![]() |
Asbjørnsen og Moe
| ||||||||||||||||||||
|
Vel gjort og ille lønnaDet var ein gong ein mann som skulle reise til skogs etter ved. Så møtte han ein bjørn. "Kom med hesten, elles slår eg i hel alle sauene dine til sommaren," sa bjørnen. "Å trøyste og bere meg heller!" sa mannen, "det finst ikkje vedpinnen heime; du får då la meg køyre heim eit lass ved, elles frys vi reint i hel; eg kjem att med hesten til deg i morgon." Ja, det skulle han få lov til, det blei dei forlikte om, men dersom han ikkje kom att, så skulle han miste alle sauene sine til sommaren, sa bjørnen. Mannen fekk veden på og rusla heimetter, men han var ikkje mykje glad i det forliket, kan ein nok vite. Så møtte han ein rev. "Kva er det du er så sturen for?" spurde reven. "Å, eg møtte ein bjørn oppi her," sa mannen, "og han måtte eg love han skulle få hesten min i morgon om lag på dette tida, for fekk han ikkje den, sa han, så ville han rive i hel alle sauene mine til sommaren." "Pytt ikkje verre," sa reven. "Vil du gi meg den feitaste bukken din, skal eg nok fri deg for det, eg." Ja, det lovde mannen, og det skulle han halde også, sa han. "Når du kjem til bjørnen med hesten din i morgon," sa reven, "så skal eg hauke oppi ura her eg, og når så bjørnen spør kva det er, skal du seie det er han Per skyttar, som er den beste skyttaren i verda, - og sia får du hjelpe deg sjølv." Neste dagen reiste mannen ut, og då han trefte bjørnen la det til å hauke oppi ura. "Tsju, kva er det?" sa bjørnen. "Å, det er han Per skyttar, som er den beste skyttaren i verda," sa mannen. "Eg kjenner han på målet," sa han. "Har du sett nokon bjørn oppi her, Erik?" ropte det borti skogen. "Sei nei!" sa bjørnen. "Nei, eg har ikkje sett nokon bjørn," sa Erik. "Kva er det som står attmed sleden din då?" ropte det borti skogen. "Sei det er ein gammal tyristubbe," kviskra bjørnen. "Å, det er berre ein gammal tyristubbe," sa Erik. "Slike tyristubbar plar vi ta og velte på sleden hos oss," ropte det borti skogen; "orkar du ikkje, skal eg kome og hjelpe deg." "Sei du hjelper deg sjølv, og velt meg på sleden," sa bjørnen. "Nei, takk, eg hjelper meg nok sjølv," sa mannen og velta bjørnen på sleden. "Slike tyristubbar plar vi surre fast hos oss," ropte det borti skogen. "Vil du ha hjelp?" spurde det. "Sei du hjelper deg sjølv, og surr meg fast du," sa bjørnen. "Nei takk, eg hjelper meg nok sjølv," sa mannen, og gav seg til å bitte fast bjørnen med all dei reipa han hadde, så den ikkje kunne lee på ein labb ein gong. "Slike tyristubbar plar vi hogge øksa i hos oss, når vi har surra dei fast," ropte det borti skogen; "for så styrer vi betre i dei store bakkane," sa det. "Lat som du hogger øksa i meg du," kviskra bjørnen. Så tok mannen øksa og kløyvde skallen på bjørnen så den låg død på flekken, og han og reven var venner og vel forlikte. Men då dei kom bortimot garden, sa reven: "Eg kunne nok ha hug til å følgje deg inn, men eg liker ikkje bikkjene dine. Eg får vente her til du kjem med bukken; ta berre ein som er bra feit." Ja, den lovde mannen, og takka til for hjelpa. Då han hadde sett inn hesten, gjekk han bortover til sauehuset. "Kor skal du hen?" spurde kjerringa hans. "Å, eg skal bort i sauehuset og hente ein feit bukk til den snilla reven som frelste hesten vår," sa mannen, "for eg har lovt han det." "Pokker skulle gi den tjuvereven nokon bukk," sa kjerringa. "Hesten har vi jo, og bjørnen attpå, og reven har visst stole fleire gjæser frå oss enn bukken er verdt, og har han ikkje gjort det, så kan han gjere det," sa ho. "Nei, ta eit par av dei sintaste bikkjene i sekken din og slepp etter han du, så blir vi kanskje kvitt den tjuveradden," sa kjerringa. Den syntest mannen var eit godt råd, og tok to sinte, raude hundar, putta dei i sekken og drog av stad med. "Har du bukken?" sa reven. "Ja, kom og ta den," sa mannen, han løyste opp sekkebandet og sleppte hundane på han.
"Huff!" sa reven og gjorde eit hopp; "det er sant, som eit gammalt ord seier, at vel gjort blir ille løna, og no eg ser det er sant også, at frende er frende verst," sa han, - han såg dei raude hundane setje etter han.
Hårslå, som aldri ville gå heimDet var ein gong ei kjerring som hadde ein gut og ei geit. Guten heite Espen, og geita kalla dei Hårslå. Men dei var ikkje retteleg venner og vel forlikte dei to; for geita var ugrei og vrang så som geiter er, og aldri ville ho gå heim til rette kveldsmattid. Så var det ein dag Espen var ute og skulle ha henne heim, og då han hadde gått ei stund, såg han Hårslå høgt, høgt oppe i ein berghammar. "Kjære Hårslå, Hårslå! Du kan ikkje stå lenger i hammaren, no må du gå heim; det er rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat," sa han. "Nei," sa Hårslå, "ikkje før eg har pilla den tua og den tua og den tua og den tua!" "Ja, så klagar eg på deg til mor," sa guten. "Du kan det, så et eg i fred," sa Hårslå. Så klaga Espen til mor si. "Gå til reven og be han bite Hårslå," sa mor hans. Guten til reven: "Kjære rev! Bit Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat," sa Espen. "Nei, eg skjemmer ikkje snuten min med svinebust og geiteragg," sa reven. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til ulven," sa mor hans. Guten til ulven: "Kjære ulv! Riv reven, for reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei," sa gråbeinen, "eg slit ikkje tassar og tenner på ein tørr reveskrott," sa han. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til bjørnen og be han slå ulven," sa mor hans. Guten til bjørnen: "Kjære bjørn! Slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa bjørnen; "eg vil ikkje slite opp labbane for det, eg." Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til finnen," sa mor hans, "og be han skyte bjørnen," sa ho. Guten til finnen: "Kjære finne! Skyt bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa finnen, "eg skyt ikkje bort kulene mine for det, eg." Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til fura," sa mor hans, "og be ho felle finnen," sa ho. Guten til fura: "Kjære furu! Fell finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa fura, "eg bryt ikkje av greinene mine for det, eg," sa den. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til varmen," sa mor hans, "og be den brenne fura," sa ho. Guten til varmen: "Kjære varme! Brenn fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa varmen, "eg brenner meg ikkje opp etter det, eg," sa den. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til vatnet, sa mor hans, "og be det sløkkje varmen," sa ho. Guten til vatnet: "Kjære vatn! Sløkk varmen, varmen vil ikkje brenne fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa vatnet, "eg spiller meg ikkje bort for det, eg," sa det. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til oksen," sa mor hans, "og be han drikke opp vatnet," sa ho. Guten til oksen: "Kjære okse! Drikk vatnet, vatnet vil ikkje sløkkje varmen, varmen vil ikkje brenne fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa oksen, "eg sprengjer meg ikkje for det, eg," sa han. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til klaven," sa mor hans, "og be det strypet oksen." Guten til klaven: "Kjære klave! Stryp oksen, oksen vil ikkje drikke vatnet, vatnet vil ikkje sløkkje varmen, varmen vil ikkje brenne fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa klaven, "eg bryt meg ikkje sund for det, eg," sa den. Guten klaga til mor si. "Ja, så gå til øksa," sa mor hans," og be den hogge klaven," sa ho. Guten til øksa: "Kjære øks! Hogg klaven, klaven vil ikkje strype oksen, oksen vil ikkje drikke vatnet, vatnet vil ikkje sløkkje varmen, varmen vil ikkje brenne fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!"" "Nei, eg vil ikkje," sa øksa, "eg skjemmer ikkje ut eggen mi for det, eg," sa den. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til smeden," sa mor hans, "og be han smi øksa." Guten til smeden: "Kjære smed! Smed, smi øksa, øksa vil ikkje hogge klaven, klaven vil ikkje strype oksen, oksen vil ikkje drikke vatnet, vatnet vil ikkje sløkkje varmen, varmen vil ikkje brenne fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa smeden, "eg brennar ikkje opp kola mine og slit ikkje opp sleggjene mine for det," sa han. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til reipet," sa mor hans, "og be det hengje smeden." Guten til reipet: "Kjære reip! Heng smeden, smeden vil ikkje smi øksa, øksa vil ikkje hogge klaven, klaven vil ikkje strype oksen, oksen vil ikkje drikke vatnet, vatnet vil ikkje sløkkje varmen, varmen vil ikkje brenne fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, det vil eg ikkje," sa reipet, "eg slit meg ikkje sund for det, eg," sa det. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til musa," sa mor hans, "og be henne skjere reipet!" Guten til musa: "Kjære mus! Skjer reipet, reipet vil ikkje hengje smeden, smeden vil ikkje smi øksa, øksa vil ikkje hogge klaven, klaven vil ikkje strype oksen, oksen vil ikkje drikke vatnet, vatnet vil ikkje sløkkje varmen, varmen vil ikkje brenne fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Nei, eg vil ikkje," sa musa, "eg gneg ikkje sund tennene mine for det, eg," sa ho. Så klaga guten til mor si. "Ja, så gå til kjetta," sa mor hans, "og be henne bite musa," sa ho. Guten til kjetta: "Kjære kjette! Bit musa, musa vil ikkje skjere reipet, reipet vil ikkje hengje smeden, smeden vil ikkje smi øksa, øksa vil ikkje hogge klaven, klaven vil ikkje strype oksen, oksen vil ikkje drikke vatnet, vatnet vil ikkje sløkkje varmen, varmen vil ikkje brenne fura, fura vil ikkje felle finnen, finnen vil ikkje skyte bjørnen, bjørnen vil ikkje slå ulven, ulven vil ikkje rive reven, reven vil ikkje bite Hårslå, Hårslå vil ikkje gå heim til rette kveldsmattid i dag, og eg er svolten og vil ha mat!" "Ja, gi meg litt mjølk til dei små ungane mine, så -," sa kjetta. Ja, det skulle ho få. Så beit kjetta musa, og musa skar reipet og reipet hengde smeden, og smeden smidde øksa, og øksa hogde klaven, og klaven strypte oksen, og oksen drakk vatnet, og vatnet sløkte varmen, og varmen brende fura, og fura felte finnen, og finnen skaut bjørnen, og bjørnen slo ulven og ulven reiv reven, og reven beit Hårslå - og Hårslå flaug heim under låvevegg så ho braut både lår og legg. "Mæ-er-er!" sa geita . . Der låg ho, og Espen, han sa ho kunne ha det så godt for at ho ikkje ville gå heim til rette kveldsmattid. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||