Norsk del, Gullvekta
Merknadar til Asbjørnsen og Moe - A
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Ordliste til Asbjørnsen og Moe

Reservasjonar    Innhald     

Om ATU-nummer, AT-nummer, og ML-nummer

AT er frå forbokstavane i etternamna Aarne og Thompson, og viser til eit internasjonalt klassifiseringssystem for eventyr og skjemtesoger. AT-nummer har blitt ført vidare av ATU-nummer frå 2004. Då kom ei revidering av dette klassifiseringssystemet. [Uther 2004] [Meir]

AT- og ATU-nummera viser til motiv-grupper, dvs. historietypar. Slike AT-nummer finst lista opp i internasjonale eventyrkatalogar, med rom for godt og vel 2500 skildra typar med sine enkle intrigar, plott, med modifikasjonar. Det sprikar stundom fælt mellom eventyr under same overskrift, så samordninga er ikkje overvettes.

AT-nummer som har vore i bruk i hundre år, har for det aller meste uendra ATU-nummer. Men med det er ikkje alt sagt, for skildringane av eventyrtypane etter ATU-nummer er på den eine sida grundigare, vidare, og på den andre sida somtid så annleis at fleire norske eventyr ikkje passar godt til dei gitte ATU-typane sine. Eg nemner nokre dårleg tilpassa eventyr nedanfor. Til overmål har eventyret om grisen som var lei av levemåten ikkje komme med i den reviderte katalogen - og det har hatt eit AT-nummer i hundre års tid.

Noko er vunne og noko er tapt. Og ATU-katalogen er delt inn i temagrupper med tildelte gruppenummer slik:

Eventyrslag og ATU-grupper

DYREEVENTYR
Ville dyr: 1-99

Den lure reven (eller liknande dyr): 1-69

Andre ville dyr: 70-99
Ville dyr og husdyr: 100-149
Ville dyr og menneske: 150-199
Husdyr: 200-219
Andre dyr og gjenstandar: 220-299

TROLLDOMSEVENTYR
Overnaturlege motstandarar: 300-399
Overnaturleg eller forheksa kone (mann) eller annan slektning: 400-459

Kone: 400-424

Mann: 425-449

Bror eller søster: 450-459
Overnaturlege oppgåver: 460-499
Overnaturlege hjelparar: 500-559
Magiske gjenstandar: 560-649
Overnaturleg makt eller kunnskap: 650-699
Andre forteljingar om det overnaturlege: 700-749

RELIGIØSE EVENTYR
Gud lønnar og straffar: 750-779
Sanninga kjem for dagen: 780-791
Himmelen: 800-809
Djevelen: 810-826
Andre religiøse forteljingar: 827-849

NOVELLEEVENTYR (REALISTISKE EVENTYR)
Mannen gifter seg med prinsessa: 850-869
Kvinna gifter seg med prinsen: 870-879
Prov på truskap og uskyld : 880-899
Den gjenstridige kona lærer å lyde: 900-909
Gode instruksar: 910-919
Smarte handlingar og ord: 920-929
Skjebneforteljingar: 930-949
Røvarar og mordarar: 950-969
Andre realistiske forteljingar: 970- 999

DET DUMME TROLLET (DEN DUMME KJEMPA, DJEVELEN)
Arbeidskontrakt : 1000-1029
Partnarskap mellom mennesket og troll: 1030-1059
Tevling mellom mennesket og troll: 1060-1114
Mann drep (skader) troll : 1115-1144
Troll skremt av menneske: 1145-1154
Mann overlistar fanden: 1155 -1169
Sjeler frelst frå fanden: 1170-1199

SKJEMT OG ANEKDOTAR
Historier om ein stortosk: 1200-1349
Historier om ektepar: 1350-1379
Den dumme kona og ektemannen hennar: 1380-1404
Den dumme mannen og kona hans: 1405-1429
Det dumme paret: 1430-1439
Historier om ei kvinne: 1440-1524

Konejakt (leiting etter kone): 1450-1474

Vitsar om gamle jomfruer: 1475-1499

Andre historier om kvinner: 1500-1524
Historier om ein mann: 1525-1724

Luringen: 1525-1639

Heldige ulykker: 1640-1674

Dummingen: 1675-1724
Vitsar om geistlege og religiøse figurar: 1725-1849
Den geistlege blir narra: 1725-1774
Prest og klokkar: 1775-1799
Andre vitsar om religiøse figurar: 1800-1849
Anekdotar om andre grupper av menneske: 1850-1874
Ganske utrulege skrøner, også kalla skipperskrøner: 1875-1999

RAMSEEVENTYR
Kumulative forteljingar: 2000-2100

Kjeder baserte på tal, gjenstandar, dyr, eller namn: 2000-2020

Kjeder som involverer (blandar inn) daude: 2021- 2024

Kjeder som involverer eting: 2025-2028

Kjeder som involverer andre arrangement: 2029-2075
"Catch tales" triksar ved å slutte "brått og uferdig" eller gå i sirkel: 2200-2299
Andre formelforteljingar : 2300-2399

Refreng (rounds): 2320

ELLES: Gruppa "uklassifiserte eventyr" (med AT-nummer frå 2400), er ikkje eiga ATU-hovudgruppe. Ein finn slike tekstar under "Andre formelforteljingar" (ovanfor). Når dette er sagt, høyrer det med å framheve at mange hundre av eventyr og stubbar er uklassifiserte framleis.

Namna på gruppene står på engelsk her: [Meir]. Inndelingane blir nytta til å kartlegge og samanlikne folkeeventyr.

Nedanfor står hovudgruppa først, så står "av typen" og deretter kjem avleidd undergruppe. For å gjere det litt lettare nyttar eg kortforma av somme hovudgrupper, til dømes "Skjemt" for gruppa "Anekdotar og skjemt" (sjå ovanfor).

Nedover og vidare kjem ein noko uferdig del (seks sider), der gamle AT-nummera er omgjorde til ATU-nummer. Nokre få Asbjørnsen-segner er merkte med annan overskriftsfarge, og Asbjørnsen-historier (rammeforteljingane) er merkte med annan overskriftsfarge. Eii slags sol er sett bakom dei.

Rammeforteljingane til Asbjørnsen

Inspirert av blant andre den irske folkloresamlaren Thomas Croker (1798–1854), skreiv Asbjørnsen rammeforteljingar med mindre historier i, i sær segner. I rammeforteljingane er det ein hovudforteljar. Han skildrar naturen på det som var "norsk-eksotiske" stadar på 1800-talet - hei, skog, seter, fjell og fjord og så vidare. Segnforteljarane i rammeforteljingane blir framifrå karakteriserte, og segner (og anna) blir lagt i munnen av dei av Asbjørnsen, og dei ikkje fortel segnene sjølve. Målet til Asbjørnsen var å komme fram med dei beste forteljingane han rådde over, ut frå dei måla han la på "best". Det var helst folkeleg og greitt, skriv han i forordet til andre utgåve av den første samlinga (1859)

Asbjørnsen var ein romantisk forfattar. Han gir mange gløtt inn i folketru og folketradisjon som levde i 1840-åras Noreg. Han var også folkeminneforskar. Måten han arbeidde med segnstoffet på, var inspirert av brørne Grimm.

Andre gav Asbjørnsen konkrete råd, skreiv utkast til delar av rammeforteljingar og scener, og gjorde rettingar: Camilla Collett, Peter Jonas Collett, Johan Sebastian Welhaven og Andreas Wulfsberg Grøtting var mellom dei. Dessutan gav Jørgen Moe gode råd og konstruktiv kritikk, fortel Solberg.

Forteljingane som Asbjørnsen skreiv, kom i fleire utgåver. Utgåva frå 1870 blei den siste som han sjølv hadde ansvaret for. Etter det hadde Moltke Moe ansvaret for å endre og normalisere språket vekk frå dansk.

Hovudkjeldene til kommentarane i det følgande: Knut Liestøl (1949 I og II); Olav Solbergs innleiing til Asbjørnsen 2010; og Wikipedia-artikkelen, "Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn". Det blir vist til andre kjelder i tillegg, i somme høve. Fullstendige bokdata står nedst på sida.

❦❦❦❦

Kvernsegner

I "Kvernsegner" gir ikkje Asbjørnsen att noko som hende på ein bestemt tur til Brekkesaga. Historia er elta i stand ut frå mange gamle inntrykk og kjelder. Dei tre segnene som blir lagde fram i "Kvernsegner" hadde Asbjørnsen (1) frå Andreas Fayes Norske Folkesagn (1833), (2) frå ei jente frå Drammen, og (3) frå Camilla Collett.

[Til historia]

Ein gammaldags julekveld

"Eg" i forteljinga er ein ung løytnant frå eit dalføre på Austlandet. Han er mellombels i byen. Forteljinga inneheld segner og tradisjonar frå Christiania (gamle Oslo). Asbjørnsen har venteleg brukt stoff som han kjente frå sin eigen oppvekst der i byen. Tradisjonsstoffet handlar om møte med nissen, og endar med ein variant av segna om gudstenesta til dei daude. Ho er lagt til "Vor Frelsers Kirke" i høvet.

[Til historia]

Ein tiurleik i Hollia

Forteljinga skildrar ei jakt ifrå garden Ask i Hole. Asbjørnsen er i følge med eigaren av Ask, kaptein Gram, og bjørneskyttaren Per Sandaker. Forteljinga krinsar om jakta på ein gammal tiur. Jegerane fortel om dyr som er så vanskelege å få ram på at jegerar tyr til magiske hjelperåder. Historia endar med Asbjørnsen feller den store, gamle tiuren.

Asbjørnsen sa sjølv at dette huldreeventyret var eit av dei beste han hadde skrive. Han var godt kjend i Holleia og var venn med kaptein Gram på Ask-garden. (Olav Solbergs innleiing, Asbjørnsen 2010)

[Til historia]

Peik

ATU 1542: Den smarte guten (The Clever Boy). Skjemt av typen "Luringeventyr".

Kongen utfordrar lurefanten Peik (Till Eulenspiegel, Nasreddin Hodja o.a.) til å gjere han eit spikk. Peik låner hesten til kongen for å dra heim og hente narrestikkene (boka med løgner). Men i staden for å kome attende med narrestikkene, sel han hesten.

Neste gong Peik treffer kongen, sel han ei gryte til han, ei som kan koke utan varme. Seinare lèt Peik som han dolkar søstera si i hel, for ho blei utstyrt med ei blære fylt med blod under kleda sine. Han "får liv i ho" att med å spele på fløyta si, og sel fløyta til kongen.

Kongen drep ei av døtrene sine, men kan ikkje kalle ho tilbake til livet med fløyta. Peik tar på seg kleda til søstera si og blir hyra som tenarjente ved kongehoffet. Ein prins vil gifte seg med han, men på bryllaupsnatta flyktar Peik (Dei finn ut at han er skuld i at kongsdottera er med barn).

Peik blir dømt til å døy og skal til å druknast i ein sekk (tønne) når han narrar ein annan til å ta plassen sin i sekken. Kongen tilgir Peik og gjer han til svigerson sin.

[Til eventyret]

Pannekaka

ATU 2025: Den flyktande pannekaka (The Fleeing Pancake). Ramseeventyr av typen "Kjeder som omfattar eting".

[Til eventyret]

Smågutane som trefte trolla på Hedalsskogen

ATU 303: Tvillingane eller blodsbrørne (The Twins or Blood-Brothers). Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege motstandarar".

Nummertildelinga i dette tilfellet er ikkje råkande, for handlingsgangen høver slett ikkje med ATU-nummeret. Derimot høver eventyret "Fiskarsønene" til nummeret og skisseringa av handlinga i denne eventyrtypen.

[Til eventyret]

Pål Andrestua

ATU 1725: Sløg. Elskaren blir oppdaga (The Lover Discovered (previously The Foolish Parson in the Trunk). Skjemt av typen "Den geistlege blir narra".

[Til eventyret]

Historiene til Matthias Skyttar

Forteljinga skildrar ein fottur over skogen mellom Nittedal og Gjerdrum seint på hausten i 1836. Asbjørnsen hadde med Matthias Skyttar som kjentmann. Matthias Skytter var elles fødd i Hakadal i 1778 (Liestøl 1949, I:207). Undervegs fortel Matthias at han har vore i kontakt med underjordiske fleire gongar. Dernest fortel han ei fæl historie om broren som blei rar (huldren) etter å ha komme for nær dei underjordiske.

Fleire av dei gode historiene i forteljingane var ikkje med første gongen forteljinga blei trykt. Det gjeld forteljinga om Matthias og brørne hans som leikar ved ein bergknatt og blir skremte av ei stemme i berget, den dramatiske forteljinga om broren som blir slått i bakken av dei underjordiske, og forteljinga om far til Matthias som ser nissen.

[Til historia]

Vesle Åse Gåsejente

ATU 870 A: Gåsejenta (Nabodottera) som friar (The Goose-Girl (Neighbor's Daughter) as Suitor (previously The Little Goose-Girl). Novelle av typen "Kvinna gifter seg prinsen".

[Til eventyret]

Mannen som skulle stelle heime

ATU 1408: Mannen som gjer arbeidet til kona si. (The Man Who Does His Wife's Work). Skjemt av typen "Den dumme mannen og kona hans".

[Til eventyret]

Skarvane frå Utrøst

ML4075 Utrøst.

Huldrefolk i ei soge, som i denne, er eit framifrå teikn på at ho er å rekne som ei segn. Utrøst i nordnorsk segntradisjon er eit huldreland uti havet vest for Røst i Nordland. Det blir fortalt at huldrefolket på Utrøst lever som fiskarbønder flest i Nordland, og driv gardsbruk og fiske.

Etter segna kunne somme fiskarar som hadde komme ut i storm og mista leia, strande på ei øy med kornåkrar og saftig gras. Huldrefolket som budde der, dreiv med rikare fiske, jordbruk med større avlingar og hadde feitare kyr enn folk.

Segna er best kjent frå framstillinga til Asbjørnsen. Eit annet slikt sagaland er Sandflesa frå "Tuftefolket fra Sandflesa". Liknande segner finst frå mange stader langs kystane i Europa. (Store norske leksikon)

[Til segna]

Risen som ikkje hadde hjarte på seg

ATU 302: Trollhjartet i egget (The Ogre's (Devil's) Heart in the Egg). Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege motstandarar".

Merknad: Trollet utan hjarte på seg, var ikkje heilt hjartelaust likevel, og kunne bli "beklemt" og enda verre.

[Til eventyret]

Guten og fanden

ATU 1157: Trollet og skytevåpenet (The Ogre and the Gun (previously The Gun as Tobacco Pipe). Tidlegare AT 1158: Fanden i nøtta (The ogre wants to look through the gun barrel in the smithy). Dumtrolleventyr av typen "Mann overlistar fanden".

Eigentleg passar ikkje "Guten og fanden" godt til ATU-nummeret som AT 1158 er dratt inn under, for det er inga børse med i opplegget, og ingen er groggy, men slik er klassifiseringa.

[Til eventyret]

Tommeliten

ATU 700: Tommeliten (Thumbling (previously Tom Thumb). Trolldomseventyr av typen "Andre forteljingar om det overnaturlege".

Andre namn på Tommeliten: Däumling (tysk), Petit Poucet (fransk), Svend Tomling, Pulgarcito (spansk), Pollicino (italiensk), Tom Thumb (engelsk), osv. Knøttsmå folklorefigurar som Tommeliten finst mange stadar rundt om på jorda. Somme av dei syner det blir vanskeleg å overleve mellom folk når ein ikkje er større enn ein tommeltott.

[Til eventyret]

Mumle Gåsegg

ATU 650 A: Sterke Jon (Strong John). Trolldomseventyr av typen "Overnaturleg styrke eller kunnskap".

[Til eventyret]

Den sjuande faren i huset

ATU 726: Dei tre gamle. (The Three Old Men [previously The Oldest on the Farm]). Trolldomseventyr av typen "Andre forteljingar om det overnaturlege".

Ein ferdamann møter ein gammal mann (fire eller fleire, og dei kan vere slektningar), og blir vist av mannen til ein som er eldre, og til sist til ein tredje, eldgammal kar.

Eller så blir dei tre gamle bedt om å løyse eit problem. Den eldste ser då på den yngste og forklarer at korleis ein kar ser ut, kjem an på korleis kona hans ter seg.

I andre variantar drar ein ire til Skandinavia og treffer far hans og bestefar hans. (Det var før type 726*.) Iren skaffar seg særlege grejor og mat som lar han sjå løynde ting. Når han et kjøt blir synskheita hans borte (jf. type 836F*).

Slik er presentasjonen hos Uther (2004). Eg tykkjer den nye tittelen - og nye typeforklaringa - ikkje treffer den norske varianten særleg godt. Ørnulf Hodne i nynorsk omsetting ved meg:

Den sjuande far i huset (The oldest on the farm). Ein ferdamann ber om å få overnatte på ein gard. Han treffer ein svært gammal mann utanfor, men blir vist til far hans for å få slik løyve. Slik går det steg for steg vidare til til tipp-tipp-tipp-oldefaren til den første gamle karen. Denne oldingen heng i eit horn på veggen. Ofte prøver han ut han kor sterk ferdamannen er. (Hodne 1984)

Uthers tittel og handlingsresyme for eventyrtype 726 er ingen fullkommen match. Sju er ikkje tre, og berre det første avsnittet i Uthers resyme svarer til noko i det norske eventyret. Uthers skildring blir for mangelfull andsynes det norske eventyret, i det at heile handlinga med særmerka sine er ikkje med.

Men ATU-nummer og oppsummering av typen er no eingong sett, og blir nok som det er i lange tider. Denne stutte gjennomgangen gir dessutan vink om noko til: I norske folkloristar sine korte forklaringar av kva som er handlinga i eventyr av dei ulike AT-typane, lagar dei samandrag som høver dei norske eventyra, ut frå dei norske eventyra, og setter det internasjonale AT-nummeret på toppen, som krona på verket. I internasjonale versjonar av eventyrtypane, blir nokså mykje annleis enn i dei norske. Det er ikkje alt som passar eitt lands eventyr i det som er samla under same "tak" (les: AT-nummer). Det får ein vere budd på. Her er eit dilemma skissert.

[Til eventyret]

Ei prestehistorie

ATU ?: .

Historia er utan AT-nummer.

[Til eventyret]

Berthe Tuppenhaugs forteljingar

Asbjørnsen var ei tid huslærar hos godseigaren på Fjellstad i Gjerdrum. I denne rammeforteljinga er han på veg heim dit etter eit lag, og renn på ski i mørket. I ei bratt skråning treff han ein stubbe, brekk ei ski og vrikkar ein fot. Han klarer å krabbe fram til stua der signekjerringa Berte Tuppenhaug bor. Der blir foten behandla med brennevin og trolldomsformler, og han får fleire segner om møte mellom mennesker og underjordiske i tillegg.

Berthe Tuppenhaug (1764-1840) var frå Gran på Hadeland. Tittelen på forteljinga blei endra frå "En Signekjærrings Fortællinger" frå og med 1870-utgåva. Rammeforteljinga blei første gong trykt i Den Constitutionelle 1843, nr. 99 og 103, "gjennemseede og corrigerede af Professor Welhaven," skriv Asbjørnsen (Liestøl 1949, I:210-211).

Ein av dei som sette pris på stykket var Henrik Ibsen: Han lånte fleire motiv frå det då han skreiv Peer Gynt: grågarnnøsta, mat som blir til kumøkk og anna uhumsk, huldreungen som byr far sin å drikke, og ei ung jente som underjordiske vil ha i si makt.

[Til historia]

Reve-enka

ATU 65: Reve-enkas friarar (The She-Fox's Suitors). Dyreeventyr av typen Ville dyr av undertypen "Den lure reven".

[Til eventyret]

Smeden som dei ikkje torde sleppe inn i helvete

ATU 330: Smeden og fanden. (The Smith and the Devil [previously The Smith Outwits the Devil]). Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Dei tre bukkane Bruse som skulle gå til seters og gjere seg feite

ATU 122 E: 122E. Vent på den feite geita. (Wait for the Fat Goat). Dyreeventyr av typen Ville dyr og husdyr.

Tre geiter er nøydde til å gå over ei bru som blir vakta av eit troll. Trollet lar dei to minste få gå over for å gå laus på den største geita, men ho stongar trollet i elva.

[Til eventyret]

Bamse Brakar

ATU 116: Bjørnen på høyvogna (The Bear on the Hay-Wagon). Dyreeventyr av typen Ville dyr og husdyr.

Ein bjørn kliv opp i ei høyvogn med ein hest føre. Hesten spring ut, og bjørnen blir halden for å vere presten.

[Til eventyret]

Guten som gjekk til nordavinden og kravde att mjølet

ATU 563: Bordet, eselet og kjeppen (The Table, the Donkey and the Stick). Trolldomseventyr av typen Magiske gjenstandar.

Einkvan får undergåver av eit overnaturleg vesen, men vertshushaldaren på vegen stel gåvene etter tur, heilt til den siste gåva, kjeppen, blir brukt til å straffe han heilt til han gir tilbake det han har stole. "Ein lærer då etter kvart . . ."

[Til eventyret]

Gjete harane til kongen

ATU 570: Kaningjetinga (The Rabbit-Herd). Trolldomseventyr av typen Magiske gjenstandar.

Eventyrtypen gir rom for andre dyr enn kaninar, for eksempel hanar, sauar, geiter, gjæser, rapphøner. Handlinga er i store trekk at kongen i eventyret lovar ut dottera si til den som kan gjete (fange, temme, lære opp) desse tusen dyra, eller færre eller fleire enn tusen - og ikkje miste eit einaste av dei.

Den yngste av tre brør er snill mot ei gammal kvinne som brørne hans ikkje var snille mot, og får ei tryllefløyte til takk. Men fløyta kan han kalle saman alle kaninane frå første dagen han freistar seg som gjetargut for dei.

Men for at det ikkje skal bli noko giftemål likevel, prøver utsendingar og kongefamilien å kjøpe ein kanin frå gjetarguten. Ungdommen krev audmjukingar av dei som kjem, til dømes å hoppe på eitt bein, danse til lyden av fløyta og verre ting også. Men når utsendingane har audmjuka seg for han og fått kaninen med seg, blæs guten i fløyta, og dermed kjem kaninen hoppande tilbake til han.

Kongen vil ikkje gi seg, og gir guten enda eit oppdrag: han skal fylle ein sekk full med løgner. Men når kongen blir var at guten nyttar dette høvet til å fortelle sanningar som audmjukar kongefamilien ved å fortelje kva dei gjorde for ein kanin, kunngjer han at sekken er full - før han sjølv blir heilt utlevert - og set seg ikkje imot giftemålet meir.

[Til eventyret]

Ei kveldstund i eit godseigarkjøkken

Rammeforteljinga inneheld tradisjonsstoff som Asbjørnsen hadde samla då han var privatlærar på Fjeldstad i Gjerdrum i 1836 og 1837. Asbjørnsen kom dit som blakk, ung mann og arbeidde som huslærar på garden i to år.

Først møter vi ein storbonde med politiske interesser. Han kunne ha enda som svigerfar til Asbjørnsen om dottera og Asbjørnsen hadde fått det som dei ville. Dei to var hemmeleg forlova, men familien hennar sette seg imot ekteskap mellom ho og den fattige studenten, og pressa ho til å gifte seg med den nye lensmannen i bygda. Asbjørnsen på si side hemna seg med å karikere faren hennar i denne teksten. [Sørensen 2001]

På kjøkkenet underheld ein smed med å fortelje historier. Dei fleste er segner om underjordiske frå mange bygder på Romerike. Dei to segnene om underjordiske barn som døyr, er variantar av segna om Pans daude i gresk mytologi. [Wikipedia, "Pan (god)": The "Death" of Pan].

[Til historia]

Dumme menn og troll til kjerringar

ATU 1406: Veddemålet til dei tre kloke konene (The Three Clever Wives Wager [previously The Merry Wives' Wager]). Skjemt av typen Den dumme mannen og kona hans.

Tre koner vedder om kven av dei som best kan narre mannen sin. Så får dei mennene sine til å gjere toskete ting. Til dømes får ei av konene mannen sin til å tru han er sjuk, død, ein hund, ein munk, ein prest eller at han treng å få trekt ut ei frisk tann.

Ei anna kone drar vekk ei veke og overtyder mannen sin om at det var berre ei kort tid, eller at han har på seg klede han ikkje har på seg, og så vidare.

Det endar neppe godt for konene.

[Til eventyret]

Presten og klokkaren

ATU 922: Gjetaren som stepper inn for den geistlege (presten), svarer spørsmåla frå kongen (The Shepherd Substituting for the Clergyman Answers the King's Questions [The King and the Abbot]). Novelle av typen Smarte handlingar og ord.

Denne eventyrtypen omfattar nokon med høg status - det kan vere ein keisar, kong, tenestemann, lærar - som krev at ein prest eller høgare geistleg at han skal svare på tre spørsmål innan ein frist som blir gitt, eller bøte med livet.

Presten trur seg ikkje til å svare rett i alt, og sender derfor ein (forkledd) varamann for seg for å svare - det kan vere tenar, gjetar, møllar eller bror. Og det forkledde sendebodet svarer rett på alt. Svindelen kjem for dagen, og mannen på toppen tilgir smartingen som svarte rett på alt og lønnar han for det i tillegg, og sparer tilmed livet til presten også, i somme variantar.

Mange av spørsmåla krev måling og teljing. I somme tilfelle er det ordspel med, i andre tilfelle er svara umogelege eller drusteleg krevjande å etterprøve, som "Kva gjer Gud?"

[Til eventyret]

Grisen og levemåten hans

AT 221: Dyreeventyr.

Denne eventyrtypen - AT 221 - fall vekk frå ATU-systematikken, så noko ATU-nummer har ikkje stubben.

[Til eventyret]

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, litteratur  

Aarne, Antti. The Types of the Folktale: A Classification and Bibliography. Translated and Enlarged by Stith Thompson. 2nd rev. ed. Helsinki: Suomalainen Tiedeakatemia / FF Communications, 1961.

Ashliman, D. L. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987.

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Liestøl, Knut. Norske huldreeventyr og folkesagn fortalt av P. Chr. Asbjørnsen. Første samling. Utgitt av Knut Liestøl. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1949.

Liestøl, Knut. Norske huldreeventyr og folkesagn fortalt av P. Chr. Asbjørnsen. Annen samling. Utgitt av Knut Liestøl. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1949.

Solberg, Olav. Peter Chr. Asbjørnsen: Norske huldreeventyr og folkesagn. Utgåve ved Olav Solberg. Oslo: Det norske språk- og litteraturselskap/bokselskap.no, 2010.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284 -86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Wikipedia, "Aarne–Thompson classification system".

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]