Norsk del, Gullvekta
Merknadar til Asbjørnsen og Moe - D
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Ordliste til Asbjørnsen og Moe

Reservasjonar    Innhald     

Guten med øldunken

ATU 332: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Han far sjølv i stua

ATU 168 A: Dyreeventyr av typen Ville dyr og menneske.

[Til eventyret]

Hanen og reven

ATU 61: Dyreeventyr av typen Den lure reven (eller liknande dyr).

[Til eventyret]

Kjærasten i skogen

ATU 955, Røvarbrudgommen: Novelleeventyr av typen Røvarar og mordarar.

Åtvarings- og skremmeeventyret er for å gi jenter ballast til å velje ektemake med omhug og sjå seg for føreåt. Det kan vere vanskeleg å sjå gjennom rosa briller korleis kjærasten er - især ein heilt framand ein. Saka er at "somme menn er fæle å vere i lag med - eller blir det" -, etter at dei har vore på friarferd med fine ord, faktar og klede.

Det skadar neppe å nemne at åtvaringar mot farleg tilgjorte gjeld begge vegar - det finst fælt tilgjorte og vonde kvinner også. Det fortel ikkje denne eventyrtypen noko om, men Oskepott har tilgjorde systrer. Dei skadar tilmed seg sjølve for å verke som "den rette". "Buskebrura" har ein liknande bi-lærdom i seg, og så bortetter.

Olav Solberg har eit stykke om kjærasten i boka Inn i eventyret (2007). Jørgen Moe skreiv ned eventyret etter setesdalskvinna Karen Nilsdotter i 1847, og det kom på trykk i 1971. Eventyret handlar om ei vakker jente som får ein mordar til friar. Det same hender i den meir konsenterte varianten frå Møre og Romsdal, "Ivar Pennskjegg", som er med i samlinga Norske folkeeventyr (Bø mfl. 1982). I den versjonen snakkar mordaren dansk for å markere ein som ikkje er normal, fortel Solberg. Men det er skil på både danskar og vanskar, og ikkje alle nordmenn er mordmenn, for den saks skuld. (2007, 128-31)

Det fanst røvarar før i tida også, og det gjekk på livet laus. Det kan vere kjende, fæle fyrar eit stykke bakom soga, eller segner om historiske personar. Kven var i så fall den fæle fyren i nett denne eventyrtypen, "Røvarbrudgommen"? Det er dessverre fleire kandidatar. Ein adeleg seriemordar frå 1400-talet i Bretagne i Frankrike er ein av dei, men at han skal vere opphav til ein heil eventyrtype, er spekulasjonar. Det finst variantar av eventyret rundt om i Europa. (Wikipedia, "Bluebird")

[Til eventyret]

Vennar i liv og daude

ATU 470: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege oppgåver. Motivet med at tida går fortare på hi sida, finst i soger frå fleire land, som i den omfattande latinske samlinga Speculum exemplorum (Spegelen med eksempel) frå 1480-talet, og i den nederlandske, kristne segna Een dooden ridder (Ein daud riddar). [Uther, bd 1, 2004:275)

[Til eventyret]

Guten som skulle tene i tre år utan lønn

ATU 560: Trolldomseventyr av typen Magiske gjenstandar.

[Til eventyret]

Ikkje køyrande og ikkje ridande

ATU 875: Novelleeventyr av typen Kvinna gifter seg med prinsen.

[Til eventyret]

Sju år gammal graut

ATU - . Ein kan då foreslå det er skjemt av typen Konejakt (leiting etter kone) (1450-1474)

[Til eventyret]

Skipperen og Gamle-Eirik

ATU 1179: Dumtrolleventyr av typen Sjeler frelst frå fanden.

[Til eventyret]

Guten som gjorde seg til løve, falk og maur

ATU 302: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Tobakksguten

ATU 611: Trolldomseventyr av typen Magiske gjenstandar.

[Til eventyret]

"Tsju pus, vil du ned av bordet!"

ATU 1456: Skjemt av typen Historier om ei kvinne.

[Til eventyret]

Gullslottet som hang i lufta

ATU 531: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

[Til eventyret]

Raudrev og Oskeladden

ATU 300: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege motstandarar.

[Til eventyret]

Guten som ville bli handelskar

ATU 1538: Skjemt (anekdote) av typen Historier om ein mann.

[Til eventyret]

Den grøne riddaren

ATU 432: Trolldomseventyr av typen Mann.

[Til eventyret]

Uffa-Mattis

ATU 1696: Skjemt av typen Dummingen.

Ein gjer betre om ein ler med nokon enn av vedkommande. Og klarer ein å smile eller le vørdsamt av seg sjølv, viser ein høg humor, heiter det. Det er mange syn på humor, og mange sider ved det. I sær vennleg kvardagshumor kan vere bra å ha, også for langtidshelsa. [Meir]

[Til eventyret]

Krambuguten med gammalostlasten

ATU 506: Trolldomseventyr av typen Overnaturlege hjelparar.

[Til eventyret]

Tre sitronar

ATU 408: Trolldomseventyr av typen Kone.

[Til eventyret]

Klokkaren i bygda vår

ATU 1537: Skjemt av typen Historier om ein mann.

I eventyret er eit opptog av gamle ordtak. Tomprat er fjerna i attgivinga.

[Til eventyret]

Kvitebjørn kong Valemon

ATU 425A: "Dyret som brudgom (The Animal as Bridegroom)", eit trolldomseventyr av typen Mann.

Trua på at menneske kunne bli omskapte til dyr ved trolldom, er gammal. Det står om slikt i både norrøne eddakvad og sagalitteratur. Og førestellingane om slike omskapingar går mykje lenger bakover i tid, fleire tusen år bakover, og finst i fleire kulturar.

Folketrua har vore at ymse trollmenn kunne forvandle seg sjølve til dyr for ei tid, kort eller lang, og andre også. Ein del av trua var at dei var i stand til å hekse folk inn i hamen til for eksempel bjørn. Ein slikt omdanna menneske blei kalla mannbjørn. I jakttradisjonen var dei bjørnane som vanlege kuler og våpen ikkje såg ut til å bite på, haldne for mannbjørnar, fortrolla menneske. Men jegerane i segner freista då å skyte dei med kuler av arvesølv, og dei fann i regelen eigedelar mellom skinnet og kjøtet dersom dei fekk has på ein mannbjørn og flådde han. Slektningane til ein slik mannbjørn kjente han att på desse tinga. "Då dei fekk sjå bjørnen, tok barn og kvinnfolk til å gråte og bere seg. 'No har dei skote han bestefar,' sa dei."

(Hodne, 1999:197-99; Bø mfl. 1980:355-56) Eventyret er i slekt med "Eros og Psyche" (Amor og Psyche, Cupid og Psyche) av den romerske forfattaren Apuleius. På slutten av 100-talet skreiv Apuleius elles ein roman der hovedpersonen prøver å omdanne seg til fugl, men mislykkast og endar som eit gyllent esel. (Uther 2004, 1:248-50; Wikipedia, "Cupid og Psyche"; "Det gyldne esel")

[Til eventyret]

"God dag, mann!" – "Økseskaft"

ATU 1968 J: Skjemt av typen Ganske utrulege skrøner, skipperskrøner.

[Til eventyret]

Innhald


Asbjørnsen og Moe, eventyrmerknadar, litteratur  

Aarne, Antti. The Types of the Folktale: A Classification and Bibliography. Translated and Enlarged by Stith Thompson. 2nd rev. ed. Helsinki: Suomalainen Tiedeakatemia / FF Communications, 1961.

Ashliman, D. L. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987.

Bø, Olav, mfl, redr. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.

Hodne, Ørnulf. Norsk folketro. Oslo: Cappelen, 1999.

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Solberg, Olav. Inn i eventyret: Norsk og europeisk forteljekunst. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 2007.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284 -86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Wikipedia, s.v. "Aarne–Thompson classification system".

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon, opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, merknadar, bakgrunnsinformasjon. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]