![]() |
Asbjørnsen og Moe
| ||||||||||||||||||||
|
HerremannsbrudaDet var ein gong ein rik kakse som åtte ein stor herregard, og sølv hadde han på kistebotnen og pengar på rente. Men noko var det som mangla, for han var enkjemann. Ein dag var dottera frå grannegarden hos han på arbeid. Henne likte herremannen rett godt, og sia ho var fattigfolks barn, tenkte han at når han berre klunka på gifting, så måtte ho slå til med det same. Så sa han til henne at han var komen i tankar om å gifte seg att. "Ja, ja, ein kan kome på så mykje," sa jenta, ho stod der og smålo og tenkte den gamle styggen kunne ha funne på det som høvde betre for han enn å gifte seg. "Ja, det var meininga at du skulle bli kona mi då," sa herremannen. "Nei, elles mange takk! Var det likt seg det," meinte ho. Herremannen var ikkje vant til å høyre nei, og dess meir ugjerne ho ville ha han, dess meir oppsett blei han på å få henne. Då han likevel ikkje kom nokon veg med jenta, sende han bod etter far hennar og sa til han at kunne han lage det så at han fekk henne, så skulle han få det jordstykket som låg opptil enga hans. Ja, han skulle nok få rett på dottera, meinte faren. Ho var berre barnet og skjøna ikkje sitt eige beste, sa han. Men alt han snakka med dottera, både vel og ille, så hjelpte det ikkje. Ho ville ikkje ha herremannen om han så sat i malt gull til opp under øyra, sa ho. Herremannen venta dag etter dag, men så blei han harm og utolmodig til sist. Så sa han til far til jenta at om han skulle stå ved det han hadde lovt, så fekk han slå eit slag i saka no; for han ville ikkje vente lenger. Mannen visste ikkje anna råd, sa han, enn at herremannen fekk lage alt i stand til bryllaups, og når presten og bryllaupsfolket var komne, så fekk han sende bod etter jenta, som om det var eit arbeid ho skulle vere med på. Og når ho kom, måtte ho bli vigd i ei snarvending så ho ikkje fekk tid til å tenkje seg om. Denne syntest herremannen var både godt og vel, og så lèt han bryggje og bake og lage til bryllaups så det hadde god skikk. Då gjestebodsfolket var kome, ropte herremannen på ein av gutane sine og sa han skulle stryke ned til grannemannen sør i garden og be han skikke det han hadde lovt. "Men er du ikkje her igjen på flyande flekken," sa han og hytta med neven, "så skal vel -!" Meir fekk han ikkje sagd, for guten sette av stad som han var brent. "Eg skulle helse frå husbonden og be om det du har lovt han," sa guten til mannen sør i garden. "Men det måtte vere på raude rappen, for han har det farleg brått i dag," sa han. "Ja, ja, spring ned i enga og ta henne med deg, der går ho," sa grannemannen. Guten av stad. Då han kom ned i enga, gjekk dottera der og raka. "Eg skulle hente det som far din har lovt husbonden, " sa guten. "Hå, hå, lur meg der!" tenkte ho. "Nei, skal du det?" sa ho. "Det er vel den vesle blakke merra vår det? Du får gå bort og ta henne. Ho står tjora på den andre sida av erteåkeren," sa jenta. Guten kasta seg på ryggen av den vesle blakke og rei heim i fullt firsprang. "Fekk du henne med deg?" sa herremannen. "Ho står nede ved døra," sa guten. "Så lei henne opp på kammerset etter mor," sa herremannen. "Kjære vene, korleis skal det gå til?" sa guten. "Du berre gjer som eg seier, du," sa herremannen. "Maktar du henne ikkje åleine, så får du få hjelp," sa han; han tenkte jenta kunne slå seg ugrei. Då guten såg fjeset på herremannen, så visste han det ikkje nytta å seie imot der i garden. Han ned, og fekk med alle dei husmennene som var der. Somme drog i framdelen, og somme skuva på bak, og så fekk dei endeleg merra opp trappene og inn på kammerset. Der låg brudestasen ferdig. "No har eg gjort den òg, husbond," sa guten; "men det var eit farleg strev, det verste eg har vore med på her på garden." "Ja, ja, du skal ikkje ha gjort det for ingen ting," sa husbonden. "Send så kvinnfolka opp til å pynte henne." "Nei men kjære vene då!" sa guten. "Ikkje noko prat! Dei skal pynte henne og verken gløyme krans eller krone," sa husbonden. Guten ned i kjøkkenet. "Høyr no jenter," sa han, "No skal de opp og pynte den vesle blakke til brud. Husbonden vil nok gi gjestebodsfolket noko å flire av." Ja, jentene hengde på den vesle blakke alt det dei hadde, og så gjekk guten ned og sa at no var ho ferdig, og det både med krans og krone. "Godt og vel, kom med henne!" sa husbonden; "eg skal sjølv ta imot henne i døra," sa han.
Det ramla svært i trappene; for ho steig ikkje ned i silkesko, den bruda. Men då døra gjekk opp og herremannsbruda kom inn i storstuesalen, var det ikkje fritt for det blei knis og flir. Og herremannen var så vel fornøgd av den bruda at dei sa han ikkje fridde oftare.
Veslefrikk med felaDet var ein gong ein husmann som hadde ein einaste son, og den guten var skrøpeleg og hadde måteleg helse så han ikkje orka å gå på arbeid. Han heite Frikk, og liten var han også. Så kalla dei han Veslefrikk. Heime var det lite både å bite og bryte, så gjekk far hans ut på bygda og ville leige han bort til gjetar eller visargut. Men det var ingen som ville ha guten hans før han kom til lensmannen. Han ville ta han, for han hadde nyleg jaga visarguten sin, og det var ingen som ville til han, for han hadde ord for å vere ein skarv. Det var betre noko enn ikkje noko, tenkte husmannen. Sonen fekk då maten, for hos lensmannen skulle han tene for kosten. Lønn og klede blei det ikkje tala om. Men då guten hadde vore der i tre år, ville han reise, og då gav lensmannen han heile lønna med éin gong. Han skulle ha tjue kroner for året. Og mindre kunne det ikkje vere, sa lensmannen. Så fekk guten tre tjuekronarar i alt. Veslefrikk syntest det var store pengar, for han hadde aldri ått så mykje. Men han spurde om han ikkje skulle ha noko meir. "Du har fått meir enn du skal ha," sa lensmannen. "Skal eg ikkje ha noko til klede då?" sa Veslefrikk. "Det eg hadde då eg kom hit, har eg slite av meg, og eg har ikkje fått noko att." No var han så fillete at fillene hang og slang om han, sa han. "Når du har fått det vi var forlikte om, og tre tjuekronarar attpå, så har eg ikkje meir med deg," sa lensmannen. Men guten skulle då få lov til å gå ut i kjøkkenet og få litt mat i nisteskreppa si, og så gjekk han av stad langsetter byvegen og skulle kjøpe klede. Han var både lystig og glad, for han hadde aldri sett ein tjuekronar før, og rett som det var så kjende han etter om han hadde dei alle tre. Då han hadde gått langt og lenger enn langt, var han komen inn i ein trong dal med høge fjell på alle kantar så han ikkje syntest det var nokon veg til å kome fram. Han tok til å undrast på kva som kunne vere på andre sida av desse fjella, og korleis han skulle kome over. Men han måtte opp, og så la han i veg. Han orka lite og måtte stundom kvile, og då rekna han etter kor mange pengar han hadde. Då han kom opp på det høgaste, var det ikkje anna enn ei stort moseslette. Der sette han seg og skulle sjå om han hadde tjuekronene sine igjen, og før han visste av det, kom det til han ein fattigmann, og han var så stor og lang at guten sette i å skrike då han riktig fekk sjå kor stor og lang han var. "Ver ikkje redd du," sa fattigmannen, "eg gjer deg ikkje noko, eg ber berre om ein tjuekronar i Guds namn!" "Bere meg," sa guten, "eg har berre tre tjuekronarar, og dei skulle eg til byen og kjøpe klede for," sa han. "Det er verre for meg enn for deg," sa fattigmannen; "eg har ingen pengar, og eg er enda meir fillete enn du." "Ja, så får du få den då," sa guten. Då han hadde gått ei stund, blei han trøytt og sette seg til å kvile igjen. Då han såg opp, så var det ein fattigmann der igjen, men han var enda større og styggare enn den første, og då guten retteleg fekk sjå kor stygg og lang han var, så sette han i å skrike. "Ver ikkje redd for meg, eg gjer deg ikkje noko, eg ber berre om ein tjuekronar i Guds namn," sa fattigmannen. "Bere meg så sant," sa guten; "eg har berre to tjuekronarar, og dei skal eg til byen og kjøpe klede for. Hadde eg møtt deg før, så -." "Det er verre for meg enn for deg," sa fattigmannen; "eg har ingen pengar og større kropp og mindre klede." "Ja, så får du få den då," sa guten. Så gjekk han ei stund att til han blei trøytt, og så sette han seg og kvilte. Då han vel hadde sett seg, kom det til han ein fattigmann igjen. Men han var så stor og stygg og lang at guten såg oppetter og oppetter til han såg like til himmels, og då han retteleg fekk sjå kor stygg og fillete han var, sette han i å skrike. "Ver ikkje redd for meg du, guten min," sa mannen; "eg gjer deg ikkje noko, for eg er berre ein fattigmann som ber om ein tjuekronar i Guds namn." "Bere meg, så sant," sa Veslefrikk, "eg har berre éin tjuekronar att, og den skal eg til byen og kjøpe klede for. Hadde eg møtt deg før, så -" "Ja, eg har ingen pengar eg, og større kropp og mindre klede, så det er verre for meg enn for deg," sa fattigmannen. Så fekk han få tjuekroningen då, sa Veslefrikk. Det var inga råd for det. Så hadde kvar sin og han hadde ingen. "Sia du har slikt eit godt hjertelag at du har gitt bort alt det du åtte," sa fattigmannen, "så skal eg gi deg eit ønske for kvar tjuekronar." - det var det same fattigmannen som hadde fått dei alle tre. Han hadde berre skapt seg om for kvar gong så guten ikkje kunne kjenne han att. "Eg har støtt hatt slik hug til å høyre fela låte og sjå at folk var så lystige og glade at dei dansa," sa guten. "Så får eg ønskje det eg vil, så vil eg ønskje meg ei fele som er slik at alt som har liv, må danse etter den," sa han. Det skulle han få, men det var eit skrøpeleg ønske, sa fattigmannen. "Du får ønske betre for dei andre tjuekronarane." "Eg har støtt hatt slik hug til å jakte og skyte," sa Veslefrikk, "så får eg ønskje det eg vil, så vil eg ønskje ei børse som er slik at eg treffer alt eg siktar etter, om det er aldri så langt borte." Det skulle han få, men det var eit skrøpeleg ønske, sa fattigmannen. "Du får ønske betre for den siste skillingen." "Eg har støtt hatt hug til å vere i lag med folk som var snille og godhjerta," sa Veslefrikk, "så fekk eg det som eg ønskjer, ville eg ha det slik at ingen kan nekte meg det første eg ber om." "Det ønsket var ikkje så skrøpeleg," sa fattigmannen, og så strauk han inn mellom haugane og blei borte. Guten la seg til å sove, og neste dagen kom han ned av fjellet med fela og børsa si. Først gjekk han til landhandlaren og bad om klede, og på ein bondegard bad han om ein hest, og på ein annan bad han om slede, og ein stad bad han om ei lòden skinnkufte, og det var ikkje nei å få for han. Om det var aldri så store gjerrigknarkar, måtte dei gi han det han bad om. Til sist reiste han gjennom bygda som ein staseleg storkar og hadde både hest og slede. Då han hadde reiste eit stykke, møtte han lensmannen som han hadde tent hos. "God dag, husbond," sa Veslefrikk med fela, han stansa og helste. "God dag," sa lensmannen; "har eg vore husbonden din?" spurde han. "Ja, kjem du ikkje i hug at eg tente hos deg i tre år for tre tjuekronarar?" sa Veslefrikk. "Du verda, så du har kome deg i ei hast då," sa lensmannen. "Korleis har det gått til, at du er blitt slik ein storkar?" "Å, det var no så det," sa den vesle. "Er du så lystig at du fer med fele også?" sa lensmannen. "Ja, eg har støtt hatt hug til å få folk til å danse," sa guten; "men det gjævaste eg har, er denne børsa her," sa han; "for det fell mest alt det eg peikar på den med, om det er aldri så langt borte. Ser du den skjora som sit i grana der borte?" sa Veslefrikk. "kva setter du på at eg knip den her vi står?" sa han. Det ville lensmannen gjerne setje hest og gard og hundre dalar på at han ikkje var god for. Men han enda med å setje alle pengane han hadde på seg, og skjora skulle han hente når den fall; for han trudde aldri det var råd å rekkje så langt med noka børse. Men med det same det small, datt skjora ned i eit stort klungerkjerr, og lensmannen strauk bort oppi kjerret etter den, og tok den opp og gav den til guten. I det same la Veslefrikk til å stryke på fela, og lensmannen til å danse så tornane sleit i han. Guten spela og lensmannen dansa og gret og bad for seg til fillene fauk av han og han nesten ikkje hadde ein tråd på seg. "Ja, no tenkjer eg du er så fillete som eg var då eg reiste frå tenesta hos deg," sa guten, "så no får du sleppe med det." Men først måtte lensmannen gi han det han hadde vedda på at guten ikkje skulle treffe skjora. Då guten kom til byen, tok han inn på eit vertshus. Han spela og dei som kom dit dansa, og han levde både lystig og vel. Det var inga sorg for han, for ingen kunne seie nei til det første han bad om. Men som dei var i beste leiken, kom vektarane og skulle dra guten på rådstova. Lensmannen hadde klaga over han og sagt at han hadde overfalle han og plyndra han og nesten teke livet av han, og no skulle han hengjast - det var ikkje å be for. Men Veslefrikk hadde råd for all uråd han, og det var fela. Han tok til å spele på den, og så måtte vektarane danse til dei låg der og gapte. Så sende dei soldatane og vakta i vegen. Men det gjekk ikkje betre enn med vektarane; då Veslefrikk fekk fram fela, måtte dei til å danse så lenge han orka å få den til å låte, men dei var utkøyrte lenge før. Til sist lurte dei seg på han og tok han mens han sov om natta. Og då dei hadde fått han, blei han dømt til å hengjast straks, og det bar av stad til galgen med det same. Det stimla saman ei mengd folk som skulle sjå dette vedunderet. Lensmannen var også med, og han var så sjeleglad for han skulle få att for pengane og skinnet sitt og få sjå at dei hengde han. Men det gjekk ikkje fort, for Veslefrikk var skrøpeleg til å gå, og skrøpelegare gjorde han seg. Fela og børsa drog han med seg også: ingen klarte å få frå han dei. Og då han kom til galgen og skulle klatre opp på stigen, kvilte han for kvart trinn. På det øvste sette han seg og spurde om dei kunne nekte han eit ønske, om han ikkje kunne få lov til éin ting: han hadde slik lyst til å spele ein låt og leike ein leik på fela før dei hengde han. Nei, det var både synd og skam å nekte han det, sa dei; det var ikkje nei til det han bad om. Men lensmannen bad for Guds skuld at dei ikkje skulle la han få lov til å klunke på ein streng, elles var det ute med dei alle saman. Skulle guten ha lov til å spele, måtte dei binde han til den bjørka som stod der. Veslefrikk var ikkje sein om å få fela til å låte, og alle som var der, til å danse, både dei som gjekk på to og dei som gjekk på fire, både prost og prest, skrivar og fut, og lensmann og meistermann og bikkjer og svin. Dei dansa og lo og skreik om kvarandre. Somme dansa til dei låg som døde, somme dansa til dei datt i svime. Galt gjekk det med dei alle; men verst gjekk det med lensmannen, for han stod surra fast til bjørka og dansa og skura store stykke av ryggen sin på den. Det var ikkje nokon som tenkte på å gjere noko med Veslefrikk. Han fekk gå med børsa og fela si som han ville, og han levde vel alle sine dagar, for det var ingen som kunne seie nei til det første han bad om. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 20082009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||