Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Reven som gjetar

Det var ein gong ei kone som skulle ut og leige gjetar. Så møtte ho ein bjørn.

"Kor skal du hen?" sa bjørnen.

"Å, eg skal ut og leige meg gjetar", sa kona.

"Vil du ikkje ha meg til gjetar?" spurde bjørnen.

"Jo, berre du kan lokke [1], så -" sa kona.

"Hø-i!" sa bjørnen.

"Nei, deg vil eg ikkje ha", sa kona då ho høyrde det, og gjekk sin veg.

Då ho hadde gått eit stykke, møtte ho ein ulv.

"Kor skal du?" sa ulven.

"Eg skal ut og leige meg gjetar", svarte kona.

"Vil du ikkje ha meg til gjetar?" spurde ulven.

"Ja, kan du lokke, så -" sa kona.

"Uh-uh!" sa ulven.

"Nei, deg vil eg ikkje ha", sa kona.

Då ho hadde gått eit stykke til, møtte ho ein rev.

Rev

"Kor skal du?" sa reven.

"Å, eg skal ut og leige meg gjetar", sa kona.

"Vil du ikkje ha meg til gjetar?" spurde reven.

"Jo, berre du kan lokke, så -" sa kona.

"Dill-dall-holom!" sa reven, så grant og fint.

"Ja, deg vil eg ha til gjetar", sa kona og så sette ho reven til å gjete buskapen sin.

Første dagen reven gjette, åt han opp alle geitene til kona. Den andre dagen gjorde han ende på alle sauane hennar, og tredje dagen åt han opp alle kyrne.

Då han så kom heim om kvelden, spurde kona kor han hadde gjort av buskapen hennar.

"Skallen er i elva og kroppen i holtet [2]", sa reven.

Ho stod nettopp og kinna [3], men ho syntest då ho likevel måtte sjå etter. Og mens ho var borte, smatt reven ned i smørkinna [4] og åt opp fløyten. Då så kona kom heim att og fekk sjå det, blei ho så sint at ho tok det vesle fløytegrannet som var att, og slo det etter reven så han fekk ein skvett på enden av halen. Av dette kjem det at reven har kvit haletipp.

Ord

  1. lokke: kalle, rope til seg.
  2. holt: lite skogstykke, lund, som skogholt, furuholt og granholt.
  3. kinne: halde fløyte (surna til rømme, eller fersk fløyte) i rørsle slik at feittet skil seg ut som smør. I norsk tradisjon bruker ein i hovudsak berre surna fløyte (rømme) til å lage smør, mens andre kulturar bruker frisk råvare, fløyte(mjølk).
  4. smørkinne: reiskap til å kinne (bm: 'kjerne') smør med.

Notar

Manndottera og kjerringdottera

Manndottera til venstre
Fritt etter teikning av T. Kittelsen.

Det var ein gong eit par som hadde gifta seg, og hadde kvar si dotter. Kjerringdottera var lei og lat og ville aldri gjere noko, og manndottera var flink og villig. Men enda kunne ho aldri gjere mora til lags, og både kjerringa og dottera ville gjerne vere kvitt ho. Så skulle dei ein gong sitte ved brønnen og spinne begge to. Kjerringdottera skulle spinne lin, men manndottera fekk ikkje anna enn bust [1]. "Du er no alltid så flink og så ferm du", sa kjerringdottera, "men enda er eg ikkje redd for å spinne om kapp med deg." Ja så blei dei forlikte om at den som tråden først rauk for, skulle i brønnen. Rett som det var, så gjekk tråden av for manndottera, og så måtte ho i brønnen. Men då ho kom til botnen, slo ho seg ikkje. Vidt og breitt omkring såg ho ikkje anna enn ei vakker grøn eng.

Ho gjekk eit stykke bortover enga, så kom ho til eit gjerde av buskar og småtre. Det skulle ho over. "Å, trø ikkje så hardt på meg du", sa risgjerdet, "så skal eg hjelpe deg ein annan gong, eg." Ho gjorde seg så lett som ei fjør og trødde så varsamt at ho nesten ikkje kom nær det ein gong.

Så gjekk ho eit stykke til, så kom ho til ei brannete [2] ku som gjekk med eit mjølkekjerald [3] på horna. Det var ei stor, vakker ku, og juret stod så fullt og stint. "Å, ver så snill og mjølk meg du", sa kua, "for eg er så mjølkesprengd. Drikk så mykje du vil, og hell resten på klauvene mine, så skal eg hjelpe deg att, eg."

Manndottera gjorde som kua bad, og berre ho tok i spenane så spruta mjølka i kjeraldet. Så drakk ho seg utørst, og resten helte ho på klauvene, og kjeraldet hengde ho på horna att.

Då ho hadde gått eit stykke til på enga, møtte ho ein stor sauebukk. Han hadde så tjukk og lang ull at han gjekk og drog ho etter seg, og på det eine hornet hang ei stor saks. "Å, klipp meg du", sa bukken, "for her går eg med all denne ulla og pesar, og det er så varmt at eg er ferdig til å kvelast. Ta så mykje du vil, og vind [4] resten om halsen på meg, så skal eg hjelpe deg att." Ja ho var straks villig, og bukken la seg oppi fanget hennar. Han låg så still og ho klipte han så pent at han ikkje fekk det minste rispet i skinnet ein gong. Så tok ho så mykje ho ville av ulla, og resten virra ho om halsen på bukken.

Litt lenger fram kom ho til eit epletre. Det var så fullt med eple at alle greinene var bøygde mot jorda. Inne ved stammen stod det ei lita stong. "Å ver så snill og plukk epla av meg du", sa det, "så greinene mine kan få rette seg. For det tar på å stå så kroka. Men slå endeleg smått og vart så du ikkje slår meg forderva. Et så mykje du vil, og legg resten innved rota mi, så skal eg hjelpe deg att, eg." Ja, ho plukka dei ho kunne nå, og sidan tok ho stonga og slo ned dei andre forsiktig. Så åt ho seg mett, og resten la ho pent inn til rota.

Så gjekk ho eit langt, langt stykke, og så kom ho til ein stor gard. Der budde ei trollkjerring med dottera si. Der gjekk ho inn og spurde om ho kunne få teneste. "Å, det kan ikkje nytte", sa trollkjerringa. "Vi har hatt mange, men ingen av dei har dugt til noko."

Men ho bad så vakkert at dei endeleg skulle ta ho i teneste. Ja, dei tok ho då også, og så gav trollkjerringa ho eit kasse med holete botn og bad ho hente vatn i det såldet. Ho syntest nok det var urimeleg å hente vatn i eit såld, men ho gjekk likevel. Då ho kom til brønnen song småfuglane:

"Klin i leire,
stikk i strå!
Klin i leire,
stikk i strå!"

Ja, det gjorde ho, og så kunne ho bere vatn i såldet nokså godt. Men då ho kom heim med vatnet og trollkjerringa fekk sjå såldet, sa ho: "Det har du ikkje soge av ditt eige bryst!"

Så sa trollkjerringa ho skulle gå i fjøset og moke og mjølke. Men då ho kom dit, var der ei skuffel så stor og tung at ho ikkje rådde med ho. Ho kunne ikkje lette skufla ein gong. Ho visste no slett ikkje korleis ho skulle bere seg åt, men fuglane song at ho skulle ta limeskaftet og kaste ut litt, så fauk alt det andre etter. Det gjorde ho, og aldri før var det gjort, så var fjøset så reint som det var både moka og sopt. No skulle ho til å mjølke kyrne. Men dei var så urolege, dei både sparka og spente så ho slett ikkje kunne komme til å mjølke dei. Men så song fuglane utanfor:

"Liten streng,
liten sup
til alle småfuglar sprut!"

Ja, det gjorde ho, ho sprøyta ein liten streng av mjølka ut til småfuglane. Så stod alle kyrne stille og let ho mjølke seg, og dei verken spente eller sparka. Dei letta ikkje ein fot ein gong.

Då trollkjerringa såg ho kom inn med mjølka, sa ho: "Det har du ikkje soge av ditt eige bryst! Men no skal du ta denne svarte ulla og vaske ho kvit."

Dette visste jenta no slett ikkje korleis ho skulle bli ferdig med, for ho hadde aldri sett at nokon hadde kunna vaske svart ull kvit. Men enda sa ho ingenting; ho tok ulla og gjekk ut til brønnen med ho. Så song småfuglane at ho skulle ta ulla og ha ho opp i ho store bøtta som stod der, så blei ho nok kvit.

"Nei, nei", sa trollkjerringa då ho kom inn med ulla, "deg nyttar det ikkje å ha, du kan jo gjere kva det skal vere. Du kom til å ergre livet av meg til sist. Det er best du får reisepass [5]."

Så sette trollkjerringa fram tre skrin, eit raudt, eit grønt og eit blått, og så skulle ho få lov til å ta det ho ville, og det skulle vere lønna hennar. Ho visste ikkje kva for eit ho skulle ta, men småfuglane song:

"Ta ikkje det grøne,
ta ikkje det raude;
men ta det blå
som vi har sett
tre kross oppå!"

Ho tok det blå, slik som fuglane song. "Tvi, skam deg også, då!" sa trollkjerringa, "det skal du nok komme til å unngjelde for."

Då manndottera no skulle reise, skaut trollkjerringa ei gloande jernstong etter ho. Men ho smatt bakom døra med det same og gøymde seg så stonga ikkje trefte ho, for småfuglane hadde sagt korleis ho skulle bere seg åt. Ho gjekk no så fort ho kunne, men då ho kom bortover til epletreet, høyrde ho det tok til å dure så i vegen. Det var trollkjerringa og dotter hennar som kom etter. Jenta blei så redd at ho ikkje visste kor ho skulle gjere av seg.

"Kom hit til meg du", sa epletreet, "så skal eg hjelpe deg. Gå under greinene mine og gøym deg, for får dei fatt i deg, så tar dei skrinet frå deg og riv deg i hel."

Ja, det gjorde ho, og rett som det var, så kom kjerringa og dottera.

"Har du sett ei jente gå forbi her, du?" sa trollkjerringa.

"Å ja", sa epletreet, "det sprang éi forbi for ei stund sidan, men ho er så langt borte at du når ho aldri att."

Så snudde trollkjerringa og reiste heim att.

Jenta gjekk eit stykke vidare, men då ho kom bort til bukken, høyrde ho det tok til å dure på nytt så ho ikkje visste kor ho skulle gjere av seg, så redd og fælen blei ho. Ho kunne nok vite det var trollkjerringa att.

"Kom hit til meg du, så skal eg hjelpe deg", sa bukken. "Gøym deg under ulla mi, så ser dei deg ikkje. Elles tar dei skrinet frå deg og riv deg i hel."

Rett som det var, så kom trollkjerringa farande.

"Har du sett ei jente gå forbi her, du?" sa ho til bukken.

"Å ja", sa bukken, "eg såg éi for ei stund sidan, men ho sprang så fort at du tar ikkje ho att."

Så snudde trollkjerringa og reiste heim.

Då jenta hadde komme så langt som til kua, høyrde ho det tok til å dure så i vegen att.

"Kom hit til meg, du", sa kua, "så skal eg hjelpe deg. Gøym deg under juret mitt. Elles kjem trollkjerringa og tar skrinet frå deg og riv deg i hel."

Det varte ikkje lenge før ho kom. "Har du sett ei jente gå forbi her, du?" sa trollkjerringa til kua.

"Ja, eg såg éi for ei stund sidan, men ho er langt borte no, for ho sprang så fort. Ho tar du nok ikkje att", sa kua. Trollkjerringa snudde då og reiste heim att.

Då jenta hadde komme eit langt, langt stykke fram og ikkje var langt frå risgjerdet, høyrde ho det tok til å dure på ny, og ho blei både redd og fælen. Ho kunne nok vite det var trollkjerringa som hadde snudd om att.

"Kom hit til meg du, så skal eg hjelpe deg", sa risgjerdet. "Kryp under kvistane mine så trolla ikkje ser deg, elles tar dei frå deg skrinet og riv deg i hel." Ja, ho inn under kvistane i risgjerdet.

"Har du sett ei jente gå her, du?" sa trollkjerringa til risgjerdet.

"Nei, eg har ikkje sett noka jente", svarte risgjerdet, og var så sint at det knitra av det. Så gjorde det seg så stort at det ikkje var til å tenke på å komme over det. Så blei det ikkje anna råd for trollkjerringa enn å snu og reise heim.

Då manndottera var kommen vel heim, blei både kjerringa og dotter hennar enda meir misunnelege på ho enn dei hadde vore før, for no var ho enda mykje vakrare, og så gild at det var ei lyst å sjå ho. Ho fekk ikkje lov til å vere inne hos dei; dei jaga ho ut i grisehuset. Der skulle ho halde til. Her vaska ho pent og reint, og så lét ho opp skrinet og ville sjå kva det var ho hadde fått i lønn. Med det same ho lét det opp, så var det så mykje gull og sølv og så mange kostelege ting i det, at både veggar og tak blei hengande fulle, og det var mykje finare i grisehuset enn på den gildaste kongsgarden. Då stemora og dottera fekk sjå dette, blei dei reint ute av seg, og gav seg til å grave og spørje om korleis tenesta hadde vore. "Å", sa ho, "de kan nok vite det, sidan eg har fått slik lønn. Det var slike folk og slik ei kone å tene hos at det finst ikkje maken."

Ja, så ville kjerringdottera endeleg av stad og tene så ho også kunne få seg eit slikt gullskrin. Dei sette seg då til å spinne att. Men denne gongen skulle kjerringdottera spinne bust og manndottera lin, og den som tråden først rauk av for, skulle i brønnen. Det varte ikkje lenge før tråden rauk for kjerringdottera, og så kasta dei ho i brønnen.

No gjekk det like eins: Ho fall til botnen, men slo seg ikkje, og så kom ho på ei vakker, grøn eng. Då ho hadde gått eit stykke, kom ho til risgjerdet.

"Trø ikkje hardt på meg, du, så skal eg hjelpe deg att", sa det.

"Å, kva bryr eg meg om ein kvisthaug", sa ho, og gjorde seg tung og trødde på risgjerdet så det knaka i det.

Om litt kom ho til kua som gjekk der mjølkesprengd.

"Ver så snill å mjølke meg du", sa kua, "så skal eg hjelpe deg igjen. Drikk så mykje du vil, men hell resten på klauvene mine."

Ja, det gjorde ho. Ho mjølka kua, og så drakk ho så lenge ho orka. Men så var det ikkje noko igjen å slå på klauvene, og kjeraldet slengde ho bortover bakken.

Då ho hadde gått eit stykke til, kom ho til bukken som gjekk og drog ulla etter seg. "Å, ver så snill og klipp meg du, så skal eg tene deg att, eg", sa bukken. "Ta så mykje av ulla du vil, men vind resten om halsen på meg."

Det gjorde ho, men ho la så uvørde i veg at ho klipte store hòl skinnet, og all ulla tok ho med seg.

Om ei lita stund kom ho til epletreet som stod ganske krokete og bar på epla sine.

"Ver så snill og plukk epla av meg du, så greinene mine kan rette seg, for det røyner slik på [6] å stå kroka", sa epletreet. "Men far varleg, så du ikkje slår meg forderva. Et så mykje du vil, men legg resten pent inntil rota mi, så skal eg hjelpe deg igjen."

Ho plukka av dei næraste, og slo ned med stonga dei ho ikkje kunne nå. Men ho brydde seg ikkje om nokon ting. Ho reiv og slo ned store greiner og åt til ho ikkje orka meir, og så kasta ho resten under treet.

Då ho hadde gått eit lite stykke, kom ho til garden der trollkjerringa budde. Der bad ho om teneste. Trollkjerringa sa ho ikkje ville ha noka tenestejente, for enten dugde dei ikkje til noko, eller også var dei så altfor flinke og snytte ho for det ho hadde. Kjerringdottera gav seg ikkje enda ho, men meinte på ho ville ha teneste, og så sa trollkjerringa at ho skulle ta ho om ho dugde til noko.

Det første ho fekk å gjere, det var å hente vatn i såldet. Ja, ho gjekk til brønnen og helte vatn i såldet, men like så fort som ho helte i, rann det ut att. Så song fuglane:

"Klin i leire,
stikk i strå! Klin i leire,
stikk i strå!"

Men ho brydde seg ikkje om det fuglane song. Ho kasta leire etter dei så dei flaug langt bort, og så måtte ho gå heim att med tomt såld og fekk skjenn og bank av trollkjerringa.

Så skulle ho moke i fjøset og mjølke kyrne, men det var ho no reint for god til, syntest ho. Likevel gjekk ho då til fjøset. Men då ho kom dit, kunne ho slett ikkje rå med skufla, så stor var ho. Fuglane sa det same til ho som til manndottera: ho skulle ta sopelimen og kaste ut litt, så flaug alt det andre etter. Men ho tok limen og kasta etter fuglane. Då ho skulle mjølke, var kyrne så urolege at dei spente og sparka, og kvar gong ho hadde fått litt i kjeraldet, slo dei det over ende. Fuglane song:

"Liten streng,
liten sup
til alle småfuglar sprut!"

Men ho dengde og slo kyrne, kasta og slengde alt ho kom over etter fuglane, og bar seg så det var reint usømmeleg [7]. Og ho fekk då heller ikkje moka eller mjølka. Då ho så kom inn, fekk ho både hogg og skjenn av trollkjerringa. Og så skulle ho vaske den svarte ulla kvit, men det gjekk ikkje likare med det.

Dette syntest trollkjerringa var for ille, og så sette ho fram tre skrin, eit raudt, eit grønt og eit blått, og sa at ei slik tenestejente hadde ho ikkje bruk for, ho dugde ikkje til nokon verdens ting. Men til lønn skulle ho likevel få lov å ta det skrinet ho ville. Då song fuglane:

"Ta ikkje det grøne,
ta ikkje det raude;
men ta det blå,
som vi har sett
tre kross oppå!"

Ho brydde seg ikkje om det fuglane song, men tok det raude, som det glodde mest av. Så gav ho seg på heimvegen. Og ho fekk gå i god ro og mak. Det var ingen som sette etter ho.

Då ho kom heim, blei det stor glede på mora, og dei gjekk straks på timen inn i storstua og sette skrinet der, for dei trudde at det ikkje var anna enn gull og sølv i det, og dei tenkte at både veggar og tak skulle bli forgylte. Men då dei opna skrinet, så yrte det ut berre ormar og padder, og når kjerringdottera lét opp munnen, så var det like eins: det velta ut både ormar og padder og all styggedom som tenkast kunne, så det var uråd å vere i hus med ho til sist. Det var lønna ho fekk for ho hadde vore lei av seg.

Ord

  1. bust: stridt og stivt hår; grovt hår på dyr.
  2. brannete: med mønster, striper; med figurar, flammete.
  3. kjerald og kjørel: bøtte, kanne, fat, dunk, potte.
  4. vinde: tvinne; rulle eller vikle garn, tråd eller liknande opp på vinde (hespetre).
  5. reisepass: uvennleg oppseiing; avskil.
  6. røyne på: ta på, slite; plage.
  7. usømmeleg: (her stod ulikt, som tyder uhøveleg; usømmeleg, urimeleg, sjukleg, annleis, og anna.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]