NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Frå fjellet og setra

Fjellvandring
Fjellvandring

"Denne gongen slepp De meg ikkje, jomfru. De har så lenge lovt å fortelje meg om seterturen Dykkar, og no har De så mykje meir grunn til det, sia vår eigen lèt til å bli til vatn. De skuldar oss denne erstatninga for planane våre, som har blitt så sørgjeleg skuffa."

Eit blikk ut av vindauget i prestegarden stadfesta berre så altfor godt det eg sa. Himmelen, som tidleg om morgonen hadde spådd oss vakkert vêr, styrkte den gamle erfaring;a mi at berre kveldklårleiken er å byggje på. Den eine skuren sterkare enn den andre slo brusande ned i dei store trea utafor, og det teikna ikkje til noko opphald den dagen, trass i at vesle Trine som flaug ut og inn, forsikra om at det klarna snart i aust og snart i vest, og at vi kunne reise før middag.

"Altså, beste jomfru, eg er ikkje anna enn øyre!"

"Trur De eg vil fortelje Dykk noko, herr Asbjørnsen? Eg har fått vite at De ikkje som andre lèt Dykk nøye med å høyre kva ein fortel Dykk, men skriv det ned og trykkjer det i avisene. Derfor gjeld ikkje lovnaden min."

"Eg sver at eg ikkje skal trykkje det De no fortel meg, i noko avis," svara eg.

"Dessutan opplevde eg ikkje noko vidare på den turen. Den var vakker, den greip meg, det var det heile. Men no er eg lei for at eg nokosinne har fortalt Dykk om den."

"Stillinga De er i, er visst nok beklageleg; men sia eg har Dykkar lovnad -"

"Dessutan," avbraut ho meg, "kan De tenkje Dykk noko flauare enn å måtte nøye seg med eit magert minne midt i håpet om ein verkeleg tur? Å få eit ufullstendig bilete i staden for den varme røynda? Det er som setje seg til å lese ei musikkanmelding i staden for å gå og høyre ein konsert. Det ville ikkje undre meg om eg midt i forteljinga såg nissen som har spela oss denne streken, stikke hovudet ut av matkorga og le oss ut."

Eg sukka over kor sta damene kunne vere, mens eg hemmeleg måtte beundre den mengda av grunnar som står til rådevelde for dei, grunnar som er slåande nok, i det minste så lenge ein sit like overfor dei.

"Slike forteljingar tilhøyrer dessutan berre kakkelomnskrokane og vinteren," heldt ho fram i det ho klappa Marat, som hadde lægra seg ved føtene våre og ikkje var mindre slukøyra og mismodig enn oss.

"Herregud, jomfru, i vinter då eg bad Dykk, meinte De nettopp at dei tilhøyrde sommaren. Men la oss i staden for å stridast om det sameine oss mot dei vonde maktene som ertar oss. La oss gi dei ein god dag og gi opp turen, så skal De sjå at vêret klarnar før vi veit av det."

"Ja, og når det så er klara opp, reise like fullt, meiner De?" heldt ho fram leande. "Det var sanneleg verdt å prøve rådet Dykkar. No vel! Det er dumt å la seg nøyde. Så høyr då sjølv at det ikkje var verdt møda å be meg så mykje om denne reiseskildringa mi.

Ein dag på den tida, då eg var på setra i sommar, gjekk eg og Trine med ein av seterjentene innover fjellet for å sanke molter. Det var ein klar og stille dag; for like før hadde det regna, og lufta var så rein og lett på fjellet. I kløftene og mellom steinane stod det plantar med store, kvite, velluktande blomsterduskar. Ryper flaug opp framfor føtene på oss og smatt omkring mellom vidjene og bjørkeriset, engstelige for ungane sine. Då vi kom til moltemyrane, var dei heilt raude og gule av molter, og ved breddene og på tuene stod ei mengd blomster med reine, fine fargar eg aldri hadde sett maken til: dei fylte lufta med herleg duft. Det var så søtt å ande i denne lufta, og vesle Trine var så glad; ho flaug frå den eine blomen til den andre og klappa i hendene, og ho blei ikkje trøytt av å plukke og beundre desse blomane; og Brit fortalde oss om kyrne og geitene sine, og om reinsdyra ho hadde sett, og mange eventyr og underlege hendingar frå fjellet og setra. I løpet av forteljingane og det vennlege snakket hennar blei neverkrukkene våre snart fylte med molter og blomster, og vi gav oss på heimvegen. Vi sette oss ned for å kvile i det friske graset ved ein varde som stod på ei lita høgde. Til venstre litt bak oss låg ei gruppe høge, spisse fjell med kvite, skinande snøflekkar. Trine sa mykje råkande at dei likna sukkertoppar i blått karduspapir som det var rivne hòl i så at sukkeret skein igjennom. Brit fortalde oss det var Rondane, og då eg foreslo at vi skulle gå nærare bort til dei, sa ho dei låg over ei mil borte; eg syntest det ikkje kunne vere seks hundre meter dit bort. Fjernt i vest og nord tårna der seg fjell over fjell, høgare og høgare, i underlege former, med blålege og fiolette kuplar, tindar og kammer. Brit visste namna på dei alle og fortalde oss at dei låg i Valdres, i Lom og bortimot Sogn. Men framfor føtene våre til det vide fjerne, breidde det seg ut eit landskap av annan art, store brune og grågrøne strekningar, kledde med lyng og mose, aude, einsformige, ikkje avbrotne av noka høgde, ikkje oppliva av nokon ting Heile landskapet verka som det mest storarta, det mest opphøgde eg hadde sett. Men trass all sin stordom gjorde det likevel eit trist, nesten nedslåande inntrykk på meg. Ein brunleg, spraglete fugl kom flygande og sette seg på ei tue nær ved oss og fløyta. Men denne lyden, å den var så sørgjeleg, så melankolsk, som om fuglen ville syngje om kva eg kjende i denne augeblinken.

Brit og Trine hadde snakka saman heile tida. No tok eg til å lytte til samtalen deira.

"Kva er det dei kallar denne varden, Brit?" spurde Trine, som hadde vore her før, "Er det ikkje Tylevarden?"

"Jo, dei kallar den så," svara Brit, "det var nokre karar som reiste den, fordi dei såg noko her som var tyle." Tyle betyr rart, underleg, som De kanskje veit," braut ho av.

Svevande jomfruer og vakker musikk

"Det var Pål Brekke, som var husmann under Sell, og nokre andre tenestekarar. Budeiene hadde alt reist heim frå setra om hausten; så skulle desse karene ta mose til vinterfôr. Og mens dei kasta mose på bergflata her, kom det svevande så mange jomfruer at det såg ut som eit heilt brudefølgje, og dei var så vene at det lyste og skein av dei. Kjolane glinsa i sola som silke og slepte langt etter dei, og på hovudet hadde dei sølvkroner og sølvstas. Så lenge karene stod og såg på dei, stod dei også stille eller svevde hit og dit, men då dei gav seg til å kaste mose att, begynte følgje å gjere det same. Karene kasta mose etter dei, men det brydde dei seg ikkje om. Når dei gjekk bort dit dei såg dei, var det ikkje nokon å sjå; men når dei gjekk bort der dei sjølve tok mose, så var jomfruene der att, og dette varte heile dagen.

Før om sommaren hadde to av desse karene og ein til vore oppe for å hogge gjerdeemne straks nordafor Valfjellet. Ved dei tidene dei åt til middag, fall dei to i søvn, og dei tredje sat og åt enda, men då høyrde dei "så herleg ein leik på fele" at dei aldri hadde høyrt noko så vakkert før, og dei snakka med kvarandre om dette. Dei syntest at dei var vakne og høyrde spelet mange gonger, og ein av dei, forsikra Brit, "tralla den musikken" lenge baketter, så at ingen kunne tvile på det var sant.

Brit visste mykje å fortelje om dei underjordiske eller haugfolket og huldra, men ho ville ikkje vere ved at ho trudde på desse naturmaktene - så langt var ho då komen i opplysinga. Når ein av oss sa henne imot, blei ho furten, pukka på kva ho sjølv hadde opplevd, fortalde det vel også stundom, men tagde som oftast heilt stilt. Det var langt frå at eg ville forderve det gode humøret som liva opp forteljingane hennar i dag. Derfor blunka eg til Trine og sa: "Kven tviler vel på sanninga av det? No skal eg fortelje noko som må verke langt underlegare.

Gammal onkel spela med munnen

Du hugsar nok at eg vitja onkelen min i Hallingdal for to år sia. Der så eg ein gammal mann, han var nesten hundre år, som dei fortalde hadde vore teke inn av huldra. Han var svak for brystet og i det heile ussel og skrøpeleg.

Blikket var stirande og matt, og han syntest ikkje å vere ved sans eller samling. Ein sommar mens han var ung, låg han på setra. Ein dag det var dårleg vêr, skulle han gå i fjellet og gjete for gjetarguten, eller hjuringen som dei kallar det der. Om kvelden kom krøttera heim på setervollen, men Ole var borte. Dei gjekk manngard etter han; dei leita og søkte overalt; dei skaut og dei ringte med kyrkjeklokkene; men han kom ikkje att. Han var hos haugfolka, og dei ville ikkje sleppe han. Især var det ei ung, herleg hulder som hang ved han. Ho godsnakka med han, var blid og vennleg mot han og lærde han å spele på munnharpe. Så vent har visst heller aldri nokon spela på dette enkle instrumentet som gamle Ole. Det var særleg med munnen han fekk fram tonane, ikkje med fingrane som vanlege munnharpespelarar. Eg høyrde han ein gong. Det minte meg på ein gong om fuglekvitter, om klagande heilofløyt og lurtonar i ein sommarkveld, og det gjorde meg så underleg rørt at eg fekk tårer i auga.

Men Ole syntest at huldra hadde slik ei fæl kurumpe, og han ville ikkje bli. Ein gong kom han til å seie: "Når i Jesu namn skal eg då kome heim til kristent folk igjen?" Då begynte huldra å gråte og sa at sia han hadde nemnt det namnet som ho ikkje kunne ta i sin munn, kunne dei ikkje halde på han lenger. "Men hald deg til sida av døra når du går, elles gjer far deg mein," føydde ho til.

I gleda over å bli fri gløymde han dette rådet, og då han gjekk, blei det skote ut etter han eit gloande risknippe, som eld og gneistar freste av. Då blei han sundslått i kvart bein.

Frå den dag fekk han aldri helsa att, og heilt rett var han heller ikkje meir. Men kor han gjekk og kor han stod, var den vakre huldra etter han. Når han sat aleine ved peisen om kveldane såg han henne ofte. "Gyri Ørnehovd, eg ser deg nok," ropte han. "Der er ho; ser de henne ikkje?" sa han til barna. Dei kunne ikkje sjå henne; men dei blei livande redde, enda dei ingenting såg."

"Korleis var det med deg, Brit?" sa Trine, som hadde forstått vinket eg gav henne. "Du skal jo både ha høyrt og sett huldra."

"Ja, eg har så det," sa Brit; "eg taler nødig om det, men til deg kan eg nok fortelje det.

Brit fortel

Den tida eg var heime hos foreldra mine, låg far ein gong ved kverna oppi åsen og malte. Eg var berre framslengje [ungjente] den gongen og hadde ikkje gått og lese til konfirmasjon enno. Så sa mor eg skulle gå til far med mat. Eg var så vilter som ei geit, og når eg kunne kome på fjellet eller på åsen, om det ikkje var lengre enn ut i skogen, så var allting vel. Eg sette av stad og sprang over engene og opp gjennom lia. Det var rett varmt i vêret, og då eg kom opp i åsen eit stykke, blei eg så trøytt. Eg kasta meg ned på ein grøn flekk der det var svalskugge og eg såg langt bort mellom trea. Det var utpå ettermiddagen, og sola stod alt lågt nede mot åsen. Med eitt blei eg så søvnig, men eg ville ikkje sove. Rett som det var, høyrde eg ein hund som gøydde, kubjøller som klang så klart som om dei var av sølv, og langt borte bles det på lur og lokka så det ljoma i skog og åsar.

Om ei stund så kom det utover rabben kløvhestar med kjelar, myseflasker, smørbuttar og all slags bukjerald, og ein buskap av grå stutar og store mønstra kyr, så feite og vakre at eg aldri hadde sett maken til dei verken før eller sia. Og på horna hadde dei gullknappar og om halsen sølvbjøller. Framfor gjekk det eit svært kvinnfolk som hadde ein lur i handa og ei mjølkekolle med sølvband på, og ho gjekk og snakka med kyrne og nemnde dei ved namn. Men slike namn hadde eg aldri høyrt før. Så tok ho til å lokke:

Granehøg og Greve
Og Vindelett og Lave
Og Lurve og Larve
Og Spegelglatt
Rekkje og Snekkje
Lulo
lulolo, lulo, lulo, lulo, lulo, lulo.

Då buskapen var forbi, reiste eg meg og skulle sjå kor det blei av den, men eg såg ikkje anna enn buhunden og ei jente som nettopp blei borte bak nokre små granbusker. Den jenta hadde blå stakk, og under stakken syntest eg at eg såg ei kurumpe. Så skjøna eg grant det var huldra.

Den andre gongen eg var ute for huldra, var lenge etter. Eg var alt vaksen, men eg var ikkje mykje gammal. Eg var lystig av meg, og der det lèt ei fele, der var eg alltid, og derfor kalla dei meg Spelevika. Så var det ein sommar eg låg på setra at det var dans i Lien. Der var eg, og eg kom ikkje heim til setra før på morgonsida. Så kasta eg meg ned på senga og skulle kvile litt, tenkte eg. Men korleis det var eller ikkje, så forsov eg meg, så at kyrne kom til å stå inne over tida. Då eg vakna, stod sola høgt på himmelen, og ute på vollen song det så vakkert. Eg fór opp og ut, og skulle til å mjølke og sleppe krøttera, men i det same eg kom ut av døra såg eg skimta av huldra nede i skogkanten, og så kaua ho og song denne lokkevisa så det ljoma i åsane:

HULDRE-LOKK

Sommarlauv og Sale, og Branderygg og Svale, og Lurve og Larve, og Lita blå.

Rekkje og Snekkje Skaute og Raute, Langt-fram, Skinfakse, Sjulibrand.

Lulo Lulolo lulo lulo lulo lulo lulo lulo.

LOKK

Kari og Mari, stå opp no, tenn i lys, gå i fjøs! Kua har bore svart kalv, kalven han heiter Dagros. Kalveku, grisesu, killegeit, lammesøye! Kua ho ligg i myra. Hei Halvorsen, Halvor Darsen, Dei Dyringen, Dyring Bramsen, Bram Børresen, Børing Bundersen, Dunder Dangsen og Somme Ringsen, og Somme Dromlingen. Så lokkar vi kua på myra, hurra, hurra, hurra uti skog! Kom la oss leike på Valdres-vis! I Valdres, i Valdres, der er så godt å gjete. Der tutar dei i bukkehorn - - - A A kua! kua! Å stakkar!

Meir fortalde ikkje Brit, og her endar også reiseskildringa mi."

Mens jomfrua fortalde, hadde vêret verkeleg klarna, utan at vi hadde merka det. No kom sola fram i all si prakt og all sin varme, og det blei jubel og travelheit utan grenser. "Til seters, til seters," heitte det, og ein vakker turen slutta dagen.

Dersom den fagre, kvinnelege forteljaren av huldreeventyra ovafor skulle bli vreid over sviket mitt når ho les desse blada, då vil det gjere meg inderleg vondt, men eg kan likevel ikkje angre brotsverket mitt.

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]