Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Store-Per og Vesle-Per

Det var ein gong to brør, og begge heitte dei Per. Den eldste kalla dei Store-Per og den yngste kalla dei Vesle-Per. Då faren var daud, tok Store-Per garden og fekk ei kone med mange pengar. Men Vesle-Per var heime hos mor si, og han levde på føderådet [1] hennar til han blei myndig. Då han dét var, fekk han arven sin, og Store-Per sa at no fekk ikkje Vesle-Per vere på garden lenger og ete opp føderådet for mor si. Det var betre han reiste ut i verda og tok seg noko til.

Ja, det syntest Vesle-Per heller ikkje var så ille. Han kjøpte seg ein bra hest og eit lass med smør og ost og fór til byen med. For pengane han fekk, kjøpte han brennevin og drikkevarer, og han var ikkje før kommen heim før det blei byhelg hos han, og det på raude rappen. Han skjenkte og trakterte både grannar og kjerringar, og dei skjenkte og trakterte han att, og han levde i sus og dus så lenge pengane varte. Men då det var slutt på pengane og Vesle-Per sat att med tomme pungen, kom han heim til gamle mor si att, og då eigde han ikkje meir enn ein kalv. Då våren kom, sleppte han ut kalven og let han beite på enga til Store-Per. Så blei Store-Per sint og slo i hel kalven. Vesle-Per flådde skinnet av kalven, hengde det inn på badstova [2] så det blei tørt, og rulla det i hop, stakk det i ein sekk, og gjekk på bygda med det og skulle selje det. Men kor han kom, så lo dei av han og sa at dei hadde ikkje bruk for røykt kalveskinn. Då han hadde gått eit langt stykke, kom han til ein gard att. Der gjekk han inn og bad om hus til natta.

"Nei, eg kan nok ikkje låne deg hus [3]", sa kjerringa, "for mannen min er på stølen [4], og eg er aleine heime. Du får prøve å få hus i grannegarden. Men får du ikkje det, så kan du komme att, for du kan ikkje vere husvill [5] heller", sa ho.

Men då Per gjekk forbi kammersvindauget, såg han at det var ein prest inni kammerset, ein som kjerringa heldt seg med, og at ho sette fram øl og brennevin og ei stor gryte rømmegraut. Då presten hadde sett seg til å ete og drikke, kom mannen i huset heim att. Men då kjerringa fekk høyre han i svala [6], var ho ikkje sein, ho tok grautgryta og sette under århella [7], ølet og brennevinet i kjellaren, og presten låste ho ned i ei stor kiste som stod der.

Alt dette stod Vesle-Per og såg på. Då mannen vel var kommen inn, så gjekk Vesle-Per etter og bad om han kunne få låne hus. "Ja", sa mannen, "du skal få låne hus", og så bad han Per sette seg bort til bordet og ete. Ja, Vesle-Per sette seg borttil, tok med seg kalveskinnet og la det ved føtene sine.

Då dei hadde sete ei stund, gav Vesle-Per seg til å trakke på skinnet.

"Kva kjem du med?" sa Vesle-Per.

"Kven er det du snakkar med?" spurde mannen.

"Å, det er eit kalveskinn eg har, eit som eg kan bruke som spåmann", sa Per.

"Kva spår du, då?" sa mannen att.

Vesle-Per gniksa foten omkring skinnet og sa: "Eg vil tyde det dit at det manglar ikkje rømmegraut under århella", sa Vesle-Per.

"Du spår nok feil. Her i huset har ikkje vore rømmegraut på år og dag", sa mannen.

Men Per bad han sjå etter. Det gjorde mannen, og så fann han grautgryta. Den starta dei å godgjere seg med, og aller best dei sat slik, så trakka Per på kalveskinnet att.

"Å hei!" sa han.

"Kva får du ut av gniksinga no?" sa mannen.

"At det manglar ikkje øl og brennevin under kjellartrappa", svarte Per.

"Har du aldri sagt feil før, så gjer du det no", sa mannen. "Øl og brennevin? Dei tinga kan eg knapt minnast vi har hatt i huset."

"Sjå etter!" sa Per.

Det gjorde mannen. Og rett nok, han fann drikkevarene, og så blei det vel glede på han.

"Kva har du gitt for det skinnet? Det må eg ha, kva du så vil ha for det", sa mannen.

"Eg har fått det i farsarv", sa Per. "Rett nok har eg ikkje vidare lyst til å skilje meg frå det, men lar du meg få den gamle kista som står i koven [8], skal du få kalveskinnet."

"Kistenøkkelen er blitt borte!" skreik kjerringa.

"Eg tar kista utan nøkkel eg", sa Per. Og så blei han og mannen snart forlikte om handelen. Per fekk ein reip i staden for nøkkelen og mannen hjelpte han å få kista på ryggen. Så rusla han av garde.

Då han hadde gått eit stykke, kom han ut på ei bru. Under gjekk ei elv så strid at ho fossa og skumma og dura så brua rista. "Det brennevinet, det brennevinet!" sa Per. "Eg kan merke eg har smakt på det att. Kva skal eg gå og drasse på denne kista etter? Hadde eg ikkje vore full og galen, så hadde eg då ikkje handla ho til meg for spåskinnet. Men no skal kista i elva, og det på flygande timen!"

Han til å løyse av reipet.

"Au, også! Ta for guds skuld og frels meg! Det er presten her i gjeldet [9] du har i kista!" skreik han som var i ho.

"Det må vere fanden sjølv som vil slå i meg at han er blitt prest", sa Per, "men enten han gjer seg til prest eller klokkar, så skal han no i elva."

"Å nei, å nei! Det er soknepresten i gjeldet, som var på sjelesorg hos kjerringa. Mannen er vill og galen, og så måtte ho gøyme meg i kista. Eg har eit sølvur og eit gullur på meg. Dei skal du få, og åtte hundre dalar til om du berre slepper meg ut!" ropte presten.

"Nei, nei, er det han far [10] då!" sa Per, han tok ein stein og slo sund kistelokket. Så slapp presten ut, og presten heimover til prestegarden både fort og lett etter pengane han hadde lovt Vesle-Per.

Vesle-Per gjekk no heim og sa til Store-Per: "I dag fekk eg selt kalveskinnet!"

"Kva fekk du for skinnfilla di då?" spurde Store-Per.

"Mm, åtte hundre dalar", sa Vesle-Per og viste fram pengane.

"Det var godt du sa det til meg", sa Store-Per. Han slo i hel alle kalvane og kyrne han eigde, og gav seg på byvegen med skinn og huder.

Då han kom til torgs og garvarane spurde kva for pris han heldt skinna sine i, sa Store-Per: "Åtte hundre dalar for dei små, og meir for dei store." Men folk berre lo og gjorde narr av han og sa han hadde ikkje trengte å ta på veg for det – han kunne nok sleppe inn i galehuset for betre kjøp. Då skjønte han at Vesle-Per hadde lurt han.

Då han kom heim att, var han ikkje blid. Han svor og banna på at han ville slå i hel Vesle-Per om natta. Dette stod han og høyrde på. Så kom kvelden. Til vanleg delte han seng med mor si, men sidan bror hans ville drepe han, tenkte han at han fekk legge seg ein tryggare stad, der bror hans ikkje fann han. Så la han seg opp på halvloftet, der det var ein sengeplass, og sovna. Mor hans gledde seg over kor rommeleg senga var blitt utan Vesle-Per i, og breia seg godt, rulla rundt og kom farleg nær ytterkanten, der Vesle-Per pla ligge. Om litt kom Store-Per med ei øks i handa og stiltra seg bort til senga i det stummande mørket og hogg hovudet av mora i eitt hogg. Han trudde at det var Vesle-Per på den vante plassen sin.

Om morgonen gjekk Vesle-Per inn i stova til Store-Per.

"Trøyste og bere deg som har hogt i hel mor vår!" sa han. "Lensmannen liker nok ikkje at du blir av med føderådet du pliktar å gi ho, på den måten."

No blei Store-Per så redd at han bad Vesle-Per at han for guds skuld skulle teie med det han visste. Ville han det, skulle han få åtte hundre dalar.

Ja, Vesle-Per tenkte at når ingenting kunne bringe mor tilbake likevel, fekk han heller ta imot desse pengane av bror sin. Han strauk til seg pengane, sette hovudet på mora igjen, fekk ho på ein kjelke og drog ho til torgs. Der sette han ho med ei eplekorg på kvar arm og eit eple i kvar hand.

Så kom ein skipper gåande. Han trudde det var ei torgkjerring, og spurde om ho hadde eple å selje og kor mange han fekk for skillingen. Men gamlekjerringa svarte ikkje.

Skipperen spurde éin gong til. Nei, ho svarte ikkje.

"Kor mange får eg for skillingen?" skreik han tredje gongen. Men kjerringa sat som ho verken høyrde eller såg.

Då blei skipperen så arg at han la til [11] ho under øyret så hovudet trilla bortetter torget.

I det same kom Vesle-Per springande. Han stira på skipperen og sa at han hadde sett korleis skipperen hadde slått hovudet av gamle mor hans.

"Kjære vene, tei berre stilt med det du veit, så skal du få åtte hundre dalar", sa skipperen, og det blei dei då forlikte om.

Då Vesle-Per kom heim att, sa han til Store-Per: "I dag tok eg med mor til torget og fekk åtte hundre dalar", og viste fram pengane.

"Det var bra eg fekk vite det", sa Store-Per. Han hadde ei gammal vermor [12]. Han tok og slo ho i hel og strauk av stad med ho og skulle selje ho. Men då dei høyrde han gjekk og fallbaud daude folk, ville dei føre [13] han til lensmannen, og det var med nød og neppe han slapp frå det.

Då Store-Per kom att, var han så sint og galen på Vesle-Per at han truga med å drepe han på flygande timen. Det var ingen nåde å vente.

"Ja, ja, vi skal alle den vegen, og i dag og i morgon er det berre natta imellom", sa Vesle-Per. "Men skal eg av garde no, så har eg ein ting å bede deg om: putt meg i den sekken som heng der, og ber meg på elva", sa han, og det sa ikkje Store-Per nei til. Han stappa broren i sekken og drog av stad.

Men aldri før var han kommen eit lite stykke på vegen, så kom han i hug at han hadde gløymt noko. Det måtte han tilbake etter, og imens sette han sekken ved vegkanten. Så kom det ein mann drivande [14] med ein stor, gild saueflokk.

"Til himmelen, til paradis.
Til himmelen, til paradis!"

ropte Vesle-Per som låg i sekken, og det blei han ved å gnage og gnåle på.

"Kan ikkje eg få vere med?" sa han som kom med flokken.

"Nei, her er ikkje plass til fleire enn ein. Men vil du løyse opp sekkebandet så eg får kome ut og strekke på beina mens eg ventar på fraktaren min?" spurde Vesle-Per.

Mannen løyste opp sekkebandet. Per kraup ut og gjorde seg eit ærend bakom nokre busker ved vegen. Men imens kraup mannen ned i sekken, for Vesle-Per fekk heller få frakt ein annan gong, meinte han. Og då Vesle-Per kom fram att frå buskene, sat sauebonden i sekken og hadde late han att innanfrå på ei vis og sa, "Ta saueflokken som takk frå meg. Det er gilde sauar, det. Og takk."

Vesle-Per klarte ikkje å få mannen ifrå det. Og sauene tok til å spreie seg når ingen passa dei, så Vesle-Per sprang vekk frå sekken som snarast for å samle dei for mannen. Imens høyrde han mannen rope:

"Til himmelen, til paradis.
Til himmelen, til paradis!"

og den leksa dreiv han på med alt mens Vesle-Per dreiv og samla flokken.

No kom Store-Per att, tok sekken på nakken og bar han bortover til elva. Mens han gjekk, sat sauebonden inni og gaula:

"Til himmelen, til paradis.
Til himmelen, til paradis!"

"Ja, ja, prøv sjølv om du finn vegen!" sa Store-Per, og kasta han uti.

Då Store-Per hadde gjort det og gjekk heimetter att, møtte han broren som kom drivande med saueflokken føre seg. Vesle-Per skjønte jo kva broren hadde gjort då Store-Per reint oppi under spurde korleis Vesle-Per hadde sleppt opp av elva, og kor han hadde fått den gilde saueflokken frå.

"Det var sanneleg eit brorstykke av deg at du ville kaste meg uti", svarte Vesle-Per. "Men eg fekk ein saueflokk, kan du tru. Her ser du: det er gode ullsauar!" sa Per.

"Det var bra du fortalde meg det", sa Store-Per. Han strauk heim til kjerringa, tok ho med seg til elva, kraup inn i ein sekk, og bad ho skunde seg og knyte for og kaste han ut over brua. "Eg vil etter ein saueflokk", sa Store-Per, "men skulle eg bli for lenge så du kan merke eg ikkje rår med saueflokken, får du springe etter og hjelpe meg", sa han.

"Bli berre ikkje for lenge", sa kona. Ho stod og venta ei stund, men så tenkte ho ved seg sjølv at mannen ikkje rådde med å jage saman saueflokken, og så hoppa ho etter.

Så var Vesle-Per aleine igjen. Han arva gard og grunn og hestar og reiskap, og hadde sjølv pengar å kjøpe seg klavefe [15] for.

Eventyr att-gitt

Ord

  1. føderåd: kår, livaure; avtalte, faste ytingar (naturalia, husvære) frå ny eigar til tidlegare eigar av gard.
  2. badstove: eit hus noko for seg sjølv i eit gardstun, til å tørke korn og anna i.
  3. låne hus: få overnatte.
  4. støl: seter; mjølkeplass.
  5. husvill: huslaus
  6. sval: gang.
  7. århelle: helle som utgjer fremste delen av i ein eldstad, med vidare.
  8. kove: kammers, kleve.
  9. gjeld: prestegjeld.
  10. han far: presten (som ein far for soknebarna, "far" for kyrkjelyden).
  11. legge til: slå til, slå til med hardt slag.
  12. vermor: svigermor.
  13. føre: her stod 'sette'.
  14. drive: drive buskap, føre, flytte buskap. Mannen dreiv flokken.
  15. klavefe: fe med klave: fe: krøtter, husdyr (særleg ku, sau og geit – eller berre om storfe). Klave: (hesteskoforma) bøyel til å ha om halsen på dyr.

Notar

Per, Pål og Espen Oskeladd

Det var ein gong ein mann som hadde tre søner, Per og Pål og Espen Oskeladd. Men anna enn dei tre sønene hadde han ikkje heller, for han var så fattig at han eigde ikkje nåla på kroppen [1]. Derfor sa han titt og ofte til dei at dei fekk dra ut i verda og sjå å tene sitt brød, for heime hos han blei det ikkje anna enn sveltihel [2] likevel.

Eit godt stykke borte frå stova hans låg kongsgarden, og like utanfor vindauga til kongen hadde det vakse opp ei eik som var så stor og diger at ho skygde for lyset i kongsgarden.

300 år gammal eik.
Eik

Kongen hadde lovt ut mange, mange pengar til den som kunne hogge ned eika, men ingen var god for det, for så fort ein hogg ei flis av eikeleggen, voks det to i staden. Så ville kongen også ha grave ein brønn som skulle halde vatn heile året: Alle grannane hans hadde brønn, men han hadde ingen, og det syntest kongen var skam. Den som kunne grave ein slik brønn at han heldt vatn heile året rundt, hadde kongen lovt ut både pengar og anna til. Men det var ingen som kunne få gjort det, for kongsgarden låg høgt, høgt oppe på ein bakke. Ikkje før hadde dei grave nokre tommar, så kom dei til harde berget. Men då no kongen hadde fått i hovudet at han ville ha gjort desse arbeida, så let han kunngjere på alle kyrkjebakkar både vidt og breitt at den som kunne hogge ned den store eika i kongsgarden og skaffe han ein slik brønn at han heldt vatn heile året rundt, han skulle få kongsdottera og halve riket.

Det var nok av dei som ville prøve seg, men alt dei hakka [3] og hogg, og alt dei rota og grov, så hjelpte det ikkje. Eika blei tjukkare og tjukkare for kvart hogg, og berget blei ikkje blautare, det heller.

Om ei stund ville dei tre brørne i vegen og prøve seg også, og det var faren vel nøgd med. Vann dei ikkje kongsdottera og halve riket, så kunne det då hende dei fekk teneste ein stad hos ein bra mann, tenkte faren, og meir ønskte ikkje han. Og då brørne slo på det at dei ville til kongsgarden, sa faren ja på flyande flekken, og så la Per og Pål og Espen Oskeladd av garde.

Då dei hadde gått eit stykke, kom dei til ei granli, og like oppfor lia var ei bratt hei. Så høyrde dei noko som hogg og hogg oppi heia.

"Eg undrast kva det er som høgg oppi heia, eg", sa Espen Oskeladd.

"Du er no støtt så klok med undringane dine du", sa han Per og han Pål. "Det er då noko å undre seg over at det står ein vedhoggar og knartar oppi heia!"

"Eg har vel moro av å sjå kva det er likevel, eg", sa Espen Oskeladd, og dermed gjekk han.

"Å ja, er du slikt eit barn, har du godt av å lære å med!" ropte brørne hans etter han. Men Espen brydde seg ikkje om det. Han la av stad oppover bakkane dit han høyrde det hogg. Og då han kom dit, såg han det var ei øks som stod og hogg og hogg på ein furelegg.

"God dag?" sa Espen Oskeladd. "Står du her og høgg?"

"Ja no har eg stått her og hogge i mange lange tider og venta på deg", svarte øksa.

"Ja ja, her er eg", sa Espen, han tok øksa, slo ho av skaftet og stappa både øks og skaft i skreppa.

Då han kom ned att til brørne sine, gav dei seg til å le og gjere narr av han. "Kva var det for noko rart du fekk sjå oppi heia då?" sa dei.

"Det var ei øks vi høyrde", sa Espen.

Då dei så hadde gått ei stund att, kom dei under ein berghammar. Oppi den høyrde dei noko som hakka og grov.

"Eg undrast kva det er som hakkar og grev oppunder berghammaren, eg", sa Espen Oskeladd.

"Du er no så klok til å undre deg, du", sa han Per og han Pål att. "Har du aldri høyrt fuglane hakke og pikke på trea før?"

"Ja, men eg har vel moro av å sjå kva det er likevel, eg", sa Espen. Alt dei lo og gjorde narr av han, så brydde han seg ikkje om det; han la av stad opp imot berghammaren. Og då han kom oppunder, såg han det var eit grev som stod og hakka og grov.

"God dag!" sa Espen Oskeladd. "Står du her og hakkar og grev så aleine?"

"Ja, eg gjer det", sa grevet. "No har eg stått her og hakka og grave i mange lange tider og venta på deg", sa det.

"Ja ja, her er eg", sa Espen att. Han tok grevet og slo det av skaftet og gøymde det i skreppa, og så nedover til brørne sine att.

"Det var vel noko fælt rart du såg oppunder berghammaren?" sa han Per og han Pål.

"Det var eit grev vi høyrde", sa Espen.

Så gjekk dei eit godt stykke saman att, til dei kom til ein bekk. Tørste var dei no alle tre, etter det dei hadde gått så langt, og så la dei seg ned ved bekken og skulle drikke.

"Eg undrast på kor dette vannet kjem ifrå?" sa Espen Oskeladd.

"Er du ikkje galen, så undrar du deg visst galen med det aller første. Kor bekken kjem ifrå? Har du aldri sett vatnet renne opp av ei olle [4] i jorda då?"

"Ja, men eg har nok lyst til å sjå kor det kjem frå likevel, eg", sa Espen. Han av stad opp langs bekken, og alt brørne ropte på han og lo av han, så hjelpte det ikkje; han gjekk sin gang [5].

Då han kom langt oppover, blei bekken mindre og mindre, og då han kom enda eit stykke fram, fekk han sjå ei valnøtt. Frå ho sildra vatnet ut.

"God dag!" sa Espen att. "Ligg du her og sildrar og renn så aleine?"

"Ja, eg gjer det", sa valnøtta. "Her har eg lege og sildra og runne i mange lange tider og venta på deg."

"Ja ja, her er eg", sa Espen. Han tok ein mosedott og dytta i hòlet så vatnet ikkje kunne komme ut, og så la han valnøtta i skreppa og sette nedetter til brørne sine att.

"No har du vel sett kor vatnet kjem frå? Det ser vel fælt rart ut, kan eg tenke?" gjønte han Per og han Pål.

"Å, det var eit hòl det rann ut av", sa Espen, og så lo dei andre to og gjorde narr av han att, men Espen Oskeladd brydde seg ikkje om det. "Eg hadde no moro av å sjå det", sa han.

Då dei så hadde gått eit stykke att, kom dei til kongsgarden. Men då alle i kongeriket hadde fått høyre at dei kunne vinne kongsdottera og halve riket dersom dei kunne hogge ned den store eika og grave brønn til kongen, så var det komne så mange som hadde prøvd lykka si at no var eika dobbelt så stor og tjukk som ho var frå førstninga, for det voks stadig ut to fliser for kvar dei skar ut med øksa. Derfor hadde kongen no sett den straffa at dei som prøvde seg og ikkje kunne felle eika, skulle settast ut på ei øy, og begge øyra skulle klippast av dei.

Men dei to brørne let seg ikkje skremme av det: dei trudde nok dei skulle få ned eika. Og han Per, som var eldst, skulle til å prøve seg først. Men det gjekk med han som med alle dei andre som hadde hogt på eika: For kvar flis han fekk skore ut, voks det ut to i staden. Og så tok folka til kongen han og klipte av han begge øyra og sette han ut på øya. No ville han Pål til, men det gjekk like eins med han. Då han hadde hogt to-tre hogg så dei fekk sjå at eika voks, tok folka til kongen han også og sette ut på øya, og han klipte dei øyra enda snauare av, for dei syntest han kunne lært å ta seg i vare.

Så ville Espen Oskeladd til.

"Vil du endeleg sjå ut som eit merka sau, skal vi gjerne klippe av deg øyra med ein gong, så slepp du å bry deg", sa kongen, og var sint på han på grunn av brørne.

"Eg vil ha moro av å prøve først, likevel", sa Espen, og det måtte han då få lov til.

Han tok opp øksa av skreppa og sette ho i stand på skaftet att. "Hogg sjølv!" sa Espen til øksa, og ho til å hogge så flisene flaug. Og så var det ikkje lenge før eika måtte i bakken. Då det var gjort, tok Espen fram grevet sitt og sette det på skaftet. "Grav sjølv!" sa Espen, og grevet til å hakke og grave så jord og stein spruta, og så kom brønnholet til. Då han hadde fått det så djupt og så stort han ville, tok Espen Oskeladd fram valnøtta og la i det eine hjørnet på botnen, og så tok han ut mosedotten. "Sildre og renn!" sa Espen, og nøtta til å renne så vatnet fossa ut av hòlet, og om ei lita stund var brønnen breddfull.

Så hadde Espen hogge ned eika som skygde for vindauga til kongen, og skaffa brønn i kongsgarden. Og så fekk han kongsdottera og halve riket som kongen hadde sagt. Men det var godt for Per og Pål at dei hadde mista øyra, for elles hadde dei kvar time fått høyre det alle sa, at Espen Oskeladd hadde ikkje undra seg så gale likevel.

Ord

  1. ikkje ha/eige nåla på kroppen (uttrykk): uttrykk for fattigdom; ikkje eige noko som helst; å vere utfattig.
  2. sveltihel: levemåte på sveltegrensa; levemåte fram til sveltedaude; sveltedaude.
  3. hakka: her stod knarta, eit ord for slo, hakka, hogg.
  4. olle (her): kjelde; oppkomme; vassåre.
  5. gang (her): "sitt vis, sin måte", vel også med eit snev av "utviklingsgang, hendingsgang".

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]