NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Ikkje køyrande og ikkje ridande

IMAGE

Det var ein gong ein kongsson som hadde fridd til ei jente. Men då dei var blitt gode venner og vel forlikte, syntest han det kunne vere det same; då ville han ikkje ha henne, for ho var ikkje fin nok til han. Og så tenkte han at han skulle prøve å bli kvitt henne, og så sa han han skulle ta henne likevel, om ho kunne kome til han

Ikkje køyrande
Og ikkje ridande
Ikkje gåande
Og ikkje akande
Ikkje svolten
Og ikkje mett
Ikkje naken
Og ikkje kledd
Ikkje dag
Og ikkje natt.

For det trudde han ikkje ho kunne greie. Ho tok tre byggkorn og beit over, så var ho ikkje mett, men ho var ikkje fastande heller; og så kasta ho eit ullnett over seg, så var ho

Ikkje naken
Og ikkje kledd.

Tok så ein sauebukk og sette seg på så beina sleppete nedpå jorda; så subba ho fram, og så var ho

Ikkje køyrande
Og ikkje ridande
Ikkje gåande
Og ikkje akande.

Og det var i skiljet mellom natt og dag. Då ho kom fram til vaktene, bad ho at ho måtte få tale med kongssonen. Dei ville ikkje late henne inn, for ho såg ut som eit spetakkel. Men av dette styret vakna kongssonen og kom til vindauget. Så subba ho dit bort og vreid det eine hornet av på bukken. Det tok ho, stod på ryggen av den og banka på vindauget med. Så måtte dei late opp og gjere henne til prinsesse.

OPP


Sju år gammal graut

Det var også ein gut ein gong som skulle ut og fri. Mor hans ville støtt ha det så reint at "det skulle vere som det var blåst", sa ho.

Det ville guten også, og derfor ville han ha ei kjerring som var likså reinferdig som mor hans. Men korleis han skulle kome etter om dei var reinferdige eller skitsame, det gjekk han lenge og grunda på. Jo, til sist fann han på det. Han balla den eine handa si inn i dukar og plagg, som om han hadde ein stor verk i den, og så drog han i vegen. Der han kom, tok dei imot han som dei er skikk å ta mot ein friar til gards, både med øl og med drikk, både med mat og med prat, og noko av det første dei tok til å prate om, det var handa hans, kva som feilte den.

Å, det var noko som ingen doktor og kloke koner hadde bota, det.

Det var då ingen ting som det ikkje var råd for, utan døden, meinte gardsfolket.

"Ja, ei råd kan det vere," sa guten.

Kva det var?

"Kanskje sju år gammal graut; men det er vel ingenstad å få, sa han.

"Ikkje anna?" sa dei; "det skal det visst bli råd til; for i grytene våre og i dei gamle grauttraua er det skóv som visst er både sju og fjorten år gamle," sa dei.

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]