NORSK DEL, GULLVEKTA

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 3 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR ASBJøRNSEN OG MOE – SAMLINGA

På høgde med Aleksandria

Frå korvetten Ørna såg eg ut over det urolege havet som vidt og breitt rulla bølgjene sine i skiftande lys og skuggar. I det fjerne var havet blå-fiolett, skygd med svartblått, - her tindra det lysegrønt og klart i solglimta, når det gjekk ei rift i dei jagande skyene. Men her nede under havet og bølgjene ligg Egypt. Kvart augeblink kunne vi vente å sjå vedunderlandet stige opp i synsranda.

Mens eg stod og stirde ut over bølgjetoppane etter det forventa landet, brumma båtsmannen til ei klyngje skipsfolk som stod ved sia av meg at no var han snart lei av desse "tyrkarhòla". "Kva skal vi i Aleksandria?" sa han; "der er det slikt drikkevatn at det ynglar firfisler i magen på ein dersom det ikkje blir silt gjennom kammerduk, eller halvblanda med rom." - "Ja," heldt han fram å brumme då dei andre sette i å le av kraftuttrykka hans, "korleis gjekk det ikkje han Nils Klubb? Han var skrøpeleg sia han var her sist, og han blei ikkje bra før eit år etter, då han hadde gitt frå seg ei halv vassbytte med firfisler. Det er jammen vatn å by folk; tore meg, må det ikkje minst halvblandast med rom!"

"Det var ikkje nokon dårleg drikk; ein skal ikkje få lus i magen av det, båtsmann," fall ein inn; "Er det nok av det å få, så er det ikkje så ille enda å vere i tyrkarbyane."

"Å ja, men kva rart er den forresten? Ikkje veit eg den," brumma båtsmannen.

"Skulle eg rekne opp det, blei vi ikkje ferdige på ei vakt," svara den andre; "men det raraste eg såg då eg var der sist, det var at tryntyrken [menneskeetande vesen med grisehovud] ikkje hadde tryne, og at bikkjene gøydde på norsk."

"Fyll og spetakkel!" sa båtsmannen. "Eg har lege her og gnudd med desse skutene, så eg er likså godt kjent i Middelhavet som i Fantefjerdingen heime, men tore meg om det er meir enn éin real by i heile Middelhavet og det er Gibraltar. I desse tyrkarhòla er det søkk fullt av snytarar og skøyarar, og det einaste rare der, det er at dei går julebukk heile året. Eg var like glad med heile Egypt" la han til, "dersom eg fekk feire jula heime som eg gjorde i gamle dagar."

Heimlengselen til denne båtsmannen førde også meg i tankane heim til snø og is under Nordens vinterhimmel; eg mintest sledefart og bjølleklang, julefred og lune stuer med sprakande omnsvarme hos venner i nord. Det var vanskeleg å bli fortruleg med tanken på at det var vinter og at jula stod for døra, utan nokre av merka ifrå nordisk vinter. Og likevel var det så at det lei mot jul; det var den tjuande desember, men vinteren kom ikkje til Egypt, den heldt til i Norden. Vi syntest rett nok vi augna spor av den då vi for ei stund sia seglde forbi Naksos og andre av dei greske øyane, som somme meinte likna heilt på Finnmark; men på Kos vandra vi kort etter på skinande grasteppe, i sitronskogar fulle av gylne frukter; og då vi for eit par dagar sia seglde forbi Rodos, var vêret så lunt og mildt som på ein varm sommardag i Norden, mens havet låg blankt som ein spegel og blått som den klare himmelen. Også her vi no kryssar, var det lunt når ein var i le for vinden, og sola kom fram; men vêret var stormande og ustadig, og sjøen gjekk høg. Havet, som før var så vakkert og skinande blått, var no skite og grågrønt, og ein seier at denne fargen skriv seg frå Nilens mudra straum.

Sjå no, fjernt nede dukka ein låg kyst opp i synskrinsen: palmekroner hang svevande over den oppe i lufta, for på så lang avstand såg ein ikkje stammane. Lenger mot vest heva det seg ei høgde med eit palass. Det var Aleksandria, det var Egypt, som vi berre var nokre mil unna. Men vi var for langt mot aust til å nå hamna den dagen; vinden var gått over til sydvest, og vi måtte vende. Skipet stod igjen til havs; Egypt forsvann enn ein gong under bølgjene, og herren over vêret og vinden måtte rå for om vi skulle feire jul under palmane ved Egypt sin kjøtgryter, eller på ein huskande planke over salte bårer.

Mot natta hadde skipet fjerna seg ein fjorten til seksten mil frå land; det bles sterkt frå same kant; av og til kom ei bye som piska havet, peip i tauverket og hylla himmelen i mørke skyer, for så igjen å flengje rifter i dei, som stjernene skein gjennom med blankare og meir stille lys enn i Norden. Skipet arbeidet mot sjøane, det lyfte og søkte seg, men vogga oss ikkje på nokon lempeleg måte; imellom slo ein brottsjø over baugen, sende tusenar av lysande gneistar gjennom lufta, og sprøyta vatnet og morelden sine tindrande småstjerner langt inn over dekk; bølgjekammane glimta i kvitleg lys, kjølvatnet skein som glødande malm, og ein stim av delfinar som følgde skipet, fór som breie lysstrimer eller uhyre blålege rakettar av garde under havet. Av og til kom dei opp for å dra luft, og då lydde det som djupe sukk og stønn. Under larmen og brølet frå havet, gjennom hyl og kvin frå vinden, var det noko uhyggeleg, noko nesten overnaturleg i desse stønna, som gjorde det forklarleg korfor folka, som hadde samla seg i klyngjer mellom kanonane i le av storbåten, no var komne i snakk om trollkjerringar, nissar og slikt. Ein av dei lèt nettopp til å ha fortalt ei historie som den om jungmannen og dei tre trollkjerringane, og no la ein annan i veg med ein om ei prestekone som entra til himmels:

Prestekona fór til himmels

"Det var ein prestegard i ein bygt ved Kristiansand, og der kunne dei ikkje halde på tenestefolka. Om dei fekk aldri så sterke og friske folk, så blei dei snart maktstolne og skrøpelege når dei hadde vore der ei stund; dei fekk både mosott og anna, og treivst ikkje ved maten heller.

Men så kom det ein gut dit; han gjekk det betre med, for mor hans budde eit lite stykke derfrå, og der var han og fekk seg litt fremmend mat iblant. Men om julenatta kjende han det rykte og reiv så underleg i kroppen og hovudet på han, og då han vakna om morgonen, rann sveitten av han, og han var så trøytt og sliten som om han skulle ha gjort tungarbeid. Guten var mykje heime hos mor si det året; han syntest maten smakte betre der, og han heldt ut nokså godt. Då det lei til jul, sette han seg føre at han ikkje skulle sove om julenatta; men han var ikkje god for å stå imot. Om natta kjende han den same rykkinga og rivinga i kroppen og i hovudet, og då han vakna, var han så trøytt og matt at sveitten rann av han.

Det gjekk eit år til, og han heldt seg nokså bra; men då julenatta kom, sette han seg ved bordet i drengestova med noko brennevin - for det var nok av det slaget i prestegarden til jula - og han ville ikkje sove på noko vis. Men alt han stridde imot, så sovna han då det lei mot midnatt, og han kjende den same rykkinga og slitinga i kroppen att. Han ville så gjerne bli vaken, men han kunne ikkje alt det han stridde og syntest han skulle stå imot.

Men til slutt så vakna han og då stod han i snøen utafor ei kyrkje. Ved føtene hans låg det ei grime, og rundt omkring han stod det mange oppsala hestar. Han undra seg over dette, og då han fekk sjå det var lys i kyrkja og høyrde det var folk der inne, så kleiv han opp og titta gjennom det eine vindauget. Men der kan det vel hende det var huskestove; det var så fullt med trollkjerringar at det krydde, og dei som var dei første og fornemmaste i møtet, det var prestefrua og ei skarvekjerring som budde ved ein bekk ikkje langt frå prestegarden.

"Hå, hå, er det slik fatt," tenkte guten, og kleiv varsamt ned og stilte seg på plassen sin att. Og då frua kom ut, smaug han grima over hovudet på henne, og med det same blei ho til ei svart merr. Han var ikkje sein om å kome opp på ryggen på henne. Det bar av stad, og han sparte verken på grima eller hælen. Då han kom heim, sette han inn merra på stallen, og batt ho vel, men han akta seg nok for å ta av grima, og så gjekk han inn og la seg til å sove.

I otta om morgonen reiste presten til kyrkja og skulle halde morgongudstenesta, og sansa ikkje at frua var borte; men då ho ikkje var komen att til han kom heim frå kyrkja, blei det spurt etter henne i nabogardane, men det var ingen som hadde sett prestefrua, og det gjekk over heile bygda. Men nei, det var ingen som hadde sett henne eller visste om henne. Guten sa: "Gi tol, så kjem ho nok!" Når han kom inn i stallen, stod merra og sleit i grima og stampa i båsen og slo i skiljeveggen i båsen med bakbeina som ho ville rive ned heile stallen. Men guten akta ikkje meir på det enn på det han aldri såg.

Presten var i lag med han mange gonger, og ville vite kor frua var henne. Men guten blei ved sitt, og sa ho kom tidsnok heim.

"Du må vite noko om henne, eller om kor ho er," sa presten, "sia du så sikkert kan seie at ho kjem att, og no vil eg du skal seie meg det, anten det er så eller så."

"Ja, sia De vil ha det, så får eg seie det, far," sa guten. "Det er ei fin kjerring De har; no skal De få sjå korleis ho er skapt," sa han og tok med seg presten ned i stallen.

"Kva er det du seier? Er mor i stallen?" sa presten.

"Der står ho," sa guten. Denne syntest presten var underleg, for denne merra hadde han aldri sett før, og ho stod der og slo i båsen så flisene flaug, og var så vill at ho togg skum.

"De får gå opp i båsen og ta av henne grima," sa guten. Presten gjorde så, og då grima var av, stod prestefrua der så flygande gal at ho ville setje like i synet på guten. "Nei stopp, kone," sa presten, "No blir det nok ein annan dans!"

Guten fortalde alt i hop, men prestefrua nekta og sa det var løgn kvart evige ord. Så fekk dei fatt i skarvekjerringa ved bekken, og lovde at ho skulle få sleppe med livet om ho ville angre og tilstå kven som var trollkjerringar i bygda. Då ho høyrde det, tenkte ho seg om ei stund; men så namngav ho åtte til, i tillegg til seg sjølv, og fortalde kva for kunstar dei hadde gjort, og sa at Gamle-Eirik og prestefrua hadde dansa føre både i kyrkja og på jonsokbakken.

Då dette var kome for ein dag, blei dei sett til lensmannen og klaga til øvrigheita, og sia blei dei dømde til å bli brunne, alle åtte. Folk bygde opp ein firkanta mur som dei stabla full med ved og tente fyr på. Kjerringane sette dei opp på muren og skuva dei oppi varmen, den eine etter den andre. Då prestefrua skulle i vegen, var ho så arg og galen at ho mest ville flyge i flint for at ho ikkje hadde fått tak i guten. Men det var ingen nåde, ho måtte på gloa.

"Ja, det hjelper ikkje, mor," sa presten, "retten må ha sin gong; no får du til, du også, for du har vore den verste av dei alle." Dei fekk henne opp på muren; men då sa ho at hadde ho tenkt det skulle bli slik ende på dansen, så skulle ho nok ha stole det så at fanden skulle fått ei klo i presten. "Men det kan no vere det same," sa ho, "eg blæs i både dykk og denne pinnevarmen deira," og dermed så tok ho opp eit grått ullgarnsnyste, kasta enden til himmels, og entra oppetter tråden som ei katte. Sia den tida såg dei aldri meir til henne."

"Du er grei kar du," sa skipssersjanten; "du lyg då så ein både kan ta og kjenne på det; for alt slikt vev om trollkjerringar og nissar og spøkeri det er - klinke meg - løgn, ser du!"

"Ja, men eg har høyrt det av han Stener Sundet," innvende han som hadde fortalt; "og bestemor hans hadde vore der og sett staden der dei blei brende."

"Eg blæs i bestemor hans, den pulverheksa, - ho burde visst ha vore brent ho også, - men løgn er det, det er sikkert, for det finst ikkje trollkjerringar og slikt spøkeri."

"Du seier det, min kjære sersjant," sa ein kvartermeister, "at det ikkje finst spøkeri og slikt; men slikt må du ikkje kome til meg med, for det var bror min nissen firte ned om bord på Gamle-Ørna. Det var ingen andre om bord enn Søren og ein innrullert; køyene låg i dekkskassa, og dagen etter skulle kommandoen heisast. No, framme på skipet, under bakken, hadde dei strekt eit par køyar og der låg dei. Men best som Søren låg lys vaken, blei køya fira ned så han stod med hovudet i dekket og beina til vêrs. Han fór bort og kjende på kameraten, for han trudde det var han som hadde gjort det, men han sov som ein sel, og då han vekte han, visste han ikkje av nokon ting. Han spurde berre kor langt det lei på natta. Men han Søren tenkte som så at kan eg ikkje få lov til å liggje utan eg skal stå på hovudet, så kan eg bli på beina, og dermed så surra han køya, la den i finkenettet og gav seg til å drive på dekk. Men det varte ikkje lenge, skal eg tru, før den andre også blei firt ned, og det så det sokk i dekket. Kven var det vel som gjorde det, meinar de, kven annan var det vel enn nissen?"

"Tore meg, held eg ikkje med sersjanten," banna båtsmannen, "det er løgn er det, det må vel eg vite som har stått om bord der så lenge; eg høyrde ingen ting, og ikkje såg eg noko heller på heile Brasil-turen, og ikkje i Middelhavet heller. Eg har nok høyrt snakke om dette; men han Søren var ei fyllebytte -"

"Ja, men gamle Tiks då, gamle Ole Tiks," la ein inn. "Båtsmannen blei ved å brumme at Ole Tiks, det var då også den rette; om vinteren køyrde han drank, og syttande mai og jonsokkvelden var han nestkommanderande på Røstberget. Men han som heldt på Ole Tiks, lèt seg ikkje stagge, han la i veg:

"Ole Tiks var om bord i gamle Ørna, og éin til med han - kva det var, minnest eg ikkje. Det var også før den skulle ut på tokt, for kommandoen skulle heisast den andre dagen så som han Ulrik fortalde det. Men dei var akter i hytta desse to, og fleire var det ikkje om bord. Då det lei på natta, vakna dei og høyrde ein dur forut; det slo og hamra i skotta i framlugaren, det blei kasta med kasser og jern og ramla i kjettingen som om heile tampen av den skulle rause ut. Då det var slutt med det, tok det til å tromme på messebordet i framlugaren, og dundre med trommestokkar over heile nedre dekk. Vel, dei gjekk forut begge to og såg ned gjennom framluka. Tiks syntest han såg ei raud hue og ingen annan ting, og den andre han såg slett ingen ting. Men nissen var det, det var greitt å skjøne."

"Ja det er greitt å skjøne at den var nissen," tok ei pipande stemme opp igjen - den tilhøyrde ein båtsmannsmat som sat nede under storbåten.

Studenten og Vesle-tuss

"Det er noko vi alle veit at nissen har raud hue, og at nissen er til, det er visst, for eg har høyrt det av far min, og han laug aldri. Han hadde ikkje sett han, men han hadde vore ein stad inni landet der nissen hadde vore. Men der til den garden kom det ein gong reisande sin ein studentmeistersvein, ein slik som hadde stått ut prestelære, og han hadde ikkje vore heime på mange år. Han måtte ta inn der, for det kom eit slikt overhendig vêr på han med regn og storm. Men han stunda heim og bad dei skulle la hesten stå i stallen med selen på.

"Berre vi tør for Vesle-tuss," sa mannen på garden. Studenten akta ikkje på dette, men gjekk inn og ut og såg om ikkje vêret skulle leggje seg, for han ville ut og på heimvegen så snart det letta. Men mannen sa det sette i med regn, det var ikkje å spørje om; det var best dei sela av hesten og at han fekk ei køye der om natta. Studenten ville ikkje høyre på det øyret, og spurde bonden korleis han kunne vere så sikker på at det skulle setje i med regn.

"Hm, hm," sa mannen så smått, "eg har merka mine for meg sjølv på løa," og anna klaring; fekk han ikkje på det.

Som han gjekk der og glodde på vêret, fekk han sjå det kom ein liten tusse med ei høybør så stor og diger som eit hestelass, og kasta inn på løa. Han undrast på kva dette kunne vere for ein, og då han gjekk etter ei ny høybør, gjekk studenten inn på løa og kjende på høyet; det var så knuspande tørt som det aldri hadde kome anna enn godvêr og solskin på det. Rett som det var, kom tussen med ei bør til som var enda større, men ikkje snakka studenten til han, og ikkje han til studenten heller.

Då tussen la i vegen att, gjekk studenten bort og kjende på den høybøra også, og det var ikkje eit strå som var vått i den heller, enda det dreiv på å regne så det auste ned. Dette syntest han var rart, men han snakka ikkje om det då.

Om kvelden laga dei til bordet med mat og stell, men dessutan rigga dei til eit lite bord med rømmegraut borti ein krok. Studenten undrast på om det skulle vere til han, og likte ikkje dette, for han ville ikkje ete for seg sjølv, han ville helst halde lag med dei andre; men kjerringa sa det var til gardsguten.

"Det er nok ein ferm gardskar de har," sa studenten.

"Å ja, er det det," sa mannen.

"Kor lenge har de hatt han?" spurde studenten.

"Eg veit ikkje så nøye," sa mannen. "Han har vore her lenge før mi tid."

"Korleis skal eg skjøne det?" spurde studenten att. Jo, så kom det for dagen kva det var for ein dei hadde til gardskar, det var nissen det. Då studenten høyrde det, preika han for dei både i det vide og det breie om kor ugudleg det var å dyrke slike avgudar, og han la ut både av Bibelen og av sitt eige vett om kor syndig dei bar seg åt at dei gav mat til slike og jaga fattigfolk frå dørene, som kunne leve både godt og vel av det dei kasta bort i gudløyse, og preika som ein prest; for nissen åt ikkje maten dei gav han, han kunne ikkje ete.

Då studenten hadde gjort dette, tok han fatt på nissen og las Pauli ord for han så han måtte vise dei maten han hadde fått i alle åra han hadde vore der; han hadde lagt den borti ei bergkløft. Så spurde han nissen kor lenge han hadde vore ved garden.

"I tre mannsaldrar," svara han.

"Kor mange sjeler har du fått her," spurde studenten.

"Eg har fått sju," sa nissen, "og eg får vel snart to til."

Det skulle det ikkje bli noko av, meinte studenten, og så spurde han kor langt det lei med dei folka som budde der no.

"Å," sa nissen, "stolen til mannen er nesten ferdig, men stolen til kjerringa manglar det eine beinet enno," - med den meinte nissen at mannen var dødsmerkt, og at kjerringa ikkje hadde langt att, ho heller.

Då studenten høyrde dette, mana han nissen bort, og blei der og preika gudsord for folka til han trudde dei var sikre for fanden og utsendingane hans."

Dei same innvendingar blei reiste mot denne som mot dei historiene før den, men mange tok til orde for nissen også; det var ikkje tvil om at nissen var til, meinte dei, men kanskje lèt han seg ikkje sjå så ofte no som i gamle dagar, då folk var sterkare i trua. Ja det kunne hende han var nærare enn somme trudde, dersom han ikkje hadde gått over bord; for no hadde det nok vore stilt ei stund, men det som slo dei av marka, var at båtsmannsmaten sa for sant at oldefar hans var blitt konfirmert av den studenten som hadde talt med nissen og mant han bort.

Då underhaldninga no heldt på å gå i stå, spurde ein av matrosane ein kamerat, - det lèt til å vere på skøy: "Korleis er det med deg, Nils Strand, var det ikkje faren din som låg og losa på mers og fyll i fjorden, så han blei spleisa til dotter til nøkken?"

Kameratane flirte, men Nils, som var ein hissig kropp, forklarte spottefuglen med fynd og klem at faren hans hadde vore ein så ordentleg mann at han visste ikkje at han hadde sett han full utan i jula, og noko slektskap med nøkken visste han ikkje om. Morfar hans hadde ein gong fortalt at han hadde vore i følgje med nøkken og kapprodd med han innover fjorden. Det måtte vel vere det han meinte, for noko overnaturleg slektskap kjende han ikkje til; forresten var det ei historie som var så gammal at det hadde grodd mose over den i mange år alt. Men då dei andre bad han, fortalde han historia likevel:

Mannen som rodde Ekebergkongen til bryllaup

"Då eg var yngre, var eg ofte med morfar og fleire fiskarar innafrå fjorden på vinterfiske utover i Onsøy og ved Hvaler. Ei natt låg vi ved Rauer-Kalven, og hadde gjort opp varme i ei av holene i ura der. Tida fall lang så som den ofte gjer for fiskaren; vi røykte tobakk, kokte kaffi og snakka gammalt snakk, og han morfar fortalde om gamle dagar, då han var ung. Han fortalde då at den gongen han budde i Gamlebyen og var reservelos, hadde han losa ut skip ein gong, og var på heimvegen.

På den same staden ved Kalven der vi låg, var han i land og kvilte ei stund, men då han la ut att, kom det roande ein mann i ein halv båt, like ut av ura mellom dei store steinane. Dette syntest han var leitt, og han blei reint fælen, for han hadde ikkje sett mannen før, verken mens han la in, eller mens han låg der, og han visste nok det dei sa at nøkken skulle fare slik. Han trudde ikkje det var nøkken, men han kunne ikkje vite kven det var; for det er så mange hòl og gangar i ura mellom steinane på Rauer-Kalven at det gjerne kunne liggje mange tusen mann der, og ingen kunne sjå dei; og i dei dagar var det så fullt av fugl, av alker og ær, som klekt der at ein mann gjerne kunne raske i hop ei tønne egg om dagen.

No ja, fælen blei han, og han tok til å dra på årene det beste han orka. Men det hjelpte ikkje stort, for då den andre såg han tok til å hange i, rodde han rundt om han så ofte han ville, og han morfar kunne ikkje sjå han tok i meir for det. Han halte ut det meste han kunne, og då han kom opp til Larkollen, la han i land og fekk seg ein dram eller to, for han syntest ille om følgje han hadde fått, og tenkte han kanskje skulle bli kvitt det mens han stoppa og kvilte ein stund.

Då han kom ned til båten såg han ingen, men då han kom ut på fjorden, kom han fram bakom Kollen, denne som var i den halve båten, og var i følgje med han og rodde rundt han så ofte han ville. Jo lenger det lei, dess meir fælen blei morfar, og han måtte innom både Revsnes og på Bevøya og få seg ei styrkjedrope, og kvar gong tenkte han at når han kom til folk, så blei han kvitt mannen.

Når han kom i båten såg han ikkje noko til han, men aldri før var han litt utpå fjorden før mannen i den halve båten var der att.

Morfar rodde så sveitten silte, men det monna ikkje meir enn om han hadde sete og kava med eit auskar; den andre rodde rundt han gong etter gong. Ja vel, gamlingen måtte stoppe opp i Filtvet og få seg ein tår, og i Drøbak måtte han også inn, men han blei ikkje kvitt mannen for det, og då han kom til Sandbukta, syntest morfar han ikkje orka å lette åra. Han gjekk inn og kvilte ein stund, og fekk seg ein tår brennevin, - det var ikkje vondt for det den tida, skal eg tru, når ein hadde skillingar i lomma.

Ja vel, då han syntest han var kjekk til å ta på att, betalte han for seg og skulle nedover til båten. Men på stranda møtte han ein gammal mann, som han syntest han skulle kjenne også, og mannen spurde han om han ikkje ville setja han over til Håøya; han skulle dit i bryllaup, sa han, og han skulle lønne han vel for det så han skulle visst ikkje angre på umaken; det var ikkje så nøye med ei halvskjeppe pengar for han, sa han.

Morfar syntest nok dette var underleg snakk, men han lovde han skulle setta han over, og betalinga var det ikkje så farleg med, for han rodde same vegen. "Men er ikkje du frå Strandgata," sa mannen. "Jo visst er eg det," svara han morfar; "eg synest eg skulle kjenne Dykk også, men eg veit ikkje heilt kor eg skal ta Dykk att."

"Å, det er ikkje så greitt å kjenne meg att," sa mannen, "men elles så er vi grannar på ein måte, for eg er Ekebergkongen," sa han, "og i natt skal eg halde bryllaup med stedotter til kongen i Håøykollen. Det tek til å le uti åra med meg," sa han, "for no er eg så gammal som sju skogfall på Nesodden, og så synest eg det kan vere på tide å gifte seg."

"Ditt gamle stygge troll!" tenkte han morfar, og hadde han vore fælen før, så blei han det enda meir no.

"Gale var det då eg rodde om kapp med nøkken," tenkte han, "men dette er verre; eg trur mest det er fanden sjølv eg har fått i båten;" men så skaut han hjertet opp i livet og tenkte at den som hadde teke fanden på nakken, måtte bere han fram, som dei seier med eit gammalt ord, og så spytta han i nevane og halte i årene. Rett som det var, var han ute att, han i den halve båten, men han gjorde ingen krokar på vegen no, han rodde beint imot Håøya så spruten stod, og fór forbi dei som ein vind. Då Ekebergkongen fekk sjå han, blei han reint ute av seg, og huia og skreik: "Ro, ro, ro, alt det du kan! Ei heil skjeppe med pengar, om du er først i land!"

Morfar brumla for seg sjølv at å kappfly med kalvar og kappri med skyfloken var mest ikkje galnare enn dette, og slik bortover dekket. Men han trekte på årene det han orka, for han såg at pengesekken alt låg i båten. Men alt det han rodde, så monna det ikkje, dei var ikkje gode for å hale inn på nøkken. Då dei kom nærare oppunder kollen, såg han morfar at det låg eit gildt slott der, eit han aldri hadde sett. Det skein ut av alle vindauga, og det var mange tyrilys utafor, og det var så lyst som på klare dagen. Spelemenn og musikk og lystigheit var det så dei høyrde det langt utpå fjorden, og då dei kom nærare, var det eit stort følgje med troll der, både store og små; somme sat på hestane, med nasar så lange at dei nådde til salknappen, og somme heldt på å stige opp; det var kjøkemeistrar og spelemenn akkurat som det er skikk i store bryllaup på landet, og bruda hadde krona, slik som dei brukte det i gamle dagar. Ho var pynta i silke og sølvstas og gullstas så det lavde av henne, og ho var så vakker og ven at det var ikkje måte med det, og han morfar blei både avundsjuk og harm over at slik ein tørr vissen trollmann, som var så gammal som sju vedfall, skulle få slik ei ung, vakker jente. Ho stod også og stelte seg til og skulle stige opp på ein hest, men ho både gret og bad, så ille var det for henne, og ho var redd for å ri også.

Men så kom det ein grå hest med forgylt sal og beksel opp frå stranda og la seg framfor beina hennar som ei bikkje, og så sette ho seg på den; men den hesten, det var nøkken som hadde skapt seg om, og ingen annan.

Då Ekebergkongen såg det, blei han reint vill; han både skreik og huia på han morfar at han skulle ro for livet. Men innafrå kollen ropte ein som var så grov i målet:

"Set du kongen i land
Skal du druknast ved strand!"

Då Ekebergkongen høyrde dei, hoppa han frå båten og langt opp i land med eitt hopp. Men i det same sette nøkken av stad med bruda på ryggen så gneistane spruta under hestebeina. Det bar oppetter den grøne dalen som deler Håøya på det smalaste, og følgjet etter med faklar og tyrilys. Somme skeiva hit og dit på hesten, og somme rei nokså strunke; men Ekebergkongen kasta seg på ein hest og sette etter som han var både full og galen.

Alt dette stod morfar og såg på, og han kunne ikkje anna enn le av spetakkelet og forvirringa og dei syndige trolla som kongen rei over ende så dei rulla utover bakken mens elden og gneistane freste om øyra på dei; så måtte dei hinke hestelause etter. Men gamlingen hadde ei ladd selbørse i båten og ein sølvknapp hadde han fått togge saman og putta nedi, og den skaut han over brudefølgjet då Ekebergkongen var på sida av nøkken og bruda.

I det same det small, blei det så kolande mørkt at han ikkje såg kor han var henne ein gong. Pengesekken hadde han att, den låg i båten; men då han kjende på det som var i han, var det ikkje anna enn neper. Då blei han så harm at han tok sekken i begge snutane og rista dei til fjords, men då han heldt dei ut, klang det som sølvpengar, og han syntest nokre trilla inn i båten også.

Om morgonen då det blei lyst, og han blei riktig vaken, fann han eit par store gammaldagse sølvdalarar i båten, som ingen skjøna seg på; men då var det for seint å syte for dei han hadde kasta til fjords."

"Men jenta, men bruda, kvar blei det av henne?" spurde fleire i munnen på kvarandre.

"Ja, det fekk eg aldri greie på; når somme spurde han morfar kor det blei av henne, så sa han det visste han ikkje, men ho var vel hos trolla i Håøykollen enno, dersom ho ikkje er komen ut att, sa han."

Det blei kommandert "klart til å vende!". Mannskapet skunda seg på post for å utføre dei ulike ordrane som no følgde. Då vendinga var fullførd, slo det åtte glas; det var midnatt. Båtsmannpipene peip og kvein for å kalle den andre halvparten av mannskapet, opp til hundevakta mens dei kunngjorde kviletid resten, - og det blei slutt på historiene for denne gongen.

ASBJøRNSEN OG MOE – SAMLINGA
Asbjørnsen og Moe - SLUTTBOLK

Asbjørnsen og Moe - LITTERATUR  

Asbjørnsen og Moe - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Asbjørnsen og Moe BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2008–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]