Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

ASBJØRNSEN OG MOE

Det var ein gong ein bondegut som drøymde han skulle få ei kongsdotter langt borti landa, og ho var så raud og kvit som mjølk og blod, og så rik at det aldri kunne bli ende på rikdommen hennar. Då han vakna, syntest han ho stod lys levande framfor han enda, og han tykte ho var så fin og vakker at han kunne ikkje vere til om han ikkje fekk ho. Så selde han det han eigde og reiste ut i verda for å leite ho opp.

Han gjekk langt og lenger enn langt, og om vinteren kom han til eit land der alle allfarvegane låg ende beint ut og ikkje hadde nokon svingar. Då han hadde vandra rett fram eit kvart års tid, kom han til ein by, og utanfor kyrkjedøra der låg det ein stor isklump som det stod eit lik inni, og det spytta heile kyrkjeallmugen på då dei gjekk forbi han.

Guten undra seg over dette, og då presten kom ut av kyrkja, spurde han presten kva det skulle vere til.

"Det er ein grov illgjerningsmann", sa presten, "han er avretta for gudløysa si og sett opp der til spott og spe."

"Kva er det han har gjort då?" spurde guten.

"Her i livet var han vintappar", sa presten, "og han blanda vinen med vatn."

Den syntest guten ikkje var så farleg gjerning, og når mannen hadde bøtt for det med livet, kunne dei gjerne la han komme i kristen jord og ha fred etter dauden.

Nei, sa presten, det kunne ikkje hende – ikkje på noko sett og vis heller – for det skulle folk til å bryte han ut av isen, det skulle pengar til å kjøpe vigsla jord av kyrkja for, gravaren skulle ha betaling for grava, kyrkjeeigaren skulle ha for klokkene, klokkaren for songen, og presten for å kaste på jorda.

"Trur du det er nokon som vil betale alt det for ein avretta syndar?" spurde han.

Ja, sa guten. Når han berre fekk mannen i jorda, skulle han nok betale gravølet [1] av det vesle han hadde.

Så braut dei vintapparen ut av isklumpen og la han i kristen jord, dei ringde og song over han og presten kasta jord på. Og dei drakk gravøl så dei både gret og lo om kvarandre.

Men då guten hadde kosta gravølet hadde han ikkje mange tjuekronarane i lomma.

Han gav seg på vegen att, men han var ikkje kommen langt før det kom ein mann etter han og spurde om han ikkje syntest det var audsleg å gå så aleine.

Nei, det syntest ikkje guten, for han hadde alltids noko å tenke på, sa han.

Men han kunne kanskje trenge ein tenar likevel, spurde mannen.

"Nei", sa guten, "eg er vand til å vere min eigen tenar. Og om eg aldri så gjerne ville, så har eg ikkje råd til å ha nokon, for eg har ikkje pengar til kost og lønn."

"Tenar treng du, det veit eg betre enn du", sa mannen, "og du treng ein tenar du kan lite på i liv og daude. Vil du ikkje ha meg til tenar, kan du ta meg til følgesvein. Eg lover deg at du skal ha gagn av meg, og det skal ikkje koste deg noko. Eg skal frakte meg sjølv, og kost og klede skal det ikkje ha noka nød med."

Ja, på den måten ville han gjerne ha han til følgesvein.

Sidan reiste dei saman, og mannen gjekk for det meste føre og viste vegen.

Då dei hadde reist langt bort igjennom landa, over åsar og heier, kom dei til eit tverrberg. Der banka følgesveinen på og bad at dei skulle late opp. Det opna seg for dei også, og då dei kom langt inn i berget, kom trollkjerringa fram med ein stol og baud dei: "Ver så god og sit ned, for de kan vere trøytte", sa ho.

"Sit sjølv!" sa følgesveinen.

Så måtte ho sette seg ned, og då ho hadde sett seg, blei ho sittande der, for stolen var slik at han ikkje sleppte det som kom nær han. Imens gjekk dei omkring i berget, og følgesveinen såg seg rundt til han fekk sjå eit sverd som hang over døra. Det ville han endeleg ha, og fekk han det, lovde han trollkjerringa at han skulle sleppe ho av stolen.

"Nei", skreik ho, "bed meg om alt anna! Alt anna kan du få, men ikkje det, for det er tresøstersverdet mitt!" – Dei var tre søstrer som eigde det saman.

"Ja, så kan du sitte der til verda endar", sa mannen.

Men då ho høyrde det, sa ho han skulle få det når han berre ville løyse ho.

Så tok han sverdet og gjekk med det.

Då dei hadde gått langt bort over nakne fjell og vide heier, kom dei til eit tverrberg att. Der banka følgesveinen på, og baud at dei skulle late opp. Det gjekk som førre gongen, det opna seg for dei, og då dei kom langt inn i berget, kom det fram ei trollkjerring med ein stol og bad dei sitte ned, for dei kunne vere trøytte, sa ho.

"Sit sjølv", sa følgesveinen, og så gjekk det ho som søster hennar, ho torde ikkje anna. Og då ho kom på stolen, blei ho sittande der ho sat. Imens gjekk guten og følgesveinen omkring i berget, og følgesveinen lét opp alle skap og skuffer til han fann det han leita etter, og det var eit gullnøste. Det ville han endeleg ha, og han lovde trollkjerringa at ville ho gi han det, så skulle han sleppe ho av stolen. Ho sa han kunne få alt ho eigde, men det ville ho ikkje miste, for det var tresøsternøstet hennar. Men då ho høyrde at ho skulle bli sittande der til dommedag om han ikkje fekk det, sa ho at han fekk ta det likevel, når han berre ville løyse ho.

Så gjekk dei i mange dagar, over heier og gjennom skogar, til dei kom til eit tverrberg att. Der gjekk det like eins som med dei to andre: Følgesveinen banka på, det lét seg opp, og inne i berget kom det ei trollkjerring med ein stol og baud dei sitte. Men følgesveinen sa: "Sit sjølv", og så sat ho der. Dei hadde ikkje gått gjennom mange romma før følgesveinen fekk sjå ein gammal hatt på ein knagg bak døra. Den hatten ville han ha, men kjerringa ville gi hatten vekk, for det var tresøsterhatten hennar. Gav ho han vekk, blei ho reint ulykkeleg, sa ho. Men då ho høyrde ho skulle bli sittande til verda enda dersom han ikkje fekk hatten, sa ho han kunne ta hatten når ho berre sleppte laus.

Langt om lenge kom dei til eit sund. Der tok følgesveinen gullnøstet og kasta det så hardt mot berget på den andre sida av elva at det kom attende. Då han hadde kasta det nokre gongar, blei det bru. Den gjekk dei over sundet på. Då dei var komne på den andre sida, bad mannen guten at han skulle nøste opp att tråden det fortaste han kunne, "for får vi han ikkje fort opp, så kjem dei tre trollkjerringane og riv oss sund", sa han. Guten nøsta det fortaste han vann, og då det ikkje var igjen meir enn den siste tråden, kom trollkjerringane fykande. Dei sette ned til vatnet så skodda stod framfor dei, og greip etter enden. Men dei klarte ikkje å få fatt på han, og så drukna dei i sundet.

Då dei hadde gått i nokre dagar til, sa følgesveinen: "No kjem vi snart til slottet der ho er, kongsdottera som du har drøymt om, og når vi kjem dit, får du gå inn og seie til kongen det du har drøymt og kva det er du reiser etter."

Då dei kom fram, gjorde han det, og han blei nokså vel mottatt. Han og tenaren hans fekk kvart sitt rom å vere på, og då det lei til den tida dei skulle ha mat, blei han boden til middag ved bordet til kongen.

Då han fekk sjå kongsdottera, kjende han ho att med éin gong. Det var ho han hadde drøymt om han skulle få. Han sa ho ærendet sitt, og ho svarte at ho likte han godt, og ho ville gjerne ta han, men først måtte han gjennom tre prøver. Då dei hadde ete, gav ho han ei gullsaks, og sa: "Den første prøva er at du skal gøyme denne saksa og gi ho til meg i morgon middag. Det er ikkje noka vanskeleg prøve, det eg kan tru", sa ho og drog på geipen. "Men kan du ikkje, så mister du livet, det er lova, og så blir du avretta og lagt på steile [2] og hovudet sett på stake, slik som dei friarane du ser hovudskallane av utanfor vindauga." Det hang mannehovud rundt omkring kongsgarden som det sit kråker på gardstaurane om hausten.

Det var vel ikkje nokon kunst det, tenkte guten. Men kongsdottera var så lystig og vill og flogsa [3] slik med han at han gløymde både saksa og seg sjølv, og mens dei styrte og baska, lurte ho frå han saksa så han ikkje merka det.

Då han kom opp på kammerset om kvelden og fortalde korleis det hadde gått og det ho hadde sagt om saksa ho gav han å gøyme, sa følgesveinen: "Du har vel saksa ho gav deg?" Han kjende etter i lommene sine, men der var inga saks, og guten blei meir enn ille ved då han skjønte ho var borte.

"Ja, ja, gi deg til tols, eg får prøve å skaffe deg saksa att", sa følgesveinen, tok med seg tresøsterhatten, og gjekk ned i stallen. Der stod det ein stor, diger stallbukk som høyrde kongsdottera til, og han var slik at han kunne fly mange gongar fortare gjennom lufta enn han gjekk på marka. Så tok han tresøstersverdet og slo han mellom horna med, og sa: "Når rir kongsdottera til kjærasten sin i natt?" Bukken brekte og sa han ikkje torde seie det, men då han fekk ein trykk til, sa han at kongsdottera skulle komme klokka elleve.

Følgesveinen sette tresøsterhatten på seg, og så var han usynleg, og venta til ho kom. Ho tok og smurde bukken med ein salve som ho hadde i eit horn, og så sa ho: "Til vêrs, til vêrs, over mønsås og kyrkjespir, over land, over vatn, over berg, over dal, til kjærasten min som ventar meg i fjellet i natt!"

I det same bukken sette av stad, slengde følgesveinen seg opp bakpå. Det gjekk som ein vind gjennom vêret; dei var ikkje lenge om vegen. Rett som det var, kom dei til eit tverrberg. Der banka ho på, og så bar det inn gjennom fjellet med dei, til trollet som var kjærasten hennar.

"No har det komme ein ny friar som vil ha meg, vennen min", sa kongsdottera. "Han er ung og vakker, men eg vil ikkje ha nokon annan enn deg", sa ho og gjorde seg lekker for bergtrollet. "Så sette eg han på prøve, og der er saksa han skulle gøyme og passe på. Pass ho no du!" sa ho. Så lo dei så inderleg godt begge to, som dei alt hadde fått guten på steile og hjul.

"Ja eg skal gøyme ho og eg skal passe ho, og eg skal sove i bruda sin arm når ramnen hakkar i guten sin tarm", sa trollet, og la saksa i eit jernskrin med tre låsar for. Men i det same han sleppte saksa i skrinet, tok følgesveinen ho. Det var ingen av dei som kunne sjå han, for han hadde på seg tresøsterhatten, og så låste trollet igjen skrinet for ingenting, og nøklane gøymde han i hòlet i den jekselen han hadde trollverk i. Der skulle guten ha vondt for å finne nøkkelen, meinte han.

Då det lei over midnatt, reiste ho heim att. Følgesveinen sette seg bakpå bukken med ho, og dei var ikkje lenge om heimvegen.

Om middagen blei guten bedt ned til bordet til kongen, men då hadde kongsdottera slike leie fakter, og så byrg og så vrang var ho at ho nesten ikkje ville sjå til den sida guten sat.

Då dei hadde ete, la ho fjeset rett i heilagdagsfoldar, gjorde seg smørblid og sa: "Du har vel kanskje den saksa eg bad deg gøyme i går?"

"Ja, her er ho", sa guten, tok ho opp, og dreiv ho i bordet så det hoppa høgt. Kongsdottera kunne ikkje blitt meir ille ved om han hadde slått saksa i synet på ho. Men ho gjorde seg lekker og blid likevel og sa:

"Sidan du har passa så vel på saksa, så kan det ikkje vere vanskeleg for deg å gøyme gullnøstet mitt og passe på det så du gir meg det att i morgon middag. Men har du det ikkje då, så skal du miste livet og blir avretta, det er lova", sa ho.

Det var ikkje noka farleg sak, meinte guten, og tok og putta gullnøstet i lomma. Men ho tok til å spøke og flogse med han igjen så han gløymde både seg sjølv og gullnøstet, og mens dei styrte og baska [4] som aller best, stal ho det frå han og let han gå.

Då han kom opp på kammerset og fortalde kva dei hadde sagt og gjort, spurde følgesveinen: "Du har vel gullnøstet ho gav deg?"

"Ja, det har eg", sa guten og greip i lomma der han hadde lagt det. Men nei, han hadde ikkje noko gullnøste, og no blei han så reint ille ved att at han ikkje visste kva han skulle gjere av seg.

"Ja, ja, slå deg no til tols", sa følgesveinen, "eg får prøve å få tak i det", sa han, tok sverdet og hatten, og strauk til ein smed og fekk lagt nesten to hundre og tjue kilo jern på sverdet sitt.

Då han kom i stallen, gav han bukken eit slag mellom horna med sverdet så den tumla, og så spurde han: "Når rir kongsdottera til kjærasten sin i natt?"

"Klokka tolv", brekte bukken.

Følgesveinen sette tresøsterhatten på seg og venta til ho kom fykande med smurningshornet og smurde bukken. Så sa ho som første gongen: "Til vêrs, til vêrs, over mønsås og kyrkjespir, over land, over vatn, over berg, over dal, til kjærasten min som ventar meg i fjellet i natt!

I det same dei sette av stad, slengde følgesveinen seg bakpå bukken, og det gjekk som ein vind bort gjennom vêret. Rett som det var kom dei til trollberget, og då ho hadde slått tre slag, fór dei inn gjennom det til trollet som var kjærasten hennar.

"Korleis har du gøymt gullsaksa eg gav deg i går, vennen min?" sa kongsdottera. "Friaren hadde ho og gav ho attende til meg", sa ho.

Den var reint umogeleg, sa trollet, for han hadde låst ho ned i eit skrin med tre låsar og gøymt nøkkelen i hòlet på jekselen sin. Men då dei låste opp og såg etter, hadde ikkje trollet noka saks i skrinet. Så fortalde kongsdottera at ho hadde gitt friaren gullnøstet sitt.

"Her er det", sa ho, "for eg tok det frå han igjen så han ikkje merka det. Men kva skal vi no finne på, sidan han kan slike kunstar?"

Ja, trollet visste ikkje heilt. Men då dei hadde tenkt seg litt om, fann dei på at dei skulle gjere opp ein stor varme og brenne gullnøstet, så var dei sikre på at friaren ikkje kunne få tak i det. I det same ho kasta nøstet på varmen, stod følgesveinen ferdig og greip det, og ingen av dei såg det, for han hadde tresøsterhatten på seg.

Då kongsdottera hadde vore hos trollet ei stund og det lei utpå morgonsida, reiste ho heim att. Følgesveinen sette seg bakpå bukken med ho, og det gjekk både fort og vel.

Sidan guten var bedt til middags, gav følgesveinen han nøstet. Kongsdottera var enda meir overlegen og vrang enn siste gongen, og då dei hadde ete, snerpa ho i hop munnen og sa: "Det var vel ikkje så inderleg vel at eg kunne få att gullnøstet mitt, det som eg gav deg å gøyme i går?"

"Jo", sa guten, "det skal du få. Her er det", sa han, og slo det i bordet, så bordet hoppa og kongen skvatt høgt i vêret.

Kongsdottera blei så bleik som eit lik. Men ho gjorde seg snart blid att, og sa at det var godt gjort. No hadde ho berre éi lita prøve til. "Dersom du no er så flink at du kan skaffe meg det eg tenker på til i morgon middag, så skal du både få ta meg og ha meg", sa ho.

Guten blei som han var dømt frå livet. for han syntest det var ikkje råd å vite kva ho tenkte på, og enda meir uråd å skaffe det. Då han kom opp på kammerset sitt, var det nesten ikkje mogeleg å stagge han heller. Følgesveinen sa berre at han skulle vere roleg, for han skulle nok få greie på saka slik som han hadde gjort begge dei andre gongene. Då slo guten seg endeleg til ro og la seg til å sove.

Imens fór følgesveinen til smeden og fekk lagt på sverdet sitt nesten fire hundre og førti kilo jern, og då det var gjort, gjekk han til stallen og dreiv til bukken mellom horna så bukken tumla veggimellom.

"Når skal kongsdottera til kjærasten sin i natt?" sa han.

"Klokka eitt", brekte bukken.

Då det lei mot den tida, stod følgesveinen i stallen med tresøsterhatten på, og då ho hadde smurt bukken og sagt som ho brukte seie, at dei skulle fare til vêrs, til kjærasten hennar som venta ho i berget, bar det av garde gjennom vêr og vind att, og følgesveinen sat bakpå. Men han var ikkje letthendt denne gongen, for rett som det var, gav han kongsdottera ein trykk her og ein der så han mest helseslo ho. Då dei kom til bergveggen, banka ho på porten så det opna seg, og dei fór inn gjennom fjellet til kjærasten hennar.

Då ho kom fram, jamra ho seg og bar seg ille, og sa ho visste ikkje om at vêret kunne vere så hardt: men ho syntest det var nokon med, som slo både ho og bukken, og ho var visst både gul og blå over heile kroppen sin, så ille hadde ho fare på vegen. Og så fortalde ho at friaren hadde skaffa gullnøstet også, og korleis det gjekk til, kunne verken ho eller trollet skjøne.

"Men veit du kva eg no har funne ut?" sa ho.

Nei, det visste ikkje trollet.

"Jo", svarte ho, "eg har sagt han skal skaffe meg det som eg tenkte på til i morgon, og det var hovudet ditt. Trur du han kan skaffe det, venn min?" sa kongsdottera og kjælte for trollet.

"Det trur eg ikkje", sa trollet, og det svor han på. Og så lo han og skogra [5] verre enn ein gast [6], og både trollet og kongsdottera tenkte at guten før skulle komme til å kle steile og hjul og at ramnen skulle hakke auga ut på han, enn han kunne skaffe hovudet til trollet.

Då det lei på morgonsida, skulle ho heim att. Men ho var redd, sa ho, for ho syntest det var nokon etter ho, og ho torde ikkje reise heim aleine. Trollet måtte følge ho på heimvegen. Ja, han skulle følge ho, og han fekk fram bukken sin. Han hadde maken til hennar, og smurde han og salva han vel mellom horna også. Då trollet hadde sett seg på, hengde følgesveinen seg bakpå med han, og så bar det av stad bort igjennom lufta til kongsgarden. Men på vegen slo følgesveinen trollet og bukken og gav dei trykk på trykk og slag i slag med sverdet sitt, så dei dalte meir og meir, og til sist var dei nesten på veg til å søkke i havet som dei fór over. Då trollet skjønte han var så gale ute, følgde han kongsdottera like heim til kongsgarden, og stod att utanfor for å sjå at ho kom godt og vel heim.

Men i det same ho lét att døra etter seg, hogde følgesveinen hovudet av trollet og strauk opp på rommet til guten. "Her er det som kongsdottera tenkte på", sa han.

Ja, det var både godt og vel, kan ein vite, og då guten blei bedt ned til bords og dei hadde ete, var kongsdottera så blid som ei lerke.

"Du har kanskje det eg tenkte på?" sa ho.

"Jammen har eg så", sa guten, han reiv det fram under kjoleflaket sitt og slo det i bordet så heile stellet [7] reiste over ende. Kongsdottera blei som ho hadde lege i jorda, men ho kunne ikkje nekte for at det var det ho hadde tenkt på, og no måtte han få ho som ho hadde lovt. Så blei det drukke bryllaup, og det blei stor glede over heile kongeriket.

Men følgesveinen tok guten til sides og sa til han at han nok kunne late att auga og late som han sov brudenatta, men dersom han hadde livet kjært og ville lyde han, så måtte han ikkje la det komme ein blund på dei før han hadde skilt ho frå trollhamen ho hadde på, og den skulle han daske av ho med riset av ni nye bjørkelimar, og så slite hamen av ho i tre kar med mjølk. Men først skulle han skrubbe ho i eit kar med fjorgammal myse [8], så skulle han gni ho i surmjølk, og så skulle han skylje ho av i eit fat søtmjølk. Limane låg under senga, og kara hadde han sett i kroken; det var ferdig alt saman. Ja, guten lovde han skulle lyde han og gjere som han sa, og det gjorde guten også etter at dei var komne i brudesenga og kongsdottera tok til å kile han under nasen og lugge han i håret og i skjegget og verre.

Då gjorde han som følgesveinen hadde sagt. Ho blei både blid og vakker.

Den andre dagen sa følgesveinen at dei måtte reise. Ja, guten var reiseferdig, og kongsdottera også, for medgifta hadde vore i stand for lenge sidan. Om natta førde følgesveinen alt det gullet og sølvet og alle dei kostbare tinga som var att etter trollet i fjellet, til kongsgarden. Då dei skulle reise om morgonen, var det så fullt overalt i heile garden at dei mest ikkje kunne komme fram. Den medgifta var meir verdt enn landet og riket til kongen, og dei visste ikkje korleis dei skulle få frakta det med seg. Men følgesveinen visste råd for uråd. Det var att seks slike bukkar etter trollet som kunne fly i lufta. Dei lessa dei på så mykje gull og sølv at dei måtte gå etter marka og ikkje orka å lette seg og fly med det, og det som bukkane ikkje var gode for å bere, måtte bli att i kongsgarden. Så reiste dei langt og lenger enn langt, men til sist blei bukkane så trøytte og utkøyrte at dei ikkje orka å gå lenger. Guten og kongsdottera visste inga råd, men då følgesveinen såg at dei ikkje kunne komme av stad, så tok han heile medgifta på nakken, la bukkane ovanpå, og bar det så langt fram at det ikkje var att meir enn ei god halvmil dit guten hadde heimen sin.

Så sa følgesveinen: "No må eg skiljast frå deg. Eg kan ikkje bli med deg lenger."

Men guten ville ikkje skiljast frå han, han ville ikkje miste han verken for lite eller mykje. Ja, så blei han med ei halv mil til, men lenger kunne han ikkje følge, og då guten bad og nøydde han at han skulle følge med heim og bli hos han, eller i det minste vere med og feire heimkomarøl hos faren sin, sa følgesveinen nei, det kunne han ikkje.

Så spurde guten kva han skulle ha for at han hadde vore med og hjelpt han.

Skulle det vere noko, måtte det vere halvparten av det han avla i fem år, sa følgesveinen.

Ja, det skulle han få.

Då han var borte, la guten att all rikdommen sin, og reiste heim med tom vogn. Så feira dei heimkomsten med øl så det både blei høyrt og spurt over sju kongerike. Då dei var ferdige med det, fekk dei vinterdrift heile vinteren igjennom både med bukkane og dei tolv hestane som far hans hadde, før dei fekk køyrd heim alt gullet og sølvet.

Etter fem år kom følgesveinen attende og skulle ha sin del. Då hadde mannen byta alt i to like delar.

"Men det er éin ting du ikkje har byta", sa følgesveinen.

"Kva er det?" sa mannen. "Eg trudde eg hadde byta alt."

"Du har avla eit barn", sa følgesveinen. "Det får du også byte i to delar."

Ja, det var så det. Han tok sverdet, men med det same han lyfte det og skulle kløyve barnet, greip følgesveinen bak i sverdodden så han ikkje kunne hogge.

"Blei du ikkje glad no, når du ikkje fekk lov til å hogge?" sa han.

"Jo, så glad har eg aldri vore", sa mannen.

"Ja, så glad var eg då du løyste meg ut av isklumpen", sa han. "Behald alt det du har. Eg treng ikkje noko, for eg er ei sveveånd", sa han.

Han var vintapparen som hadde stått i isklumpen utanfor kyrkjedøra og som alle spytta på. Han hadde vore følgesveinen hans og hjelpt han til takk for at han gav det han hadde for å skaffe han fred og få han i vigsla jord. Han hadde fått lov til å følge han eit år, og det var omme då dei skildest siste gongen. Så hadde han fått lov til å sjå han att. Men no måtte dei skiljast for alle tider, for no ringte det etter han med klokkene i himmerike.

Eventyr att-gitt

Ord

  1. gravøl: gjestebod når ein daud blir gravlagd.
  2. steile: spiss stake under det hjulet som ein la avretta menneske på (i eldre tider). Eit tungt hjul knuste knoklane på offeret. Kroppsdelane blei dernest hengte opp og stilt ut på stolpe (stake, steile). Dette skulle audmjuke den dømte offentleg.
  3. flogse: renne omkring; fare åt lauslynt, osv.
  4. baske: rulle seg med kavande rørsler, flakse (med vengane), velte, og meir.
  5. skogre: le høgt og støyande; le så ein ristar.
  6. gast: svær kar; villbasse; sjømann; matros; marinesoldat, og anna.
  7. stell: Servise, sett av tallerkenar, fat, asjettar og koppar som høyrer saman.
  8. myse: den delen av mjølka som blir att når ostestoffet er skilt frå. Myse kan bli foredla vidare til forskjellig slags mat og drikke.

Notar

Smørbukk

Det var ein gong ei kone som sat og bakte. Ho hadde ein liten gut. Han var så tjukk og feit og ville så gjerne ha god mat, og derfor kalla ho han Smørbukk. Og så hadde ho ein hund dei kalla Gulltann. Rett som det var, sette hunden i å gøy.

"Spring ut, du Smørbukken min", sa kona, "og sjå etter kva det er Gulltann gøyr på."

Så sprang guten ut, og kom inn att og sa: "Å jøye meg, det kjem ei stor, lang haugkjerring [1], med hovudet under armen [2] og ein sekk på ryggen."

"Spring under bakstefjøla og gøym deg", sa mor hans.

Så kom det store trollet inn.

"God dag!" sa ho.

"Gud signe!" sa mor til Smørbukk.

"Er ikkje han Smørbukk heime i dag?" spurde trollet.

"Nei, han er i skogen med faren sin og jaktar ryper", svarte mora.

"Det var vrangt, det då!" sa haugkjerringa. "Eg har slik ein fin liten sølvkniv eg ville gitt han."

"Pip, pip, her er eg!" sa Smørbukk under bakstefjøla, og kom fram.

"Eg er så gammal og stiv i ryggen", sa trollet. "Du får smette ned i sekken og ta opp kniven sjølv."

Då Smørbukk vel var kommen nedi, slengde trollet sekken på ryggen og la på dør. Men då dei hadde komme eit stykke på vegen, blei trollet trøytt og spurde: "Kor langt er det til ein god plass å sove?"

"Ei kvartmil", svarte Smørbukk.

Så sette trollet sekken frå seg ved vegen og drog inn i småskogen for seg sjølv og la seg til å sove. Imens passa Smørbukk på, tok kniven sin, spretta hòl på sekken og smatt ut. Så la han ei stor tyrirot [3] i staden, og strauk heim til mor. Då trollet kom heim og fekk sjå kva ho hadde i sekken, blei ho fælt sint.

Dagen etter sat kona og bakte att. Rett som det var, tok hunden til å gøy. "Spring ut, du Smørbukken min", sa ho, "og sjå etter kva det er Gulltann gøyr på."

"Å nei, å nei, det stygge beistet då!" sa Smørbukk. "No kjem ho att med hovudet under armen og ein stor sekk på ryggen."

"Spring under bakstefjøla og gøym deg", sa mor hans.

"God dag!" sa trollet. "Er han Smørbukk heime i dag?"

"Neimen er han ikkje", sa mora, "han er på skogen med faren sin og jaktar ryper."

"Det var troll det!" sa haugkjerringa, "for eg har ein vakker liten sølvgaffel eg ville gitt han."

"Pip, pip, her er eg!" sa Smørbukk og kom fram.

"Eg er så stiv i ryggen", sa trollet, "du får smette ned i sekken og ta han sjølv." Då Smørbukk vel var kommen i sekken, slengde trollet sekken på ryggen og la av garde.

Då dei hadde komme eit godt stykke på vegen, blei ho trøytt og spurde: "Kor langt er det til ein god plass å sove?"

"Ei halv mil", svarte Smørbukk.

Så sette trollet ned sekken ved vegen og gjekk litt inn i skogen og la seg til å sove. Mens trollet gjorde det, fekk Smørbukk hòl på sekken, og då han var kommen ut, la han ein stor stein i sekken.

Då haugkjerringa kom heim, gjorde ho opp varme på peisen, sette over ein diger kjele og skulle til å koke Smørbukk. Men då ho tok sekken og trudde ho skulle sleppe Smørbukk oppi, fall steinen ut og slo hòl i botnen på kjelen så vatnet rann ut og sløkte varmen. Då blei trollet sint og sa: "Om han no gjer seg aldri så tung, skal eg lure han likevel, eg."

Tredje gongen gjekk det akkurat like eins; Gulltann sette i å gøy, og så sa mora til Smørbukk: "Spring ut, du Smørbukken mitt, og sjå etter kva det er Gulltann gøyr på."

Så sprang Smørbukk ut, og kom inn att og sa: "Å, jøye meg! Det er trollet som kjem att med hovudet under armen og ein sekk på ryggen."

"Spring under bakstefjøla og gøym deg", sa mor hans.

"God dag!" sa trollet og steig inn gjennom døra. "Er han Smørbukk heime i dag?"

"Neimen er han ikkje", sa mora, "han er ute i skogen med far sin og jaktar ryper."

"Det var vrangt, det då!" sa haugkjerringa, "for eg har slik ei vakker liten sølvskei eg ville gitt han."

"Pip, pip, her er eg!" sa Smørbukk, og kom fram under bakstefjøla.

"Eg er så stiv i ryggen", sa haugkjerringa, "du får smette ned i sekken og ta den sjølv."

Då Smørbukk vel var kommen nedi, slengde trollet sekken på ryggen og la av garde. Denne gongen gjekk ho ikkje inn i skogen for seg sjølv og la seg til å sove, men strauk like heim med Smørbukk i sekken.

Då dei kom fram, var det søndag. Så sa trollet til dotter si: "No får du ta Smørbukk og slakte han og koke sodd [4] på han til eg kjem att, for no reiser eg til kyrkja og ber til gjestebods."

Då husbondsfolka hadde reist, skulle dottera slakte Smørbukk, men så visste ho ikkje heilt korleis ho skulle gjere det.

"Vent, så skal eg vise deg korleis du skal bere deg åt, eg", sa Smørbukk. "Legg hovudet ditt på krakken, skal du sjå."

Ho gjorde så, ho stakkar, og Smørbukk tok øksa og hakka hovudet av ho som det skulle vere ein kylling. Så la han hovudet i senga og skrotten i gryta og kokte kjøtsuppe på trolldottera. Då han hadde gjort det, krabba han opp over døra og drog med seg tyrirota og steinen, og la den eine over døra og den andre oppå peispipa til trollet.

Då folka kom heim frå kyrkja og såg hovudet i senga, tenkte dei at dottera låg og sov. Men så skulle dei bort og smake på kjøtsuppa

"Smaker godt, Smørbukksodd!" sa kjerringa.

"Smaker godt, dottersodd!" sa Smørbukk. Men det lydde dei ikkje etter.

Så tok haugtrollet skeia og skulle til å smake.

"Smaker godt, Smørbukksodd!" sa han.

"Smaker godt, dottersodd!" sa Smørbukk på peispipa.

Så tok dei til å undrast på kven det var som snakka, og ville ut og sjå etter. Men då dei kom i døra, kasta Smørbukk tyrirota og steinen i hovudet på dei og slo dei i hel. Så tok han alt det gullet og sølvet som var i huset, og då blei han vel rik, kan hende. Så reiste han heim til mor si.

Ord

  1. haugkjerring: trollkjerring.
  2. å ha hovudet under armen er biletleg for å vere dum.
  3. tyrirot: daud fururot.
  4. sodd: kjøtsuppe (med gryn eller kål).

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]