NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Pannekaka

DET VAR ein gong ei kone som hadde sju svoltne ungar, og dei steikte ho pannekaker til. Det var råmjølks-kake [1]. Den låg i panna og este seg så tjukk og god, og ungane stod omkring, og gamlefar sat og såg på.

"Å, la meg få litt pannekake, mor, eg er så svolten," sa den eine ungen.

"Å kjære deg," sa den andre.

"Å kjære, vene deg," sa den tredje.

"Å kjære, vene, snille deg," sa den fjerde.

"Å kjære, vakre, vene, snille deg," sa den femte.

"Å kjære, vakre, vene, gode, snille deg," sa den sjette.

"Å kjære, vakre, vene, gode, snille, søte deg," sa den sjuande, og så bad dei om pannekake alle saman, den eine vakrare enn den andre, for dei var så svoltne og snille.

"Ja, barna mine, vent no berre til den vender seg," sa ho - til eg får vendt den, skulle ho sagt - "så skal de få pannekake alle saman. Sjå berre kor tjukk og velnøgd den ligg der."

Då pannekaka høyrde dette, blei den redd, og rett som det var, så vende den seg av seg sjølv og ville ut av panna; men den fall ned att på den andre sida. Då den hadde steikt seg litt på den også så den blei fastare i fisken, spratt den ut på golvet og trilla av stad som eit hjul ut gjennom døra og bortetter vegen.

"Hei, då!" Kjerringa etter det fortaste ho kunne, med panna i den eine handa og sleiva i den andre og barna etter henne igjen, og gamlefar hinkande etter til slutt.

"Hei, vil du vente! Knip den, ta den, hei då!" skreik dei i munnen på kvarandre og skulle ta den på spranget og fange den att. Men pannekaka trilla og trilla, og rett som det var, var den så langt unna at dei ikkje kunne sjå den, for pannekaka var flinkare til beins enn alle saman. Då den hadde trilla ei stund, møtte den ein mann.

"God dag, pannekake," sa mannen.

"Gud signe, mann brann," sa pannekaka.

"Kjære pannekaka, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa mannen.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren og sju skrikarungar, så kan eg vel gå frå deg, mann brann," sa pannekaka, og trilla og trilla til den møtte ein høne.

"God dag, pannekake," sa høna.

"God dag, høne pøne," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa høna.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungar og mann brann, så kan eg vel gå frå deg, høne pøne," sa pannekaka og trilla som eit hjul bortetter vegen. Så møtte den ein hane.

"God dag, pannekake," sa hanen.

"God dag, hane pane," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa hanen.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungar, frå mann brann og høne pøne, så kan eg vel gå frå deg, hane pane," sa pannekaka, og la til å trille og trille det fortaste det orka. Då den hadde trilla ei lang stund, møtte den ei and.

"God dag, pannekake," sa anda.

"God dag, ande vande," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa anda.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungen, frå mann brann, høne pøne og hane pane, så kan eg vel gå frå deg, ande vande," sa pannekaka, og tok til å trille og trille det fortaste det orka. Då den hadde trilla ei lang, lang stund, møtte den ei gås.

"God dag, pannekake," sa gåsa.

"God dag, gåse våse," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa gåsa.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungar, frå mann brann, høne pøne, hane pane og frå ande vande, så kan eg vel gå frå deg, gåse våse," sa pannekaka, og trilla av stad att.

Då den hadde trilla ei lang, lang stund att, så møtte den ein gasse.

"God dag, pannekake," sa gassen.

"God dag, gasse vasse," sa pannekaka.

"Kjære pannekake, trill ikkje så fort, vent litt og la meg få ete deg," sa gassen.

"Når eg har gått frå kone krone, gamlefaren, sju skrikarungar, frå mann brann, høne pøne, hane pane, ande vande og frå gåse våse, så kan eg vel gå frå deg, gasse vasse," sa pannekaka, og tok til å trille og trille, det fortaste det orka.

Då den hadde trilla ei lang, lang stund, så møtte den ein gris.

"God dag, pannekake," sa grisen.

TEIKNING AV OTTO SINDING
"Nøff-koff!" sa grisen.
"God dag, gylte grisesylte," sa pannekaka, og la til å trille og trille, det fortaste det orka.

"Nei, vent litt," sa grisen, "du treng ikkje til å bråfly slik, vi to kan då gå i mak og slå følgje over skogen; det skal ikkje vere heilt trygt der," sa han. Den syntest pannekaka det kunne vere noko i, og så gjorde dei det. Men då dei hadde gått ei stund, kom dei til ein bekk. Grisen flaut på flesket, det var inga sak for den, men pannekaka kunne ikkje kome over.

"Set deg på trynet mitt," sa grisen, "så skal eg frakte deg over," sa han

Pannekaka gjorde det.

"Nøff-koff!" sa grisen og tok pannekaka i éin jafs. Og då pannekaka ikkje kom lenger, er ikkje regla lenger heller.

Ord

  1. Råmjølk: Mjølk frå ku som nyleg har kalva.
OPP


Smågutane som trefte trolla på Hedalsskogen

På ein plass oppi Vågå i Gudbrandsdalen budde ein gong i gamle dagar eit par fattige folk. Dei hadde mange barn, og to av sønene, som var om lag halvvaksne, måtte støtt reke omkring på bygda og tigge. Derfor var dei vel kjende med alle vegar og stigar, og dei visste også beinvegen til Hedalen.

Ein gong ville dei gå dit. Men dei hadde høyrt at nokre falkefangarar hadde bygt seg ei hytte ved Mæla. Der ville dei gå innom med det same og sjå fuglane og korleis folka fanga dei, og derfor tok dei beinvegen over Langmyrane. Men det lei alt så langt på hausten at budeiene hadde reist heim frå setrane; derfor kunne dei ingen stad få hus, og ikkje mat heller. Dei måtte då halde ved vegen til Hedalen; men den var berre ei grunn råk, og då mørket kom på dei, tapte dei råka og fann ikkje fuglefangarhytta heller, og før dei visste ordet av det, var dei midt i tjukkaste Bjølstadskogen. Då dei skjøna at dei ikkje kunne kome fram, gav dei seg til å kviste bar, gjorde opp varme, og bygde seg ei barhytte; for dei hadde med vesleøksa. Og så reiv dei opp lyng og mose som dei laga eit leie av. Ei stund etter at dei hadde lagt seg, fekk dei høyre nokon som snøfta og vêra sterkt. Gutane la øyret til og lydde vel etter om det skulle vere dyr eller skogtroll dei høyrde. Men så drog det vêret enda sterkare og sa:

"Det luktar manneblod her!"

Teikning av Erik Werenskiold. Utsnitt

Så høyrde dei nokon steig så tungt at jorda skalv, og så kunne dei vite at trolla var ute.

"Hjelpe oss, kva skal vi gjere no?" sa den yngste guten til bror sin.

"Å, du får bli ståande under fura der du står og vere ferdig til å ta posane og stryke din kos når du ser dei kjem, så skal eg ta vesleøksa," sa den andre.

I det same såg dei trolla kome setjande, og dei var så store og digre at hovuda på dei var jamhøge med furetoppane. Men dei hadde berre eitt auge saman alle tre, og det skifta dei til å bruke. Dei hadde eit hol i panna som dei la det i, og styrte det med handa. Den som gjekk føre, han måtte ha det, og dei andre gjekk etter og heldt seg i den første.

"Legg på sprang!" sa den eldste av gutane; "men fly ikkje for langt, før du ser korleis det går. Sia dei har auget så høgt, har dei vondt for å sjå meg når eg kjem bak dei."

Ja, broren rende føre, og trolla drog etter. Imens kom den eldste guten bak dei og hogg til det bakarste trollet i fotleddet så trollet slo opp eit fælsleg skrik, og det første blei så skremt at det skvatt og sleppte auget. Guten var ikkje sein til å snappe det. Det var større enn om ein hadde lagt i hop to potteskåler, og så klart var det, at enda det var fullmørk natt blei det som lyse dagen når han såg gjennom det.

Då trolla merket at han hadde teke frå dei auget og at han hadde gjort skade på ein av dei, tok dei til å true med alt det vonde som fanst, om han ikkje straks på timen gav dei att auget.

"Eg er ikkje redd for troll og trugsmål," sa guten. "No har eg tre auge aleine, og de tre har ikkje noko, og enda må to bere den tredje."

"Får vi ikkje auget vårt att på timen, skal du bli til stokk og stein!" skreik trolla.

Men guten meinte det gjekk så fort; han var ikkje redd verken for skryt eller trollskap, sa han; fekk han ikkje vere i fred, skulle han hogge til dei alle tre så dei skulle kome til å krabbe langs bakken som kryp og krek.

Då trolla høyrde dette, blei dei redde og tok til å gi gode ord. Dei bad nokså vakkert at han ville gi dei att auget, så skulle han få både gull og sølv og alt han ville ha. Ja, det syntest guten var nokså bra, men han ville ha gullet og sølvet først, og så sa han at dersom ein av dei ville gå heim og hente så mykje gull og sølv at han og broren fekk posane sine fulle, og gi dei to gode stålbogar attpå, så skulle dei få auget, men så lenge ville han ha det.

Trolla bar seg ille, og sa at ingen av dei kunne gå når dei ikkje hadde auget å sjå med; men så gav ein av dei seg til å skrike på kjerringa, for dei hadde éi kjerring i hop alle tre også. Etter ei stund svara det i ein fjelltopp langt nordpå. Så sa trolla at ho skulle kome med to stålbogar og to spann fulle av gull og sølv, og det varte då ikkje lenge før ho var der. Då ho så fekk høyre korleis det var gått til, tok ho også til å true med trollskap. Men trolla blei redde og bad ho skulle ta seg i vare for den vesle vepsen, ho kunne ikkje vere sikker for at han tok auget hennar også. Så kasta ho spanna og gullet og sølvet og bogane til dei, og strauk heim i fjelltoppen med trolla, og sia den tida har ingen høyrt at trolla har gått på Hedalsskogen og lukta etter manneblod.

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2007–2009, Omsetjing og design, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]