NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Kjerringa mot straumen

Det var ein gong ein mann som hadde ei kjerring, og ho var så tverr og vrang at det var ikkje godt å vere i lag med henne; mannen, han hadde no slett ingen utveg med henne; det han ville, ville ho støtt tvert imot. Så var det ein søndag utpå sommaren at mannen og kona gjekk ut og skulle sjå korleis åkeren stod.

Då dei kom til ein åker på den andre sida av elva, sa mannen: "Ja, no er det modent, i morgon får vi til å skjere."

"Ja, i morgon kan vi ta til å klippe han," sa kjerringa.

"Kva for noko, skal vi klippe? Skal vi ikkje få lov til å skjere heller no?" sa mannen.

Nei, klippe den skulle dei, meinte kjerringa.

"Det er aldri verre enn lite å vite," sa mannen; "men du må vel ha gått frå det vesle vettet du har hatt og no har du sett at nokon har klipt åkeren, du?" sa han.

Kjerringa sa, "Det veit eg visst, at åkeren skal ein klippe, og ikkje skjere," sa ho. Det var ikkje å snakke om det, klippe skulle dei.

Så gjekk dei bortetter og krangla og tretta, til dei kom på brua over elva, like ved ein djup høl.

"Eit gammalt ord seier at godt reiskap gjer godt arbeid," sa mannen, "men det trur eg nok skal bli ein rar skurd som dei klipper med sauesaks," sa han. "Skal vi slett ikkje få lov å skjere åkeren no då?"

"Nei, nei - klippe, klippe, klippe!" ropte kjerringa, hoppa opp og klipte med fingrane etter nasen på mannen. Men i ilska akta ho seg ikkje, og så snåva ho i ein stokkande på brua og dumpa i elvar

"Gammal vane er vond å vende," tenkte mannen, "men det skulle vere snodig om eg ikkje fekk rett ein gong, eg òg."

Han la ut i hølen, og fekk tak i hårtoppen på henne, så vidt ho fekk hovudet over vatnet. "Skal vi så skjere åkeren?" sa han.

"Klippe, klippe, klippe!" skreik kjerringa.

"Ja, eg skal lære deg å klippe eg," tenkte mannen og dukka henne under. Men det hjelpte ikkje, dei skulle klippe, sa ho då han tok henne opp att.

"Eg kan ikkje anna tru enn at kjerringa er galen," sa mannen ved seg sjølv. "Mang ein er galen, og veit det ikkje, mang ein har vett, og når det ikkje; men eg får no freiste ein gong til likevel," sa han. Men han hadde ikkje før fått henne under, før ho sette handa opp over vatnet, og til å klippe med fingrane som ei saks. Då blei mannen storsint og dukka henne både vel og lenge. Men rett som det var, seig handa ned under vass-skorpa, og kjerringa blei så tung med eitt at han måtte sleppe taket.

"Vil du dra meg ned i hølen til deg også no, så kan du liggje der, ditt troll," sa mannen. Og så blei kjerringa.

Men då det lei om litt, syntest han det var ille at ho skulle liggje der og ikkje kome i kristen jord, og så gjekk han ned langs med elva og leita og sokna etter henne. Men alt det han leitte og alt det han sokna, så fann han henne ikkje. Han fekk med seg gardsfolket og andre folk frå grannelaget, og dei gav seg til å grave og sokne nedetter heile elva alle i hop; men alt det dei leita, så fann dei inga kjerring.

"Nei," sa mannen, "det kan nok ikkje nytte dette. Denne kjerringa var no ei kjerring for seg sjølv ho," sa han. "Mens ho levde, var ho så reint på tverke, og ho kan vel ikkje vere annleis no heller; vi får til å leite oppetter og freiste ovafor fossen; kanskje ho har fløytt seg oppetter."

Å ja, dei gjekk oppetter og leita og sokna ovanfor fossen. Der låg kjerringa, det var rett nok. Det var kjerringa mot straumen det.

OPP


Haren som hadde vore gift

Hare frå Spania

Det var ein gong ein hare som var ute og gjekk i det grøne. "Å, hurra, hei og hopp!" skreik han, hoppa og sprang, og rett som det var, gjorde han eit rundkast bortetter og stod på to bein i alt som grodde.

Så kom det ein rev luskande.

"God dag, god dag!" sa haren. "Eg er så glad i dag, for di eg har vore gift, skal du vite," sa haren.

"Det var vel det då," sa reven.

"Å, det var ikkje så vel heller, for ho hogg og svinga hardt med horna, og så var det eit troll til kjerring eg fekk," sa han.

"Det var ille det då," sa reven.

"Å, det var ikkje så ille heller," sa haren, "for eg fekk rikdom med henne, ho hadde ei stove."

"Det var då vel det," sa reven.

"Å, det var ikkje så vel heller," sa haren, "for stua brann opp, og alt det vi åtte."

"Det var då rett ille," sa reven.

"Å, det var ikkje så ille likevel," sa haren, "for ho brann opp, kjerringa også."

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]