det sant," sa guten, "det dei seier, at fanden kan gjere seg så liten han vil, og tvinge seg gjennom eit knappenålshol?"
      "Ja!" svara fanden.
      "Å, la meg sjå det, og kryp inn i denne nøtta!" sa guten; og det gjorde fanden.
      Då han vel hadde krope inn gjennom makk-holet, sette guten i ein pinne. "No har eg deg der," sa han, og stakk nøtta i lomma.
      Då han hadde gått eit stykke, kom han til ein smie; der gjekk han inn, og bad smeden om han ville slå sund den nøtta for han.
      "Ja, det skal vere lett gjort," svarte smeden, og tok den minste hammaren sin la nøtta på smiesteet og slo til; men den ville ikkje sund. Så tok han ein litt større hammar, men den var heller ikkje tung nok; han tok då ein enda større ein, men den gjorde det heller ikkje. Men så blei smeden sint, og treiv storsleggja. "Eg skal vel få deg sund - !" sa han og slo til alt han orka; og så gjekk nøtta i knas så halve smietaket flaug av, og det braka som om hytta skulle ramle ned.
      "Eg meiner fanden var i nøtta eg!" sa smeden.
      "Ja, han var så," sa guten.

OPP


Tommeliten

Det var ein gong ei kone som hadde ein einaste son, og han var ikkje lenger enn ein tommelfinger; derfor kalla dei han også Tommeliten.
      Då han var komen til skils år og alder, sa mor hans til han at han skulle ut og fri; for no syntest ho det var på tide han tok til å tenkje på å gifte seg. Då Tommeliten høyrde det, blei han glad. Dei fekk i stand køyregreiene og reiste av garde, og mora sette han på fanget.
      Så skulle dei reise til ein kongsgard der det var slik ei stor prinsesse; men då dei hadde kome eit stykke på vegen, blei Tommeliten borte. Ho leita lenge etter han og ropte på han, og gret for det han var borte og ho ikkje kunne finne han igjen. "Pip, pip!" sa Tommeliten, han hadde gøymt seg i manen på hesten. Så kom han fram, og så måtte han love at han ikkje skulle gjere det oftare.
      Då dei hadde køyrt eit stykke til, så var Tommeliten borte att. Mora leita etter han og ropte og gret, men borte var han. "Pip, pip!" sa Tommeliten, og ho høyrde han lo og kniste, men ho kunne slett ikkje finne han igjen. "Pip, pip, her er eg då!" sa Tommeliten og kom fram frå øyret til hesten. Så måtte han love han ikkje skulle gøyme seg oftare.
      Men då dei hadde køyrt eit stykke, så var han borte att; han kunne ikkje halde seg. Mora ho leita og gret og ropte på han; men borte var han og borte blei han, og alt ho leita, kunne ho ikkje finne han på noko vis. "Pip, pip, her er eg då!" sa Tommeliten. Men ho kunne slett ikkje skjøne kor han var, for det låt så utydeleg. Ho leita, og han sa "Pip, her er eg!" og lo og godta seg fordi ho ikkje kunne finne han att; men rett som det var, så naus hesten, og så naus den ut Tommeliten, for han hadde sett seg i det eine naseboret på den.
      Mora tok han no og putta han i ein pose, ho visste inga anna råd, for ho kunne skjøne han ikkje kunne bryte arten.
      Då dei kom til kongsgarden, så blei det snart truloving, for prinsessa syntest han var ein vakker liten gut, og det varte ikkje lenge før det blei bryllaup heller.
      Då dei skulle til med middagen i bryllaupsgarden, så sat Tommeliten til bords ved sida av prinsessa; men han var verre enn ille stelt, for då han skulle til å ete, kunne han ikkje nå opp, og han hadde visst ikkje fått matbeten, hadde ikkje prinsessa teke og hjelpt han opp på bordet. No gjekk det både godt og vel, så lenge han kunne ete av tallerkenen; men så kom det inn eit stort grautfat, det kunne han ikkje nå opp i. Men Tommeliten visste råd, han sette seg på kanten. Men så var det eit smørauge midt uti fatet; det kunne han ikkje rekkje, og så måtte han setje seg utpå kanten av smørauget; men rett som det var, kom prinsessa med ei stor skei og skulle dyppe ein dyktig grautbete i smøret, og så kom ho nær Tommeliten så han dumpa uti og drukna i smørauget.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   Omsetjing og design, © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST]