Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

THEODOR KITTELSEN. SORIA MORIA. Lett modifisert.

Det var ein gong eit par folk som hadde ein son, og han heitte Halvor. Like frå han var smågut, ville han aldri ta seg til noko, men sat berre og raka i oska. Foreldra sette han bort i mang slags lære, men Halvor stansa ikkje nokon stad. For når han hadde vore borte i nokre dagar, rømde han frå læra, sprang heim og sette seg i grua for å grave i oska att. Men så kom ein gong ein skipper og spurde Halvor om han ikkje hadde lyst til å bli med han og fare til sjøs og sjå framande land. Ja, det hadde Halvor lyst til, og det tok ikkje lang tid før han var klar til å dra.

Langt om lenge kom det ein sterk storm, og då han var over og det blei stilt att, visste dei ikkje kor dei var. Dei hadde drive opp mot ein framand kyst som ingen av dei var kjent på.

Då det var så stilt at det ikkje rørde seg ei fjør, blei dei liggande her, og Halvor bad skipperen om han fekk lov å gå i land og sjå seg om, for han ville heller gå enn ligge og sove.

"Synest du du kan vise deg for folk", sa skipperen, "du har jo ikkje anna til klede enn dei fillene du står og går i."

Halvor blei ved sitt han, og så fekk han då lov til slutt, men han skulle komme att når det bles opp. Så gjekk han då, og det var eit vakkert land. Overalt han kom fram, var det store sletter med åkrar og enger, men folk såg han ikkje. Så tok det til å blåse, men Halvor syntest ikkje han hadde sett nok enno, og han ville gjerne gå litt lenger for å sjå om han ikkje kunne finne folk. Etter ei stund kom han på ein stor veg som var så jamn at ein gjerne kunne trille eit egg på han. Denne vegen gjekk no Halvor etter, og då det lei på kvelden, såg han eit stort slott langt borte. Det lyste ut av slottet. Han hadde gått heile dagen og ikkje hatt noko vidare niste med seg heller, og han var dyktig svolten, men dess nærare han kom til slottet, dess reddare blei han også.

I slottet brann det på varmen, og Halvor gjekk inn i kjøkkenet, som var så gildt at han aldri hadde sett så gildt eit kjøkken. Der var kjørel både av gull og sølv, men folk var der ikkje. Då Halvor hadde stått ei stund og ingen kom ut, gjekk han bort og lukka på ein dør. Der inne sat ei kongsdotter og spann på ein rokk.

"Nei, nei då!" ropte ho, "tør det komme folk hit? Men det er nok best du går att dersom ikkje trollet skal sluke deg, for her bur eit troll med tre hovud."

"Eg er like glad om han hadde fire òg, for eg har lyst til å sjå den karen", sa guten, "og eg går ikkje, eg har ikkje gjort noko vondt. Men mat får du gi meg, for eg er fælt svolten."

Då Halvor hadde ete seg mett, sa kongsdottera til han at han fekk prøve om han kunne svinge sverdet som hang på veggen. Nei, han kunne ikkje svinge det, han kunne ikkje lyfte det eingong.

"Ja", sa kongsdottera, "så får du ta deg ein slurk av den flaska som heng ved sida, for det gjer trollet når han skal ut og bruke sverdet."

Halvor tok seg ein slurk, og straks kunne han svinge sverdet som ingen ting. No skulle trollet komme tidsnok, meinte han.

Rett som det var, kom trollet susande. Halvor bakom døra.

"Huttetu! her luktar manneblod!" sa trollet, og sette hovudet inn gjennom døra.

"No vel", sa Halvor, og hogde alle hovuda av det.

Kongsdottera blei så glad for at ho var frelst at ho både dansa og song. Men så kom ho til å tenke på søstrene sine, og så sa ho: "Gi no søstrene mine også var frelst!"

"Kor er dei?" spurde Halvor.

Ja, så fortalde ho det. Den eine var tatt inn av eit troll på eit slott som var seks mil borte, og den andre var tatt inn på eit slott som var ni mil bortanfor det igjen.

"Men no", sa ho, "må du først hjelpe meg å få ut dette skroget [1] her."

Ja, Halvor var så sterkt at han subba allting bort og gjorde det ryddig og reint i ein fei.

Så levde han godt og vel, og neste morgon la han av stad i grålysninga. Han hadde inga ro på seg, han gjekk og han sprang heile dagen. Då han fekk sjå slottet, blei han litt redd igjen. Det var mykje gildare enn det andre, men heller ikkje her var det eit menneske å sjå. Så gjekk Halvor inn i kjøkkenet, og han stansa ikkje der heller, men gjekk like inn.

"Nei, tør dei komme folk hit då?" ropte kongsdottera. "Eg veit ikkje kor lenge det er sidan eg kom hit, men i all den tida har eg ikkje sett eit menneske. Det er nok best du ser å komme av stad att, for her bur det eit troll som har seks hovud."

"Nei, eg går ikkje", sa Halvor, "om han så hadde seks til."

"Han tar og sluker deg levande", sa kongsdottera.

Men det hjelpte ikkje: Halvor ville ikkje gå, han var ikkje redd for trollet. Men mat og drikke ville han ha, for han var svolten etter reisa.

Ja, han fekk så mykje han ville ha, men så ville kongsdottera ha han til å gå att.

"Nei", sa Halvor, "eg går ikkje, for eg har ikkje gjort noko vondt, og eg har ikkje noko å vere redd for."

"Han spør ikkje etter det", sa kongsdottera, "for han tar deg utan både lov og rett. Men sidan du ikkje vil gå, så prøv om du kan svinge det sverdet som trollet bruker i krigen."

Han kunne ikkje svinge sverdet, men så sa kongsdottera at han skulle ta seg ein slurk av flaska som hang ved sida av det. Og då han hadde gjort det, kunne han svinge det.

Rett som det var, så kom trollet. Det var så stort og digert at det måtte gå sidelengs for å komme inn gjennom døra. Då trollet fekk det første hovudet inn, så ropte det: "Huttetu! her luktar manneblod!" Med det same hogde Halvor av det første hovudet, og så alle dei andre. Kongsdottera blei så glad at ho ikkje visste kva for bein ho skulle stå på. Men så kom ho til å tenke på søstrene sine, og så ønskte ho at dei også var frelst. Halvor meinte det kunne nok bli råd til det, og ville av stad straks. Men først måtte han no hjelpe kongsdottera med å få bort kroppen av trollet, og så gav han seg på veg den andre morgonen.

Det var langt til slottet, og han både gjekk og sprang for å komme fram i tide. I kveldinga fekk han sjå slottet, og det var mykje gildare enn dei andre to. No var han nesten ikkje det grann redd, men gjekk gjennom kjøkkenet og like inn. Der sat ei kongsdotter som var så vakker at det ikkje var måte på det.

Ho sa no like eins som dei andre at der ikkje hadde vore folk sidan ho kom der, og bad han gå att, for elles slukte trollet han levande. Det hadde ni hovud, sa ho.

"Ja, om det har ni til dei ni, og enda ni til, så går eg ikkje", sa Halvor og gav seg til å stå ved omnen.

Kongsdottera bad han så vakkert at han skulle gå, men Halvor heldt fram med sitt, han, og sa: "La han komme når han vil."

Så gav ho han trollsverdet og bad han ta seg ein slurk av flaska så han kunne svinge det.

Rett som det var, kom trollet så det suste av det. Det var enda større og digrare enn begge dei andre to, og det måtte også gå sidelengs for å komme inn gjennom døra. "Huttetu! her luktar manneblod", sa det. Med det same hogde Halvor av det første hovudet, og sidan alle dei andre. Men det siste var seigt, og å få det av var det tyngste arbeidet Halvor nokon gong hadde gjort, enda han nok syntest han skulle ha krefter også.

No kom alle kongsdøtrene saman på slottet, og dei var så glade som dei aldri hadde vore i all si tid. Og dei var glad i Halvor og han i dei, og han kunne få den av dei han best kunne like, men den yngste var mest glad i han av alle tre.

Halvor gjekk der og var så rar av seg, han var så stur og stille. Så spurde kongsdøtrene han kva det var han stunda etter, og om han ikkje likte å vere hos dei. Jo, det likte han nok, for dei hadde jo nok å leve av, og han hadde det godt og vel på alle måtar, men han stunda slik heim, for han hadde foreldre i live, og dei hadde han slik hug til å sjå att.

Det meinte søstrene godt kunne la seg gjere. "Du skal komme uskadd både fram og tilbake dersom du vil lyde rådet vårt", sa kongsdøtrene.

Ja, han skulle ikkje gjere anna enn det dei ville. Så kledde dei han opp så han blei så gild som ein kongsson, og så sette dei ein ring på fingeren hans, og ringen var slik at han kunne ønske seg både fram og tilbake med han. Men dei sa han måtte ikkje kaste han bort, og ikkje nemne namna deira, for så var det slutt på heile herlegdommen, og då fekk han aldri sjå dei meir.

"Gi eg no var heime, og heime var her!" sa Halvor, og så som han hadde ønskt, gjekk det også: Han stod utanfor stua hos foreldra sine før han visste ord av det. Det var i mørkninga om kvelden, og då dei såg det kom inn ein slik gild, staseleg framandkar, blei dei reint forfjamsa og tok til både å bukke og neie.

Halvor spurde om han ikkje kunne bli der og få hus natta over.

Nei, det kunne han slett ikkje. "Vi har det ikkje slik", sa dei, "vi har verken det eine eller det andre som ein sånn herre kan vere tent med. Men det er best han går opp på garden. Det er ikkje lange stykket, han kan sjå skorsteinspipa herifrå – der har dei fullt opp av allting."

Halvor var ikkje mykje for det, han ville bli. Men folka blei ved sitt, at han skulle gå opp til garden, for der kunne han få både mat og drikke, mens dei ikkje hadde ein stol å by han å sitte på eingong.

"Nei", sa Halvor, "der opp vil eg ikkje før i morgon tidleg. La meg no få vere her i natt. Eg kan då få sitte i peisen [2]."

Det kunne dei då ikkje seie noko imot, og så sette Halvor seg i peisen og til å grave i oska, slik som han gjorde då han låg heime og lata seg.

Dei snakka om mangt og mykje og fortalde Halvor både det eine og det andre, og så spurde han om dei aldri hadde hatt noko barn.

Jo, dei hadde hatt ein gut som heitte Halvor, men dei visste ikkje kor han vandra, og ikkje visste dei om han var daud eller levande heller.

"Kunne det ikkje vere meg då?" sa Halvor.

"Det veit eg visst", sa kona og letta på seg. "Han Halvor var så lat og doven at han aldri gjorde nokon verdens ting. Og så var han så fillete at den eine filla slo den andre i svime på han. Det kunne aldri blitt slik kar av han som du er, far."

Om litt skulle kona bort i peisen og rake i varmen, og då gloskinet lyste på Halvor, liksom då han var heime og kara [3] i oska, så kjende kona han att.

"Jammen er det du då, Halvor!" sa ho, og det blei slik glede på dei gamle foreldra at det ikkje var måte på det. No måtte han fortelje korleis det hadde gått han, og kona blei så glad i han at ho ville ha han opp på garden straks på timen og vise han fram for jentene, som alltid hadde vore så kaute på det.

Ho gjekk då føre og Halvor etter. Då ho kom der opp, fortalde ho at Halvor var kommen heim att, og no skulle dei berre sjå kor gild han var. Han såg ut som ein prins, sa ho.

"Det veit eg visst", sa jentene og slo på nakken, "han er vel den same fillefanten han alltid har vore."

I det same kom Halvor inn, og så blei jentene så forfjamsa at dei gløymde att serken [4] i peisen, der dei sat og loppa [5] seg, og flaug ut i berre stakken [6]. Då dei så kom inn att, var dei så skamfulle at dei nesten ikkje torde sjå på han Halvor, som dei alltid hadde vore så store og kaute imot før.

"Ja, de har no alltid syntest de var så fine og vakre, de, at ingen kunne vere dykkar like. Men de skulle berre sjå den eldste kongsdottera som eg har frelst", sa Halvor. "Mot ho ser de ut som gjetarjenter. Og den mellomste er enda vakrare. Men den yngste, som er kjærasten min, er vakrare enn både sol og måne. Gi dei berre var her, så skulle de sjå!" sa Halvor.

Han hadde ikkje før sagt det, før dei stod der. Men då blei han så ille ved, for no kom han i hug det dei hadde sagt. På garden blei det både heldt gjestebod for kongsdøtrene og gjort stas av dei, men dei ville ikkje bli der. "Vi vil ned til foreldra dine", sa dei til Halvor, "og så vil vi ut og sjå oss om." Han følgde då med dei. Så kom dei til eit stort vatn utanfor garden. Tett ved vatnet var det slik ein vakker grøn bakke. Der ville dei sitte og kvile ei stund, for dei syntest det var så vakkert å sitte og sjå utover vatnet, sa dei.

Dei sette seg der, og då dei hadde sete ei stund, sa den yngste kongsdottera: "Eg får vel lyske [7] deg litt eg, Halvor." Ja, Halvor la hovudet i fanget hennar. Så plukka ho lus av han, og det varte ikkje lenge før Halvor sov. No tok ho ringen av han og sette ein annan i staden, og så sa ho: "Hald no i meg som eg held i dykk – og gi vi så var på Soria Moria slott!"

Då Halvor vakna, kunne han nok skjøne han hadde mista kongsdøtrene, og sette i å gråte og bere seg. Han var så reint mistrøystig at dei slett ikkje kunne stagge han. Alt det foreldra bad han, ville han ikkje bli der, men tok farvel. Han sa at han visst aldri fekk sjå dei meir, for fann han ikkje kongsdøtrene att, syntest han ikkje det var verdt å leve.

Tre hundre dalar hadde han att. Dei tok han i lomma og gav seg på vegen. Då han hadde gått eit stykke, møtte han ein mann med ein skikkeleg hest. Den ville Halvor kjøpe, og tok til å tinge med mannen.

"Ja, eg har rett nok ikkje tenkt å selje han", sa mannen, "men om vi kunne bli forlikte så -"

Halvor spurde då kva han ville ha for hesten.

"Ikkje mykje har eg gitt for han, og ikkje mykje er han verdt heller. Det er bra hest å ri på, men til å dra duger han ikkje stort: Men alltid så orkar han nok matsekken din og deg også, om du går av og til", sa mannen.

Til sist blei dei forlikte om prisen, og Halvor la sekken sin på hesten. Så drog han. Stundom gjekk han og stundom rei han. Om kvelden kom han til ein grøn voll, og der stod eit stort tre som han sette seg under. Der sleppte han hesten, og han la seg ikkje til å sove, men tok fram matsekken sin. Då det lyste av dag, drog han av stad att, for han syntest ikkje han hadde noka ro på seg. Så gjekk og rei han heile dagen bortgjennom ein stor skog der det var mange grøne flekkar som lyste så vakkert bort mellom trea. Ikkje visste han kor han var, og ikkje visste han kor det bar, men han gav seg ikkje meir tid til å kvile enn kvar gong hesten fekk litt i seg og han sjølv fekk opp skreppa si når han kom til ein av dei grøne flekkane. Han gjekk og han rei, og aldri syntest han det blei nokon ende på skogen.

Men i mørkninga andre dagen såg han det lyste mellom trea. "Gi det no var folk oppe så eg kunne få varme meg og få litt å leve av!" tenkte Halvor.

Då han kom dit, så var det ei lita ussel stove. Gjennom ruta såg han eit par gamle folk der inne. Dei var så gamle og grå i hovudet som ei due, og kjerringa hadde ein nase så lang [8] at ho sat ved peisen og brukte nasen til glorake.

"God kveld!" sa Halvor.

"God kveld!" sa kjerringa. "Men kva for ærend har du då, som kjem hit?" sa ho. "Her har ikkje vore folk på over hundre år."

Ja, Halvor fortalde då at han skulle til Soria Moria slott, og spurde om ho kjende vegen dit.

"Nei", sa kjerringa, "men rett no kjem månen, så eg skal spørje han. Han veit det nok – han må vel sjå det, for han skin på allting."

Då månen stod lys og blank over tretoppane, gjekk kjerringa ut. "Du måne! du måne!" skreik ho, "kan du vise meg vegen til Soria Moria slott?"

"Nei", sa månen, "det kan eg ikkje, for den gongen eg skein der, stod det ei sky føre meg."

"Vent litt enno", sa kjerringa til Halvor, "rett no kjem vestavinden. Han veit det visst, for han gustar og blæs i kvar krok."

"Nei! nei! har du hest også du?" sa kjerringa, då ho kom inn att. "Å, slepp det stakkars krøtteret ut i hamnehagen, og la det ikkje stå her ved døra og svelte! Men vil du ikkje byte bort hesten til meg?" sa ho. "Vi har eit par gamle støvlar her, som du kan ta innpå fire mil i kvart steg med. Dei skal du få for hesten, så kjem du før til Soria Moria slott."

Det var Halvor straks villig til, og kjerringa var så glad i hesten at ho var ferdig til å danse, "for no kan eg komme til å ri til kyrkja, eg også", sa ho.

Halvor hadde inga ro på seg og ville straks av stad, men kjerringa sa det hadde inga hast. "Legg deg på krakken og sov litt, du, for noka seng har vi ikkje til deg", sa kjerringa. "Eg skal nok passe på når vestavinden kjem."

Rett som det var, så kom vestavinden durande så det peip og knaka i veggen. Kjerringa ut.

"Du vestavind! du vestavind! kan du seie meg vegen til Soria Moria slott? Her er éin som skal dit."

"Ja, den vegen veit eg vel", sa vestavinden, "No skal eg nettopp dit og tørke klede til bryllaupet som skal stå. Er han rask til beins, kan han vere med meg."

Halvor ut.

"Du får skunde deg, vil du ha følge", sa vestavinden, og av stad bar det langt bort over heier og åsar og fjell og fjøre, og Halvor hadde nok med å følge.

"Ja, no har eg ikkje tid til å vere med deg lenger", sa vestavinden, "for eg skal bort og rive ned ei strekning med granskog først, før eg kjem til bleikvollen og tørkar kleda. Men når du går langsmed åskanten, så kjem du til nokre jenter som står og vaskar klede, og då har du ikkje langt att til Soria Moria slott."

Ei stund etter kom Halvor til jentene som stod og vaska, og dei spurde om han ikkje hadde sett noko til vestavinden, for han skulle komme dit og tørke klede til bryllaupet. "Jo", sa Halvor, "han er berre borte og bryt ned ei strekning med granskog. Det varer ikkje lenge før han er her."

Og så spurde han dei om vegen til Soria Moria slott. Dei sette han då på vegen, og då han kom fram mot slottet, var det så fullt av hestar og folk at det yrte. Men Halvor var så fillete og sundriven av det han hadde følgt vestavinden både gjennom busker og kjerr, at han heldt seg avsides og ikkje ville gå fram før siste dagen, då dei skulle ete middag.

Då dei no som skikk og bruk var, skulle drikke brura ifrå jentelaget, og skjenkaren skulle skåle for dei alle saman, både brur og brudgom og riddarar og sveinar, så kom han då langt om lenge til Halvor også. Han drakk skåla, sleppte ringen som kongsdottera hadde sett på fingeren hans då han låg ved vatnet, oppi glaset, og bad skjenkaren helse brura og bere det fram til ho. Då stod kongsdottera opp frå bordet med éin gong. "Kven har vel best fortent å få ein av oss", sa ho, "han som har frelst oss eller han som sit brudgom?"

Det kunne det ikkje vere meir enn éi meining om, meinte alle, og då Halvor høyrde det, var han ikkje lenge om å få fantefillene av seg og pynte seg til brudgom.

"Ja, der er en rette!" ropte den yngste kongsdottera då ho fekk sjå han, og så viste ho frå seg den andre og heldt bryllaup med Halvor.

Ord

  1. skrog: kropp utan hovud; den opne kroppen til eit dyr, o.a.
  2. sitte i peisen: sitte på oppmura steinar nær eld og glør, der det er varmt.
  3. kare: krafse, rake, grave.
  4. serk: før: underplagg for kvinner.
  5. loppe seg: reinske seg for lopper.
  6. stakk: skjørt.
  7. lyske: plukke lus av, reinske for lus.
  8. lang nase: Akromegali er ein sjukdom hos vaksne. Blant symptoma er at nasen, leppene og tunga blir større, kroppshåra blir grove, og det blir meir kroppslukt. Det finst behandlingar.

Notar

Bonde Vêrskjegg

Det var ein gong ein mann og ei kone som hadde ein einaste son, og han heitte Hans. Kona syntest han burde ut og tene, og sa til mannen at han skulle reise med han. "Du skal skaffe meg han så god at han blir meister over alle meistrar", sa ho, og så la ho mat og ein tobakksrull i ein sekk til dei.

Ja, dei var hos mange meistrar, men alle sa dei kunne gjere guten så god som dei var sjølve, men betre kunne dei ikkje gjere han.

Då mannen kom heim til kona med det svaret, sa ho: "Ja, eg er like glad kva du gjer av han, men det seier eg, at du skal skaffe meg han til meister over alle meistrar."

Så la ho mat og ein tobakksrull i sekken att, og mannen og sonen måtte av garde.

Då dei hadde gått eit stykke, kom dei på ein is. Der møtte dei ein som kom køyrande med ein svart hest.

"Kor skal de hen?" sa han.

"Eg skulle ut og ha son min i lære til ein som var god til å lære han opp, for kona mi er kommen av så godt folk at ho vil ha han opplært til meister over alle meistrar", sa mannen.

"Det treffer ikkje ille", sa han som køyrde, "for det er eg kar for, og slik ein læregut reiser eg etter. Stå bakpå du", sa han til guten.

Så bar det av stad opp igjennom lufta med dei.

"Nei, nei, vent litt!" skreik far til guten. "Eg skulle ha visst kva du heiter og kor du bur?" sa han.

"Å, eg er heime både nord og sør og aust og vest, og Bonde Vêrskjegg heiter eg", sa meisteren. "Om eit år kan du komme att, så skal eg seie deg om han er blitt så god", sa han. Så bar det av stad med dei, og borte var dei.

Då året var ute, kom mannen og skulle høyre til sonen. "Det er ikkje gjort på eitt år å bli utlært", sa meisteren. "No har han lært å gå langsetter krakkane." Ja, så blei dei forlikte om at Bonde Vêrskjegg skulle ha han eitt år til og lære han opp heilt, så skulle mannen komme att.

Då året var gått, møttest dei på same staden att.

"Har han stått ut læra no?" spurde faren.

"No er han min meister, og no ser du han aldri att", sa Bonde Vêrskjegg, og før mannen retteleg sansa kor det blei av dei, var dei borte, både han og guten.

Då mannen kom heim, spurde kona om sonen ikkje kom, eller kor det blei av han.

"Å, Gud veit kor det blei av han", sa mannen, "det bar til vêrs", og så fortalde han korleis det hadde gått til.

Men då kona høyrde at mannen ikkje hadde greie på kor guten var, så sende ho han i vegen att. "Du skal hente guten, om du så skal ta han hos Gamle-Eirik sjølv!" sa ho, og gav han med ein matsekk og ein tobakksrull.

Då han hadde gått eit stykke, kom han til ein stor skog, og skogen rakk heile dagen, så langt han gjekk. Då det blei mørkt, fekk han sjå ei stor lysning. Så gjekk han etter ho. Langt om lenge kom han til ei lita stue under eit berg. Utanfor stua stod ei kjerring og heiste opp vatn av brønnen med nasen sin, så lang var nasen.

"God kveld, mor", sa mannen.

"God kveld att", sa kjerringa. "Ingen har kalla meg mor på hundre år", sa ho.

"Kan eg få overnatte her?" sa mannen.

"Nei", sa kjerringa.

Men så tok mannen opp tobakksrullen, brende litt, og gav kjerringa snus. Då blei ho så glad at ho tok til å danse, og så skulle mannen få bli der natta over. Rett som det var, spurde han etter Bonde Vêrskjegg. Ho visste ikkje noko om han, sa ho, men ho rådde over alle firføtte dyr, kanskje nokre av dei kunne vite om han. Så bles ho dei saman med ei pipe ho hadde og spurde dei ut, men det var ingen som visste noko om Bonde Vêrskjegg. "Ja, vi er tre søstrer", sa kjerringa, "kanskje ei av dei andre to veit kor han held til. Du skal få låne skyss av meg, så kjem du dit til kvelds, men tre hundre mil er det til den næraste."

Mannen reiste, og han rakk fram til kvelds. Då han kom fram, stod den kjerringa også og heiste opp vatn av brønnen med nasen sin.

"God kveld, mor", sa mannen.

"God kveld att", sa kjerringa. "No har ingen kalla meg mor på hundre år", sa ho.

"Kan eg få overnatte her?" sa mannen.

"Nei", sa kjerringa.

Men då tok mannen opp tobakksrullen, brende litt, og gav kjerringa snus på handbaken. Så blei ho så glad at ho tok til å danse, og så skulle mannen få lov til å bli der natta over. Rett som det var, spurde han etter Bonde Vêrskjegg. Nei, ho visste ikkje noko om han, men ho rådde over alle fiskane, sa ho, og kanskje nokon av dei kunne vite om han. Så bles ho dei saman med ei pipe ho hadde, og spurde dei ut. Men det var ingen som visste noko om Bonde Vêrskjegg. "Ja, eg har ei søster til", sa kjerringa, "kanskje ho kan vite noko om han. Ho bur seks hundre mil herifrå, men du skal få skyss av meg så kjem du dit til kvelds."

Mannen reiste, og han kom fram til kvelds, då kjerringa stod og kara varmen. Det gjorde ho med nasen sin, så lang var han.

"God kveld, mor", sa mannen.

"God kveld att", sa kjerringa. "No har ingen kalla meg mor på hundre år", sa ho.

"Kan eg få overnatte her?" sa mannen.

"Nei", sa kjerringa.

Men så tok mannen fram tobakksrullen igjen og til å brenne, og gav kjerringa heile handbaken full av snus. Då blei ho så glad at ho tok til å danse, og så skulle mannen få bli over natta. Rett som det var, spurde han etter Bonde Vêrskjegg. Ho visste ikkje noko om han, sa ho, men ho rådde over alle fuglane, og dei bles ho saman med pipa si. Då ho hadde spurt dei ut, alle i hop, sakna ho ørna. Men litt etter kom ho, og då kjerringa spurde ho, så sa ho at ho kom like frå Bonde Vêrskjegg. Så sa kjerringa at ørna skulle følge mannen dit. Ørna ville ha noko å ete først og så kvile ut til andre dagen, for ho var så trøytt etter den lange vegen at ho mest ikkje kunne lette seg frå bakken.

Då ørna vel var mett og utkvilt, røska kjerringa ei fjør ut av stjerten på ho og sette mannen i staden, og så flaug ørna av stad med han. Dei kom fram til Bonde Vêrskjegg først ved midnattstider. Då dei var framme, sa ørna: "Det ligg bein og åtsel utanfor døra, men det skal du ikkje ense. Dei som er innanfor, søv så hardt alle saman at dei ikkje er gode for å vakne. Du skal gå like bort i bordskuffa og ta tre brødstykke, og høyrer du ein som snorkar, skal du nappe tre fjør av hovudet på han. Han vaknar ikkje for det."

Mannen gjorde så. Då han hadde fått brødstykka, nappa han først éi fjør. "Uff!" skreik Bonde Vêrskjegg. Så nappa mannen éi til, og då skreik Bonde Vêrskjegg "uff!" att. Men då mannen nappa den tredje, skreik Bonde Vêrskjegg så mannen trudde både murar og veggar skulle rivne, men han sov like godt.

Så sa ørna korleis mannen skulle bere seg åt sidan, og det gjorde han. Han gjekk til fjøsdøra, og der støtta han seg mot ein kampestein; den steinen tok han opp. Under steinen låg tre fliser etter hogst. Dei tok han også opp. Så banka han på fjøsdøra, og ho gjekk opp med ein gong. Han sleppte ned dei tre brødsmulane. Så kom det fram ein hare og åt dei, og haren tok han. Ørna bad han rykke tre fjør ut av stjerten på seg og sette haren, steinen og treflisene og seg sjølv i staden, så skulle ho frakte dei heim.

Då ørna hadde floge eit langt stykke, sette ho seg ned på ein stein. "Ser du noko?" spurde ho.

"Ja, eg ser ein kråkeflokk som kjem flygande etter oss", sa mannen.

"Vi får vel reise eit stykke til, vi då", sa ørna, og sette av stad.

Om ei stund spurde ho: "Ser du noko no?"

"Ja, no er kråkene tett innpå oss", sa mannen.

"Slepp no ned dei tre fjørene du nappa av hovudet på han", sa ørna.

Ja, mannen gjorde så, og med det same han sleppte dei, blei fjørene til ein ramneflokk som jaga kråkene heim att.

Så flaug ørna langt bort med mannen. Til sist sette ho seg på ein stein for å kvile. "Ser du noko?" sa ho.

"Sikker på det er eg ikkje", sa mannen, "men eg synest eg ser noko som kjem langt borte."

"Vi får vel reise eit stykke til då", sa ørna.

"Ser du noko no?" sa ho om ei stund.

"Ja, no er han like innpå oss", sa mannen.

"Du får sleppe ned treflisene som du tok under gråsteinen ved fjøsdøra", sa ørna.

Ja, mannen gjorde det, og med det same han hadde sleppt dei, voks dei opp til ein stor, tett skog, så Bonde Vêrskjegg måtte reise heim etter økser for å hogge seg gjennom.

Så flaug ørna langt bort igjen, men så blei ho trøytt og sette seg i ei furu. "Ser du noko?" sa ho.

"Ja, sikker på det er eg ikkje", sa mannen, "men eg synest eg skimtar noko langt borte."

"Vi får vel reise eit stykke til då", sa ørna, og så sette ho av stad.

"Ser du noko no?" sa ho om ei stund.

"Ja, no er han tett etter oss", sa mannen.

"Du får sleppe ned kampesteinen du tok ved fjøsdøra", sa ørna.

Mannen gjorde så, og steinen blei til eit stort, høgt steinberg som Bonde Vêrskjegg måtte bryte seg gjennom først. Men då han var kommen midt i berget, braut han av det eine beinet sitt, og så måtte han heim og sette det i stand.

Men mens det stod på, flaug ørna heim til mannen både med han sjølv og haren. Då han var kommen heim, gjekk mannen på kyrkjegarden og hadde vigsla jord på haren. Så blei haren til Hans, sonen hans, att.

Då det lei til marknad, skapte guten seg om til ein grågul hest og bad faren reise på marknad med han. "Når det kjem ein som vil kjøpe meg, skal du seie du vil ha hundre dalar for meg. Men du må ikkje gløyme å ta av meg grima, elles slepper eg aldri frå Bonde Vêrskjegg, for det er han som kjem og vil handle", sa han.

Slik gjekk det også. Det kom ein merrabytar som hadde stor hug til å handle av han hesten, og mannen fekk hundre dalar for han. Men då handelen var gjort, og far til Hans hadde fått pengane, ville merrabytaren ha grima. "Nei, det står nok ikkje i avtalen det", sa mannen. "Grima får du ikkje, for eg har fleire hestar eg skal ha til byen." Så gjekk dei kvar sin veg. Men dei var ikkje langt komne, før Hans skapte seg om til seg sjølv, og då mannen kom heim, sat Hans på omnsbenken.

Andre dagen gjorde han seg til ein brun hest og sa til faren at han skulle reise på marknad med han. "Når det kjem ein som vil kjøpe meg, skal du seie du vil ha to hundre dalar, for det gir han, og han skjenker deg attpå. Men same kva du drikk og kva du gjer, så gløym ikkje å ta av meg grima, elles ser du meg aldri att", sa Hans.

Ja, slik gjekk det, mannen fekk to hundre dalar for hesten og skjenk attpå, og då dei skildest frå kvarandre, var det ikkje meir enn nettopp så han kom i hug å ta av grima. Men dei var ikkje komne langt på vegen, før guten skapte seg om, og då mannen kom heim, sat Hans på omnsbenken allereie.

Tredje dagen gjekk det like eins. Guten skapte seg til ein stor svart hest, og sa til faren at det kom ein som baud tre hundre dalar og skjenkte han god og full attpå, men kva han gjorde eller kor mykje han drakk, så måtte han ikkje gløyme å ta av grima, for elles kom han ikkje frå Bonde Vêrskjegg i dette livet. Nei, det skulle han nok ikkje gløyme, sa mannen.

Då han kom på marka, fekk han dei tre hundre dalarane. Men Bonde Vêrskjegg skjenkte han så full at han gløymde å ta av grima, og så reiste Bonde Vêrskjegg av stad med hesten.

Då han hadde komme eit stykke på vegen, skulle han inn og ha meir brennevin. Så sette han ei gloande spikartønne under nasen og eit havretrau under halen på hesten, hengde grimeskaftet inn på eit rekkverk, og gjekk inn til gjestgivaren. Hesten stod der og stampa og sparka og frøste og vêra. Det kom ei jente som syntest synd på han. "Å, stakkars deg, kva er det for husbond du har, som fer slik med deg?" sa ho, og skuva grimeskaftet av rekkverket så hesten kunne få snudd seg og smake på havren.

"Det er meg det!" skreik Bonde Vêrskjegg og kom farande ut gjennom døra.

Men hesten hadde alt rista av seg grima, og kasta seg ut i gåsedammen og gjorde seg om til ein liten fisk i det same. Bonde Vêrskjegg etter og gjorde seg til ei stor gjedde. Så gjorde Hans seg til ei due, og Bonde Vêrskjegg gjorde seg til ein stor hauk, og flaug etter dua.

Men så stod det ei kongsdotter i eit vindauge i kongsgarden og såg på dette nappetaket. "Visste du så mykje som eg veit, så kom du inn gjennom vindauget til meg du", sa kongsdottera til dua. Dua kom farande inn gjennom vindauget, skapte seg om til Hans att, og sa korleis det var.

"Gjer deg til ein gullring og set deg på fingeren min", sa kongsdottera.

"Nei, det nyttar ikkje", sa Hans, "for så gjer Bonde Vêrskjegg kongen sjuk, og så er det ingen som kan gjere han god att før Bonde Vêrskjegg kjem og lækjer han. Og for det krev han gullringen."

"Eg skal seie han er etter mor og at eg slett ikkje vil miste han", sa kongsdottera.

Ja, så gjorde Hans seg til ein gullring og sette seg på fingeren til kongsdottera, og der kunne ikkje Bonde Vêrskjegg få fatt på han. Men så gjekk det som guten hadde sagt: kongen blei sjuk, og det var ingen doktor som kunne lækje han før Bonde Vêrskjegg kom, og han ville ha ringen til kongsdottera for det. Så sende kongen bod til dottera etter ringen. Men ho ville ikkje miste han, sa ho, for ho hadde han etter mor si. Då kongen høyrde det, blei han vond, og sa at han ville ha ringen, kven ho så hadde han etter.

"Ja, det hjelper nok ikkje at du blir vond", sa kongsdottera. "Eg får han ikkje av meg. Vil du ha ringen, får du ta fingeren også."

"Eg skal hjelpe, så skal nok ringen av", sa Bonde Vêrskjegg.

"Nei, elles takk, eg skal prøve sjølv", sa kongsdottera, og gjekk bort til peishella og hadde oske på.

Så gjekk ringen av og blei borte i oska. Bonde Vêrskjegg gjorde seg til ein hane som spente og sparka etter ringen i skorsteinen så oska fauk om øyra på dei. Men Hans gjorde seg til ein rev og beit hovudet av hanen – og sat den vonde i Bonde Vêrskjegg, så var det no ute med han.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]