![]() |
Asbjørnsen og Moe
| ||||||||||||||||||||||||
|
Dokka i graset
Då han hadde kome dit ned, sat dokka i graset på ein stol; ho var så herleg og pynta, og så spurde ho Oskeladden kor han skulle, og kva for ærend han reiste i. Han fortalde at det var tolv brør av dei, og at kongen hadde gitt dei hest og rustning og sagt at dei skulle reise ut i verda og finne seg ei kone, og ho skulle kunne spinne og veve og sy ei skjorte på éin dag; "men vil du gjere det, og du vil bli kona mi, så vil eg ikkje reise lenger," sa Oskeladden til dokka i graset. Jo, det ville ho gjerne, og ho skunda seg med å få spunne, vove og sytt skjorta, men den blei så for-ørande lita, ikkje lenger enn som så -- Denne skjorta reiste no Oskeladden heim med; men då han kom fram med den, var han skamfull for at den var så liten; likevel sa kongen at han skulle få henne, og så reiste Oskeladden lystig og glad tilbake for å hente den vesle kjærasten sin. Då han kom til dokka i graset, ville han ta henne opp på hesten til seg; men nei, det ville ho ikkje; ho sa ho ville sitje og køyre i ei sølvskei, og ho hadde sjølv to små kvite hestar som skulle dra henne. Så reiste dei av stad, han på hesten og ho i sølvskeia, og hestane som drog henne, var to små kvite mus. Men Oskeladden heldt seg alltid på den andre sida av vegen, for han var redd han skulle kome til å ri inn på henne, ho som var så ørliten. Då dei hadde kome eit stykke på vegen, kom dei til eit stort vatn, der blei hesten til Oskeladden sky, skvatt over på den andre sida av vegen og velta skeia så dokka i graset fall i vatnet. Oskeladden blei så ille ved, han visste ikkje korleis han skulle få henne opp att; men om litt kom det opp ein havmann med henne, og no var ho blitt likså stor som eit anna vakse menneske, og mykje herlegare enn ho var før. Så sette han henne framfor seg på hesten og rei heim.
Då Oskeladden kom der, var også alle brørne hans komne med kvar sin kjæraste; men dei var så stygge og fæle og så slemme at dei hadde vore i luggen på kjærastane sine på vegen. På hovudet hadde dei hattar som var måla med tjøre og sot, og så hadde det rent av hattane ned over fjesa deira så dei var blitt enda styggare og fælare. Då brørne fekk sjå kjærasten til Oskeladden blei dei misunnelege på han alle saman; men kongen blei så glad i dei begge at han jaga alle dei andre på dør, og så heldt Oskeladden bryllaup med dokka i graset, og sia levde dei både godt og vel i lang, lang tid, og er dei ikkje døde, så lever dei enno.
Husmusa og fjellmusa
"Signe arbeidet!" sa husmusa; "skal eg treffe slekt her så langt ute i bygda?" sa ho. "Det var så det," sa fjellmusa. "Du sankar nøtter du, og dreg til hus," sa husmusa. "Eg er nøydt til det, om vi skal ha noko å leve av til vinteren," sa fjellmusa. "Nøtteklasane er store, og nøtta er full i år, så det kan monne i svolten skrott," sa husmusa. "Det er vel det," sa fjellmusa, og fortalde om at ho levde vel og hadde det godt. Husmusa meinte ho hadde det betre; men fjellmusa blei ved sitt, og sa at det var ingenstad så godt som i skogen og fjellet, og ho hadde det sjølv best. Husmusa sa at ho hadde det best, og dette kunne dei ikkje bli sams om. Til sist lovde dei at dei skulle kome til kvarandre i jula, så dei fekk sjå og smake kven som hadde det best. Husmusa var den som først skulle fare i julegjestebod. Ho fór gjennom skog og djupe dalar, for enda fjellmusa hadde flytta ned til vinteren, var vegen både lang og tung; det bar imot, og snøen var djup og laus, så ho blei både trøytt og svolten før ho kom fram. "No skal det vere godt å få mat," tenkte ho då ho var framme. Fjellmusa hadde krafsa i hop nokså bra: det var nøttekjernar og sisselrøter og andre slags røter, og mykje anna godt som veks i skog og mark, og det hadde ho i eit hòl djupt nedi jorda så det ikkje fraus, og tett ved var ei oppkome som var opa heile vinteren så ho kunne drikke så mykje vatn ho ville. Det var nok av det som var, og dei åt både godt og vel; men husmusa syntest det var ikkje meir enn nødvendig kost. "Med dette kan ein livnære seg," sa ho, "men det er ikkje hyggjeleg, er det. No får du vere så snill å kome til meg og smake korleis vi har det," bad ho. Ja, det skulle fjellmusa, og det varte ikkje lenge før ho kom. Då hadde husmusa samla saman av all den julekosten som kona i huset hadde spilt mens ho gjekk og var ør i juletida: det var ostesmular og smørbitar og talg, og lefsesmule og rømmebrød og mykje anna godt. I spillfatet under tønnetappen hadde ho drukke nok, og heile stua var full av all slags godmat. Dei åt og levde vel, og det var nesten ingen botn i fjellmusa; slik kost hadde ho aldri smakt. Så blei ho tørst, for maten var både sterk og feit, sa ho, og no måtte ho drikke ein gong. "Det er ikkje langt etter ølet, her skal vi drikke," sa husmusa og sprang opp på kanten av spillfatet og drakk seg utørst; men ho drakk ikkje meir heller, for ho kjende juleølet og visste det var sterkt. Men fjellmusa syntest det var ein herleg drikk, ho hadde aldri smakt anna enn vatn, og tok den eine supen etter den andre; men ho kunne seg ikkje med sterkt drikke; så blei ho drukken før ho kom ned av koppen, og så blei ho ør i toppen og fekk det i føtene så ho tok til å renne og springe frå den eine øltønna og opp på den andre, og til å danse og tumle på hyllene mellom koppar og krus, og knistre og pipe som ho både var full og galen, og full var ho då også. "Du må ikkje bere deg som du var komen ut av berget i dag," sa husmusa; "gjer ikkje slik styr og hald ikkje slikt leven; vi har slik hard fut her," sa ho. Fjellmusa sa ho akta verken fut eller fant. Men katta sat på kjellarlemmen og lurte og høyrde både snakket og ståket. Med det same kona skulle ned og tappe i ei ølskål og ho letta på lemmen, smatt katta ned i kjellaren og slo kloa i fjellmusa; det blei ein annan dans det. Husmusa smatt inn i holet sitt, og sat trygg og såg på at fjellmusa blei fastande med eitt, då ho kjende kattekloa. "Å kjære fut, å kjære fut, ver nådig, spar livet mitt, skal eg fortelje deg eit eventyr," sa ho. "Kom med det!" sa katta. "Det var ein gong to små mus," sa fjellmusa, og peip så seint og ynkeleg, for ho ville dra det ut så langt ho kunne. "Så var dei ikkje aleine," sa katta, både kort og tvert. "Så hadde vi ei steik vi skulle steikje oss." "Så svalt de ikkje," sa katta. "Så sette vi den ut på taket, så den kunne svale seg vel," sa fjellmusa. "Så brende du deg ikkje," sa katta. "Så kom reven og kråka og tok og åt den," sa fjellmusa. "Så et eg deg!" sa katta. Men i det same smelte kjerringa att kjellarlemmen, så katta blei redd og slapp taket. Og vips! var fjellmusa oppe i hòlet til husmusa. Derfrå var det ein gang ut i snøen, og fjellmusa var ikkje sein om å kome på heimvegen. "Dette kallar du å ha det vel, og seier at du lever best?" sa ho til husmusa. "Gud glede meg med mindre då, framfor slik ein stor gard og slik ein hauk til fut! Det var jo så vidt eg slapp med livet." Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||