Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Slepp granrot og ta i revefot

Det var ein gong ein bjørn som sat i ein solbakke og sov. I det same kom det ein rev luskande forbi og fekk sjå han.

"Sit du der og latar deg, bestefar", sa reven. "No skal eg spele deg eit puss", tenkte Mikkel med seg sjølv. Så fann han tre skogmus og la på ein stubbe tett under nasen på bjørnen. "Buh, bamse, Per skyttar ligg bak stubben!" skreik han like inn i øyret på bjørnen, og tok til beins bort gjennom skogen.

Det var ein gong ein bjørn -

Bjørnen bråvakna, og då han såg dei tre musene, blei han så sint at han letta på labben og ville legge til dei, for han trudde det var dei som hadde skrike inn i øyret på han. Men så fekk han sjå halen til Mikkel [1] mellom buskene borte i skogkanten, og la av stad så det braka i småskogen, og bamsen var så nær etter Mikkel at han fekk tak i den høgre bakfoten på han i det same han skulle smette ned i ein gang under ein granrot. Der sat Mikkel i klemma, men rådlaus var han ikkje, han skreik:

"Slepp granrot og ta i revefot!" og så sleppte bjørnen. Men då lo reven langt inne i hòlet og sa:

"Lurte eg deg ikkje den gongen også, bestefar!"

"Gøymt er ikkje gløymt", sa bjørnen, og var vill.

Ord

  1. Mikkel (skjemtande:) namn på reven. Opphavet er det hebraiske Mikael. Mikkel får ofte rolla som listig lurendreiar og svinepels i europeiske fablar, og ein finn han framstilt slik både i litteratur og folklore. På fransk og engelsk kallast Mikkel for Reynard, på finsk for Mikko.

Notar

Bjørnen og reven veddar om flesk og humlebol

Om morgonen den andre dagen kom bjørnen gåande over myra med ein gjøgris: Mikkel sat høgt oppe på ein stein ved myrbredda.

"God dag, bestefar", sa reven. "Kva er det for godt du har der?" sa han.

"Flesk", sa bjørnen.

"Eg har også litt munngodt", sa reven.

"Kva er det?" sa bjørnen.

"Det er det største humlebolet eg noka tid har funne", sa Mikkel.

"Jaså", sa bjørnen, og grein og sikla, så godt syntest han det skulle vere å få litt honning. "Skal vi byte kost?" sa han.

"Nei, det gjer eg ikkje", sa Mikkel.

Men så gjorde dei veddemål, og blei forlikte om at dei skulle nemne tre slags tre. Kunne reven seie det fortare enn bjørnen, skulle han få lov til å bite éin gong av flesket. Men dersom bjørnen kunne seie det fortare, skulle han få lov til å suge éin gong av humlebolet. Han skulle nok greie å suge i seg all honningen i eitt drag, tenkte bjørnen.

"Ja", sa reven, "det er både godt og vel alt saman, men det seier eg, at vinn eg, skal du vere pliktig til å rive av busta der eg vil bite", sa han.

"Ja nok, eg får vel hjelpe deg, sidan du ikkje orkar sjølv", sa bjørnen.

Så skulle dei til å nemne opp trea.

"Toll, furu, tyri!" brumma bjørnen – grov i målet var han. Men dette var berre eitt tre, for toll er ikkje anna enn furu, det heller.

"Ask, or, eik!" skreik reven såg det gnall i skogen.

Så hadde han vunne, og han fór ned og tok hjartet ut av grisen i éin bit, og ville springe. Men bjørnen blei arg for at han tok det beste på heile grisen, og fekk fatt i svansen på han og heldt han.

"Vent litt", sa bjørnen, og var vill.

"Ja, det er det same, bestefar, vil du sleppe meg, skal du få smake på honningen min", sa reven.

Då bjørnen høyrde det, så sleppte han taket, og reven opp etter honningen.

"Her på dette humlebolet", sa Mikkel, "held eg eit lauvblad, og under det lauvbladet er det eit hòl som du kan suge gjennom", sa han, og i det same heldt han humlebolet opp under nasen på bjørnen, tok vekk lauvbladet, hoppa opp på steinen og sette seg til å glise og le, for det var verken humlebol eller honning, det var eit kvefsereir så stort som eit mannehovud, og fullt med kvefs. Kvefsane yrte ut og stakk bjørnen i auga og øyra og i munnen og på snuten. Og han fekk så mykje å gjere med å kare dei av seg at han ikkje hadde stunder til å tenke på Mikkel.

Frå den dagen er det at bjørnen er så redd kvefsen.

Notar

Bjørnen og reven skulle ha åker i lag

Det var ein gong bjørnen og reven skulle ha åker i sameige. Dei hadde ein liten bråte oppi skogen, og det første året sådde dei rug. "No får vi dele som rett er", sa Mikkel. "Vil du ha rota, så tar eg toppen, sa" han. Ja, det ville bjørnen. Men då det hadde treska, fekk reven korn, og bjørnen fekk ikkje anna enn trevlar. Bamsen likte ikkje dette, men reven sa det var slik som dei var forlikte om. "I år er det eg som har vinninga", sa reven, "Eit anna år er det du; då skal du ha toppen, og eg får blir nøgd med rota."

Men då våronna kom, spurde Mikkel kva bjørnen meinte om neper. Jo, det var betre kost enn korn, sa han, og det meinte reven òg. Då hausten kom, tok reven nepene, og bjørnen fekk kålen. Men då blei bamsen så harm at han skilte lag med Mikkel med det same.

Notar

Mikkel vil smake hestekjøt

Så var det ein dag bjørnen låg og åt på ein hest han hadde slått i hel. Då var Mikkel ute att, kom luskande og sikla etter ein godbit av hestekjøtet. Han gjorde krikar og krokar til han kom bakanfor bjørnen, så tok han til sprangs på den andre sida av hesteskroget, og nappa ein jafs med det same han rende forbi. Bamsen var ikkje sein heller, han slo etter Mikkel så han fekk tippen av den raude halen i labben sin, og sidan den tida har reven kvit haletipp.

"Vent no, Mikkel, og kom hit", sa bjørnen, "så skal eg lære deg å fange hest." Ja, det ville Mikkel gjerne lære, men han gjekk ikkje nærare enn han trudde seg trygg. "Når du ser det ligg ein hest i ein solbakke og søv", sa bjørnen, "så skal du binde deg vel fast med taglet [1] i rova, og hogge tennene i låret på hesten", sa han.

Det varte ikkje lenge før reven fann seg ein hest som låg og sov i solbakken, kan du vel vite, og så gjorde han som bjørnen hadde sagt, han vikla og batt seg vel inn i hestetaglet, og hogg tennene i låret på hesten. Og hesten spratt opp, og til å slå og renne, så Mikkel slang både mot stokk og mot stein, og blei så skamslått og møyrbanka at han ikkje var langt frå å miste både sans og samling.

Rett som det var, fór dei forbi ein hare.

"Kor skal du hen, som fer så fort, Mikkel?" sa haren.

"I skyssferd, kjære Jens!" sa reven.

Og haren sette seg opp på to bein og lo så godt at kjeften sprakk like opp til øyra, for at Mikkel fór så gildt i skyss.

Men sidan den skyssferda har ikkje reven tenkt på å fange hest. Den gongen var det bjørnen som var ful [2]; elles seier dei han er godtruen som trolla.

Ord

  1. tagl, hestetagl: langt og stivt hår (i hestehale)
  2. ful: utspekulert, lur, sløg, lei, falsk.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]