Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Buskebrura

Det var ein gong ein enkemann som hadde ein son og ei dotter etter den første kona si. Begge var snille barn, og begge heldt hjarteleg av kvarandre.

Om ei tid gifta mannen seg att. Då fekk han ei enke som hadde ei dotter etter den første mannen. Den dottera var både stygg og slem, og det var mora også. Frå den stunda den nye kona kom i huset, var det ikkje fred å få for barna til mannen i noka krå eller nokon krok, og så tenkte guten det var best å dra ut i verda og prøve å tene sitt brød sjølv. Då han hadde gått ei tid, kom han til kongsgarden. Der fekk han teneste hos stallmeisteren. Og dugleg og hendig var han, så hestane han stelte, var så feite og blanke at det skein i dei.

Men søstera som var att heime, hadde det verre enn vondt. Både stemora og kjerringdottera var etter ho kor ho gjekk og stod. Dei skjelte og smelte, og aldri hadde ho ein times fred. Alt det tyngste arbeidet måtte ho gjere, vondord fekk ho seint og tidleg, og lite mat også.

Ein dag hadde dei sendt ho til bekken etter vatn. Så kom det eit stygt, fælt hovud opp over vasskorpa.

"Vask meg du!" sa hovudet.

"Ja, eg skal vaske deg", sa manndottera, og tok til å gni og vaske det stygge fjeset, men fælt arbeid syntest ho det var.

Då ho vel hadde gjort det, kom det eit anna hovud opp i vasskorpa, og det var enda fælare.

"Børst meg du!" sa hovudet.

"Ja, eg skal børste deg", sa jenta, og gav seg i kast med hårtustane, men noko morosamt arbeid var det ikkje.

Då ho hadde gjort frå seg det, kom det eit enda fælare og styggare hovud opp i vasskorpa.

"Kyss meg du!" sa hovudet.

"Ja, eg skal kysse deg", sa manndottera, og det gjorde ho også. Men ho syntest det var det verste arbeidet ho hadde gjort i sitt liv.

Så snakka det eine hovudet til det andre, og dei spurde kvarandre kva dei skulle gjere med den som var så god-tenkt [1]

"At ho blir den finaste jenta som til er, og så kvit på leten [2] som den lyse dagen", sa det første hovudet.

"At det drys gull av håret kvar gong ho børstar seg", sa det andre.

"At det fell gull av munnen kvar gong ho taler", sa det tredje hovudet.

Då no manndottera kom heim så vakker og lysleitt som dagen, blei stemora og dottera hennar enda argare, og verre blei det då ho talte og dei såg det fall gullpengar ut av munnen hennar. Stemora blei så flygande galen [3] at ho jaga manndottera til grisehuset. Der skulle ho vere med gullstasen sin, men inn i stova fekk ho ikkje lov å sette foten sin.

Det varte no heller ikkje lenge før mora ville ha si eiga dotter til bekken etter vatn. Då ho kom dit med bøttene sine, kom det første hovudet opp i vasskorpa.

"Vask meg du!" sa det.

"Rakkaren [4] vaske deg!" sa dottera.

Så kom det andre opp.

"Børst meg du!" sa hovudet.

"Rakkaren børste deg!" sa rettedottera.

Så forsvann det hovudet under vasskorpa, og det tredje hovudet kom opp.

"Kyss meg du!" sa hovudet.

"Rakkaren kysse deg, din muletrut!" sa jenta.

Så snakka hovuda til kvarandre att, og spurde kva dei skulle gjere med den som var så vrang. Så blei dei samrådde om at ho skulle ha ein to og ein halv meter lang nase og nesten to meter lang trut og en furubusk midt i skallen, og kvar gong ho snakka, skulle det falle oske ut av munnen hennar.

Då ho kom heim til stovedøra med vassbøttene, ropte ho inn til mora: "Lat opp!" sa ho.

"Lat opp sjølv, dotter mi!" sa mora.

Franskbrød -

"Eg når ikkje fram for nasen!" sa dottera.

Då mora kom ut og fekk sjå ho, kan ein nok vite korleis ho blei til mote og korleis ho skreik og bar seg. Men nasen og truten blei ikkje mindre for det.

Broren til manndottera som tente i kongsgarden, hadde teikna søstera. Det skilderiet [5] hadde han med seg. Kvar morgon og kveld låg han på kne framfor skilderiet og bad til Vårherre for søstera. Så glad var han i ho. Dei andre stallgutane hadde høyrt dette. Dei kika gjennom nøkkelholet inn i kammerset hans og såg at han låg på kne framfor eit skilderi der. Så sette dei ut at guten kvar morgon og kveld låg og bad til eit avgudsbilde han hadde. Til sist gjekk dei til kongen og bad han om å kike gjennom nøkkelholet inn til guten, så skulle han få sjå. Kongen ville ikkje tru det, men langt om lenge fekk dei overtalt han, og han lurte seg på tærne bort til døra og kika. Jo, han såg guten ligge på kne, og biletet hang på veggen, og hendene hadde han knept i hop.

"Lat opp!" ropte kongen.

Men guten høyrde ikkje.

Så ropte kongen andre gongen, men guten bad så hjarteleg at han ikkje høyrde det enda.

"Lat opp, seier eg!" ropte kongen att. "Det er eg som vil inn."

Ja, så sprang guten til døra og låste opp, og i bråhasten gløymde han å gøyme skilderiet. Då kongen kom inn og fekk sjå det, blei han ståande som fjetra [6] og kunne ikkje røre seg av flekken, så vakkert syntest han biletet var.

"Eit så vakkert kvinnfolk finst ikkje i verda", sa kongen.

Men guten fortalde at det var søstera hans som han hadde teikna. Og var ho ikkje vakrare, så var ho slett ikkje styggare, sa han.

"Ja, er ho så vakker, så vil eg ha ho til dronning", sa kongen, og gav guten ordre om at han skulle reise heim etter ho på flygande timen og endeleg ikkje vere lenge om vegen. Guten lovde han skulle skunde seg alt han kunne, og reiste av stad frå kongsgarden.

Då broren kom heim og skulle hente søstera si, ville stemora og rettedottera hennar også vere med. Dei reiste då alle saman, og manndottera hadde med seg eit skrin som ho hadde gullet sitt i, og ein hund som heitte Vesle Kaværn. Skrinet og hunden var alt ho hadde etter mor si.

Då dei hadde reist ei stund, skulle dei over sjøen. Broren sette seg bak ved roret, og mora og begge søstrene sat framme i båten. Så seglde dei både langt og lenge.

Om ei tid kunne dei sjå ei strand. "Der de ser den kvite stranda, skal vi i land", sa broren og peikte utover sjøen.

"Kva er den bror min seier?" sa manndottera.

"Han seier du skal kaste skrinet ditt uti", sa stemora.

"Ja, når bror min seier det, får eg vel gjere det", sa manndottera, og så kasta ho skrinet.

Då dei no hadde segla ei stund att, peikte broren igjen utover sjøen. "Der ser de slottet vi skal til", sa han.

"Kva er den bror min seier?" spurde manndottera.

"No seier han du skal kaste hunden din på sjøen", svarte stemora.

Manndottera gret og var ille ved, for Vesle Kaværn var det kjæraste ho hadde i verda, men omsider kasta ho hunden over bord.

"Når bror min seier det, får eg vel gjere det. Men kor ugjerne eg kastar deg ut, Vesle Kaværn!" sa ho.

Så seglde dei eit godt stykke att.

"Der ser du kongen komme for å ta imot deg", sa broren og peikte imot stranda.

"Kva er den bror min seier?" spurde søstera att.

"No seier han du skal skunde deg og kaste deg sjølv uti", svarte stemora.

Ho bar seg ille og gret. Men når broren hennar sa det, syntest ho at ho måtte gjere det, og så hoppa ho i sjøen.

Då dei no kom til kongsgarden og kongen fekk sjå den fæle brura med to og ein halv meter lang nase og nesten to meter brei trut og en buske midt i skallen, blei han reint fælen [7]. Men bryllaupet var ferdig, både med brygg og bakst, og bryllaupsfolka sat og venta. Så måtte kongen ta ho slik ho var. Men vond og vill var han, og derfor let han guten bli kasta i ormegarden [8].

Først torsdagskvelden etter kom det ei vakker jomfru inn på kjøkkenet i kongsgarden, og bad kokkejenta som låg der så vakkert om å få låne ein børste. Det fekk ho, og så børsta ho håret sitt så gullet draup. Ein liten hund følgde med ho, og til hunden sa ho: "Gå ut, Vesle Kaværn, og sjå om det snart er dagen!" Det sa ho tre gongar, og den tredje gongen ho sende ut hunden, var det ved den tida det tok til å gråne. Då måtte ho bort, men med det same ho gjekk sa ho:

"Hutt ! du stygge buskebrur
Som skal ligge i kongens arm!
Eg i grus og sand
Og broren min i ormegarden, og dessutan gråt!"

"No kjem eg att to gongar til, og så aldri meir", sa ho.

Om morgonen fortalde kokkejenta det ho hadde sett og høyrt, og så sa kongen at neste torsdagskvelden ville han sjølv vake i kjøkkenet og sjå om det var sant. Og då det vel hadde tatt til å mørkne, så kom han ut i kjøkkenet til jenta. Men alt han gnei auga og prøvde å halde seg vaken, så hjelpte det ikkje, for buskebrura tralla og song så auga hans seig i hop, og då den vakre jomfrua kom, sov han så han snorka. Liksom første gongen fekk ho låne ein børste og børsta håret sitt så gullet draup. Så sende ho ut hunden tre gongar, og då det lysna gjekk ho. Med det same ho gjekk, sa ho dei same orda som gongen før:

"Hutt! du stygge buskebrur
Som skal ligge i kongens arm!
Eg i grus og sand
Og broren min i ormegarden, og dessutan gråt!"

"No kjem eg att éin gong, og så aldri meir", sa ho.

Den tredje torsdagskvelden ville kongen vake att. Då sette han to mann til å halde seg, ein under kvar arm. Dei skulle riste han og nappe i han kvar gong han ville til å sovne, og to mann sette han til vakt over buskebrura. Men då det lei utpå kvelden, tok buskebrura igjen til å tralle og synge så auga hans heldt på å lukke seg og hovudet hang ned til den eine sida. Så kom den vakre jomfrua og fekk børsta og børsta håret sitt så gullet draup. Så sende ho ut Vesle Kaværn for å sjå om det snart var dag, og det gjorde ho tre gongar. Tredje gongen tok det til å lysne. Då sa ho:

"Hutt! du stygge buskebrur
Som skal ligge i kongens arm!
Eg i grus og sand
Og broren min i ormegarden, og dessutan gråt!"

"No kjem eg aldri att meir", sa ho, og ville gå. Men dei to mennene som heldt kongen under armane, greip over hendene hans og klemte kniven inn i neven på han og så fekk han skore ho i veslefingeren så mykje at det blødde.

Då var rette brura frelst, og kongen vakna. Ho fortalde han korleis alt hadde gått til, og korleis stemora og kjerringdottera hadde svike ho. Straks blei bror hennar tatt ut av ormegarden – ormane hadde ikkje gjort han den minste skade – og stemora og dottera hennar blei kasta der ned i staden. Men ingen kan seie kor glad kongen var då han blei av med den stygge buskebrura og fekk ei dronning som var så vakkert og lys som sjølve dagen. No blei det rette bryllaupet halde, og det så det blei høyrt og spurt over sju kongerike. Kongen og brura hans køyrde til kyrkje, og Vesle Kaværn sat også i vogna. Då vigselen var over, køyrde dei heim att, men sidan var ikkje eg med dei lenger.

Ord

  1. god-tenkt: Her står 'godvis', som er fole sjeldant i dag.
  2. let: ) (naturleg) farge, kulør.
  3. flygande galen: rasande – 'flygande' er her eit forsterkande tillegg, slik som 'fole'. (Fole tyder bl.a. veldig, svært, fælt).
  4. rakkaren: fanden. Ein rakkar før var elles ein mann som gjorde ureint og utriveleg arbeid; ein hjelpar for bøddelen, og anna.
  5. skilderi: målarstykke, teikning.
  6. fjetra: klumsa, fastnagla, lamslegen, nomen, forgjort, fortrylla.
  7. hutt! av hutte, hytte, true med neven; jage.
  8. ormegard (i segner og eventyr): ormegrav, ormegrop, hole, inngjerding eller grav med ormar i, og som dødsdømde blei plasserte i for å bli bitne i hel av krypdyra. Norrøne segner fortel elles om den svensk-danske røvaren Ragnar Lodbrok døydde i ormegard etter at kong Ællas menn i Nordvest-England hadde tatt han til fange. Men dette er berre éin versjon av korleis den vikingen døydde. Ein annan fortel han blei drepen av ein misunneleg hoffmann aust i England. Og ein tredje at han døydde i Danmark etter å ha vore med i vikingtoget mot Paris i 845. Så langt tilbake i tida er norrøne kjelder uklare for det aller meste.

Notar

Jomfru Maria som gudmor

Langt, lang borti ein stor skog budde ein gong eit par fattigfolk. Kona kom i barselseng og fødde eit barn, ei vakker dotter. Men dei var så fattige at dei visste ikkje korleis dei skulle få barnet til dåpen, for slikt kosta pengar den tida. Mannen måtte då ein dag ut for å sjå å få fadrar [1]. Han gjekk heile dagen, både til den eine og til den andre, men alle sa dei at dei nok ville vere fadder, men ingen syntest han hadde råd til det.

Då han gjekk heim om kvelden, møtte han ei vakker frue som var så prektig kledd og såg så inderleg snill og god ut. Ho baud seg til å skaffe barnet til dåpen, men sidan ville ho ha det. Mannen svarte at han først måtte spørje kona si kva ho ville. Men då han kom heim og fortalde det, sa kona beint ut nei. Andre dagen gjekk mannen ut att, men ingen ville vere fadder når dei forstod at dei måtte gi pengegåver til kyrkja sjølve. Alt han bad, hjelpte det ikkje.

Då han gjekk heim att mot kvelden, møtte han på ny den vakre frua som såg så blid ut, og ho gjorde det same tilbodet igjen. Han fortalde kona det som hadde hendt han, og ho sa at dersom han ikkje neste dag kunne få fadrar til barnet, så fekk dei vel la frua få det, sidan ho såg så god og snill ut.

Den tredje dagen mannen gjekk ut, fekk han heller ingen fadrar, og då han møtte frua igjen om kvelden, lovde han å la ho få barnet når ho ville skaffe det dåpen og kristendom. Om morgonen kom ho så i følge med to mannfolk dit mannen budde, tok barnet og reiste til kyrkje med det, og der blei det døypt. Så tok ho det heim med seg, og der levde den vesle jenta i fleire år, og fostermora var alltid snill og god mot ho.

Då jenta var blitt så stor at ho lærde å skjøne, laga fostermora seg til å reise bort. "Du får lov å gå kor du vil", sa ho til jenta, "berre ikkje i dei tre kammersa eg no viser deg." Og så reiste ho.

Men jentungen kunne likevel ikkje la vere å gløtte litt på den eine kammersdøra, og husj! så flaug det ut ei stjerne.

Då fostermora kom tilbake, blei ho harm og truga fosterdottera med å jage ho bort. Men barnet gret og bad for seg, og så fekk ho til slutt lov å bli.

Om ei tid skulle fostermora reise bort att, og så forbaud ho jenta å gå inn i dei to kammersa ho ikkje hadde vore i. Jenta lovde å ta seg i vare, men då ho hadde gått aleine ei stund og tenkt og grunda på kva som vel kunne vere inne i det andre kammerset, kunne ho ikkje halde seg frå å gløtte litt på døra og kike inn, og husj! så flaug månen ut.

Då fostermora kom att og såg at månen hadde sleppt ut, blei ho sørgmodig og sa at no kunne ho slett ikkje ha jenta hos seg lenger, no måtte ho bort. Men jenta gret så hjarteleg og bad så vakkert for seg. Så fekk ho då lov til å bli denne gongen også.

Om noka tid skulle fostermora reise att – jenta var alt halvvaksen den gongen – og då innprenta fostermora at jenta slett ikkje måtte prøve på å gå inn i eller sjå inn i det tredje kammerset. Men då fostermora hadde vore borte ei stund, og jenta hadde gått aleine og keia seg i lang tid, så tenkte ho: "Nei, så moro det skulle vere å sjå litt inn i det tredje kammerset!" Ho tenkte først at ho ikkje ville gjere det like fullt, for fostermora si skuld. Men då ho kom på det andre gongen, kunne ho ikkje berge seg lenger: ho syntest ho skulle og måtte sjå inn i kammerset. Ho gløtta litt på døra, og husj! så flaug sola ut.

Då fostermora kom tilbake og såg at sola hadde floge ut, blei ho reint ille ved, og sa at no kunne jenta slett ikkje få vere hos ho lenger. Fosterdottera gret og bad enda vakrare enn før, men det hjelpte ikkje. "Nei, no må eg straffe deg", sa mora, "men du kan få velje om du vil bli den aller vakraste av alle og ikkje kunne tale, eller du vil bli den aller styggaste og kunne tale. Men bort frå meg må du."

"Så vil eg helst bli vakker", sa jenta. Det blei ho også, men frå den tida var ho mållaus.

Då ho var kommen bort frå fostermora, gjekk ho og vandra gjennom ein stor skog. Men alt ho gjekk, blei det aldri ende på han. Då det lei mot kvelden, kleiv ho opp i eit høgt tre som stod like over ein brønn, og sette seg til å sove om natta. Tett ved låg eit slott, og derifrå kom tidleg om morgonen ei tenestekvinne som skulle hente vatn frå brønnen til kongssonen sin te. Tenestekvinna såg det vakre fjeset i vassflata til brønnen og trudde at det var ho sjølv, og så kasta ho vassbøtta, sprang heim att og slo på nakken og sa: "Er eg vakker, så er eg for god til å gå og bere vatn."

Så skulle ei anna i veg etter vatnet, men det gjekk like eins med ho; ho kom også tilbake og sa at ho var for vakker og for god til å gå etter vatn til kongssonen.

Så gjekk kongssonen sjølv, for han hadde lyst til å sjå korleis dette hang i hop. Då han kom til brønnen, fekk han sjå biletet i vassflata, han også, og straks såg han opp. Der blei han var den vakre jomfrua som sat oppi treet. Han lokka ho ned og tok ho heim med seg, og ville endeleg ha ho til dronning fordi ho var så vakker. Men mor hans, som levde enno, ville ikkje. "Ho kan jo ikkje tale", sa ho, "og det kan gjerne vere eit trollmenneske." Men kongssonen gav seg ikkje før han fekk ho.

Då dei hadde levd saman ei tid, blei ho med barn, og då ho skulle føde, let kongssonen sette vakt omkring ho. Men i fødselstimen sovna alle saman, og då ho hadde født, kom fostermor hennar, skar barnet i veslefingeren og smurde dronninga om munnen og på fingrane med blodet, og sa: "No skal du bli så sørgmodig, som eg var, då du hadde sleppt ut stjerna;" og så blei ho borte med barnet.

Då dei vakna, dei som var sette til vakt, trudde dei at dronninga hadde ete sitt eige barn, og den gamle dronninga ville ha ho brent. Men kongssonen heldt slik av ho, og til slutt fekk han bedt ho fri for straffa. Men det var berre så vidt.

Andre gongen den unge dronninga skulle i barselseng, blei det sett dobbelt så sterk vakt som førre gong. Men det gjekk nettopp like eins, berre at fostermora sa: "No skal du bli så sørgmodig som eg var, då du hadde sleppt ut månen." Dronninga gret og bad – for når fostermora var der, kunne ho tale – men det hjelpte ikkje. No ville den gamle dronninga endeleg ha ho brent, men kongssonen fekk då bedt ho fri den gongen også.

Då dronninga skulle i barselseng den tredje gongen, blei det sett tredobbel vakt omkring ho. Men det gjekk like eins: Fostermora kom mens vakta sov, tok barnet og skar det i veslefingeren og smurde dronninga om munnen med blodet. Så sa ho at no skulle dronninga bli så sørgmodig som ho sjølv hadde vore då sola var sleppt ut.

No kunne ikkje kongssonen på nokon måte få frelst ho; ho måtte og skulle brennast. Men nettopp i det same dei leidde ho opp på bålet, fekk dei sjå fostermora som kom med alle tre barna. Dei to leidde ho ved handa, og det tredje bar ho på armen. Ho gjekk bort til den unge dronninga og sa: "Her er barna dine: no skal du få dei att. Eg er jomfru Maria, og så sorgfull som du no har vore, var eg, då du hadde sleppt ut sola, månen og stjernene. No har du fått straff for det du gjorde, og frå no av skal du kunne tale att."

Så glade som dronninga og kongssonen blei! Sidan var dei lykkelege støtt, og mora til kongssonen heldt også av den unge dronninga frå den tida av.

Ord

  1. fadder (gudfar og/eller gudmor): dåpsvitne. Ei gudmor er ei kvinne som ber eller har bore nokon til dåpen; også: kvinneleg fadder; kvinneleg dåpsvitne. Gudmora og gudfaren har særleg ansvar for at barnet dei ber til dåpen, blir lært opp i trua. Det er i praksis inga øvste grense for kor mange fadrar eit barn kan ha her i landet, men det er ikkje vanleg med meir enn seks. [Wikipedia]

    Det blei vanleg tru i kristendommen at små barn måtte døypast; her på berget ved at ein skvett vatn blei aust over hovuda deira som ei forenkla ordning i forhold til mangt anna elles. Det finst andre former – som vaksendåp – og mange slags dogme-påstandar omkring dåpen – teologien i ulike trussamfunn femner mangt forskjellig frå det eine kyrkjesamfunnet til det andre.

  2. "Jomfru og jomfru, fru Blom" – I den tida nordmenn var katolikkar, offisielt til ut på 1500-talet og uoffisielt eit stykke til, stod Maria, mor til Jesus, i sentrum for mykje gudeleg merksemd og verksemd. I den katolske kyrkja i dag er det framleis mykje styr rundt ho. Der er ho halden for evig jomfru, med titlar som Gudeføderska og Kyrkjas Mor. Å rekne ho som jomfru etter at ho fødte barn – Jesus og kanskje eit halvt dusin til – er noko av det katolikkar gjer, og protestantar oftast ikkje. [Wikipedia, s.v. "Jomfru Maria > Evig jomfrudom"]

    Trua omfattar ikkje at ho skal ha budd i eit hus i skogen med ei adoptivdotter som i eventyret.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]