Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Kongsdottera som ingen kunne målbinde

Det var ein gong ein konge. Han hadde ei dotter som var så vrien og vrang i ord at ingen kunne målbinde [1] ho. Derfor lovde han ut at den som kunne gjere det, skulle få kongsdottera og halve kongeriket attpå.

Det var nok av dei som ville prøve seg, for det er ikkje kvar dag ein kan få ei kongsdotter og ei halvt kongerike i gåve. Grinda til kongsgarden stod ikkje noka stund – dei kom i flokk og følge frå aust og vest, både ridande og gåande. Men det var ingen som kunne målbinde kongsdottera. Til sist sette kongen ut at dei som prøvde seg men ikkje kunne, dei skulle svimerkjast på begge øyrene med det store svijernet hans. For han ville ikkje ha dette rennet i garden sin til inga nytte.

Så var det tre brør også som hadde fått vite om kongsdottera. Sidan dei ikkje hadde det for triveleg heime, ville dei ut og prøve lykka og sjå om dei kunne vinne kongsdottera og halve riket. Dei var vennar og nokså vel forlikte, og derfor gjekk dei i følge alle tre.

Då dei hadde komme eit stykke på vegen, fann Oskeladden ein daud skjorunge.

"Eg fann, eg fann!" ropte han.

"Kva fann du?" spurde brørne.

"Eg fann ein daud skjorunge", sa han.

"Fy, kast han! Kva skal du med den?" sa dei to, som alltid trudde at dei var dei klokaste.

"Å, eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel den", sa Oskeladden.

Då dei hadde gått eit stykke til, fann Oskeladden ein gammalt vidjeband av vidje [2], og det tok han opp.

"Eg fann, eg fann!" ropte han.

"Kva fann du no?" sa brørne.

"Eg fann eit vidjeband", svarte han.

"Pøh! Kva skal du med det? Kast det!" sa dei to.

"Eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel den", sa Oskeladden.

Då dei hadde gått litt til, fann han eit skålbrott, og det tok han også opp.

"Gutar, eg fann, eg fann!" sa han.

"No, kva fann du no?" spurde brørne.

"Eit skålbrott", sa han.

"Sj! Det var då også noko å dra på! Kast det!" sa dei.

"Å, eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel det", svarte Oskeladden.

Då dei hadde komme litt lenger, fann han eit krokete bukkehorn, og like etter fann han maken til det.

"Eg fann, eg fann, gutar!" ropte han.

"Kva fann du no då?" sa dei andre.

"To bukkehorn", svare Oskeladden.

"Sj! Kast dei! Kva gjer du med dei?" sa dei.

"Nei, eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel dei", sa Oskeladden.

Om litt fann han ein bleig [3].

"Nei, gutar, eg fann, eg fann!" ropte han.

"Det var då svare til finning på deg! Kva fann du no igjen?" sa dei to eldste.

"Eg fann ein bleig", svarte han.

"Å, kast han! Kva gjer du med den?" sa dei.

"Eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel den", sa Oskeladden.

Då dei gjekk over jordene ved kongsgarden – der hadde dei nyleg breidd gjødsel – bukka han seg og tok opp ein utgått skosole.

"Nei, nei, gutar, eg fann, eg fann!" sa han.

"Berre du fann litt vett til du kom fram!" sa dei to. "Kva var det no du fann igjen då?"

"Ein utgått skosole", svarte han.

"Usj då! Det var noko å ta opp også! Kast han! Kva gjer du med han?" sa brørne.

"Å, eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel den, om eg skal vinne kongsdottera og halve riket", sa Oskeladden.

"Du ser ut til det du!" sa dei to, og meinte det motsette.

Så la dei inn til kongsdottera. Først den eldste.

"God dag", sa han.

"God dag att", svarte ho og vrei på seg.

"Det er fælt varmt her", sa han.

"Det er varmare i glohaugen", svarte kongsdottera. Der låg svijernet ferdig og venta. Då han såg det, gjekk det i stå for han med éin gong, og så var det ute med han.

Det gjekk ikkje likare med den mellomste.

"God dag", sa han.

"God dag att", sa ho og vrikka på seg.

"Det er fælt så heitt her", sa han.

"Det er heitare i glohaugen", svarte ho. Dermed så miste han også mål og mæle, – og så var det fram med jernet att.

Så kom Oskeladden.

"God dag", sa han.

"God dag att", svarte ho og vrikka og vrei på seg.

"Det var då godt og varmt her", sa Oskeladden.

"Det er varmare i glohaugen", svarte ho; ho blei ikkje blidare fordi den tredje kom.

"Det var råd å få steikt skjora mi her då?" spurde han.

"Eg er redd ho sprekk", sa kongsdottera.

"Å det har inga nød, eg slår omkring dette vidjebandet", svarte guten.

"Det er for romt", sa ho.

"Eg driv i ein bleig", sa guten, og tok fram bleigen.

"Feittet renn av ho", sa kongsdottera.

"Eg held under dette", svarte guten, han viste fram skålbrottet.

"Du er så krokete i ord du", sa kongsdottera.

"Nei, eg er ikkje krokete, men dette er krokete", svarte guten og tok opp det eine bukkehornet.

"Nei! no har eg aldri sett maken!" ropte kongsdottera.

"Her ser du maken", sa guten, og tok opp det andre.

"Eg meiner du er utgått for å målbinde meg, du?" sa ho.

"Nei, eg er ikkje utgått, men den her er utgått", svarte guten, og drog fram skosolen.

Så var kongsdottera målbunden.

"No er du mi", sa Oskeladden, og så fekk han ho og halve landet og riket attpå.

Ord

  1. målbinde: sette fast i ordskifte, gjere opprådd for svar, få til å teie.
  2. band av vidje = vidjeband: dss. vidjespenning; ring eller band av vidjekvistar. [◦Lag vidjespenning]
  3. bleig: kile – til å kløyve noko med, som ved.

Notar

Oskeladden som kappåt med trollet

Det var ein gong ein bonde som hadde tre søner. Han var i små kår og gammal og skrøpeleg, og sønene ville ikkje ta seg til noko. Til garden høyrde ein stor, god skog, og den ville faren at gutane skulle hogge i, og sjå å få betalt unna noko på gjelda.

Langt om lenge fekk han dei også på det travet [1], og den eldste skulle ut og hogge først. Då han var kommen bort i skogen og hadde tatt til å hogge på ei skjeggja gran, kom det eit stort, digert troll til han. "Dersom du hogger i skogen min, skal eg drepe deg!" sa trollet. Då guten høyrde dei, kasta han øksa og la heim att det beste han kunne. Han kom reint andpusten heim og fortalde det som hadde hendt han. Men faren sa han var eit harehjerte. Trolla hadde aldri skremt han frå å hogge då han var ung, meinte han.

Dagen etter skulle den andre sonen av stad, og då gjekk det like eins. Då han vel hadde hogt nokre hogg i grana, kom trollet til han også og sa: "Dersom du hogger i skogen min, skal eg drepe deg!" Guten torde snautt sjå på han, han kasta øksa og tok til sprangs likesom broren og vel så fort. Då han kom heim att, blei faren sint, og sa at aldri hadde trolla skremt han, då han var ung.

Tredje dagen ville Oskeladden i veg.

"Ja, du!" sa dei to eldste, "du skal vel klare det, du som aldri har vore utanfor stuedøra!"

Han svarte ikkje større på det, Oskeladden, men bad berre om å få dugleg niste med seg. Mora hadde ingen suvl [2], og så hengde ho gryta over varmen for å breste [3] litt til han, og det fekk han i skreppa [4] og la av garde.

Då han hadde hogt ei lita stund, kom trollet til han og sa: "Dersom du hogger i skogen min, skal eg drepe deg!"

Men guten var ikkje sein; han sprang bort i skogen etter osten og krysta han så mysa skvatt. "Teier du ikkje still", skreik han til trollet, skal eg klemme deg som eg klemmer vatnet av denne kvite steinen!"

"Nei, kjåre spar meg", sa trollet, "eg skal hjelpe deg å hogge."

Ja, på det vilkåret sparte guten han, og trollet var dyktig til å hogge, så dei fekk felt og hogt av mange dusin den dagen.

Då det lei mot kvelden, sa trollet: "No kan du følge med heim, det er nærare til meg enn til deg."

Ja, guten blei med, og då dei kom heim til trollet, skulle han gjere opp varme på peisen mens guten skulle gå etter vatn til grautgryta. Men det stod to jernbøtter der så store og tunge at han ikkje orka å lee på dei ein gong. Så sa guten: "Det er ikkje verdt å ta med desse fingerbjørgene [5]. Eg går etter heile brønnen, eg."

"Nei, kjære vene", sa trollet, "eg kan ikkje miste brønnen min. Gjer du opp varme, skal eg gå etter vatn."

Då han kom att med vatnet, kokte dei opp ei dugleg stor grautgryte.

"Det er det same", sa guten, "vil du som eg, skal vi kappast."

"Å ja!" svarte trollet, for det tenkte han alltid han skulle stå seg i.

Ja, dei sette seg til bords. Men guten stal seg til å ta skinnskreppa og knyte framfor seg, og så auste han meir i skreppa enn han åt sjølv. Då skreppa var full, tok han opp tollekniven sin og rispa ei flenge [6] i skreppa. Trollet såg på han, men sa ikkje noko.

Då dei hadde ete ei god stund til, la trollet bort skeia. "Nei, no orkar eg ikkje meir", sa han.

"Du skal ete!" svarte guten. "Eg er snautt halvmett enda, eg. Gjer som eg gjorde, og skjer hol på magen, så et du så mykje du vil."

"Men det gjer vel grueleg vondt?" spurde trollet.

"Å, ikkje noko å snakke om", svarte guten.

Så gjorde trollet som guten sa, og så kan ein vel vite han sette livet til. Men guten tok alt det sølvet og gullet som fanst i berget fanst og gjekk heim med. Med det kunne han alltids få betalt unna noko på gjelda.

Ord

  1. "på det travet" viser til hestar, og er ein figurativ uttrykksmåte for "fekk dei i gang med det".
  2. suvl: (sur)mjølk til graut eller brød – eller kraftig mat til å ete attåt suppe, graut, brød.
  3. breste: om mjølk: oste seg; skilje seg i ostestoff og myse.
  4. skreppe: stor lêrveske til å bere på ryggen eller ved sida; ransel, ryggsekk.
  5. fingerbjørg: (verne)hylster for fingertuppen, til dømes når ein syr.
  6. flenge: stor rift.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]