Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Dei tre kongsdøtrene i blåberget

Det var ein gong ein konge og ei dronning som ikkje hadde barn, og det tok dei seg så nær av at dei nesten ikkje hadde ei glad stund.

Ein dag stod kongen ute i svala og såg utover dei store jorda sine og alt han eigde. Det var nok og vel så det, men han syntest ikkje han kunne ha glede av det når han ikkje visste kor det skulle bli av alt etter hans tid.

Som han stod der og grunna, kom det ei gammal fattigkjerring som gjekk og bad om litt i Guds namn. Ho helste og neia seg, og spurde kva som feilte kongen sidan han såg så uglad ut.

"Det kan ikkje du gjere noko med, kona mi!" sa kongen. "Det nyttar ikkje å fortelje deg det."

"Det kan vel enda hende", sa tiggarkjerringa. "Det skal ofte lite til, når lykka vil. Kongen tenker på at han har ingen arving til land og rike. Men det treng han ikkje sørge for", sa ho, "for han skulle få tre døtrer med dronninga si." Men han måtte akte dei vel så dei ikkje kom under bar himmel før dei var femten år gamle. Elles kom det ein snøfloke [1] og tok dei.

Då tida kom, kom dronninga i barselseng og fekk eit vakkert jentebarn. Året etter gjekk det like eins, og tredje året også. Kongen og dronninga var så glade at det ikkje var måte på det. Men så glad som kongen var, hugsa han enda på å sette vakt for stuedøra.

Då kongsdøtrene voks til, blei dei både vakre og vene, og godt og vel hadde dei det på alle måtar. Det einaste var at dei ikkje fekk komme ut og leike seg som andre barn. Men alt dei tigga og bad foreldra og alt dei gnåla på vakta, så nytta det like lite. Ut måtte dei ikkje før dei var femten år gamle alle saman.

Så var det ein dag, ikkje lenge før den yngste kongsdottera skulle fylle sitt femtande år. Kongen og dronninga var ute og køyrde i godvêret, og kongsdøtrene stod i vindauget og såg ut. Sola skein, og alt stod så grønt og vakkert at dei syntest dei måtte ut – det fekk gå som det kunne. Så tigga og hengte dei seg over vakta alle tre, og bad at han skulle sleppe dei ned i hagen. Han kunne sjølv sjå kor varmt og vakkert det var, – det kunne då aldri komme vintervêr ein slik dag. Ja, han syntest ikkje det såg likt ut til det, vaktmannen heller, og når dei endeleg skulle og måtte ut, så fekk dei vel gå, sa han. Men det skulle berre vere ei ørlita stund, og han ville sjølv vere med og passe på dei. Då dei kom ned i hagen, sprang dei både høgt og lågt og plukka fanget fullt av blomster og grønt, det vakraste dei såg. Til sist rådde dei ikkje med meir. Men som dei skulle til å gå inn att, fekk dei auga på ei stor rose borti andre enden av hagen. Rosa var mange gongar vakrare enn alt det andre dei hadde funne, så ho måtte dei endeleg ha. Men med det same dei bukka seg og skulle ta ho, kom ein diger, tett snøfloke, og borte var dei.

Det blei stor sorg over heile landet, og kongen let kunngjere på alle kyrkjebakkar at den som kunne frelse kongsdøtrene, skulle få halve riket og gullkrona hans og kven av dei han ville til kone. Det var nok av dei som ville vinne eit halvt kongerike og ei kongsdotter attpå, så det reiste ut både fornemme og ringe til alle kantar av landet. Men det var ingen som kunne finne kongsdøtrene eller så mykje som få spurlag på dei.

Då no alle dei store og høgaste i landet hadde vore ute, var det ein kaptein og ein løytnant som ville i vegen og prøve seg. Å, ja, kongen rusta dei ut både med sølv og gull, og ønskte dei lykke på reisa attpå.

Så var det ein soldat som budde saman med mor si i ei lita stove bortanfor kongsgarden. Han drøymde ei natt at han skulle ut og leite etter kongsdøtrene han også. Om morgonen sansa han enno det han hadde drøymt, og talte om det for mora. "Det kan gjerne vere noko fanteskap som er komme for deg", sa kjerringa. "Du må drøyme det same tre netter på rad, elles er det ikkje å akte på."

Men det gjekk like eins dei neste nettene, begge gongane kom den same draumen att: han syntest han skulle ut. Så vaska han seg og drog på seg soldatuniforma si, og gjekk opp i kjøkkenet på kongsgarden. Det var enda dagen etter at dei to hadde dratt av stad.

"Gå du heim att", sa kongen. "Kongsdøtrene heng no vel for høgt for deg", sa han. "Og så har eg gitt ut så mange reisepengar at det er ikkje fleire igjen i dag. Du får heller komme att ein annan dag."

"Skal eg gå, vil eg gå i dag", sa soldaten. "Reisepengar treng eg ikkje, eg vil ikkje ha anna enn ein dram på flaska og mat i taska", sa han. Men ein dyktig matsekk måtte han ha, så mykje kjøt og flesk som han kunne berre.

Ja, det skulle han få, når det ikkje var anna han ville.

Så la han av garde, og han hadde ikkje gått mange mil før han tok att kapteinen og løytnanten.

"Kor skal du hen?" sa kapteinen då han såg soldatuniforma.

"Eg skal ut og prøve om eg kunne finne kongsdøtrene", svarte soldaten.

"Vi skal så, vi også", sa kapteinen, "og sidan du har same ærendet, kan du få lov å slå følge med oss. For finn ikkje vi dei, så finn visst ikkje du dei, guten min!" sa han.

Då dei hadde gått saman ei stund, tok soldaten av frå storvegen og inn på ein gangstig i skogen.

"Nei, kor vil du hen?" sa kapteinen. "Det er best å følge allfarvegen", sa han.

"Det lar seg tru det", sa soldaten, "men det her er min veg."

Han heldt stigen han, og då dei andre såg det, snudde dei og kom etter, dei også. Det bar langt og lenger enn langt bort igjennom, over svære moar og oppetter tronge avdalar. Til sist lysna det, og då dei kom ut av skogen, var det ei lang, lang gangbru av stokkar som dei måtte over, og på den brua stod ein bjørn vakt. Han reiste seg på to og kom imot dei som han ville ete dei.

"Kva gjer vi no?" sa kapteinen.

"Dei seier bjørnen skal vere vill etter kjøt", sa soldaten, og kasta til han ein framfjerding.

Så slapp dei framom. Men ved den andre enden av brua stod ei løve, og ho brølte og kom imot dei med gapande kjeft som ho ville sluke dei.

"No er det best vi snur nasen heimetter, for her kjem vi aldri levande forbi", sa kapteinen.

"Å, ho er vel ikkje så farleg, ho heller", sa soldaten. "Eg har høyrt at løva skal vere lysten på flesk, og i skreppa har eg ein halv gris", sa han. Så kasta han ei skinke til løva. Ho til å gnage og ete, og så slapp dei framom der også.

I kveldinga kom dei fram til ein stor, grom gard. Det eine rommet var gildare enn det andre, og det lyste og lavde kor dei såg. Men det monna no ikkje i skrotten. Kapteinen og løytnanten gjekk og skrangla med pengane sine og ville gjerne kjøpt seg mat, men ikkje såg dei folk, og ikkje fann dei matsmulen heller. Så baud soldaten dei kjøt og flesk frå matsekken sin. Då var dei ikkje storaktige og let seg ikkje nøyde lenge, dei tok for seg av det han hadde som dei aldri skulle smakt mat.

Dagen etter sa kapteinen at dei fekk på jakt og skaffe seg noko å leve av. Like ved garden var det ein stor skog, og der var det fullt av både hare og fugl. Løytnanten skulle bli heime og passe huset og koke resten av nistematen. Imens skaut dei andre to så mykje at det var ikkje meir enn så dei orka å bere det heim. Men då dei kom til porten, var det så skrøpeleg med løytnanten at han nesten ikkje var god til å late opp for dei.

"Kva er det på ferde med deg?" spurde kapteinen.

Jo, så fortalde han at straks dei hadde gått, kom det ein ørliten kall med sidt skjegg og som gjekk på krykker, og bad så vakkert om ein skilling [2] . Men så snart han hadde fått det, fall pengen i golvet for han, og alt han kara etter pengestykket, var han ikkje kar til å få tak i det, så støl og skeiv var han. "Eg syntest synd på den gamle kroken", sa løytnanten, "og så bøygde eg meg og ville ta opp skillingen. Men då var kallen verken støl eller stiv lenger, han gav seg til å bruke krykkene sine på meg til eg nesten ikkje kunne lee ein lem."

"Du lyt skamme deg, du som er kongens kar, for at du har latt ein gammal krøpling rundjule deg, og at du taler om det på kjøpet", sa kapteinen. "Pøh! I morgon skal eg bli heime, så skal det spørjast anna."

Ja, neste dagen gjekk løytnanten og soldaten på jakt, og kapteinen blei heime og skulle koke maten og stelle huset. Men gjekk det ikkje verre med han, så gjekk det då ikkje betre. Då det lei på, kom gamlingen og bad om ein skilling. Han sleppte pengen med det same han fekk han, og pengen blei borte. Så bad gamlingen kapteinen hjelpe seg med å finne pengen fram att, og kapteinen sansa ikkje betre enn at han bøygde seg ned for å leite. Men han hadde ikkje før bukka seg før gamlingen gav seg til å denge han med krykkene, og kvar gong kapteinen ville til å reise på seg og ta att, fekk han eit drag så det gneista for auga. Då dei andre kom heim om kvelden, låg han enda på same flekken og kunne verken glo eller gape.

Tredje dagen skulle soldaten bli heime mens dei andre to gjekk ut på jakt. Kapteinen sa han fekk akte seg vel, "for deg slår vel gamlingen kvekk i hel, guten min", sa han. "Å, livet måtte sitte laust, når ein skulle la slik ein gammal krok ta det", meinte soldaten.

Dei var ikkje meir enn vel ute av porten, før kallen var der og bad om ein skilling att.

"Pengar har eg aldri ått", sa soldaten, "men mat skal du få når han først blir ferdig. Men skal vi få på varmen, så må du hogge ved."

"Det kan eg ikkje", sa kallen.

"Kan du ikkje, så kan du vel lære", sa soldaten, "det skal snart vere gjort. Følg berre med ned i vedskuret."

Der drog han fram ein svær stokk, hogg ein brest [3] i han og dreiv inn ein kile [4] så det blei ei stor, djup sprekk.

"No må du legge deg ned og sikte vel langsetter sprekken, så skal du snart lære korleis det er å hogge ved", sa soldaten. "Imens skal eg hogge og slå."

Ja, gamlingen var ikkje fulare enn at han gjorde som soldaten bad han, han la seg ned og sikta bortetter stokken. Då soldaten såg at skjegget var komme vel ned i sprekken, slo han ut kilen og mørbanka kallen med øksehammaren. Så svinga han øksa over hovudet og lovde på at han skulle kløyve skallen på han, om han ikkje straks på timen sa kor kongsdøtrene var.

"Spar livet, spar livet, så skal eg seie deg det!" ropte kallen. "Austanfor garden her er det ein stor haug", sa han. "Øvst på haugen skal du grave laus ei firkanta torve, så ser du ei svær steinhelle, og under ho er det eit djupt hòl. I det hòlet må du vinde deg ned. Så kjem du til ein anna verd, og der er kongsdøtrene hos bergtrolla. Men det er langt og det er mørkt nedetter, og det ber både gjennom vatn og varme."

Då soldaten hadde fått vite dette og det han ville, slo han gamlingen laus av stokkeklemma, og han var ikkje sein med å by "lev vel" og ta farvel.

Då kapteinen og løytnanten kom heim, undra dei seg over at dei fann soldaten i live. Han sa korleis det hadde gått til frå først til sist, og fortalde kor kongsdøtrene var og korleis dei skulle finne dei. Dei blei så glade som dei alt hadde fått dei, og då dei hadde ete, tok dei med seg ei korg og alt det reip og tau dei kunne finne, og gjekk til haugen alle tre. Der skar dei først laus torva slik kallen hadde sagt. Nedunder fann dei ein stor, svær hellestein. Steinen var ikkje større enn dei var karar til å bende han av. Så skulle dei til å måle kor djupt det var ned. Dei skjøtte både to og tre gongar, men dei fann ikkje meir botn den siste gongen enn den første. Til slutt måtte dei skøyte i hop alt dei hadde, både det grove og det granne. Då kjende dei at det rakk ned.

Kapteinen ville først i vegen, "men når eg rykker i tauet, må de skunde dykk og dra meg opp att", sa han. Det var både mørkt og stygt nedigjennom, men han tenkte han fekk herde på [5] om det berre ikkje blei verre. Men rett som det var, stod kalde vasspruten om øyra på han. Dermed blei han livredd og gav seg til å rykke i reipet.

Ja, så ville løytnanten prøve, men det gjekk ikkje stort likare med han. Då han vel hadde komme attom vassflaumen, fekk han sjå lyse logen i gapet under seg, og så blei han fælen og måtte gjere vendereis, han også.

Så sette soldaten seg oppi. Han let det gå han, gjennom både vatn og varme, like til han kom til botnen. Der nede var det stummande mørkt så han ikkje såg neven for nasen. Ikkje torde han sleppe korga heller, men gjekk i ring og trivla og famla rundt omkring seg. Ja, så fekk han auge på ei lita glime langt, langt borte, plent som ei dagning, og glima gjekk han etter. Då han var kommen eit stykke fram, tok det til å lysne om han, og no varte det ikkje lenge, så såg han at det rann ei gullsol på himmelen der, og så blei det både lyst og vakkert, likesom i den rette verda. Først kom han til ein svær buskap med kyr så feite at det glinsa av dei, og då han var forbi dei, kom han til eit stort, gildt slott.

Der gjekk han gjennom mange rom før han trefte nokon. Til sist høyrde han ein rokk som surra, og då han kom inn, sat den eldste kongsdottera der og spann kopargarn. Både stua og alt som var i ho, var av berre blankskura kopar.

"Å, nei, kjem det kristent folk hit!" sa kongsdottera. "bere meg for deg, kva vil du her?"

"Eg vil fri deg ut av berget", svarte soldaten.

Tatrafjell

"Kjære vene, gå! kjem trollet heim, så gjer han ende på deg med det same. Han har tre hovud", sa ho.

"Eg er like glad om han så hadde fire, eg", sa soldaten. "Er eg kommen, så vil eg bli."

"Ja, når du er så strid, så får eg vel sjå om eg kan hjelpe deg", sa kongsdottera. Så sa ho at han skulle krype bakom det store bryggekaret som stod i forstua. Imens skulle ho ta imot trollet og lyske [6] han til han sovna. "Men når eg går ut og lokkar på hønene, at dei skal komme inn og plukke opp det som fell av hovudet hans, så får du skunde deg å komme", sa ho. "Men gå no først ut og prøv om du kan svinge sverdet som ligg på bordet."

Nei, det var for tungt, han kunne ikkje så mykje som rugge det. Så måtte han ta ein styrkedrikk [7] av hornet som hang bak gangdøra. Då var det så vidt han kunne lette det. Ja, så tok han éin til, og dermed kunne han lyfte det. Men så tok han ein riktig stor ein. Då svinga han sverdet så lett det skulle vere.

Rett som det var, kom trollet susande så det rista i slottet.

"Tvi, tvi! Her luktar manneblod og bein i huset mitt", sa han.

"Ja, her flaug ein ramn i stad", sa kongsdottera, "og hadde eit mannebein i nebbet. Beinet sleppte han ned i pipa. Eg kasta det nok ut, og sopte lenge og vel etter også, men det luktar vel enno."

"Eg kjenner vel det", sa trollet.

"Men kom no, så skal eg lyske deg", sa kongsdottera, "så er det vel betre når du vaknar."

Det var trollet straks villig til, og det varte ikkje lange stunda før han sov så han snorka. Då ho merka han hadde falle i søvn, sette ho stolar og dyner under hovuda på han og gav seg til å lokke på hønene. Så lista soldaten seg inn med sverdet og slo av trollet alle tre hovuda med eitt hogg.

Prinsessa var så glad som ei fele, og følgde med han til søstrene sine for at han kunne fri dei ut av berget også. Først gjekk dei over eit tun og sidan inn gjennom mange lange rom til dei kom til ei svær dør. "Ja, her får du gå inn", sa kongsdottera, "her er det."

Då han opna døra, var det ein stor sal innanfor, og der var allting av reint sølv. Der sat den mellomste og spann på ein sølvrokk.

"Å trøyste deg!" sa ho, "kva vil du her?"

"Fri deg frå trollet", sa soldaten.

"Å kjære vene, berre gå!" sa kongsdottera. "Finn han deg her, tar han livet ditt på flekken!"

"Det er von det, – tar ikkje eg hans først", sa soldaten.

"Ja, vil du endeleg", sa ho, "så får du krype bak det store karet ute i forstua. Men du må skunde deg å komme straks du høyrer eg lokkar på hønene."

Men først måtte han prøve om han var kar til å svinge trollsverdet som låg på bordet. Det var mykje større og tyngre enn det første, det var snautt nok han kunne rugge det. Så tok han tre drag av hornet, og då var han god til å lyfte det. Og då han hadde tatt tre til, kunne han fekte med det som det var ein flat pinne [8]

Om litt tok det til å dure og brake så det var fælt, og like etter kom det eit troll med seks hovud.

"Tvi, tvi!" sa han, straks han fekk nasen innom døra, "her luktar manneblod og bein i huset mitt."

"Ja tenk, for litt sidan kom det ein ramn flygande med eit lårbein og sleppte det ned gjennom pipa", sa kongsdottera. "Eg kasta det ut, og han kasta det inn. Til sist fekk eg det no vekk og skunda meg å røykje etter, men lukta gjekk vel ikkje bort så snart likevel", sa ho.

"Nei, eg kjenner vel det", sa trollet.

Men så var han trøytt og la hovuda sine i fanget til kongsdottera, og ho lyska dei til dei snorksov alle saman. Så lokka ho på hønene, og så kom soldaten og hogg av alle seks hovuda som det var kålstilker dei sat på.

Ho var ikkje mindre glad ho enn den første, kan ein nok vite. Men best dei dansa og song, hugsa dei på den yngste søstera si, og så viste dei soldaten over eit stort tun til, og gjennom mange, mange rom til han kom inn i gullsalen til den tredje kongsdottera. Ho sat og spann gullgarn på ein gullrokk, og frå golv til loft glinsa det så ein kunne få vondt i auga.

"Trøyste og hjelpe både deg og meg! Kva vil du her?" sa ho som sat der. "Gå, gå, elles drep han oss begge to!"

"Like så godt to som éin, svarte soldaten.

Prinsessa gret og bad, men det hjelpte ikkje. Han ville og han skulle bli. Ja, då fekk han heller prøve om han kunne bruke trollsverdet ute på forstuebordet. Men det var ikkje meir enn at han rugga det – det var enda mykje større og sværare, det sverdet, enn dei andre to. Så måtte han ha hornet ned av veggen og ta tre drag av det. Men enda orka han ikkje meir enn å lette sverdet. Då han hadde tatt tre styrkedrikkar til, kunne han lyfte det, og då han hadde drukke enda tre gongar, svinga han det så lett som ei fjør. Så gjorde ho den same avtalen med soldaten som begge dei andre: når trollet vel hadde sovna, skulle ho lokke på hønene, og då fekk han vere rapp og komme og gjere det av med han.

Best det var, kom det ein dur og ei dirring som om veggar og tak skulle ramle saman.

"Tvi, tvi! Her luktar manneblod og bein i huset mitt", sa trollet og vêra med alle ni nasane sine.

"Ja, du skulle aldri sett slikt: det flaug ein ramn og sleppte eit mannebein ned gjennom pipa. Eg kasta det ut, og han inn, og det varte og det rakk", sa kongsdottera. Ho fekk då grave det ned til slutt, sa ho, og hadde nok både sopt og røykt etter, men det sat vel att litt av lukta enda likevel.

"Eg kjenner vel det", sa trollet.

"Kom her og legg deg i fanget mitt, så skal eg lyske deg", sa kongsdottera. "Så blir det vel bra til du har sove."

Ja, han gjorde så. Og då han snorka som best, stødde ho oppunder hovuda med benkar og dyner så ho kom seg unna, og tok til å lokke på hønene. Så kom soldaten på sokkeleisten, og hogg til trollet så åtte hovud rauk av med éin gong – sverdet var for kort og rakk ikkje lenger.

Det niande hovudet vakna og gav seg til å brøle: "Tvi, tvi, her luktar blod!"

"Ja, men det skal bli meir", svarte soldaten. Og før trollet fekk reist på seg og kunne få tak i nokon, gav soldaten han eit hogg til så det siste hovudet trilla bortetter.

Det kan vel hende det blei glede på kongsdøtrene. No slapp dei å sitte og lyske trollhovuda lenger. Dei visste ikkje alt det gode dei ville gjere han som hadde frelst dei, og den yngste kongsdottera strauk av seg gullringen sin og knytte i håret på han. Så sanka dei med seg så mykje gull og sølv som dei trudde seg til å bere, og gav seg på heimvegen.

Straks dei rykte i tauet, drog kapteinen og løytnanten opp kongsdøtrene, den eine etter den andre. Men då dei vel var komne opp, tenkte soldaten at det var dumt at han ikkje sette seg på og fór opp før kongsdøtrene, for han stolte ikkje meir på kameratane sine enn som så. No ville han prøve dei, og la ein svær gullklump i korga og smatt vel til side. Då klumpen hadde komme vel halvvegs, hogg dei av tauet så korga dunka i berget og stykka spratt om øyra på han. "No er vi kvitt han", sa dei. Så truga dei kongsdøtrene på livet om dei ikkje sa at det var dei som hadde frelst dei frå trolla. Dei var uvillige til det, og aller mest den yngste;. Men livet er dyrt å miste, så dei fekk no rå likevel, dei to som hadde makta.

Då no kapteinen og løytnanten kom heim med kongsdøtrene, blei det vel høgtid i kongsgarden. Kongen var så glad at han ikkje visste kva for ein fot han skulle stå på. Han tok fram den beste vinflaska si av skapet og skjenkte dei til velkomst begge to, og var det ikkje gjort ære på dei før, så blei det då no. Og dei gjekk og bøygde seg bakover og krodde seg som herremenn heile dagen, no når dei skulle få sjølve kongen til verfar. For det var greitt at dei skulle ha kvar si kongsdotter, kven dei ville, og halve riket på deling. Begge to ville ha den yngste kongsdottera, men alt dei bad og truga ho, hjelpte det like mykje; ho ville ikkje på noko sett og vis. Så talde dei til kongen om dei kunne få tolv manns vakt å sette om ho. Ho var så tunglynt av seg sidan ho hadde vore i berget, sa dei, så dei var redde ho skulle gjere ei ulykke på seg. Jo, det var godt dei fekk, og kongen sa sjølv til vakta at dei måtte akte godt på ho og følge ho kor ho gjekk og stod.

Så var det til å lage til gjestebod med brygg og bakst for dei to eldste. Det skulle bli bryllaup som verken var høyrt eller spurt før, og dei tilverka malt og dei bakte og dei slakta så det ikkje ville ta nokon ende.

Imens gjekk soldaten der nede og dreiv i den andre verda. Han syntest det var tungt at han verken skulle få sjå folk eller dagslys meir, men noko fekk han ta seg til, tenkte han. Og så gjekk han frå rom til rom, både éin dag og to dagar og fleire til, og lukka opp skap og skuffer, og grov oppe på hyllene, og såg på alle dei gilde tinga som var der. Langt om lenge kom han til ein bordskuff. Den drog han ut, og der låg det ein gullnøkkel. Så prøvde han seg fram med denne nøkkelen på alle dei låsane som var. Men det var ingen som det passa til før han kom til eit lite veggskap over senga. Inni det fann han ei gammal rusten pipe.

"Det kunne vere hyggeleg å prøve om det er låt i ho", tenkte han og stakk ho i munnen. Så visste han ikkje ordet av det før det tok til å suse og ruse frå alle kantar, og med det same slo det ned ein fugleflokk så svær at heile marka blei svart.

"Kva vil herren vår i dag?" spurde dei.

Var han herren deira, sa soldaten, så ville han nok vite om dei kunne seie han nokre råd til å sleppe opp på jorda att.

Nei, det var det ingen som kunne. "Men mor vår er ikkje kommen enno", sa dei. "Kan ikkje ho hjelpe deg, er det inga råd."

Så peip han éin gong til, og om litt høyrde han noko som slo med vengane langt borte. I det same tok det til å blåse så hardt at han fór husimellom som ein høydott på tunet, og hadde han ikkje fått tak i skigarden, så hadde han vel blåse bort med éin gong. Dermed duska det ned ei ørn framfor han, så diger at det ikkje var måte på det.

"Du kjem kvast du", sa soldaten.

"Eg kjem som du blæs til", svarte ørna.

Så spurde han om ho visste råd for han til å komme opp att frå den verda dei var i.

"Ein slepp ikkje herifrå utan å fly", sa ørna. "Men vil du slakte tolv oksar til meg så eg få ete meg godt mett, så skal eg prøve å hjelpe deg, eg. Har du kniv?"

"Nei, men eg har sverd", sa soldaten.

Då ørna hadde sett til livs dei tolv oksane, bad ho han slakte éin til og ha han med til niste. "Kvar gong eg gaper, må du vere kjapp og slenge i meg eit stykke", sa ho, "for elles orkar eg ikkje å komme opp med deg."

Ja, han gjorde som ho bad om, og hengde to store kjøtsekkar om halsen på ho, og sjølv smatt han inn imellom fjørene. Så skaka ørna vengane, og dermed bar det av stad med dei som ein vind så det taut i lufta. Han som sat på, hadde nok å gjere med å halde seg fast. Det var berre så vidt han kunne passe å kaste kjøtstykka i gapet på ørna kvar gong ho slo det opp. Til sist tok det til å blåne av dagen over dei. Då heldt ørna på å skulle sakke, og flaksa med vengane. Men soldaten var klar og greip den siste bakfjerdingen og slengde til ho. Så fekk ho makt, og kom opp med han. Og då ho hadde sete ei stund og kvilt seg i ein stor grantopp, sette ho av stad med han att så det lynte både på land og på vatn der dei fór. Tett ved kongsgarden steig han av, og ørna flaug heim att. Men først sa ho at var det noko han ville, skulle han berre blåse i pipa, så kom ho straks.

Imens hadde dei førebudd frå seg i kongsgarden, og det lei mot den tida kapteinen og løytnanten skulle ha bryllaup med begge dei eldste kongsdøtrene. Men dei var ikkje stort gladare enn den yngste søstera. Det gjekk aldri nokon dag utan at dei sørgde og gret, og dess nærare det lei mot bryllaupsdagen, dess sorgfullare blei dei. Sistpå spurde kongen kva som var på ferde med dei. Han syntest det var altfor rart at dei ikkje var lystige og glade, no dei var frie og frelste og skulle bli så vel gifte. Noko måtte dei seie, og så sa den eldste at dei aldri blei glade meir om dei ikkje kunne få eit slikt brikkespel som dei hadde i blåberget.

Den meinte kongen at han nok skulle skaffe dei, og så sende han ut bod til alle dei beste og gjævaste gullsmedane i landet om at dei skulle lage eit slikt gullbrikkespel til kongsdøtrene. Men alt det dei prøvde, var det ingen som var god nok til å lage eit slikt spel.

Til sist var det ikkje fleire gullsmedar att enn éin, og det var ein gammal skrøpeleg ein som ikkje hadde gjort eit skikkeleg arbeid på mange år, men berre kludra med litt sølvarbeid så vidt han kunne livnære seg. Til han gjekk soldaten og gav seg i lære hos, og gullsmeden blei så glad over å få ein læregut – for det hadde han ikkje hatt på år og dag – at han grov fram ei lerke av kista si og sette seg til å drikke med soldaten. Det varte ikkje lenge før brennevinet gjekk til hovudet på han, og då den andre merka det, overtalte han han til å gå opp til kongen og seie seg god for å lage spelet til kongsdøtrene. Det var han ferdig til på flekken. Han hadde laga det som var vel så gromt og grant i sine dagar, han.

Då kongen høyrde at det var ein ute som kunne lage maken til brikkespelet, var han ikkje sein om å komme ut.

"Er det sant, det dei seier, at du kan lage eit slikt spel som døtrene mine vil ha?" spurde han.

Ja, det var inga løgn, svarte smeden, det stod han ved.

"Det er godt", sa kongen. "Her har du gull til å lage det av. Men kan du ikkje, så skal du miste livet, sidan du sjølv byr deg til." Og om tre dagar skulle det vere ferdig.

Neste morgonen, då gullsmeden hadde sove av seg rusen, var han ikkje fullt så kaut. Han både gret og bar seg og skjelte på læreguten som hadde fått han til å bringe seg i ulykke i fylla. No var det likast han drap seg med det same, sa han, for livet var det ikkje til å spørje om. Når ikkje dei beste og fornemmaste gullsmedane kunne lage slikt eit spel, var det ikkje tenkeleg at han skulle lage det til.

"Syt ikkje for det, men kom med gullet", sa soldaten. "Eg skal nok skaffe spelet eg. Men eg vil ha eit rom for meg sjølv å arbeide i", sa han.

Det fekk han med det same, og takk attpå.

Men det rakk og det varte. Ingenting tok han seg til anna enn å drive, og gullsmeden gjekk og gav seg over for at han aldri ville ta til med arbeidet.

"Aldri bry deg om det, du", sa soldaten, "det er langt til klokkeslettet. Er du ikkje nøgd med det eg har lovt, så kan du lage spelet sjølv."

Det blei det same det, både den dagen og den neste. Og då smeden verken høyrde hammar eller fil frå rommet hans heile den siste dagen heller, gav han seg reint over, for no var det ikkje å tenke på å berge livet lenger, meinte han.

Men då det lei utpå natta, lét soldaten opp vindauget og bles i pipa si.

Så kom ørna og spurde kva det var han ville. "Det gullbrikkespelet som kongsdøtrene hadde i berget det blå", sa soldaten. "Men du vil vel ha noko å leve av først? Borte på låven har eg liggande to okseskrottar til deg. Dei får du ta", sa han. Då ørna hadde fått dei i seg, gjorde ho ikkje vegen lang, og lenge før sola rann, var ho tilbake med spelet. Så sette soldaten det innunder senga og la seg til å sove.

Grytidleg neste morgonen kom gullsmeden og knakka på døra til han.

"Det var fælt til renn på deg", sa soldaten, "dagen lang flyg du sommargalen. Skal ein no ikkje få sengefred heller", sa han.

Men det hjelpte verken bod eller bønn den gongen. Gullsmeden måtte inn og skulle inn, og til sist fekk han då letta av kroken.

Å jo, det kan vel vere det blei ende på suta!

Men enda gladare enn gullsmeden blei kongsdøtrene då han kom opp på kongsgarden med spelet, og gladast av dei alle var den yngste.

"Har du laga det spelet sjølv, du?" spurde ho.

"Nei, sant å seie, så har eg nok ikkje det", sa han. "Det er ein læregut eg har."

"Den læreguten har eg lyst til å sjå", sa kongsdottera.

Ja, han ville dei ha fatt i alle tre, og dersom han ville nyte livet, så skulle han komme. Han var ikkje redd verken kvinnfolk eller storfolk, meinte soldaten, og hadde dei moro av å sjå på fillene hans, så kunne dei gjerne få den lysta styrt.

Den yngste kongsdottera drog kjensel på han med det same. Ho skubba til side vakta, sprang bort og baud han handa og sa: "Goddag og takk for sist!"

"Her er han som frelste oss frå trolla i berget", sa ho til kongen. "Han vil eg ha!" Og så strauk ho av han hua og viste dei ringen ho hadde bunde i håret hans.

Deretter fekk folk fullt greie på korleis kapteinen og løytnanten hadde bore seg åt, og så fekk dei bøte for det med livet. Det var enden på herredommen deira. Men soldaten fekk gullkrona og halve riket, og heldt bryllaup med den yngste kongsdottera. Og der drakk og feira dei både stivt og sterkt, for feire kunne dei alle, om dei ikkje kunne frelse kongsdøtrene. Og har dei ikkje drukke opp, så sit dei vel og drikk og feirar enno.

Ord

  1. snøfloke: snøfjom, snøfnugg, krystall av snø.
  2. skilling: pengestykke. Ein skilling frå 1875 tilsvarte under to kroner i 2011 -
  3. brest: Her stod sprunge, som tyder brest, rivne, sprekk, klov.
  4. kile: kløyvereiskap laga av eit avlangt stykke av metall, tre og liknande som er kvesst til ein egg i eine enden; bleig. Øks er også kilar, og kan godt brukast til å kløve ved.
  5. herde på: drive på, henge i.
  6. lyske (verb): plukke lus av, reinse for lus, avluse.
  7. styrkedrikk: Dessverre blir det ikkje sagt kva som er i dei fabelaktige styrkedrikkane i sverdsvingar-eventyra.
  8. pinne: Her: bakstefløyg – flat, sverdforma trestikke til å flytte og snu lefse og flatbrød med under baking.

Notar

Gullfuglen

Eple

Det var ein gong ein konge som hadde ein hage. I hagen stod eit epletre, og på epletreet voks kvart år eit gulleple. Men når det lei mot den tida at dei skulle til å plukke det, så var det borte. Ingen visste kven som tok det eller kor det blei av det, men borte var det.

Kongen hadde tre søner. Så sa han til dei ein dag at den av dei som kunne skaffe igjen eplet eller få tak i tjuven, han skulle få riket etter han, enten det var den eldste eller den yngste eller den mellomste.

Den eldste gjekk i vegen først og sette seg under treet og skulle gjete opp tjuven. Då det lei på natta, kom det flygande ein gullfugl, og det lyste lang veg av han. Då kongssonen såg fuglen og skinet, blei han så redd at han ikkje torde stanse, men sette inn att så fort han kunne.

Om morgonen var eplet borte. Då hadde kongssonen fått hjartet i livet att, og så tok han til å niste seg ut, og ville i veg og freiste om han kunne finne fuglen. Kongen rusta han vel, og sparte verken på klede eller pengar.

Då kongssonen hadde reist eit stykke, blei han svolten, tok opp skreppa si og sette seg til å halde dugurd [1] utmed vegen. Så kom det ein rev ut av eit granholt og sat og såg på.

"Kjære, gi meg litt mat, du!" sa reven.

"Eg gir deg brent horn, eg!" sa kongssonen. "Eg kan trenge maten min sjølv. Ingen kan vite kor langt og kor lenge eg skal fare", sa han.

"Det var så, det", sa reven, og så gjekk han til skogs igjen.

Då kongssonen hadde ete og kvilt, gav han seg på veg att. Langt om lenge kom han til ein stor by, og i den byen var det eit vertshus der det støtt var glede og aldri sorg. Der syntest han det skulle vere gildt å ta inn – og så blei han verande der. Det var slik dans og drikk og lyst og herlegdom at han reint gløymde fuglen og fjøra og far sin og reisa og heile riket. Borte var han og borte blei han.

Neste året skulle mellomste kongssonen gjete opp epletjuven i hagen. Ja, han sette seg under treet, han også, då eplet tok til å modnast. Men rett som det var, kom gullfuglen ei natt og skein som ei sol, og guten blei så redde at han la på sprang og sette inn att det fortaste han vann.

Om morgonen var eplet borte. Men då var kongssonen blitt modig att, og ville av garde og sjå om han kunne finne fuglen. Ja, han tok til å niste seg ut, og kongen rusta han vel og sparte verken på klede eller pengar.

Men så gjekk det han like eins som broren: Då han hadde reist eit stykke, blei han svolten, tok opp skreppa si og sette seg til å halde dugurd utmed vegen. Så kom det ein rev ut av eit granholt og sette seg og såg på.

"Kjære, gi meg litt mat, du!" sa reven.

"Eg gir deg brent horn, eg!" sa kongssonen. "Eg kan trenge maten min sjølv. Ingen kan vite kor langt og kor lenge eg skal fare", sa han.

"Det var så, det", sa reven, og så gjekk han til skogs igjen.

Då kongssonen hadde ete og kvilt seg ei stund, gav han seg på vegen att. Langt om lenge kom han til byen og vertshuset der det støtt var glede og aldri sorg, og der syntest han også det skulle vere godt å vere. Den første han trefte, det var broren, og så blei han der. Broren hadde tura og svira så han nesten ikkje hadde klede på kroppen, men no tok dei til på ny frisk, og det blei slik dans og drikk og lyst og herlegdom at den andre også gløymde fuglen og fjøra og far sin og reisa og heile riket. Borte var han og borte blei han, han også.

Lite epletre

Då det lei til at eplet skulle bli modent att, skulle den yngste kongssonen ut i hagen og gjete opp epletjuven. Han fekk med seg ein kamerat som skulle hjelpe han opp i treet, og tok med ein øldunk og ein kortleik til tidsfordriv så han ikkje skulle sovne av. Rett som det var, skein det som ei sol så dei såg kvar fjør på fuglen lenge før fuglen rakk fram. Kongssonen til å klyve opp i treet, og i det same gullfuglen slo ned og tok eplet, ville han gripe han. Men han fekk berre ei fjør frå stjerten på han. Så gjekk han inn i kammerset der kongen låg og sov, og då han kom inn med fjøra, blei det så lyst som klare dagen.

Så ville han også ut på vidåtta [2] og prøve om han kunne få spora opp brørne sin og fange fuglen, for han hadde då vore så nær at han hadde bite merke i han og fått ei fjør av stjerten på han, sa han. Ja, kongen gjekk lenge og grunda på om han skulle la han reise. Det var von til det ikkje gjekk betre med han som var yngst enn det hadde gått med dei to eldste, som skulle ha meir forstand på verda, og han var redd han skulle miste han også. Men kongssonen bad så vakkert, og så fekk han då lov til sist. Så nista han seg ut, og kongen rusta han vel både med klede og pengar, og så la han i veg.

Då han hadde reist eit stykke, blei han svolten og tok opp skreppa si og sette seg til å halde dugurd, og rett som han var best i lag med det, kom det ein rev ut av eit granholt, og sette seg ved sida av han og såg på.

"Å kjære, gi meg litt mat, du!"

"Eg kunne vel trenge maten min sjølv", sa kongssonen, "for eg kan ikkje vite kor langt eg skal fare", sa han. "Men så mykje har eg alltids at eg kan gi det litt."

Då reven hadde fått eit stykke kjøt å bite i, så spurde han kongssonen kor han skulle. Ja, det fortalde han.

"Vil du lyde meg, så skal eg hjelpe deg så du har lykka med deg", sa reven.

Det lovde kongssonen, og så slo dei seg i lag. Dei reiste ei stund, til dei kom til byen og vertshuset der det støtt var glede og aldri sorg.

"Eg får nok gå utanom her, for det er så leitt med hundane", sa reven. Og så fortalde han kor brørne hans heldt til og kva dei tok seg til. "Går du inn der så kjem du ikkje lenger, du heller", sa han.

Kongssonen lovde det, og gav han handa på at han ikkje skulle gå inn der, og så tok dei kvar sin veg. Men då han kom til vertshuset og høyrde kva for spel og moro der var, så måtte han inn, det var ikkje å spørje om, og då han trefte brørne sine, blei det slikt oppstyr at han gløymde både reven og reisa og fuglen og faren sin. Men då han hadde vore der ei stund, kom reven – han hadde våga seg inn i byen likevel – og gløtta på døra og blunka til kongssonen og sa at no måtte dei i vegen. Så sansa kongssonen seg att, og så reiste dei av garde.

Då dei hadde gått ei tid, såg dei eit stort fjell langt borte. Så sa reven: "Tre hundre mil bakom det fjellet er det ei gullforgylt lind med gullblad, og i den linda sit gullfuglen som fjøra er frå."

Dit reiste dei saman. Som kongssonen skulle bort og ta fuglen, gav reven han nokre gilde fjør som han skulle bikke med i handa, for å lokke ned fuglen så han kom flygande og sette seg på handa hans. Men det sa reven, at linda måtte han ikkje røre, for det var eit stort troll som eigde ho. Og dersom kongssonen berre rørde den minste kvist, så kom trollet ut og drap han på flekken.

Nei, kongssonen skulle nok ikkje røre kvistar, sa han. Men då han hadde fått fuglen på handa, syntest han at han måtte ha ein kvist av linda. Det var ikkje å bede for, kvisten var så blank og så gild. Så tok han ein, berre ein ørliten ein. Men i det same kom trollet ut.

"Kven er det som stel linda mi og fuglen min?" skreik trollet, og var så sint at det spruta eldgneistar.

"Tjuv trur kvar mann stel", sa kongssonen, "men det blir ikkje hengt andre enn dei som ikkje stel rett", sa han. Trollet sa det var det same, og ville til å drepe han. Men kongssonen sa han fekk spare livet.

"Ja, ja", sa trollet, "kan du skaffe igjen den hesten som næraste grannen min har tatt frå meg, skal du sleppe med livet", sa han.

"Kor skal eg finne han då?" sa kongssonen.

"Å, han bur tre hundre mil bak det store fjellet som blånar i himmelsynet", sa trollet.

Kongssonen lovde han skulle gjere sitt beste. Men då han kom til reven, var ikkje reven mykje blid.

"No har du stelt deg ille", sa reven. "Hadde du lydt meg, så kunne vi vore på heimvegen no", sa han.

Dei måtte i vegen att, sidan det gjaldt livet og kongssonen hadde lovt det, og langt om lenge kom dei fram.

Men då han skulle inn og ta hesten, sa reven: "Når du kjem inn i stallen, så heng det mangfaldige munnbit på stallveggen, både av gull og av sølv. Dei skal du ikkje røre, for då kjem trollet ut og drep deg på timen. Men det styggaste du ser, det skal du ta."

Ja, det lovde kongssonen. Men då han kom inn i stallen, syntest han det var reint urimeleg, for det var nok av dei som var gilde. Og så tok han det blankaste han fann. Det var blankt som gull. Men i same blinken kom trollet ut så sint at det gneista av det.

"Kven er det som vil stele hesten min og bekselet mitt?! skreik han.

"Tjuv trur kvar mann stel", sa kongssonen, "men det blir ikkje andre hengt enn dei som ikkje stel rett", sa han.

"Ja, det er det same, eg drep deg på flekken", skreik trollet.

Kongssonen meinte han fekk spare livet.

"Ja, ja", sa trollet, "kan du skaffe meg tilbake den herlege jomfrua som næraste grannen min har tatt frå meg, så skal eg spare deg."

"Kor bur han då?" spurde kongssonen.

"Å, han bur tre hundre mil bak det store fjellet som blånar i himmelsynet", sa trollet.

Ja, kongssonen lovde han skulle hente jomfrua, så fekk han lov å gå, og slapp med livet. Men då han kom ut att, var reven ikkje blid, må vite.

"No har du stelt deg ille att", sa reven. "Hadde du lydt meg, kunne vi ha vore på heimvegen for lenge sidan. No trur eg mest ikkje eg vil vere med deg lenger."

Men kongssonen bad så inderleg vakkert og lovde at han aldri skulle gjere anna enn den reven sa, om han ville slå følge med han. Til sist gav reven seg, og dei blei vennar og vel forlikte. Så la dei i vegen att, og langt om lenge kom dei dit den herlege jomfrua var.

"Ja", sa reven, "du har nok lovt godt, men eg tør ikkje sleppe deg inn til trollet likevel. Denne gongen får eg gå sjølv", sa reven. Så gjekk han inn, og om ei lita stund kom han ut att med jomfrua, og så reiste dei same vegen tilbake som dei var komne.

Då dei kom til trollet som hadde hesten, tok dei både hesten og det gildaste bekselet, og då dei kom til trollet som hadde linda og fuglen, så tok dei både linda og fuglen og reiste med.
Som dei hadde reist slik ei stund, kom dei til ein rugåker. Så sa reven: "Eg høyrer ein dur; no får du reise aleine; eg vil bli her ei stund eg", sa han. Så fletta han på seg ein kledning av rughalm, og så blei han liksom éin som stod der og preika. Rett som det var, kom alle tre trolla farande og tenkte dei skulle nå dei igjen.

"Har du sett éin som har reist med ei herleg jomfru, med ein hest med gullbeksel, med ein gullfugl, og ei gullforgylt lind?" skreik dei til han som stod der og preika.

"Ja, det har eg høyrt av mormor til mormor mi, at det har fare slik ei ferd her. Men det var i den gamle gode tida, då mormor hennar mormor bakte kronekaker og gav to for krona, og krona igjen."

Då slo alle trolla latterdøra opp på vid vegg: "Ha, ha, ha ha!" sa dei og heldt på kvarandre. "Har vi sove så lenge, så kan vi gjerne snu nasen heim og legge oss", sa dei, og så reiste dei same vegen tilbake.

Reven la av garde etter kongssonen, men då dei kom til byen med vertshuset og brørne hans, så sa reven: "Eg tør ikkje gå gjennom byen for hundane. Eg må gå min eigen veg ovanfor. Men no må du akte deg vel så ikkje brørne dine får tak i deg."

Men då kongssonen kom inn i byen, syntest han det var altfor ille om han ikkje skulle sjå inn til brørne sine og tale eit ord med dei, og så hefta han litt der. Men då brørne fekk sjå han, kom dei ut og tok frå han både jomfrua og hesten og fuglen og linda og alt i hop, og han sjølv stappa dei i ei tønne dei kasta på sjøen. Og så reiste dei med jomfrua og hesten og fuglen og linda, med alt saman, heim til kongsgarden. Men jomfrua ville ikkje snakke, og blei bleik og ussel å sjå på. Hesten blei så mager og elendig at han mest ikkje hang saman. Fuglen tagde still og skein ikkje meir, og linda visna.

Imens gjekk reven utanfor byen og luska og venta på kongssonen og den herlege jomfrua, og undra seg på korfor dei ikkje kom. Han gjekk både hit og dit og venta og stunda, og til sist kom han ned til stranda. Då han fekk sjå tønna som låg ute på sjøen og dreiv, ropte han: "Rek du der, du tomtønne?"

"Å, det er meg", sa kongssonen ute i tønna.

Reven svømte ut i sjøen det fortaste han vann, fekk tak i tønna og drog ho til lands. Så tok han til å gnage på tønnebanda, og då han hadde fått dei av, sa han til kongssonen: "Spark og spenn!"

Kongssonen sparka, slo og spente så kvar stav sprang for seg, og hoppa ut av tønna. Så gjekk dei til kongsgarden i følge, og då dei kom dit, blei jomfrua vakker igjen og tok til å tale. Hesten blei så feit og vakker at det glinsa i kvart hår. Fuglen skein og song. Linda tok til å blomstre og blinke med blada, og jomfrua sa: "Der er han som frelste oss."

Linda sette dei i hagen, og den yngste kongssonen skulle ha kongsdottera, for det var ho. Men dei to eldste brørne la dei i kvar si spikartønna og rulla dei utover eit brattberg.

Så laga dei til bryllaup. Men først sa reven til kongssonen at han skulle legge han på hoggestabben og hogge hovudet av han. Og enda kongssonen lét vel og ille, så hjelpte det ikkje, han måtte til. Men med det same han hogg, blei reven til ein vakker prins. Han var bror til kongsdottera som dei hadde fridd ut frå trollet. Så stod det bryllaup, og det både stort og gildt, og dei feira så det spurdest like hit.

Ord

  1. dugurd, dagverd: før var det måltid mellom morgonmat og middag (lunsj).
  2. vidåtte: vid, open mark, stor landvidd. Vere på vidåtta: kome på vidvanke, vere utanfor.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]