NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Vesle Åse Gåsejente

Det var ein gong ein konge som hadde så mange gjæser at han måtte ha ei jente berre til å gjete dei. Ho heitte Åse, og så kalla dei henne Åse Gåsejente.

No var det ein kongsson frå Engeland som skulle ut og fri, og han sette Åse seg i vegen for.

Gåseflokk. Utsnitt
Gjæser i flokk

"Sit du der, du vesle Åse?" sa kongssonen.

"Ja, eg sit her og setter bot på bot og lapp på lapp; eg ventar kongssonen frå Engeland i dag," sa vesle Åse.

"Han kan ikkje du vente å få," sa kongssonen.

"Jo, skal eg ha han, så får eg han nok," sa vesle Åse.

Det blei no sendt målarar til alle land og rike. Dei skulle lage portrett av dei vakraste kongsdøtrene; dei ville kongssonen ha å velje imellom. Ei av dei likte han så godt at han reiste og henta henne og ville gifte seg med henne, og han var både glad og sæl då han hadde fått henne til kjæraste. Men så hadde kongssonen ein stein med seg. Den la han framfor senga si, og den visste allting. Og då kongsdottera kom, så sa Åse Gåsejente til henne at dersom ho hadde hatt nokon kjæraste før, eller ho ikkje visste seg fri for noko ho ikkje ville kongssonen skulle vite, så måtte ho ikkje stige over den steinen han hadde framfor senga si, "for den seier han allting om deg," sa ho.

Då kongsdottera høyrde det, blei det sorg på henne, men så fann ho på å be Åse om ho ville gå i staden for seg og leggje seg med kongssonen om kvelden, og når han så hadde sovna, skulle dei byte om att så han hadde kongsdottera hos seg når det blei lyst om morgonen.

Det gjorde dei.

Då Åse Gåsejente kom og trødde på steinen, spurde kongssonen: "Kven er det som stig i senga mi?"

"Rein og skjær jomfru!" sa steinen, og så la dei seg til å sove; men då det lei på natta, kom kongsdottera og la seg i staden for Åse.

Om morgonen då dei skulle stå opp, spurde kongssonen steinen att: "Kven er det som stig av senga mi?"

"Ei som har hatt tre kjærastar," sa steinen.

Då kongssonen høyrde det, ville han ikkje ha henne, og så sende han henne heim att, og tok seg ein annan kjæraste i staden.

Då han skulle gjeste henne, hadde vesle Åse Gåsejente sett seg i vegen for han att.

"Sit du der, du vesle Åse Gåsejente," sa kongssonen.

"Ja, eg sit her og setter bot på bot og lapp på lapp, for eg ventar kongssonen frå Engeland i dag," sa Åse.

"Å, han kan ikkje du vente å få," sa kongssonen.

"Jo, skal eg ha han, så får eg han nok," meinte Åse.

Med den kongsdottera gjekk det akkurat like eins som med den første, på det nær at då ho stod opp om morgonen, sa steinen at ho hadde hatt seks. Så ville kongssonen ikkje ha henne heller, og jaga henne sin veg. Men enda ein gong syntest han då han fekk prøve om han ikkje skulle finne ei som var rein og skjær. Han leitte då vidt og breitt att i mange land, til han fann ei han kunne like. Men då han skulle til henne, så hadde Åse Gåsejente sett seg i vegen for han att.

"Sit du der, du vesle Åse Gåsejente?" sa kongssonen.

"Ja, eg sit her og setter bot på bot og lapp på lapp, for eg ventar kongssonen frå Engeland i dag," sa Åse.

"Han kan ikkje du vente å få," sa kongssonen.

"Å jo, skal eg ha han, så får eg han nok," sa vesle Åse.

Då kongsdottera kom, så sa Åse Gåsejente til henne likesom til begge dei andre, at dersom ho hadde hatt nokon kjæraste eller det var noko anna som ho ikkje ville kongssonen skulle vite, så måtte ho ikkje trakke på den steinen som kongssonen hadde framfor senga si, "for den seier han allting," sa ho.

Kongsdottera blei ille ved då ho høyrde det; men så var ho like ful som begge dei andre, og bad Åse om ho ville gå i staden for henne og leggje seg med kongssonen om kvelden. Når han hadde sovna, skulle dei byte om så han hadde den rette hos seg når det blei lyst om morgonen.

Det gjorde dei.

Då vesle Åse Gåsejente kom og trødde på steinen, spurde kongssonen: "Kven er det som stig i senga mi?"

"Rein og skjær jomfru!" sa steinen, og så la dei seg.

Utpå natta sette kongssonen ein ring på fingeren til Åse, og den var så trong at ho ikkje kunne få den av seg att; for kongssonen kunne nok skjøne at det ikkje gjekk rett til, og så ville han ha eit merke han kunne kjenne att den på som var den rette. Då kongssonen hadde sovna, kom kongsdottera og jaga Åse ned i gåsestien att, og la seg sjølv på plassen hennar.

Om morgonen då dei skulle stå opp, spurde kongssonen: "Kven er det som stig av senga mi?"

"Ei som har hatt ni," sa steinen. Då kongssonen høyrde det, blei han så harm at han jaga henne straks på timen, og så spurde han steinen korleis det kunne henge saman med desse kongsdøtrene som hadde stige på steinen. For det kunne han ikkje skjøne, sa han. Steinen fortalde då korleis det hadde gått til: dei hadde narra han og sendt Åse Gåsejente i staden for seg. Det ville kongssonen ha greie på. Han gjekk ned til henne der ho sat og gjætte gjæsene sine, for han ville sjå om ho også hadde ringen. Har ho den, så er det best å ta henne til dronning, tenkte han.

Då han kom der ned så han med éin gong at ho hadde bunde ei fille om den eine fingeren sin, og så spurde han korfor ho hadde gjort det. "Å, eg har skore meg så stygt," sa vesle Åse Gåsejente. Så ville han sjå på fingeren, men Åse ville ikkje ta av filla. Så tok kongssonen fatt i fingeren, men Åse ville dra den til seg att. Dermed gjekk filla av, og han kjende att ringen sin. Så tok han henne med seg til kongsgarden og gav henne fullt opp av stas og gilde klede, og sidan heldt dei bryllaup, og på det viset fekk vesle Åse Gåsejente kongssonen av Engeland likevel ho, berre fordi ho skulle ha han.

OPP


Mannen som skulle stelle heime

Det var ein gong ein mann som var så gretten og vill, og aldri syntest han at kjerringa gjorde nok i huset. Så kom han heim ein kveld i slåttonna og grein og banna så det lyste om han.

"Kjære vene, ver ikkje så vond, far," sa kjerringa; "i morgon skal vi byte arbeid; eg skal gå med slåttekarane, så kan du stelle heime."

Ja, det var mannen vel nøgt med, og det ville han gjerne.

Tidleg om morgonen tok kjerringa ljåen på nakken og gjekk i enga og skulle slå, og mannen skulle då til å stelle huset. Først ville han til å kinne smør [1], men då han hadde kinna ei stund, blei han tørst og gjekk ned i kjellaren for å tappe øl. Mens han heldt på å tappe i ølbollen, fekk han høyre at grisen var komen i stua. Han la i veg opp gjennom kjellartrappa med tappen i neven som aller snarast og skulle sjå etter grisen så den ikkje velta kinna; men då han fekk sjå at grisen alt hadde slått over ende smørkinna og stod og smatta på fløyten som rann utover golvet, blei han så fykande sint at han reint gløymde øltønna, og sette etter grisen det beste han vann. Han nådde den att i døra og gav den eit dugeleg spark så den blei liggjande på flekken. No kom han i hug at han gjekk med tappen i handa; men då han kom ned i kjellaren, var øltønna tom.

Han gjekk då på mjølkebua att og fann så mykje fløyte at han fekk kinna full, og så gav han seg til å kinne; for smør ville han ha til middags.

Då han hadde kinna ei stund, kom han i hug at heimekua stod inne enda og verken hadde fått vått eller tørt enda det var langt på dag. Han syntest det var for langt å gå til hagen med den, han fekk sleppe den opp på taket, tenkte han: det var torvtak på bygningen, og det stod stort, gildt gras der. Huset låg i ein bratt bakke, og når han la ein planke bort på taket, så trudde han nok han skulle få opp kua. Men kinna torde han ikkje sleppe heller, for den vesle ungen hans fór og kravla og krabba på golvet; han kunne gjerne slå den over ende. Så tok han kinna på ryggen; men så skulle han gi kua vatn først, før han sleppte den på taket. Å ja, han tok ei bytte og skulle hente vatn i brønnen med, men då han bøygde seg over brønnkanten, rann fløyten ut av kinna og ned i nakken på han.

Torvtekt laftehus, Norsk folkemuseum. Detalj
Hus med torvtak som lette dyr for så vidt kan beite på.

Det lei sterkt til middags, og smør hadde han ikkje fått enno. Så tenkte han at han fekk koke graut, og hengde ei gryte med vatn på peisen. Då han hadde gjort det, kom han i tankar om at kua kunne gå utfor taket og bryte beina eller nakken av seg. Han gjekk så opp og skulle binde den. Den eine enden av reipet batt han om halsen på kua, sleppte det ned gjennom pipa og batt reiphella om låret sitt, for vatnet kokte alt i gryta, og han måtte til å stampe grauten. Mens han heldt på med det, fall kua utover taket likevel ho, og drog mannen opp gjennom pipa. Der sat han fast, og kua hang utafor veggen og svevde mellom himmel og jord og kunne verken kome opp eller ned.

Kona hadde venta i sju lange og sju breie på at mannen skulle kome og rope heim til middag, men det varte og det rakk, og ikkje blei det til noko. Til sist syntest ho det drygde vel lenge og gjekk heim. Då ho fekk sjå at kua hang så stygt til, gjekk ho bort og hogg av reipet med ljåen. I det same fall mannen ned igjennom peispipa, og då kjerringa kom inn, stod han på hovudet i grautgryta.

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2007–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]