NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Herreper

Det var ein gong eit par fattige folk; dei hadde ingenting utan tre søner. Kva dei to eldste heitte, veit eg ikkje, men den yngste heitte Per.

Då foreldra var døde, skulle barna arve dei, men det var ikkje anna å få enn ei gryte, ei rund jernplate til å steike flatbrød på og ei katte. Den eldste, som skulle ha det beste, han tok gryta. "Når eg låner bort gryta, så får eg alltid lov å skrape den," sa han. Den andre tok bakstehella, "for når eg låner bort denne takka, får eg alltid ei smakelefse," sa han. Men den yngste, han hadde ikkje noko å velje imellom; ville han ha noko, så måtte det bli katta. "Om eg låner bort katta, så får eg ikkje noko for henne eg," sa han; "får katta ein mjølkeskvett, så vil ho ha den sjølv. Men eg får ta henne med likevel; det er synd ho skal gå her og setje til."

Så drog brørne ut i verda for å prøve lykka, og kvar tok sin veg.

Men då den yngste hadde gått ei stund, sa katta: "Du skal nok få like for det du ikkje ville eg skulle bli att i den gamle stua og setje til. No skal eg gå bort i skogen og få fatt på nokre rare dyr; så skal du gå opp på kongsgarden som du ser der borte, og seie at du kjem med ei lita sending til kongen. Når han så spør kva den er frå, skal du seie den er frå han Herreper."

Per hadde ikkje venta lenge før katta kom med eit reinsdyr frå skogen; ho hadde floge opp i hovudet på reinsdyret og sett seg mellom horna på det. "Går du ikkje like til kongsgarden, så klorer eg ut auga på deg," sa ho, og så torde ikkje reinsdyret anna.

Då no Per kom til kongsgarden, gjekk han inn på kjøkkenet med reinsdyret og sa: "Eg kjem nok med ei lita sending til kongen eg, om han ikkje vil forsmå den."

Kongen kom ut på kjøkkenet, og då han såg det store gilde reinsdyret, blei han vel glad. "Men kjære vennen min! kven er det som sender meg så gjæv ei sending då?" sa kongen.

"Å, den kjem frå Herreper," sa guten.

"Han Herreper?" sa kongen; "kor skal eg no seie han bur henne?" - for han syntest det var skam han ikkje skulle kjenne så bra ein mann.

Men det ville guten slett ikkje ut med; han torde ikkje det for husbonden sin, sa han. Så gav kongen Per mange drikkepengar, og bad han helse så flittig heime og seie mang takk for sendinga.

Den andre dagen gjekk katta til skogs att, og flaug opp i hovudet på ein hjort, sette seg mellom auga på den og truga den til å gå til kongsgarden. Der gjekk Per inn på kjøkkenet med den att, og sa at han nok kom med ei lita sending til kongen, om han ikkje ville forsmå den. Kongen blei enda gladare for hjorten enn han hadde vore for reinsdyret, og spurde igjen kva den var som kunne skikke han så gjæv ei sending. "Den er frå Herreper," sa guten; men då kongen ville vite kor Herreper budde, fekk han same svaret som dagen før, og denne gongen fekk Per enda fleire drikkepengar.

Tredje dagen kom katta med ein elg. Då Per kom inn på kjøkkenet i kongsgarden, sa han at han hadde enda ei lita sending til kongen, om han ikkje ville forsmå den. Kongen kom ut i kjøkkenet med éin gong, og då han fekk sjå den store gilde elgen, blei han så glad at han ikkje visste kva for ein fot han skulle stå på, og den dagen gav han Per enda fleire drikkepengar; det var visst hundre dalar. Han ville endeleg vite kor Herreper budde, og grov og spurde både om det eine og det andre; men guten sa at han slett ikkje torde seie det for husbonden sin, for han hadde nekta det, og det både stridt og strengt.

"Så be han Herreper at han ser innom til meg," sa kongen.

Ja, det skulle guten gjere, sa han.

Men då han kom ut av kongsgarden igjen og trefte katta, så sa han: "Jo, du har stelt meg på eit godt trav du; no vil kongen eg skal besøkje han, og eg har jo ikkje anna enn dei fillene eg står og går i."

"Å ver ikkje redd for det," sa katta; "om tre dagar skal du få hestar og vogn og så gilde klede at gullet skal drype av deg; så kan du nok besøkje kongen. Men kva du enn ser hos kongen, skal du seie du har det mykje gildare og finare heime; det må du ikkje gløyme."

Nei, det skulle nok han Per kome i hug, meinte han.

Då no dei tre dagane var omme, kom katta med vogn og hestar og klede og alt Per trengde; alt saman var så gildt at ingen hadde sett slikt før. Så reiste han, og katta sprang med. Kongen tok både godt og vel imot han; men kva kongen baud han og kva han viste han, så sa Per det kunne vere bra nok, men han hadde det enda finare og gildare heime. Kongen likte ikkje dette meir enn som så; men Per blei ved sitt; og til sist blei kongen så sint at han kunne ikkje styre seg lenger. "No vil eg vere med deg heim," sa kongen, "og sjå om det er sant at du har det så mykje betre og gildare. Men lyg du, så nåde deg, eg seier ikkje meir, eg!"

"Jo, du har stelt meg på eit godt trav," sa Per til katta, "No vil kongen vere med meg heim; men heimen min, den er nok ikkje grei å finne den."

"Å, bry deg ikkje om det," sa katta; reis du berre etter, der eg spring føre."

Så reiste dei, først Per, som køyrde etter der katta laupte føre, og så kongen med alle sine.

Då dei no hadde køyrt eit godt stykke, kom dei til ein stor, diger flokk med vakre sauer; dei hadde ull så lang at den mest nådde bakken.

"Vil du seie at den saueflokken er hans Herreper når kongen spør deg, skal du få denne sølvskeia," sa katta til gjetaren.

Ja, det skulle han gjerne gjere.

Då så kongen kom, sa han til gjetarguten: "No har eg aldri sett så stor og vakker ein saueflokk! Kven eig den, vesle guten min?"

"Det er Herreper," sa guten.

Om litt igjen kom dei til ein stor flokk med vakre, brannete kyr; dei var så feite at det glinsa i dei.

"Vil du seie at den bølingen er hans Herreper, når kongen spør deg, skal du få denne sølvausa," sa katta til gjetarjenta. Han hadde med seg litt av kvart.

"Ja, gjerne det," sa gjetarjenta.

Då så kongen kom, blei han reint forundra over den store, gilde bølingen; for så vakker ein bøling syntest han aldri han hadde sett før, og så spurde han jenta som gjekk og gjette, kven som åtte den brannete buskapen der.

"Å, det er Herreper," sa jenta.

Så reiste dei litt igjen: og så kom dei til ein stor, stor flokk med hestar. Det var dei vakraste hestar ein kunne sjå, store og feite, og seks av kvar lett, både raude og blakke og blå.

"Vil du seie at den hestedrifta er hans Herreper, når kongen spør deg, skal du få dette sølvstaupet," sa katta til gjetaren.

Ja, det ville han nok, sa guten.

Då så kongen kom, blei han reint opp i under over den store gilde hestedrifta; for slike hestar hadde han aldri sett maken til, sa han. Han spurde då gjetarguten kven dei raude og blakke og blå hestane høyrde til.

"Det er nok han Herreper," sa guten.

Då dei hadde reist eit drygt stykke til, kom dei til eit slott. Først var det ein port av massing, så ein av sølv, og så ein av gull; sjølve slottet var av sølv og så blankt at det skar i auga, for sola skein på det med det same dei kom. Der gjekk dei inn, og der sa katta at Per skulle seie han budde. Inni var slottet enda gildare enn utapå; allting var av gull, både stolar og bord og benkar. Då kongen no hadde gått omkring og sett på alt, både høgt og lågt, blei han reint skamfull. "Jo, han Herreper har det gjævare enn eg, det kan ikkje nytte å nekte for det," sa han; og så ville han til å reise att. men Per bad han vente og ete til kvelds med seg, og det gjorde kongen, men sur og gretten var han heile tida.

Mens dei sat til bord sin, kom trollet som åtte slottet og banka på porten.

"Kven er det som et maten min og drikk mjøden min som svin her inne?" ropte trollet.

Straks katta høyrde han, sprang ho ut til porten.

"Vent litt, så skal eg fortelje deg korleis bonden ber seg åt med vinterdoggen," sa katta. "Først så køyrer bonden åkeren sin," sa ho; "så spreier han møkk, og så køyrer han den att."

Med det same så rann sola.

"Sjå deg om, skal du få sjå den vakre, herlege jomfrua bak deg!" sa katta til trollet.

Så snudde trollet seg, så fekk det sjå sola, og så sprakk det.

"No er alt dette ditt," sa katta til Herreper; "og no skal du hogge hovudet av meg, du; det er det einaste eg krev av deg for det eg har gjort for deg."

"Nei," sa Herreper, "det vil eg slett ikkje gjere."

"Jo," sa katta, "gjer du ikkje det, så klorer eg ut auga på deg."

Ja, så måtte Herreper gjere det, så nødig han ville: han hogde hovudet av katta.

Men med det same blei ho til den herlegaste kongsdottera som nokon ville sjå for auga sine ,så Herreper blei reint hugteken av henne.

"Ja, denne herlegdommen har vore min før," sa kongsdottera, "men trollet der har forgjort meg så eg måtte vere katt hos foreldra dine. No får du gjere det du vil, om du vil ta meg til dronning eller ikkje; for no er du konge over heile riket," sa kongsdottera.

Å jo, det kan vel hende at Herreper ville ha henne til dronning. Så blei det bryllaup og gjestebod i åtte dagar, og så var eg ikkje med Herreper og dronninga hans lenger, eg.

OPP


Verda lønar ikkje annleis

Hane
"Eg låg her oppe og sola meg," sa draken.

Det var ein gong ein mann som gjekk til skogs og skulle hogge hesjestaurar. Men han fann ikkje skog som var så lang og rak og tettvaksen som den skulle vere, før han kom høgt opp under eit ur. Der høyrde han jammer og skrik, som éin var i livsnød. Så gjekk han bort og skulle sjå kva det var, om det var nokon som trengde hjelp, og så høyrde han det var under ei stor helle som låg i ura; den var så tung at det skulle mange mann til å lette på den. Men mannen gjekk ned i skogen att, fekk hogt eit tre som han gjorde ei lyftestong, og med den fekk han opp steinhella.

Under hella kom det fram ein drake som ville ete opp mannen. "Ja så," sa mannen, "No frelste eg livet ditt, og så vil du ete meg opp for umaken; den var skammeleg utakk," sa han.

"Kan så vere," sa draken; "men du kan vel skjøne at eg er svolten, eg som har lege her i hundre år og ikkje smakt kjøt, og annleis lønar ikkje verda heller."

Mannen snakka vel for seg og bad vakkert for livet, og så blei dei einige om at den første som kom, skulle dei ta til oppmann, og dømde han annleis, skulle ikkje mannen miste livet, men sa han den same som draken, skulle draken få ete mannen.

Den første som kom, var ein gammal hund som gjekk nedpå vegen bortunder lia. Han talde dei til, og han skulle vere dommar.

"Gud skal vite eg har tent herren min tru frå eg var ein liten kvalp," sa hunden. "Eg har vakt mang ei natt og mang ei stund mens han har lege på sitt grøne øyre, og eg har fridd gard og gods frå eld og tjuvehand meir enn éin gong. Men no kan eg verken sjå eller høyre lenger; og no vil han skyte meg så eg må rømme, og slenge gardimellom og lukte og tigge meg fram til eg døyr av svolt. Nei, verda lønar ikkje annleis!" sa hunden.

"Så et eg deg!" sa draken og ville sluke mannen att.

Men mannen snakka vakkert for seg og bad tynt for livet, og til slutt blei dei då forlikte om at den neste som kom, skulle dei ta til oppmann; og sa han det same som draken og hunden, skulle draken få ete opp han og få seg eit måltid mannekjøt, men sa han ikkje det, skulle mannen kome frå det med livet.

Så kom det ein gammal hest rekande nedpå vegen som gjekk langsmed lia. Han talde dei til, og bad han om døme imellom dei. Ja, det skulle han då gjere.

"No har eg tent herren min så lenge eg har kunne dra og berre," sa hesten; "eg har træla og strevd for han så sveitten har trilla av kvart hår, og eg har strevd trutt til eg blei stiv og støl og utsliten av arbeid og alderdom; no duger eg ikkje meir, no kan eg ikkje gjere nytte for føda, og no skal eg ha ei kule, seier han. Nei, verda lønar ikkje annleis!" sa hesten.

"Ja, så et eg deg!" sa draken, den slo gapet på vid vegg og ville til å sluke mannen.

Han bad så vakkert for livet sitt att.

Men draken ville ha seg ein jafs med menneskekjøt, sa han; han var så svolten at han ikkje kunne styre seg lenger.

"Sjå der kjem éin som han var utsend til dommar," sa mannen - Mikkel rev kom luskande ned mot dei mellom steinane i ura. "Alle gode ting er tre," sa han. "La meg spørje han også, og dømmer han som dei andre, skal du få ete meg på flekken," sa han til draken.

"Å ja då," sa draken; det hadde han også høyrt, at alle gode ting er tre, og så fekk det bli slik.

Mannen snakka til reven som til dei andre to. "Å ja," sa reven; men så tok han mannen litt til side.

"Kva gir du meg til løn om eg frir deg frå draken," kviskra reven i øyret på han.

"Du skal få kome heim til meg og vere husbond over hønsa og gjæsene mine kvar torsdagskveld," sa mannen.

"Ja, dette blir ei åstadsak det, kjære drake," sa reven; "eg kan ikkje få inn i hovudet mitt at du som er eit så stort og mektig dyr, kunne få rom til å liggje under dei hella."

"Jo, eg låg her oppe og sola meg," sa draken, "og så kom det eit fjellskred og kvelva hella over meg."

Drake

"Det er mykje mogeleg," sa Mikkel, "men ikkje kan eg skjøne det, og ikkje trur eg det heller før eg ser det," sa han.

Så fekk dei prøve, meinte mannen, og draken smatt ned i hòlet att. I det same nappa han lyftestonga bort så hella small att over draken.

"Ligg no til dommedag," sa reven; "du ville jo sluke mannen då han frelste livet ditt?" Draken skreik og jamra og bad for seg; men dei to gjekk sin veg.

Den første torsdagskvelden ville reven vere husbond i hønsehuset, og gøymde seg bak ein staurhop som stod der. Då jenta skulle gi hønene om kvelden, smatt Mikkel inn. Ho sansa det ikkje og såg han ikkje, og ho var ikkje vel ute att, før han beit i hel for åtte dagar, og åt så han ikkje orka å røre seg. Då ho kom att om morgonen, låg reven og snorka og sov i morgonsola med alle fire beina ifrå seg, og han var så stappa og stinn som ei rullepølse.

Jenta fór opp etter kjerringa, og ho og alle jentene kom med staurar og stenger, og til å dengje Mikkel så dei slo han mest i hel. Men då det var på det siste, og dei trudde han skulle late livet der, fann Mikkel eit hòl i golvet; det smatt han ut igjennom og hinka og drog seg til skogs. "Hau, hau, verda lønar ikkje annleis; det er sikkert nok!" sa Mikkel rev.

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]