Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Kolbrennaren

Ein kolbrennar hadde ein son som også var kolbrennar. Då faren var daud, gifta sonen seg, men han ville ikkje ta seg til noko. Skrøpeleg var han til å passe mila [1] også, og til sist ville ingen ha han til å brenne kol meir. Men så hadde han fått brent ei mile ein gong då, og reiste til byen med nokre kollass og selde, og då han hadde seld dei, rangla han ut på bygata og såg seg om. På heimvegen kom han i lag med grannar og bygdefolk, og tura og drakk og prata om alt det han hadde sett i byen. Det artigaste han såg, sa han, det var at det var så mange prestar der, og dei gjekk alle folk og helste på og tok av seg hua for. "Eg skulle ønske eg var prest, eg også, så helste dei kanskje på meg òg. No læst dei mest ikkje sjå meg", sa han.

"Ja, er du ikkje anna, så er du då svart nok til prest", sa grannane til kolbrennaren. "Men no er vi ute og ferdast likevel, så kan vi reise på auksjon etter gamlepresten og få oss ein tår [2], og imens kan du kjøpe kappa og kragen", sa dei. Ja, dei gjorde så, og då han kom heim, hadde han ikkje ein skilling att.

"No har du vel både levemåte og skillingar?" sa kjerringa.

"Ja, no skal det bli levemåte, mor", sa kolbrennaren, "for no er eg blitt prest!" sa han. "Her ser du både kappa og kragen!"

"Det skal du få meg til å tru; sterkt øl gjer store ord", sa kjerringa. "Du er like sæl kva for ein ende snur opp, du", sa ho.

"Du skal verken syte eller kyte av mila før kola er kjølna", sa kolbrennaren.

Så var det ein dag det reiste så mange prestekledde folk forbi hos kolbrennaren på vegen til kongsgarden, så dei kunne skjøne det var noko på ferde der. Ja, kolbrennaren ville vere med, han også, og tok på seg prestekleda. Kona meinte det var vel så vist å vere heime, for kom han til å få ein hest å halde for ein storkar, så gjekk vel den tobakkskillingen han fekk for det i strupen [3].

"Alle taler om drikken, men ingen om tørsten, mor", sa mannen. "Dess meir ein drikk, dess meir tørstar ein", sa han, og så strauk han til kongsgarden. Der blei alle dei framande bedte inn til kongen, og kolbrennaren følgde med, han også. Så sa kongen til dei at han hadde mista den dyraste fingerringen sin, og han trudde ringen var stolen. Derfor hadde han bedt saman alle dei prestelærde i landet i tilfelle det var nokon av dei som kunne seie kven tjuven var. Og så lovde han ut at han skulle lønne den som kunne seie det: var han i prestelære, skulle han få kall. Var det ein prest, skulle han bli prost. Var det ein prost, skulle han bli bisp, og var han bisp, skulle han bli nest etter kongen.

Så gjekk kongen frå den eine til den andre og spurde dei alle saman, og då han kom til kolbrennaren, sa han: "Kven er du?"

"Eg er den vise presten og sanne profeten", sa kolbrennaren.

"Så kan du vel seie meg kven som har tatt ringen min då?" sa kongen.

"Ja, det er ikkje reint ut av von og vett at det som har skjedd i mørket, kan syne seg i lyset", sa kolbrennaren. "Men det er ikkje alle år at laksen leikar i furutopp", sa han. "No har eg ikkje fått kall enda, så skal tjuven fram, må eg ha god tid og mykje papir, for eg må skrive og rekne gjennom mange land."

Ja, han skulle få god tid og så mykje papir han ville når han berre kunne skaffe fram tjuven.

Så kom han opp på eit kammers for seg sjølv i kongsgarden, og det varte ikkje lenge før dei skjønte at han måtte kunne meir enn fadervår, for han skreiv opp så mykje papir at det låg der i digre dyngjer og haugar, og det var ikkje éin som skjønte eit ord av alt det han skreiv, for det såg berre ut som krokar og kråketær.

Men tida gjekk, og han fekk ikkje greie på nokon tjuv. Så blei kongen lei av det, og sa at kunne han ikkje skaffe fram tjuven på tre dagar, så skulle han miste livet.

"Den som skal rå, får ikkje vere for brå. Ein skal då ikkje kare ut kola før mila er sløkt", sa kolbrennaren. Men kongen stod på sitt, og kolbrennaren skjønte at livet hans ikkje var mykje verdt.

No var det tre av tenarane til kongen som varta han opp kvar sin dag, og desse tre hadde vore sams om å stele ringen. Då den eine tenaren kom inn og tok av bordet etter kveldsmaten og gjekk ut att, drog kolbrennaren ein djup sukk og såg etter han: "Det var den første", sa han. Han meinte den første av dei tre dagane han hadde att av livet sitt.

"Denne presten kan meir enn å mate seg", sa tenaren då han fekk kameratane for seg sjølv. Så fortalde han at presten hadde sagt at "Eg var den første, sa han". Den andre, som varta han opp neste dagen, skulle merke seg vel det han sa. Og rett nok, då han tok ut etter kveldsmaten, glante kolbrennaren stort på han og sukka sårt, og så sa han: "Det var den andre."

Så skulle den tredje legge merke til korleis han bar seg den tredje dagen, og det gjekk verre og ikkje betre, for då tenaren tok i døra og skulle gå med koppar og fat, så folda kolbrennaren hendene sine og sa: "Det var den tredje", og så sukka han som hjartet ville breste.

Tenaren kom ut så skremt at han mest ikkje kunne puste, og sa det var grei sak at presten visste det,. Så gjekk dei inn og gjorde knefall for kolbrennaren og bad og velsigna at han måtte ikkje seie det var dei som hadde tatt ringen. Dei skulle gjerne gi han hundre dalar kvar om han ikkje ville føre dei i ulykke. Det lovde han både visst og vel. Ikkje nokon skulle komme i ulykke når han fekk pengane og ringen og ein stor grautklump. Den balla han ringen godt inn i, og let så ein av dei gi den til den største galten til kongen og gjete han så han ikkje gav ringen frå seg att bakvegen.

Om morgonen kom kongen, og då var han ikkje grei. Han ville vite kven tjuven var.

"Det er ikkje noko menneske som har ringen", sa mannen.

"Pøh! Kven er det då?" sa kongen.

"Å, det er den store galten til kongen", sa kolbrennaren.

Ja, dei tok og slakta galten, og ringen hadde han i seg; det var rett nok det.

Så fekk kolbrennaren prestekall, og kongen var så glad at han gav han hest og gard og hundre dalar attpå. Kolbrennaren var ikkje sein om å flytte, og den første søndagen då han var kommen i kallet, skulle han til kyrkja og lese opp kallsbrevet. Men før han reiste, skulle han ha dugurd [4]. Så la han frå seg kallsbrevet på flatbrødet, men tok feil og dyppa brevet i soddet, og då han kjende det var seigt å tygge, gav han hunden heile beten, og hunden glefste det i seg med det same.

No visste han ikkje korleis han skulle stelle seg. Men til kyrkja måtte han, for allmugen venta. Då han kom dit, gjekk han opp på preikestolen med det same. Der tok han til å heve seg slik at alle tenkte: det er visst svært til gild prest. Men då det bar til, blei det ikkje så gildt likevel.

"Dei orda, mine tilhøyrarar, som de skulle fått høyre denne dagen, fór i hundane. Men kom att ein annan søndag, mine kjære soknefolk, så skal de få anna å høyre! Og dermed er denne preika ute."

Det syntest allmogen var ein underleg prest, for slik preike hadde dei aldri høyrt. Men så meinte dei: Han blir vel betre, og blir han ikkje det, så kan det vel bli ei råd [5] med han.

Neste søndag det var messe att, var det så fullt av folk som ville lytte på presten at det mest ikkje var rom til dei i kyrkja. Ja, han kom då også, og gjekk opp på preikestolen med det same. Der stod han ei stund og sa ikkje eit ord, men så smelte han på med éin gong og ropte: "Høyr du gamle Bukke-Berit, korfor sit du så langt bak i kyrkja?"

"Å, eg har slike sunde skor, far", sa ho.

"Å, du kunne ta deg eit gammalt purkeskinn og gjere deg nye skor, så kunne du komme likså langt fram i kyrkja, du som dei andre dannekvinnene. – Forresten så må de tenke over kva for veg de går på, for eg ser, når de kjem til kyrkja, så kjem somme nordfrå og somme sørfrå. Og det same er det når de reiser frå kyrkja att. Men de stansar vel, og då spørs det kor det blir av dykk. Ja, kven veit kor det blir av oss alle saman. – Så skal eg lyse opp ei svart merr som er blitt borte for gamle prestemor. Ho har hovskjegg og hengeman og meir slikt, som eg ikkje vil nemne på denne staden. – Og så har eg eit hòl på den gamle bukselomma mi, det veit eg, men ikkje de. Men om nokon har ein lapp som kunne høve til hòlet, det veit verken de eller eg."

Denne preika var nokre av allmogen nokså velnøgde med. Dei trudde ikkje anna enn at det blei ein bra prest av han med tida, sa dei. Men dei fleste syntest det var altfor ille, og då det blei prostemesse, så klaga dei på presten, og sa at slike preiker hadde ingen høyrt før, og så var det ein som mintest den siste og las ho opp for prosten.

Det var ei svært god preike, sa prosten, ffor det var venteleg at han hadde talt i likningar om å søke lyset og sky mørket og mørkegjerningar, om dei som gjekk på den breie eller på den tronge vegen. Og især, sa han, var det som han lyste opp om den svarte prestemerra, ei herleg likning om korleis det skulle gå med oss til slutt. Lomma med hòlet på, det skulle tyde trongen, og lappen hans var offer og milde gåver han venta av kyrkjelyden, sa prosten.

"Ja, så mykje skjønte vi også, det var prestesekken det", meinte dei på.

Til slutt sa prosten han syntest at kyrkjelyden hadde fått ein slik bra og forstandig prestemann at dei ikkje burde klage på han, og enden blei at dei ikkje fekk nokon annan. Men då dei syntest det blei verre og ikkje betre, så klaga dei til bispen.

Ja, langt om lenge kom han også, og då skulle det vere bispemesse. Men dagen før hadde kolbrennaren vore i kyrkja utan at nokon visste om det og saga laus på preikestolen så det var så vidt han hang der når ein gjekk varleg opp på han. Då så kyrkjelyden var samla og han skulle til å preike for bispen, stiltra han seg opp på stolen og tok på å legge ut som han brukte. Men då han hadde halde på ei stund, tok han hardare i, slo ut med armane og ropte høgt: "Er det nokon her som har noko vondt eller noko misgjerning på seg, då er det best han forlèt denne staden. For i dag vil det skje eit fall det ikkje har skjedd maken til sidan verda blei skapt." Dermed slo han i stolen så stolen dundra, og preikestolen og presten og heile hurven ramla ned av kyrkjeveggen med eit brak, så allmogen sette ut av kyrkja som den yttarste dag skulle til å komme.

Men då sa bispen til allmogen at han undra seg over at kyrkjelyden kunne klage over ein prestemann som hadde slike gåver på stolen, og så mykje visdom at han kunne spå kommande ting. Han syntest han minst burde vere prost, sa han, og det varte ikkje lenge heller før han blei det. Så var det inga råd, dei fekk dragast med han.

No var det så at kongen og dronninga der i landet ikkje hadde barn, men då kongen fekk høyre at det kanskje kunne komme eit, var han nyfiken etter å vite om det skulle bli ein arving til land og rike, eller om det skulle bli ei kongsdotter. Så blei alle dei lærde i landet samla til slottet for at dei skulle seie kva det blei til. Men då det ikkje var nokon av dei som kunne, så hugsa både kongen og bispen på kolbrennaren, og det varte ikkje lenge før dei fekk han imellom seg og spurde han ut. Nei, han kunne ikkje, han heller, sa han, for det var ikkje godt å gjette det som ingen kunne vite.

"Ja, ja", sa kongen, "Eg er like glad enten du veit det eller ikkje veit det, eg, men du er jo den vise prest og sanne profet som kan spå kommande ting, og vil du ikkje seie det, skal du miste både kappe og krage", sa kongen. "Men det er det same, eg skal prøve deg først", sa han, og så tok han det største sølvkruset han eigde, og gjekk ned i stranda. "Kan du seie meg kva som er i det kruset", sa kongen, "så kan du nok seie det andre også", sa han og heldt på kruslokket.

Kolbrennaren vrei berre hendene og bar seg ille: "Å, du ulykkelegaste kryp og krabbe på denne jorda, kva har du no for alt slitet og slepet ditt!" sa han.

"Ja, der ser du om du ikkje visste det!" sa kongen, for han hadde ein stor krabbe i sølvkruset. Så måtte kolbrennaren inn i storstova til dronninga. Han tok ein stol og sette seg midt på golvet, og dronninga gjekk fram og tilbake i stua.

"Ein skal ikkje lage bås til uboren kalv, og ikkje trette om namnet før barnet er født", sa kolbrennaren, "men slikt har eg verken høyrt eller sett: Når dronninga går imot meg, så trur eg mest det blir ein prins, og når ho går ifrå meg, ser det ut som det er ei kongsdotter."

Det var tvillingar, så kolbrennaren trefte det den gongen også. Og fordi han kunne seie det som ingen kunne vite, fekk han pengar i lassevis, og så blei han den høgaste nest etter kongen. Tripp trapp trille, han blei meir enn han ville.

Ord og uttrykk

  1. mile: kjegleforma stabel av trestykke frå høvelege treslag, dekt med grastorv og liknande for at ikkje mykje oksygen skulle sleppe til, og så påtend i midten slik at noko av den inste veden brann opp på kontrollert vis og varma opp resten av veden til trekol, berre temperaturen var på eit godt nivå. Då kunne hundre kilo med tre gi opp til 25 kilo trekol.

    Trekol brenn og gløder nesten utan røyk. Det gir frå seg sterk varme til så som oppvarming av hus og smedarbeid. Små stavar av trekol blir nytta til å teikne med. Trekol har også evna til å dra til seg gassar og væsker til reinsing og oppsuging, og som aktivt kol som folk får å ete dersom dei har fått i seg gift eller promper overstadig, og så vidare.

  2. ein tår: litt drikke.
  3. i strupen: (her:) til drikk.
  4. dugurd: (før:) måltid mellom morgonmat og middag.
  5. ei råd: ein utveg.

Notar

Fiskarsønene

Det var ein gong ein mann som var ute og fiska. Han dreiv på heile dagen, sleit og rodde, men han fekk ikkje nappet ein gong. Då det lei mot kvelden og han rodde på heimvegen, kjende han det beit, og då han trekte opp, var det ei diger flyndre. Då han fekk ho i vasskorpa, tok fisken til å tale, og bad så vakkert at mannen skulle sleppe han ut att. Nei, sa mannen, det kunne han ikkje, han hadde slite heile dagen og ingenting fått, så han måtte ha han med heim til kokefisk. Ja, då det ikkje var råd til å sleppe, bad fisken at han skulle hogge han opp i åtte stykke: to skulle han gi kona si, og to skulle han gi bikkja, to hoppa, og to skulle han legge på bordet, og lever og lunge skulle han grave ned i kjellaren. Dette gjorde mannen.

Etter kort tid blei kjerringa gravid og fødde to gutebarn, bikkja fekk to kvelpar og hoppa to føl, og på bordet kom det opp to sverd. Gutane voks opp, og store og staute karar blei det, og dei var så like at ein mest ikkje kunne kjenne dei frå kvarandre. Så bad den eine om lov til å dra ut i verda og prøve lykka. Det fekk han, og faren sa han skulle ta den hunden som først gøydde, den hesten som først knegga, og det sverdet som først rørde på seg når han kom inn til dei.

Så rusta guten seg ut og reiste av garde. Då han hadde ridt langt og lenger enn langt, kom han til ei stor sandstrand. Best som han rei bortover stranda, møtte han ei vogn som var kledd med svart, og inni sat ei sorgkledd kongsdotter. Han som køyrde, sette ho av på stranda og reiste sin veg. Dette syntest guten var rart, og så gjekk han bort til jomfrua og spurde korfor ho skulle sitte der. Jo, sa ho, det kom eit troll [1] som ikkje åt anna enn jomfrukjøt. Det hadde ete opp alle dei andre jomfruene i landet. Ho var den siste som var att, for ho var dotter til kongen, og kongen hadde lovt ho bort til den som kunne frelse ho.

Var det inga råd til å få frelst ho frå trollet, spurde han. Nei, det var det ikkje.

"Ja, eg vil no våge det likevel, eg", sa guten. Men kongsdottera tigga og bad at han skulle ha seg av vegen, det var nok at trollet gjorde ende på ho, om det ikkje også skulle ta livet hans.

Så la det til å suse og bruse i sjøen, og så kom det opp eit stort troll.

"Sit du her hos brura mi?" sa trollet.

"Det er ikkje meir di enn mi", sa guten.

"Det skal vi nappast om", sa trollet.

"Ja nok", sa guten. "Hest opp og spenn, hund opp og bit, sverd fram og hogg!" sa han.

Så blei det basketak, og det varte ikkje lenge før trollet måtte bite i bakken. Då det var gjort, skar guten tunga ut av det og gøymde ho.

Så reiste dei, og kongsdottera var glad, det kan ein nok tenke seg. Då dei kom bort imot kongsgarden, sa ho at han skulle sitte att der til kongen kom etter han med hestar og vogn. Men det ville ikkje guten. Skulle det så vere, så ville han helst bli med med det same, "for du berre gløymer meg", sa han.

"Korleis skulle eg kunne gløyme deg som har frelst meg i yttarste nød?" sa kongsdottera, og så tok ho ein ring og knytte i håret hans.

Så måtte han bli att, og ho reiste. Men då ho kom på den store brua utanfor kongsgarden, møtte ho kolbrennaren til kongen.

"Kjem du levande att?" sa han.

Ja, ho fortalde at det hadde komme ein gut og frelst ho.

"No skal du seie til kongen at det er eg som har frelst deg", sa kolbrennaren, "elles skubbar eg deg utfor brua."

Nei, det ville ho ikkje seie, men han truga ho på livet, og så tenkte ho at ho kunne alltids seie sant også etter litt, berre ho kom heim.

Ho hadde ein liten hund, og han kom imot ho då ho kom til kongsgarden. Han sprang oppetter ho og slikka ho om munnen – så gløymde ho heilt av guten. Kongen var glad for at ho var frelst og han hadde fått ho att, men han syntest det var ille at kolbrennaren skulle ha ho. Men korleis det var eller ikkje var, så tok dei då til å lage til bryllaup.

Imens sat guten og venta og venta, men då det ikkje kom nokon etter han, reiste han til ein annan kongsgard som ikkje låg langt derifrå. Der budde sonen til kongen, det var bror til kongsdottera som guten hadde frelst.

Guten spurde kva det var for gjestebod dei heldt der borte i den andre kongsgarden. Å, det var søstera som hadde bryllaup med ein kolbrennar som hadde frelst ho frå sjøtrollet, sa kongssonen.

"Korfor er ikkje du i bryllaupet då?" spurde guten.

"Nei, eg er ikkje riktig sams med faren min, eg", sa han. "Men det skulle vere moro å få noko av maten og drikken som dei har i bryllaupsgarden", sa kongssonen.

"Det skal koste oss lite, det", sa guten. "Hest, hund, og sverd, gå dit og ta matfatet og ølkanna som står framfor brura!" Ja, dei gjekk imellom vaktar og tenarar midt inn i salen og tok fatet og kanna.

Då kongssonen og guten hadde smakt på kjøtet og flesket og hadde drukke seg vel utørste, så sa kongssonen at det skulle vere moro å smake på steika og vinen dei hadde i bryllaupsgarden.

"Det skal koste oss lite det", sa guten. "Hest, hund, og sverd, gå dit og ta steika og vinen som står på bordenden framfor kongen!" Ja, dei gjekk midt imellom alle vaktene og tenarane og tok steika og vinen og strauk av garde med. Dette ville kongen ha greie på, men før han fekk spurt, var dei borte, både dyra og sverdet.

Då så kongssonen og guten hadde levd vel, ete steika og drukke vinen, så syntest kongssonen det skulle vere moro å smake på bryllaupskaka også.

"Det kostar oss lite, det også", sa guten. "Hest, hund, og sverd, dra til kongsgarden og ta bryllaupskaka som står framfor dronninga." Ja, dei var ikkje seine om det, men denne gongen måtte dei både slå og bite og hogge seg fram. Og så blei dei hefta så lenge at kongen fekk vite kven som eigde dyra og sverdet. Så sende han bod på guten og bad han til bryllaupet. Men guten ville ikkje utan at kongen kom sjølv og forlikte seg med sonen sin og henta dei til bryllaupsgarden med hestar og vogn. Ja, det var ikkje anna råd då, og så fór dei til bryllaup begge to.

Guten blei sett til bords tett innved brura, og på den andre sida sat kolbrennaren. Stortrollet hadde han hengt opp over bordet.

"Kva er det for ein diger kropp?" sa guten.

"Det er stortrollet eg drap då eg frelste jomfrua", sa kolbrennaren.

"Det er rart at slikt eit stort troll ikkje har tunge", sa guten, han såg inn i kjeften på det.

"Nei, slike stortroll har ikkje tunge, dei", sa kolbrennaren.

"Det er også noko prat! Alt som lever har tunge", sa guten.

"Nei då."

"No skal du sjå", sa guten, han tok opp tunga og stakk inn i kjeften på trollet. "Sit fast!" sa han, og så sat ho fast.

"Tør du no seie det ikkje har tunge?" sa guten.

Så snudde kongsdottera seg, og så fekk ho sjå ringen som hang i håret hans. "Der er han som frelste meg!" sa ho.

Denne syntest kongen var merkeleg. "Du sa jo det var kolbrennaren", sa han. Så fortalde ho korleis alt var gått til, at kolbrennaren ville skubbe ho utfor brua om ho ikkje sa det var han som hadde frelst ho. Men då blei kongen harm og let kolbrennaren putte ned i den siste mila han hadde laga så lyse logen stod opp over han. Så blei det rette bryllaupet halde, og kongen var så glad at han drakk til han dansa.

Om kvelden, då brurefolka var komne ned i brurekammerset, såg guten eit lys som brann langt borte. Han spurde kva det var. Å, det var ei trollkjerring som budde der, sa kongsdottera, mor til trollet han hadde drepe. Då guten høyrde det, måtte han av garde, og det på flyande flekken. Ho bad at han ikkje skulle fare, men det var inga råd, han måtte og han skulle.

Då han kom inn i stua til trollkjerringa, bad han om han kunne få låne hus der om natta, "og kor skal eg gjere av hesten min og hunden mitt og sverdet mitt?" sa han.

"Ta tre hår av hovudet og bind dei!" sa trollkjerringa. Ja, det gjorde han, men då blei dei til stein alle i hop, og han også.

Kongsdottera venta og venta i sju lange og sju breie, men alt det ho venta, så kom ikkje brudgommen att. Og då blei det sorg i kongsgarden att.

Då dei ikkje høyrde noko frå guten der han var frå heller, så syntest fiskaren, far hans, at han fekk sjå korleis det var med han. Han gjekk ned i kjellaren der han hadde grave ned levra og tunga til fisken. Der var det fullt med blod. Då han kom opp att, sa han til den andre sonen: "No får du i veg, bror din er i livsfare!"

Ja, han tok den andre hesten, den andre hunden og det andre sverdet, og så reiste han. Då han hadde ridt eit drygt stykke, kom han også til den store sandstranda der broren hadde gjort av med stortrollet. Der møtte han ein gammal mann, og han spurde han kva det var for gardar som låg der borte, og korfor dei var kledde med svart.

Jo, mannen kunne fortelje alt i hop, om at kongsdottera var frelst av ein gut, og om bryllaupet og kolbrennaren, og om at guten gjekk frå kongsdottera brurenatta – og sidan hadde ingen sett han. Guten skjønte det var broren hans som mannen fortalde om, og så gjekk han like opp på kongsgarden. Der fekk han syn for segn, for han var så lik den andre at både kongen og kongsdottera trudde det var rette brudgommen. Dei blei så urimeleg glade at det var ikkje måte på det. Men då han kom i brurekammerset om kvelden, spurde han også kva det var for eit lys dei såg.

"Minnest du ikkje kva det er for eit lys?" sa kongsdottera. "Det var jo dit du reiste, sist vi var komne inn her?"

"Ja – så!" sa guten, ja han måtte nok dit, sa han. Og alt ho gret og bad, så måtte og ville han av garde, det var ikkje å spørje om det.

Då han kom inn i stua til trollkjerringa, bad han også om han kunne få låne hus, "og kor skal eg gjere av hesten min og hunden mitt og sverdet mitt?" sa han.

Ho sa til han som til broren, at han skulle ta tre hår av hovudet sitt og binde dei. "Nei, om eg gjer!" sa guten. "Skaff først fram bror min, og hesten hans og hunden og sverdet!" sa han. Ho visste ikkje noko om dei, sa ho, men så ropte guten: "Hest, hund og sverd, fram, spenn, bit og hogg!" og så måtte ho gi seg. Ho tok ned ei flaske av veggen og drypte på fire steinar som låg der, og så blei dei levande att.

Det første dei brukte livet til, det var å slå i hel trollkjerringa. Så tok dei flaska og skvetta over heile steinrøysa som låg utanfor, og dermed blei alle steinane levande. Dei blei til folk og fe alle i hop. Så reiste dei attende til kongsgarden, og der tura dei bryllaup så folk kunne høyre og snakke om det over sju kongerike, for då var rette brudgommen kommen.

Ord og uttrykk

  1. Troll er skapnadar i nordiske folkeeventyr. Asbjørnsen og Moe har med fleire trolleventyr. [Meir om troll]

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2007–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]