Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Reinsdyr

Då vi forlét setra om morgonen for å dra innover fjellet i nordaustleg retning, kasta Brit limen og skavgras-skrubben [1] etter oss, lo og ønskte at vi måtte bryte hals og bein og ikkje treffe på anna enn ramn og fjellvåk. Med dette gode varselet om jaktlykke la vi i veg.

Det var overskya og svalt. Innetter fjellet svevde skodda enno. Berre ein og annan gong braut sola halvt igjennom, og vi skimta usikkert dei ruvande omrissa av haugar og kampar [2]. Snart låg setergrendene bak oss, og den einstonige kvitringa frå snøsporven blanda seg med rypene sine gakk-gakk nede mellom dvergbjørk, einerbusker og vier. Først etter eit par timars gonge nådde vi lavartane sitt rike, der reinlav, gullskjegg, gråskjegg og liknande nøysame plantar dekte hellingane og danna ein grågrøn forgrunn framfor dei triste mosekledde viddene som breidde seg audslege i det fjerne.

Fløyt av heilo, ramneklunk, og ville kvin frå fjellvåken skar av og til gjennom suset frå vinden og snøbekkene. Men om litt blei også desse spora av plantelivet og liv meir og meir sparsame. Vi var snart inne i alperegionen [3] sine endelause massar av kampestein og ur [4], gjennomfura av dalar etter snø-elvene. Her søker reinen eit sunt og luftig tilhald om sommaren, ein fristad frå den plagsame reinfluga. Og her har han føde i rikeleg mengde. Det er gras og vier i smådalane mellom desse veldige steinhaugane, det er lav på skråningane, det er kvit bergfrue og blåsøte. Isranunkelen skyt opp, ofte like til randa av snøfonnene [5], og på dei tørre skråningane kryp sølvkvit reinblom. På desse opne viddene får reinen auge på fienden sin på langt hald, og vinden som alltid stryk over dei, åtvarar dei mot alle farar som nærmar seg, lenge før dei skarpe auga til dyret kan oppdage noko.

Ved middagstid var vi inne på Gråhø. Sola hadde for lenge sidan spreitt skodda, og ein frisk sønnavind sopte den eine skyggande skybanken etter den andre nordover. Tor og Anders vrengde det grå ut på dei raude topphuene sine, for no kunne vi vente å få dyr i sikte. Vi retta kikkerten mot alle høgder og skråningar i eit par mils omkrins, men ingen ting var å sjå. Tor gjekk stilt føre med lutande hovud og stirde ned mellom steinane. Til sist la han seg ned så lang han var.

"Her er slag etter eit dyr", sa han og viste meg merket etter klauvar. Dei var nesten ikkje til å sjå med det uøvde blikket mitt. "Og der står nedste del av ein avbiten reinblom. Han er så frisk at safta tyt ut av han. Her har det gått ein hop og gnaga, og det er ikkje lenge sidan heller."

"Sjå hunden!" sa Anders, som kom etter og førde ein sterklemma gardshund med spiss snute og spisse øyre i koppel. "Sjå kor han vêrar mot vinden. Enten har det vore dyr her, eller så er dei ikkje langt unna."

"Ja, rein er det han har vêr av. Det er verken hare eller fjellrev, sidan han løfta nasen så høgt", sa Tor; han klappa hunden, som slo med halen og drog vêret i korte, snøftande pust.

"Ja, ta han du, Bamse! Dei er ikkje så nære enno, men lenge kan det ikkje vere før vi får sjå dei. – No kunne det vere tid å ete nons [6], vi har gått bra langt i dag, og det er ikkje sikkert om vi kjem til kvile så snøgt når vi får sjå rein. Her er det vatn, og her er det kvilestad god nok", la han til, og la frå seg nisteskreppa og børsa utan å vente på svar. Anders batt hunden ved ein stein og la seg på alle fire og drakk av det kaldt snøvatnet som sildra mellom steinane. Eg kasta meg ned, eg også. Berre Sir John fann opphaldet høgst utidig. Han protesterte mot mat, mot kvile, mot tobakk og alt mogeleg før han hadde sett "reindeer". Først då Tor hadde fått han til å forstå at dyra var fleire engelske mil borte, og at det etter all rimelegheit ville ta fleire timar før vi kom nær dei, slo han seg til tols. Han strekte seg så lang han var på dei ujamne steinane og tok til takke med nista Mari Lårgard hadde sendt med oss, med snøvatnet og eit beger av jaktflaska.

Like sidan vi kom inn på fjellet, hadde Tor vore stille og ordknapp; han gav ans på alt, fjernt og nær. Men no under kvilen blei han ein annan mann. Han fortalde i korte, raske drag den eine jakthistoria han hadde opplevd, etter den andre, og viste oss staden for meir enn éi skyttarbragd.

"Der bortved Bleikvang-setra", fortalde han, "var eg i kast med ein bukk ein gong. Han kom på skotthald, og eg skaut han så han stupte. Men som eg kom innpå han, spratt han ende til vêrs og sette av stad. Borte blei han. Han drog innover Stygghøa. Eg gjekk og leita til det blei mørkt, men eg fann ikkje att han. Om natta låg eg i eit av Blekvangsela, og om morgonen strauk eg innpå Stygghøa att. Best eg gjekk, fekk eg sjå ein ramn høgt mellom steinane. Eg tykte det kunne vere rart å sjå kva han kunne sitte på. Då eg kom inntil han, såg eg eit horn som stakk i vêret. Der låg bukken, og glad blei eg. Men mens eg heldt på og flådde han, kom det strykande ein reinshop. Det var ni vakre dyr og ein gild bukk med horn så store at eg har aldri sett maken. Eg la meg ned, men var ikkje god til å få riktig skot på dei. Til sist tok dei til å rusle forbi i rekke. Då skaut eg, og bukken stupte.

Då eg kom nærare innpå han, tenkte eg: "Eg lyt fulla [7] prøve å få tak i deg", og så fekk eg tak i eine hornet. Men som eg sette kniven i nakken på han, spratt han opp så vi kanta hovudstups ned gjennom ura, kniven på ei lei, og eg og bukken på hi – men eg sleppte ikkje taket. Han baud til å stange også, det leie beistet, og slo med framføtene. Men han hadde ikkje stor makt, for eg heldt meg til sides og hadde godt tak ved rota på horna. Av og til bar det i koll ned gjennom ura, og eg fekk meir enn ein støyt. Så rava han og sjangla i koll til sist. Der låg han.

Eg hadde ikkje annan reiskap enn ein skosyl, og med sylen kunne eg ikkje få livet av han. Eg tenkte nok på å drive til han i skallen med ein stein, men det hadde eg ikkje hug til. Så gjekk eg oppover, fann att rifla og ladde ho. Då eg kom ned att, sette eg pipa i nakken på han og skaut. Men enda gjorde han eit høgt hopp før han stupte. Så grov eg dei to bukkane ned i ura og la stein over så jerven ikkje skulle ete dei opp, for eg var ikkje god til å finne att kniven så eg kunne få flådd eller lemma dei sund. Men eg var lemster og forderva i skrotten i over åtte dagar etter den leiken."

No framførte Sir John nokre historier som han sa han hadde opplevd på hjortejakt hos ein slektning i Skottland. Dei slutta alle saman på ein meir avgjort måte. Først sende jegeren dyret ei drepande kule, og sidan støytte han til overflod fangstkniven i nakken på det etter alle sportskunstens reglar.

"Kanskje hjorten ikkje treng så sterkt daudskott", sa Tor. "På reinen lyt du bryte bein eller treffe hjartet, skal han bli liggande. Det var ein skyttar i Vestfjella, han heitte Gullbrand Glesne. Han var gift med bestemor til den guten de såg nedi setra i går kveld, og ein glup skyttar skal han ha vore. Ein haust kom han innpå ein gild bukk. Han skaut han så han blei liggande, og han kunne ikkje anna vite enn at bukken var stokk-steindaud. Så gjekk han av stad og sette seg skrevs over ryggen på han, slik dei ofte gjer, og så skulle han til skilje nakkebeinet frå skallen. Men best han hadde sett seg, spratt bukken opp og la horna attover og trykte han fast mellom dei så han sat som i ein armstol. Og så bar det i vegen, for kula hadde berre sneia skallen på bukken og hadde slått han i svime.

Slik skyss som den han Gullbrand fekk, har vel aldri noko menneske hatt. Det gjekk imot vêr og vind over verste breane og styggurene. Beint på Besseggen sette bukken. Men då bad han Gullbrand til Vårherre, for då trudde han aldri han skulle få sjå verken sol eller måne meir.

Men til sist la reinen på svøm tvert over vatnet med skyttaren på ryggen. Imens hadde han Gullbrand fått laus kniven, og med det same bukken sette føtene på land, støytte han kniven inn i nakken på han, og daud var bukken. Men han Gullbrand Glesne hadde saktens ikkje villa gjort opp att den reisa for all rikdommen som finst."

"Ein slik stori om ein krypskyttar som blei hjortepassar har eg høyrt i Inglænd", sa Sir John med sin vanlege usans for vokallyd.

"Frå Jylland fortel Blicher [8] ei liknande", sa eg.

"Men kva var det for eit egg du nemnde, Thur . . . Pessegget?" avbraut han meg.

"Besseggen, meiner du?" spurde Tor. "Det er ein kvass rygg mellom Gjende og Bessvatnet. Han er hengebratt og så smal at når ein står og kastar ein stein med kvar hand, så rullar dei ned i kvart sitt vatn. Reinskyttaren går over der i godvêr, elles er det ikkje framkomeleg der. Men det var ein uvørding frå oppi Skjåk som heitte Ola Storbråtå. Han gjekk over der med ein vaksen reinsbukk på nakken."

"Kor høgt er det fjellet over vatna?" spurde Sir John.

"Å, det er ikkje brått så høgt som Rondane", sa Tor, "men det er over 435 meter. Eg følgde ein kaptein der ein gong, ein landmålar som hadde målt det. Ja, han Anders der var også med."

"Ja, det var likaste mannen eg har kjent", sa Anders ivrig. "Han var så liketil og vørdlaus og likeglad at det var ikkje måte på det. Og historier kunne han fortelje om kva det var, og viser song han så eg aldri har høyrt maken. Men borti Rondane var det nær gått gale med han. Vi hadde vore oppå den vestre tinden og sett opp varde. Der kom han ut på ei fonn, og ho var både bratt og glatt som berre issvollar, så det bar utover og reiste visst seks hundre meter nedetter. Men då vi trefte han att, gjekk han berre og lo, for han hadde skura av seg det meste av brøkene [9] sine, sa han."

"Der bortpå kan ein komme til å renne seg før ein veit ordet av det", sa Tor, "for i Rondane og Rondefonnene er det ikkje lett å komme fram. Reinen har lett nok for det, men skyttarane blir etter, om det ikkje går dei enda verre. Det var ein reinskyttar som kom til å reise utover der ein gong, men han kom også vel ifrå det. Han gjekk og følgde spora etter ein reinsflokk bortpå ei snøfonn, og ensa ikkje noko anna. Til sist kom han verken att eller fram, opp eller ned, og han såg ikkje anna enn dauden for seg. Dermed tenkte han: "Likså godt først som sist!" Ein hund hadde han med seg. Den skaut han først. Men då han hadde skote og skulle til å la att, så losna det eit stort skred med han, og han glei nedover med snøen til han stansa ein stad der han kunne komme fram. Og ingen skade fekk han av det, men levde mange år etter den tida."

"Du fortel så mange historier, Thur, og kan ikkje la andre menn komme til å tale", sa Sir John, som lenge hadde verka etter å få komme til. "Eg har også nokre historier å fortelje, frå England. Det var ein gammal skyttar som kom frå Skottland, som fortalde meg. Ein gong, sa han, var to krypskyttarar i skogen for å skyte hjort. Dei hadde ruta huer begge to, og begge tykte dei hadde ein herleg raudhjort framfor seg. Dei kraup og dei kraup og tok seg stilt fram, og så skaut dei samtidig, og så låg dei daude begge to."

"Kven kunne vite det då?" spurde Anders.

"Den eine levde vel så lenge at han fekk seie det til presten", svarte Sir John.

"Men så var det ei annan historie som var likså merkverdig. Det var ein krypskyttar som jaga ein hjort, og han fekk sjå ein eldgammal mann med ruta hue. Han ropte til han, men mannen svarte ikkje. Og då han såg opp frå rifla, var det ein eldgammal raudhjort med store, greinete horn. Men når han ville skyte, var det ein gammal mann med ruta hue. Han blei så redd, men han skaut likevel. Og så var det ein eldgammal hjort med store greinete horn, ein hjort det ikkje er skoten maken til på hundrevis av år."

Vi var utkvilte, alle spor av trøyttleik var borte, og då vi vandra bortover ura igjen, kjende vi korleis den sterke fjellufta gjorde musklane spenstige og gongen lett. Vi hadde knapt gått tusen steg på austhellinga av Gråhø, før Tor stansa. Han skygde for auga, langa etter kikkerten min og sa:

"Det er ikkje godt å sjå grådyr mellom gråstein. Der er det ein flokk: tre, fire, ein gild bukk, og ein til! sju, åtte, ti, tolv, tretten!" talde han.

"Er det tretten, lyt éin vere dødsmerkt", ropte Anders.

"Sjå borti den grå steinura som skya ligg over. Der går det ut liksom ein tange med snø. Der rekk dei framom om litt. Det er ikkje mat å finne i urene, må vite", sa Tor, og viste med børsa kor vi skulle leite.

Det var tre kvart mil å gå dit. For å komme unna vinden og møte flokken ovanfor snøfonna, måtte vi over ein djup dal og nordanfor høgda der dyra var, beint imot Gråhø. Det var ein milelang omveg, over urer og fonner og i storm frå sør, så turen ville ha vore tung og trøyttande nok under andre omstende. Men jaktlysta dirra i lemmane på oss, og lengselen etter å komme på skotthald av dyreflokken gav oss vengar og gjorde vegen lett. Men då vi smygande nådde fram til randa av snøfonna, fann vi berre spora etter flokken.

"Nordetter att!" sa Tor, og vi i veg bort mot ein liten rygg, der vi kunne få friare utsyn.

"Legg dykk ned!" sa Tor med eitt, og kasta seg i bakken. "Eg ser horna av ein bukk mot himmelen, rett over ryggen på snøfonna. Han er ikkje åtte hundre steg frå oss. Legg dykk ned flate, så kan vi kanskje få skot på han. Men det nyttar ikkje å krype. Det er ikkje ein stein å smyge bakanfor her."

Lenge såg vi ikkje anna enn horna av den store bukken. Han dreidde seg hit og dit som om han stod på vakt. Oss merka han ikkje; vi var i le for vinden. Men med eitt spratt heile flokken inn på den sida av fonna som helte mot oss. Eg greip krampaktig etter børsa, men Tor tok meg roleg over armen og sa: "Styr deg, eg skal nok seie ifrå!"

Dei var der alle tretten. Kalvane og begge bukkane jaga kvarandre i ring i vilter leik. Snart stod dei på to med kneisande horn og slo mot kvarandre med framføtene, snart hoppa dei mannshøgt med alle fire i vêret på éin gong, snart slo dei kåte ut med bakføtene så hoftepartiet stod høgt opp i lufta og issprut og snøklumpar fauk og rauk omkring dei.

"Dette var noko til leik", sa Anders og lo. "Dei leiker og sprett så vi ser både sol og måne under føtene deira."

"Då bli det dårleg vêr;" sa Tor. "Når reinen leikar seg, er det støtt mot dårleg vêr."

Leiken varte ved og blei villare og villare. Spranga og stillingane blei så dristige og pussige at vi måtte le høgt. Men midt under leiken kom den eine bukken like imot oss i fullt sprang. Flokken etter.

"Pass på no, sikt like på brystet eller bogen!" kviskra Tor, men kneppinga av riflehanane våre sa han at den første påminninga var overflødig. Handa skalv og hjartet stormslo: om nokre sekund ville den store bukken vere på skotthald. Men då han nærma seg fonnkanten, flaug ein fjellvåk opp av ura.

Fjellvåk.Kjelde: Wikimedia
Fjellvåk, Buteo lagopus, mellomstor fugl i haukefamilien, med kjenneleg skrik – "piijæh".

Eit sekund stod både bukken og heile flokken som nagla til staden med hovuda kasta tilbake og kneisande horn. Dei stirde opp mot fjellvåken som segla av stad med eit ◦vilt skrik. I neste no kasta dei seg rundt som ein vind, og fór i flokk og følge bortover fonna, følgt av ei pipande riflekule.

"Å, det var for langt. Dette var å kaste bly i vêret", sa Tor.

Sir John hadde vald seg eit anna mål. I avmektig harme retta han skotet mot den skuldlause årsaka til flukta. Men den stolte fuglen gjorde berre eit slag med vengane og segla roleg vidare over hovudet på oss.

"Det var vel von om å råke denne!" sa Anders og lo.

For å få friare utsyn gjekk vi lenger fram. Flokken kom til syne att på ei anna høgd. Tor følgde han merksamt med auga. Då han blei borte bak høgderyggen, sa Anders:

"Denne fuglen er støtt i vegen her på fjellet. Hadde ikkje han vore, så hadde flokken komme beint imot oss."

"Det kan vel hende vi treffer flokken enno, før sola går ned", meinte Tor.

Vi sette oss og kvilte, mens Sir John brumma og undra seg over at reinen kunne bli skremt av så lite.

"Så lite?" sa Tor. "Han legg på sprang berre det flyg ein snøsporv mellom steinane og kvitrar og berre det sprett opp ein fjellhare: så ber det av stad med han som det skulle gjelde liv og daude."

Sir John kom med tusen gjettinger om kor reinen vel kunne vere no, av og til krydra med eit forbitra utbrott om slike skadefuglar. Så tok han til å underhalde seg med Tor, som for nokre år sidan hadde følgt ein slektning av han på eit par uheldige reinsdyrjakter her oppe, ein viss Bilton [10], forfattar av ei stor bok om jakta og fisket i Noreg. I det høvet fortalde han om eit merkeleg uhell han sjølv hadde hatt den einaste gongen han hadde vore på skotthald av ein reinsdyrflokk. Det var oppå Bergensfjella. Han og eit par andre engelskmenn skaut, dyra blei skremde og sette over ny-isen på eit vatn. Sir John og kameratane hans forfølgde dei til isen brast. Men skyttarane som var med, sette livet på spel med å dra dei i land.

Mens Sir John fortalde på kaudervelsken [11] sin og baketter med høgtidsam innleving la ut om den katolske kyrkjestemninga som greip han når han var i fjellet ved kveldstid, sat eg nedsøkkt i det mektige kringsjået framfor oss.

Dei veldige Rondemassane låg i ein stor halvrunding mot sør. I den tynne, gjennomsiktige lufta såg det ut som dei knapt var ei halv mil unna. Midt i halvringen kneisa ein einsleg tind ruvande, Trollronden. Ei sky stod framfor sola og la skugge over den mektige gruppa, men toppane og eggene teikna seg skarpt mot den klare blå himmelen i søraust. Det var innsida av ringen som vende mot oss. Trollronden i midten stengde utsynet til nokre av dei søraustlege Rondane. Dei kampane vi såg i aust, var djupt fura og bestod av lyse steinurer. Dei sørlege og vestlege var alle dekte av veldige snøbrear frå topp til fot. Mot vest og nord breidde fjellsletta seg, brunleg, grågrøn, endelaus og trist. Keisemda blei berre avbroten av skuggar frå drivande skyer og skodder som steig opp av audedalane og snodde seg etter elvelaupet. I himmelsynet lengst ute, frå Snøhetta i nord til vrimmelen av Loms- og Vågåfjell i vest, svevde varmedisen glidande, og gav fjella med kammar, tindar og ryggar, fantastiske dimensjonar. Gjennom denne dirrande, gjennomsiktige varmedisen breidde solstrålane seg ut over vestfjella sine snø- og isbrear. Vinraude skyer med gyllen rand svevde over dei, og ein raudleg gullglans strålte tilbake over heile nordvesthimmelen.

Men det var på tide å komme av stad. Vi hadde enno ei lang og slitsam vandring til Uløyhytta, ei skyttarhytte ved foten av Vest-Ronden. Der skulle vi ligge om natta, og Hans skulle møte oss der med kløvhesten. Sir John spurde kva kant hytta låg på, og Tor peikte bortunder den næraste Rondekampen, – det var omtrent same retninga som reinflokken hadde tatt. Vi gjekk over fjellskråningar og snøfonner, over høgder og dalar, den eine ura ned og den andre opp. Hunden stramma ofte i koppelet med nasen vêrande i vinden, og Tor og Anders veksla no og då nokre ord seg imellom, som ymta om at vi framleis var på sporet. Vi fekk nytt mot og kjende oss ikkje trøytte lenger. Vinden hadde stilna av, og det siste solskjæret la seg over steinar og snøfonner.

Ved ei fonn straks ovanfor oss fekk eg så med eitt auge på eit par horn som raga opp av ei fordjuping.

"Legg dykk ned!" kviskra Tor i det same.

I ein fart gjorde vi oss opp ein plan: eg skulle skyte den bukken som stod til venstre, sir John den til høgre. Tor følgde oss med hunden og skulle sleppe han straks dersom eit dyr blei skadeskote. På hender og kne kraup vi fram mellom steinane til vi kunne sjå bukken i den vesle fordjupinga der flokken stod. Det var dei same tretten dyra vi hadde sett på breen. Bukken til venstre stod heldig til, det var to dyr i rad med han, eitt føre og eitt bak, og rett ovanfor stod ein kalv. Haldet var drygt, men ikkje for langt, og det var vanskeleg å komme lenger fram utan å bli sett. Eg varsla Sir John, la børsa til auget og ville trykke laus, men han fór opp heftig og ropte høgt: "Skyt ikkje, for Guds skuld, det er altfor langt!"

"Det er ikkje for langt!" kviskra Tor utolmodig.

No trudde Sir John at han burde gripe initiativet, men i forvirring som ikkje gav det beste vitnesbyrdet om bedriftene hans på dei skotske hjortejaktene, ville han først springe nokre steg fram. Dermed snubla han i hundebandet, stupte over ende og reiv laus hunden, som i full los [12] sette opp igjennom ura. Eg slengde kula mi etter dei flyktande dyra til inga nytte. Men under mannefallet hadde Tor snappa rifla og kasta ho til kinnet. Det small, og den eine bukken sette med eit veldig sprang midt ut av flokken og rulla over ende på snøen. Han reiste seg opp på framlabbane att, men styrta straks med ein djup hikst. Anders og eg sette i eit jublande fellingsskrik – følgt av nokre engelske ulydar som riddaren med den bedrøvelege skikkelsen [13] gav frå seg for knea sine og for "dei fordumte reindeer han aldri skott kjem til å skyte".

Vi skunda oss til snøfonna, der hunden stod på vakt og slikka blodet av det stolte dyret som enno låg og hiksta etter vêret. Tor enda dødskampen ved å støyte kniven i nakken på det, og då vi hadde sett på det frå alle kantar, gav han seg til å flå. Anders hjelpte til så det gjekk fort. Huda, horna og låra tok vi med. Resten blei gravne ned i ura og skulle hentast neste dag; vi velta over ei borg av store steinar for å verne skrotten mot jerven.

Då vi skulle gi oss i veg, starta Sir John å lure på kor "dei reindeer" kunne vere komne, og spurde Tor kor han trudde dei hadde tatt vegen og om det ikkje kunne vere mogeleg å møte dei, for han skulle likevel ha lyst til å skyte "eit deer".

"Ja", sa Tor alvorleg, "det skal eg seie deg. Det kunne vi saktens om vi gjekk bortover Bråkdalshøa. Då trur eg nok du trefte dei ved Rondhalsen. Nokon annan stad kjem dei ikkje ned etter leia dei tok. Men innan vi kjem dit, er det svarte natta, og det er ikkje spøk å komme fram der på lyse dagen, og om natta kan du komme til å bryte av både hender og føter."

Ein slik tur i mørke natta hadde ikkje Sir John hug på, til det hadde han hals og lemmar for kjær. Vi tok altså ned på ein annan kant av Bråkdalshø, gjennom ein dal med frodig grasvokster og rikt blomsterflor, og gjekk så ei stund på fast grasbotn langs Vesle-Ula, ei av dei elvene som kjem frå Rondane. Tussmørket fall på og kveldstjerna steig fram. Snart slutta grasbotnen, og det bar ut i urer med lausstein som av og til ramla ut i elva under føtene på oss, og stundom gjorde vi sjølv følge med.

Desse avstikkarane ut i det kalde elvevatnet fekk Sir John til å lette hjartet med mange engelske kraftuttrykk, som eg i førstninga ikkje kunne bere meg for å stemme i på norsk.

"Du tykker det er leitt her no du", sa Anders, "men du skulle vore med oss i fjor etter Mikkelsmess. Då skaut han Tor ein bukk, og den gjekk vi og leita etter mellom haugane her til det tok til å snø og drive så vi ikkje såg handa framfor oss. Til sist kom vi ned i dalen ved elva her og datt i koll for annakvart steg vi tok. Best vi gjekk [14] og vadde i snøen og mørket, bar det ut i elva eller i koll i ura så vi slo børsa ned i steinane."

Sir John blei svært trøytt og utolmodig. Kvar augeblink spurde han kor langt vi hadde att til "den fordømte skutterhutt", og fekk i starten stadig same svaret: det var "ei god kvartmil". Sidan minka det til "eit lite stykke", men det lét aldri til å ville ta ende. Til sist, etter ein liten sving opp frå elva, fekk vi røyklukt i nasen. Nattkvarteret kunne ikkje vere langt borte. Men enno måtte vi over ei bakkeskråning langsmed ein låg bergrygg og over ei myr. Så kom vi inn på fast grasbotn

"Her er Uløyhytta", sa Tor.

Eg skimta ikkje anna enn nokre steinhaugar og eit framhald av bergveggen. Men nede i veggen blei det opna ei lita dør eller ein glugge, og eit sterk lysskin stod ut. Så glei det skuggar framfor lyset, og eit par menneske kom fram.

"Det er nok fleire skyttarar her", sa Anders. "God kveld, Per, no får du framande! Det er han Per Fuggelskjellet, ein av dei som har bygt hytta til å vere i om vinteren, når han ligg her etter rypene", la han til for oss. "Og der er han Hans også – God kveld! Kom du tidsnok med kløvgampen?"

"Eg kom mens det var lys eg, kar, og eg har pynta hytta og hatt ny mose i sengene, men han Per Fuggelskjellet kom for ei stund sidan. Eg meiner de har skote ein bukk? Eg tykker han Tor ber på eit par horn."

"Gud fordumme dei folka og hyttene deira!" kom det frå Sir John. "Her er kanskje plass til to, no vi er seks. Eg hugsar Bilton taler om eit slikt fordumt hòl i boka si om Noreg."

Eg audmjuka meg og kraup inn. Døra var nok låg, men det var då betre inne enn ute på fjellet i mørket og nattekulda. Det var varme på grua. Det såg rett lunt og dokkestoveaktig ut der inne.

Eg sette meg på brisken. Han stod urovekkande nær peisen og tok opp heile vegglengda midt imot døra. Det var fylt reinsdyrmose og lav på han, og Hans hadde forsynt han med eit laken, ein uhøyrt luksus i Uløy-hytta, og med kappene våre. Av stokkverk var det ikkje mykje i hytta; berre dørveggen var tømra, og resten var for ein stor del naturen sitt eige verk. Hytta låg nemleg i ei kløft: høgre vegg, der peisen stod, var berre nakne fjellveggen, og dei andre to var laga av store heller som nådde frå golv til tak. Også det låge taket var av heller.

Etter den slitsame gåinga gjennom ura under den mørke skuggen av Vestronden i den kjølige kvelden, smakte det å finne ly i denne lune, reinslege og hyggelege tilfluktsstaden. Til sist bøygde då også Sir John nakken sin under dørbjelken. Men då han var innanfor og reiste seg i si fulle lengde – han var 187 cm høg – sette han panna mot ein av stokkane i sperretaket [15], som etterlét sotete spor i fjeset hans. Han blei hissig, men burde ha tenkt på at hytta berre er bygt til å sitte eller ligge i.

For Per Fuggelskjellet, byggmeisteren sjølv, var det visst høgt nok under taket, for han var verken svær eller lang. No sat han inneklemt i kroken mellom dørveggen og Anders og Tor, som hadde sett seg på langbenken, det einaste setet i hytta. Det var knapp plass, for heile benken frå brisk til dørvegg var berre meint på to personar, eller i høgda to og ein halv. Han var ein ekte fjellskyttar, denne Per. I dei spelande grågrøne auga hans var ein eigen blink så ein nesten skulle tru dei kunne lyse i mørke. Slik han sat der med ei vid mørkeraud dølehue framover den høge, bogeforma panna og den sterke, rette nasen, og med underdelen av fjeset halvvegs gøymt i ei hårete dyreskinnstrøye, tok han seg ypparleg ut. Med den eine foten støtta Per seg til kanten av skorsteinen så lyset frå bålet fall på fjellskoen hans, på den breie framspringande sålen av eitt lag never og to lag lêr med saum i saum over heile underflata, og alle saumhovud minst 65 mm i firkant. På beina har han ei grå vadmålsbrok som var trekt med lêr der det sleit mest.

Sir John hadde slått seg til ro ved sida av meg på sovebenken, halvt sittande og halvt liggande. Han var i ferd med å tyde alle kråketærne, bumerka og namna som hestehentarar og skyttarar hadde ripa inn i hella over benken. Til sist fann han også "Bilton Esq.", og ved sida av denne berømte mannens sitt namn fann han glede i å skrive sitt eige med samantrengt skrift.

Hans sat på dørstokken med det eine beinet inne og det andre utanfor. Anders hadde laga eit steikespidd av ein vier, og dei to hjelpte kvarandre med å snu eit saftig stykke av reinbukken over varmen.

Under tillaginga og mens vi åt, blei det ikkje sagt stort. Vi var for trøytte og trengde å få noko i livet først. Men då den oppkvikkande kaffien var drukken og tobakksrøyken la seg over det vesle rommet, kom samtalen på glid. Vi snakka ei stund om dyrelivet og jakta på fjellet, men smått om senn kom vi då over på hulder og trollskap. Eg gjorde mitt beste for å få dei til å fortelje, og etter mange oppfordringar tok Anders til med ei historie:

Kar til å slåst

"Det var ein mann på Dovreskogen som heitte Ola Storbekken. Det var eit merrabeist [16] til kar, så stor og sterk og vørdlaus. Om vinteren gjorde han ikkje anna enn å reise frå marknad til marknad og slåst og krangle. Han reiste frå marknaden i Krestjan [17] til Branes og Kongsberg, og så til Grundset. Kor han var, så slost og drogst han, og kor han slost, så vann han. Om sommaren fór han på fehandel i Valdres og nedi Fjordom, og då drakk og slost han både med fjording og halling og valdris på fjell-liggeplassane om sommaren. Og vann gjorde han der også. Men av og til rispa dei han litt med kniven, dei karane.

Men så var det ein gong i slåttonna, han hadde komme til Bekkjen og hadde lagt seg til å kvile til nons i ein svalskugge. Då blei han tatt inn i berg. Det gjekk slik til at det kom ein mann med eit par gylte bukkehorn og stonga til Ola. Men Ola dreiv til karen så han stupte kant i kant. Karen reiste seg att og tok til å stange på nytt lag, og til sist tok han Storbekken som ein vott og slo han under seg, og så bar det lukt ned i jorda med dei begge to. Der dei kom inn, var det så gildt med sølv og stas at han Ola tykte ikkje det kunne vere likare hos kongen. Dei baud han både brennevin og vin, og han Ola Bekken drakk med dei som ein kar, men mat ville han ikkje ha. Han hadde ikkje lyst på det. Best det var, kom han inn att, han med dei gylte bukkehorna, og gav han Ola ein dask før han visste av det. Men han Ola dreiv til han som før, og så slost dei og drogst gjennom alle rom og rundt alle veggar. Han Ola meinte det hadde vara heile natta, men då hadde slagsmålet halde på i over fjorten dagar, og dei hadde ringt etter han tre torsdagskveldar med kyrkjeklokkene.

Den tredje torsdagskvelden fór dei underjordiske stygt med han, for då heldt dei på og skulle stange han utover Hemfjellet. Då kyrkjeklokkene slutta å ringe, sat han i ei huldrekløft med hovudet utanfor, og hadde det ikkje komme ein mann forbi med det same og fått dei til å ringe att, så hadde berget late seg att etter han, og han hadde kanskje vore der enno.

Men då han Ola kom ut, var han slått så forderva at det var ikkje måte på det. I hovudet hadde han den eine kulen større eller dei andre, og heile kroppen var både blå og gul, Og reint fortulla var han, så rett som det var, fór han opp, reiste av stad og ville inn i fjellet og keikast med dei om dei gylte bukkehorna, for dei ville han bryte av skallen på jutulen."

"Far min kjende vel den Storbekken", sa Hans, "og han fortalde mange historier om han. Aldri hadde han sett friskare kar til å slåst, sa han. Men farbror hans, frå Heiddalen, var sagt å vere enda sprekare etter som eg har høyrt. Kan ikkje du, Anders, fortelje om det kvinnfolket som kom til han ei natt mens han var i fjellet etter rypene?"

"Han Ola Hella, meiner du?" spurde Anders. "Jo, ja, det skal eg fortelje dykk."

Ola Hella

"Han Ola var ein rett glup rypeskyttar. Ein vinter låg han inni Heiddalsfjella på rypejakt. Om natta låg han i ei seter, men enda han var ein gammal mann, tykte han nok mang ein gong det var uhyggeleg å ligge einsleg der den lange vinternatta. Ein gong hadde han lagt på varmen, ete kveldsmat og lagt seg til å sove. Men utpå natta vakna han att. Varmen hadde slokna på åren [18], og han kjende tydeleg det låg eit kvinnfolk på kvar side av han i sengebenken.

"Hei sann!" tenkte han ved seg sjølv, "No ligg eg ikkje einsleg. Men kva er dette for fantar?"

Han tok etter den eine med handa. Ho var lòden, og då han brått tok att handa si, knisla og skratta det så inderleg godt på hemsen [19]. Så tok han etter den andre, men ho var også lòden. No greip han etter rifla, som han hadde hengande over senga, for han skjønte vel det var haugfolk. Men det ville ikkje gi gneist eller eld, og alt det han klikka, så losna ikkje skotet. Så gav han seg til å lese Fadervår, og då han kom til "Men fri oss frå det vonde", blei det slik styr og ståk i selet at han trudde taket skulle stroke av stua, og det velta seg ut frå han på begge sidene. Ho som låg inst, rulla midt gjennom veggen, tykte han no."

No kom ikkje Anders på meir som han meinte det var verdt å tale om. Eg bad derfor Per Fuggelskjellet om å fortelje noko. Før på kvelden hadde han på ein livleg og særmerkt måte fortalt eit par jakthistorier. Han talde svært fort, av og til stotra og stamma han litt, så flaut talen raskare igjen. Minespelet var levande, og tonefallet følgde nøye innhaldet i forteljinga.

"Ja, eg kunne nok fortelje deg nokre stubbar", svarte han og la hovudet litt på skakke og myste med auga." Eg kunne fortelje historier som gamle folk trur på, og som dei seier har gått for seg i gamle tider. Men du trur vel det er berre løgn, og derfor vil eg fortelje deg ei soge som heller ikkje vi trur på."

Per Gynt og Bøygen

"Det var ein skyttar i Kvam i gamle dagar", tok han til, "og han heitte Per Gynt. Han låg støtt inni fjellet, og der skaut han både bjørn og elg. For i dei tidene var det meir skog på fjellet. Der heldt det til slik styggedom. Så var det ein gong seint på hausten, lenge etter at folk hadde flytta frå setra for året, at han Per skulle til fjellet. Alt folket hadde reist heim att frå fjellet så nær som tre budeier. Då han kom opp imot Høvringen – for der skulle han vere i ei seter om natta -, var det så mørkt at han kunne ikkje sjå ei hand framfor seg, og hunden tok til å stormgøy så det var reint fælt. Rett som det var, kom han innpå noko, og då han tok bortpå det, var det både kaldt og sleipt og stort. Han trudde ikkje han var kommen av vegen heller, så han kunne ikkje vite kva det var. Men uhyggeleg var det.

"Kven er dette?" sa han Per, for han kjende det røyrde på seg.

"Å, det er Bøygen [20]", svarte det att.

Med det var han Per Gynt like klok, men han gjekk utmed det eit stykke, "for ein stad lyt eg vel komme fram", tenkte han. Best det var, kom han innpå noko att, og då han tok bortpå det, var det både stort og kaldt og sleipt.

"Kven er det?" sa han Per Gynt.

"Å, det er Bøygen", svarte det att.

"Ja, enten du er rett eller bøygd, så lyt du sleppe meg fram", sa han Per, for han skjønte at han gjekk i ring og at Bøygen hadde ringa seg om selet. Dermed lea Bøygen litt på seg, så vidt at han Per kom fram til selet. Då han kom inn, var det ikkje lysare der enn ute. Han fór og fomla omkring veggane og skulle sette frå seg børsa og legge ned skreppa, men best han gjekk og trivla seg fram, kjende han dette kalde og store og sleipe att.

"Kven er det?" ropte han Per Gynt.

"Å, det er den store Bøygen", svarte det.

Og kor han tok, og kor han baud til å gå, så kjende han ringen av Bøygen. "Her er det nok ikkje godt å vere", tenkte Per Gynt, "sidan denne Bøygen er både ute og inne. Men eg skal saktens få skikk på denne tverrbleigen [21]!" Så tok han børsa og gjekk ut att, og trivla seg fram til han fann skallen på han.

"Kva er du for ein?" sa han Per.

"Å, eg er den store Bøygen i Atndalen [22]", sa stortrollet. Så gjorde han Per Gynt raskt og dyktig verk og skaut tre skott i hovudet på det.

"Skyt eitt til!" sa Bøygen.

Men han Per visste betre, for hadde han skote eitt til, hadde det gått attende på han sjølv. Dermed tok dei i, både han Per og hundane, og drog stortrollet ut så dei kunne komme vel inn i selet. Imens skratta og lo det rundt i alle haugane:

"Per Gynt drog mykje, men hundane drog meir", sa det.

Per Gynt og Gyri Suppetryne

Om morgonen skulle han ut og veide dyr. Då han kom inn i fjella, fekk han sjå ei førkje [23] som lokka feet over Tverrhø. Men då han kom dit opp, var jenta borte, og bølingen også, og han såg ikkje anna enn ein stor flokk med bjørn.

"No har eg aldri sett bjørn flokke seg før", tenkte Per ved seg sjølv, men då han kom nærare, var dei borte alle saman, utanom ein.

Så huia det i ein haug borti der:

"Akte galten din
Per Gynt er ute
med svansen sin!"

"Å, det blir uhell for han Per, men ikkje for galten min, for han har ikkje tvetta seg i dag", sa det i haugen.

Han Per vaska nevane sine i det vatnet han hadde, og skaut bjørnen. Då lo og skratta det i haugen.

"Du kunne akta galten din!" ropte det.

"Eg kom ikkje i hug han hadde vasskoppen mellom føtene", svarte den andre.

Per flådde bjørnen og grov skrotten ned i ura, men skallen og skinnet tok han med seg.

På heimvegen trefte han ein fjellrev.

"Sjå lammet mitt, kor feitt det går", sa det borti ein haug.

"Sjå svansen hans Per, kor høgt han står", sa det i ein annan haug, då han Per la rifla til auget og skaut han.

Den flådde han og tok med seg, og då han kom til setra, sette han hovudet utanfor med gapande kjeft. Så gjorde han opp varme og sette på ei suppegryte. Men det rauk så reint urimeleg at han var mest ikkje god til å halde auga oppe, og derfor laut han late opp ein glugge som var der. Best det var, kom det ein troll og stakk inn gjennom gluggen ein nase så lang at han rakk borti skorsteinen.

"Her skal du sjå snytehorn [24]!" sa det.

"Her skal du kjenne suppekorn!" sa han Per Gynt, og auste heile suppegryta over nasen på det.

Trollet av stad og bar seg ille, men rundt i all haugane skratta og lo det og ropte:

"Gyri Suppetryne, Gyri Suppetryne!"

Per Gynt frelste tre budeier

No var det stilt ei stund, men det varte ikkje lenge før det blei ståk og styr att utanfor. Han Per såg ut, og der såg han ei vogn med bjørnar føre. Dei skar opp stortrollet og reiste inn i fjellet med han.

Best det var, kom det ei vassbytte ned gjennom pipa og sløkte varmen så han Per blei sittande der i mørket. Då tok det til å knisle [25] og skratte i alle krokane, og så sa det:

"No skal det ikkje gå betre med han Per enn med Vala-budeiene."

Så la han Per på varmen att, tok hunden, låste att selet og la nordetter til Valsetrane, der dei tre budeiene låg. Då han kom ein stykke nordpå, brann det slik der som om Valssetrane skulle stå i lys loge. Med det same trefte han ein hop med ulvar, og nokre av dei skaut han og nokre slo han i hel. Då han kom til Valsetrane, var det kolmørkt der og ingen storbrann. Men det var fire framande karar inne som heldt på med budeiene: det var fire haugtroll. Dei heitte Gust i Været, Trond Valfjellet, Tjøstol Åbakka og Rolv Eldførpungen. Han Gust i Været stod utanfor døra og skulle halde vakt, mens dei andre var hos budeiene og fridde. Han Per skaut etter han, men råka ikkje, og så reiste han Gust i Været. Då han Per kom inn, ståka dei stygt med budeiene, og to av jentene var reint vettskremde og bad gud hjelpe seg. Men den tredje, som heitte Galne-Kari, var ikkje redd. Dei kunne gjerne komme, sa ho; ho kunne nok ha hug til sjå om det var to i slike karar. Men då trolla skjønte at han Per hadde komme inn, tok dei til å bere seg ille, og sa til Eldførpungen at han laut legge på varmen. Med det same sette hundane på han Tjøstol og reiv han i koll i åren så oska og eldmørja gauv omkring han.

"Såg du slangane mine, du Per?" sa han Trond Valfjellet – det var ulvane sine han kalla det.

"No skal du same vegen som slangane dine", sa han Per og skaut han. Sidan slo han Åbakken i hel med børsekolben, men Eldførpungen hadde reist opp gjennom pipa. Då han Per hadde gjort det, følgde han budeiene til bygds, for dei torde ikkje vere der lenger.

Per Gynt og kvitbjørnen hans

Men då det lei mot juletid, var Per Gynt ute att. Han hadde høyrt om ein gard på Dovre der det kom så fullt av troll kvar julekveld at folket laut rømme til andre gardar då. Dit ville han, for han var huga etter trolldom. Han kledde seg ut retteleg stygt, og så tok han med seg ein tam kvitbjørn, og syl og bek og ein stump bektråd. Då han kom dit, gjekk han inn i stua og bad om hus.

"Gud hjelpe oss", sa mannen, "vi kan ikkje låne deg hus [26]. Vi lyt reise frå garde sjølve, for kvar einaste julekveld kjem det så fullt med troll her."

Men Per Gynt han meinte han skulle nok reinske huset for troll, og så fekk han lov til å bli då, og fekk eit purkeskinn attpå.

Så la bjørnen seg bak omnen, og han Per tok fram bek, syl og bektråd og sette seg til å lage ein stor sko av heile purkeskinnet. Han sette i eit sterkt reip til snøreband så han kunne snurpe att skoen rundt omkring. Eit par handstenger [27] hadde han også ferdige.

Rett som det var, så kom dei, med fele og spelemann, og somme dansa og somme åt av julematen som stod på bordet. Somme steikte flesk, og somme steikte frosk og padder og mykje annan ufyseleg – den julekosten hadde dei med seg sjølve. Då fekk nokon sjå skoen han Per hadde laga. Han var til ein stor fot, tykte dei. Så skulle dei prøve han, og då alle hadde sett oppi eine foten, så rykte Per til og sette den eine handstonga i og bende til så dei sat fast i skoen alle saman. Men så stakk bjørnen nasen fram og lukta på steika.

"Vil du ha pølse, kvitepus?" sa eit av trolla, og kasta ein glosteikt frosk like i gapet på han.

"Klor og slå, bamse!" sa han Per Gynt. Så blei bjørnen så arg og vill at han fór opp og slo og klora dei alle saman, og han Per Gynt slo borti hopen med den andre handstonga, som om han ville slå inn skallen på dei – den stonga hadde han kløyvd i fire så dei ikkje skulle rekne seg til kor han slo.

Då laut trolla rømme, og han Per blei verande der og levde vel av julekosten heile helga.

Sidan høyrde dei ikkje meir til trolls på mange år. Men mannen hadde ei ulveblakk merr, og Per rådde han til å sette ho på føl, så folen kunne fare og leike omkring mellom haugane der.

Så var det ved juletid mange år etter at mannen var i skogen og hogg ved til helga. Då kom det ut eit troll og ropte til han:

"Har du den store kvitepusen din enno, du?"

"Ja, han ligg heime bak omnen", sa mannen, "og no har han fått sju ungar, mykje større og argare enn han er sjølv."

"Så kjem vi aldri meir til deg!" ropte trollet.

"Den Per Gynt var ein for seg sjølv", sa Anders. "Han var retteleg ein eventyrkremmar og skrønesmed du skulle hatt moro av. Han fortalde støtt at han hadde vore med i alle dei historiene folk sa hadde hendt i gamle dagar."

"Det kan nok vere sant, det du seier der", meinte Per Fuggelskjellet. "Bestemor mi, ho hadde kjent han, og ho herma etter han meir enn ein gong. Men du, Tor, du kan vel fortelje om den storskyttaren på Vågå som heitte Jens Klomsrud [28]. Han har eg høyrt det skal vere mykje fortalt om. Han var noko i slekt med dykk, veit eg?"

"Ja", sa Tor, "men slektskapen var ikkje stor, for han var gift med morsøster til oldefar vår. Han budde på Klomsrud i sjølve Vågå, og levde for godt og vel hundre år sidan. Han bestefar kom godt i hug han enno, og sa det var ein bra og truverdig kar."

Jens Skrell-i-fjell

"Klomsrudgarden ligg oppi åslendet i Vågå, og det er ikkje langt frå der og til Veidingstølane og Sterringstølane. Der oppi fjellet låg Jens Klomsrud på jakt mest heile vinteren og sette ut rypesnarer og reinska reinsdyrgraver.

Ein dag hadde han floge over heile fjellet og ikkje fått ei rype. I skumringa gav han seg til å vitje snarer og reinsgraver, og det blei kvelden før han kom ned til Sterringen, der han skulle ligge om natta. Då brann det slik der at det lyste ut gjennom alle veggfugene. Og glad blei han Jens fordi det var komme folk og det var varme oppe. Men då han kom inntil setra, blei det kolande mørkt med ein gong, og då han kom fram, var det lås for dør. Han Jens ensa ikkje det større, for han var saktens van med noko av kvart; han slo eld og stelte seg for kvelden.

Men ved nattetid, då han hadde ete og lagt seg til å sove, kom det inn fjorten grønkledde jomfruer, dei var så reint skadevakre at han aldri hadde sett så vakre kvinnfolk, og alle hadde dei gult, utslege hår. Den eine hadde ein langeleik og tok til å låte på han, og dei andre tok til danse omkring åren. Der låg det ei tyrirot, så han Jens såg godt alt dei gjorde. Men alt mens dei dansa, greip dei etter han og lugga han i det lange håret han hadde på leggane.

"Likar du plukk, Jens Hårlegg?" sa dei.

Han Jens svarte ingen ting. Han berre drog til seg føtene så godt han kunne. Men det hjelpte ikkje stort, for jomfruene var så galne og kåte at dei sleit og reiv i han og kalla han Jens Hårlegg, Jens Dunder-i-berg, Jens Skrell-i-fjell. Men då blei Jens harm. Han tok rifla, kytte [29] hardt, og sa at reiste dei ikkje med det same, skulle han gjere med dei det dei minst ville. Då la jomfruene på sprang, og det som var att av natta, sov han i fred. I lysinga la Jens til fjells, men då han kom forbi Løvåberget ovanfor Sterringen, ropte det til han:

"Jens Hårlegg, du får ingen ryper i dag! Det blir berre tomskrall og skrell-i-fjell."

Han Jens tenkte både eitt og anna, men han gjekk likevel. Og då han kom inni fjellet, var det overlag mykje ryper [30] der. Han skaut og skaut til han hadde verken kuler eller krut, men han fekk ikkje fjøra. Og då han gjekk heim att, sette det seg ryper i skokketal like framfor føtene på han. Slik vanjakt hadde han Jens aldri hatt, og tenkte det var forheksa av bergfolka.

Den tredje dagen tok han vegen til rypesnarene og reinsgravene og ville sjå til dei, men det fanst verken rype eller rein i dei. Dei fleste av snarene var opprykte og rivne sundt, men han såg ikkje merke etter verken folk eller dyr.

Det var overlag med fugl og rein i fjellet, og han tok til å skyte. Men det var til inga nytte. Han kom tidleg heim til Sterringen og tenkte på å stryke til Klomsrud same kvelden, men han hadde mykje stavved og trau-emne som han ville hogge opp og dra med seg heim på skikjelken. Og då han var ferdig med det, var det så seint at han laut vere over der, den natta også.

Ei stund etter han hadde lagt seg til å sove, vakna han att og var mest kvelt av røyk, for det var lagt ei stor helle over ljorholet. Han Jens tok med seg børsa uti døra og løyste hanen, men krutet ville ikkje fenge, enda det gneista av flinten og stålet. Best det var, ropte det frå Løvåberget:

"Vil du bruke skrellpipa mot jomfruene no, Jens Tomsmell?"

"Kva har eg gjort, sidan eg ikkje kan få vere i fred?" spurde han Jens Klomsrud.

"Du har løyst dundra di over stuetaket til Kjersti Langeleik og Sigrid Sidserk og dei tolv søstrene deira, og dei husville har du skremt med skrellpipa di", svarte det oppi Løvåberget.

"Kva skal eg gi i bot?" spurde han Jens. Men det fekk han ikkje noko svar på.

Så gjekk han oppå taket og velta ned hella med ei handstong så røyken gjekk opp, og sidan sov han roleg og merka ikkje meir den natta.

Då han hadde vore heime på Klomsrud ei lita ri, tok han opp til Sterringen på børsejakt att, og den første morgonen råka han frami ein stor reinsbukk i Klumpholet. Han skaut ti skott på han, men trefte han ikkje. Då høyrde han det ropte i Løvåberget:

"I morgon kan du skyte, Jens Tomskrell. No har du gitt bot."

Han Jens gjekk frå bukken og tenkte ikkje meir på jakt den dagen, men gjekk heim att til setra. Om morgonen skaut han så mykje at han nesten ikkje orka å bere all fuglen, og då han var på heimvegen ved nonstid trefte han reinsbukken i Klumpholet att. Då stupte han for første skottet. Det var ingen som kunne hugse at det hadde blitt skote så stor reinsbukk på Vågå. Horna var så store at det fanst ikkje nokon som var like, og dei sit over stabbursdøra på Klomsrud som ei store krone den dag i dag."

No kunne det vere på tide å få seg ein blund. Sir John og eg delte brisken, Tor og Anders kraup under han, Hans låg på golvet, og Per Fuggelskjellet la seg på benken. Eg sov trygt og roleg ei stund. Men utpå natta kom dei fire trolla frå Høvringen med ein stor reinsbukk på dei lange nasane sine, og bukken sette dei på hovudet ned gjennom pipa i Uløyhytta. Det blei så kvelande heitt at det ikkje var til å halde ut. Storbekken og Per Gynt var i ferd med trolla inne i hytta, men Jens Klomsrud og Sir John stod på taket og gav bukken skot på skot ned gjennom pipa. Til sist drog dei bukken opp etter bakbeina, – men han sprang like godt og blei borte over Ronderyggen.

Eg kjende ein kjølig gufs, anda friare, og vakna. Per Fuggelskjellet, som hadde måtta slå krok på seg for å få plass på benken, småputra med Hans om at det var godt å få strekke litt på beina. For å få rom til det, hadde han opna døra og stukke føtene ut.

"Det skulle vore løgleg å koke kaffi på gruten, gut", kviskra han til Hans.

Anders slo seg til dei, og i halvsøvne høyrde eg at dei pusla med kaffikjelen ei god stund og småprata om fehandel og slaktenaut, om Nordfjordhestar og reinsbukkar, til eg langt om lenge sovna. Først i grålysninga vakna eg. Heile natta hadde det regna og tora. Då vi kom ut, dekte skodda foten av Trollrondane, men det var klart i høgda, og toppen segla over skoddehavet i fullt, tindrande sollys. Eit bad i elva og ein dyktig frukost på aure og reinbiff – så drog vi inn mellom Rondane den friske morgonen, mens Hans og Per Fuggelskjellet tok vegen nordetter slik Tor rettleidde dei til, for å hente reinbukken vi hadde skote.

Ord

  1. skavgras-skrubb: bunt av skavgras til å skure kar med.
  2. kamp: (her:) (frittståande) brei eller rundvoren fjelltopp; gråstein.
  3. alperegion (her): alpint område; plante- og dyreliv over bjørkeskoggrensa.
  4. ur: (skrått) lende dekt med (store) steinar (frå isbrear eller seinare forvitring og ras).
  5. snøfonn, fonn: (her:) samandriven snømasse; snøbre.
  6. nons: måltid, ved tre-tida om ettermiddagen.
  7. fulla: saktens, alltids, nok, vel, visseleg, truleg.
  8. Blicher: Steen Steensen Blicher (1782–1848), dansk forfattar. Asbjørnsen siktar til forteljinga "Røvarstova" (1827).
  9. brok, brøker: bukse, bukser.
  10. Bilton: Ei av de tidlegaste skildringane av sommarturar i det norske høgfjellet står i boka Two Summers in Norway, av William Bilton og gitt ut i 1840. I boka blir det fortalt om ei reinsdyrjakt i Rondane. "Sir John Tottenbroom" og Asbjørnsen reiste i lag til Sel og fekk tak i den same kjentmannen som William Bilton hadde hatt, Tor Øygarden. Han blei med på turen som jeger og kjentmann. Dei to reisefellene har som mål å oppleve ei reinsjakt slik det blei skildra av William Bilton i boka hans. Asbjørnsens reinsjaktskildring liknar Bilton si.

  11. kaudervelsk: (her:) blandingsspråk. Det kan også tyde samanblanda tullespråk, med meir.
  12. los: det at ein jakthund gøyr når han forfølger vilt.
  13. Ridderen av den bedrøvelege skikkelse: Asbjørnsen bruker denne skildringa av den spanske Don Quijote – hovudpersonen i romanen Don Quijote av Miguel de Cervantes (1547–1616) – for noko slikt som "idealist som manglar litt røyndsomssans". [Wikipedia, s.v. "Don Quijote"]
  14. gjekk: her stod "gjekk og somla". Somle (i samanhengen her:) rote, røre i, skvalpe, søle (og eventuelt meir).
  15. sperretak: takkonstruksjon som kviler på sperrer med liten fråstand. Sperrer er skråbjelkar frå mønet til langveggen på eit hus.
  16. merrabeist: i overført tyding som her: stor, sterk og uvørden kar.
  17. Krestjan: no: Oslo
  18. åre: om eldre forhold: grue, open eldstad utan pipe midt på golvet.
  19. hems: halvloft, ope loft, trev, hjell o.a.
  20. Bøyg: The Great Boyg, Bøygen er ein overnaturleg kjempeorm, kjent på Austlandet frå segner og eventyr frå Telemark og Gudbrandsdalen, men ikkje berre der. Historier som liknar storskyttaren Per Gynts møte med Bøygen, "den bøygde" ved Straumbu nord for Atnasjøen i Rondane, er kjente i Gudbrandsdalen og Telemark, men er langt meir utbreidde i Sverige og Danmark. [Store norske leksikon, s.v. "bøygen"]
  21. Atndalen: Atndalen følger austsida av Rondane frå Folldal til Atnbrua. Elva Atna renn gjennom dalen.
  22. tverrbleig: (1 - i figurativ meining:) vrangt, uvillig menneske, tverrdrivar, stabukk. (2 - konkret:) kile, blei (driven inn på tvers); blei, kile som ein sprenger vridne stokkar og røter med.
  23. førkje: jente, kvinne (ofte nedsetjande eller skjemtande).
  24. snytehorn: skjemtande: snyteskaft, dvs. nase.
  25. knisle: knise, fnise.
  26. låne hus: få overnatte.
  27. handstong: stong-reiskap.
  28. Ein Jens Klomsrud (Klomsro) blei født kring 1653, og sonesonen Jens Klomrud i 1713; han skal ha døydd i 1771. Klomsrudslekt budde i Våga iallfall i nokre hundre år, heiter det i DIS Slektsforum.
  29. kyte, kytte: (her, mest truleg:) skjenne. Andre tydingar: skryte, røle; klage.
  30. ◦fjellrype, lirype og andre fuglar finst mange gode lydopptak av (tips).

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Bilton, William. Two Summers in Norway. London: Saunders and Otley, 1840. På nettet.

Blicher, Steen Steensen. "Røverstuen". I Udvalgte Værker Bd. 1. København: Blicher-Selskabet, 1982: s. 99-137. På nettet hos Arkiv for Dansk Litteratur. Det Danske Sprog- og Litteraturselskab og Det Kongelige Bibliotek.
www.adl.dk/adl_pub/vaerker/cv/e_vaerk/e_vaerk.xsql? ff_id=40&id=4122&hist=R&nnoc=

DIS, Slektsforum. "Familien i Klomro/Klomsrud." 26 sept. 2012.
www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=109585

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]