Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Rike Per Kremmar

Det var ein gong ein mann som dei kalla Rike Per Kremmar [1] fordi han hadde fare om med kram [2] og samla mange pengar så han var blitt ein rik mann. Denne Rike-Per hadde ei dotter, og ho var så gjæv for han at alle dei friarane som kom til ho fekk avslag, for han syntest at ingen var gode nok. Då det gjekk slik med alle, så kom det til sist ingen. Og då åra gjekk slik, blei Per redd ho ikkje skulle bli gift.

"Eg undrast på", sa han til kona, "korfor det ikkje kjem nokon og frir til dotter vår, som er så rik. Det skulle då vere retteleg rart om det ikkje skulle vere nokon som ville ha ho. For pengar har ho, og fleire får han. Eg meiner eg får reise til stjernekikarane og spørje dei om kva ho skal ha, for det kjem jo ikkje eit mors liv lenger."

"Korleis kan stjernekikarane svare på det då?" spurde kona.

"Jo, dei les allting i stjernene [3] dei", sa Rike-Per.

Han tok med seg mange pengar til stjernekikarane og bad dei om dei ville sjå på stjernene og seie han kva for ein mann dotter hans skulle få. Stjernekikarane såg på stjernene, men dei sa at dei kunne ikkje sjå det. Men Per bad dei at dei måtte sjå betre etter og endeleg seie han det, han skulle betale dei godt for det. Stjernekikarane såg då betre etter, og sa at dotter hans skulle få til mann det møllarbarnet som nettopp var komme til verda i den kverna som låg straks nordanfor garden til Rike-Per. Per gav stjernekikarane hundre dalar og reiste heim med det varselet han hadde fått. Han syntest det var altfor urimeleg at dotter hans skulle få éin til mann som nyss var kommen til, og dét ein som var så ring. Det sa han også til kona si. "Eg undrast om eg ikkje kunne få dei til å selje meg guten", sa han, "så skal vi nok bli av med han."

"Ja, det tenker eg nok", sa kona, "det er fattigfolk."

Per gjekk då ned i kverna og spurde kona om ho ikkje ville selje han guten. Ho skulle få mange pengar for han. Nei, det ville ho slett ikkje. "Neimen om eg skjøner korfor du ikkje vil det", sa Per Kremmar. "Det er då berre fattigdommen med dykk, og guten skal ikkje lette den, kan eg tru." Men ho var så glad i guten at ho ville ikkje miste han. Då møllaren kom inn, sa Per det same til han og lovde at han skulle gi han seks hundre dalar for guten så dei kunne kjøpe seg ein gard og sleppe å male for folk og å svelte når det ikkje var kvernvatn. Det syntest møllaren godt om, og han talte med kona, og så fekk Rike-Per guten. Mora gret og bar seg ille, men Per trøysta ho med at han skulle få det godt. Men dei måtte love at dei ikkje skulle spørje etter han, for han ville sette han langt bort i andre land, til å lære framande mål.

Då Per Kremmar var kommen heim med guten, let han snikre ei lita kiste som var så fint tilverka at det var ei lyst å sjå. Den tetta han med bek, la møllarguten nedi, låste att låsen og sette kista ut i elva så straumen fór av stad med ho. No er eg kvitt han, tenkte Per Kremmar.

Men då kista hadde segla langt nedover elva, kom ho inn i ei vassrenne til eit anna kvernbruk og fór gjennom renna ned i vasshjulet så kverna stansa. Mannen gjekk då ned og skulle sjå etter kva det var som stansa kverna, og så fann han kista og tok ho med seg opp.

Då han kom heim til kona om middagen, sa han: "Eg undrast på kva det kan vere for noko i denne kista. Ho kom farande ned på vasshjulet gjennom renna og stansa kverna for meg i dag."

"Det skal vi snart få vite", sa kona. "Nøkkelen står jo i. Lat berre opp."

Då dei lét opp, låg der det vakraste barnet ein kunne sjå. Dei blei glade og ville behalde guten, for sjølve hadde dei ingen barn. Og så langt oppi åra var dei at dei heller ikkje kunne vente å få nokon meir.

Då det no lei noka tid, tok Per Kremmar igjen til å undrast om det ikkje ville komme friarar til dotter hans, som var så rik og hadde mange pengar. Men det kom ingen, og så reiste han til stjernekikarane att og baud dei mange pengar dersom dei kunne seie han kva dotter hans skulle få til mann.

"Vi har jo sagt deg at ho skulle få den møllarguten der nede", sa stjernekikarane.

"Ja, det er godt og vel nok", sa Per Kremmar, "men han er det gått gale med, så han er kommen av dage. Kunne eg få vite kven dotter mi skal ha til mann, så ville eg gjerne gi to hundre dalar."

Stjernekikarane såg på stjernene att, men så blei dei sinte og sa: "Ho skal likevel ha den møllarguten du sette ut i elva og ville gjere ende på, for han lever enno og er i den kverna som ligg så og så langt nedanfor."

Per Kremmar gav dei to hundre dalar for spådommen, og tenkte på om det ikkje skulle vere råd til å bli av med den møllarguten.

Det første Per Kremmar gjorde då han kom heim, var å reise ned til kverna. Då var guten så stor at han hadde blitt konfirmert. Han gjekk i kverna og hjelpte til. Ein vakker gut var det blitt av han.

"Kunne du ikkje la meg få den guten, du?" sa Per Kremmar til møllaren.

"Nei, det kan eg ikkje", svarte han. "Eg har fostra han opp som min eigen, og han har skikka seg vel. Så no kan eg ha hjelp og nytte av han i kverna, for sjølv tar eg til å bli gammal og skrøpeleg."

"Ja, slik går det meg også", sa Per Kremmar, "og derfor ville eg gjerne ha éin å lære opp til å handle. Vil du la meg få han, skal eg gi deg seks hundre dalar. Så kunne du kjøpe deg ein gard og leve i ro og fred på dine gamle dagar."

Ja, då møllaren høyrde det, lét han Per Kremmar få guten.

Dei to reiste no vidt omkring med kram og handla, til dei kom til ein gjestgivarstad som låg ved kanten av ein stor skog. Derifrå sende Per guten heim med eit brev til kona si – for beint over skogen var det ikkje langt – og bad han seie til ho at ho skulle gjere det som stod i brevet så snart som mogeleg. Men i brevet stod det at ho straks på timen skulle gjere opp ein stor varme og kaste møllarguten på han, og om ho ikkje gjorde det, skulle ho brennast levande sjølv.

Guten gjekk av stad med brevet, og då det lei mot kvelden, kom han til ein gard lang borti skogen. Der gjekk han inn. Folk fann han ikkje, men på eit rom der stod ei oppreidd seng, og den la han seg tvers over. Brevet hadde han sett under hattebandet sin, og hatten la han over ansiktet. Då røvarane kom heim – for på garden heldt det til tolv røvarar – og dei såg guten ligge på senga, undrast dei på kva han var for ein. Ein av dei tok brevet, braut det opp og las det.

"Hm, hm", sa han, "det er Per Kremmar som er ute. Men no skal vi gjere han eit puss, for det ville vere synd om den gamle skarven [4] skulle få gjort ende på slik ein vakker gut."

Så skreiv røvarane eit anna brev til kona og festa det under hattebandet mens guten sov. I det brevet skreiv dei at ho på augeblinken skulle halde bryllaup for dottera og møllarguten og gi dei hestar og fe og reiskap og sette dei i full veg [5] på den garden som han hadde oppunder åsen, og dersom det ikkje var gjort til han kom heim, så skulle ho komme til å unngjelde for det.

Den andre dagen lét røvarane guten gå, og då han kom heim og gav ho brevet, sa han at han skulle helse frå Per Kremmar og seie at ho skulle gjere som det stod i brevet, og det på flygande flekken. "Du må ha tent han som ein grei gut, sidan han kan skrive slik no", sa kremmarkona til møllarguten, "for den gongen de reiste, var han så sinna på deg at han ikkje visste korleis han skulle få livet av deg." Ho laga då til bryllaup og sette dei i veg med hestar og fe og all slags reiskap på garden oppunder åsen.

Ikkje lenge etter kom Per Kremmar heim att, og det første han spurde om, var om ho hadde gjort det han hadde skrive i brevet.

"Ja, eg syntest nok det var rart, men eg torde ikkje anna", sa ho.

Så spurde Per kor dottera var.

"Du kan vel vite kor ho er", sa kona. "Ho er jo hos han på garden oppunder åsen, slik som det stod i brevet."

Då Per Kremmar fekk høyre korleis det hang i hop og fekk sjå brevet, blei han så sint at han var ferdig til å fly i filler, og sette straks av stad opp på garden til ungfolka.

"Det er vel nok, guten min at du har fått dotter mi", sa han til møllarguten, "men vil du tenke på å behalde ho, må du gå til draken av Djupfart og skaffe meg tre fjør av stjerten på han, for den som har dei, kan få kva han vil."

"Kor skal eg finne han då?" sa mågen [6] hans.

"Det får du finne ut. Ikkje veit eg det", sa Per Kremmar.

Guten gav seg trøystig [7] på vegen, og då han hadde gått ei tid, kom han til ein kongsgard. Her får eg gå inn og spørje meg for, tenkte han, for slike folk er betre kjend i verda enn andre, kanskje eg her kunne få vite vegen.

Kongen spurde kor han var frå, og kva for ærend han reiste i.

"Eg skal til draken i Djupfart og ha tre fjør av stjerten på han, om eg berre kunne finne han", sa guten.

Det skulle lykke til, meinte kongen, "for eg har enno aldri høyrt at nokon har komme att frå han", sa han. "Men skulle du treffe han, så kunne du gjerne spørje han frå meg korfor eg ikkje kan få reint vatn i brønnen min, som eg har kasta opp [8] den eine gongen etter den andre, men aldri klarer å få reint vatn i."

"Ja, eg skal så gjere", sa guten.

På kongsgarden levde han vel, og fekk både niste og pengar då han reiste.

Om kvelden kom han til ein kongsgard att. Då han kom inn i kjøkkenet, kom kongen ut og spurde kor han var frå, og kva for ærend han reiste i.

"Eg skal til draken i Djupfart og ha tre fjør av stjerten på han", sa guten.

"Det skal nok lykke til det", sa kongen, "for enno har eg ikkje høyrt at nokon har komme att frå han. Men skulle du komme fram, så kan du gjerne spørje han frå meg kor dottera mi er, ho som blei borte for mange år sidan", sa han. "Eg har både leita og lyst etter [9] ho frå alle kyrkjer, men ingen har kunna seie meg noko om ho."

"Skal så gjere", sa guten.

På kongsgarden levde han godt og vel, og då han gjekk, fekk han både niste og pengar.

Då det lei på kvelden att, kom han til enda ein kongsgard. Her kom dronninga ut i kjøkkenet og spurde han kor han var frå og kva for ærend han reiste i.

"Eg skal til draken av Djupfart og ha tre fjør av stjerten på han", sa guten.

"Det skal nok lykke til det", sa dronninga, "for eg har aldri høyrt at nokon har komme att frå han. Men skulle du finne han, så kunne du gjerne spørje frå meg kor eg skal finne gullnøklane mine, som eg har mista."

"Eg skal så gjere", sa guten.

Då han hadde gått ei stund, kom han til ei stor, brei elv. Mens han stod og undrast på korleis han skulle komme over, eller om han skulle gå langs med, kom det ein gammal, krokrygga mann og spurde kor han skulle hen.

"Eg skal nok til draken av Djupfart, eg, om det var nokon som kunne seie meg kor eg kan finne han", svarte guten.

"Det kan eg nok seie deg", sa mannen, "for eg går her og set over [10] dei som skal til han. Han bur straks ovanfor her. Berre du kjem opp bakken, ser du slottet hans. Og får du snakke med han, så kunne du gjerne spørje han frå meg kor lenge eg skal gå her og sette over."

"Eg skal så", sa guten.

Mannen tok han på ryggen og bar han over elva. Då han var kommen opp på bakken, såg han slottet og gjekk inn. Der var kongsdottera aleine heime.

"Men kjære vene, tør folk komme hit?" sa ho. "Det har det ikkje vore her sidan eg kom, og det er nok best du ser å komme av stad att så fort du kan, for når draken kjem heim, så luktar han deg, og så sluker han deg med det same, og meg gjer du også ulykkeleg."

"Nei", sa guten, "eg kan ikkje gå før eg har fått tre fjør av stjerten på han."

"Det får du aldri", sa kongsdottera.

Men guten ville ikkje gå, han ville vente på draken og få fjørene av stjerten og svar på spørsmåla.

"Ja, sidan du er så strid på det, så får eg vel sjå om eg kan hjelpe deg", sa kongsdottera. "Prøv om du kan lyfte sverdet som heng på veggen der."

Nei, guten kunne ikkje rugge det ein gong.

"Ja, så får du ta deg ein slurk av denne flaska", sa kongsdottera.

Då guten hadde sete ei stund, skulle han prøve att. Då kunne han så vidt rugge det.

"Du får nok ta deg ein slurk til", sa kongsdottera, "og så får du seie meg ærendet ditt."

Han tok seg ein slurk, og så fortalde han at det var ein konge som hadde bedt han om å spørje draken korfor kongen ikkje kunne få reint vatn i brønnen sin. Frå ein annan skulle han spørje kor det var blitt av dottera hans, ei som var blitt borte for mange år sidan. Og for ei dronning skulle han spørje draken kor det var blitt av gullnøklane hennar. Og endeleg så skulle han spørje draken frå ferjemannen kor lenge han skulle gå der nede og sette over.

Då han tok tak i sverdet att, kunne han lyfte det. Og då han hadde fått seg ein slurk til, kunne han svinge det.

"Skal ikkje draken gjere ende på deg med det same, så får du krype under senga", sa kongsdottera då det lei mot kvelden, "for no kjem han snart heim. Der må du ligge så stille at han ikkje merkar deg. Når vi så har lagt oss, skal eg spørje han. Men då må du høyre godt etter og legge vel merke til kva han svarer. Og du må bli liggande under senga til alt er stilt og draken sovnar att. Kryp så sakte fram og ta sverdet med deg, og når han står opp, må du passe på å hogge hovudet av han med eitt hogg og med det same nappe dei tre fjørene; elles riv han dei av sjølv for at ingen skal ha godt av dei."

Ei stund etter at guten hadde krope under senga, kom draken heim. "Ho! her luktar mannebein!" sa draken.

"Å ja, det kom ein ramn flygande med eit mannebein i nebben og sette seg på taket", sa kongsdottera. "Det må vere det du kjenner lukta av."

"Ja så", sa draken.

Så sette kongsdottera fram maten, og då dei hadde ete, la dei seg. Men då dei hadde lege ei stund, sov ho så uroleg, og med eitt kvakk ho.

"Au då!" sa ho.

"Kva feilar deg?" sa draken.

"Å, eg søv så uroleg", sa kongsdottera, "og så hadde eg slik ein underleg draum."

"Kva drøymde du då?" sa draken.

"Eg syntest det kom ein konge her og spurde deg korleis han skulle bere seg åt for å få reint vatn i brønnen sin", sa kongsdottera.

"Å, det kunne han nok vite sjølv", sa draken. "Når han grev om brønnen og tar opp den gamle rotne stokken som ligg på botnen, så får han reint vatn att. Men ligg no berre roleg."

Då kongsdottera hadde lege litt, så blei ho så uroleg og tok til å kaste seg i senga, og så kvakk ho att. "Au då!"

"Kva er no på ferde igjen?" sa draken.

"Å, eg søv så uroleg, og så hadde eg slik ein underleg draum", sa kongsdottera.

"Det var då svare til drøyming på deg", sa draken. "Kva drøymde du no då?"

"Eg syntest det kom ein konge her og spurde deg kor det var blitt av dottera hans, ho som var blitt borte for mange år sida", sa kongsdottera.

"Det er du det", sa draken, "men deg får han aldri sjå meir. Men no bed eg deg at du lar meg ha nattero og ikkje ligg og drøymer meir, elles knekker eg sidebeina på deg."

Kongsdottera hadde ikkje lege lenge før ho tok til å bli uroleg att. Rett som det var så kvakk ho: "Au då!" sa ho.

"No, er det no slik att! Kva er det på ferde no då?" sa draken, så vill og søvngretten at han var nære på å fly i flint.

"Å, du må ikkje bli vond", sa kongsdottera, "men eg hadde slik ein underleg draum."

"Det var då endelaust til drøyming også! Kva drøymde du no då?" sa draken.

"Eg syntest det kom ei dronning hit, og ho spurde deg om du kunne seie ho kor ho skulle finne att gullnøklane sine som ho har mista."

"Å, ho kan sjå etter mellom buskene der ho bruker ligge og dra seg etter middagen, så finn ho dei", sa draken. "Men la meg no vere i fred for fleire draumar."

Så sov dei ei stund, men då tok kongsdottera til å bli så uroleg att, og rett som det var, så kvakk ho: "Au då!"

"Du blir nok ikkje bra før eg får knekt nakkebeinet på deg", sa draken. No var han så galen at gneistane spruta av han. "Kva er det på ferde no att då?"

"Å, du må slett ikkje vere arg på meg. Eg kan ikkje gjere for det", sa ho, "men eg hadde slik ein underleg draum."

"Det er då måte på [11] drøyming også", sa draken. "Kva drøymde du no då?"

"Eg syntest at ferjemannen ved sundstaden her nede kom og spurde kor lenge han skal gå der og sette over", sa kongsdottera.

"Det dumme beistet", sa dragen, "det kan han snart sleppe når det kjem ein som vil over, og ferjemannen kastar han ut i elva og seier: "Sett no du over til du blir avløyst!" Men la meg no ha ro for draumane dine, elles blir det ein annan dans."

Ja, så let kongsdottera han sove i fred. Men så snart det blei stilt og møllarguten berre høyrde draken snorke, kraup han fram. Før det var lyst, stod draken opp, men han var ikkje kommen med begge beina på golvet før guten hogde av hovudet og nappa tre fjør av stjerten på han. Då blei det stor glede, og både guten og kongsdottera tok så mykje gull og sølv og pengar og andre gilde ting som dei kunne få med. Og då dei kom til sundet, tulla dei ferjemannen så reint bort med alt det han fekk å bere over at han gløymde å spørje om kva draken hadde sagt, til alt i hop og guten og kongsdottera var over.

"Det var sant, du", sa han då dei skulle av stad, "spurde du draken om det som eg bad deg om?"

"Jaha", sa guten, "han sa at når det kjem ein som vil over, så skal du kaste han midt uti elva og seie: 'Set no du over til du blir avløyst', – så blir du fri."

"Å tvi vørde [12] deg", sa sundmannen. "Hadde du sagt det før, skulle du fått løyst meg av."

Då dei kom til den første kongsgarden, spurde dronninga om han hadde spurt draken om gullnøklane hennar.

"Ja", svarte guten og så kviskra han til dronninga: "Han sa du skulle leite mellom buskene der du bruker ligge og dra det etter middagen."

"Hysj, sei ingenting", sa dronninga og gav guten hundre dalar.

Då han kom til den andre kongsgarden, spurde kongen om han hadde snakka til draken om det han bad om.

"Ja", sa guten, "det gjorde eg, og her er dottera di."

Då blei kongen så glad at han gjerne hadde gitt møllarguten kongsdottera og halve riket. Men sidan guten var gift alt, så fekk han to hundre dalar og hestar og vogn, og så mykje gull og sølv som han kunne få med seg.

Då han no kom til den tredje kongsgarden, kom kongen ut og spurde om guten hadde spurt draken om det han bad om.

"Ja", svarte guten, "han sa du skulle kaste opp brønnen og ta opp den rotne, gamle stokken som ligg på botnen, så får du nok reint vatn."

Så gav kongen han tre hundre dalar.

Derifrå reiste han like heim, og han var så tilstasa med gull og sølv og så gild at det lyste og lava av han. No var han mykje rikare enn Per Kremmar. Då Per fekk fjørene, hadde han ikkje noko å seie imot giftarmålet. Men då han fekk sjå all rikdommen, blei han reint opp i under og spurde om det var slik velstand hos draken.

"Ja", sa guten, "det var mykje meir enn eg kunne få med. Det er så mykje at det blir mange hestelass, og dersom du vil reise dit, så er det visst nok til deg også."

Ja, Per Kremmar ville meir enn gjerne reise. Så sa svigersonen han vegen så vel at han slapp å spørje seg fram. "Men hestane", sa guten, "er det best du set att på denne sida av elva."

Per drog av garde, og stor niste tok han med seg og mange hestar. Men dei sette han etter seg ved elva, slik som guten hadde sagt. Så tok sundmannen han på ryggen, og då dei kom eit stykke uti, kasta mannen han midt uti elva og sa: "No kan du gå her og sette over til du blir avløyst!" Og har ingen løyst han av, så går Rike Per Kremmar der og set over den dag i dag.

Eventyr att-gitt

Ord

  1. kremmar: person som driv (land)handel, butikk; kramkar, handelskar, kjøpmann; person som reiser frå stad til stad og sel småvarer.
  2. kram: billege småvarer; lette handelsvarer. Kramkarar vandra somtid omkring for å selje slike varer.
  3. stjernekikar: person som studerer stjernehimmelen; astronom; dessutan babyar som blir født med nasen opp (medisinsk sjargong). Men her er det heller stjernetydar, astrolog, ein som set fram somt om farar og skjebnar til folk ut frå plasseringane til sol, måne, planetar og anna i forhold til bl.a. stjernehimmelen bakom.
  4. skarv: dårleg, upåliteleg menneske; kjeltring, rakkar, stakkar.
  5. sette andre i (full) veg: Uttrykket tyder lausleg noko sånt som "etablerte dei i leveveg (utveg mot armod)"; "fekk dei i gang på vegen til å livnære seg og sine."
  6. måg: svigerson, verson, mann til ei dotter.
  7. trøystig: frimodig, hugheil, tillitsfull, optimistisk.
  8. kaste opp (her:): grave opp.
  9. lyse etter: etterlyse. Den tida folk flest gjekk i kyrkje, blei kyrkjefolket no og då orientert om mangt ikkje-kyrkjeleg mens dei var samla utanfor kyrkja, så som auksjonar og anna å vite om. Embetsfolk stod fram og las opp kunngjeringar av ulike slag i slike høve. Lyse har også tydinga 'kunngjere offentleg'.
  10. sette over elva: frakte over elva.
  11. det får vere måte på! det får vere grenser! ("Nei, no er det nok!", "Nok!")
  12. tvi vør(d)e: eldre uttrykk for avsky: fy.

Notar

Håken Borkeskjegg

Det var ein gong ei kongsdotter som var så stolt og så kaut at ingen friar var god nok til ho. Ho heldt alle for narr og gav dei reisepass [1], den eine etter den andre. Men enda ho var så stor på det, så kom det alltid friarar til gards, for vakker var ho, det leie trollet [2].

Ein gong kom ein kongsson som heitte Håken og ville fri til ho. Men den første natta han var der, bad ho hoffnarren om å måle mulane til dei to hestane hans så låttelege som klovnefjes. Då kongssonen skulle ut og køyre den andre dagen, stod kongsdottera i svala [3] og såg på. "Nei, no har eg aldri sett maken heller!" sa ho. "Det ser ut som kjeftane til hestane dine gliser heilt opp til øyra på dei", og dermed slo ho opp latterdøra, sprang inn og lét han køyre sin veg.

Han reiste heim, men han tenkte med seg sjølv at ho skulle nok ha det att. Han sette på seg ein svart skjegg av lav [4], drog på ein vid skinnkjole og kledde seg ut som ein annan tiggar. Men hos ein gullsmed kjøpte han seg ein gullrokk, og dermed gjekk han av stad og sette seg ein morgon utanfor vindauget til kongsdottera til å file og stille på gullrokken. For rokken var ikkje heilt ferdig, og det var ingen oppstandarar [5] på han heller.

Då så kongsdottera kom til vindauget om morgonen, lét ho opp og ropte på han og spurde om han ville selje gullrokken sin.

"Nei, til sals er han ikkje", sa Håken Borkeskjegg, "men, får eg sove utanfor kammersdøra di i natt, så skal du få han."

Ja, det syntest kongsdottera var godt kjøp, og det kunne det ikkje vere noko fare med. Ho fekk rokken, og om kvelden la Håken Borkeskjegg seg utanfor kammersdøra hennar. Men då det lei utpå natta, kom det slik frost på han.

"Huttetuttetuttetu! Det er så kaldt at -. Slepp meg inn!" sa han.

"Hysj, hys, tei stilt!" sa kongsdottera. "Får far min høyre det er karfolk her, så blir eg reint ulykkeleg [6]."

"Å huttettuttetuttetu! eg frys mest i hel. La meg berre komme inn og få ligge på golvet", sa Håken Borkeskjegg.

Ja, det var ikkje anna råd, ho måtte sleppe han inn, og då han var kommen inn la han seg på golvet og sov nokså godt.

Ei stund etter kom Håken attende og hadde med seg oppstandarar til rokken. Så sette han seg utanfor vindauget til kongsdottera att og til å file på oppstandarane, for dei var heller ikkje heilt ferdige. Då ho høyrde han filte, lét ho opp vindauget og spurde kva det var han hadde der.

"Å, det er oppstandarane til den rokken kongsdottera kjøpte; for eg tenkte som så at sidan ho ville ha rokk, så kunne ho vel trenge til oppstandarar også", sa Håken.

"Kva skal du ha for dei då?" spurde kongsdottera.

Dei var ikkje til sals, dei heller, men fekk han lov til å ligge på golvet i kammerset til kongsdottera om natta, skulle ho få dei.

Ja, det skulle han få lov til, men ho bad han berre vere roleg, og ikkje gi seg til å fryse og seie huttetu.

Håken Borkeskjegg lovde nok godt, men då det lei på natta, tok han til å hutre og fryse og bere seg, og han bad om han ikkje fekk lov å legge seg framfor senga til kongsdottera. Det var inga råd for det – ho måtte gi han lov om ikkje kongen skulle høyre det. Håken Borkeskjegg la seg då på golvet framfor senga til kongsdottera og sov både godt og vel.

Så varte det ei god stund før Håken Borkeskjegg kom att, men då hadde han med seg ei garnvinde [7] av gull, og vinda sette han seg til å file på utanfor vindauga til kongsdottera om morgonen. Så gjekk det like eins. Då kongsdottera høyrde det, kom ho til vindauget og helste og spurde kva han skulle ha for garnvinda. "Ho er ikkje til sals for pengar, men får eg lov å ligge i kammerset ditt med hovudet på sengekanten i natt, så skal du få ho", sa Håken Borkeskjegg.

Ja, det kunne han nok, når han berre ville vere roleg og ikkje halde slik styr, sa kongsdottera. Og han lovde han skulle gjere sitt beste, men då det lei utpå natta, tok han til å skjelve og fryse så han hakka tenner.

"Huttetuttetuttetu, det er så kaldt! Å la meg få lov å komme opp i senga og varme meg litt!" sa Håken Borkeskjegg.

"Eg meiner du er galen, eg", sa kongsdottera.

"Huttetuttetuttetu, det er så kaldt! å la meg få lov å komme opp i senga! Huttetuttetuttetu!"

"Hysj, hysj! Tei stilt då!" sa kongsdottera. "Får far høyre det er karfolk her, så blir eg reint ulykkeleg. Eg trur visst han tar livet av meg med det same."

"Huttetuttetuttetu! Slepp meg opp i senga!" sa Håken Borkeskjegg og fraus så heile stua rista.

Det var ikkje noka råd for det. Ho måtte sleppe han opp i senga, og då sov han både godt og vel.

Men ei stund etter fekk kongsdottera eit lite barn, og kongen blei så vill at han nær hadde gjort ende både på ho og barnet. Då det lei om litt, kom Håken Borkeskjegg ranglande dit ein gong, som om det var tilfeldig, og sat ute i kjøkkenet som ein annan fattigmann.

Så kom kongsdottera ut og fekk sjå han: "Å gud bere meg for ulykke du har fått i stand!" sa ho. "Far min er ferdig til å fly i flint [8], så vill er han. La meg følge med heim til deg!"

"Du er nok for vel vant til å følge med meg", sa Håken. "Eg har ikkje anna enn ei barhytte å vere i. og korleis eg skal skaffe deg føda, det veit ikkje eg, For eg slit ille nok for å skaffe føda til meg sjølv."

"Ja, eg er like glad korleis du har det", sa kongsdottera. "La meg berre få vere med deg, for blir eg her lenger, trur eg far min tar livet av meg."

Ho fekk då lov til å følge med fanten, som ho kalla han, og dei gjekk både langt og lenge, og ho hadde det ikkje for godt på vegen. Til slutt kom dei ut av det landet og inn i eit anna rike. Så spurde kongsdottera kven som eigde det.

"Å, det er Håken Borkeskjegg det", sa han.

"Jaså", sa kongsdottera. "Eg kunne tatt han, eg, så hadde eg sleppt å gå her som ei fantefille [9]."

Alle dei gildaste slotta og skogane og gardane dei kom til, spurde ho om like eins. "Å det er hans Håken Borkeskjegg", sa fanten fleire gongar. Og kongsdottera gjekk og bar seg ille for det ho ikkje hadde tatt nokon som eigde så mykje.

Langt om lenge kom dei til ein kongsgard. Der sa han at han var kjend, og han meinte nok han skulle få arbeid til ho der så dei kunne få noko å leve av. Så sette han opp ei barhytte i kanten av skogen. Der skulle dei vere. Sjølv gjekk han til kongsgarden og hogde ved og bar vatn for kokka, sa han. Då han kom heim att, hadde han med seg nokre matsmular, men dei rakk ikkje langt.

Så var det ein dag han kom heim frå slottet. "I morgon skal eg bli heime og passe barnet. Men du får lage deg til å gå til slottet du", sa han, "for kongssonen sa du skulle komme og vere med og bake i omnen."

"Eg bake?" sa kongsdottera. "Eg kan ikkje bake, for det har eg aldri gjort."

"Ja, du får gå", sa Håken Borkeskjegg, "sidan han har sagt det. Kan du ikkje bake, så kan du vel lære. Du får sjå etter korleis dei andre gjer føre deg, og når du skal gå, får du stele med deg nokre brød til meg."

"Stele kan eg ikkje", sa kongsdottera.

"Du kan vel lære", sa Håken Borkeskjegg. "Du veit det er knapt med mat. Men pass deg vel for kongssonen, for han har auga med seg overalt."

Då ho vel var gått, sprang Håken ein beinveg og kom til slottet lenge før ho, og kasta filler og lavskjegget av seg og trekte på sine eigne klede.

Kongsdottera var med i baksten og gjorde som Håken hadde bedt ho, ho stal alle lommene sine fulle med brød. Då ho så skulle heim om kvelden, sa kongssonen: "Denne fantekjerringa kjenner vi ikkje noko til, så det er best å sjå etter om ho ikkje har tatt med seg noko."

Så fór han ned i alle lommene og grov og ransaka, og då han fann brøda, blei han sint og heldt fælt hus.

Ho gret og bar seg ille og sa: "Fanten bad meg om det, og så måtte eg gjere det."

"Ja, det burde gått deg ille", sa kongssonen, "men det er det same, for fanten si skuld skal det vere tilgitt deg."

Då ho vel var gått, kasta han av seg finkleda og drog på seg skinnkjolen, sette på lavskjegget og var før ho i barhytta, og då ho kom, heldt han på å stelle med barnet.

"Ja du har fått meg til å gjere det eg har angra", sa ho. "Det er første gongen eg har stole, og det bør bli siste også." Og så fortalde ho korleis det hadde gått, og kva kongssonen hadde sagt.

Nokre dagar etter kom Håken heim til barhytta ein kveld. "I morgon får eg bli heime og passe ungen", sa han, "for du skal vere med i slaktinga og lage pølse."

"Eg lage pølse?" sa kongsdottera. "Det kan eg ikkje. Eg har nok ete pølse, men laga pølse har eg aldri."

Ja, Håken sa ho måtte gå sidan kongssonen hadde sagt det. Ho fekk gjere som ho såg dei andre gjorde, og så bad han at ho skulle stele med seg nokre pølser til han.

"Nei, stele kan eg ikkje", sa ho, "du hugsar vel korleis det gjekk sist."

"Du kan lære å stele", sa Håken. "Det er ikkje sagt det går gale støtt."

Då ho vel var gått, sprang Håken Borkeskjegg beinstigen og kom lenge før ho til slottet, kasta skinnkjolen og lavskjegget av seg, og stod i kjøkkenet med prinseklede på då ho kom. Kongsdottera var med i slaktinga og laga pølser, og ho gjorde som Håken hadde sagt, og stappa lommene sine fulle.

Men då ho skulle gå heim om kvelden, sa kongssonen: "Denne fantekjerringa var jo langfingra [10] sist, så det er nok best å sjå etter om ho ikkje har tatt med seg noko", og til å leite og ransake i alle lommene hennar. Då han fann pølsene, blei han sint att og heldt stygt hus og truga med å sette ho til lensmannen.

"Å, å, la meg sleppe! Fanten bad meg om det", sa ho og gret og bar seg.

"Ja, det burde gått deg ille, men for fanten si skuld skal det vere tilgitt deg", sa Håken Borkeskjegg.

Då ho var gått, kasta han prinsekleda av seg, tok skinnkjolen på og sette på seg lavskjegget og sprang beinstigen, og då ho kom heim, var han alt kommen i førevegen. Ho fortalde korleis det var gått, og det skulle vere siste gongen han fekk ho til slikt.

Ei stund etter hadde mannen vore i kongsgarden att. "No skal kongssonen vår ha bryllaup", sa han, då han kom heim om kvelden, "men brura er blitt sjuk, så skreddaren kan ikkje få tatt mål av ho til brurekjolen, og så vil kongssonen at du skal komme opp til kongsgarden og ta mål av deg i staden for ho, for han seier du liknar ho i vokster og alt. Men når du er målt, skal du ikkje gå; du kan bli ståande der og sjå på mens skreddaren skjer til. Sop så ned dei største stykka og ta med deg til ei topphue til meg."

"Nei, stele kan eg ikkje", sa ho, "og du hugsar nok korleis det gjekk sist."

"Du kan vel lære", sa Håken, "det er ikkje sagt det går gale no att."

Ho syntest det var gale, men ho gjekk og gjorde som han bad: Ho stod og såg på mens skreddaren skar til, og sopte ned dei største stykka og stakk dei i lomma.

Då ho skulle gå, sa kongssonen: "Vi får vel sjå etter om kjerringa ikkje har vore langfingra denne gongen også", og til å leite i alle lommene hennar. Då han fann tøystykka, blei han vill og tok til å skjelle og styre så det ikkje var nokon måte på det. Ho gret og bar seg ille og sa: "Å fanten bad meg om det, så måtte eg jo gjere det."

"Ja, det burde gått deg ille, men for fanten si skuld får det vel vere tilgitt deg", sa Håken Borkeskjegg.

Og så gjekk det som dei førre gongane – då ho kom heim i barhytta, var Håken der også. "Å hjelpe meg!" sa ho, "eg blir nok ulykkeleg for di skuld til sist, for du vil ikkje ha meg til anna enn det som er gale. Kongssonen var så vill og arg at han truga både med lensmann og fengsel."

Ei stund etter kom Håken heim ein kveld. "No vil kongssonen du skal komme til slottet og stå brur", sa han, "for brura hans er sjuk og sengeliggande enno. Men bryllaup vil han halde, og du er så lik ho at ingen kjenner dykk frå kvarandre. I morgon får du lage deg til å gå til slottet."

"Eg meiner de er frå vett og samling, både du og kongssonen", sa ho. "Synest du eg ser ut slik at eg kan stå brur? Inga fantekjerring kan då sjå verre ut enn eg."

Det var ikkje noka råd for det, ho måtte gå, og då ho kom til kongsgarden, blei ho så pynta og tilstasa at inga kongsdotter kunne vore gildare. Dei reiste til kyrkja og ho stod brur, og då dei kom heim att, var det dans og lystigheit på slottet. Men rett som ho var midt i dansen med kongssonen, fekk ho sjå eit skin gjennom vindauget, og så såg ho at barhytta stod i lys loge [11].

"Å nei! Fanten og barnet og barhytta då!" skreik ho og var dåneferdig.

"Her er fanten, og der er barnet, og la så barhytta brenne!" sa Håken Borkeskjegg. Og så kjende ho han att. Då først blei det retteleg moro og glede. Men sidan har eg verken høyrt eller spurt [12] dei.

Eventyr att-gitt

Ord

  1. reisepass (her): (lite vennleg) avskil.
  2. troll (her): vond, slem, lei, uskikkeleg eller vrang skapning (menneske eller dyr).
  3. sval: gang, utbygg på sida av eller rundt (eldre) hus.
  4. lav: plante som er bygd opp av ein sopp og ein alge som lever i lag i eit samliv som gagnar begge partar (symbiose).
  5. oppstandar: loddrett stokk, loddredd stolpe, stø i ein trekonstruksjon.
  6. bli ulykkeleg (her): komme i vanskar eller i ulykke; bli fortvilt.
  7. garnvinde: stativ til å vinde opp garn til hesper på eller til å nyste opp hesper frå.
  8. fly i flint: sprekke av sinne.
  9. fantefille: fantejente, fantetaus o.a.
  10. langfingra: med "lange fingrar"; tjuvaktig.
  11. i lys loge: i brann; i fyr og flamme.
  12. høyrt eller spurt: høyrt om og fått greie på, o.a.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]