Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Ei friarhistorie

Det var ein gong ein gut som skulle ut og fri. Blant andre stadar kom han også til ein gard der folka sat i berre armoda. Men då friaren kom, ville dei saktens verke velståande.

Mannen hadde fått ei ny erm i trøya si. "Sit ned!" sa han til friaren, "men det er då så støvete allstad!" Og så gjekk han og gnei og tørka på benkar og bord med det nye ermet sin. Den andre armen heldt han på ryggen.

Kona hadde fått ein ny sko. Med den gjekk ho og spente og sparka på allting, krakkar og stolar. "Her ligg så mykje i vegen, det er så uryddig her!" sa ho.

Så ropte dei på dottera at ho skulle komme og rydde opp. Ho hadde fått ny hue, og derfor sette ho hovudet inn gjennom døra og nikka hit og dit. "Eg kan då ikkje vere allstad, eg heller!" sa ho.

Notar

Giske

Det var ein gong ein enkemann. Han hadde ei hushalderske som heitte Giske. Ho ville gjerne ha han, og hang over han støtt og stadig for at han skulle gifte seg med ho. Men til sist blei mannen så kei av det at han ikkje visste kva han skulle gjere for å bli kvitt ho.

Så var det mellom slåtten og skurden [1] då hampen var moden og dei skulle til å røske [2] hamp. Giske meinte no støtt ho var så vakker, ferm [3] og flink, og røska hamp til ho blei ør i hovudet av den sterke lukta og stupte over ende og blei liggande og sove i hampåkeren. Mens ho sov, kom mannen med ei saks og klipte stakken av ho, og sidan smurde han ho inn, først med talg og så med pipesot, så ho såg verre ut enn hinmannen [4].

Då Giske vakna og såg kor fæl ho var, kjende ho ikkje att seg sjølv. "Kan det vere meg, dette då?" sa Giske. "Nei, meg kan det ikkje vere, for så fæl har eg då aldri vore. Det må vere fanden."

Men no ville ho vite korleis dette hang i hop, og så gjekk ho bort og lét opp døra hos husbonden sin og spurde: "Er Giske heime i dag, far?"

"Ja då, Giske er heime", sa mannen; han ville vere av med ho.

"Ja, så kan eg ikkje vere hans Giske, eg då", tenkte ho og sprang ustøtt av stad, og glad var han at han var kvitt ho.

Då ho hadde gått eit stykke, kom ho til ein stor skog. Der møtte ho to tjuvar. "Dei får eg gi meg i følge med", tenkte Giske. "Sidan eg er fanden sjølv, kan det vere høveleg for meg å vere i tjuvelag." Men tjuvane tenkte ikkje slikt, dei. Då dei fekk sjå Giske, la dei på sprang det fortaste dei kunne, for dei trudde den slemme sjølv var etter dei og ville ha dei. Men det hjelpte ikkje stort, for Giske var langbeint og rapp på foten, og ho var etter dei før dei visste ord av det.

"Skal de ut og stele, så vil eg vere med og hjelpe til", sa Giske, "for eg er vel kjent her i bygda."

Då tjuvane høyrde det, syntest dei det var godt følge, og var ikkje redde lenger. Dei skulle av stad og stele ein sau, sa dei, men visste ikkje kor dei skulle få fatt på ein.

"Å det er inga sak", sa Giske, "for eg har tent hos ein bonde bortpå skogen her i lang tid. Eg skulle gjerne finne sauehuset i kolmørke."

Den syntest tjuvane var gromt [5], og då dei kom dit, skulle Giske gå i sauehuset og lange ut, og dei skulle ta imot. Sauehuset stod tett innpå veggen til stua der mannen låg og sov, og Giske gjekk derfor nokså stilt og forsiktig inn i huset. Men då ho var kommen vel inn, så skreik ho ut til tjuvane: "Vil de ha bukk eller søye [6]? Her er nok å ta av!"

"Hysj, hysj! Ta berre ein som er bra feit!" sa tjuvane.

"Ja, men vil de ha bukk eller søye? Vil de ha bukk eller søye? For her er det nok å ta av", skreik Giske.

"Hysj, hysj då!" sa tjuvane. "Ta berre ein som er bra feit, så er det det same enten det er bukk eller søye."

"Ja, men vil de ha bukk eller søye? Vil de ha bukk eller søye? Her er nok å ta av", sa Giske. Ho blei ved sitt, ho.

"Så hald då stilt og ta berre ein som er bra feit, enten det er bukk eller søye", sa tjuvane.

Imens vakna mannen i stua av skrålet og kom ut i berre skjorta og skulle sjå kva som var på ferde. Tjuvane til beins, og Giske av stad etter dei så ho rende mannen over ende.

"Vent karar! Vent karar!" skreik ho.

Mannen, som ikkje hadde sett anna enn det svarte dyret, blei så redd at han nesten ikkje torde stå opp att, for han trudde det var fanden sjølv som hadde vore i sauehuset. Han visste ikkje meir enn éi råd han, og gjekk inn og vekte folka sine og sette seg til å lese [7] i Skrifta og be, for han hadde høyrt at dei kunne lese bort fanden.

Så var det andre kvelden. Tjuvane skulle ut og stele ei feit gås, og Giske skulle vise dei vegen. Då skulle Giske gå inn og sende ut, for ho var godt kjent, og tjuvane skulle ta imot.

"Vil de ha gås eller gasse? Her er nok å ta av!" skreik Giske då ho var kommen inn i gåsehuset.

"Hysj, hysj! Ta berre ei som er bra tung", sa tjuvane.

"Ja, men vil de ha gås eller gasse! Vil de ha gås eller gasse? Her er nok å ta av!" ropte Giske.

"Hysj, hysj! Ta berre ei som er bra tung, så er det det same enten det er gås eller gasse, og hald så stilt", sa dei.

Mens Giske og tjuvane kjefta om dette, tok ei av gjæsene til å skrike, og å skreik éi til, og rett som det var, så skreik dei i halsen på kvarandre alle saman. Mannen ut og skulle sjå kva som var på ferde, tjuvane av stad det beste dei kunne, og Giske etter så fort at bonden trudde det var fanden. For langbeint var ho, og stakken skulle ikkje hefte ho.

"Vent no litt karar!" skreik Giske, "de kunne jo fått kva de ville, enten det var gås eller gasse."

Men dei hadde ikkje stunder til å stanse, syntest dei. Og på garden der dei hadde vore, tok dei på å lese og bede, både store og små, for dei trudde kanskje fanden hadde vore der.

Då det lei mot kvelden tredje dagen, var dei så svoltne, både tjuvane og Giske, at dei ikkje visste kor dei skulle gjere av seg. Så rådla dei då at dei skulle gå på stabburet til ein rik bonde som budde i skogbrynet, og stele seg noko mat. Ja, dit gjekk dei, men tjuvane torde ikkje våge seg inn. Så skulle Giske gå inn på stolpebua og sende ut, og dei skulle stå utanfor og ta imot.

Då no Giske kom inn der, var det fullt opp av allting, både kjøt og flesk og pølse og ertebrød. Tjuvane hysja på ho og bad ho berre kaste ut noko mat og hugse korleis det hadde gått begge dei førre kveldane. Men Giske blei ved sitt ho: "Vil de ha kjøt eller flesk eller pølse eller ertebrød?" ropte ho så det gnall. "De kan få kva de vil, for her er nok å ta av, her er nok å ta av!"

Mannen på garden vakna av denne tinginga og kom ut og skulle sjå kva som var på ferde. Tjuvane av garde det fortaste dei kunne. Rett som det var kom Giske også springande, svart og fæl som ho var. "Vent litt, vent litt, karar!" skreik ho. "De kan få kva de vil ha, for her er nok å ta av!" Då mannen fekk sjå det stygge beistet, trudde også han at fanden var laus, for han hadde no høyrt det som hadde hendt dei to førre kveldane, og han begynte både å lese og be. Og det gjorde dei på alle gardane i heile bygda, for dei trudde at ein kunne lese bort fanden.

Laurdagskvelden skulle tjuvane ut og stele ein feit bukk att til helgedagskost, og den kunne dei nok trenge vel til, for dei hadde svolte i mange dagar. Men så ville dei ikkje ha med seg Giske: ho berre bråka og gjorde ugagn med kjeften sin, sa dei.

Mens Giske gjekk og venta på dei om søndagsmorgonen, blei ho fælt svolten. Ho hadde ikkje fått stort i livet, ho heller, i heile tre dagar. Så gjekk ho opp i ein nepebråte [8] og ruska opp nokre neper og åt.

Då han var kommen opp, mannen på garden som nepebråten høyrde til, var han så uroleg av seg og syntest han endeleg måtte ut og sjå til nepebråten sin om søndagsmorgonen. Ja, han fekk då på seg broka og gjekk nedover til ei myr som var nedanfor bakken nepebråten låg i. Då han kom dit, fekk han sjå det var noko svart som gjekk og ruska og ruska oppi nepebråten. Han var ikkje lenge om å tru det var fanden, han heller. Han såg då å komme seg heim så fort han kunne, og sa at fanden var i nepebråten. Dei blei nesten vettskremte på garden då dei høyrde det. Men så trudde dei det var best å sende bod på presten for å få han til å binde fanden.

"Nei, det går ikkje å gå til presten i dag", sa kjerringa, "det er jo søndagsmorgonen. Han kjem ikkje no, for han er ikkje oppe så tidleg. Og om så er, så les han på preika si."

"Å, eg lover han ei feit gjøkalvsteik eg, så kjem han nok", meinte mannen.

Han la av stad til prestegarden, men då han kom dit, var ikkje presten oppe enno. Jenta bad då mannen gå inn i stua imens, og gjekk opp til presten og sa at denne bondemannen var nede og ville snakke med han. Ja, då presten høyrde at det var slik ein bra mann som sat nede, så reiv han på seg buksene og kom ned med ein gong med tøflar og natthue på.

Mannen sa han ærendet sitt, at fanden var laus oppi nepebråten hans, og dersom presten ville vere med og binde fanden, så skulle han skikke presten ei feit gjøkalvsteik.

Ja, det var presten ikkje uvillig til, og ropte på guten og bad han legge sal på hesten mens han kledde på seg.

"Nei, far, det går nok ikkje an", sa mannen, "for fanden stoggar vel ikkje lenge, og ein kan ikkje vite kor ein skal ta han att, når han er sleppt laus. Du får nok vere med straks."

Presten følgde med slik han stod og gjekk, med natthue og tøflar på. Men då dei kom til myra, var ho så blaut at presten ikkje kunne gå over med tøflane. Bonden tok han på ryggen og skulle bere han over. Han steig no nokså forsiktig på ein stubbe her og på ei tue der, men då dei kom midt utpå, fekk Giske sjå dei, og trudde det var tjuvane som kom med bukken.

"Er han feit, er han feit?" skreik ho så det gnall i skogen.

"Eg veit så visst ikkje enten han er feit eller skrinn [9], eg", sa mannen då han høyrde det. "Men vil du vite det, får du komme og kjenne etter sjølv", sa han, og var så redd at han kasta presten midt ut i blautmyra og tok til sprangs. Og er ikkje presten kommen opp, så ligg han nok der enno.

Ord

  1. skurd: skurdonn, då ein skjer, kuttar og haustar korn eller anna frøavling (for hand før, men no heller med maskin).
  2. røske: rive.
  3. ferm kjem frå latinske firmus, 'fast. På norsk tyder ordet staut, dugande, stateleg, velvaksen, staseleg; vakker, triveleg, arbeidsam, dugande, flink, grei, og dessutan enda meir (sjå Nynorskordboka).
  4. hinmannen: hinkaren, fanden, djevelen.
  5. gromt: storveges, gildt, framifrå, snilt o.a.
  6. søye: vaksen hosau.
  7. lese (her): lese i bibel, preikesamling (huspostill) eller andaktsbok.
  8. bråte: jordstykke, rydning (i skog).
  9. skrinn: mager, tynn, tørr o.a.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]