Norsk del, Gullvekta
Merknadar til Asbjørnsen og Moe - B
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Ordliste til Asbjørnsen og Moe

Reservasjonar    Innhald     

Makrelldorg

"Makrelldorging" (1851) blei skilt ut frå ein første, lengre versjon av "Julebesøget i Præstegaarden".

Stykket bygg nok i stor grad på minner som Asbjørnsen hadde fått i ytre Oslofjord.

Inni rammeforteljinga er ei god soge som Asbjørnsen fekk av botanikaren Frederik Christian Schübeler (sjå "Dei tre brottsjøane" under).

[Til historia]

Dei tre brottsjøane *

ATU ? Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

"Eg" i "Makrelldorging", der denne historia står, er ikkje Asbjørnsen sjølv, men ein teolog frå "Julegjestinga i prestegarden" (Liestøl 1949, II:369). Asbjørnsen fekk historia av botanikaren Frederik Christian Schübeler frå Fredrikstad. Schübeler var ein ivrig jeger og seilar i oppveksten.

Stykket som er kalla "Dei tre brottsjøane" her, er ei historie om tre trollkjerringar som vil ta livet av mennene sine ved å skape seg om til tre brottsjøar for å få skuta der mennene er om bord, til å gå under. Men ein jungmann overhøyrer dei tre mens dei planlegg udåden, og får også høyre kva for magiske mottiltak som kan hindre det. Som høyrt, så gjort.

Forteljinga kom med i andre, reviderte utgåve av Norske Huldreeventyr, Første Samling, frå 1859. Det er stød for å kalle det eventyr: Triplering (t.d. tre koner, tre bølger), fantastiske hendingar, ingen fastlagte namn og stadar, og inga presis tidfesting tilseier gjerne at ei soge kallast eit eventyr. Som eventyrtype har ikkje forteljinga fått ATU-nummer, men det skulle vere ein stad mellom ATU 300 og 399.

Eventyr og segner kan blande seg, og segner og historiske hendingar like eins. Det går fram av hekseprosessane at folk trudde at trollkjerringar kunne lage uvêr og storm. I ei trollkjerringsak frå 1670 i Kristiansand tilstod ei kvinne at ho og to andre kvinner hadde fare til sjøs i ramneham for å gjere ende på ein namngitt person som var om bord på eit skip med kurs mot til København. Dei lyktest ikkje. Folk trudde kanskje på tilståingar ved tvang og tortur, og utan sakkunnige til å vurdere kor tilreknelege folk som tilstod var eller hadde blitt av torturen. Dei viktigaste formene for prov i mange hekseprosessar var oppnådd ved "prøving". Det omfatta systematisk, grov tortur med glovarme klyper, tommeskruver og mange andre fæle metodar for å presse fram tilståingar og fordømmingar av venner, slektningar og naboar. Vanlege avrettingsmåtar var levande brenning, henging og drukning. Det er kjent at over 300 menneske blei avretta slik her i landet. (Liestøl 1949, II:370; Wikipedia, "Hekseforfølgingane", Store norske, "Trolldomsprosessene".)

[Til eventyret]

Skrinet med det rare i

ATU 2250: Ramse av typen Trikseforteljing.

[Til eventyret]

Enkesonen

ATU 314: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Jutulen og Johannes Blessom *

Denne typen forteljing - om mirakuløs ferd gjennom lufta - går for å vere segn. Det er ikkje alltid klare grenser mellom fakta, segn og eventyr. Dei blandar seg ein del, enda om segner helst har namngitte personar og stadar med i opplegget, som her. Segna om den fantastiske ferda med hest og slede gjennom lufta kom på prent i 1844. Ho er ikkje eineståande, og har lange røter. Forteljingstypen har sine variantar i folkloren, også frå Torsby i Sverige, "Mannen från Ramnaberg i Torsås" - om ein bonde som fekk ri med ein bergmann frå Stockholm og heim til Ramnaberg nær Växjö (Kungliga Gustav Adolfs Akademien, bd 2, 1938). Frå dansk kjenner ein historier om presten Hellig-Anders. Han skal

ifølge optegnelserne have levet i begyndelsen af 1200-årene i Slagelse, der han virkede som præst i Skt. Peders Kirke i Slagelse. Der findes en berømt fortælling om Anders' forunderlige pilgrimsfærd - en endagsrejse - fra Jerusalem til Slagelse: Han er på pilgrimsfærd til Den hellige Grav med 12 Slagelseborgere. Påskedag blæser en gunstig vind, og de andre vil sejle hjem, men Anders vil høre messe først. På den måde blev han ladt tilbage og måtte begive sig på vej alene. Under bøn ved vejen faldt han i søvn, og i søvne oplevede han, at en rytter bød ham sidde op hos sig, hvorefter han for afsted. Da han vågnede, hørte han nogle hyrder tale dansk sammen: han befandt sig på en høj uden for Slagelse, og det var endnu Påskedag; samme dag som han har hørt messe i Jerusalem.

Den samme dag holdt Anders vesper i sin kirke i Slagelse. Men allerede dagen efter drog han atter på pilgrimsfærd, til Skt. Jakob i Spanien og derefter til Skt. Olav i Norge, - alt sammen inden hans rejsefæller kommer hjem fra Jerusalem. (Den katolske Kirke i Danmark: "Danske helgener: Anders")

Før Anders fanst forteljingar om norrøne, greske og andre gudar med vogner som fór gjennom lufta, og somtid med folk om bord, slik som guten Tjalve i vogna til Ake-Tor. Ein parallell frå nyare tid er julenissen i flygeslede. Han har ei brokete historie, men den første skriftlege skildringa om han stod forfattaren Washington Irving for. Han henta inspirasjon frå gamle nederlandske skikkar og laga ei skildring av ein gåvmild St. Nikolaus som køyrer gjennom lufta i ein slede trekt av reinsdyr: Hollandske Sinterklaus blei amerikanisert til Santa Claus. [Jf. Store norske leksikon: "julenissen"]

Det sentrale i forteljinga vår er "makelaus skyss". I skandinavisk folketru er det skyss frå ein jotun som liknar ein kar. Ut frå det kunne ho såleis blitt lagt til gruppa kalla "Andre forteljingar om det overnaturlege", med tildelt ATU-nummer ein stad mellom 700 og 749 eller gruppa "Andre religiøse forteljingar" med nummer ein stad mellom 827 og 849.

[Til eventyret]

Vårherre og Sante-Per på vandring

ATU ?

Forteljingar med undergjerande helgenar og betre i, er klassifiserte som religiøse eventyr. Dei kan vere av tre typar: Gud lønnar og straffar (750-779); Sanninga kjem for dagen (780-791); og Andre religiøse forteljingar (827-849). For å finne kva for gruppe som kan passe best i høvet, spør kva kvar enkelt forteljing handlar om mest av alt.

Er sluttpoenget for den første forteljinga at det "Det kan gå troll i ord"? I så fall fell forteljinga inn under "Andre religiøse forteljingar, og har ATU-nummeret sitt ein stad mellom 827 og 849.

Mirakel har ikkje komme med under Religiøse eventyr som eiga gruppe. Som det no er ordna til (Uther 2004), har vi her å gjere med ei religiøs forteljing av typen "Andre religiøse forteljingar, og då med ATU-nummer ein stad mellom 827 og 849.

Mirakel og det nifse får plass under trolldomseventyr i eventyrkatalogen, i gruppa kalla "overnaturleg makt eller kunnskap". Slike forteljingar har ATU-nummer mellom 650 og 699.

Men om ein skjønar ei forteljing med mirakel i som skjemt av typen skipperskrøner, som er dryge forteljingar, blir typen gjerne å finne mellom ATU 1875 og 1999. Ein får gjerne tenke over kva som skil ei skrøne frå ei forteljing om noko overnaturleg, om det er noko skil å sjå.

[Til eventyret]

Austanfor sol og vestanfor måne

ATU 425: Trolldomseventyr av typen Mann.

Handlinga er det som står mest sentralt i eventyr flest. Ofte følgjer handlinga visse reglar med opptakingar og somt anna også, "men i det store og heile hastar eventyret", skriv Olav Solberg: Det gjeld jamvel om det kan vere stor skilnad på ulike variantar - og det er det ofte. Ein av variantane er frå Etne i Hordaland. Der er far til jenta bonde og ho sjølv bondejente. Kransen finst ikkje i Etne-varianten, men eit eple. Nokon draum om eplet finst ikkje [Norsk folkeminnesamling].

Asbjørnsen og Moe gav breiare plass for skildringar - til dømes "så ren og blid som klare dagen" - enn dei fleste vestnorske variantane. Asbjørnsen og Moes tekst er også fire gongar så lang som Etne-varianten. Slike skilnader mellom breiare austnorske forteljemåtar og fyndigare vestnorske kan det vere godt å vite av. [Solberg 1999:34-35; Norske folkeminnesamling]

[Til eventyret]

Oskeladden som fekk prinsessa til å skulde seg for å lyge

ATU 852: Novelle av typen Mannen gifter seg med prinsessa.

[Til eventyret]

Ei sommarnatt på Krokskogen

Eg-personen i rammeforteljinga skulle som 14-åring gå over Krokskogen fra Sørkedalen til Åsa på Ringerike. Asbjørnsen bygg nok til dels på eigne erfaringar, i og med at handlinga går føre seg i trakter som Asbjørnsen var fortruleg med etter blant anna å ha vandra etter landevegen og gjennom skogtrakter frå hovudstaden til Norderhov på Ringerike. Der gjekk han på eit artiumskurs i 1826.

I storforteljinga kjem eg-personen vekk frå stien i skogen, natta fell på og han blir svært mørkeredd. Ei lita stund trur han at ein bjørn er like ved. Etterpå kjem han fram til eit bål i skogen. Der held fire tømmerhoggarar seg vakne med å fortelje historier om møte med underjordiske og andre vetter - Skogangsten er eit vanleg tema i romantisk dikting, der troll og vonde makter lyt haldast på avstand ved magiske vers og gjenstandar som salmevers og krossar.

Ikkje alt i huldreeventyret er sjølvopplevd. Forteljinga om huldrefolket på Kilebaken og reisa til Bra[ger]nes [no: bydel i Drammen] fekk Asbjørnsen tilsendt hausten 1847 av lærar J. M. Kristofersen i Ådal (Liestøl 1949, II:340-341).

[Til historia]

Tyrihans som fekk kongsdottera til å le

ATU 571: Trolldomseventyr av typen Overnaturleg makt eller kunnskap.

[Til eventyret]

Ei signekjerring

Rammeforteljinga "En signekjærring" er sett til ei husmannsstove i Gudbrandsdalen. Kona der har eit sjukt barn og blir vitja av signekjerringa. I den siste delen av forteljinga kjem mannen heim og får mistanke om at signekjerringa Gubjør Langelår har vore på besøk. Dette partiet blei tatt ut i 1870-versjonen. Men Truls på Rognehaugen gjorde alvor av trugsmålet om å gjere sitt for få signekjerringa i arresten. Han melde henne til lensmannen. Dette kjem for dagen i "Taterar", fortel Olav Solberg.

I forteljinga er avstanden mellom forteljaren og det folkelege miljøet så stor at han nøyer seg med å fortelje som om han var ei "fluge på veggen".

I teksten er det segner om bytingar. Dei speglar handsaminga av barn med rakitt før.

[Til historia]

Kolbrennaren

ATU 1641: Skjemt av typen Heldige ulykker.

[Til eventyret]

Fiskarsønene

ATU 303: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Høgfjellsbilde 1. Ein søndagskveld til seters

Den andre samlinga med Norske Huldre-eventyr og Folkesagn blei gitt ut i 1948, tre år etter den første samlinga. "Høgfjellsbilde" er den første av to delar, og er laga ut frå minne og oppteikningar frå ein tur som Asbjørnsen gjorde til Gudbrandsdalen i 1842 saman med ein skotsk jaktkamerat. Kameraten blir kalla Sir John Tottenbroom i forteljinga, men han heitte Robert Meason Laing.

Den britiske overklassa, som skotten høyrde til, hadde oppdaga den norske fjellnaturen i ei tid nordmenn i byar og lågland kjende seg redde for fjellet. Takk vere opplevingsglade britar – og nokre til – tok turismen seg opp i Noreg frå 1800-talet. Mange tusen kom over Nordsjøen for å oppleve fjordar, fjell og Nordkapp. Vel heimkomne skildra dei opplevingar og inntrykk – nesten to hundre britiske reisande og andre kommenterte naturriket Noreg. Dei omfatta kjente folk som Thomas Malthus, Charlotte Brontê, Lord Tennyson og William Gladstone, og fleire av dei kom fram med inntrykk av nordmenn som naturnære, primitive menneske i britiske auge. (Fjågesund og Syme, 2003:8-9, 234)

Frå 1840-åra voks interessa for norsk natur hos trendskapande byborgarar i Noreg også, og Rondefjella var fjell som folk innan kunst, vitskap og næringsliv gjerne skulle oppleve. Slakke var dei også . . . Den Norske Turistforening ble skipa i 1868. I dag er nær 250 000 med i friluftsorganisasjonen.

Ei av de tidlegaste skildringane av sommarturar i det norske høgfjellet står i boka Two Summers in Norway, av William Bilton og gitt ut i 1840. I boka blir det fortalt om ei reinsdyrjakt i Rondane.

Fjellturen. I samtida til Asbjørnsen var det blitt interesse for seterbesøket som litterært emne. Ein tur frå Sel i Gudbrandsdalen til ei seter ved Høvringen blir svært fritt framstilt. Asbjørnsen er i lag med briten han kalla Sir John Tottenbroom i forteljinga, ein britisk lord som heitte Robert Meason Laing. Dei to hadde blitt kjent med kvarandre i Christiania sommaren 1842. Same sommar reiser lorden og Asbjørnsen med jernbane i lag frå Christiania til Eidsvoll. Der tok dei inn på Eidsvoll Kurbad i nokre dagar – seks dagar på Eidsvoll for å fiske – og vidare med båtskyss nordover Mjøsa og så med hesteskyss til Sel. Her fekk dei tak i kjentmannen som William Bilton (ovanfor) hadde hatt, Tor Øygarden. Tor blei no med på turen som jeger og kjentmann. Med kom også den lokale kjentmannen Anders Ulvolden. Følget gjekk til fots den bratte setervegen frå Sel til Høvringen, og om kvelden vidare til Urdøyhytta langt inni fjellheimen.

Dei to reisefellene har som mål å oppleve ei reinsjakt slik det blei skildra av William Bilton i boka hans. Asbjørnsens reinsjaktskildring liknar Bilton si.

I Asbjørnsens forteljing blir det om kvelden på setra dels fortalt segner og dels om opplevingar frå seterliv og jakt. Ein variant av visa "Pål sine høner" er med. Asbjørnsen lar "Sir John Tottenbroom" nemne Biltons skildring.

Asbjørnsen – lite elskverdig til tider. Asbjørnsen har i ettertid blitt kritisert for å ha parodiert skolelæraren i Sel, Hans Hansen Pillarviken (1798, Vågå, – 1863, Sel). Pillarviken var modellen for den sterkt karikerte skolemeisterfiguren. I stykket blir han kalla Halsteen Røen. Og kva meir er, Pillarviken hadde då i mange år hjelpt Asbjørnsen med å samle eventyr og segner. Fem vi kan takke Hans Pillarviken for er "Oskeladden og dei gode hjelparane", "Gullfuglen", "Guten som ville bli handelskar", "Guten som tente i tre år utan lønn" og "Goddag mann økseskaft" – kanskje mange fleire.

Sanningar fram: Den svenske diktaren Viktor Rydberg vitja Vågå og skildra Pillarviken som ein original, spennande, innsiktsfull og dyktig lærar. Pillarviken sette mindre pris på den karikaturen som Asbjørnsen teikna og som tydeleg hadde Pillarviken som modell. Han tok til å skrive på sin eigen biografi, som blant anna var tenkt som eit forsvarsskrift mot Asbjørnsens karikatur. Deler av sjølvbiografien blei trykt i Vor ungdom 1896. Då hadde tidlegere elevar reist ein minnestein over han på kyrkjegarden i Sel i 1882. Dei fleste lærarar kan berre drøyme om slik verdsetting.

"Sir John Tottenbroom" gir beskjed: Asbjørnsen karikerte kjente. Han hengde ut Laing i forteljinga, trass i at Laing skreiv til Asbjørnsen i 1846:

If you have any desire to avoid hurting my feelings, you will not tug either me or any countryman of mine into your new book. – You may laugh as loud and as long as you like at my language; but I do most utterly detest having my thoughts travestied and my meaning misrepresented. (Laing, i Hult 2003: 230n)

Lorden bad såleis høfleg om å få sleppe at Asbjørnsen skreiv om han med komiske forvrengingar av tankane hans, men til lita nytte: Asbjørnsens karikaturframstilling av og litterære fridomar over "Sir Tottenbroom" (Laing) gjer at Laing liknar ein pussig fransk greve i ei bok om hjortejakt av William Scrope (1838). Det var ei bok som Asbjørnsen hadde lånt av Laing, fortel Olav Solberg (2011). Før "Høgfjellbilete" kom på prent, hadde Asbjørnsen lese opp forteljinga for gode vennar. Komponisten Halvdan Kjerulf skreiv i 1846 at han hadde høyrt Asbjørnsen lese "en fortræffelig Historie om et Besøg i en Gudbrandsdalsk Sæterstue". (Solberg 2011).

Asbjørnsen gav ut forteljinga, han, og det blei slutt på vennskapen med Laing.

[Til historia]

Høgfjellsbilde 2. Reinsdyrjakt ved Rondane

Den førre forteljinga og denne har felles overskrift: "Høgfjellsbilde". Det meste av denn andre forteljinga frå høgfjellet handlar om fjellnaturen og jakta, krydra med ei og anna jakthistorie. Skildringa inneheld fri dikting og sjonglering med historier, så det er inga autentisk forteljing i eit og alt vi har med å gjere her heller.

Segnene om skyttaren Peer Gynt fekk Asbjørnsen høyre av ein femtenåring, Engebret Hougen (1826–91) frå Sel. Det var etter at jaktturen var over. Guten fekk då beskjed av Øygarden om å gå ned på Laurgard skysstasjon på Sel, der Asbjørnsen sat mismodig over dårlig utbytte på innsamlingsreisa si. Engebret skulle fortelje han "alle de Eventyr Du kan."

Unge Engebret blei verande der i to dagar og fortalde frå det han hadde høyrt. Hougen starta opp med å fortelje segner om Peer Gynt for Asbjørnsen, og la til segner om Vala-Budeiene og Kristofer Eldførpungen "og sligt noget", skreiv han i eit brev til mor si.

Engebret fortalde også "Kjetta på Dovre", og eventyra "Meistertjuven" og "Veslefrikk med fela" og enda fleire til Asbjørnsen, heiter det no. [Wikipedia, s.v. "Peer Gynt-hytta"; "Engebret Hougen"].

Fanst det ein verkeleg Per Gynt her til lands? Iallfall éin modell for Per Gynt kan ha levd på midten av 1700-talet, men det er lite truleg det var før, sidan Per blir skildra som ein jeger som gjekk med børsa med seg nesten alltid, og gevær var svært uvanlege som jaktvåpen fram til midten av 1700-talet. Den historiske Per Gynt var kanskje Peer Olson Hågå eller kanskje heller Per Laurissen som også budde på Hågå i Gudbrandsdalen (Hoem og M., 2003)

Per Gynt kom frå Kvam, heiter det ovanfor. Asbjørnsen fekk høyre forteljingar om Per Gynt mens han var på Sel som snarast, men dei fleste Gynt-historiene kjem frå Sødorp, Vinstra. Der heiter det seg at Per Gynt budde på Nordgard Hågå. Den garden ligg oppi dalsida ved Vinstra. Ei stove frå garden er sett opp nede ved hovudvegen.

Ganske dunkle staddata kan føre til strid om turistmagnetar mellom ymse stadar. Som mange andre segner og historier har Gynt-segner kveika kulturutfaldingar, blant anna sett fart i målarar som har måla, musikarar som laga musikk, og diktarar som har skrive – mellom anna skodespelet "Peer Gynt" (Ibsen). I vår tid har somme attpåtil satsa på å utnytte namnet og folkloren kommersielt.. Per Gynt AS søkte i 2008 Patentstyret om patentvern av fleire kjente omgrep knytte til Per Gynt for å ha rett til å bruke dei på kommersielle produkt og tenester. Det private selskapet fekk med det einerett til å bruke "Bøygen", "Juv (!)" og "Verdensborgeren" som varemerke, men det blei ikkje søkt om Uff og Buuu!

[Til historia]

Dei tre kongsdøtrene i blåberget

ATU 301: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Gullfuglen

ATU 550: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

[Til eventyret]

Herremannsbrura

ATU 1440: Skjemt av typen Historier om ei kvinne.

[Til eventyret]

Veslefrikk med fela

ATU 592: Trolldomseventyr av typen Magiske gjenstandar.

[Til eventyret]

Soria Moria slott

ATU 400: Trolldomseventyr av typen Kone.

[Til eventyret]

Bonde Vêrskjegg

ATU 325: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

Bonde Vêrskjegg - Mons Raudskjegg. Eventyret Bonde Vêrskjegg er av typen The magician and his pupil, "Trollmannen og lærlingen hans". Namnet til trollmannen er ikkje Vêrskjegg i alle norske oppteikningar. Det er oftast "Mons Raudskjegg". I Østfold og Hedmark heiter han Vraal Hestesky, og i Hedmark også Bonde Veirsky. I Oppland heiter han Mons Raudskjegg, og i Telemark Mons Raudskjegg (også: Mons Rauskjegg og Mons Roudskjegg), viser Ørnulf Hodne (1984:77-78)

Hans-Jörg Uther skriv også at delar av eventyret er å finne i Ovids Metamorfosar, bok 8 [først gitt ut i år 8 eKr.], og at den første framstillinga av heile eventyret kjem på 1500-talet i Giovanni Straparolas italienske Piacevoli notti ("Behagelege netter"), 84. natta. Uther gir også tilvisingar til nitti utformingar av eventyrtypen til "Bonde Vêrskjegg" frå ulike land. (Uther 2004:1:207-8.)

[Til eventyret]

Kongsdottera som ingen kunne målbinde

ATU 853: Novelle av typen Mannen gifter seg med prinsessa.

[Til eventyret]

Oskeladden som kappåt med trollet

ATU 1088: Dumtrollet, av typen Tevling mellom mennesket og troll (Eating/Drinking Contest).

AT 1088. Kapædningen med trollet. Stad: Lunde. Manus: NFS M. Moe 17, 63. Samlar: Moltke Moe 1882.

[Til eventyret]

Følgesveinen

ATU 507 A: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

[Til eventyret]

Smørbukk

ATU 327 C: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Gjertrudsfuglen

ATU 751 A: Religiøst av typen Gud lønnar og straffar.

[Til eventyret]

Vêren og grisen som skulle til skogs og bu for seg sjølve

ATU 130: Dyreeventyr av typen Ville dyr og husdyr.

[Til eventyret]

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, litteratur  

Aarne, Antti. The Types of the Folktale: A Classification and Bibliography. Translated and Enlarged by Stith Thompson. 2nd rev. ed. Helsinki: Suomalainen Tiedeakatemia / FF Communications, 1961.

Ashliman, D. L. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987.

Bilton, William. Two Summers in Norway. London: Saunders and Otley, 1840.

Blicher, Steen Steensen. "Røverstuen". I Udvalgte Værker Bd. 1. København: Blicher-Selskabet, 1982: s. 99-137. På nettet hos Arkiv for Dansk Litteratur. Det Danske Sprog- og Litteraturselskab og Det Kongelige Bibliotek.
www.adl.dk/adl_pub/vaerker/cv/e_vaerk/e_vaerk.xsql? ff_id=40&id=4122&hist=R&nnoc=

Den katolske Kirke i Danmark: Danske helgener: Anders." [◦Meir]

DIS, Slektsforum. "Familien i Klomro/Klomsrud." 26 sept. 2012.
www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=109585

Fjågesund, Peter, og Ruth A. Syme. The Northern Utopia: British Perceptions of Norway in the Nineteenth Century. Bd 10 av Studia Imagologica. Ill. utg. Amsterdam: Rodopi, 2003. (s. 8-9, 234

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Hoem, Jon. "Peder Olson Hågå" og "Fantes det en historisk Per Gynt?" Per-2-Peer. Bergen: Mediesenteret, Høgskolen i Bergen, 2003.
home.hib.no/mediesenter/per2peer/peder_olsen_hage.htm
home.hib.no/mediesenter/per2peer/historisk_per_gynt.htm

Hult, Marit Hvam. Framing a National Narrative: The Legend Collections of Peter Christen Asbjørnsen. Detroit, MI: Wayne State University Press, 2003, p 230, note 12.

Johnsen, Jorunn Vandvik, referent. Vårturen 28. mai 2011. Asbjørnsenselskapet. www.asbjornsenselskapet.no/?page_id=333

Ovid. The Metamorphoses. Oms. Mary Innes. London: Penguin, 1955.

Scrope, William. The Art of Deer-Stalking. Vol. 5 of Sportsman's Library. London: John Murray, 1838.

Solberg, Olav. Norsk folkedikting: Litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv. Oslo: LNU/Cappelen, 1999.

Solberg, Olav. "Ord- og sakkommentarar". Norske Folkeeventyr og Huldresagn. Bokselskap / Det norske språk- og litteraturselskap (NSL). 2011. På nett.

Store norske leksikon, s.v. "Hans Hansen Pillarviken".

Straparola, Giovanni Francesco. The Nights of Straparola. 2 bd. Oms. William George Waters. London: Lawrence and Bullen, 1894.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284 -86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Wikipedia, "Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn"; "Peer Gynt-hytta"; "Aarne–Thompson classification system".

Østberg, Henning. Asbjørnsen som friluftsmann. Asbjørnsenselskapet. www.asbjornsenselskapet.no/?page_id=20

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]