Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Mumle Gåsegg

Otto Sindings Mumle Gåsegg, fargelagt av TK

Det var ein gong fem koner som gjekk på ein åker og skar korn. Alle var dei barnlause, og alle ønskte dei at dei hadde eit barn. Rett som det var, fekk dei sjå eit urimeleg stort gåsegg, nesten så stort som eit mannshovud.

"Eg såg det først", sa den eine.

"Eg såg det likså tidleg som du", skreik den andre.

"Jaftin vil eg ha det, for eg var den første som såg det", svor den tredje. Slik dreiv dei på, og blei så usams om egget at dei nesten ville i luggen på kvarandre.

Men så blei dei forlikte om at dei skulle eige det saman alle fem, og så skulle dei legge seg på det som gåsa gjer, og klekke ut gåsungen. Den første blei liggande i åtte dagar og ruga og lata seg og gjorde ingen ting. Imens måtte dei andre træle for føda både til seg og henne. Det tok ei av dei til å gi henne fantord for.

"Du kom ikkje ut av egget før du kunne pipe, du heller", sa ho som låg og ruga. "Men dette trur eg det snarare blir folk av, for eg synest det mumlar "Sild og velling, graut og mjølk" inni det alt i eitt", sa ho. "No kan du ligge i åtte dagar, så skal vi bytast om å slepe føda i deg."

Då den femte også hadde lege i åtte dagar, høyrde ho tydeleg det var ein unge inni egget, ein som skreik på "sild og velling og graut og mjølk", og så pikka ho hol på det. Men i staden for ein gåsunge kom det ut ein folkeunge. Fælsleg stygg var han, med stort hovud og liten skrott, og det første han skreik på då han kom ut, var "sild og velling og graut og mjølk". Så kalla dei han Mumle Gåsegg.

Så stygg som han var, så var dei enda glade i han i førstninga. Men det varte ikkje lenge før han blei så grådig at han åt opp all den maten dei hadde. Når dei kokte seg eit vellingfat eller ei grautgryte som dei tenkte dei skulle ha nok av alle seks, så kvelva ungen det i seg alt i hop. Så ville dei ikkje ha han lenger. "Eg har ikkje kjent meg mett noko måltid sidan denne bytingen kraup ut av eggeskalet", sa ein av dei. Då Mumle Gåsegg høyrde at dei andre samstemde i dette, sa han han kunne gjerne reise sin veg. Trong ikkje dei til han, så trong ikkje han til dei. Dermed strauk han av garde.

Langt om lenge kom han til ein bondegard som låg i eit steinlende, og spurde etter teneste. Der trong dei til ein arbeidskar, og kallen sette han til å sanke stein av åkeren. Ja, Mumle Gåsegg henta stein av åkeren, og tok dei så store at det var mange hestelass i dei, og enten det var stort eller smått, så stakk han det i lomma si. Det varte ikkje lenge før han var ferdig med det arbeidet, og så ville han vite kva han skulle gjere meir.

"Du får plukke ut den steinen av åkeren", sa mannen. "Du kan då ikkje vere ferdig før du tar til, veit eg."

Men Mumle Gåsegg tømde lommene sine og kasta steinen i ein haug. Då fekk kallen sjå at han var ferdig med arbeidet, og skjønte han fekk vere vâr med han som var så sterk. Han fekk komme inn og få seg mat, sa han. Det meinte Mumle Gåsegg også, og han åt aleine det som var laga til husbondsfolk og tenarar, og enda var han ikkje halvmett.

Det var kar til arbeidsmann, men det var farleg kar til å ete også, for det var ingen botn i han, meinte bonden. "Slik ein arbeidsmann kunne ete ein stakkars bonde frå gard og grunn før ein visste ordet av det", sa han. Bonden hadde ikkje meir arbeid til han; det var best han gjekk til kongsgarden.

Mumle Gåsegg strauk til kongen, og fekk teneste med éin gong; i kongsgarden var det nok med mat og arbeid. Han skulle vere visargut og hjelpe jentene å bere ved og vatn og gjere anna småarbeid.

Så spurde han kva han skulle gjere først. Han fekk ta seg til å knerte [1] litt ved så lenge, sa dei.

Ja, Mumle Gåsegg til å knerte og hogge så flisene spraka omkring han. Det varte ikkje lenge før han hadde hogt opp alt som var der, både av vedfang [2] og tømmer, både sagstokkar og emningsved [3]. Då han var ferdig med det, kom han og spurde kva han skulle ta til med no.

"Du kan hogge frå deg veden no", sa dei.

"Det er ikkje meir å hogge av", sa Mumle Gåsegg.

Den var uråd, meinte gardsfuten, og så ut i skålen [4]. Men jo, Mumle Gåsegg hadde hogt opp alt i hop. Det var blitt ved både av sagstokkar og langtømmer. Dette var harmeleg, syntest gardsfuten, og sa at Mumle ikkje skulle få smake mat før han hadde vore til skogs og hogt likså mykje tømmer som det han hadde flisa opp til ved.

Mumle Gåsegg til smia og fekk smeden til å hjelpe seg å lage øks av tre hundre kilo jern. Så fór han til tømmerskogen og tok til å snauhogge. Det strauk med både bjelkegraner og mastefurer, alt han fann, både på teigen til kongen og på granneteigen. Han verken kvista eller toppa, så det blei liggande som etter eit vindfall. Så la han eit dugleg lass på sleden og sette alle hestane føre. Men dei kom ikkje av flekken med det lasset, og då han tok dei i hovudet og ville få det på glid, drog han hovuda av. Så velta han hestane ut av skjækene [5] oppi marka og drog fram lasset aleine.

Då han kom fram til kongsgarden, stod kongen og tømmerfuten hans i svala [6] og skulle ta imot han fordi han hadde fare så ille med skogen - tømmerfuten hadde vore borti der og sett på det. Men då Mumle Gåsegg kom dragande heim med halve tømmerskogen, blei kongen både arg og redd, og så tenkte han han fekk vel fare varleg med han, sidan han var så sterk.

"Det var ovleg til arbeidsmann", sa kongen, "men kor mykje et du om gongen? For no er du vel svolten", sa han.

Når han skulle ha ein dugleg graut, gjekk det med tolv tønner mjøl, sa Mumle Gåsegg, men når han hadde fått grauten til livs, kunne han gå utan mat ei god stund også.

Det tok tid å få kokt slik ein graut, og imens skulle han dra inn litt ved til kokka. Han la heile vedhaugen på ein slede, men då han skulle gjennom døra med sleden, var han uvørden igjen. Huset kom så reint av lage at det gav seg i alle laft, så nær var det at han hadde dratt heile kongsgarden over ende. Då det lei til at maten var ferdig, sende dei han ut til å rope inn folka. Han ropte så det svarte i alle berg og åsar. Men dei kom ikkje fort nok, tykte han. Så blei han usams med dei og slo i hel tolv.

"Han slo i hel tolv", sa kongen, "og han et for mange gongar tolv, men kor mange arbeider du for?"

"Det er for mange gongar tolv det", sa Mumle.

Då han hadde fått mat, skulle han på låven og treske. Så tok han unna mønsåsen [7] og gjorde slagvol [8] av, og då taket ville til å falle ned av dette, tok han ei stor bjelkegran, så kvista som ho var, og sette til mønsås. Så treskte han lo og halm og høy om kvarandre. Det gjekk på skade [9], for agnene [10] fauk omkring i hop, og det stod som ei sky over heile kongsgarden.

Då han nesten hadde gjort frå seg treskinga, kom det fiendar i landet. Det skulle bli krig. Så sa kongen til han at han fekk ta folk med seg, reise i vegen og ta imot fienden og krige, for kongen tenkte dei slo han vel i hel. Nei, folk ville han ikkje skulle tynast, han ville slåst aleine han, sa Mumle Gåsegg.

Dess betre er det, dess før blir eg kvitt han, tenkte kongen.

Men ei drabeleg klubbe måtte Mumle ha. Dei sende bod til smeden; han smidde ei på nitti kilo. Ho kunne vere bra til å knekke nøtter med, sa Mumle Gåsegg. Så smidde han ei på tre hundre kilo. Ho kunne vere god til å plugge sko med, sa Mumle. Ja, større kunne ikkje smeden smi ho med folka sine. Så la han til å smi sjølv, Mumle Gåsegg, og laga ei klubbe på nær to og eit halvt tonn, og den måtte det hundre mann til å vende på staden. Den klubba syntest Mumle Gåsegg kunne gjere det til nød. Så måtte han han ein ryggsekk til nista. Sekken laga dei av femten oksehuder og stappa han full av mat. Så lakka Mumle Gåsegg nedover bakken med sekken på ryggen og klubba på nakken.

Då han kom så langt at krigsfolka fekk sjå han, sende dei ut éin som spurde om han ville ta imot dei.

"Vent berre til eg får ete", sa Mumle Gåsegg, og slengde seg i bakken og sette seg til å ete bak den store matskreppa.

Men dei kunne ikkje vente, dei gav seg til å skyte på han med éin gong, så det både regna og hagla med riflekuler.

"Desse krekebæra bryr eg meg ikkje om", sa Mumle Gåsegg, og la til å ete enda meir. Det beit verken bly eller jern på han, og matskreppa stod framfor han og tok av for kulene som ein heil voll.

Så tok dei til å kaste bomber og skyte med kanonar. Han grein litt for kvar trykk han fekk.

"Å eg lir ikkje nød", sa han. Men så fekk han ei bombe i vrangstrupen.

"Tvi!" sa han og spytta ho ut att, og så kom det ei lenkekule og gjorde veg i smøreska, og ein anna tok matbiten bort mellom fingrane på han.

Då blei han arg, reiste seg, tok storklubba og slo i bakken, og spurde om dei ville ta maten ut av munnen på han med blåbæra som dei bles ut av dei grove pusterøra. Han slo nokre slag til så det ramla i berg og åsar, og fienden spratt til vêrs som agner, og så var det over med den krigen.

Då han kom heim att og ville ha meir arbeid, blei kongen reint ille ved, for no tenkte han at han skulle ha vore kvitt han. Han visste inga anna råd enn å sende han til helvete.

"Du får fare til Gamle-Eirik og krevje landskylda [11]", sa han. Mumle Gåsegg av garde, med sekken på ryggen og klubba på nakken. Han var ikkje lenge om vegen, men då han kom fram, var Gamle-Eirik på overhøyring [12]. Det var ingen annan heime enn mor hans, og ho sa ho aldri hadde høyrt tale om noka landskyld; han fekk komme att ein annan gong.

Det meinte han skulle bli løgn. Hadde han komme dit, fekk han bli der, og landskylda skulle han ha med, han hadde tid til å vente. Men då han hadde ete opp nista si, blei tida lang for han, og så kravde han landskylda av gamlemor att, og sa at no skulle ho ut med skylda.

Nei, det ville ho ikkje; det stod fast som gamlefura, sa ho, og den fura stod utanfor porten til helvete og var så stor at femten mann kunne knapt femne om ho. Men Mumle fór opp i toppen på ho og snodde og vrei ho som ein vidjekvist, og spurde om gamlemora ikkje ville betale landskylda no.

Jo, så torde ho ikkje anna, og fann i hop så mange skillingar som han trudde seg til å bere i den store ryggsekken. Så fór han på heimvegen med landskylda. Straks han hadde reist, kom Gamle-Eirik heim. Då han høyrde at Mumle hadde stroke av garde med ryggsekken full av pengar, sette hanetter han og skulle ta han på spranget. Og han kom innpå han også, for han rende utan noko å bere og med vengar iblant, og Mumle måtte halde seg på marka med den tunge ryggsekken sin. Men då Gamle-Eirik var i hælane på han, tok Mumle til å hoppe og springe det beste han orka, og då heldt han klubba bak for å verje seg mot fanden. Mumle heldt i skaftet og Gamle-Eirik kava etter klubba. Slik gjekk det like til dei kom til ein djup dal. Der sprang Mumle frå den eine bergtoppen over på den andre, og Gamle-Eirik var så heit til å sette etter at han rende like imot klubba og datt ned i dalen og braut av den eine foten sin. Der låg han.

"Der har du landskylda", sa Mumle Gåsegg då han kom til kongsgarden og slengde pengesekken bort til kongen så det braka i svala.

Kongen takka og let vel og lovde han både god lønn og heimpass om han ville ha det, men Mumle Gåsegg ville berre ha meir arbeid.

"Kva skal eg gjere no?" sa han.

Ja, då kongen fekk tenkt seg om, så sa han at han fekk reise til bergtrollet som hadde tatt bestefarssverdet hans, på det slottet han hadde ved sjøen, dit ingen torde komme.

Mumle fekk med seg nokre nistelass i storskreppa, og fór i vegen att, og han gjekk både langt og lenge, over skog og fjell og ville heier, til han kom til nokre store berg. Der skulle det vere, trollet som hadde tatt bestefarssverdet til kongen.

Men trollet var ikkje under bar himmel, og berga var lukka, så Mumle var ikkje kar for å komme inn.

Så gav han seg i følge med nokre steinbrytarar som heldt til på ein fjellgard og låg og braut stein oppi desse berga. Slik hjelp hadde dei aldri hatt, for han braut og slo i fjellet så berga rivna og storsteinen velta utover som hus. Men då han skulle kvile til middag og ta til å ete frå det eine matlasset, så var det oppete alt saman.

"Eg bruker å ha god mathug sjølv", sa Mumle, "men han som har vore her, er verre til å ete, for han har ete bein også", sa han.

Slik gjekk det den første dagen, og det gjekk ikkje betre den andre. Den tredje dagen la han i vegen og skulle bryte berg att. Han tok med det tredje matlasset, men la han seg bak det, liksom han sov.

Rett som det var, kom eit troll med sju hovud ut av berget. Det gav seg til å smatte og ete på maten hans.

"No er det laga til, no skal eg ete", sa trollet.

"Det skal vi då rå med!" sa Mumle og slo med klubba så hovuda trilla av det.

Så gjekk han inn i berget som trollet var komme ut av, og der inne stod ein hest og åt av ei tønne med gloande eldmørje, og bak hesten stod det ei havretønne.

"Korfor et du ikkje av havretønna?" sa Mumle Gåsegg.

"Fordi eg ikkje er god for å snu meg", sa hesten.

"Eg skal nok snu deg", sa Mumle.

"Slit heller av meg hovudet", sa hesten.

Så gjorde han det, og då blei hesten til ein vakker kar. Han sa han var bergtatt [13] og omskapt til ein hest av trollet. No hjelpte han Mumle å finne sverdet som trollet hadde gøymt på sengebotnen. Oppi senga låg gamlemor til trollet og snorksov.

Heim att for dei vassvegen, og då dei var komne utpå, kom gamla etter. Ho kunne ikkje nå dei, så gav ho seg til å drikke. Ho drakk så det blei fjøre i sjøen, men havet klarte ho ikkje å drikke opp, og så sprakk ho.

Då dei kom til lands, sende Mumle Gåsegg bod om at kongen skulle hente sverdet. Han sende fire hestar. Nei dei rugga det ikkje. Han sende åtte og han sende tolv, men sverdet blei der det var. Dei orka ikkje å flytte det av flekken. Men Mumle Gåsegg tok det aleine og bar det fram.

Kongen trudde ikkje sine eigne auge då han såg Mumle att, men han lét vel og lovde både gull og grøne skogar. Og då Mumle ville ha meir arbeid, sa han han fekk reise ut til trollslottet han hadde, det som ingen torde vere på. Der fekk Mumle ligge til han hadde bygt bru over sundet så folk kunne komme fram dit. Var han god for det, skulle kongen lønne Mumle vel, ja gjerne gi han dottera si, sa han.

Ja, det skulle han vere god for, meinte Mumle Gåsegg.

Slikt hadde aldri nokon komme frå med livet. Dei som nådde så langt at dei kom fram, låg der både drepne og plukka så små som gryn, og kongen tenkte han aldri skulle sjå han meir når han fekk han dit.

Men Mumle la i vegen. Han tok med seg nisteskreppa og ein passeleg vrang og vrien furekubbe, ei telgeøks [14] , ein blei [15] og nokre feitvedstikker.

Då han kom til sundet, gjekk elva full av is og var så strid som ein foss. Men han sette beina i botnen og vassa fram så han kom over til sist.

Då han hadde varma og matstelt seg, ville han sove. Men det varte ikkje lenge før det blei slik brak og larm som dei skulle snudd opp ned på heile slottet. Døra fór opp på vid vegg, og han såg ikkje anna enn ein gapande kjeft frå dørstokken opp til dørbjelken.

"La meg så sjå kva du er for ein, kanskje det er kjentfolk?" sa Mumle.

Det var det, for det var Gamle-Eirik som var ute. Dei tok til å spele kort. Fanden ville vel prøve å tene att noko av den landskylda Mumle hadde truga av mor hans då han gjekk med krav for kongen. Men korleis det gjekk, så var Mumle den som vant, for han hadde sett kross på dei beste korta. Då Mumle hadde vunne av Gamle-Eirik alt det han hadde på seg, måtte Gamle-Eirik gi han av det gullet og sølvet som var på slottet.

Rett som det var, gjekk varmen ut for dei så dei ikkje kunne skilje korta frå kvarandre. "No får vi hogge ved", sa Mumle, og hogde telgeøksa i furekubben og dreiv inn bleien. Men vriompeisen var vrang og ville ikkje klovne straks, enda Mumle bende og braut med øksa.

"Dei seier du skal vere sterk", sa han til Gamle-Eirik. "Spytt i neven, hogg klørne i, bend og bryt og la meg sjå kva du duger til!" sa han.

Eirik gjorde så, og fór i sprekken med begge nevane og braut alt han orka, men med det same slo Mumle Gåsegg ut bleien. Så sat Gamle-Eirik i klemma. Sidan prøvde Mumle øksehammaren på ryggen hans. Gamle-Eirik bad både tynt og vakkert at han skulle sleppe laus, men det øyret ville ikkje Mumle Gåsegg høyre på før Eirik lovde han aldri skulle komme dit og gjere ugagn meir. Og så måtte han love at han skulle bygge bru over sundet så folk kunne fare over til alle årstider, og ho skulle vere ferdig når isen var gått.

"Det var hardt", sa Gamle-Eirik.

Men det var inga anna råd. Ville han laus, måtte han love det. Så slapp han laus og fór heim. Men Mumle Gåsegg la seg til å sove på det, og han sov til lang utpå dagen.

Då kongen kom og skulle sjå om han var hakka eller om dei berre hadde småplukka han, måtte han vasse i pengar før han kom fram til senga. Dei låg i dynger og sekkar til langt opp på veggen, og i senga låg Mumle og snorksov.

"Gud hjelpe både meg og dotter mi", sa han, då han skjønte Mumle var lys levande. Jo, allting var godt og vel gjort, det kunne ingen nekte. Men det var ikkje verdt å tale om bryllaup før brua var ferdig, sa kongen.

Ein dag stod brua der fullt ferdig, og Gamle-Eirik stod på ho og trampa for å vise kor sterk ho var. Mumle Gåsegg ville ha kongen med seg og prøve brua, men det hadde kongen ingen hug til. No ville han heim. Det ville Gamle-Eirik også. "Du skal ikkje få meg i klemme til", ropte han, og dermed flaug han like heim til gamlemor si. Sidan har han verken vore høyrd eller spurt, stort sett.

Men Mumle Gåsegg fór heim til kongsgarden og ville ha lønna kongen hadde lovt han, og då kongen vrei seg for å gi han det og ville gå frå det han hadde lovt, sa Mumle at det var best at kongen laga seg ei dyktig nisteskreppe, så ville Mumle ta lønn sjølv. Ja, det gjorde kongen. Då skreppa var i stand, tok Mumle kongen ut på tråkka og gav han ein ordentleg trykk såg han fór til vers. Nisteskreppa kasta han etter han så han ikkje skulle vere matlaus, og er han ikkje kommen ned att, så svever han der med matskreppa den dag i dag.

[Handlingsgangen i eventyret er lett forenkla mot slutten. TK]

Eventyr att-gitt

Ord

  1. knerte: hogge kjapt og smått.
  2. vedfang: så mye ved som ein kan bere i eller på armane.
  3. emningsved: emnetre (emning: førebuing, påbyrjing, utforming).
  4. vedskåle: skåle: ope hus.
  5. skåk: kvar av dei to stengene mellom hesteselen og vogna, sleden, plogen eller liknande.
  6. sval: gang, utbygg på sida av eller rundt (eldre) hus.
  7. mønsås: øvste takbjelken under mønet.
  8. slagvol: stutt og kraftig stokk som er del av ein treskjereiskap samansett av handvol og slagvol festa i hop med eit tøyeleg materiale.
  9. gå på skade: føre til skade, bli til skade (o.a.)
  10. agn (på korn): dekkblad rundt småaks.
  11. landskyld: før: årleg avgift som leiglendingar betalte til jordeigaren for bygsla jord.
  12. overhøyring: samtale som presten har med konfirmantflokken under ei gudsteneste før konfirmasjonen.
  13. bergtatt: i folketrua: lokka inn i berget; overført: hugtatt, dåra, fjetra, klumsa, og verre.
  14. telgeøks: øks til å hogge, skjere til, spikke.
  15. blei: kile til å kløyve noko med.

Notar

Den sjuande faren i huset

Det var ein gong ein mann som var ute og ferdast. Så kom han langt om lenge til ein stor og vakker gard. Det var ein herregard så gild at han gjerne kunne ha vore eit lite slott.

"Her skal det bli godt å få kvile ut", sa mannen ved seg sjølv då han kom innanfor grinda. Tett ved stod ein gammal mann med grått hår og skjegg og hogde ved.

"God kveld, far", sa ferdamannen, "kan eg få overnatte her i natt?"

Gammalt gardshus på Trøllanes, Færøyene

"Eg er ikkje far i huset", sa gamlingen. "Gå inn i kjøkkenet og snakk til faren min!"

Ferdamannen gjekk inn i kjøkkenet. Der trefte han ein mann som var enda eldre, og han låg på kne framfor peisen og bles på varmen.

"God kveld, far, får eg låne hus i natt?" sa ferdamannen.

"Eg er ikkje far i huset", sa den gamle, "men gå inn og snakk til faren min. Han sit ved bordet i stua."

Så gjekk ferdamannen inn i stua og snakka til han som sat ved bordet; han var mykje eldre enn begge dei andre. Han sat og hakka tenner, rista og skalv, og las i ei stor bok nesten som eit lite barn.

"God kveld, far, vil De låne meg hus i natt?" sa mannen.

"Eg er ikkje far i huset, men snakk til faren min, han som sit i benken [1]", sa mannen som sat ved bordet og hakka tenner og rista og skalv.

Så gjekk ferdamannen til han som sat i benken, og han heldt på og skulle få seg ei pipe tobakk. Men han var så samankropen og rista slik på hendene at han nesten ikkje kunne halde på pipa.

"God kveld, far", sa ferdamannen igjen. "Kan eg få bu her i natt?"

"Eg er ikkje far i huset", svarte den gamle samankropne kallen [2], "men snakk til faren min, som ligg i senga."

Ferdamannen gjekk til senga, og der låg ein gammal, gammal kall som det ikkje var noko anna levande å sjå på enn eit par store auge.

"God kveld, far, kan eg få låne hus i natt?" sa ferdamannen.

"Eg er ikkje far i huset, men snakk til faren min, som ligg i vogga", sa kallen med dei store auga.

Ja, ferdamannen gjekk til vogga. Der låg ein eldgammal kall, så samankropen at han ikkje var større enn eit spedbarn, og mannen kunne ikkje skjøne at det var liv på anna enn at det lét i halsen på han imellom.

"God kveld, far, kan eg få overnatte her?" sa mannen.

Det varte lenge før han fekk svar, og enda lenger før kallen blei ferdig med det. Han sa, han som dei andre, at han var ikkje far i huset, "men snakk til faren min, han heng i hornet på veggen."

Ferdamannen glante oppover veggane, og til sist fekk han auge på hornet også. Men då han såg etter han som hang i det, var han ikkje annleis å sjå til enn ei hinne som likna eit menneskeansikt.

Då blei han så fælen at han skreik høgt: "God kveld, far! Vil De låne meg hus i natt?"

Det peip oppe i hornet som ei lita talgmeis, og det var ikkje meir enn så han kunne skjøne at det skulle vere det same som: "Ja, barnet mitt!"

Og no kom det inn eit bord som var dekt med dei kostelegaste rettar og med øl og brennevin. Og då han hadde ete og drukke, kom det inn ei god seng med reinkalvs-feller, og ferdamannen var nokså glad for at han langt om lenge hadde funne den rette faren i huset.

Ord

  1. benk: langt og etter måten smalt møbel til å sitte eller ligge på; sengebenk, benk til å sove i, o.a.
  2. kall: eldre mann, gubbe, mann.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2007–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]