NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Vårherre og Sante-Per på vandring

1

EIN GONG mens Vårherre og Sante-Per gjekk og vandra her på jorda, kom dei til ei kone som stod og vaska klede. Det var både heile og gode klede, men då Vårherre spurde kva ho stod og vaska, så sa ho - ho var kanskje redd dei skulle be henne om eit plagg - "Å, det er nokre filler."

"Ja, er det filler så la det bli filler då," sa Vårherre, og så blei det filler.

Då dei hadde vandra eit stykke til, kom dei igjen til ei kone. Ho stod og vaska ved ein bekk, og det var nokre usle filler ho banka. Men då Vårherre spurde kva det var ho stod og vaska, så sa ho:

"Eg står og vaska klede til barna mine; dei er ikkje rare, Gud bere oss! men dei blir då reine."

"Ja, er dei klede, så la det bli klede," sa Vårherre, og med ein gong blei fillene til heile og gode klede.

2

EIN ANNAN gong kom Vårherre og Sante-Per inn til ei kone som var så fattig, så fattig. Ho hadde ikkje matsmulen å gi ungane sine, og dei var så svoltne og jamra seg og gret for mat. Så tenkte ho at ho fekk prøve å få dei til ro. Ho hengde på gryta, slo i vatn og hadde oppi ein nevefull rund småstein frå elvebredda i staden for erter. - "Legg dykk så vakkert til å sove til ertekålen er kokt, så skal eg nok vekkje dykk," sa ho, og dermed så fekk ho då stagga dei.

Nettopp som barna hadde sovna, kom Vårherre og Sante-Per. Kona sat og gret så sårt.

"Du får røre i ertene dine," sa Vårherre.

"Å, Gud hjelpe meg for erter det er," sa kona - "det er nok ikkje anna enn småstein eg hengde på for å stagge ungane."

"Du får då prøve å røre i dei likevel," sa Vårherre.

Kona svara igjen at det kunne ikkje nytte, men då Vårherre sa den tredje gongen at ho skulle røre i ertene, så gjekk ho bort og rørte med sleiva i gryta, og ho ville nesten ikkje tru sine eigne auge då ho såg det var dei finaste erter nokon kunne ønskje seg.

Med hjerteglede takka ho og vekte barna og gav dei ertekål som ho hadde lovt.

I Vesten har "radarparet" Vårherre og Sante-Per (St. Peter) blitt plassert i hovudrollene i slike stubbar der det kan gå troll i ord, der mirakel kan skje, og der heltane er vandrande, presis lik namngjetne heilagmenn i Buddhismen og Hinduismen.

I Buddhas samtaler nemner Gautama Buddha til dømes ein Vårherre som blei opplyst under eit banyantre og levde i 20 000 år som Bhagavan: det ordet kan ein godt omsetje til Herre. Tissa var ein av dei to fremste elevane til Kassapa, står det også. [Bsa 22] Ein kan sjå kor gildt slike ferdamenn passar til dei mange sogene om meister og elev som er ute og vandrar og gjer under som det høver.


OPP


Austafor sol og vestafor måne

DET VAR ein gong ein fattig husmann som hadde stua full av barn og ikkje stort å gi dei, verken av mat eller klede. Vakre var dei alle, men den vakraste var den yngste dottera, som var så vakker at det ikkje var måte på det.

Så var det ein torsdagskveld seint om hausten. Det var stygt vêr ute og fælt mørkt, og regne og blåse gjorde det så det knaka i veggene. Dei sat omkring peisen og hadde noko å stelle med alle saman. Rett som det var, så banka det tre gongar på ruta. Mannen gjekk ut og skulle sjå kva som var på ferde, og då han kom ut, stod det ein stor, stor kvitebjørn der.

"God kveld du!" sa kvitebjørnen.

"God kveld!" sa mannen.

"Vil du gi meg den yngste dottera di, skal eg gjere deg likså rik som du no er fattig," sa han.

Ja, mannen syntest det var nokså gildt at han skulle bli så rik, men han syntest han måtte snakke med dottera først. Han gjekk inn og sa at ute var det var ein stor kvitebjørn som lovde han skulle gjere dei rike når han berre kunne få henne. Ho sa nei og ville nødig, og så gjekk mannen ut att og blei forlikt med kvitebjørnen om at den skulle kome att neste torsdagskvelden og hente svar. Imens gav dei dottera verken rist eller ro, dei snakka og las opp for henne om all rikdommen dei skulle kome til og om kor godt ho skulle ha det sjølv. Til sist gav ho seg då. Ho vaska seg og stelte i stand fillene sine, pynta seg så godt ho kunne, og heldt seg reiseferdig. Det var ikkje stort ho skulle ha med heller.

Neste torsdagskveld kom kvitebjørnen og skulle hente henne. Ho sette seg på ryggen av den med bylten sin, og så bar det av stad.

Då dei hadde kome eit godt stykke på vegen, sa kvitebjørnen: "Er du redd?"

Nei, det var ho då ikkje.

"Ja, hald deg berre godt fast i ragget mitt, så har det ingen fare heller," sa den.

Ho rei og ho rei, og langt om lenge kom dei til eit stort fjell. Der banka kvitebjørnen på, og så gjekk det opp ein port, og dei kom inn i eit slott. Det var lys i alle rom, og det skein både av gull og sølv, og så var der ein stor sal, som det stod eit dekt bord i, og det så gromt at du ikkje kan tru kor gromt det var. Så gav kvitebjørnen henne ei sølvklokke; når det var noko ho ville, skulle ho berre ringje på den, så fekk ho det. Ja, då ho hadde ete, og det lei på kvelden, blei ho søvnig etter reisa, og syntest ho kunne ha lyst til å leggje seg. Så ringte ho med klokka, og ho hadde ikkje teke i den, før ho kom inn i eit kammers der det stod ei oppreidd seng, så herleg som nokon ville liggje i, både med silkedyner og omheng og gullfrynser. Alt som var der, var av gull og sølv. Men då ho hadde lagt seg og sløkt lyset, kom det inn eit menneske og la seg med henne. Det var kvitebjørnen som kasta hamen av seg om natta. Men ho fekk aldri sjå han, for alltid kom han etter at ho hadde sløkt lyset, og før det var lyst om morgonen, var han borte att.

Det gjekk både godt og vel ei stund, men så tok ho til å bli så stille og sørgmodig, for ho gjekk der så aleine heile dagen og stunda heim til foreldra og syskena sine. Då kvitebjørnen spurde kva det var som feilte henne, sa ho at det var så stussleg der, ho gjekk der så aleine og stunda heim til foreldra og syskena sine, og det var fordi ho ikkje kunne kome til dei at ho gjekk og sørgde så. "Det kan det nok bli råd med," sa kvitebjørnen; "men du skal love meg at du ikkje taler med mor di aleine, men berre når dei andre høyrer på. For ho tek deg ved handa," sa han, "og vil ha deg inn i eit kammers og tale aleine med deg; men det må du slett ikkje gjere, elles gjer du oss ulykkelege begge to."

Ein søndag kom kvitebjørnen og sa at no kunne dei reise til foreldra hennar. Ja, dei reiste, ho sat på ryggen hans, og det gjekk både langt og lenge. Til sist kom dei til ein stor kvit gard. Der sprang syskena hennar ute og leika seg, og det var så vakkert at det var ei lyst å sjå det. "Der bur foreldra dine," sa kvitebjørnen; "men gløym ikkje det eg har sagt deg, elles gjer du både deg og meg ulykkelege." Nei, det skulle ho nok ikkje gløyme, og då ho var komen dit, så snudde kvitebjørnen om att, han.

Det var slik glede då ho kom inn til foreldra at det ikkje var måte på det. Dei syntest dei kunne ikkje fulltakke henne for det ho hadde gjort for dei; no hadde dei begge det så godt, og alle spurde henne korleis ho hadde det der ho var. Ho hadde det både godt og vel, og hadde alt ho kunne ønskje seg, sa ho, og resten fekk dei ikkje heilt greie på.

Men så om ettermiddagen då dei hadde ete til middag, gjekk det som kvitebjørnen hadde sagt: mora ville tale med henne aleine inne i kammerset. Men ho mintest det kvitebjørnen hadde sagt, og ville ikkje på nokon måte. "Det vi har å snakke om," sa ho, "det kan vi alltid snakke om." Men korleis det gjekk eller ikkje, så fekk då mora overtalt henne til sist, og så måtte ho seie korleis ho hadde det.

Ho sa då at det alltid kom eit menneske og la seg med henne når ho hadde sløkt lyset om kvelden. Han fekk ho aldri sjå, for han var alltid borte før det blei lyst om morgonen. Det gjekk ho og sørgde over, for ho syntest ho ville så gjerne sjå han, og om dagen gjekk ho der aleine og hadde det så stussleg.

"Huff, det kan gjerne vere eit troll du ligg med," sa mora; "men no skal eg lære deg ei råd så du skal få sjå han: Du skal få ein lysestubb av meg. Den kan du ta med deg i barmen. Lys så på han når han søv, men akt deg vel så du ikkje dryper talg på han."

Ja, ho tok lyset og gøymde det i barmen, og om kvelden kom kvitebjørnen og henta henne.

Då dei hadde kome eit stykke på vegen, spurde kvitebjørnen om det ikkje var gått så som han hadde sagt.

Jo, det kunne ho ikkje nekte for.

"Ja har du lydt etter råda frå mor di, så har du gjort oss begge ulykkelege, og så er det over mellom oss," sa han.

Nei, det hadde ho no slett ikkje.

Då ho så var komen heim og hadde lagt seg, gjekk det som det pleidde: det kom eit menneske og la seg med henne. Men då det lei utpå natta og ho høyrde han sov, stod ho opp og slo varme, tende i lyset og lyste på han. Då såg ho det var den vakraste prinsen ein kunne sjå, og ho blei så glad i han at ho syntest ho ikkje kunne leve om ho ikkje fekk kyst han straks på augeblinken. Det gjorde ho også, men med det same drypte ho tre heite talgdropar på skjorta hans så han vakna.

"Å, kva har du gjort no?" sa han. "No har du gjort oss ulykkelege begge to. Hadde du berre heldt ut året, så hadde eg vore frelst. For eg har ein stemor som har trolla meg så eg er kvitebjørn om dagen og menneske om natta. Men no er det ute mellom oss, no må eg reise frå deg til henne. Ho bur i eit slott som ligg austafor sol og vestafor måne, og der er det ei prinsesse med ein nase som er tre alen lang. Henne skal eg ha no."

Ho gret og bar seg, men det var ikkje noko å gjere med det, han måtte reise. Så spurde ho om ho då ikkje kunne få vere med.

Nei, det bar aldri til.

"Kan du seie meg vegen, så skal eg leite deg opp. Det kan eg vel få lov til?" sa ho.

Ja, det kunne ho. Men det var ingen veg dit, det låg austafor sol og vestafor måne det, og dit fann ho aldri fram.

Om morgonen då ho vakna, var både prinsen og slottet borte. Ho låg på ein liten grøn flekk midt inni mørke, tette skogen, og ved sida av henne låg den same fillebylten som ho hadde hatt med seg heimafrå. Då ho no hadde gnidd søvnen av auga sine og grete seg trøytt, gav ho seg på vegen, og så gjekk ho i mange, mange dagar, alt til ho kom til eit stort berg.

Utanfor det sat ei gammal kjerring og leika seg med eit gulleple. Henne spurde ho om ho visste vegen til den prinsen som var hos stemor si i eit slott som låg austafor sol og vestafor måne, og som skulle ha ei prinsesse med ein nase som var tre alen lang.

"Kor kjenner du han frå?" spurde kjerringa, "kanskje det var du som skulle hatt han?"

Ja det var då det.

"Jaså, er det du?" sa kjerringa. "Ja, eg veit ikkje noko meir om han, eg, enn at han bur i det slottet som er austafor sol og vestafor måne, og dit kjem du seint eller aldri. Men du skal få låne hesten min, og den kan du ri på til grannekona mi. Kanskje ho kan seie deg det. Og når du er komen fram, så kan du berre slå til hesten under venstre øyret og be den gå heim att. Og dette gulleplet kan du ta med deg."

Ho sette seg opp på hesten og rei i lange, lange tider. Så kom ho til sist til eit berg der det sat ei gammal kone utafor med eit gullhespetre. Henne spurde ho om ho visste vegen til det slottet som låg austafor sol og vestafor måne. Ho sa som den andre kona at ho ikkje visste noko om det, men det var nok austafor sol og vestafor måne, "og dit kjem du seint eller aldri; men du skal få låne hesten min til næraste grannekona. Kanskje ho veit det. Og når du er komen dit, så kan du berre slå hesten under venstre øyret og be den gå heim att." Og så gav kona henne hespetreet, for det kunne ho nok kome til å få bruk for, sa ho.

Jenta sette seg då opp på hesten og rei i lang tid att. Langt om lenge kom ho til eit stort berg. Der sat det ei gammal kone og spann på ein gullrokk. Henne spurde ho om ho visste vegen til prinsen, og kor det slottet var som låg austafor sol og vestafor måne.

Så gjekk det like eins. "Kanskje det er du som skulle hatt prinsen der?" sa kjerringa.

Ja, det skulle no vere det då.

Men kona visste ikkje betre vegen ho enn dei andre to. Austafor sol og vestafor måne var det, det visste ho, "og dit kjem du seint eller aldri," sa ho, "men du kan få låne hesten min, så meiner eg du får ri til austavinden og spørje han. Kanskje han er kjend der og kan blåse deg dit. Når du er komen fram, så kan du berre slå hesten under øyret, så går den heim att". Og så gav kone henne gullrokken. "Kanskje du kan få bruk for den," sa kjerringa.

Ho rei i mange dagar og i lang tid før ho kom dit; men langt om lenge kom ho då fram. Så spurde ho austavinden om han kunne seie henne vegen til prinsen som budde austafor sol og vestafor måne.

Ja, den prinsen hadde han nok høyrt tale om, sa austavinden, og slottet også, men vegen visste han ikkje, for han hadde aldri blåse så langt. "Men dersom du vil, så skal eg følgje deg til bror min, vestavinden. Kanskje han kan vite det, for han er mykje sterkare. Du kan setje deg på ryggen min, så skal eg bere deg dit."

Ja, ho gjorde så, og det gjekk nokså friskt.

IMAGE
Det gjekk nokså friskt.

Då dei kom fram dit, så gjekk dei inn, og austavinden sa at den han hadde med seg, var ho som skulle ha prinsen i det slottet som låg austafor sol og vestafor måne. No reiste ho og skulle leite han opp, og så hadde han følgt henne dit, og ville gjerne høyre om vestavinden visste kor slottet var.

"Nei, så langt har eg aldri blåse," sa vestavinden, "men vil du, så skal eg følgje deg til sønnavinden, for han er mykje sterkare enn nokon av oss og han har flakka både vidt og breitt, så kanskje han kan seie deg det. Du kan setje deg på ryggen min, så skal eg bere deg dit."

Ja, ho gjorde så. Dei reiste til sønnavinden og var ikkje lenge om vegen. Då dei kom fram, spurde vestavinden om han kunne seie jenta vegen til det slottet som låg austafor sol og vestafor måne, for det var ho som skulle ha prinsen der.

"Ja så," sa sønnavinden, "Er det ho? Ja, eg har nok vanka vidt i mi tid," sa han, "men langt har eg aldri blåse. Men vil du, så skal eg følgje deg til bror min, nordavinden. Han er den eldste og sterkaste av oss alle saman, og veit ikkje han kor det er, så får du aldri i verda vite det. Du kan setje deg opp på ryggen min, så skal eg bere deg dit."

Ja, ho sette seg opp på ryggen hans, og han av garde så fort som vinden. Dei gjorde ikkje vegen lang.

Då dei kom dit nordavinden budde, var han så vill og galen at det stod kald gufs av han lang veg.

"Kva vil de?" skreik han langt borte så det isna i dei.

"Å, du får ikkje vere så streng av deg, du heller," sa sønnavinden, "for det er eg, og så er det ho som skulle hatt den prinsen som bur i slottet austafor sol og vestafor måne, og no vil ho spørje deg om du har vore der og kan seie henne vegen, for ho ville gjerne finne han att."

"Ja, eg veit nok kor det er," sa nordavinden, "Eg har blåse eit ospelauv dit ein einaste gong, men då var eg så trøytt at eg ikkje orka blåse på mange dagar etterpå. Men er det så at du endeleg vil dit og du ikkje er redd for å vere med meg, så skal eg ta deg på ryggen min og prøve om eg kan blåse deg dit."

Ja, ho ville og ho måtte dit dersom det på noko sett og vis var råd å kome dit, og redd var ho ikkje om det gjekk aldri så galt.

"Ja ja, så får du liggje over her i natt," sa nordavinden; "for vi må ha dagen for oss og vel så det, skal vi rekkje fram."

Tidleg andre morgonen vekte nordavinden henne, og bles seg opp og gjorde seg så stor og sterk at det var fælt; og så bar det av stad med dei høgt opp og bort igjennom lufta, som dei skulle fare til verdas ende med det same. På bygda var det slik storm at både hus og heile skogstrekningar rauk ned, og då dei kom ut over storsjøen, forliste skip i hundrevis. Slik fór dei av stad så langt, så langt at ingen kan tru kor langt dei fór, og alltid gjekk det utover havet. Nordavinden blei trøyttare og trøyttare og så utkøyrt at han nesten ikkje orka blåse lenger, og lågare og lågare bar det med han, og på slutten gjekk det så lågt at bølgjetoppane slo om hælane hennar.

"Er du redd?" sa nordavinden.

Nei, sa ho, det var ho ikkje.

Men dei var ikkje langt frå land heller, og det var nettopp så vidt makt att i nordavinden til at han fekk kasta henne inn på stranda under vindauga på slottet som låg austafor sol og vestafor måne. Men då var han også så trøytt og ussel at han måtte kvile over mange dagar før han kunne kome heim att.

Den andre morgonen sette ho seg til å leike med gulleplet utafor vindauga i slottet, og det første ho såg, var det nasegrevet som skulle ha prinsen.

"Kva skal du ha for det gulleplet ditt, du då?" sa ho og gløtta på vindauget.

"Det er ikkje til sals verken for gull eller pengar," sa jenta.

"Er det ikkje til sals for gull eller pengar, kva vil du då ha for det? Du kan få kva du vil," sa prinsessa.

"Ja, dersom eg kan få kome opp til prinsen som er her og få vere hos han i natt, så skal du få det," sa ho som hadde kome med nordavinden.

Ja, det kunne ho nok, det var råd til det.

Prinsessa fekk gulleplet. Men då jenta kom opp på rommet til prinsen om kvelden, så sov han. Ho ropte på han og rista i han, og alt imellom så gret ho, men ho kunne ikkje få han vaken, for dei hadde gitt han ein sovedrikk om kvelden. Om morgonen, då det lyste av dag, kom prinsessa med den lange nasen og jaga henne ut att.

Frampå dagen sette ho seg til å hespe på hespetreet utafor vindauga i slottet, og det gjekk då likeins. Prinsessa spurde kva ho ville ha for det, og ho sa at det var til sals verken for gull eller pengar, men kunne ho få lov til å kome opp til prinsen og vere hos han om natta, skulle ho få det. Men då ho kom der opp, så sov han att, og alt ho ropte og skreik og rista i han, og alt ho gret, så sov han så ho ikkje var god for å få liv i han. Og då det lysna av dag, kom prinsessa med den lange nasen og jaga henne på dør att.

Då det lei på dagen, sette jenta seg til å spinne på gullrokken utafor vindauga i slottet, og også den ville prinsessa med den lange nasen ha. Ho lukka opp vindauget og spurde kva ho skulle ha for den. Jenta sa, no som begge dei andre gongene, at den ikkje var til sals verken for gull eller penga. Men kunne ho få kome opp til prinsen som var der og vere hos han om natta, så skulle ho få den. Ja, det kunne ho gjerne. Men så var det nokre drakar som var tatt inn der, og dei hadde sete i det kammerset som var nærast ved prinsen; dei hadde høyrt at det hadde vore kvinnfolk inne og ho hadde gråte og ropt på han to netter i rad, og det sa dei til prinsen. Om kvelden, då prinsessa kom med sovesupen, let han som han drakk, men slo den bakover seg, for han kunne nok skjøne det var ein dvaledrikk.

Då no jenta kom inn, var prinsen vaken, og så måtte ho fortelje korleis ho var komen dit. "Ja, no kjem du rett til pass også," sa prinsen, "for i morgon skulle eg hatt bryllaup. Men eg vil ikkje ha det nasegrevet, og du er den einaste som kan frelse meg. Eg skal seie at eg vil sjå kva bruda mi duger til, og be henne vaske av den skjorta med dei tre talgflekkene på. Det går ho med på, for ho veit ikkje at det er du som har gjort det. Men det må rett folk til det og ikkje trollpakk, og så skal eg seie at eg ikkje vil ha nokon annan til brud enn den som kan gjere det, og du kan, det veit eg."

Det var då stor fryd og glede på dei om natta. Men dagen etter, då bryllaupet skulle stå, sa prinsen: "Eg vil sjå kva bruda mi duger til først."

Ja, det kunne vel vere greitt, sa stemora.

"Eg har ei fin skjorte som eg vil ha til brudgomsskjorte, men det er kome tre talgflekker på den. Dei vil eg ha vaska av, og eg har lovt at eg ikkje tek nokon annan enn den som er god for å gjere det. Kan ho ikkje det, så er ho ikkje verdt å ha."

Ja, det var inga sak, meinte dei, og det gjekk dei med på, og ho med den lange nasen til å vaske det beste ho kunne. Men dess meir ho vaska og gnudde, dess større blei flekkene.

"Å, du kan ikkje vaske," sa gamletrollkjerringa, mor hennar, "la meg få den!" Men ho hadde ikkje før teke i skjorta, før den blei enda styggare, og dess meir ho vaska og gnudde, dess større og svartare blei flekkene.

Så skulle dei andre trolla til å vaske; men dess lenger det lei, dess styggare og fælare blei den, og til sist såg heile skjorta ut som den hadde vore i skorsteinspipa.

"Å, de duger ikkje nokon av dykk," sa prinsen. "Det sit ei fantejente utafor vindauga her. Eg er viss på ho er mykje betre til å vaske enn nokon av dykk. Kom inn, du jente!" ropte han.

Ja, ho kom inn.

"Kan du vaske rein denne skjorta du?" sa han.

"Tja, eg kan då prøve."

Og aldri før hadde ho teke i skjorta og duppa den i vatnet, før den var drivande kvit som nysnø, ja, enda kvitare.

"Ja, deg vil eg ha," sa prinsen.

Då blei den gamle trollkjerringa så sint at ho sprakk, og prinsessa med den lange nasen og småtrolla sprakk nok også. Prinsen og bruda hans løyste då ut drakane som var tatt inn der, og så tok dei med seg så mykje gull og sølv som dei kunne føre, og flytta langt bort frå slottet som låg austafor sol og vestafor måne.

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2007–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]