Norsk del, Gullvekta
Merknadar til Asbjørnsen og Moe - F
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Ordliste til Asbjørnsen og Moe

Reservasjonar    Innhald     

Meistermøy

ATU 313: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

Ørnulf Hodne (1984:73-75) listar opp 54 norske variantar av eventyrtypen. Han er spreidd over Noreg, kjent i alle land i Europa og særs godt likt mellom dei slaviske folkeslaga, skriv Olav Bø mfl. Antti Aarne er viss på at eventyret er blitt til i Asia. (Bø mfl. 1982:348-49)

Ni norske oppteikningar av eventyrtypen – AT 313 – er med i Norsk Folkeminnesamlings eventyrkatalog, som er på nett. Eventyret "Angersmøy" er til dømes kortare, men sidan det har fleire av motiva og om lag same hovudtrekka, er det klassifisert under same eventyrtypen. "Angersmøy" er gitt ut på nynorsk i boka Norske eventyr. (Bø mfl. 1982:80-83; 348-49)

Namnet til heltinna skil seg i dei norske variantane. Ein finn alternativ som Angersmøy, Sydelkin(n), Randi, Jomfru Dame, Anne, Inger, Astri, Ingebjørg og jomfru Agnusmøy. (Hodne 1984:73-75).

Fluktmotivet – der guten og jenta flyktar frå trollet – kan daterast attende til om lag 2500 f.Kr. (Bø mfl. 1982:348-49)

Motiva med friarane som blir trolla fast og den gløymde brura, finn ein i fleire norske variantar. Desse motiva har ein også hos den italienske forfattaren Giambattista Basile i boka Pentamerone ("Femti historier"), først utgitt i Napoli i 1637 (III, 9). (Bø mfl. 1982:348-49; Basile 1932). Og jenta er ikkje fullt så hard mot beilarane i sengescenene i alle variantane. Dei fleste utmalar ikkje at dei får gå gjennom bygda til spott og spe etter sengekos det ikkje blei noko av.

I attgivinga er "liksomsnakk" (dum hykling) tatt vekk frå talen til helten overfor risen. Forteljinga her blir då attgiving

[Til eventyret]

Grimsborken

ATU 531: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

Eventyrtypen, med AT-nummeret 531, har 39 variantar i Noreg. (Hodne 1984:123-25). Han er også oppskriven over heile Europa, og med variantar i Asia og Afrika (Bø mfl. 1982:365).

[Til eventyret]

Lurvehette

ATU 711: Trolldomseventyr av typen Andre forteljingar om det overnaturlege.

[Til eventyret]

Det har inga nød med den som alle kvinner er glad i

ATU 580: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

[Til eventyret]

Ein halling med kvannrot

Ein vinterdag sit forteljaren heime i stua si då ein halling kjem og sel kvannrot. Forteljaren oppmodar hallingen til å fortelje historier om huldra, og får tre på hallingmål.

Asbjørnsen fekk hjelp med å skrive hallingmål av vennen Andreas Grøtting frå Hallingdal. Det er omsett til nynorsk her.

[Til historia]

Huldreætt

Turen i forteljinga går frå Børke i Sørum over Heksebergfjellet til Fjellstad, og rommar detaljerte skildringar av plante- og fugleliv. Heksebergfjellet er ein ås på Romeriksslettene, og den høgaste toppen er 318 moh. Utsikta derifrå er i dag avgrensa, men sørover kan ein sjå innsjøen Øyeren. [Wikipedia, "Heksebergfjellet"]

Eg-personen gjer varsame tilnærmingar til ei kvinne som fortel historier til han. Olav Solberg fortel: "I dette huldreeventyret er det tydeleg samsvar mellom hovudforteljaren og Asbjørnsen sjølv." Den "Jomfru Marie" det er tale om, er Caroline Marianne Grinder (1817-1873), dotter til gardeigaren (proprietæren) Ole Jacobsen Grinder på Fjellstad. Caroline og Peter (Asbjørnsen) var forlova ei kort tid, til familien hennar kollkasta det.

I historia fortel kvinna ei segn om ei huldrejente og en bondegut til å halde sin eigen friar på passande avstand. Folketradisjonen på landet kjem ikkje dårleg ut her, men heller friaren som "tilhører Byen og Bøgerne, og Komediespillet og Lirekasserne".

Stykket var gjennomsett og korrigert av Johan Sebastian Welhaven (Liestøl 1949, I:227).

[Wikipedia, "Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn" og Olav Solbergs innleiing til forteljinga (sjå data nedst på sida).

[Til historia]

Dei sju folane

ATU 471: Dei sju folane. The Bridge to the Otherworld. Trolldomseventyr av typen Overnaturlege oppgåver.

Tre brør tar etter tur teneste hos ein konge. Han seier dei skal gjete folane hans (oksane, harane) og ta med heim til han noko av det dei har ete. Dei to eldste mislykkast, men den tredje, som følger instruksjonene til kongen, lykkast og kjem inn i ei anna verd. Her ser han ei kyrkje der dyra får nattverd og blir menneske. Guten tar med brød og vin frå alteret og vender heim att med dyra. Så kappar han av dei hovuda og bryt ei fortrolling, og alle blir glade (Fritt etter Hodne)

Uther sitt samandrag av eventyrtypen femnar vidare og har med mange alternativ fleire stadar. Han fortel at motivet med reisa til den andre sida er gammalt, og at soga inneheld mange visjonsmotiv ein kan finne i den katolske kyrkja med meir. Draumkvedet har fleire slike om bord, til dømes. (2004, I:277-78)

[[Til eventyret]

Ei natt i Nordmarka

I stykket følger vi forteljaren frå hovudstaden ut i naturen på fisketur forbi Bjørnsjøen til Hakloa, frå det eine fiskevatnet til det andre og elvene imellom. Han treffer Elias fiskar og ein hadelending, og får høyre huldresegner og skattegravarsegner. Han kjem heim frå turen "med min Kurv fuld af Ørret og mit Hoved fuldt af Historier", som han skriv. — Asbjørnsen kjende Nordmarka heilt frå barndommen og ungdommen.

[Til historia]

Korfor bjørnen er stubbrumpa

ATU 2: Dyreeventyr av typen Ville dyr.

[Til eventyret]

Reven snyter bjørnen for julekosten

ATU 15: Dyreeventyr av typen Ville dyr.

[Til eventyret]

Dei tre kongsdøtrene i Omlandet

ATU 400: Trolldomseventyr av typen Kone.

Det står 'Hvidtenland' i eldre utgåver av Asbjørnsen og Moe, men det er berre eit fåtal variantar som har den tittelen. Blant 72 registrerte variantar i landet har vi "langt uti have i Sø-Ammerikka" og "Den forgjylte Øy", "Svanhvide", "Solberg Slot", "Glorianta paa Solbærg slått", "Kvitserka", "Daverdana av Egreteland", "Kvitserk av Nori-slot", "Nordlendingen og den fortrolla prinsessa", "Jomfru Rosenving på Santavajasø", "Det myrke landet", og forskjellig anna "Sønna for sø(r) og nora for nor" heiter det i ein av variantane. (Hodne 1984:89-93). I ein av variantane ligg landet til kongsdottera utanfor Sør-Amerika, og eventyret handlar om ei kongsdotter som budde på eit gullslott som låg "langt uti have i Sø-Ammerikka" (Hodne 1984:89-93)

"Omlandet" er valt her, som enden på visa. Han som kom til dette landet som var så vanskeleg å gi namn, var nøydt til å fare "rundt omkring" og få hjelp av ein ferskvassfisk og nordavinden -

Med giftemål-opprettinga og tillempingane av trolldystane, blir versjonen her ei attgiving.

[Til eventyret]

Den rettferdige firskillingen

ATU 1651: Anekdote og skjemt av typen Heldige ulykker.

I Noreg finst sju variantar av eventyrtypen (AT 1561), som på engelsk er kjent som Whittington's Cat. (frå 1605). I den engelske historia blir guten borgarmeister i London. (Hodne 1984:286). Elles er typen kjent frå 1200-talet i både Europa og Persia. [Uther 2004, bd. 2:354-55]

Guten i eventyret ville ha berre rettferdig skaffa pengar, men korleis kom han til rikdom til sist? Det var ved at same katten blei seld tre gongar. På den andre sida kunne ikkje skipperen som selde katten til guten fleire gongar, vegen attende til nokon av kjøparane, og dreiv av garde for vêr og vind, han.

Anedoteeventyr kan ein sjå på som skjemtsam underhaldning.

[Til eventyret]

Ei friarhistorie

ATU 1459**: Anekdote av typen Konejakt (leiting etter kone).

[Til eventyret]

Giske

ATU 1353: Skjemt av typen Historier om ektepar.

At ei kvinne som var vill av seg blei skjemt, er skjemt.

[Til eventyret]

Store-Per og Vesle-Per

ATU 1535: Anekdoteeventyr av typen Historier om ein mann.

I Noreg finst 43-44 variantar av eventyrtypen (AT 1535). Internasjonalt finst også 99 referansar/variantar (bøker o.a.) av eventyrtypen, og eit spor tilbake til 900-1000-talet. (Hodne 1984:271-73; Uther, bd 2:267-69).

Asbjørnsen fekk høyre eventyret i Vågå, Oppland, og gjekk vidare derifrå . . . Det finst andre, liknande eventyr andre stadar. Universitetet i Oslo har gitt ut åtte variantar i fulltekst.

Denne versjonen: Fleire stadar her i forteljinga er Vesle-Per gildare enn hos Asbjørnsen og Moe: Han lyg ikkje så kleint, får ikkje mora drepen med vilje og narrar ikkje ein sauebonde i dauden. Nokon god rollemodell for bra folk er han så visst ikkje likevel, snarare ein muntrasjonsfigur for somme.

[Til eventyret]

Per, Pål og Espen Oskeladd

ATU 577: Trolldomseventyr av typen Magiske gjenstandar.

[Til eventyret]

Veslekort

ATU 303: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

Her i eventyret kjem dykking og liv under havflata med blant vyene som somme tar med seg inn i vaksenlivet også. [Jf. Wikipedia, "Dykking"]

Det kan hende at idear i eventyr opnar for vidare utforskingar og at ein finn nøklar til eit betre liv også.

Om endringar som er gjort: Her i teksten verken stel eller lyg Lillekort, og Lavring slår heller ikkje bror sin så han trillar. Her er Veslekort ein som finn tre auge og krev finnarløn, og ikkje fullt så mykje ein som stel desse auga og driv utpressing. Han er heller ikkje ein som lyg for kokkejenta. Dermed er helten og broren blitt kjekkare – og ter seg som det sømmer seg. Ingenting av det som er fjerna, har noko vesentleg å seie for utfaldinga og handlingsgangen i dette eventyret med somt krøbelt i seg.

Her er altså somt endra, og dermed blir teksten ei attgiving. Det kan elles vere vrient å avgjere kor grensa går mellom omsetting og attgiving. [Munday 2001].

[Til eventyret]

Gravaren fortel

Forteljinga kom i stand i samarbeid med Camilla Collett. Ho skreiv det meste av innleiiinga, om Asbjørnsens jakt på forteljaren Per Graver i Eidsvoll, så langt som til "det var ein av disse kolde og triste sommerdager" (Liestøl 1949: 1:250-51). Asbjørnsen startar opp med ei kyrkjegardsscene der han bruker han tobakk til å få den tverre, tobakkssugne gravaren til å fortelje segner om hekser og trollkjerringar.

Asbjørnsen skriv dessutan i forordet til andre utgåva av Norske Huldreeventyr, frå 1859, at både Camilla og mannen hennar, Peter Jonas Collett, "have gjennemlæst samtlige Huldreeventyr" og kome med merknader og idéar han hadde hatt god nytte av.

[Til historia]

Frå fjellet og frå setra

Asbjørnsen fortel at Camilla Collett skreiv dei innleiande orda til reiseskildringa startar. Dermed har forteljinga blitt lagt i munnen på ei oppdikta dame frå ein prestegard. Ho fortel frå ein setertur innover mot Rondane i følge med to kvinner. Den eine er seterjenta Brit, og det er ho som legg fram folketradisjon. Den kvikke, vennlege og vakre seterjenta Brit "vidste Meget at fortælle om de Underjordiske eller Haugefolket, og Huldren."

Som det var, la Asbjørnsen den første huldresegna i munnen på ho: Segna om huldra ved Tylevarden var av Jakob Pladsen Brække (Liestøl 1949, 1:260-61). Brit skal ha vore Brit Justhole. Ho var budeie på Lårgardssætra da Asbjørnsen var der i 1842. Han skreiv opp både eventyr og segner etter ho. Og "Frå fjellet og setra" gir att fleire huldrelokkar.

Forteljinga om turen innover fjellet for å plukke molter, er den første høgfjellsskildringa til Asbjørnsen.

Slutten er ein kamuflert vits, for det er tale om ein oppdikta lovnad til ei oppdikta frøken/jomfru i ei forteljing i den romantiske gata – ei rammeforteljing med romantiske naturskildringar, segner og anna tradisjonstilfang.

Kommentar: Slutten er ein kamuflert vits, for det er tale om ein oppdikta lovnad til ei oppdikta frøken/jomfru i ei forteljing i den romantiske gata – ei rammeforteljing med romantiske naturskildringar, segner og anna tradisjonstilfang (jf. note 1 ovanfor). Måtane som Asbjørnsen arbeidde med segnstoff på, var inspirert og påverka av brørne Grimm og Thomas Crofton Crokers verk om irske segner. Asbjørnsen presenterer tradisjonsstoff på ein måte som kan minne om Crokers rammeforteljingar. [jf. Solberg]

[Til historia]

Ein kveld i nabogarden

"Jeg har paa et Paar Dage smurt sammen en liden Historie, som kunde være bleven en ganske næt Mosaik her af Byen for en 40 Aar siden", skreiv Asbjørnsen i eit brev til vennen Jørgen Moe i 1853 (Liestøl 1949, II:357). Her skriv Asbjørnsen frå barndommen i Dronningens gate i hovudstaden omkring 1814. I rammeforteljinga blir segner og eit eventyr fortalde for livate barn. - Eventyret i rammeforteljinga er ein variant av Bamse Brakar.

Fjerna: Eit hyppig gjentatt "Det er/var greitt det" i forteljinga har andre tydingar enn vanleg i vår tid. Av åtte er seks blitt fjerna, og fire av desse ifrå bjørneeventyret. Forteljarfrasen er ganske unødvendig om ein ikkje vil syne stilen hans.

[Til historia]

Bamse Brakars skyss

ATU 116 av typen Bjørnen på høyvogna. Bjørnen sit i høyvogn mens hesten som er spent framfor vogna, spring ut. Bjørnen blir feilaktig oppfatta som presten, futen, osv.

[Til eventyret]

Kjetta på Dovre

ATU 1161: Dumtrolleventyr av typen Mann overlistar fanden.

Som eventyr har historia fått AT-nummeret 1161, og som segn har ho typenummeret ML 6015 i Reidar Christiansens katalog over vandresegner. Eventyret blei samla av Asbjørnsen på Sel eller i Vågå, etter dei opplysningane ein har: [◦Lenke]

Eventyret er om lag sameleis som segna om Per Gynt og kvitbjørnen hans. Den segna fekk Asbjørnsen av den femten år gamle guten Engebret Hougen i Sel. Det finst 64 oppteikna variantar av soga frå ulike stadar i Noreg, syner Ørnulf Hodne (1984:219-22), og også variantar i fleire land i Nord-Europa. Knut Liestøl meiner historia har blitt fortalt mellom pilgrimar på ferder til og frå Trondheim (Bø mfl.; 1982:386).

[Til eventyret]

Frå Sognefjorden

Rammeforteljinga inneheld stoff frå ei stipendreise som Asbjørnsen gjorde til Vestlandet i 1847 for å samle folkeminne.

Eg-forteljaren er utpå Sognefjorden med utstyr for å ta prøver av botnen til granskingane laut avbrytast når eit uvêr bratt laus. Denne delen av storforteljinga er poetisk fiksjon og ikkje noko som Asbjørnsen hadde gjort i Sogn, fortel Knut Liestøl. Asbjørnsen vitja derimot fleire stadar som ein finn stoff frå i storforteljinga. (1949, II:362-63)

Asbjørnsen fekk hjelp av Ivar Aasen til å gi att sognemål (det finst tre hovudtypar), og noko av stoffet har han også fra Aasen, så som Purkevisa og segna om oskoreia, som er eit følge av vonde vette. Her er også en variant av visa om Svarterabben.

Det var første gongen Asbjørnsen prøvde seg med ei forteljing frå Vestlandet. Ho blei godt mottatt. Også Jørgen Moe var mellom dei som roste forteljinga (Liestøl 1949, II:363)

[Til historia]

På høgde med Alexandria

Frå august 1849 til mai 1850 var Asbjørnsen med korvetten Ørnen som proviantforvaltar på eit Middelhavs-tokt. På bakgrunn av inntrykk frå turen skreiv han "Paa Høiden af Alexandria". Denne rammeforteljinga er lagt om bord på eit seglskip som ligg i Middelhavet utanfor Alexandria i Egypt. Det norske tradisjonsstoffet i ho blir fortalt av mannskapet på Ørnen. Ho inneheld ei trollkjerringsegn og samtale om skipsnissar og andre nissar. Sist kjem ei historie som er knytt til stadar frå Oslofjorden (Liestøl 1949, II:371-74).

Den siste delen av storforteljinga har også med tilfang om Ekebergkongen (neste innslage).

[Til historia]

Ekebergkongen

Ekebergkongen var den aller første segna som Asbjørnsen sende til folkeminnesamlaren Andreas Faye (1802–69) i 1835. Faye hadde gitt ut den første norske segnsamlinga i 1833, og utvida samlinga sidan, med den nye tittelen Norske Folke-Sagn.

Asbjørnsen sende dessutan Faye andre tekstar til neste opplag av segnboka til Faye (1844). Faye på si side sette pris på stoffet og utnemnde for spøk Asbjørnsen til "overordentlig Sagn-Ambassadør".

Gamle folk kunne mange historier om Ekebergkongen, skreiv Asbjørnsen i innleiinga frå 1835. I 1837 fekk Asbjørnsen trykt stykket om huldrekongen på Ekeberg for første gong; med omarbeidd innleiing. Den tredje utforminga av stykket er frå 1845. I denne utforminga er ei av segnene utvida med forskjellige drag som Asbjørnsen har lånt frå ei segn han hadde sendt Faye i 1935. Asbjørnsen la også til segna om amma i 1845. Så Asbjørnsen for "temmeleg fritt fram med stoffet," kommenterer Liestøl etter å ha gitt fleire døme på det, og også kommentarar til stykket ifrå Asbjørnsens samtid. (1949: I:200-6)

[Til historia]

Plankekøyrarane

"Plankekøyarane" er blitt kalla ei realistisk perle midt i all huldreromantikken, men det er mykje fokusering på djevelen og djevlehistorier i stykket . . . Det er frå eit råbarka miljø som godtfolk helst ikkje snakka om på den tida. Asbjørnsens ungdomsvenn Andreas Grøtting la inn ei kortspelscene i teksten.

Forteljaren av rammeforteljinga er ganske anonym. Stykket opnar med å skildre dei rå og lite høflege karane som køyrde plankelass frå sager i romeriksbygdene til hovudstaden. Det mest av forteljinga er lagt til kvile- og skjenkestaden Borrebekken, som låg i krysset mellom Trondheimsvegen og Økernvegen. Her blei det seld dårleg brennevin til plankekøyrarar og andre vegfarande, og dei spela kort og fortalde saftige soger.

Fanden har hovudrolla i fleire av sogene, og to prestar som fekk fjerna fanden ved maning, har hovudrollene i to av dei. Stemninga på skjenkestaden blir ganske amper, og det blir slagsmål utan at "Kulda har skulda", men heller ikkje berre "Fylla har skylda". Det er no så . . .

[Til historia]

Julegjestinga i prestegarden

Historia (først publisert i 1851) var i si tid lengre enn det som er med i samleutgåvene etter at "Makrelldorg" og "Tuftefolket på Sandflesa" hadde blitt skilde ut frå ho som eigne hovudforteljingar.

I den minska storforteljinga er det med segner om tussekyrkjer og tussemesser, og tankar og teoriar som blir knytte til dei.

[Til historia]

Gullfebla

ATU ?

Segn og eventyr blandar seg.

[Til eventyret]

Mor til presten

ATU 1536 A: Skjemt av typen Luringen.

Eventyrtypen, AT 1536 A, kallast "Luringen" av Ørnulf Hodne (1984), men med det nye ATU-nummer har eventyrtypen tittelen "Kvinna i kista". Asbjørnsen samla eventyret i Gudbrandsdalen i 1842, og fekk det av "Gl. Md. Lysgaard", som det står i Norsk folkeminnearkiv under eventyret der.

Ein fattigmann – i dette tilfellet klokkar – stel frå ein som er rik – her er det presten. Den rike fattar mistanke og gøymer svigermor si eller mor si (eller andre) i ei kiste eller eit skap så ho får spionere. Kvinna kjem fram til sanninga, men blir oppdaga og tatt av dagar av kjeltringen, som legg noko mat i munnen hennar. Når den rike opnar kista, trur han ho har blitt kvalt, og vil halde dødsfallet hemmeleg, iallfall for ei tid. Han gir den fattige stikkpengar for at han skal hjelpe til med å bli kvitt liket, men den fattige gjer det i staden verre og verre for den rike ved å få det til å sjå ut som liket går att fleire gongar. Den rike pungar ut for å bli kvitt kvinna like til slutten på forteljinga. Det endar med at den fattige har stole, drepe, fare med falsk og lurt til seg mykje.

Ein skimtar vel sider ved grov bondehumor. Kan hende lurer beiske røynsler med embetsfolk i bakgrunnen ved at presten framtonar som ein tufs og klokkaren som ein drapsmann og kjeltring. Det var store sosiale motsetnader i samfunnet før i tida, og folk i lågare lag kunne få seg til å gjere narr av herskande, då som no – også ved tullball og skitkasting. Men siste del av soga kan godt ha opphav i gamle franske fablar, fortel Hans-Jörg Uther (2004:270-71). Og dessutan var humor gjerne grovare i hundreåra før oss, syner Jan Bremmer og Herman Roodenburg (1997). Birgit Hertzberg Johnsen (1997) har meir å seie om kva nordmenn ler av og korleis det er skil på nordmenns humor på fleire måtar.

[Til eventyret]

Ein vestlandsk skogdal

Forteljinga stod først på trykk i Fra nordiske Digtere. En Antologi (1869). Ho kom ikkje med i første, andre og tredje samling av huldreeventyra, men har fått plass i seinare utgåver. Elles var 1870-utgåva "omhyggelig gjennemseet, og . . . rettet og forbedret," skriv Asbjørnsen, men utan at det var gjort store endringar, seier han også (Solberg 2010).

I teksten skriv Asbjørnsen om verdien av natur og om folkeånd - eit ullent omgrep: "Dei store skogviddene er . . . ei fornyingskjelde for . . . for folkeånda og openberringane til ho." Ein bør vel seie at "nasjonale særdrag" er noko det er forska på skandinaviske folk imellom, og ikkje "folkeåndene". Ein finn skilnadar. [Aagedal 2010, kap. 7 spesielt; jf. også Wikipedia, "Nordmenn"]

Bakgrunnsdata: Forfattar og lokalhistorikar Trygve Christensen (1940) fortel at Asbjørnsen blei den fjerde av forstmeistrane i landet, mellom 1858 og 1876. Forstmeistrar var styrarar for større skogområde, og på Asbjørnsens tid var skogbruket langt viktigare enn i vår tid.

Det var blitt lyst ut to stipend til studium av forstvitskap i utlandet. Asbjørnsen søkte og fekk det eine stipendet. Han drog 44 år gammal til Tyskland og studerte frå våren 1856 til hausten 1858 ved forstakademiet i Tharand nær Dresden i delstaten Sachsen. Han tok ein utmerkt eksamen i alle fag etter å ha fått tilleggsstipend året før eksamen. Dei to stipenda gav Asbjørnsen høve til å reise i Mellom-Europa og til å møte brørne Grimm.

Året etter at Asbjørnsen kom heim frå Tyskland, fekk han i oppdrag av eit departement å undersøke skogforholda langs kysten fra Lista i sør til Nordfjord. Han ivra sterkt for skogplanting, særleg i kystområda, og var ein av pionerane på feltet. Asbjørnsen var også med på å innføre sjeldne treslag.

To år etter heimkomsten blei Asbjørnsen utnemnt til forstmester i Nord-Trøndelag, og neste år også for Sør-Trøndelag og Romsdal. Han rapporterte om uklare eigedomsgrenser og ulovleg hogst. Av to husmenn som blei dømde for tjuvhogst i allmenningen, drap den eine seg seinare, truleg som følge av dommen. Men eigaren av det store Verdalsgodset engasjerte advokaten Bernhard Dunker då han blei meldt, fekk saka til Høgsterett, og der tapte departementet og Asbjørnsen våren 1865. Frå opinionen kom kommentaren "Dei store går fri, dei små får svi!", skriv Christensen.

Våren 1864 fekk Asbjørnsen eit nytt stipend, no for å studere torvdrift i Holland, Tyskland og Danmark. Etter at han kom heim, blei han leiar av torvdriftsundersøkingane i landet, og var i denne stillinga i over ti år. Då var han mykje på reisefot langs kysten, og heilt opp til Varanger. Han gjekk av med pensjon ved årsskiftet 1875-76, nær 64 år gammal.

[Til historia]

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, litteratur  

Aarne, Antti. The Types of the Folktale: A Classification and Bibliography. Translated and Enlarged by Stith Thompson. 2nd rev. ed. Helsinki: Suomalainen Tiedeakatemia / FF Communications, 1961.

Ashliman, D. L. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987.

Basile, Giambattista. The Pentamerone. Oms. Benedetto Croce. 2 band. London: John Lane the Bodley Head, 1932.

Bremmer, Jan, and Herman Roodenburg, eds. A Cultural History of Humour: From Antiquity to the Present Day. Oxford: Polity Press, 1997.

Bø, Olav, mfl, redr. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.

Egerer, Juliane. Von Waldtrollen und Hauszwergen: Norwegens übernatürliche Wesen als Erzählfiguren. Münster: LIT Verlag, 2010.

Grambo, Ronald. Svart katt over veien: Om varsler, tegn og overtro. Oslo: Ex Libris, 1993.

Hodne, Ørnulf. Fiske og jakt: Norske folketradisjoner. Oslo: Cappelen, 1997.

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Hodne, Ørnulf. Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo: Cappelen, 1995.

Hult, Marit Hvam. Framing a National Narrative: The Legend Collections of Peter Christen Asbjørnsen. Detroit, MI: Wayne State University Press, 2003, s. 230, note 12.

Johnsen, Birgit Hertzberg. Hva ler vi av? Om nordmenns forhold til humor. Oslo: Pax, 1997.

Liestøl, Knut. Norske huldreeventyr og folkesagn fortalt av P. Chr. Asbjørnsen. Første samling. Utgitt av Knut Liestøl. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1949.

Liestøl, Knut. Norske huldreeventyr og folkesagn fortalt av P. Chr. Asbjørnsen. Annen samling. Utgitt av Knut Liestøl. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1949.

Munday, Jeremy. Introducing Translation Studies: Theories and Applications. London: Routledge, 2001.

Solberg, Olav. Peter Chr. Asbjørnsen: Norske huldreeventyr og folkesagn. Utgåve ved Olav Solberg. Oslo: Det norske språk- og litteraturselskap/bokselskap.no, 2010.

Universitetet i Oslo. Eventyr og sagn: Digital samling av eventyr og sagn.
www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?asok=1&tid=10296

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284 -86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Wikipedia, "Aarne–Thompson classification system".

Aagedal, Olaf mfl. Nasjonale symbol, symbolarenaer og symbolmakt. Kap. 7, "Den norske "symbolprofilen" i eit skandinavisk komparativt perspektiv". Universitetet i Oslo. Rapport, sist endra 25. nov. 2010. www.sv.uio.no/mutr/publikasjoner/rapporter/rapp2003/rapport55/index-7_.html

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]