NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Presten og klokkaren

Det var ein gong ein prest som var slik ein børste at han skreik langt unna når han såg nokon kom køyrande i møte med seg i allfarvegen: "Av vegen av vegen, her kjem sjølve presten!"
      Ein gong han fór slik og bar seg, møtte han kongen. "Av vegen, av vegen!" skreik han på lang veg. Men kongen køyrde som han køyrde, og reiste fram, han, så den gongen måtte presten vikje hesten sin; og då kongen kom jamsides med han, sa han: "I morgon skal du møte på kongsgarden, og kan du ikkje løyse tre spørsmål eg vil gi deg, skal du miste både kappe og krage på grunn av hovmodet ditt."
      Det var anna slag enn presten var vant til. Hauke og skråle og bere seg verre enn ulikt, det kunne han; men spørsmål og svar var ikkje faget hans. Så reiste han til klokkaren, som hadde ord for å vere betre i kappa enn presten var. Til han sa han han ikkje hadde hug til å reise, "for ein gap kan spørje meir enn ti vise kan svare," sa han, og så fekk han klokkaren til å fare i staden for seg.

IMAGE
. . . så gild at det lyste.


      Ja, klokkaren reiste, og kom til kongsgarden med prestekappa og kragen på. Der tok kongen imot han ute i svala både med krone og spir, og var så gild at det lyste og lavde av han.
      "No, er du der?" sa kongen.
      Ja, han var då det, det var sikkert nok.
      "Sei meg no først," sa kongen, "kor langt er det frå aust til vest?"
      "Det er ei dagsreise det," sa klokkaren.
      "Korleis det?" sa kongen.
      "Jo-o, sola går opp i aust og ned i vest, og det gjer ho snilt på ein dag," sa klokkaren.
      "Ja ja," sa kongen. "Men sei meg no," sa han, "kva meiner du vel eg er verdt, slik som du ser meg her?"
      "Å, Kristus blei taksert til tretti sølvpengar, så eg tør vel ikkje setje deg høgare enn til tjueni," sa klokkaren.
      "No No!" sa kongen. "Sia du er så klok på alle slag, så sei meg kva det er eg tenkjer no?"
      "Å, du tenkjer vel det er presten som står framfor deg, men skam få meg, tenkjer du ikkje feil, for det er klokkaren," sa han.
      "No, så reis - heim med deg, og ver du prest og la han bli klokkar," sa kongen, og blei det.

OPP


Grisen og levemåten hans

Den var ein gong grisen var lei av levemåten sin, og så fekk han for seg at han skulle til tings og få dom for ein annan levemåte - han fekk freiste lukka han som andre, anten det blei til det tynne eller det tjukke.
      "Kva er det du har å klage over?" spurde skrivaren.
      "Å eg er så lei av levemåten min, far," sa grisen. "Hesten får havre, og kua får mjøldrikke, og så ligg dei tørt og godt i bås og spiltau attpå. Og eg får ikkje anna enn skular og skyllevatn; om dagen vassar eg i søle, og om natta ligg eg og rullar meg i lort og våt halm. Er den rett og rettferd i slikt, skrivar?" spurde han.
      Nei, den syntest skrivaren kunne vere noko i, og så leita han i bøkene sine, og gav han dom for ein annan levemåte: "Det er ulikt du skal ha det så mykje strengare," sa han; "frå no av skal du få kveite og erter, og sove i silkeseng."
GRIS
Glad gris gjekk og mulla: "kveite og silkeseng!"
      Ja, grisen takka, og var så glad at han visste verken natt eller dag. Og heile heimvegen gjekk han og mulla og smågrynta: "Kveite og erter, og liggje i silkeseng! Kveite og erter, og liggje i silkeseng! Kveite og erter, og liggje i silkeseng!"
      Vegen gjekk mellom nokre skograbbar, og oppi eit av holta låg reven og lydde på. Og han skulle no straks ut att med fantestykka sine, veit du. Og så til å pipe, fint og skarpt: "Skular og rask, og liggje i boss!"
      Grisen brydde seg ikkje om det han; heldt på med sitt: "Kveite og erter, og liggje i silkeseng!" Men det dreiv på; "skular og rask, og liggje i boss! Skular og rask, og liggje i boss! Skular og rask, og liggje i boss!" Og til slutt så seig det i grisen, og før han visste av det, tok han til å lye og ta etter.
      Då han så kom heim, spurde dei korleis det hadde gått på tinget; "fekk du dom for ein likare levemåte?" sa dei.
      "Ja-vel, ja-vel," sa grisen; "skular og rask, og liggje i boss! Skular og rask, og liggje i boss!"


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   Omsetjing, design og somme illustrasjonar, © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST]