Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Goat in a Norwegian fairy tale

Det var ein gong tre bukkar som skulle gå til seters og gjere seg feite, og alle tre heitte Bukken Bruse. På vegen var det ei bru over ein foss som dei skulle over, og under den brua budde eit stort, fælt troll med auge som tinntallerkenar og nase så lang som eit riveskaft.

Først kom den yngste Bukken Bruse og skulle over brua.

Tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua.

"Kven er det som trippar på mi bru?" skreik trollet.

"Å, det er den minste Bukken Bruse. Eg skal til seters og gjere meg feit", sa bukken, han var så fin i målet.

"No kjem eg og tar deg," sa trollet.

"Å nei, ta ikkje meg, for eg er så liten eg. Vent berre litt, så kjem den mellomste Bukken Bruse. Han er mykje større."

"Ja vel," sa trollet.

Om ei lita stund kom den mellomste Bukken Bruse og skulle over brua.

"Tripp trapp, tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua.

"Kven er det som trippar på mi bru?" skreik trollet.

"Å, det er den mellomste Bukken Bruse som skal til seters og gjere seg feit", sa bukken. Han var ikkje fin i målet, han.

"No kjem eg og tar deg," sa trollet.

"Å nei, ta ikkje meg, men vent litt, så kjem den store Bukken Bruse. Han er mykje, mykje større."

"Ja vel då," sa trollet.

Rett som det var, kom den store Bukken Bruse.

Tripp trapp, tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua. Bukken var så tungt at brua både knaka og braka under han!

"Kven er det som trampar på mi bru?" skreik trollet.

"Det er den store Bukken Bruse", sa bukken. Han var så grov i målet.

"No kjem eg og tar deg," skreik trollet.

"Ja, kom du! eg har to spyd,
Med dei skal eg stikke ut auga dine!
Eg har to store kampesteinar,
Med dei skal eg knuse både marg og bein!"

sa bukken. Og så rauk han på trollet og stakk ut auga på det, slo sundt både marg og bein, og stonga han utfor fossen. Og så gjekk han til seters. Der blei bukkane så feite, så feite at dei nesten ikkje orka å gå heim att, og er ikkje feittet gått av dei, så er dei det enno.

Og snipp snapp snute, her er det eventyret ute.

Notar

Bamse Brakar

Det var ein gong ein bonde som reiste til fjells etter eit lauvlass til buskapen sin om vinteren. Då han kom til lauvhesjene [1], rygga han sleden med hesten tett inntil, og gjekk opp i hesja og tok til å velte knipper av lauvkvistar ned på sleden. Men i hesja var det var ein bjørn som hadde lagt seg i hi der, og då mannen la til å rive og romstere, vakna bjørnen og sprang ut, like ned på sleden. Då hesten fekk vêret av bamsen, blei han skremt og sette av stad nedover som om han hadde stole både bjørnen og sleden, og den gongen gjorde han ikkje vegen lang.

Brunbjørn
Ikkje fælen . . . .

Bjørnen har ord for at han ikkje er fælen, men han var ikkje vel nøgd med skyssen denne gongen der han sat. Han heldt seg fast det beste han orka, og glante stygt til ymse kantar om han skulle få høve til å kaste seg av. Men han var nok ikkje vant til å køyre, og så såg han ikkje nokon god sjanse til å hoppe av.

Då han hadde køyrt eit langt stykke, møtte han ein kremmar.

"Kor skal futen hen i dag?" sa kremmaren. "Han har visst knapp tid og lang veg, sidan han køyrer så fort?"

Men bjørnen svarte ikkje eit ord, han hadde nok med å halde seg fast.

Om ei stund møtte han ei fattigkone. Ho helste og nikka med hovudet, og bad om ein skilling i Guds namn. Bjørnen sa ingen ting, men heldt seg fast og køyrde utover det fortaste han klarte.

Då han kom eit stykke lenger ned, møtte han Mikkel Rev.

"Hei, hei, er du ute og køyrer?" skreik Mikkel. "Vent litt, la meg få sitte bakpå og vere skyssgut!"

Bamsen sa ikkje eit ord, men heldt seg godt fast, og køyrde så fort som hesten ville renne.

"Ja, vil du ikkje ta meg med, så skal eg spå deg at køyrer du i dag som skinnkufte-kar, heng du i morgon med ryggen bar", skreik reven etter han.

Bjørnen høyrde ikkje eit ord av det Mikkel sa; han køyrde like fort. Men då hesten kom på garden, sette han inn gjennom stalldøra i fullt firsprang så han kledde av seg både sele og slede, og bjørnen slo skallen i dørbjelken så han låg daud på flekken.

Bonden låg i hesja og velta lauvkjerv til han trudde han hadde fullt lass på sleden. Men då han skulle til å surre fast lasset, hadde han verken hest eller slede. Så måtte han traske etter for å finne att hesten sin.

Om ei stund møtte han kremmaren.

"Har du møtt nokon hest og slede?" sa han til kremmaren.

"Nei", sa kremmaren, "men eg møtte futen nedpå her. Han fór så fort, han skulle visst bort og flå nokon."

Om ei stund møtte han fattigkona.

"Har du møtt nokon hest og slede?" sa han til kona.

"Nei", sa kona, "men eg møtte presten nedpå her. Han skulle visst i soknebod, for han fór så fort, og bondeskyss hadde han."

Ei stund etter møtte bonden reven.

"Har du møtt nokon hest og slede?" sa bonden.

"Ja", svarte Mikkel, "men Bamse Brakar sat på og køyrde som han hadde stole både hest og reiskap."

"Fysja då! Han køyrer vel i hel hesten for meg", sa bonden.

"Så dra av han pelsen og steik han på gloa", sa Mikkel. "Men skulle du få att hesten din, så kunne du skysse meg over fjellet, for eg kan fare lekkert, og eg kunne også ha hug til å prøve korleis det er å ha fire bein føre seg."

"Kva gir du for skyssen?" sa bonden.

"Du kan få vått og tørt, kva du lystar", sa reven. "Alltids får du likså mykje av meg som av Bamse Brakar, for han bruker vere grov til å ta seg betalt når han tar skyss og heng seg på hesteryggen."

"Ja, du skal få skyss over fjellet", sa bonden, "berre du vil møte meg her i morgon på denne tida." Han skjønte at Mikkel gjorde narr av han og var ute med revestrekane sine.

Så tok han med seg ei ladd børse på sleden, og då Mikkel kom og tenkte han skulle få friskyss, fekk han ei haglladning i skrotten. Så drog bonden belgen [2] av han. Då hadde han både bjørnehud og revebelg.

Ord

  1. hesje: rekke av staurar oppsette med høvelege mellomrom og samanbundne med stenger eller ståltråd i fleire høgder til å tørke høy eller korn eller lauv på.
  2. belg: skinn som er belgflådd, rengt av eit dyr.
Hesje
Høyhesje

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2007–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]