Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     


Høgfjellsbilde

1. Ein søndagskveld til seters

EIN søndags ettermiddag i august drog eg ut frå Laurgard i Sel saman med ein ung engelskmann, sir John Tottenbroom, og reinskyttaren Tor Ulsvollen og broren hans, som skulle følge oss på jakt inn i fjellet mellom Østerdalen og Sel. Engelskmannen hadde sett seg ein del om i landet vårt. Han skjønte norsk og kunne til nød gjere seg forstått også. Men som dei fleste engelske turistane hadde han vore mest saman med bønder, og talte derfor eit underleg gebrokke bondespråk. Det strekte ikkje alltid til. Når han blei ivrig, slo han brått over i sitt eige språk eller la i veg på eit kråkemål som det var uråd å gi att. Tor Ulsvollen var ein middels høg mann, mørkøygd og med svartsmuska, djervt fjes. Han såg både klok og omtenksam ut, var mager, men brei over skuldrene, og gjekk lett og sikkert, med seig styrke i ganglaget. Det var ein roleg kar. Livet oppi fjellet er både farleg og slitsamt. Det hadde stroke av han all hjelpeløyse og vant han til å stole på seg sjølv. Derfor var det ein truverdig tryggleik over alt han sa. Broren, Anders, var lysleitt, lang og sterk. Han var av eit anna slag, uvørden i tale og åtferd. Han slong av stad, brydde seg ikkje stort om kor han sette foten, og måtte rett som det var hjelpe på likevekta med armane. Han likna ein bjørn som hufsar av stad på bakbeina. Begge hadde raude topphuer og pepar- og saltfarga bukser. Anders gjekk i ein lang frakk eller "spelkjole" av same farge, frakken hadde lange skøytar som daska han om leggane. Tor hadde lagt reinskinnstrøya si i kløvmeisa og gjekk i skjorteermane. Han hadde ei svær rifle med kistepiper [1], og Anders bar ei fin fuglerifle.

Det var så stilt i skogen no. Vi høyrde ikkje annan lyd enn slaga av hælringane til skyttarane og dei sikre stega til kløvhesten som følgde etter med nista, jakt-taskene og fiskekorgene våre. Det var helg over naturen. Mot kvelden tok ein einsleg fugl til å kvitre så smått i skogen, og grana og fura anda ut den krydra lukta si i solvarmen. Over toppane opna det seg av og til utsikt til Lågen, som skumma og blinka djupt nede så langt under oss at suset og bruset ikkje nådde opp. Skuggane blei lengre. Tussmørket og elveskodda la seg over dalen, men sola spela enno raud mellom granene i lia, og la glans om Lesja-fjella som blåna langt borte. Då vi nådde opp på åsen, blei skogen meir open. Fura blei lågare og sjeldnare, bjørk og einer kom i staden. Lyngen voks frodig, og vi kom over myrer med tett, saftig gras. Høvringen sine tretti setrer låg snart framfor oss, vang ved vang, mellom kratt og stein og lyng og grøne bakkar. Og bak dei teikna Rondekampane sine høge toppar seg mot austhimmelen. Jentene kaua, luren lét og lokka i kveldstilla, og kyrne stima saman med rauting og bjølleklang.

Tor eigde ei av dei første setrene vi kom til. Han bad oss gå inn og drikke mjølk, men vi ville opp dit vi skulle vere om natta, og Tor lovde å komme etter med éin gong. Eg såg eit glimt av ei vakker jente i vindauget og eit par nysgjerrige mannfolkfjes. Anders fortalde at jenta var ei søsterdotter av kona til Tor;. Skolemeisteren nytta tida mens han var fri av skolen til å gå på frieri til ho, men ho ville ikkje ha han, enda han eigde både gard og grunn og var svare til skolemeister. Ho likte betre ein unggut som også var ute og fridde til ho.

Då vi kom på Laurgardssetra, stod budeia på hella utanfor halvdøra. Det var ei gild jente, høg og rank, i kvite skjorteerme, raudt liv og svart stakk. Ho stod med ryggen til, og vi såg berre den kvite nakken og eit velforma hovud med lyst hår som kveldsola gav ein enda raudlegare glans enn det eigentleg hadde. Ho lokka på ei svartsida geit som hadde krabba opp på det grasgrodde torvtaket og stod og reiv og sleit i ei lita bjørk som var skote opp av grastorva. "Teksa, Teksa, Teksa, Teksa då, kom geita! Trinselire då, så kom no då – hit du leie trollet, vil du la bjørka vere og ikkje rive opp taket! Hit då!" ropte ho.

"God kveld, Brit", sa Anders.

"Gusinde [2]", svarte ho; ho snudde seg og skygde med handa mot kveldsola og såg på oss. "Guds fred! Det er vel framande karar eg skal hyse, sidan han Anders er med?"

"Ja", sa Anders, "og staute og vanlege karar er det du får på setra. Dei er ikkje store på det" la han til likefram.

"Det er staute karar, ja", sa Brit, men ho kunne ikkje halde seg på å dra på smilebandet mens ho såg på oss. Sir John sin smekre figur og lange lokkar lét især til å vekke merksemda hennar. "Enn han då? Er han kar, han også? Eg tykker han liknar meir eit kvinnfolk i kar-klede", sa ho på skøy.

"Har du sett kvinnfolk med skjegg, og kvinnfolk så lange du, jente?" spurde Anders.

"Nei, nei, du har rett du, Anders", svarte ho og lo godt. "De får gå inn. Framandt folk kan ikkje bli ståande ute, veit eg. Det er saktens uvant for dykk her hos oss, men vi er no nordanfor folkeskikken vi, det veit de vel", blei ho ved, og prata i eitt vekk med oss og Anders på ein godsleg, litt skøyaraktig, stundom litt ironisk måte.

Setra var ei sperrestue med ein stor peis i det eine hjørnet. Som det plar på Gudbrandsdals-setrene, var det makelaust reint og ordentleg der inne. På hyller oppunder taket stod ostar i rad og rekke, nedunder var ringar og bukjørel oppstilte, og alt var reinskura og skinande kvitt, like til bord og benkar. Det store peisbålet under ystekjelen skaffa luftveksling. Her var inga innestengd stuelukt, men frisk duft av einerstrø på golvet og av den vakre kvite bergfrua som stod i vindauga på den kjøtfulle, lysegrøne bladkransen sin, med ringar og slyngingar av mørkegule ringblomster omkring – alt i høve av besøket vårt.

Seter i Gudbrandsdalen
Seter i Gudbrandsdalen. Bildet er frå Lesja. Gamle laftehus blandar seg med nyare utbetringar, som stakitt og bølgeblekktak. Setra gir sommarbeite for dyr.

"Men kva vil desse karane så langt til fjells då? Dei har det saktens mykje betre heime enn på setra hos budeiene", sa Brit litt nysgjerrig.

"Vi ville sjå korleis det ser ut til fjells, og så ville vi skyte rein", svarte sir John.

"Ja, skyte rein du! Det er vel på vona om du kjem til å skyte nokon. Eg er redd de blir oppgitte, både du og følget ditt, før de kjem så langt. Men du skulle vore her i vår, då vi kom på setra. Då gjekk det store reinsbukkar like inntil buveggen. Nord i ei av Vågå-setrene ligg det ei budeie som heiter Barbro. Det var noko til jente det, så ung ho er. Ho skaut ein rein som hadde komme midt inn i bølingen utpå setervangen og gjekk der som eit anna kreatur. Oppunder taket inni stua hang det ei dunderbørse som ho hadde høyrt skulle vere ladda til ulv. Den børsa tok ho, og gjekk av stad og la ho over ryggen på stuten. Så sikta ho vel og lenge, men då det small, stupte dei alle tre, både jenta, bukken og oksen. Oksen sette i eit stygt gaul attpå, så redd blei han. Men bukken blei liggande og presten fekk steika."

"Vi har eit ærend til, Brit", sa eg, "vi vil gjerne høyre eventyr. Veit du nokre som er flinke til å fortelje?"

"Det er eit par jenter her i setrene som eg skal sende bod på med gjetarjentene så dei kjem hit i kveld", svarte ho, "og eg trur nok dei kan fortelje dykk eventyr om dei berre vil. Enn skolemeisteren då? Han er lei til å fortelje historier. Han var nede hos Marit i går, og er han ikkje der no som han Hans har komme, så får vi visst høyre gauken ved Mikkelsmess [3]."

"Ja, eg bad skolemeisteren sjå opp til oss, og han Hans og ho Marit også", sa Tor, som nettopp kom inn og sette frå seg rifla. "Eg kom i hug du talte om eventyr, og dei kan saktens nokre."

"Når skolemeisteren først tar til, er det ingen ende på ramsene, både frå bibelen og anna preik", sa Brit. "Men stakkars mann, han skal nok vere bra sturen no. Det lyt vere stussleg å brenne einsleg, som ei feitved-stikke."

Det varte ikkje lenge før følget frå Tor si seter kom etter. Jenta var kjernesunn og raud og kvit. Ho hadde eit livleg fjes og ein triveleg figur. Ut av det opne, djerve fjeset på guten lyste det også frisk, uforderva natur. Den tredje i følget var skolemeisteren. Han var ikkje stort over tretti år, men fjeset var skrukkete. Det kom visst av det iherdige strevet hans med å gi seg ein verdig mine. Drakta fortalde om det same, ho også, ho skulle skilje han ut frå bøndene. Han gjekk i ein svartbrun kjole med uhyre lange, spisse skøytar, om halsen eit kvitt halstørkle og store fadermordarar [4], ovantil tagga med "eggar". På høgre sida av brystet stod det fram ein veldig kul. Eg trudde først at han kom av ein utvekst, men høyrde sidan at det var eit digert blekkhus han alltid førde med seg.

Heile framferda hans gjorde eit svært ubehagelig inntrykk. Fjellbondens vitelyst og likeframme, naive spørsmål var her blitt til påtrengande, halvdanna spørjesjuke. Og for kvart spørsmål han kom med, såg han seg om som han stod midt iblant "den usåpa ungdommen" i Vågå. Han snurpa saman munnen med eit smil som spurde: "Er det ikkje godt sagt? Å jo, eg kan nok kjenne slike folk på tennene!" Ein flaum av nærgåande spørsmål velta utover oss, alt i ei oppstylta etterlikning av forelda bokspråk, men innimellom plumpa uforvarande djerve ord og vendingar frå Gudbrandsdalsmålet.

Hittil hadde eg svart skolemeisteren, men no tapte reisefellen min tolmodet. Han var meir ømtolig enn eg, og det brast ut av han på morsmålet hans: "Gud fordømme denne mannen, og auga hans og munnen hans og skamløysa hans!"

"Å", sa skolemeisteren med ei mine som om han hadde fått bukt med eit reguladetri-stykke, då han høyrde det framande målet. "Å", sa han, "No kan eg sanneleg merke det er reisande menn frå framande land. Kanskje frå England eller Frankrike, eller kanskje frå Spania, for her var ein greve derifrå i fjor."

"Å nei då, skolemeister", svarte eg. "De kan nok høyre at eg er norsk. Men kameraten min, sir John Tottenbroom, er frå England."

"Jaså no – så denne verdige mannen er frå det britanniske riket?" sa skolemeisteren og såg seg omkring for å gjere merksam på den kunnskapen i geografi han no akta å legge for dagen. "Er han reist hit vassvegen over det betydelige havet som blir kalla Nordsjøen, eller har han reist landvegen gjennom Frankrike, Holland, Tyskland, Danmark og Sverige? Og kva ærend har han her i dette landet – om eg får lov å vere så nasevis til å spørje?"

"Spør berre, skolemeister", sa eg, "Det første spørsmålet dykkar kan eg svare på. Han er kommen "vassvegen" over Nordsjøen. Men om ærendet hans får De spørje han sjølv."

"Då bli du vel klok, skolemeister, han pratar vel berre englis", sa medtevlaren hans, den duknakka guten som hadde sett seg ned og røykte på ei lita merskumspipe med sølvlokk, hornrør og slange av kopartråd.

"Ja, var han enda språkmektig i tysk", sa skolemeisteren overlegen, "så skulle eg nok tale han til. For eg kan ein del tysk – eg har studert Geddikes lesebok og Hübners geografi på det språket."

"Tal berre til han på tysk, skolemeister", sa eg, "han kan nok svare på same språket."

"Damn you", brast det ut av sir John. Så ergeleg han var, kunne han ikkje halde seg frå å le over skolemeisterens forlegne oppsyn.

"De spør om ærendet mitt, skolemeister?" sa han på toleleg godt tysk. "Blant anna reiser eg for å studere narreskapen hos menneska, og det ser ut til det er godt høve til å gjere studiar her."

"Das ist inglis, kan nix forstehen [Det er engelsk, kan ingenting forstå]", sa skolemeisteren. "Aber [Men]", han snappa etter det første han fekk tak på i sine kunnskapars kramkiste, "Was ist Ihre formeinung anbelangende det faktum som står geschriebet om det Euxinske hav, das udi året 715 fraus såleis att, dass isen var førti alner tjukk, und da das eis gesmalt, så gestand von derudav sodan ei hisigskap uti lufta, dass oppkom ein pestilens von kva alle menneske bestarb udi Konstantinopolis?"*

Kva er Dykker meining om det faktum som står skildra om det Uxinske havet, som i år 715 fraus slik att at isen var tjuefem meter tjukk, og då isen smelta, så oppstod det av det ei slik ilske i lufta at det oppstod ein pest som alle menneske døydde av i Konstantinopel?

Den tyske konversasjonen drukna i latteren vår over dette "faktumet" frå Hübners geografi, og skolemeisteren var ei stund nokså muggen. Men han lét til å ha forsonleg gemytt, og då vi rykte saman om peisen, slutta han seg til ringen. Jentene som det var gått bod etter, var komne. Pene og tekkelege var dei alle, og ei av dei hadde eit verkeleg fint fjes og ein yndig skikkelse, men var litt for bleik til fjellblom å vere.

Eg bad dei fortelje eventyr, men enda Brit hjelpte meg, forsikra dei leande at dei ikkje kunne nokre. Dei var blyge alle saman, og ingen ville ta til.

"Nei, skolemeisteren, skolemeisteren", ropte dei alle. "Han kan fortelje; han kan både eventyr og skrøner."

"Ja", sa skolemeisteren, "Eg kan nok alltids fortelje noko frå bibelhistoria, eller også for eksempel om keisar Oktavian. Dessutan kan eg ei svært sorgfull elskhugshistorie om den mannhaftige riddaren Tistram og den dygdefulle prinsessa Indiane, og så vidare, og så vidare."

"Nei, beste skolemeister", avbraut eg han, "dei der historiene kan eg på fingrane. Det eg ønsker å høyre er forteljingar om huldrer og troll, eventyr om Oskeladden, og slikt noko som aldri har stått på prent, men berre lever på folkemunn."

"Slike finanseri kan eg ikkje fortelje", sa skolemeisteren snurt. "Det sømmer ikkje ein ungdommens lærar og meg, som er representant i formannskapet og har svore til konstitusjonen. Kva skulle eg seie om dei spurde om det var sant at Halsten Røen hadde sete og fortalt regler som ei rørkjerring?"

"Kva var det du svor i formannskapet då du hadde fortalt dei skrønene du veit, og sunge kveldsbøna for jentene i julegjestebodet på Ulsvollen?" spurde medtevlaren hans ertande.

"Kva eg svarte, vedkjem ikkje saka", sa skolemeisteren. "Men det som sømmer seg for deg og andre lekfolk, er det ikkje sømmeleg å fortelje vegfarande menn som studerer naturen og sedane til folkeferda. Eg held det no mykje betre å hauste visdom ved å akte på skarpsindige talemåtar til slike menn enn å fortelje lettferdige og toskete bondehistorier. For reisande menn er verdsleg vise, og eg vil derfor bede nokon av dei om lære meg eitkvart ved det dei seier."

Eg prøvde å få han til å skjøne at eg hadde så mykje å gjere med undervising i byen som eg berre kunne ønske, og på fjelltur ville eg helst vere fri for byrdene ved undervisningsembetet.

Budeia som blei vekk

"Sidan ingen vil fortelje noko", tok Anders til orde, "så kan eg fortelje dykk ein stubb om ein mann frå Heiddalen, eit av sokna som ligg under Vågå. Han heitte Hogne, men sidan kalla dei han Hogne Trøllkluvar [5] trøll, troll. kluve: handsama på ein hardhendt måte; klemme]. Han fór på sjøen i nokre år, men då han hadde tent seg i hop ein del pengar så han kunne løyse inn farsgarden sin, så kom han til heimbygda att, og tok til å fri til ei jente frå Vågå som låg på setra og var budeie.

Men ein gong han kom til setra, var budeia borte, og gjetarjenta kom gråtande heim att frå fjellet med krøttera.

"Kva er det som manglar deg, og kor er budeia?" spurde han Hogne.

"Det kom tre bergtroll og tok ho", sa gjetarjenta.

Han i vegen og skulle finne att jenta si og få greie på trolla, og så tok han med seg ein som heitte Hårrik Langbein. Dei fór både langt og lenge, over skog og fjell og djupe dalar; men dei fann verken bergtrolla eller jenta. Då dei kom til Stuttgong-kampen, råkå dei frami eit troll.

"Vent litt du", sa Hogne, og rispa han litt med sverdet sitt. Dermed slo han ein ring omkring han på jorda, og hogg ein kross i vêret over hovudet hans, så trollet blei ståande som klumsa og ikkje kunne røre seg av flekken.

"Kor er budeia som blei borte på Bønnes?" sa han Hogne. Trollet ville ikkje svare, men han Hogne truga han på livet, og då sa han at det var Flatnasane i Stuttgong-kampen som hadde tatt ho.

"I morgon skal bryllaupet stå", sa han, "og eg skal til Skula og til Prestberget og bede skyldfolket [6] hans til gjestebod", sa han.

"Stå du der til eg kjem att", sa han Hogne, og hogg nokre krossar over hovudet hans. Og trollet skal stå ved Stuttgongen den dag i dag etter det dei fortel, men eg har aldri sett han. Enten han Hogne kom inn i Kampen og fekk at jenta si eller ikkje, det ha eg aldri høyrt noko om, men sidan kalla dei han støtt Hogne Trøllkluvar."

"Dette er ei umoralsk historie frå pavetida. Det ser ein på krossingane, og slike høyrer til djevelen", sa skolemeisteren med fynd. "Venteleg er det nokre skogrøvarar frå andre bygdelag som huserte då, som hadde bortført budeia. Ho har truleg vore eit lettferdig kvinnfolk, som det finst mange av på setrene, og trolla er blitt utlagde. Eg skal no fortelje ei sannferdig historie der huldra og trolla like eins fekk skulda, men det var eine og aleine ein viss mann som gjorde gløgge fantestykke."

Han harka og rømde seg, og lét blikket gå sakte frå den eine til den andre.

Segna om Bjørn Preststulen med hytter i berg og fjelldalar

"I Preststulen [7] i Våge hovudsokn levde for lang tid sidan eit par ektefolk, Steingrim og Jøda. Dei livnærte seg og barna sine i dette åslendet med å ale krøtter og fange vilt. Mannen, Steingrim, blei rykt vekk av snøskred i Jønndalsbråtene. Den vaksne sonen deira, Ivar, blei same år utkommandert, og Jøda blei forsørgar aleine for mange barn. Den andre sonen, Bjørn, blei einaste støtte for mora, sjølv om han enno var ung. Han var stor av vokster, før og vågedristig, og merkte seg snart ut i skiløp, fangst og skyting, men særleg la han seg etter å kjenne stadane dyra held seg på, kjem frå, og drar til under visse vêrskifte. Dermed var han truleg så jakt-vis som dei fortel, liksom erfaring;a hans med den fine og skarpe luktesansen til reinsdyra bringa han på innfallet om blindskyttarar [8]. Jegeren stiller slike i vinden for reinen så han blir driven vekk.

Som oftast hadde Bjørn trong til einsemd, og søkte ved kvart høve å bli aleine på jaktstigen, og jaktlykka hans sette folk i største undring. Somme trudde at han kunne fjetre fuglar og dyr ved trolldom så snart han såg dei i auga, andre at han levde i forståing med bergtrolla og på visse måtar fekk hjelp og melding frå dei om den gunstigaste jaktleia. Folk blei styrkte i slik tru så mykje meir som dei såg han grave reinsgraver og mure seg hytter i berg og i fjelldalar, der andre på den tida ikkje kunne bli natta over på grunn av bergtrolla. Stundom fortalde han endatil sjølv korleis jutlane spøkte med han og gjorde han fortred, men at den fortrulege vennen hans, jutulen i Skula, Skulgubben kalla, ved slike høve alltid kom han til hjelp -"

Det var lett å innsjå at forteljinga til skolemeisteren ville bli like så lang og kjedelig som bedemannsstilen hans var latterleg. Det var derfor ikkje utan tilfredsheit at eg la merke til den uroa som kom over han då han oppdaga at ho han tilbad, hadde fjerna seg. Gjennom vindauget såg vi at ho gjekk bortover til ei av grannesetrene. Men då medtevlaren følgde etter, voks skolemeisteren si uro til åndsfråvær, og han stotra og stamma og famla etter uttrykk.

"Nei, men tillat meg – eg kan ikkje hugse meg rett på, og eg har litt ærend også. – Du, Tor, du lyt fortelje slutten, du kan det, du også", sa han og skunda seg ut.

Jentene lo og hadde vondt av "stakkars skolemeisteren" og svartsjuka hans. Så tok Tor fatt og fortalde vidare:

"Grannegarden til Preststulen er Øvsteng. Der budde det ein mann som heitte Bård. Han var også skyttar, men han var støtt avundsjuk på han Bjørn for han hadde slik jaktlykke. Denne Bård Øvsteng hadde ei dotter som heitte Rønnog. Til ho fór han Bjørn og fridde i løynd. Men då far hennar kom under vêr med det, sa han at om han fekk sjå han Bjørn på garden, så skulle det ikkje gå han betre enn ein villrein – han skulle skyte han ned på flekken."

"Dotter mi skal ikkje ha nokon skogbjørn" la han til.

Men no ville han gifte ho bort til ein frå Skårvangen, ein som heitte Sevall Uppistugen, og var ein tosk og eit jenteskremsel. Ho Rønnog bad nok vakkert for seg, utan at det hjelpte.Men ho slapp å flytte til brudgommen før gjestebodet som skulle stå ved jonsok.

Brudgommen sjølv rei omkring og bad til gjestebod, og han kom til Skogbygda også, der brura hadde ætta si og grannane sine. På Synsteng gjekk mannen etter han ut og spurde:

"Kva dag skal det vere då? Du gløymde å fortelje det."

"Eg veit ikkje enten det kan bli i morgon eller ein dag uti veka, men de får vere ferdige – så skal vi blåse på lur når vi kjem oppi vegen", svarte han.

Dette høyrde broren hans Bjørn, og han skikke straks bod til han om det. Han Bjørn var ikkje sein om å finne ut kva han skulle gjere. Han lét mor si og bror sin passe på i Skogbygda, og sjølv heldt han seg i Skårvangen. Først tenkte han å møte følget på kyrkjevegen så dei ikkje skulle komme fram til brura. Om natta gjekk han opp i Skårvangsgjelet og ville rive ned Bukkebrua som ligg høgt oppi der, men faren til Sevall og eit par andre heldt på og sette ho i stand. Så tenkte Bjørn at han skulle fløyme av nedre Målbrua, og det gjorde han også.

Dagen etter rei Sevall og brurefølget frå Skårvangen. Då dei kom ned i Skogbygda, rei nokre av følget oppom Øvsteng etter brura. Dei andre gav seg att nede på vegen. Mens dei kvilte og skåla med kvarandre av lommeflaskene og bles på lur, låg bror til Bjørn og gjette inni eit tett bjørkesnar eit stykke frå vegen, og då dei reiste, stilte han seg etter.

Men det varte og det rakk før gjestane blei ferdige til å følge med, sidan gjestebod ikkje var noko som hende dagleg. Til sist kom brura og folket hennar, og med dei brugommen og dei som hadde vore av stad etter ho.

Då dei kom på vegen, fekk dei vite at Målbrua hadde fare, og så tok dei langt oppi lia og kom over ved Sambu-va'e [9]. Kyrkja stod på Sør-Sambu i dei tidene, og då dei kom dit, var det langt på kvelden. Det var reint uråd å komme til gjestebodsgarden att til natta, og derfor delte han Bottol Holet og han Alv Svaret gjestebods-flokken mellom seg. Der fekk dei både mat og drikke, og det kunne dei vel trenge også, for dei hadde vore ute mest heile dagen og ikkje smakt anna enn ein tår av lommeflaskene.

Då dei hadde fått metta si, fekk han Bottol og han Alv dei til å roe seg ei stund. Brura og brudgommen låg på Svare-loftet.

Seint på kvelden kom bror til Bjørn og sa til han at no låg brura på Svare.

"Eg skulle undre meg på om ho blir liggande der til sola står opp", sa han Bjørn.

Då det lei utpå natta og brurefolket hadde roa seg på Svare-loftet, kom det inn gjennom loftsdøra ei uhorveleg [10] stor frigge [11] med grøn stakk og ein lang, blank kniv i handa.

Ho reiv brura ut av armane til brudgommen. Han greip etter ho, men med det same stakk huldra bakover frå handa med kniven inni veggen så flisene spratt. Då torde ikkje brudgommen sjå etter dei eingong. Men han fór ut, og inn i stua der alt gjestebodsfolket låg. Han gret og bar seg og sa han trudde Jønndalshuldra hadde vore på loftet og tatt frå han brura, for ho sa at ho Rønnog skulle bli sonekona til Jønndalsfrua. No meinte han på at han ville gjere ende på seg.

"Hadde ho enda latt meg fått ligge hos seg så kanskje trollet ikkje hadde vore så ivrig etter ho?" la han til.

Dei heldt på og ville trøyste han så godt dei kunne, men då dei fekk høyre dette, sette dei i å storskratte. No ville han Sevall heim att til Skårvangen og klage til mor si. Men då følget kom til brua over Skjerva, var stokkane avhogne, brua var tatt av straumen, og dei kunne ikkje komme over. På den andre sida stod det folk som var komne frå Skårvangen, og skreik, men dei kunne heller ikkje komme over. Og alt det dei skreik og ropte, var det ikkje råd å høyre eit ord, for elva hadde vakse og gjekk i ein foss.

Så sende dei bod på presten. Han sa dei skulle ta kyrkjeklokkene ut av Vågåkyrkja, føre dei oppi Jønndalen, og ringe i tre døgn.

Jo, dei førde Vågå-klokkene over Jætta og oppå ein høg kamp inni Jønndalsgråtane; han blei heitande Klukk-kampen etter den tida.

Dei ringde i tre døgn, men brura var borte, og borte blei ho verande.

Så var det ein gammal kall som rådde dei til å ringe tre torsdagskveldar etter kvarandre. Men det hjelpte ikkje, det heller. Til sist kom han Bjørn Preststulen og sa han hadde drøymt at ho Rønnog sleit ilt hos trolla. Men Skulgubben hadde lova at han skulle hjelpe han å fri ho ut att, for gubben i Skula har agg til Jønndalshuldrene. Og det var ingen annan som kunne fri ho ut att enn han Bjørn, for han var hu huga etter.

Då han Bård og Sevall høyrde det, sette dei innpå han Bjørn, truga han på livet og ville få han til å skaffe fram att ho Rønnog.

Men då reiste han Bjørn bust, og han krangla med dei så lenge at han fekk ho til sist."

"Ja, såleis gjekk dei til", sa Brit, då Tor hadde enda forteljinga – med dei djerve draga sine minte han om sagatida – "Men når skolemeisteren fortel, ramsar han opp ei røde om presten og futen attpå. Ho er så lang at ingen kan skjøne det, og attpå seier han at det var han Bjørn Preststulen som tok brura frå Svare-loftet. Men det var det ikkje. Han fridde ho berre ut att. Det var Jønndalshuldra som tok ho."

Ingen av oss sa Brit imot, men vi trengde ei nærare forklaring på dei mange namna og stadane i fortellinga til Tor, ukjente som vi var her oppe. Og no blei det talt langt og lenge om dalsøkk, elver, fjell og fiskevatn, om fiskar, fuglar, dyr og menneske. Mens vi snakka saman om dette, sette Brit fram alt det gode ho hadde av seterkost. Då vi var omtrent ferdige med å ete, kom Marit tilbake og gav seg til å kviskre og le saman med dei andre jentene. Brit lo og godta seg, ho også, og då Anders ville vite kor Marit hadde gjort av skolemeisteren, fortalde ho at Hans hadde narra han rundt omkring i grannelaget frå den eine setra til den andre. Han sjølv hadde først gått omkring og sagt til jentene kva dei skulle svare skolemeisteren, og kor skolemeisteren enn letta på klinka og spurde etter Marit, svarte dei: "Ja rett no gjekk dei ut gjennom døra, han Hans og ho Marit, Dei sa dei ville til neste setra." Men på slutten trefte han nokre karar som skåla med han og skjenkte han, og så var det ute med skolemeisteren, "for han toler ikkje meir enn ei høne, stakkaren", sa Brit medlidande.

"Ja", la Marit til, "No er han så smørblid at kjeften er mest firkanta på han. Men Hans er han arg på. Eg er reint sikker på han kjem hit snart, og då skal de få høyre på spel."

Det varte ikkje lenge før vi høyrde Hans. Han hadde ein god bass og song på ei gjetarvise med ein spesiell melodi. Han gjorde seg tydeleg umak, blei ståande der ute og song klingande nokre vers som lét til å vere mynta på kjærleiken og det raude håret til skolemeisteren:

Pål sleppte ut hønene sine på haugen,
hønene sprang så lett over haugen.
Pål kunne vel merke på hønene:
reven var ute med rumpa så lang.
Klukk, klukk, klukk! sa høna på haugen.
Klukk, klukk, klukk! sa høna på haugen.
Pål han sprang og rengde med auga:
"No tør eg ikkje koma heim til ho mor!"

Pål gjekk seg litt lenger på haugen,
der fekk han sjå reven som låg på høna og gnog;
Pål han tok seg ein stein i neven,
dugleg slo han då til reven.
Reven flaug så rumpa rista;
Reven flaug så rumpa rista;
Pål han gret for høna han mista!
"No tør eg ikkje komme heim til ho mor!"

"Hadde eg no nebb og klo,
og visste eg berre kor revane låg,
skulle eg både rispe og klore dei
framantil nakken og bakover lår.
Skam få alle revane raude!
Skam få alle revane raude!
Gud gi dei alle var daude,
så skulle eg trygt komme heim til ho mor!

Ikkje kan ho verpe, og ikkje gale,
ikkje kan ho krype, og ikkje gå!
Eg får gå meg til kverna og male,
og få att det mjølet eg mista i går!"
"Skit!" sa Pål, "eg er ikkje redd,
"Skit!" sa Pål, "eg er ikkje redd,
kjeften og motet har hjelpt så mang ein.
No tør eg nok komme heim til ho mor!"

Pål til å sleppe kornet på kverna,
så det ljoma i kvar ein vegg,
så agnene tok til å fyke,
og dei blei lange som geiteragg.
Pål han gav seg til å le og knegge
Pål han gav seg til å le og knegge
"No fekk eg likt for høna og egga,
no tør eg trygt komme heim til ho mor!"

[Den opphavlege teksten frå 1853:

Pål sine høno på haugæin utsleppte,
hønun så lett over haugæin sprang;
Pål på hønom kunna fornemme
at røven va ute med rompun så lang:
"klukk, klukk, klukk!" sa høna på haugom.
Pål han flaug og rengde mæ augom:
"Nå tør e ikkje komå heim åt'n mor!"

Pål hæin gjekk lite lenger utpå haugæin,
fekk hæin sjå røven på hønun og gnog;
Pål hæin tok se ein stein uti nevæin,
dugle' hæin da te røvé slo.
Røven flaug, så rompa ho rista,
Pål hæin gret for høna hæin mista:
"Nå tør e ikkje komå heim åt'n mor!"

"Ha e nå nebb, å ha e så klø,
å visste e berre kor røvæin låg,
skulle e døm både rispe å klore
frama te nakka å bak over lår.
Skam få æille røvæin raue,
Gu'gje at døm æille var daue,
så skull e komå heim åt'n mor!

Ikkje kæin'o verpe, å ikkje kæin'o gålå,
ikkje kæinn'o krupe, å ikkje kæin'o gå,
E fær gå me åt kvæinn å målå
å få att mjølé e forliste i går."
"Men skitt", sa'n Pål, "e æ ikkje bange,
kjeften å mo'e ha hjòlpé så mange.
Nå tør e nok komå heim åt'n mor!"

Pål hæin køinne på kvæinné te å sleppe,
så at dæ jomma i kór ein væigg.
så atte agnæin tok te å fuke
å døm vart lange som geiteræigg.
Pål hæin ga se te å læje å knæigge:
"Nå fekk e like for høna å æiggé,''
nå tør e komå heim åt'n mor!"
]

Då visa var til ende, kom han inn, litt raud i hovudet, og sette seg roleg borti ein krok og tente pipa si. Det varte heller ikkje lenge før skolemeisteren viste seg, saman med ein framand mann. Han hadde dratt fadermordarane sine høgt opp og prøvde å by opp all verdigheita si. Men dei stive auga og det usikre steget hans røpte han før han opna munnen.

"Tillat meg å bede om orsaking, høgst æra herrar", sa han med tjukk tunge, og gjorde eit latterleg bukk. "Det var nok ikkje lekkert gjort av meg å fly på dør utan vidare og etterlate underhaldninga dykkar til denne verdige reinskyttaren, som er ein lekmann å kalle, og desse elskverdige gjetarjentene. Men eg er ein ungdommens lærer, og i gudaktigheit og gudsfrykt er eg ikkje å spøke med. Og då eg liksom er ein underdel av prestestand å akte, og held strengt på tukt og det sjette bodet [12], så toler eg ikkje slikt. Nei, det gjer eg ikkje! Og eg må seie det reint ut at det er ein ustyggeleg uvane at gutane renn etter førkjene før dei har skjeggvokster på haka [13]. Og då eg no såg denne Hans'en stryke lettferdig av stad etter kvinnfolket . . . tvi!" – her spytta han i edel harme – "For som eg seier, er eg ein stor motpart til allslags gjøgl, fikting, lettferdig skandering og snakk, dobbelt, drukkenskap og lettsindig dans."

"Jøss, kor hard du er i dag då, skolemeister!" sa Marit. "Eg tykker det er moro, eg, når fela tar til å låte. Eg blir mest så glad som ei fele sjølv."

"Det er sant, barnet, mitt", sa skolemeisteren unnvikande og med eit søtt smil, "Eg talde berre om den lettsindige dansen. Også eg tykker det er i høg grad fornøyeleg å sjå jentene gå i dansen når det er ved sida av ein verdig mann, som er sømmeleg anstendig."

Men med éin gong var det som om den ynda han priste, overmanna han, han braut ut med snøvlande tremulantar i ei plutseleg hylling av vin og venleik. Det lét ikkje til å stå i synderleg samklang med dei strenge grunnsetningane han førde i munnen:

"Kva er all verdas gull og rike,
og kva er vel fornøyelse?
Utan vin og pene jenter
er verda berre tilfeldig.
Kvar ein som er
sær på jenter,
er stortosk
kor han er."

"Det der var ei vakker vise, det", sa Hans, han stakk hovudet fram av kroken sin, med pipa i munnen. "Men no skal eg synge ein stubb til dei som du kanskje aldri har høyrt før:

Å stakkars deg, din gamle tosk
Du drakk av flaskene som stod i skapet.
Du trudde det var brennevin
Men så var det no terpentin
Men så var det no terpentin."

Som eg sidan høyrde, sikta visa til ei hending i skolemeisterens liv. Ho egga han sterkt, så mykje meir som han tydeleg hadde stått i den trua at medtevlaren ikkje var til stades. Han tørka seg om munnen med snippen av det lange kjoleskjørtet sitt og sa:

"Ungdommen er nasevis i våre dagar, og det kjem av at han ikkje får smake kjeppen nok. Du munnkåte [14] pilt [15]! Du gapar over ei tobakkspipe i munnen og renn på laurdagsfriing og seier fornærmingar mot verdige menn som har større lærdom enn du. Reis deg, seier eg, når eg taler!" fór han opp, "slik det var skikk blant spartanarane, at ungdommen skulle reise seg for alderdommen og gamle kallar. Eg har gått på skolen hos presten Grønbeck i tjue år, eg, må du vite. Reis deg, seier eg!"

Men Hans blei roleg sittande der han sat, og viste berre eit lattermildt fjes og to rader skinande kvite tenner. Skolemeisterens rus hadde auka synleg, og eg veit ikkje kva enden ville blitt, hadde ikkje Marit lagt seg imellom. Ho rekte han ein mjølkebolle og sa:

"Å bry deg ikkje om jålebukken, skolemeister! Ver no god og bli att, og hugs på det er langframandt folk i selet."

Då han hadde drukke, snudde han seg til oss, liksom for å orsake tilstanden sin og seie imot den meininga som ymta frå Hans måtte ha gitt oss:

"Den fordervelege alkoholen! Det er han som er mor til toskeskapen. Men eg er ein såre edru mann, om eg vørdsamt sjølv skulle seie det, og til vanleg gir eg meg ikkje over til noko overflødig nyting av den fordervelege drukkenskapslasten. Men rett nok lyt eg orsake, høgst æra herrar og verdige soknemenn, at eg blei så lenge borte. Det er ikkje beinkøyrt å råke att dørholet når ein kjem i grannelag. Det kom nemleg nokre gode vennar og naboar farande med brennevinsflasker i lomma, og til støls gjer ein dram forskrekkeleg godt i lekamen. Ja det vedgår eg reint ut, at eg er så forfengeleg at eg tar meg ein dram når eg kan få det, men aldri overstadig.

La oss drikke, la oss drikke
brennevin mens vi kan!
Mang ein stakkar har det ikkje,
men må drikke vatn -"

stemde han uvilkårleg i.

"Nei", heldt han fram, "ikkje overstadig, gud bevarast! For eg kjem godt i hug både det eg har sagt og gjort, og det eg skal gjere og seie også. Men det er ein forderveleg drikk likevel, for han drar etter, slik som juleølet hans Bottol Moen. Men det eg skulle komme i hug, det var om den merkelege historia om Bjørn Preststulen, som eg dessverre gjekk frå midt i leiken. Du sa vel allting, min verdige venn Tor Ulsvollen, når det gjaldt korleis presteskapet kom i tull og den sivile domstolen måtte greie saka?"

"Nei, det var det eg sa, eg", kom det frå Brit. "Du har slik ei lang remse attpå du, skolemeister, som ingen kan skjøne. Han sa ikkje noko om det, han Tor."

"Det er mangel på opplysing, mitt barn, mangel på lærdom", sa skolemeisteren viktig: "Det som er utegløymt, er nesten det merkelegaste i heile historia, for det er der klammeriet og prosessen startar, skulle eg meine", sa skolemeisteren. "Ja, det gjekk då såleis til, ser de:

Framhaldet av segna om Bjørn Preststulen

Desse karane, Sevald Oppistuen og Bård Østeng, sette på han Bjørn Preststulen, og ville truge han til sette ho fri eller syne korleis dette kunne la seg gjere. Så kom Bjørn i tvil om kva han skulle gjere. For han såg høyonna framfor seg, og han hadde følgeleg anna å gjere enn å halde Rønnog i skjul i skyttarhytter og andre holer i fjellet. Han sa det ikkje ville lykkast å gjere slike forsøk hos jutulen, og at han sjølv ikkje våga det før han hadde bedt Skulgubben om hjelp.

Men så foreslo han dei at dei alle tre skulle gå til presten og velje han som skilsmann imellom seg. Det vedtok dei. Og Bjørn forklarte svært vidløftig kva ei ånd hadde sagt han med openberring i drøyme, og især at han hadde vørdsamt pålegg å gifte seg med ho. Presten forlangte utsetting for begge partar inntil jenta sjølv kunne gi vitnesbyrd, og då Bjørn etter eit døgns tid kom med ho, forklarte ho kor ho lei hos jutlane, og korleis Jønndalshuldra skunda på giftemålet mellom ho og sonen sin, så at dei skulle ha ho heilt, og dessutan at Bjørn og Skulgubben fridde ho frå å bli i berget og bli kvinnetroll.

Mens han granska begge partane sine prov og påstandar, blei presten forvirra, som vil seie så mykje som at han vikla seg inn i denne labyrinten så han ikkje visse å sno seg ut av han. Bjørns openberring, tenkte han, kom kanskje frå den Høgaste, og presten ville ikkje felle dom mot Han. Sevald og Rønnog var vigde ved prest og Guds ord, og det betydde mykje. Bjørn hadde Rønnogs udelte kjærleik like frå ho var barn. Sevald hadde langt frå kjærleiken hennar, men foreldras samtykke. Og som gamle og følgeleg forstandige kunne dei innsjå betre kva som tente barna til velferd og lykke enn dei sjølve. Men foreldra si uinnskrenka utøving av mynde i giftehandlane til barna deira gjer dei ofte til bødlar og så vidare, sa presten – ja, ved seg sjølv då, å forstå. Ved å tenke etter dette, blei det følgande resultatet:

"Eg har ikkje noko med denne innvikla saka, så ho må følgeleg naturlegvis påkjennast av dei sivile domstolane. Men Bjørn som utfriaren hennar får behalde ho."

Men av den borgarlege retten blei såleis dømt:

"Bjørn Preststulen kan inngå ekteskap med Rønnog Bårdsdatter Østeng utan løyve, og Sevald Oppistuen og Bård Østeng må rømme landet for å ha truga han."

Men det blei ikkje noko av, for Bjørn tok svigerfaren sin til nåde for den misferda, og dei blei sidan dei beste vennar."

Denne trumfen sette skolemeisteren på segna om Bjørn Preststulen. Men det skrivne ordet er daudt og maktlaust. Det låg ein maktlaus, ubeskriveleg komikk over framstillinga hans. Ho var roleg i trykklegging, i minespel, i stiging og fall av stemma, i den måten rusen hans openberra seg på i det han sa, for "ølet drog etter med han". Rett som det var måtte vi le alle saman. Sjølv Tor lo høgt, så alvorleg han var. Og engelskmannen låg på ein benk kroka av latter "over denne karikatjur". Men skolemeisteren skjønte ingen ting, han lo med og tok det som fagning. Han bad Brit om ein bolle mjølk til, og lét så munnen fly på ny.

"No", sa han, "vil eg fortelje ei såre sannferdig historie frå nyare tid, som også er merkeleg, for ho inneheld spådommar eller openberringar om kommande tider og hendingar:"

Jens tok farvel

"På garden Fliti i Lesja hovudsokn var ein mann dei kalla Jens Ivarsson. Frå uminnelege tider hadde forfedrane hans budd på denne garden. Denne Jens var ein tankefull mann, hjelpsam, lite til munns, og ingen hadde noko å seie på moralen og vandelen hans. Ein gong reiste han til seters i Lordalen. Men han kom ikkje til seters, og ingen høyrde om han meir, og all ettergransking var til inga nytte. Men det åttande året gifta kona seg på nytt. Mens brurefølget var ved kyrkja, kom den førre mannen hennar, Jens, inn i garden utan at nokon hadde merka kor han kom frå. Han tok straks til sides ut av garden igjen for å unngå selskap, og ville ikkje tale med nokon. Men så blei det snakk og vas og prat og skravl om kven denne mannen vel kunne vere. Somme sa at det var éin, og somme at det ikkje var ein annan, men alle som såg han var eins i at han likna Jens.

Men han unndrog seg å bli sett på og stilt nyfikne spørsmål inntil brurefølget kom heim. Då den eldste sonen hans med fleire andre tok bryllaupshestane for å tjore dei på ei avsides eng, så innfann han seg hos sonen, som ikkje kjende han att før Jens talte til han slik under tjoringa: "Ikkje slik son. Du skal alltid feste tjoret til venstre framfot, elles blir hesten tvinga til å gå mot naturen sin." No kjende han att far sin, og bad han følge heim, og det var faren villig til. Og då Jens kom inn i bryllaupsstua, blei allting tyst. For no kjende alle han att, og kona brast i gråt og bad om tilgiving og ville omfamne han. Mens Jens trøysta ho så godt han kunne, og sa at han ikkje hadde noko å seie mot det nye ekteskapet hennar. Og så sa han underfundig at han sjølv verken kunne eller var dugleg til ektestanden og å bli her, men at føremålet hans berre var å ordne det som skulle til for dei forsvarslause etterkomarane sine. Då han hadde sagt dette, så bad han ektefolka om å sette seg i høgseta, og mens heile den nysgjerrige bryllaupsskaren høyrde på, sa han fram for dei sin siste vilje med omsyn til delinga av buet mellom barna hans når det gjaldt arve- og odelsretten til garden. Dette blei stadfesta med hand og munn [16]. Då alt dette no var fullbyrda, ville Jens ta farvel og fare bort, men dei heldt ved å trenge inn på han med nyfikne spørsmål. Han gav for det meste unnvikande svar på dei. Blant anna sa kona hans:

"Gud skje lov du kom heim, så vi kunne få vite viljen din og så du kan vite at avkommet ditt blir her."

"Ja", svarte Jens, "avkommet mitt skal bli her til landets siste tider, men då skal det haldast eit slag på Lillehammer, og det skal vere det største som nokon gong er skjedd på norsk grunn. Manneblod skal flyte over hanekne, og gudbrandsdølen vil avgjere om Noreg skal kallast eit kongerike lenger. I Frankrike la bondeklubba seg, og der vil ho også reise seg først att og forandre tilstanden til folka i landa med drabelege slag."

"Når vil det store slaget her i landet skje?" blei atter spørsmålet.

"Når breie vegar gjennom innskjeringane i landet gjer tilgjenge for fienden lett", svarte Jens, "og når vota er landet si lov [17], då blir denne krigsgneisten sakte opptent. Og Noreg og Sverige skal før dette førast under eitt septer. Før dei blir foreina, vil Lågen rive vekk det vakre Flat-Sel og bli sameint med Skotte-vatnet, og dei norske fjella vil ta til å kalve, og dessutan vil ei skjor bygge reiret sitt i stueomnen på Fliti."

Etter desse og andre artige og merkelege spådommar forlot Jens Ivarsson folka, og ingen såg meir kor han fór hen."

Det såg ut som skolemeisteren no kom meir og meir til sans og samling. Han talte tydelegare enn før, og især mot slutten, så det lét til at han hadde fått skikk på tunga att. Men då han no ville reise seg, starta han til vår forundringa å rave. Han sa farvel og trykte oss i handa alle saman mens han bukta seg og skrapa farefullt, og så gjekk han sin veg, "fordi han ikkje hadde det heilt vel med helsa si", sa han.

Då skolemeisteren var vel av garde, og livet og særdraget hans var tilbørlig drøft, bad Anders den vakre bleike jenta frå nabosetra om å fortelje. "Eg veit du kan mykje, Ragnill, og du kan fortelje også du, når du berre er huga", sa han. "Fortel oss ein stubb no! Korleis var det med dottera hans Steffan Åseng, du?"

"Det er snart fortalt", svarte ho blid, men raudna blygt då ho snudde seg mot oss og tok til å fortelje.

Bergtatt

"Steffan Åseng var frå Røllstad på Fron var gift med dottera på Åseng i Heidalen, og med ho fekk han ei lita jente. Men mens dei låg på setra ein sommar, blei ho bergtatt, ho var ikkje meir enn åtte år den gongen. Foreldra hennar sørgde over ho, for det var så overlag vakker ein jentunge. Eg er noko i slekt med Røllstad-folket, så bestefar min var ofte hos dei, og han fortalde støtt så mykje om ho.

Då ho hadde blitt borte, gjorde dei manngard og ringde med kyrkjeklokkene etter ho, men borte var ho, og borte blei ho, og dei såg ho aldri meir.

Mange år etter låg det to fiskarar inni Heimdals-fjella. Dei låg i ei lita steinhytte der og hadde varme på om natta. Då kom det inn eit kvinnfolk, og ho var både stor og vakker og velvaksen. Ho fortalde at ho var dottera hans Steffan Åseng, og at det var ho som hadde blitt tatt inn i berget for mange år sidan, og hos haugfolka hadde ho vore heile tida.

"Men i morgon skal eg ha bryllaup med gubben i Rånåskampen", sa ho, "og så ville eg bede dykk kaste stål over meg og fri meg ut att. For blir eg ikkje utfridd då, lyt eg bli hos dei støtt. Når de passar på ved haugane nedved elva, får de sjå oss", sa ho, "for vi kjem frå Trostemkampen og reiser til Rånåskampen. Brudgommen er det lett å kjenne, han rir føre på ein svart hest og har ein nase så lang at han rekk ned på salknappen."

Dei lova at dei skulle passe på når brureferda kom, og baud seg til kaste stål over ho, og dermed gjekk ho.

Dagen etter la dei seg bortpå ein av haugane ved elva og heldt vakt. I det sola gjekk ned, kom brureferda. Du skulle aldri sett så mange prektige karar, bykledde og staute, og så mange fruer og jomfruer med silkekjole og sølvstas. Og alle rei på gilde hestar. Men brura rei føre, og brudgommen hadde ein nase så lang at han rakk ned på salknappen. Fiskarane blei mest klumsa, for slik stas og så mykje gromt hadde dei aldri sett. Då ferda kom nær, såg brura til sides. Då sansa dei seg, men då dei skulle til å kaste over ho, hadde dei ikkje stål – og så laut ho bli med haugfolka til Rånåskampen på Lesja, og der er ho nok enno, dersom ho ikkje har sørgt seg i hel."

Kari som fall langt ned gjennom fjellet

"Ja", sa gjetarjenta, som nettopp kom inn, "Ei slik forteljing ha eg også høyrt ein gong, om ei som heitte Kari. Ho låg på Gravensetra i Øyer og blei tatt inn mens ho var der, men ho slapp vel frå det likevel. Det var ein kveld ho dreiv heim krøttera. Best dei kom ned i den inngjerda fe-vegen fram til setra, blei ho var ein liten gut som gjekk og jaga krøttera inn i skogen att – for det er skog på fjellet der ute. Ho Kari bad han la det vere, men det hjelpte ikkje. Dermed blei ho Kari sint og gav seg til bruke kjeften på han, og til sist tok ho og rista han og slo han i koll på ei tue. Men mens det barst i koll, datt ho Kari også, og tua gav etter så både guten og ho Kari fór langt ned gjennom fjellet. Til sist datt dei ned ved eit stort slott, og guten tok og leidde ho med seg. No skjønte ho at han var av haugfolket, enda han var både stor og staut. Dei gjekk gjennom mangfaldige rom som var så vakre at ho Kari aldri hadde trutt det var noko så vakkert til i verda. Og det var slik musikk at ingen kan tru kor vakkert han var.

Der bad dei ho danse og baud ho både mat og drikke, og bakkels kom dei med. Det såg ut berre som høvelflis hos oss. Men ho Kari sa tvert nei, og dei fekk ikkje anna ord frå ho enn: "Nei, mange takk."

Den tida ho Kari blei borte og dei sakna ho på setra, sende dei bod heim til garden om det. Då foreldra hennar fekk vite at ho var borte, blei det sorg på dei. Dei trudde ho hadde gått seg bort i fjellet, og dei leita og gjorde manngard, men det kunne ikkje nytte stort. Så bar dei til å skjøne korleis det hekk i hop, og så henta dei kyrkjeklokkene ut av Øyekyrkja.

Då det tok til ringe, reiste det seg ein gammal mann på slottet. Han hadde langt kvitt skjegg, og låg i ei seng borti ein krok.

"Kast ho ut att!" ropte han så det dundra i berget. "Bjøllekua [17] er i fjellet og skranglar så det bryt i skallen på meg."

Med det same kasta dei Kari ut frå slottet att frå eit loft, så ho datt ned i ei myr.

Og borte var slottet og heile herlegdommen. Dei fann ho att tett frammed setra, og der gjekk ho på grasbakken og vadde som i ei myr.

Ho følgde med folka som var oppi og leita etter ho og fekk seg ein hest å ri på heim til Graven. Men best ho rei, hoppa ho ned av hesten og song og dansa nokre rare dansar. Det lét så vakkert at dei var mest på gråten når dei lydde på. Og dei hadde ho lært i huldreslottet hos haugfolka", sa ho."

"No lyt du fortelje noko du også, Brit", sa Anders, som lét til å legge vinne på at kvar og éin bidrog til underhaldninga.

Budeiene som blei berga frå tre små karar

Anders sa: "Du kjem visst i hug ho Mari Kleivmillom, søster til bestemor di. Og kjem du i hug ho, så minst du nok at ho fortalde om den gongen ho var budeie i Valsætern, nordpå Høvringen her", la han til som ei opplysing for oss.

"Det kjem eg vel i hug", svarte Brit. "Og då eg og syskena mine var små, fortalde ho ofte om det, og kvar gong ho talte om det, så gret ho.

Den var mens ho var borte, så skulle ho opp på Valsetra og vere underbudeie, og ho reiste oppover med ungfeet tidleg om våren.

Då ho hadde vore der ei stund, kom det oppover ein kar som heitte Gullbrann og skulle ordne gjerdet på ei av dei andre setrene. Men han heldt seg på Valsetra og låg der om natta, og glad var ho Marit, for ho var redd av seg, og folk fanst det ikkje annan stad. Og til sist blei det nok så at han forlova seg med ho, meiner eg. Så var det ein morgon ho skulle løyse ungfeet. Ho hadde nettopp gitt mjølkekua drikke så ho skulle få det i seg mens ho sjølv løyste ungnauta. Då ho hadde løyst dei, la ho seg over bolken og skulle til løyse mjølkekua som stod og sleikte sørpekaret [18]. Men med det same slo kua seg så tullete at ho spratt frampå golvet, skum stod ut av kjeften på ho, og ho Marit fekk ikkje løyst ho. Men på hi sida av båsveggen stod det ein stor, framand kar og sprikte med fingrane imot ho. Ho blei stygt redd, må vite, då ho fekk sjå ein slik furk [19], sette på dør, og ropte på han Gullbrann, som heldt på å reparere gjerde like nedanfor. Jo, han kom med ein gong, men han såg ingen. Men kviga var mest tullete, og skummet stod ut av kjeften på ho.

Til sist fekk han då løyst kviga. Men ho Marit var mest frå seg, og det kom seg av at ho hadde talt om det straks og ikkje venta natta over. Han Gullbrann laut følge ho heim, og for kvar bekk ho skulle over, blei ho mest vettlaus. Langt om lenge kom ho seg då att, men kvar gong ho talte om det sidan, så gret ho.

Så sende dei oppi den rette budeia. Det var ei som heitte Myra-Rønnog, og ho hadde med seg ei dei kalla Galne-Kari. Dei meinte at dei skulle ikkje vere redde haugfolka; dei kunne berre komme. Ved den tida hadde det komme budeie til Lomsetra også. Desse tre jentene fór der og gjette krøttera, og var så ville og galne at det var ikkje måte på det. Dei flaug over alle haugar om sommaren og la seg etter å slå i hel rypeungar, og når dei kom til Valfjellet, ropte dei på han Trond i Fjellet, og sa han kunne få komme til dei laurdagskvelden, så skulle han få ligge hos dei. Når dei kom borti Kvennstugu-dalen, ropte dei på han Tjøstol i Bakka, og når dei kom til ein fjellknatt bortved Sletthø, som heitte Eldførpungen, skreik dei på han Kristoffer Pungen og sa det same til han.

Når dei hadde stelt frå seg om kveldane, kleiv dei opp på kvegjerdet og ropte: "Trond Valfjellet, Kristoffer Eldførpungen, Tjøstol Åbakka, kom no, no skal vi legge oss!" For desse jentene trudde ikkje det som folk sa, at det var haugfolk til, og at desse karane budde i fjella her. Men dei blei var dei.

For ein torsdagskveld langt på hausten – ja det lei så langt at folk var reiste heim att frå setrene – så hadde jentene gjort frå seg kveldsstellet og sat ved åren, og dei talte vel om gutane sine. Best det var fór døra opp, og inn kom det tre små karar. Ikkje sa dei eitt ord, og ikkje talte jentene heller, men dei såg dei vel, for karane gjekk der att og fram på golvet eller sat på benkane. Dei hadde blå, fotside kjolar, store raude auge og lange nasar. Etter ei stund gjekk dei, men kvelden etter kom dei att. Då tok dei til å syne seg meir, og dess reddare blei ho Myra Rønnog og jenta frå Lomsetra. Dei bad Gud hjelpe seg, men enno var ikkje ho Galne-Kari redd.

Laurdagskvelden var karane ute att, og då heldt dei slikt styr med jentene at det var ikkje måte på det, for det var noko til karar, så små dei var. Men så kom det ein skyttar dit. Han heitte Per Gynt. Han skaut Åbakken og slo i hel han Trond Valfjellet, men Eldførpungen fór opp gjennom pipa."

Vi sat litt og talte om kor einsamt og audsleg jentene har det på fjellet når dei, som skikk er på somme gardar, blir liggande på setra med ungfeet til utpå vinteren, for å bruke opp fjellfôret og mosen som er sanka inn. Som vi sat slik, kom eit par av jentene som hadde gitt seg på heimvegen, attende og fortalde under ustanseleg latter at skolemeisteren hadde gått seg fast i ei steinrøys nede på vollen og verken kunne komme opp eller ned.

"Eg lyt vel hjelpe han eg", sa Hans, "men eg kunne ha hug til å følge kløvhesten dykkar inn til Uløyhyttene og sjå etter om de får nokon rein i morgon."

"Nei, nei, no meiner eg det er ende på verda", sa Brit og lo, "reiser du frå ho Marit, når skolemeisteren er her?"

"Skolemeisteren har ikkje tenkt å fri verken i morgon eller i overmorgon. Han tenker før på å drepe seg, når han har hatt slik tur som i kveld. Eg veit nok korleis han har det, eg", svarte Hans.

"Ja, kan du ikkje følge kløvhesten!" sa Anders. "Så følger eg han Tor og karane, for det kunne nok vere von om at eg skaut ein rein."

"Det var så det", sa Hans, han drog i veg saman med Marit for å hjelpe skolemeisteren.

Vi trekte benkene fram til peisen, laga oss leie av jakttasker, skrepper og kapper, og låg snart etter i trygg søvn.

Ord

  1. rifle med kistepiper: riflepipe som er firkanta i godset.
  2. gusinde: Gud signe deg.
  3. gauken ved Mikkelsmess: I Noreg kan ein høyre gauken gale frå sist i april til midt i juli, og Mikkelsmess er 29. september.
  4. fadermordar: høg, stiv snipp.
  5. trøllkluvar (dialekt:) trøll, troll; kluve, handsama på ein hardhendt måte; klemme.
  6. skyldfolk: slektningar, folk som er skylde kvarandre.
  7. stul, støl: det same som seter.
  8. blindskyttarar: klede med menneskelukt i seg.
  9. Sambu-va'e: Sambu-vadestaden over Måla, i Vågå.
  10. uhorveleg: svært stor, umåteleg, veldig, uvanleg.
  11. frigge: eit stort, svært kvinnfolk.
  12. det sjette bodet: "Ikkje driv hor", er sjette bodet berre i romersk-katolsk og protestantisk katekisme. Den anglikanske og ortodokse kyrkja – og jødedommen – har "du skal ikkje myrde" som sjette bod.
  13. skjeggvokster på haka: hos gutane -
  14. munnkåt: flåkjefta, uvørden og frekk i talen; pratesjuk o.a.
  15. pilt: smågut.
  16. jålebukk: ein som er tåpeleg og tilgjort, f.eks. fjasar og tøysar.
  17. hand og munn: handtrykk og lovnad.
  18. når vota er lov: når det blir allmenn røysterett.
  19. Bjøllekua: (her:) omskriving for kyrkjeklokka frå Øyer.
  20. sørpekar: kar med sørp(e), med blautfôr av opphakka halm, høy eller korn - med blautfôr av hakkelse.
  21. furk: tjukk, svær kar.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2007–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]