![]() |
Asbjørnsen og Moe
| ||||||||||||||||||||||||
|
Venner i liv og dødDet var ein gong to karar som var så gode venner at dei svor til kvarandre at dei skulle ikkje skiljast, verken i liv eller død. Den eine blei ikkje gammal før han døydde, og ei stund etter fridde den andre til ei gardmannsjente, fekk henne til kjæraste og skulle gifte seg.
"Det var godt du kom no," sa brudgommen; "eg har stått her og banka og ropt på deg." "Eg var langt vekk," sa daudingen "så eg høyrde det ikkje klart før siste gongen." "Ja, ja, i dag skal eg stå brudgom," sa guten, "og du minnest vel vi talde om det før at vi skulle følgjast og kome i bryllaupet til kvarandre." "Eg minnest det," sa daudingen, "men du får vente eit grann så eg får flitt og stelt meg litt; eg er ikkje budd på å kome i bryllaupsfølgje." Guten hadde lita tid, for han skulle heim i gjestebodsgarden, og dei skulle snart i kyrkja; men så måtte dei gi tol litt og la den døde få eit rom for seg sjølv, som han bad om, så han kunne få flidd seg og kome i kyrkjepynt som dei andre, for han måtte vere med i kyrkja. Ja, daudingen følgde både til kyrkja og frå kyrkja, men då det lei så langt ut i bryllaupet at dei hadde teke krona av bruda, ville han reise. For gammal kjennskap og gammalt vennskap ville brudgommen følgje han til grava att. Som dei gjekk til kyrkjegarden, spurde brudgommen om han hadde sett mangt merkeleg, eller slikt som kunne vere gildt å vite. "Ja, det har eg," svara daudingen; "mangt og mykje har eg sett," sa han. "Det skulle vere interessant å sjå," sa brudgommen; "eg kunne ha hug til å slå lag og få sjå det, eg og," sa han. "Det kan du nok," sa daudingen; "men det kan kome til å vare ei stund om du blir borte." Det fekk så vere, meinte brudgommen, og følgde med ned gjennom grava. Men før dei steig nedi, tok daudingen og flekka av ei grastorve av kyrkjegarden, og la på hovudet til guten. Det bar langt bort igjennom stummande mørke, kjerr og myrlende, til dei kom til ein stor, svær port. Den lét seg opp då daudingen rørde ved den; innafor tok det liksom til å lysne, i førsten kom måneskin, men dess lenger dei kom, dess lysare blei det. Langt om lenge kom dei fram ein stad der det var slike grøne bakkar med gildt, feitt gras, og der gjekk ein stor buskap som dreiv på og åt; men alt dei åt såg kyrne stygge og tomme og usle ut. "Kva skal dette vere for noko?" sa guten som var brudgom, "at dei er så magre og ser så ille ut, enda dei et som dei hadde betaling for det?" "Det er ei likning på dei som aldri kan få nok, om dei får og skrapar i hop aldri så mykje," sa den døde. Så reiste dei langt og lenger enn langt, til nokre fjellbeite, der det ikkje var anna enn berre knausar og skarvefjell med ein og annan liten grasflekk iblant. Her gjekk det ein stor buskap med dyr som var så vakre og feite og blanke så det skein i dei. "Kva?" sa brudgommen; "Desse som har så skrint beite og enda ser så godt ut, kva er det for noko?" "Det er ei likning på dei som er velnøgde med det vesle dei har," sa daudingen. Så gjekk dei langt og lenger enn langt att, til dei kom til eit stort vatn. Der var det så lyst og blankt at brudgommen ikkje tolte å sjå på det. "No får du setje deg her du, til eg kjem att," sa daudingen; "No blir eg borte ei stund." Dermed la han av stad, og brudgommen sette seg ned, og som han sat, rann søvnen på han, og det var som alt blei borte for han i ein trygg fast søvn. Om ei stund kom daudingen att. "Det var bra du blei sitjande så eg fann deg igjen her," sa han. Men då brudgommen skulle lette på seg, var han overgrodd med mose og buskar så han sat liksom i eit kvistebol. Då han hadde greidd av seg dette, reiste dei tilbake, og daudingen følgde han same vegen like til grava. Der skildest dei og sa farvel til kvarandre, og då brudgommen kom opp, gjekk han beint heim til bryllaupsgarden. Men då han kom fram dit han syntest det skulle vere, kunne han ikkje kjenne seg att. Han såg seg om på alle kantar, og han spurde alle han møtte; men ingen kunne svare han då han spurde etter brud eller slekt eller foreldre, ja han fekk ikkje tak i nokon som han kjende. Alle undra seg over denne skikkelsen som gjekk der og såg ut som ein folkeskremsel. Då han ikkje kunne finne nokon han kjende, tok han vegen til presten og fortalde han om slektningane sine, og korleis det gjekk til då han stod brudgom, og om at han hadde gått bort i bryllaupet. Presten visste ingen ting om det, men då han hadde leita gjennom dei gamle kyrkjebøkene sine, så fann han ut at bryllaupet hadde stått for lang, lang tid sia, og dei folka han talde om, hadde levd for fire hundre år sia.
Etter den tida hadde det vakse opp ei stor, svær eik i prestegarden. Då han fekk sjå den, kleiv han opp i den og ville sjå seg om; men gamlingen som hadde sete i himmerike og sove i fire hundre år og var komen heim att, kom ikkje vel ned av eika. Han var støl og stiv, som rimeleg kunne vere, og då han skulle ned att, fomla han så han fall og braut nakken og slo seg i hel.
Guten som skulle tene tre år utan lønnDet var ein gong ein fattig husmann som hadde ein einaste son; men han var så lat og trollete, denne sonen, han ville verken folke seg eller ta seg til nokon verdas ting. Skal eg ikkje bli føande på denne lange guten all mi tid, så må eg ha han så langt bort at ingen kjenner han, tenkte faren ved seg sjølv; rømmer han då, så er det ikkje så lett å kome heim att. Ja, mannen tok med seg sonen sin, fór både vidt og breitt og baud han fram til tenestegut; men det var ikkje nokon som ville ha han. Langt om lenge kom dei til ein riking som hadde det ordet på seg at han snudde skillingen sju gonger før han sleppte den. Han skulle ta guten til gardsgut, og der skulle han tene tre år utan lønn; men når dei tre åra var omme, skulle mannen gå til byen to morgonar og kjøpe det første han møtte, som var å få, og den tredje morgonen skulle guten gå til byen og kjøpe det første han møtte: det skulle han få i staden for lønn. Ja, guten tente åra ut, og han skikka seg betre enn nokon kunne tenkt. Han var ikkje av dei beste gardsdrengene, det er sikkert nok; men husbonden var ikkje av beste slaget, han heller, for han lét han gå der heile tida med dei same kleda han hadde då han kom, så på slutten var det ikkje anna enn bot på bot og lapp på lapp. Då mannen skulle i vegen og kjøpe, la han ut i otta lenge før dag. "Dyre varer lyt ein sjå i dagslys; dei fer ikkje byvegen så tidleg," sa han ved seg sjølv; "dyrt nok kan det bli likevel, for det er på von og våge kva eg finn." Den første han møtte på bygata, var ei gammal kjerring, og ho bar ei korg med lokk over. "Goddag, gamlemor," sa mannen. "Goddag att, far," sa kjerringa. "Kva har du i korga di," sa mannen. "Skulle du visst det?" sa kjerringa. "Eg skulle så," sa mannen, "for eg skulle kjøpe det første eg møtte." - "Ja vil du vite det så kjøp!" sa kjerringa. "Kva kostar det då?" sa mannen. Ja, fem kroner måtte ho ha, sa ho. Det var ikkje så urimeleg pris enda, syntest mannen; han fekk nok bli ved det då, sa han og letta på lokket; så var det ein hundekvalp som låg nedi korga.
Då mannen kom heim frå byreisa, stod guten på tråkka og undrast på kva han skulle få i lønn for det første året. "Er du alt heime igjen, husbond?" sa guten. Ja, han var då det. "Kva kjøpte du då?" sa han. "Det var låkt, det eg kjøpte," sa mannen; "eg veit mest ikkje om eg skal ta det fram; men eg kjøpte det første som var å få, og det var ein hundekvalp," sa han. "Det skal du ha takk for," sa guten, "hundar har eg støtt likt så vel," sa han. Den andre morgonen gjekk det ikkje likare. Mannen var ute i otta att, og han var ikkje inne på bygata før han møtte kjerringa med korga. "Goddag, gamlemor," sa mannen. "Goddag att, far," sa kjerringa. "Kva har du i korga i dag?" spurde mannen. "Skulle du visst det, så kjøp," sa kjerringa. "Kva kostar det då?" sa mannen. Ja, det var fem kroner det, ho hadde ikkje meir enn éin pris, ho. Han fekk ha det då, sa mannen; det var vel vanskelig han fekk noko som det var betre kjøp på. Han letta på lokket, så var det ein kattunge denne gongen. Då han kom til gards, stod guten på tråkka igjen og venta og undrast på kva han skulle få i lønn for det andre året. "Er du alt der, husbond?" sa guten. Ja, han var då det. "Kva kjøpte du i dag, då?" sa han. "Å, det blei verre og ikkje betre," sa mannen; "men det var etter som vi var forlikte om det; eg kjøpte det første eg møtte, og det var ikkje anna enn denne kattungen," sa han. "Du kunne aldri ha råka det betre," sa guten, "for kattar har eg støtt likt vel så godt som hundar," sa han. "Det kom eg ikkje så ille frå enda; men det blir vel andre tak når han skal i vegen sjølv," tenkte mannen. Tredje morgonen la guten av garde, og som han kom inn på bygata, møtte han den same gamle kjerringa med korga på armen. "God morgon, gamlemor," sa guten. "God morgon att, guten min," sa kjerringa. "Kva har du i korga di?" sa guten. "Skulle du visst det, så kjøp," sa kjerringa. "Vil du selje då?" sa guten. Ja, det ville ho, og fem kroner skulle det koste. Det var godt kjøp, meinte guten, og han måtte ha det, for han skulle kjøpe det første kjøpande han møtte. "No kan du ta heile stasen," sa kjerringa, "både korga og det som er i den; men sjå ikkje på det før du kjem heim, høyrer du det?" sa ho. Nei, han skulle ikkje sjå på det, var det likt seg. Men han gjekk og undrast og undrast på kva som kunne vere i korga, og anten han ville eller ikkje, så kunne han ikkje berge seg for å lette på lokket og gløtte nedi. Med det same smatt det ut gjennom sprekka ei lita firfisle. Den rann bortetter gata så fort at det kvein etter den, - det var ikkje noko anna i korga. "Nei, vent litt og far ikkje slik av stad, eg har kjøpt deg, eg," sa guten. "Stikk meg i sporden, stikk meg i sporden!" ropte firfisla. Ja, guten var ikkje sein til å renne etter og hogge tollekniven i sporden på den, i det same som den ville smette inn i eit hòl i muren, og med det same blei den omskapt til ein kar så gild og så vakker som den gildaste kongsson, og kongssonen var det også. "No har du frelst meg," sa han; "for den kjerringa som du og husbonden din har handla med, det er ei trollkjerring, og ho skapte om meg til firfisle og syskena mine til hund og katt," sa han. Det var artig, syntest guten. "Ja," sa kongssonen, "No var ho på vegen og ville kaste oss til fjords og drepe oss; men kom det nokon og ville kjøpe, så måtte ho selje oss for fem kroner stykket. Så var det laga, og så mykje rådde far min også. No skal du vere med heim til han og få lønn for det du har gjort," sa kongssonen. "Det blir kanskje langt dit," sa guten. "Å, ikkje så langt enda," sa kongssonen. "Der er det," sa han og peika på eit stort berg borte i vidda. Dei la i veg det beste dei vann, men det var lenger dit enn det såg ut til; for dei rakk ikkje fram før det lei langt på natt. Prinsen til å banke på. "Kven er det som bankar på døra mi og øyder natteroa mi?" sa det inne i berget; han var så sterk i målet at jorda skalv. "Å, lat opp du, far, det er sonen din som er komen heim att," sa kongssonen. Ja, han lét opp både fort og vel. "Eg trudde mest du låg på havbotnen," sa gamlingen; "men du er ikkje aleine," sa han. "Det er denne karen som har frelst meg," sa kongssonen; "eg har bedt han med hit så du kan gi han lønn for det." Det skulle det nok bli råd til, meinte kallen. "No får de kome inn," sa han; "de kan ha bu å kvile." Ja, dei gjekk inn og sette seg, og kallen la eit fange vedskier og eit par store kubbar på varmen, så det tok til å loge og lyse som av klare dagen i kvar krok, og kor dei såg hen, var det gildare enn gildt. Slikt hadde guten aldri sett før, og slik mat og slikt drikke som gamlingen sette fram til dei, hadde han ikkje smakt heller; og fat og brikker og støyp var av berre sølv og blanke gullet alt i hop. Dei var ikkje vonde å nøyde, dei karene; dei åt og dei drakk og levde vel, og sia sov dei til lang utpå andre dagen. Men guten var ikkje vaken før gamlingen kom med morgonskjenk til han i ein gulltomling. Då han så hadde raspa på seg fillene sine og ete, tok gamlingen han med og viste han omkring så han kunne ta ut det han ville ha til lønn for det han hadde frelst son hans. Det var mykje å sjå og meir å ta av, kan du tru. "Kva vil du no ha?" sa kongen. "Du kan få kva du vil; du ser det er nok å ta av," sa han. Han fekk då tenkje seg om litt og tale med kongssonen først, sa guten. Ja, det skulle han få. "No har du vel sett mykje gildt?" sa kongssonen. "Det var likt til det," sa guten; "men sei meg kva eg skal ta av all denne herlegdommen du," sa han; "far din seier eg skal få lov til å velje." - "Du skal ikkje ta noko av alt du har sett," sa kongssonen; "men han har ein liten ring på fingeren sin, den skal du be om." Ja, han gjorde så, han bad om den vesle ringen som sat på fingeren hans. "Det er det kjæraste eg eig, det," sa kongen, "men så er då sonen min vel så kjær; du får ha den likevel. Veit du no kva den duger til?" sa han. Nei, det visste ikkje guten. "Når du har denne på fingeren, kan du få alt det du ønskjer deg," sa kongen. Så takka guten for seg, og kongen og kongssonen baud han lykke på reisa og bad han passe vel på ringen. Han var ikkje komen langt på vegen, før han tenkte han fekk freiste kva ringen dugde til, og så ønskte han seg klede fullt opp; ikkje før hadde han ønskt det, før dei sat på han, og han var så gild og så blank som eit nyslått kronestykke. Så tenkte han: Det skulle vere artig å gjere far mitt eit spikk; han var no ikkje så grei han heller, den tida eg var heime. Og så ønskte han at han skulle stå utafor stovedøra hos faren sin så fillete som han var før, og med det same stod han der. "Goddag, far, og takk for sist," sa guten. Men då faren fekk sjå at han kom att enda meir fæl og fillete enn han reiste, sette han i å tute og bere seg ille: "Det er ikkje råd med deg, når du ikkje har tent så mykje som klede på kroppen i all den tida du har vore borte," sa han. "Å, ber deg ikkje så ille, du far," sa guten; "du skal ikkje skode fanten på fillene. No skal du vere føretalsmann og gå til kongsgarden og fri til dotter hans for meg," sa guten. "Å fy, å fy, det er jo til spott og spe!" sa far hans. Men guten meinte det var ramme alvor; han tok eit bjørkekjevle og jaga faren sin heilt inn i døra på kongsgarden så han stupte stortutande like inn i stua til kongen. "No, no, kva er på ferde med deg, mannen min?" sa kongen; "har du lidd urett, så skal eg sjå til å skaffe deg rett," sa han. Nei, det hadde han ikkje, sa mannen; men han hadde ein son som han hadde stor sorg av; ikkje kunne han få folk av han, og no kunne han ikkje tru anna enn han hadde gått frå det vesle vettet han hadde hatt og, sa han: "for no følgde han meg like til dørs her. "Slå deg til tols, du, mannen min," sa kongen, "og be han kome inn til meg, så får vi sjå om vi ikkje kan bli forlikte," sa han. Guten dreiv inn til kongen så fillene flakna om han. "Får eg dotter di?" sa han. "Det var no det vi skulle talast om," sa kongen. "Kanskje du ikkje kan vere tent med henne, og kanskje ikkje ho kan vere tent med deg heller," sa han. Det var von det, meinte guten. Så var det nyleg kome eit stort skip frå utlandet, og det kunne dei sjå frå vindauget i kongsgarden. "Det er det same," sa kongen; "Er du god for å lage eit skip på ein time eller to, som er maken til det som ligg der nede på fjorden og ruvar så gildt, så skal du kanskje få henne," sa han. "Var det ikkje verre?" sa guten. Så gjekk han ned til stranda og sette seg i ein sandhaug, og då han hadde sete der lenge nok, ønskte han det skulle liggje eit skip på fjorden fullt ferdig med mast og segl og fulle greier, som var maken til det som låg der før. Rett som det var, så låg det der, og då kongen såg det var to skip for eitt, kom han ned på stranda og skulle ha greie på dette. Då så han guten stod ute i ein båt med ein kost, liksom han skulle koste etter flekkene og jamne skjoldar; men då han fekk sjå kongen på stranda, kasta han kosten og skreik: "No er skipet ferdig. Får eg dotter din no?" - "Det var no det," sa kongen; "du får vel prøve eit stykke til først. Kan du byggje eit slott maken til slottet mitt, på ei times tid eller to, så får vi sjå," sa kongen. "Ikkje verre?" ropte guten og strauk av stad. Då han hadde drive omkring så lenge at det lei mot slutten på tida, så ønskte han det skulle stå eit slott maken til det som stod der før. Det varte ikkje lenge før det stod der, skal eg tru, og det var ikkje lenge heller før kongen kom både med dronninga og kongsdottera og skulle sjå seg om i det nye slottet. Guten stod der med kosten og kosta att, han. "Her er slottet fikst og ferdig; får eg henne no?" skreik guten. "Det var no det -" sa kongen. "Du får kome inn så vi kan talast ved om det," sa han; for han skjøna at guten kunne meir enn å mate seg, og så gjekk han og grunda på korleis han skulle bli av med han. Ja, kongen gjekk då føre, og dronninga, og så kom kongsdottera nærast guten. Best som han gjekk så ønskte guten at han skulle vere den vakraste i heile verda, og med det same var han det. Då kongsdottera fekk sjå kor vakker han var blitt med eitt, dytta ho til dronninga, og ho til kongen att, og då dei hadde glant seg mette, så kunne dei tydeleg skjøne han var meir enn det var likt til då han kom dit i fillepelsen sin. Så rådslo dei i lag at kongsdottera skulle fare fint til ho fekk greidd ut korleis det hadde seg med han. Ja, kongsdottera gjorde seg så lekker og så blid som eit smørøskje og tiska og smiska for guten; ho kunne då ikkje vere utan han verken dag eller natt. Då det lei utpå første kvelden, så sa ho: "Sia vi skal ha kvarandre, du og eg, så har du vel ikkje noko å dølje for meg, og du døljer vel ikkje korleis du har gjort alle desse gilde greiene heller." "Å ja," sa guten, "det skal du nok få vite sia. La oss bli mann og kone, det gjeld ikkje før," sa han. Den andre kvelden let ikkje kongsdottera riktig vel. Ho kunne nok skjøne det, sa ho at han ikkje brydde seg stort om kjærasten sin, når han ikkje ville seie henne det ho bad om; og når han ikkje ville gjere som ho ville i slikt eit lite grann, så fekk det heller vere med heile kjærastskapet då. No blei guten reint ille ved, og for at det skulle bli vel att, så sa han henne alt saman. Ho var ikkje seint til å bere det fram til kongen og dronninga. Så drøfta dei korleis ho skulle få ringen frå guten, og sia, meinte dei, skulle det ikkje vere farleg å bli kvitt han. Om kvelden kom kongsdottera med dvaledråper, og sa ho ville skjenkje kjærasten sin ein elskedrikk, for ho syntest ikkje han heldt nok av henne, sa ho. Ja, han tenkte ikkje på noko galt, han, og så drakk han ut drikken, og med det same sov han så hardt at dei gjerne kunne ha rive ned huset over hovudet på han. Så tok kongsdottera ringen av fingeren hans, sette den på og ønskte sitt at guten skulle liggje på dungen ute på gata så fillete og fantefæl som han var då han kom dit, og i staden for han ville ho ha den vakraste kongssonen i verda. Det blei slik med det same. Då det lei på, vakna guten ute på dungen. Først trudde han berre det var ein draum; men då han kjende at ringen var borte, skjøna han korleis det hadde gått til, og då blei han så reint forstyrra at han sette i veg og ville springe lukt på sjøen og drukne seg. Med det same møtte han katta som husbonden hans hadde kjøpt til han. "Kor skal du hen?" sa katta. "På sjøen og drukne meg," sa guten. "Vørd ikkje det," sa katta. "Du skal nok få igjen ringen," sa ho. "Ja skal eg det, så -" sa guten. Katta i veg. Rett som det var, så møtte den ei rotte. "No tek eg deg," sa katta. "Å, vørd ikkje det," sa rotta, "så skal du nok få igjen ringen." "Ja skal eg det, så - -" sa katta. Då dei hadde gått til ro på kongsgarden, løp rotta omkring og nasa og lurte der kongsdottera og kongssonen låg; til sist så fann ho eit lite hòl som ho smatt inn gjennom. Så høyrde ho dei snakka enda, og ho kunne skjøne at kongssonen hadde ringen på fingeren sin, for kongsdottera sa: "Du passar vel ringen, vennen min," sa ho. "Pøh! - det kjem vel ingen her inn gjennom murar og vegger etter den ringen!" sa kongssonen; "men trur du ikkje den er sikker på fingeren, så kan eg ta den i munnen," sa han. Om ei stund vende han seg på ryggen og skulle til å sove; med det same ville ringen fare i halsen på han, og så hosta han så den spratt ut og trilla bortetter golvet. Vips - tok rotta og smatt ut med den til katta, som sat og lurte ved rottehòlet. Men imens hadde kongen fått tak i guten og sett han inn i eit stort tårn og dømde han frå livet, for det han hadde drive spott og spe med han og dotter hans, sa han, og der skulle han sitje til den dagen han skulle avrettast. Mens katta heldt på å krype omkring og skulle freiste å luske seg inn i tårnet til guten, kom det ei ørn og slo klørne i den og reiste ut over sjøen med den. Men rett som det var, kom det ein falk og kasta seg over ørna, så den slapp katta på sjøen; men då katta kjende det våte, blei ho så redd at ho sleppte ringen og sumde til lands. Ho hadde ikkje rista vatnet av seg og stelt seg, før ho møtte hunden som husbonden hadde kjøpt til guten. "Nei, korleis skal det berre i veg no då?" sa katta og gret og lét ille; "No er ringen borte, og guten vil dei ta livet av," sa ho. "Eg veit ikkje eg," sa hunden; "men det veit eg at det riv og slit i innmaten på meg så det kunne ikkje vere verre om den skulle vrengje seg," sa han. "Du skal sjå du har forete deg på eten mat," sa katta. "Eg et aldri meir enn eg orkar," sa hunden; "og no har eg ikkje ete anna enn ein daud fisk som låg uti fjøra og flaut," sa han. "Kanskje fisken hadde svelgt ringen," sa katta, "og no held du vel på å setje til, du og, av det du ikkje kan fordøye gull," sa ho. "Kan hende det," sa hunden; "så var det likså godt å ta livet først som sist; kanskje guten kunne kome frå det då," sa den. "Å, vørd ikkje det," sa rotta - ho var også med -; "det skal ikkje stort op til, før eg kjem inn, og er ringen der så sant, skal eg nok snuse den opp," sa ho. Ja, rotta smatt inn i hunden, og det varte ikkje lenge før ho kom ut att med ringen. Så la katta av stad til tårnet og krafsa seg oppover til ho fann eit hòl som ho kunne få labben inn gjennom, og gav så guten ringen att. Han hadde ikkje fått den på fingeren, før han ønskte at tårnet skulle rivne, og med det same stod han midt i døra og skjelte kongen og dronninga og kongsdottera ut for noko skarvepakk. Kongen var ikkje sein om å rope saman krigsmakta si, og sa til dei at dei skulle omleire tårnet og ta guten, det kvitta anten dei fekk han død eller levande. Men guten ønskte berre at heile soldatmakta skulle sitje til opp under armane i den store blautmyra inni fjellet, så hadde dei kav nok med å kome opp att, dei som ikkje blei der. Då han så var ferdig med krigsmakta, tok han fatt på kongen og dronninga og kongsdottera att; han ønskte dei måtte bli sitjande alle sine levedagar i tårnet der dei hadde sett han. Så tok han landet og riket etter kongen. Hunden blei til kongsson og katta til kongsdotter att. Henne tok han og gifta seg med, og så drakk dei bryllaup og tura både vel og lenge. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||