Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Veslekort

Det var ein gong eit par fattige folk. Dei budde i ei ussel stove der det ikkje var anna enn svarte armoda, så dei verken hadde å bite eller brenne. Men hadde dei nesten ingenting av anna, så hadde dei mange barn, og med kvart år fekk dei eitt meir. No kunne dei vente seg eitt att. Det var ikkje mannen mykje glad for. Han gjekk støtt og grein og gav vondt frå seg og sa at nokon gong syntest han det kunne vere nok av dei gudsgåvene [1]. Og då tida kom at kona skulle få barn på ny, gjekk han til skogs etter ved, for han ville ikkje sjå enda ein skrålhals komme. Han fekk tidsnok høyre barnet når det skreik etter mat, sa han.

Då mannen vel var gått, fekk kona eit vakkert gutebarn. Straks ungen var kommen til verda såg han seg om i stova.

"Å kjære mor", sa han, "gi meg nokre gamle klede etter brørne mine og eit par dagars niste, så vil eg ut i verda og prøve lykka. Du har barn nok likevel, ser eg."

"Bere meg [2] for deg, son", sa mora. "Du er altfor liten enno. Det er inga råd."

Men gutungen blei ved, og tigga og bad så lenge at mora måtte la han få nokre gamle filler og litt niste i eit knyte [3], og så gjekk han nokså glad og trøystig [4] ut i verda.

Men aldri før var han gått, så fekk kona ein gut til. Han såg seg også omkring og sa: "Å kjære mor, gi meg nokre gamle klede etter brørne mine og eit par dagars niste, så vil eg ut i verda og finne att tvillingbroren min. Du har barn nok likevel, du."

"Bere meg for deg, du er altfor liten, din stakkar", sa kona, "det er inga råd."

Men det hjelpte ikkje, gutungen tigga og bad så lenge at han fekk nokre gamle filler og eit knyte med niste, og så rusla han nokså modig ut i verda og skulle finne att tvillingbroren.

Då no den yngste hadde gått ei stund, fekk han sjå bror sitt eit stykke føre seg. Han ropte til han og bad han stanse: "Vent du", sa han, "du legg i veg som du hadde betaling for det. Men du burde ha sett den yngste broren din også før du drog ut i verda." Den eldste stansa då og såg seg tilbake, og då no den yngste var kommen etter og hadde fortalt korleis det hang saman at han kunne vere bror hans, sa han vidare: "Men la oss sette oss ned og sjå etter kva ho mor har gitt oss med til niste", og det gjorde dei.

Då dei hadde gått eit stykke, kom dei til ein bekk som flaut igjennom ei grøn eng, og der sa den yngste at dei burde gi kvarandre namn. "Sidan vi måtte skunde oss så det ikkje blei tid til å gjere det heime, så får vi gjere det her", sa han.

"Kva vil du heite, då?" spurde den eldste.

"Eg vil heite Veslekort", svarte den andre. "Enn du, kva vil du kallast?"

"Eg vil heite kong Lavring", svarte den eldste.

Ja, dei døypte kvarandre, og så gjekk dei vidare. Men då dei hadde gått ei stund, kom dei til ein krossveg, og der blei dei samde om å skiljast og dra kvar sin veg. Det gjorde dei, men aldri før hadde dei gått ei lita stund så møttest dei att. Dei skildest på nytt og tok kvar sin veg, men om ei lita stund gjekk det like eins: dei møttest att før dei visste av det, og slik gjekk det også tredje gongen. Då gjorde dei den avtalen at dei skulle gå til kvar sin kant, den eine i aust og den andre i vest.

"Men kjem du ein gong retteleg i nød og ulykke", sa den eldste, "så rop tre gongar på meg, så skal eg komme og hjelpe deg. Men du må ikkje rope på meg før du er i yttarste nød!"

"Det blir vel ikkje så fort vi sjåast då," sa Veslekort.

Så sa dei farvel til kvarandre, og Veslekort gjekk i aust og kong Lavring i vest.

Då no Veslekort hadde gått ei stund aleine, møtte han ei gammal, gammal, krokrygga kjerring som berre hadde eitt auge, og det hadde ho mista på marka. Der fann Veslekort det og tok det opp.

"Au også!" ropte kjerringa. "Kor blei det av auget mitt?"

"Kva gir du meg for auget?" sa Veslekort.

"Eg gir deg eit sverd som er slik at det kan vinne på ei heil krigsmakt, om ho var aldri så stor", svarte kjerringa.

"Ja, kom med det", sa Veslekort.

Kjerringa gav han sverdet, og så fekk ho att auget sitt.

Så gjekk Veslekort vidare, og då han hadde gått ei stund, møtte han igjen ei gammal, gammal, krokrygga kjerring som berre hadde eitt auge, og det hadde ho mista i enga. Der fann Veslekort det før ho visste av det.

"Au også! Kor blei det av auget mitt!" ropte kjerringa.

"Kva gir du meg for auget?" sa Veslekort.

"Eg gir deg eit skip som kan gå ferskvatn og saltvatn, berg og djupe dalar", svarte kjerringa.

"Ja, kom med det", sa Veslekort.

Kjerringa gav han eit ørlite skip som ikkje var større enn at han stakk det i lomma. Så fekk ho auget sitt att, og dei gjekk kvar sin veg.

Då han hadde vandra ei lang stund, møtte han for tredje gong ei gammal, gammal, krokrygga kjerring som berre hadde eitt auge, og det hadde ho mista i graset. Det auget tok Veslekort opp att, og då kjerringa skreik og bar seg ille og spurde kor det var blitt av auget hennar, sa Veslekort: "Kva gir du meg for å få att auget?"

"Eg gir deg kunsten å brygge to tonn malt i eitt brygg", sa kjerringa.

Ja, for den kunsten fekk kjerringa att auget sitt, og dei tok kvar sin veg.

Då Veslekort hadde gått eit lite stykke, syntest han det kunne vere verdt å prøve skipet. Så tok han det opp av lomma og sette først éin fot i det og sidan den andre, og aldri før hadde han stige opp i det med det eine beinet, blei det så stort som skipa som går i sjøen. Så sa Veslekort: "Gå no ferskvatn og saltvatn, berg og djupe dalar, og stans ikkje før du kjem til kongsgarden!" Og straks fór skipet av stad så fort som fuglen i lufta til det kom litt nedanfor kongsgarden. Der stansa det.

I vindauga på kongsgarden hadde dei stått og sett Veslekort komme seglande, og alle saman blei dei så forundra at dei sprang ned og skulle sjå kva det var for ein som kom farande i lufta på eit skip. Men mens dei sprang ned frå kongsgarden, hadde Veslekort stige ut av skipet sitt og putta det i lomma att, for straks han steig ut av det, blei det så lite som då han fekk det av den gamle kjerringa. Kongen spurde kor han var frå, men det sa guten at han ikkje visste. Ikkje visste han korleis han hadde komme der heller, men han bad så inderleg vakkert om teneste på kongsgarden. Var det ikkje anna å gjere for han, kunne han berre ved og vatn for kokkejenta, sa han. Det skulle han då få lov til.

Då Veslekort kom opp på kongsgarden, såg han at alt var kledt med svart der, utvendig og innvendig, både veggar og tak. Han spurde kokkejenta kva det skulle vere til. "Jo, det skal eg seie deg", svarte ho. "Kongsdottera er for lang tid sidan lovt bort til tre troll, og neste torsdagskveld skal det eine komme og hente ho. Riddar Raud har nok sagt seg god for å frelse ho, men tru om han er kar til det [5]. Og så kan du vel forstå at det er sorg og sturing her."

Då torsdagskvelden kom, følgde Riddar Raud kongsdottera ned til stranda. Der skulle ho møte trollet, og så skulle han då bli der nede og passe på ho. Men han gjorde nok ikkje trollet store skaden, for aldri så snart hadde kongsdottera sett seg på strandkanten før Riddar Raud kleiv opp i eit stort tre som stod der og gøymde seg det beste han kunne mellom greinene. Kongsdottera gret og bad så hjarteleg at han ikkje måtte gå frå ho, men Riddar Raud brydde seg ikkje om det han: "Det er betre at éin mister livet enn to", sa Riddar Raud.

Imens bad Veslekort kokkejenta så vakkert om han kunne få lov å gå ned til stranda litt.

"Å, kva vil du der då?" sa kokkejenta, "du har ikkje noko der å gjere."

"Å jo, kjære vene, la meg få gå", sa Veslekort. "Eg vil så gjerne dit og more meg litt."

"Ja ja, gå då", sa kokkejenta, "men la meg sjå du ikkje blir lenger enn til kveldsgryta skal hengast på og steika skal settast på spett [6]. Og ta så med deg eit dyktig fang ved hit inn på kjøkkenet att."

Ja, det lovde Veslekort, og sprang ned til stranda.

Med det same han kom dit kongsdottera sat, kom trollet farande så det suste og bruste om det. Det var så stort og digert at det var fælt, og fem hovud hadde det.

"Eld!" skreik trollet.

"Eld igjen!" sa Veslekort.

"Kan du fekte?" ropte trollet.

"Kan eg ikkje, så kan eg lære", sa Veslekort.

Så slo trollet etter han med ei stor, tjukk jernstong han hadde i neven, så jordspruten stod tre meter til vêrs.

"Tvi!" sa Veslekort, "det var noko, også det! No skal du sjå eit hogg av meg!"

Så greip han sverdet han hadde fått av den gamle krokrygga kjerringa og hogde til trollet så alle fem hovuda fauk bortover sanden.

Då kongsdottera såg ho var frelst, var ho så glad at ho ikkje visste korleis ho skulle bere seg åt, så ho både hoppa og dansa. "Sov no ei lita stund i fanget mitt", sa ho til Veslekort, og mens han låg der, drog ho ein gullkledning på han.

Men no varte det ikkje lenge før Riddar Raud krabba ned igjen av treet, då han såg det ikkje meir var nokon fare på ferde. Han truga kongsdottera så lenge at ho måtte love at ho skulle fortelje han hadde frelst ho, for dersom ho ikkje sa det, så ville han ta livet av ho. Så tok han lungene og tunga ut av trollet og la i lommetørklet sitt, og leidde såg kongsdottera attende til kongsgarden. Og var det ikkje blitt gjort ære på han før, så blei det då no. Kongen visste ikkje kva han skulle finne på til heider for han, og alltid sat han på høgre sida av kongen ved bordet.

Veslekort han gjekk først ut på trollskipet og tok med seg ei heil mengde gull- og sølvband og andre gilde ting, og så pilta han attende til kongsgarden. Då kokkejenta fekk sjå alt gullet, blei ho reint fælen og spurde: "Men kjære, vene deg, Veslekort, kor har du fått alt dette frå?" For ho var nok redd han ikkje skulle ha fått det på rett måte.

"Å", svarte Veslekort, "eg plukka opp desse banda på eit forlatt skip, og så tok eg dei med til deg, eg."

Då kokkejenta høyrde dei var å, spurde ho ikkje vidare om den tingen. Ho takka Veslekort, og alt var godt og vel att.

Den andre torsdagskvelden gjekk det like eins. Alle var i sorg og stur, men Riddar Raud sa at hadde han kunna frelse kongsdottera frå eitt troll, så kunne han alltid frelse ho frå eitt til, og leidde ho ned til stranda. Men han gjorde nok ikkje det trollet stor skaden heller han, for då tida kom at dei kunne vente trollet, sa han liksom siste gong: "Det er betre éin mister livet enn to", og kleiv så opp i treet att.

Veslekort bad denne gongen også om lov til å gå ned til stranda litt.

"Å, kva skal du der!" sa kokkejenta.

"Jo, kjære la meg gå", sa Veslekort, "eg vil så gjerne ned og more meg litt."

Ja, han skulle då få lov til å gå. Men han måtte først love at han skulle vere attende til steika skulle vendast, og då skulle han ha med seg eit stort vedfang.

Aldri før var Veslekort nedved stranda, så kom trollet farande så det suste og bruste om det. Det var éin gong til så stort som det andre trollet, og ti hovud hadde det.

"Eld!" skreik trollet.

"Eld igjen!" sa Veslekort.

"Kan du fekte?" ropte trollet.

"Kan eg ikkje, så kan eg lære!" sa Veslekort.

Så slo trollet etter han med jernstonga si – ho var enda større enn stonga det første trollet hadde – så jordspruten stod seks meter til vêrs.

"Tvi!" [7] sa Veslekort, "det var noko, også det! No skal du sjå eit hogg av meg!"

Så greip han sverdet og hogde til trollet så alle ti hovuda dansa bortover sanden.

Så sa kongsdottera til han igjen: "Sov ei lita stund på fanget mitt", og mens Veslekort låg der, drog ho ein sølvkledning på han.

Så snart Riddar Raud merka at det ikkje var nokon fare på ferde lenger, krabba han ned av treet og truga kongsdottera å no igjen måtte love å seie at det var han som hadde frelst ho. Så tok han tungene og lungene av trollet og la i lommetørklet sitt og leidde kongsdottera attende til slottet. Her blei det fryd og glede, det kan ein nok vite, og kongen visste slett ikkje korleis han skulle bere seg åt med å vise Riddar Raud ære og heider nok.

Men Veslekort tok med seg eit fang med gull- og sølvband og slikt frå trollskipet, han. Då han kom attende til kongsgarden, slo kokkejenta hendene i hop og undra seg over kor han hadde fått alt det gullet og sølvet frå. Men Veslekort svarte han hadde funne banda på eit forlatt skip, og at han hadde tatt dei med seg til kokkejenta, sa han.

Då den tredje torsdagskvelden kom, gjekk det like eins som dei to første gongane. Heile kongsgarden var kledd med svart, og alle var i sorg og sut, men Riddar Raud sa han syntest ikkje dei hadde så mykje å vere redde for. Hadde han frelst kongsdottera frå to troll, så kunne han vel frelse ho frå det tredje også. Han leidde ho då ned til stranda, men då det lei mot den tida trollet skulle komme, kleiv han opp i treet og gøymde seg att. Kongsdottera gret og bad han bli, men det hjelpte ikkje, for han blei ved det gamle: "Det er betre éin mister livet enn to", sa Riddar Raud.

Den kvelden bad også Veslekort om lov til å gå ned til stranda. "Å, kva skal du der!" svarte kokkejenta. Men så lenge bad han at han til sist fekk lov å gå. Men han måtte love at han skulle vere i kjøkkenet att når steika skulle vendast.

Aldri så snart hadde han komme ned til stranda, så kom trollet så det suste og bruste om det. Det var mykje større enn nokre av dei andre, og femten hovud hadde det.

"Eld!" ropte trollet.

"Eld igjen!" sa Veslekort.

"Kan du fekte!" skreik trollet.

"Kan eg ikkje, så kan eg lære", sa Veslekort.

"Eg skal lære deg!" skreik trollet, og slo etter han med jernstonga si så jordspruten stod ni meter til vêrs.

"Tvi!" sa Veslekort, "det var noko, også det! No skal du sjå eit hogg av meg!"

Med det same greip han sverdet og hogde til trollet så alle femten hovuda dansa bortover sanden.

Då var kongsdottera frelst, og ho både takka og velsigna Veslekort for at han hadde berga ho. "Sov no ei lita stund på fanget mitt", sa ho. Og mens han låg der, drog ho på han ein massingkledning.

"Men korleis skal vi no få openberra at det er du som har frelst meg?" sa kongsdottera.

"Det skal eg nok seie deg", svarte Veslekort. "Når no Riddar Raud har leidd deg heim att og gir seg ut for den som har frelst deg, så veit du han skal ha deg og halve kongariket. Men når dei så om bryllaupsdagen spør deg kven du vil ha til å skjenke i skålene for deg, skal du seie: 'Eg vil ha den vesle guten som er i kjøkkenet og ber ved og vatn for kokkejenta.' Med det same eg då skjenker i, søler eg ei drope på tallerkenen hans, men ingen på din. Så blir han sint og slår meg, og det held vi begge på med tre gongar. Men den tredje gongen skal du seie: "Skam få deg som slår kjærasten min! Han har frelst meg, og han vil eg ha!""

Så sprang Veslekort attende til kongsgarden liksom dei andre gongane. Men først var han ute på trollskipet som snarast og tok ei heil mengd gull og sølv og andre kostelege ting, og av det gav han igjen kokka eit heilt fang gull- og sølvband.

Straks Riddar Raud såg at all fare var over, krabba han ned av treet og truga kongsdottera å måtte love ho skulle seie at han hadde frelst ho. Så leidde han ho attende til kongsgarden, og var det ikkje gjort ære nok på han før, så blei det då no. Kongen tenkte ikkje på anna enn korleis han skulle heidre han som hadde frelst dottera hans frå dei tre trolla. Det var greitt at han skulle ha både ho og halve riket, sa han.

Men på bryllaupsdagen bad kongsdottera at ho måtte få den vesle guten som var i kjøkkenet og bar ved og vatn for kokkejenta, til å skjenke i skålene ved brudebordet. "Å kva vil du med den svarte filleguten her inne?" sa Riddar Raud. Men kongsdottera sa at han ville ho ha til å skjenke og ingen annan, og endeleg fekk ho då lov. Og så gjekk alt slik som det var avtalt mellom Veslekort og kongsdottera: han søla ei drope på tallerkenen til Riddar Raud, men ingen på hennar, og kvar gong blei Riddar Raud sint og slo til han. Ved det første slaget fall fillekledninga av Veslekort, den han hadde på i kjøkkenet. Ved det andre slaget fall messingkledninga, og ved det tredje sølvkledninga, så stod han der i gullkledninga, så blank og gild at det lyste av han.

Då sa kongsdottera: "Skam få deg som slår kjærasten min! Han har frelst meg, og han vil eg ha!"

Riddar Raud svor og banna på at han hadde frelst ho, men så sa kongen: "Den som har frelst dottera mi, har vel noko å vise for seg." Ja, Riddar Raud sprang straks av stad etter tørkleet sitt med lunger og tunger i, og Veslekort henta alt det gullet og sølvet og alt det gilde han hadde tatt ut av trollskipet. Så la dei kvar sitt fram for kongen, og han sa om Veslekort: "Han må ha drepe trollet: for slikt er ikkje å få hos nokon annan." Og så blei Riddar Raud kasta i ormegarden, og Veslekort skulle få kongsdottera og halve riket.

Ein dag gjekk kongen og Veslekort og spaserte. Så spurde Veslekort kongen om han hadde hatt fleire barn.

"Ja", sa kongen, "eg hadde ei dotter til, men ho har trollet tatt, for det var ikkje nokon som kunne frelse ho. No skal du ha den eine dottera mi, men kan du også frelse ho som trollet har tatt, skal du gjerne få ho og det andre halve riket også."

"Eg får vel prøve", sa Veslekort. "Men eg må ha ein jernkjetting som er tre hundre meter lang, og så vil eg ha fem hundre mann og niste til dei for femten veker, for eg vil langt til sjøs, sa han.

Ja, det skulle han nok få, men kongen var redd han ikkje hadde så stort skip at det kunne bere det alt saman.

"Eg har skip sjølv", sa Veslekort, og tok opp av lomma det han hadde fått av den gamle kjerringa.

Kongen lo av han og tenkte det ikkje var anna enn spøk, men Veslekort bad berre om det han hadde forlanga, så skulle nok kongen få sjå.

Dei kom då med alt saman, og Veslekort bad dei skulle legge kjettingen i skipet først. Men det var ingen som kunne orke å løfte kjettingen, og mange kunne ikkje få rom omkring det ørvesle skipet på éin gong. Så tok Veslekort sjølv i kjettingen i den eine enden og la nokre lenker opp i skipet. Og etter som han kasta kjettingen oppi, blei skipet større, og til sist var det så stort at både kjettingen og dei fem hundre mennene og nista og Veslekort hadde godt rom. "Gå no ferskvatn og saltvatn, berg og djupe dalar, og stans ikkje før du kjem dit kongsdottera er", sa Veslekort til skipet, og straks fór det av stad så det peip og kvein om dei, både over land og vatn.

Då dei hadde segla slik langt, langt bort, stansa skipet midt utpå havet. "Ja, no er vi komne her", sa Veslekort. "Men ei anna sak er det korleis vi kjem herifrå att."

Så tok han jernkjettingen og slo den eine enden om livet på seg. "No må eg til botnen", sa han, "men når eg drar sterkt i kjettingen og vil opp att, må de heise, alle som éin mann, elles er det ikkje meir liv å tenke på, verken for dykk eller meg", og dermed hoppa han til havs så gule vass-spruten stod om han. Han sokk og sokk, og endeleg kom han til botnen [8]. Der såg han eit stort berg med ei merkeleg dør i [9], og der tok han seg inn. Då han hadde komme inn, fann han den andre kongsdottera. Ho sat og sydde, men då ho såg Veslekort, slo ho hendene saman. "Å, gudskjelov!" ropte ho. "No har eg ikkje sett mann sidan eg kom her."

"Ja eg kjem etter deg, eg", sa Veslekort.

"Å, meg får du nok ikkje", sa kongsdottera. "Det nyttar aldri å tenke på det. Får trollet sjå deg, tar han livet av deg."

"Det var godt du talte om han", sa Veslekort, "kor er han hen? Det kunne vere morosamt å få sjå han."

Så fortalde kongsdottera at trollet var ute og skulle sjå å få tak i ein som kunne brygge to tonn malt i eitt brygg. For det skulle vere gjestebod hos trollet, og då dugde ikkje mindre.

"Det kan eg gjere", sa Veslekort.

"Ja, berre no ikkje trollet var så hastig til sinns, så eg kunne få fortalt han det", svarte kongsdottera. "Men han er så bråsint at han riv deg sund med det same han kjem inn, er eg redd. Men eg får vel prøve å finne på noko. No kan du gøyme deg i kammerset her, så får vi sjå korleis det går."

Ja, Veslekort gjorde så, og aldri før hadde han krope inn i kammerset og gøymt seg, så kom trollet.

"Å huff! her luktar bein", sa trollet.

"Seier du det?" sa ho. "Det svømte kanskje ein makrell [10] forbi med eit bein som han sleppte og som dreiv inn med deg [11]", svarte kongsdottera. "Kanskje det er noko slikt du luktar?"

Så spurde kongsdottera om han hadde fått fatt på nokon som kunne brygge to tonn malt i eitt brygg.

"Nei, det er ingen som kan det", sa trollet.

"For ei lita stund sidan var det éin inne her som sa han kunne det", sa kongsdottera.

"Korfor let du han fare herifrå då?" spurte trollet. "Du visste då at eg ville ha tak i ein slik ein."

"Å, eg let han nok ikkje fare heller, eg", sa kongsdottera, "men far er så hastig til sinns, og så gøymde eg han i kammerset. Om far ikkje skulle ha fått nokon annan til brygginga, så er han nok her."

"La han komme inn", sa trollet.

Då Veslekort kom, spurde trollet om det var sant at han kunne brygge to tonn malt i eitt brygg.

"Ja", sa Veslekort.

"Det var godt eg fekk tak i deg", sa trollet. "Lag deg no straks til, men stakkars deg om du ikkje bryggar ølet sterkt."

"Å, det skal nok få smak", sa Veslekort, og gav seg til med brygginga. "Men eg må ha fleire troll til å bere bryggeved [12] " sa Veslekort. "Dei eg har fått, orkar ikkje stort."

Ja, han fekk fleire, så mange at det krydde, og så gjekk det godt med brygginga.

Då no vørteret [13] var ferdig, skulle dei smake alle saman, først trollet sjølv og sidan dei andre. Men Veslekort hadde brygga vørteret så sterk at dei fall daude som fluger etter som dei drakk av det. Til sist var det ingen andre att enn ei gammal, ussel kjerring som låg bak omnen. "Å" sa Veslekort, "du får då smake vørteret du også!" Han gjekk bort og skrapa rundt botnen på bryggekaret med kolla [14] og gav ho. Så var han kvitt dei alle i hop.

Som han no stod der og såg seg om, fekk han auge på ei stor kiste. Den tok Veslekort og la full med gull og sølv, batt så kjettingen om seg og kongsdottera og kista, og rykte til av alle krefter. Så drog mannskapet dei opp i god behald.

Då Veslekort vel var kommen om bord att, sa han: "Gå no saltvatn og ferskvatn, berg og djupe dalar, og stans ikkje før du kjem til kongsgarden", og straks fór skipet av stad, så gule fossen stod om det.

Då dei på kongsgarden såg skipet, var dei ikkje seine om å møte det med song og spel. Gladast av alle var kongen, som no hadde fått att den andre dotter si også.

Men den som ikkje var vel til mote, det var Veslekort, for begge kongsdøtrene ville ha han, og han ville ikkje ha nokon annan enn ho han først hadde frelst – det var den yngste det. Derfor gjekk han titt og ofte og tenkte på korleis han skulle bere seg åt for å få ho, for den andre ville han også nødig gjere imot.

Ein dag han gjekk og tenkte hit og dit på dette, fall det han inn at berre han no hadde bror sin hos seg, kong Lavring, som var så lik han at ingen kunne skilje dei frå kvarandre, så kunne han få den andre kongsdottera og det halve riket. For sjølv syntest han at han hadde nok med den eine halvdelen. Aldri før hadde han komme på det, så gjekk han utanfor slottet og ropte på kong Lavring. Nei, det kom ingen. Så ropte han éin gong til og litt høgare, men nei, det kom enda ingen. Så ropte Veslekort tredje gongen, og det av alle krefter. Så stod broren der.

"Eg sa du ikkje skulle rope på meg utan du var i di yttarste nød", sa han til Veslekort, "og her er jo ikkje ein mygg som kan gjere deg noko."

Dermed ville han til å daske til Veslekort, men Veslekort sa:

"Å, skam få deg om du slår! Først har eg vunne den eine kongsdottera og det halve riket, og så den andre kongsdottera og det andre halve riket, og så tenkte eg å gi deg den eine kongsdottera og halvdelen av kongeriket med meg. – Synest du det er rimeleg å ville slå meg for det?"

Då kong Lavring høyrde det, bad han bror sin om forlating, og dei blei straks gode vennar og vel forlikte att.

"No veit du", sa Veslekort, "at vi er så like at ingen kan kjenne den eine av oss frå den andre. Byt no klede med meg og gå opp på slottet, så trur kongsdøtrene det er eg som kjem. Ho som då først kysser deg, skal du ha, så tar eg den andre." Han visste at den eldste kongsdottera var den sterkaste, og så kunne han vel skjøne korleis det ville gå.

Smask ventar

Det var kong Lavring straks villig til. Han byta klede med broren og gjekk opp på slottet. Då han kom inn på rommet til kongsdøtrene, trudde dei det var Veslekort, og begge sprang på timen imot han. Men den eldste, som var størst og sterkast, skubba søstera til side og tok kong Lavring om halsen og kyste han. Og så fekk han ho, og Veslekort den yngste kongsdottera. Då kan det vel hende det blei bryllaup, og det så det blir høyrt og spurt over sju kongarike.

Eventyr att-gitt

Ord

  1. gudsgåvene: barna – frå ei tid då mellom anna betra sanitærforhold førte til at fleire barn levde opp enn før, med dei problema som følgde. Frå Noreg utvandra for eksempel ein tredel av folket fordi dei ikkje hadde, fann eller skapte berekraftig grunnlag for mange fleire. Det var i stor grad før industrireisinga kom godt i gang. [Lovoll 1999:20-35]
  2. bere meg: jamfør "(Himmelen) trøyste og bere meg". Tilsvarer om lag "trøyste meg", "milde himmel", "himmelen hjelpe meg".
  3. knyte: pakke, tull, bylt (av klede knytte saman i hjørna).
  4. trøystig: frimodig, hugheil, tillitsfull, optimistisk.
  5. tru om: gudane må vite om; skal tru om, kven veit?
  6. spett: jernstong med kileforma spiss, grovare enn spidd, som er ein tynn, kvass jernpinne brukt til å steikje noko på over open varme.
  7. tvi: eigenleg spyttelyd, og her brukt til å uttrykke avsky; fy; som i tvi vøre.
  8. dykke langt ned utan spesialutstyr, er å innby til vanskar fordi trykket blir sterkare og sterkare dess djupare ein kjem. Følgene kan bli verre enn å vaske øyra. Ein blir "pressa" eller skvisa der nede. Å kome fort opp til overflata ifrå djupet, kan dessutan sprenge fisk og folk. Folk får bobler av nitrogengass i blodet av det, få hovudverk, kan bli numne, bli lamma, mist medvettet og døy i verste fall. Men Veslekort kom ifrå det! (Wikipedia, "Trykkfallsyke"; "Atmospheric diving suit"; "Pustegass")
  9. berg med dør og pipe på havbotnen: Døra må ha vore ei kolossalt sterk slusedør for å tole det fæle trykket i havdjupet. Pipa er vanskeleg å greie ut om når ein kan sleppe bein ned gjennom ho utan at vatnet fosser inn og druknar alle.
  10. korfor makrell: og I Asbjørnsen og Moe si oppteikning er det ein fugl som flyg forbi og slepper eit bein. Det blir snålt. Her er det ein makrell som får den rolla. Framstillinga er likevel skjemma av at noko kan drive ned i ei undervasshole, som ned gjennom ein skorstein. I havdjupet fossar sjøvatnet inn og driv lufta ut der det er ei open trakt slik. Då går det normalt ille. [Meir]

  11. bryggeved: ved brukt til brygging.
  12. vørter: væske som ein siler frå knust, vassblanda malt. Og malt er tørka korn, oftast bygg, som har spirt ei tid og utvikla eit enzym som kan omdanne stive(lse) til sukker.
  13. kolle (her): kjerald utan øyre eller handtak; lågt trekjerald til å sette mjølk i så ho skal tjukne.

Notar

Gravaren fortel

Ein badegjest i Eidsvoll har ikkje mykje å ta seg til utanom det å skaffe seg forsvarleg mosjon. Alt den andre dagen der søkte eg derfor Per gravar på Store Finstad, om lag tre kilometer sør for elva. I dette uryddige reiret av samanstuva uthusbygningar og bustadhus fann eg til sist huset der han budde. I stua var det ingen, men i eit skummelt kammers sat ei gammal kjerring på ein krakk og spann. Eg kom med nokre spørsmål. På det første fekk eg ikkje anna svar enn eit målande blikk, det andre og tredje blei svart med eit "Hæ?" Då eg endeleg for fjerde gong spurde om ho kunne seie meg kor Per gravar var, svarte ho: "Å, det er vel ein tre kilometer til Graven enno." – "Nei, Per gravar", skreik eg. "Ja, Graven ligg austover, han får gå dalen fram så kjem han [1] dit." Sidan fekk eg vite at neste gard heitte Graven.

"Ho bestemor er tunghøyrt", sa ein røyst frå ein dunkel krok, der det no tok til å lysne. Det var ein jentunge med ein mindre unge på armen.

"Kan du seie meg kor eg skal finne Per gravar?" spurde eg ho.

"Han er ikkje heime", svarte ho.

"Veit du kor han er?"

"Han er vel på Styri hos ho moster [2]."

"Kor ligg Styri hen?"

"På austsida."

"Er det langt dit?" spurde eg.

"Eg veit ikkje."

"Er ingen andre heime?"

"Nei, dei er til bryllaups."

"Enn i neste stove?"

"Eg veit ikkje."

I neste stove fekk eg likevel vite det eg trengde. Det var ikkje anna å gjere for meg enn å dra over til Styri. Utanfor i svala [3] fann eg mostra det gjaldt. Ho var ei lang, tørr, medelaldrande kone med det gråe håret stroke opp under ein svart hue. Med ein viss godhug kom ho meg i møte og sa: "Han få vere så god å gå inn."

Nokså forsagt over den motgangen eg allereie hadde hatt, spurde eg om ikkje Per gravar skulle vere her.

"Han skulle kanskje bestille grav for nokon?" spurde ho.

"Nei, ikkje det. Eg har høyrt at han skal kunne så mange gamle eventyr og historier, og eg hadde lyst til å høyre nokre av dei", sa eg.

"Ja så då! Ja, hadde Gamle-Anders, far hans Per, vore her så – det var mann som kunne fortelje! Når han begynte, så blei det mest aldri ende på."

"Herregud, kan du ikkje få fatt i Gamle-Anders for meg?"

"Gamle-Anders døydde for to år sidan! Han Per kan nok nokre han også, men det er ikkje så godt å få han på travet [4] i gang med det. Han er litt vrang med det, må vite! Nei, Gamle-Anders, han kunne historier! Ein trong ikkje å bede han heller! Men no er det akkurat to år sidan til mikkelsmess [5]."

"Det kan jo ikkje hjelpe meg stort", braut eg av, ergeleg over at den lovpriste Anders ikkje levde. "Er ikkje Per her?"

"Jammen var han her også, det er sant det, men han skulle bort til klokkaren. Han treffer han visst hos klokkaren. Og er han ikkje der, så er han visst i Bakken, eller i prestegarden, dersom han ikkje er inne på kyrkjegarden og grev ei grav, for gamle mor Habberstad er daud."

No var det nesten forbi med tolmodet mitt. Men då alt syntest å tyde på at ein måtte ha meir enn vanleg av denne gåva overfor Per gravar, så bestemte eg meg for å spare den siste resten. Eg prøvde å komme av stad. Men no hadde kona tatt eit glas fram av skjenken – ikkje mykje gjennomsiktig – og skjenkt ein fennikel-dram som ho presenterte meg på ein tallerken saman med eit stykke kandissukker mens ho tapte seg i eit mangfald av utrop om kor makelaus Gamle-Anders hadde vore til å fortelje.

"Han Per er ganske visst hos klokkaren, og er han ikkje der, så er han i Bakken eller prestegarden, dersom han ikkje er på kyrkjegarden", ropte ho enno etter meg då eg gjekk ut gjennom grinda. Det lydde som hån, for desse stadane hadde eg nettopp gått frå eller forbi.

Eg bestemte meg likevel for å søke han på den siste staden først, det som etter hennar meining var det minst sannsynlege.

Det var ein av desse kaldt, triste sommardagane då eg gjekk bortover til kyrkja gjennom dei mørke alléane i prestegardshagen. Regnet hadde halde opp, men ved kvart vindstøyt dryste det raslande ned imellom blada frå trekronene. Skodda og skyene dreiv lågt mellom toppane. Matt og gråleg fall lyset over gravene og enkle minne på kyrkjegarden. Vindsukk lydde mellom greinene, og ingen fugl song bak lauvet. Ei forutaning om hausten syntest alt å skjelve gjennom denne stille, einsame trakta, der berre kyrkja stod som ein trøystar og peikte mot himmelen med tårn og spir.

Frå det fjernaste hjørnet på kyrkjegarden høyrde eg klangen av spaden. Gravaren stod og grov nedi ei grav. På ei tue tett ved stod den klokkarens store, prektige geitebukk med skjegg og horn åt gras. Eg kjende han godt frå tidlegare besøk. Eg blei ståande ei stund og sjå på gravaren. Han var ein aldrande mann, men ein kunne ikkje seie at han var nokon vakker gammal mann. Kallet hans syntest ikkje å ha hatt nokon mildnande eller forsonande påverknad på hugen hans, for han såg ut i verda med eit bistert blikk og eit hypokondrisk fjes. Eg syntest det var noko kjent ved denne fysiognomien – eg leita etter det i minnet, og fann det omsider att hos ein sta hest eg ein gong hadde vore plaga med. Då han ein augeblink stansa i arbeidet for å kvile, såg han opp og fekk auge på meg, som hittil hadde stått der upåakta.

"God kveld, gravar", sa eg.

Han målte meg frå øvst til nedst, spytta i nevane, og tok fatt på arbeidet att.

"Det er tungt arbeid du har i dette våte vêret", heldt eg trottig fram.

"Det er ikkje lettare i solskin", svarte han med eit eddiksurt grin, og blei ved å grave.

"Kven grev du denne grava for?" spurde eg, i det håpet at det kanskje kunne utspele seg ein samtale av dette spørsmålet.

"For fanden og kyrkja", svarte gravaren. Dette måtte eg bede om ei forklaring på.

"Fanden tar sjela og kyrkja får pengane", svarte han.

"Ikkje slik; eg meinte, kven skal ligge i grava?"

"Ei daud kjerring", svarte gravaren.

Dermed var brua kasta av. Eg innsåg at dette ikkje kunne føre til noko ønskeleg resultat. Utolmodig over regnet som tok til å ruske att, og ergeleg over det som etter alt sannsyn var mislykka ekspedisjon for meg, fortalde eg gravaren at eg hadde søkt han for å få høyre eventyr og historier frå gamle tider. Eg sa også at han saktens ikkje skulle fortelje meg dei for ingenting, og at det tilmed måtte glede han å kunne fortelje dei for ein person som meg, som trudde på slikt, som folk flest i våre dagar ikkje gjorde, og så vidare.

Under denne talen såg gravaren av og til på meg med det sta hesteblikket sitt, som velta alle håp eg hadde.

"Enten folk trur det eg fortel eller ikkje trur det, er eg like glad", sa han. "Men det eg har høyrt og det eg veit, det veit eg, og eg vil ikkje vere narr for nokon og sitte og fortelje som ei vrøvlekjerring. Om det så var for kongen sjølv", la han til for å stadfeste det enda meir.

Eg var allereie i ferd med å gå då han stansa att, halvt vendt frå meg. Etter å ha skuva hatten bort på det eine øyret, tok han til å leite først i den eine så i den andre vestelomma. Men han lét ikkje til å finne det han leita etter, for fjeset blei synleg lengre, især etter at han hadde ransaka begge lommene på ny, men utan resultat.

Eg skjønte straks at han var sleppt opp for tobakk, og tenkte fornøgd: no er turen kommen til meg. I botanikarkassa hadde eg ein av Tidemands så mykje etterspurte kvartrullar, og i det eg lét som eg greip etter lommetørkleet laga eg det ved eit lite knep slik at kvartrullen fall ned like på kanten av den grava han stod i. Ganske roleg bøygde eg meg ned etter han, men forsømte ikkje å sjå solglimtet som gjekk over gravarfjeset ved dette synet. Liksom i tankar vikla eg rullen opp, lokka på den hornete vennen min, som stod på grava tett ved, og lét han bite eit stort stykke av rullen.

"Kor langt er det til Tønsaker?" spurde eg.

Gravaren mumla noko om å misbruke Guds gåver, men svarte likevel høflegare enn før at det var som ei kvart mil på den andre sida av sundet.

"Og til gullverket?" spurde eg.

"Ei mil", sa gravaren. "Men kor kjem den karen frå då, om eg får spørje?" la han til med eit pussig uttrykk i fjeset.

"Sist kom eg frå Store Finstad, der eg spurde etter Per gravar", svarte eg, og la rullen i kassa att, etter å ha gitt geitebukken enda eit stykke. Det følgde ikkje noko svar på dette, men Per gravar gav seg til å grave med stor iver. I tillegg til jord og stein kasta han halvrotne tresplintar og smuldrande bein opp med spaden. Blant beina som rulla bort til føtene mine, var eit kvinneleg kranium med så ven og fullenda form at Rezius ville ha halde det for eit ideal av den skandinaviske typen. Eg tok det opp og såg merksamt på det.

"Det var inga gammal kjerring som eigde den skallen", begynte gravaren att.

"Det ser eg", svarte eg.

"Det var ei gardmannskone her frå bygda, og ho var både i akt og ære", nemnde han vidare.

"Ja så."

Hadde gravaren vore like vrang og vriden, ville han tidd. Men ein rull tobakk, om enn berre i håpet, har ein vedunderleg innverknad på gemyttet.

"Inne krank, ute blank", heldt han trottig fram.

Ikkje noko svar frå mi side.

"Men det var ein herleg fin tobakk, han De har der i blekkeska."

"Det syntest denne knekten her også", svarte eg, idet eg lokka på bukken og gjorde mine til å gi han meir tobakk.

"Nei, hadde han Gamle-Anders, far min levd", sa Per gravar fort, idet han med eit oppkasta bein prøvde å hindre den lykkelege medtevlaren sin i å bli delaktig i dei goda eg etla bukken, "han kunne historier. Det eg kan, er ikkje stort."

"No, eg skjøner jo nok at du også vil ha eit stykke tobakk, Per gravar. Sjå der har du alt det bukken har leivt. Hadde du vore villigare før, så hadde du fått heile rullen. Men fortel meg no noko."

"Eg får vel det då, for eg kan skjøne De er ein skikkeleg fyr og ingen apefant", svarte gravaren, mens han samla reiskapane sine og steig opp av grava. "Forbanna udyr!" ropte han harmfull og slo etter geitebukken. "Slike bukkar er dei største skadedyra som tenkast kan. Dei burde ein sjå i hel, så mange som dei er."

Etter desse lettande flaumane frå hjartet sette han seg på ein gravstein og tok til å fortelje.

"De er ikkje den første som eg fortel dette", tok han til orde. "Vil De tru det, så kan De, og trur De det ikkje, så kan det vere for det som det er.

Kjerringar i bygda

Det var ein bondemann i bygda her. Han hadde høyrt at trollkjerringane skulle halde slik leik og slikt spel i kyrkja om høgtidskveldane. Det trudde han ikkje, men han syntest han kunne ha lyst til å sjå om det var sant, og så hadde han moro av å sjå kven som var trollkjerringar i bygda. Ja, om påskekvelden sette han seg inn på likbåra i kyrkjesvala, og rett som det var, så kom det eit heilt følge, og framfor dei gjekk ein stor svart hund. Då dei kom til kyrkjedøra, sette hunden seg på bakbeina og krafsa på døra. Så sprang ho opp, enda ho var låst.

"Såg du det?" sa ei kjerring som gjekk nærast etter hunden, til ei anna ei, og det var ho her", la gravaren til, idet han viste til hjerneskallen.

"Nei, det hadde eg ikkje trutt enda du sa det", svarte den andre som gjekk ved sida av ho, og det var også ei bra kone frå bygda her. Etter dei kom det no så mange at han nesten ikkje hadde tal på dei. Men han kjende dei alle saman, og han hadde ikkje trutt at det var så mange trollkjerringar over heile Romerike som han fekk sjå at det var i Eidsvoll prestegjeld aleine. Dei hoppa og dei dansa, og dei gjorde alle dei hånlege tinga som nokon kunne finne på, både på preikestol og på alter. Då dei ikkje visste noko anna å finne på, så trolla dei ei ku opp i tårnet og lét ho ake utover trappene med alle fire beina i vêret. Kua syntest han at han skulle kjenne, han trudde ho høyrde til i Prestbakken, og då trollkjerringane hadde gjort frå seg og allting var forbi i kyrkja, så gjekk han bort i Prestbakken. Då han kom inn i fjøset der, stod kua og skalv, og så sveitt var ho at skummet dreiv av ho.

Bra kone var blyg

Men så var det ein gong lenge baketter, der var eit bryllaup, og i det bryllaupet var han kjøkemeister, den same mannen som hadde sett alt dette om påskekvelden. Og der var også den kjerringa som hadde gått føre i trollkjerringstimen. Då dei skulle til bords, ville dei ha ho til å sette seg inntil bordet først, for det var sånn ei bra kone, må vite. Men ho skulle no vere så blyg og gjorde seg så kostbar at det ikkje var nokon måte med det. Kjøkemeisteren bad og nøydde ho til å sette seg inntil bordet, men til sist blei han kjei av dette og så sa han ganske sakte å:

"Gå du først du, du er vant til det, skal eg tru. Sist eg såg deg om påskekvelden, var du ikkje så blyg, då var du den første i dansen med han Gamle-Eirik både på alter og preikestol."

Då fall ho i svime [6], og sidan den tida hadde ho ikkje ein helsedag."

Gravaren tagde stilt, og ansiktet hans fekk att det sure, tverre uttrykket sitt. Men eg blei ved å spørje og fritte han om trollkjerringar, reisene deira og hendingar så lenge at eg fekk han til å love at han skulle fortelje meg alt det han visste om slikt.

Brent levande

"Der var nokre skyttarar", tok han til att, "som var på fugleleik ei påskenatt. Rett som dei sat i skyttarhytta i grålysinga om morgonen, fekk dei høyre slik sus og brus oppi vêret, og dei trudde nesten det var ein heil skokk storfugl som kom og ville slå ned på myra. Men det var fanden til fuglar det. Då dei kom fram over skogtoppane, så var det ein flokk trollkjerringar som hadde vore på påskeleik. Dei kom ridande på limar og skuffer og møkkgreip, på bukkar og geiter og dei mest urimelege ting som tenkast kan. Då dei var tett ved, kjende skyttarane ei kjerring, for ho var grannekjerringa til den eine av dei.

"Maren Myra", skreik han. Så fall ho ned i ei fure og braut av det eine lårbeinet. For når ein kjenner dei og roper namnet på dei så må dei ned, om dei er aldri så høgt. Dei tok ho opp og sette ho hos lensmannen, og til sist blei det så at ho skulle brennast levande. Men før dei fekk ho opp på vedstabelen, bad ho dei ville ta tørkleet frå auga hennar litt. Ja, det skulle dei gjere, men først vende dei ho så at ho ikkje kunne sjå imot åker og eng, men langt bort i åsen. Og der ho hadde sett med auga sine, blei skogen svidd så han var ganske svart.

Jenta kunne mjølke

Men etter den kjerringa var det ei dotter, og ho sette dei til ein prest oppi Gudbrandsdalen. Ho kunne vel vere ni år gammal, men ho var slem og full av trollkjerringnykker. Ein gong sa presten at ho skulle ta nokre fliser som låg på garden og bere dei inn i kjøkkenet.

"Pytt, eg kan nok få dei inn om eg ikkje skal bere dei", sa ho.

"Ja så", sa presten, "la meg sjå på det."

Ja, straks gjorde ho ein vind så flisene flaug like inn i kjøkkenet. Presten spurde om ho kunne gjere meir. Ja, det kunne ho. Ho kunne mjølke, sa ho, men ho ville nødig gjere det, for det var til skade for krøttera. Presten bad ho, men ho ville nødig. Til sist skulle ho til å gjere det likevel. Så sette ho ein tollekniv i veggen og ei kolle [7] under kniven, og straks ho rørde ved han, spruta mjølka ned i kolla. Då ho hadde mjølka ei stund, ville ho halde opp.

"Å nei, mjølk du, barnet mitt", sa presten.

Nei, ho ville ikkje. Men presten snakka så lenge for det at ho begynte att.

"No må eg halde opp", sa ho litt etter, "for elles kjem det berre blod."

"Å mjølk du, barnet, mitt", sa presten, "og bry deg ikkje om det." Ho ville ikkje, men til sist så gav ho etter og blei ved å mjølke. Om ei stund så sa ho: "Ja, held eg ikkje opp no, ligg den beste kua daud på båsen."

"Mjølk du, barnet mitt, og bry deg ikkje om det", sa presten, for han ville sjå kva ho kunne.

Ho ville nødig, men presten nøydde ho til ho gav seg og blei ved å mjølke. [8]

"No fall kua", sa ho, og då dei gjekk ut i fjøset og såg etter, låg den beste kua som presten eigde, daud på båsen. Så brende dei ho også, liksom dei hadde gjort med mora.

Frysande naken med bukgjord om livet

Ja, det var ei forargelig trollkjerring, ho eg fortalde om", fortsette gravaren, "men der var ei som eg syntest var enda verre, for ho tok mannen sin opp av senga ein påskekveld, og rei på ryggen hans like frå Gudbrandsdalen og til Bergens kyrkje. Og mens ho var oppi tårna og heldt påskeleik med dei andre trollkjerringane og Gamle-Eirik, måtte mannen ligge splitter naken utmed kyrkjeveggen og fryse heile natta. Der var slikt eit vêr med sno og med snøfokk, og mannen blei så reint utmatta at han var nesten frå seg. Då det lei på morgonsida, reiste han på seg litt, men han fraus og hakka tenner. I det same kom det gåande ein forbi.

"Men sei meg, kor er eg?" sa mannen.

"No er du ved Bergens kyrkje", svarte han, og då han fekk sjå bukgjorda som mannen hadde om livet, så kunne han skjøne korleis det hang saman – for trollkjerringane var der både til jul og påske den tida – og så sa han: "Når ho kjem ut, ho som du er med, så ta berre bukgjorda og gi ho eit dyktig drag over ryggen. Så rir du heim att på ho, elles står du det ikkje ut."

Ja, då kjerringa kom ut, gjorde mannen som han hadde sagt. Og så rei han heim på ryggen hennar, og det fort."

"Hadde ho ikkje smurningshornet med?" spurde eg.

"Ho akta seg nok for å ta det med, for ho hadde saktens smurt kroppen før ho reiste heimanfrå", sa gravaren. "Men sidan De snakkar om smurningshorn, så minnest eg nokre historier som skal vere hendt for lang tid sidan."

"La meg høyre", sa eg.

Ho smurde sopelimen

"På ein gard i Ringebu", fortalde han, "var det ei trollkjerring som var så fælt slem. Men der var ein som visste om at ho var trollkjerring. Han gjekk dit og bad om hus ein helgekveld, og det fekk han også.

"Du får ikkje bli redd om du ser eg søv med opne auge", sa han. "Eg har den vanen, men eg kan ikkje for det."

Å nei, det skulle ho ikkje bli redd for, sa ho.

Rett som det var, så snorka han, og sov så fælt med auga opne, og best han låg slik, tok kjerringa fram eit stort smørehorn under ein stein i peisen og smurde sopelimen.

"Her opp og her ned til Jønsås", sa ho og fór av stad opp gjennom pipa til Jønsås, som er eit stort seterfjell.

Guten syntest det skulle vere moro å komme etter og sjå kva ho hadde for seg der, for han syntest ho sa: "Her opp og her ned til mønsås." Så tok han hornet under steinane i skorsteinen og smurde ei vedstikke. "Her opp og her ned til mønsås", sa han, og så fór han opp og ned imellom skorsteinen og møningen på huset heile natta, og slo seg mest i hel fordi han hadde mishøyrt. Sidan fekk han teneste der, og om kvelden årsdagen etter sat han og gjorde i stand ein slede. Men så blei han kei av det og gjekk bort og la seg til å sove på benken, og såg fælt fram for seg med opne auge. Rett som det var, tok kjerringa fram hornet i skorsteinen og smurde limen, og så fór ho opp gjennom pipa att. Guten la merke til kor ho gøymde hornet, og då ho vel var reist, så tok han det og smurde litt på sleden, men han sa ikkje noko. Sleden av stad, og dei såg aldri meir til verken guten eller sleden. Garden som dette var på, heitte Kjæstad, og Kjæstadhornet er namngjete den dag i dag.

Gjennom vêr og vind, og det både godt og vel

Men så var der ei kjerring på ein gard på Dovre. Ho var også trollkjerring. Det var ein julekveld. Tenestejenta hennar heldt på å vaske eit bryggekar. Imens tok kjerringa fram eit horn og smurde limen, og med det same fór ho opp igjennom pipa. Jenta syntest det var fælt til kunst, og tok og smurde litt av smøringa på karet. Så reiste ho også av stad og stansa ikkje før ho kom til Blåkolls. Der møtte dei ein heil flokk med trollkjerringar og Gamle-Eirik sjølv. Han preika for dei, og då dei hadde gjort frå seg, skulle han sjå dei over om dei alle hadde møtt fram. Så fekk han sjå denne jenta som sat i bryggekaret. Han kjende ho ikkje, for ho hadde ikkje skrive seg inn hos han. Og så spurde han kjerringa som ho var med, om ho ville skrive seg inn. Kjerringa meinte det. Gamle-Eirik gav då jenta boka og bad ho skrive i ho, Han meinte ho skulle skrive namnet sitt.

Men ho skreiv det som skulebarna på landet pleier skrive når dei prøver pennar: "Den som føder meg, det er Gud." Derfor fekk ho behalde pennen, for Gamle-Eirik var ikkje kar til å ta han attende. Men då blei det larm og styr på fjellet. Trollkjerringane tok piskar og slo på det dei hadde å fare på, og med det same sette dei av stad bort gjennom vêr og vind. Jenta forsømde seg ikkje, ho tok også ein pisk, slo på bryggekaret og sette etter dei. Ein stad var dei nede og kvilte på eit høgt fjell. Nedanfor var ein brei dal med eit stort vatn, og på den andre sida av dalen var det eit høgt fjell att. Då trollkjerringane hadde kvilt ut, slo dei på og fór over. Jenta undra seg på om ho også skulle komme over. Til sist slo ho på og kom over til den andre sida ho også, og det både godt og vel.

"Det var noko til sprang av eit bryggekar", sa ho, men med det same miste ho boka, og så fall ho ned og kom ikkje lenger. Resten av vegen måtte ho gå og vasse i snøen, for friskyss fekk ho ikkje lenger, og det var att mange mil."

Utrusta med salmeboka og grastorv

"Det kan vere moro nok å reise med trollkjerringane på kosteskaft og bryggekar", sa eg. "Men det må vere leitt stundom, for nordavinden fell skarp til vêrs, og ein kan knekke nakkebeinet før ein veit av det. Då er det betre ved kyrkjetårnmøta. Der kan ein jo få sjå dei når ein set seg på ein oppskoren grastorv, er det ikkje så, Per gravar?"

"Nei, ein skal ikkje sitte på ei grastorv", sa gravaren doserande, "men ein skal stå med ei grastorv i vêret i kvar hand, og torva skal vere oppskoren mot solas gang. Og salmeboka [9] skal ein ha på brystet og tre byggkorn i munnen. Og når ein lagar seg til på den måten, då tør verken Gamle-Eirik eller trollkjerringane yppe seg.

Ein mann hadde fått nyss om at trollkjerringane heldt slik leik og styr og sånn romstering i kyrkjetårnet om helgekveldane. Der syntest han at han skulle ha lyst til å vere med, og så gjekk han opp om julekvelden og sette seg i ein krok. Han hadde nok med seg noko grastorv, men han hadde vel ikkje gjort det rett. Rett som det var, så tok dei til å komme: Den eine trollkjerringa fauk inn gjennom tårngluggane etter den andre, somme på limar og somme på skuffar, somme på geiter og somme på bukkar og alle dei særaste ting. Og imellom alle desse var ei av grannekjerringane hans. Men då ho fekk sjå han, fór ho bort og stakk veslefingeren inn i nasen hans og heldt han slik, liksom eg held ein aure i ganen, ut igjennom gluggen.

"Vil du love at du aldri skal seie du har sett meg her? Elles slepper eg deg", sa ho.

"Nei, om eg gjer", sa han, for han var ein vrangpeis [10]. "Kom og ta imot meg, fanden!" skreik han i det same ho sleppte, og så kom fanden køyrenda i ein smalslede og stod under og tok imot han så han ikkje skrubba kneskallen ein gong. No skulle fanden skysse han heim også. Men mannen sat og slo på og huia og agerte så fanden hadde vondt for å halde seg på meiane. Og då dei kom tett ved garden til mannen, så køyrde han imot eit vasstrau, så sleden velta og fanden blei liggande på den eine sida av vasstrauet og han på den andre. Hadde han ikkje gjort det, så hadde han ikkje sleppt ut av klørne til fanden, men no hadde ikkje fanden meir makt over han.

"Tvi vørde deg då!" sa fanden. "Hadde eg tenkt du ville snyte meg, skulle eg ikkje reist så langt for fillesjela di. Då du ropte på meg, var eg tjue mil nordanfor Trondheim og heldt over ryggen på ei jente som var i ferd med å vri om halsen på ungen sin.""

Her sa gravaren at no kunne han ikkje minnast fleire trollkjerringhistorier. Men då han var kommen så godt på glid, trudde eg at eg burde nytte høvet, og spurde om han ikkje hadde noko å fortelje om dei underjordiske.

"Hm", sa han, "eg kan nok ha høyrt noko av moster mi kanskje. Då ho var jente, var ho på Modum og tente hos presten der. Teilmann trur eg ho kalla han.

Synsk med ville fakter

Det var ein gong på vårsida, då møkka skulle køyrast ut. Så gjorde den presten ein stor dugnad, for han var ein svare [11] mann til å drive jorda, og til dugnaden bad han folk både vidt og breitt frå alle kantar av bygda. Så var det ein gut hos ein mann. Guten var også bedt, og var så urimeleg kjær i gjestebod. Då husbonden hans sa til han om kvelden at han skulle lage seg til å køyre til dovning så han kunne komme av stad i otta, blei han så glad at han låg og velta seg heile natta og kunne ikkje sove. Inga klokke var der heller så han kunne passe tida, og så stod han opp ved midnattstid og sette hestane føre og køyrde til prestegarden. Men der var det ikkje oppe ei levande sjel enda, og så gjekk han omkring og dreiv for tidsfordriv. Best som han gjekk, kom han inn på kyrkjegarden, og der vaska han søvnen ut av auga sine i ei grøft der det stod noko vatn, for det hadde nyleg blitt mildvêr, og frå den tida var han synsk. Men han var halvsusete også, og dei kalla han ein galning. Enten han gjekk av teneste eller tente ut året sitt, det skal eg ikkje kunne seie, men sidan fór han alltid og sveiv omkring i bygda der det var gjestebod eller noko på ferde, og baud seg til å jage ut dei underjordiske.

Ein gong skulle det vere bryllaup på ein gard som heitte Presterud, og barsel på Komperud på ein dag. Då var han reint opprådd, for han visste ikkje kor han skulle gå hen, men til sist så gjekk han til bryllaupsgarden.

Då han hadde vore der og sett seg om ei stund, tok han fatt på kjøkemeisteren.

"Du passar godt på det du har, du", sa han. "Ser du ikkje at dei underjordiske drikk av ølspannet du har sett i kroken der, det minkar jo kvart augeblink. Men får eg lov å vere her mens bryllaupet varer, så skal eg nok jage dei sin kos."

"Ja, du kan nok få vere, men korleis vil du få dei ut?" spurde kjøkemeisteren.

"Det skal du få sjå", sa guten, tok spannet, sette det midten på golvet og krita ein stor ring rundt omkring det. "No tar du ei stor klubbe", sa han til kjøkemeisteren, "og når eg vinkar til deg, så slår du midt inn i ringen. Det er det same kor eg er hen, men når eg har fått dei inn i ringen alle saman, så slår du til alt det du orkar."

Då han hadde sagt det, tok han til å renne omkring. Han fór både høg og låg, og skyssa og jaga inn imot ringen. Kjøkemeisteren kunne nesten ikkje stå på beina, slik lo han av alle dei gale faktene guten gjorde, og dei trudde mest han var galen, alle som såg på det. Men då fekk dei sjå at han ikkje var så galen som dei trudde, for då han vinka til kjøkemeisteren og kjøkemeisteren slo til, høyrde dei eit skrik og eit kvin gjennom heile huset. Og somme som kom til bryllaupsgarden frå Komperud-kanten, fortalde at dei hadde høyrt slik sus og brus i lufta. Det var liksom ein heil flokk hadde snakka i munnen på kvarandre: "Til Komperud, til Komperud til barsels! Til Komperud til barsels!"

Her enda Per gravar forteljingane sine. Han kunne ikkje minnast meir i kveld, sa han, og gav seg til å jage geitebukken til klokkaren ut av kyrkjegarden.

Ord

  1. han: De, du, høfleg tiltaleform før.
  2. moster: morsøster, tante, til skilnad frå faster, farsøster.
  3. svala: gangen.
  4. få på travet: få i gang.
  5. mikkelsmess: "Mikaels-messe"; gammal festdag den 29. september. Engelen Mikael blei sett på som leiar for den himmelske hærskaren. I mai 1999 vedtok Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja å gjeninnføre markeringa av "Erkeengelen Mikael og alle englars dag" som valfri høgtidsdag på søndagen nærast 29. september.
  6. svime: svime av, falle i uvett, dåne. Ein kan svime av under fleire forhold. 20-30% av alle menneske opplever å svime av. Det som gjer at ein svimer av, kan vere ein stress-situasjon med angst og spenning. Det kan også komme av sjukdom. [Jf. Wikipedia, s.v. "Besvimelse"; Grindsted 2000]

    "Man skal legge pasienten ned og eventuelt løfte benene for å fremme blodforsyningen til hjernen. Man må sørge for å holde luftveiene frie og løse på klær som hemmer åndingen. Man må aldri prøve å gi bevisstløse personer noe å drikke. Hvis pasienten ikke kommer til bevissthet i løpet av et par minutter, skal han omgående under legebehandling." [Store norske leksikon s.v. "besvimelse"; Oslo universitetssykehus 2012.]

  7. kolle: trekjerald til å sette mjølk i.
  8. misbrukt mjølketillit. Presten dreiv fram galen og teletransportert mjølking, han misbrukte jenta ved å presse ho til å mjølke meir enn godt og rimeleg kunne vere. Så fekk han ho skulda og drepen for hekseri mens han sjølv gjekk fri. Han presse-misbrukte ei jente låkt, den presten.
  9. salmebok: ei samling kristne salmar med tekst og ofte også melodi. Slike samlingar blei hyppig brukt i kyrkja før også, og mange vers blei gitt små barn å lære utanboks i folkeskolen (førelauparen til grunnskolen). For somme var det hardt å få til, og dermed til plage.

    Mellom 1798 og 1853 song nordmenn i kyrka danske salmar frå Evangelisk-christelig Psalmebog til Brug ved Kirke- og Huus-Andagt. I 1853 kom Tillæg til den evangelisk-christelige Psalmebog, også kalla Christianiatillægget. Det var den første autoriserte salmesamlinga i Noreg. I 1869 kom Landstads salmebok på oppmoding frå kyrkjedepartementet. Og salmebøker som skal brukast i gudstenester i Den norske kyrkja (statskyrkja), måtte tidlegare godkjennast av kongen, det vil seie regjeringa. Skiftane salmar kan tolkast som uttrykk for ei naiv tru på at berre departementet har "signa" ei salmebok med godkjenning, har boka makt til å halde fanden vekke, jamvel om ho ligg ulest på brystet, som i historia ovanfor.

  10. vrangpeis: vriompeis, vrien og vrang person, stabukk, sjølvrådig person.
  11. svare: svær, fæl.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Charterworld.com. "Triton 36,000 – The World's Deepest Diving Multi-Passenger Submersible." Charterworld.com. 17. januar 2012.
www.charterworld.com/news/triton-36000-worlds-deepest-diving-multipassenger-submersible

Grindsted, Per. "Besvimelse". NettDoktor. 13. juni 2000.
www.nettdoktor.no/sykdommer/fakta/besvimelse.php

Høihjelle, Knut. "I stor fart hele livet." Namsos: Namdalsavisa, 30.10.2009.
www.namdalsavisa.no/Magasin/Friluftsliv/Naturen/article4467535.ece

Lovoll, Odd Sverre. The Promise of America: A History of the Norwegian-American People. Rev. ed. Minneapolis: University of Minnesota Press, 1999.

Ningaloo Atlas. "Friday movie: Deep diving bird." 2. august 2012. ningalooatlas.org/2012/08/02/friday-movie-deep-diving-bird/

Oslo universitetssykehus: "Syncope - besvimelse". Universitetet i Oslo. 11. april 2012.
www.oslo-universitetssykehus.no/pasient/diagnoseogsykdommer/Sider/syncope%20-%20besvimelse.aspx

Wild Facts. "Deepest Diving Birds." 3. mai 2012.
www.wild-facts.com/tag/deepest-diving-birds/

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]