![]() |
Asbjørnsen og Moe | |||||
| 13 1 3 | ||||||
|
Hanen og hønaHøna: "Du lovar meg sko, år for år, år for år, og eg får ingen sko." Hanen: "Du skal nok få sko!" Høna: "Eg verp egg, og eg gjer godt, og enda må eg gå her berrføtt!"
Hanen: "Så ta egga dine og reis til byen og kjøp deg sko, og gå ikkje lenger berrføtt!"
Kvar synest best om sine barnDet var ein gong ein skyttar som var ute i skogen; så møtte han myrsnipa. "Kjære vene, skyt ikkje barna mine!" sa myrsnipa. "Kva er det for nokon som er barna dine då?" spurde skyttaren. "Dei vakraste barn som i skogen går, er mine!" svara snipa. "Eg får vel ikkje skyte dei då," sa skyttaren. Men då han kom tilbake, hadde han i handa eit heilt knippe myrsniper som han hadde skote. "Au, også! Korfor skaut du barna mine likevel då!" sa snipa. "Var det barna dine dette?" spurde skyttaren - "Eg skaut dei styggaste eg fann, eg." "Å ja!" svara snipa, "Veit du ikkje at kvar synest best om sine barn?"
|
|
|
|
© 20082011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |