NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Hanen og reven

Det var ein gong ein hane som stod på ein møkkahaug og gol og flaksa med vengene. Så kom reven borttil den.

"God dag!" sa reven. "Eg høyrde nok du gol," sa han, "men kan du stå på eitt bein og gale og blunke så som far din kunne?" sa Mikkel.

"Det kan eg både godt og vel," sa hanen, og stod på eitt bein, men han blunda berre med det eine auget, og då han hadde gjort det, så briska han seg og slo med vengene, som han hadde gjort noko stort.

TEIKNING

"Det var vakkert," sa reven; "det er mest likså vakkert som når presten messar i kyrkja. Men kan du også stå på eitt bein og gale og blunde med begge auga på éin gong? Det trur eg snautt du kan!" sa Mikkel. "Nei, far din, det var kar til mann," sa han.

"Å, eg kan då det eg også," sa hanen, og stod på eitt bein og blunda med begge auga og gol. Hui! sette reven på han, tok han over nakken og slengde han på ryggen så han ikkje fekk gale ut, før det bar til skogs med han så fort Mikkel orka springe.

Då dei kom under ei gammal kvistegran, slengde Mikkel hanen i bakken, sette foten på brystet hans og ville ta seg ein smakebit.

"Du er ikkje så gudfryktig du, Mikkel, som faren din," sa hanen; "han bad for maten han," sa han.

Jo, Mikkel ville då vere gudfryktig - for all del. Så sleppte han taket og skulle til å leggje labbane i kross og be for maten. Vips! flaug hanen opp i eit tre.

"Du skal nok ikkje sleppe for det," sa Mikkel ved seg sjølv; gjekk så bort og kom att med eit par skårefliser etter tømmerhoggarane. Hanen kikka og kikka etter kva det kunne vere.

"Kva har du der?" sa han.

"Det er brev eg har fått frå paven i Rom," sa reven; "vil du ikkje hjelpe meg å lese dei, for eg er ikkje brevsynt sjølv."

"Eg ville så gjerne, men tør ikkje no," sa hanen. "Det kjem ein skyttar; eg sit bak leggen; eg ser han, eg ser han!" sa han.

Då reven høyrde at hanen klunka om skyttaren, la han på sprang det snøggaste han klarte.

Den gongen var den hanen som brukte revekroken.

Ord

  1. Revekrok: revestrek, knep, fusk og fanteri, o.a.
OPP


Kjærasten i skogen

Det var ein gong ein mann som hadde ei dotter. Ho var så vakker at ho var namnspurd over mange kongerike, og friarar kom det til henne så mange som vindkast om hausten. Ein av dei gjorde seg til av det at han var rikare enn alle andre; vakker og gild var han og; så skulle han få henne. Og sia kom han titt og ofte på besøk.

Då det lei om litt, så ville han at ho skulle kome til han og sjå korleis han hadde det; han kunne ikkje hente henne og følgje henne, men den dagen ho skulle kome, skulle han strø erter etter vegen like heim i husdøra si. Men korleis det var, så strødde han ertene ein dag for tidleg.

Ho gjekk både langt og lenge gjennom skog og mark, og til sist kom ho til eit stort, gildt hus som låg på ein grøn voll midt i skogen. Men han var ikkje heime, og ikkje fann ho folk i huset heller. Først kom ho inn på kjøkkenet; der var det ikkje andre å sjå enn ein underleg fugl, som hang i eit bur under taket. Så gjekk ho inn i stua, og der var det så staseleg at det var reint utruleg. Men etter som ho gjekk, ropte fuglen etter henne:

"Vene jomfru, ver dristig, men ikkje altfor dristig!" Då ho kom inn i kammerset, ropte den det same att. Der stod det ein heil hop med dragkister. Ho drog ut skuffene, og dei var fulle av gull og sølv-stas og alt det som gildt var. Då ho gjekk inn i det neste kammerset, ropte fuglen igjen:

"Vene jomfru, ver dristig, men vêr ikkje altfor dristig!" Der hang det fullt av gilde kvinnfolk-klede rundt alle veggene. Då ho gjekk inn i det tredje kammerset, sette fuglen i å skrike:

"Vene jomfru, pene jomfru, ver dristig, men ikkje altfor dristig!"

Her stod det mange stampar fulle med blod.

Men då ho gjekk inn i det siste kammerset, illskreik fuglen:

"Vene jomfru, pene jomfru, ver dristig, men ikkje altfor dristig!"

Der låg det fullt med døde kroppar og beinrangel av drepne kvinnfolk. Ho blei så fælen at ho ville springe ut att; men ho kom ikkje lenger enn ut i næraste kammerset, der alt blodet stod. Då ropte fuglen:

"Vene jomfru, pene jomfru, spring under senga, under senga; no kjem han!"

Ho var ikkje sein til å lyde fuglen og gøyme seg under senga; ho kraup så langt inn til veggen som ho kunne, ja ho var så redd at ho gjerne hadde krope inn i veggen, om det hadde vore råd.

Så kom kjærasten hennar med ei anna jomfru. Ho bad så smått og så vent at han skulle spare livet, så skulle ho aldri røpe han for nokon; men inga bøn hjelpte. Han reiv av henne alt, både kleda og gullet, så nær som ein ring ho hadde på fingeren. Den sleit han i, men kunne ikkje få den av. Så hakka han av fingeren så den spratt under senga, og jomfrua som låg der, tok den til seg og gøymde den.

Kjærasten sa til ein liten gut som var med han at han skulle krype under senga og ta fram fingeren. Ja, han la seg ned og tok innunder, og kjende henne som låg der; men ho klemte han hardt i handa, og så skjøna han meininga. "Den ligg så langt innunder at eg ikkje kan rekkje den," sa han; "det får vere til det blir dag, så skal eg ta den."

Tidleg om morgonen fór røvaren ut att, og guten skulle vere heime og passe huset og ta imot den jomfrua han venta; men han skulle ikkje sleppe henne inn i dei to romma han visste.

Då han vel var komen til skogs, gjekk guten inn og sa at no kunne ho kome fram.

"Du var heldig du, som kom så tidleg, elles hadde han drepe deg som alle dei andre," sa han.

Ho stansa ikkje lenge, kan du vite, men skunda seg heim det fortaste ho kunne, og då faren spurde korfor ho kom så snart, så fortalde ho kva for ein kjærasten var for ein, og det ho hadde høyrt og sett.

Då det lei på litt, kom friaren reisande igjen, og var så gild at det lavde av han, og spurde korfor ho ikkje kom og gjesta han som ho hadde lovt.

Det hadde kome ein mann med ein kjelke i vegen for det, sa faren; men no fekk han ta til takke med det huset dei kunne skaffe han; og så bad han han bli der hos dei, for han hadde bedt til gjestebods; det skulle vere liksom trulovingsgilde.

Då dei hadde ete og sat ved bordet enda, sa dottera i huset at ho hadde hatt slik ein underleg draum for eit par netter sida. Hadde dei hug til å høyre, skulle ho fortelje den; men alle måtte love å bli sitjande i ro til ho var ferdig.

Ja, dei ville gjerne høyre, og dei skulle bli sitjande, det lovde dei alle; kjærasten også.

"Eg drøymde at eg gjekk på ein brei veg, og der eg gjekk fram, var det strøtt erter."

"Ja det er liksom når du går til meg den, vennen min," sa kjærasten.

"Så blei vegen smalare og smalare, og det bar langt bortigjennom skog og audemark."

"Det er liksom vegen til meg, den, vennen min," sa han.

"Så kom eg til ein grøn voll og til eit stort og gildt hus."

"Det er liksom hos meg det," sa han.

"Så kom eg inn på kjøkkenet. Eg såg ikkje noko menneske der; men under taket hang det ein underleg fugl i eit bur, og då eg gjekk inn i stua, så ropte den etter meg: "Vene jomfru, ver dristig, men ver ikkje altfor dristig!"

"Det var liksom hos meg den, vennen min," sa kjærasten.

"Så gjekk eg inn i kammerset, og fuglen ropte den same som den sa før. Der inne var det så mange dragkister, og då eg drog ut skuffene og så ned i dei, var dei fulle med sølvtøy og gullstas og alt det som gildt var."

"Ja det var hos meg det, vennen min," sa han. "Eg har også mange skuffer med gull og sølv og kostelege ting."

"Så gjekk eg inn i eit anna kammers; fuglen ropte til meg igjen og sa det same som han hadde sagt, og der hang det fullt av gilde kvinnfolk-klede rundt alle veggene."

"Ja det var også hos meg, vennen min," sa han; "der er klede og stas både av silke og fløyel."

"Då eg gjekk inn i det neste kammerset, sette fuglen i å illskrike: "Vene jomfru, pene jomfru, ver dristig, men ikkje altfor dristig!" Og i det kammerset stod det tønner og stampar rundt alle veggene, og dei var fulle av blod."

"Fy, det var fælt, det er slett ikkje som hos meg, vennen min," sa kjærasten; no fekk han vondt og ville ut.

"Det er jo berre ein draum eg fortel," sa dottera i huset; "bli du sitjande, du kan alltid tole å høyre på det."

"Då eg gjekk inn i det neste kammerset, tok fuglen på å illskrike det same som den sa før: "Vene jomfru, pene jomfru, ver dristig, men ikkje altfor dristig!" Der låg det mange døde kroppar og beinrangel av drepne menneske."

"Nei, det var slett ikkje hos meg," sa kjærasten og ville ut.

"Sit du," sa ho; "det er jo ikkje anna enn ein draum, og den toler du nok å høyre. Eg syntest også det var fælt, og sprang ut att; men eg kom ikkje lenger enn ut i det andre kammerset, der alle blodtønnene stod; då skreik fuglen at eg skulle springe under senga og gøyme meg, for no kom han. Og så kom han, og han hadde med seg ei jomfru som var så vakker at eg syntest eg ikkje hadde sett maken til henne. Ho bad så vakkert for seg at han skulle spare livet; men han brydde seg ikkje eit grann om det. Ho gret og bad; han reiv av henne kleda og tok alt ho hadde, og sparte verken livet eller nokon ting. Men på venstre handa hadde ho ein fingerring som han ikkje kunne få rive av, så hakka han fingeren av henne, og den spratt under senga til meg."

"Fy, det er slett ikkje som hos meg, vennen min," sa kjærasten.

"Jo, hos deg var det! Der er fingeren, og der er ringen, og der er mannen som hakka den av," sa ho.

Så tok dei han og slo han i hel og brende både han og huset i skogen.

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]