NORSK DEL, GULLVEKTA  

Asbjørnsen og Moe

 13 › 1 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Skipperen og Gamle-Eirik

HM-HM
Han som kom i eit vindkast laut sveitte for skipperen!
Det var ein gong ein skipper som var så ubegripeleg heldig med alt han tok seg til. Det var ingen som fekk slike fraktar, og ingen som tente slike pengar, for dei velta liksom inn på han; og det var slett ikkje nokon som var god for å gjere slike reiser som han; for kor han fór hen, var vinden med han, ja dei sa at berre han snudde hatten sin, så vende han vinden dit han ville ha den også.

Slik fór han i mange år både i trelastfart og på Kinareiser, og pengar tente han som gras. Men så var det ein gong han fór av stad heim over Nordsjøen for fulle segl att, som han skulle ha stole både last og skute. Men den som ville ha tak i han, han fór enda fortare. Det var Gamle-Eirik det; for han hadde skipperen gjort kontrakt med, som ein kan vite, og den dagen var tida ute; han kunne vente kvart augeblink at Gamle-Eirik kom og ville hente han.

Ja, skipperen kom opp på dekket frå kahytta og såg til vêrs; så praia han på tømmermannen og eit par av folka til, og sa dei skulle gå ned i rommet og hogge to hòl i botnen på skuta, og når dei hadde gjort det, skulle dei lette opp pumpene av pumpesota og drive dei tett inn i hola så sjøen stod langt opp i pumpestokken.

Folka undra seg på dette og syntest det var eit snodig arbeid; men dei gjorde som skipperen hadde sagt; dei hogde to hòl i botnen, og dreiv inn pumpene så tett at det ikkje kunne kome ein vassdråpe inn i lasten; men opp i pumpene stod Nordsjøen sju fot høg.

Dei hadde berre så vidt fått flisene over bord etter arbeidet, så kom Gamle-Eirik i eit vindkast og fakka skipperen i kragen. "Stopp, far, det har ikkje slik bråhast," sa skipperen, og med det same gav han seg til å verje for seg og løyse ut klørne som han hadde slått i han, med ein merlespikar [1]. "Har du ikkje gjort kontrakt om at du støtt skulle halde skuta tørr og tett?" sa skipperen. "Jo du er gild gut. Mål i pumpene! Vatnet står sju fot opp i røret. Pump, Teufel, og pump skuta lens, så kan du ta meg og ha meg så mykje du vil!" sa han.

IMAGE

      Gamle-Eirik var ikkje klokare enn at han let seg narre. Han strevde og sveitta, og sveitten fossa som bekker nedover han, så dei gjerne kunne drive ein kvernkall [2] nedst i rygg-skåra; men han pumpa opp av Nordsjøen og ut i Nordsjøen. Det arbeidet blei han trøytt av til sist, og då han ikkje orka meir, fór han heim i fullt sinne til oldemor si og ville kvile seg. Skipperen lét han vere skipper så lenge han ville, og er han ikkje død, så fer han vel enno og segler dit han vil, og dreier vinden etter som han snur hatten sin.

Ord

  1. Merlespikar: spiss stålreiskap til å spleise tau med.
  2. Ein kvernkall er eit vasshjul med skovler som driv øvste steinen i ei kvern av gammalt slag.
OPP


Guten som gjorde seg til løve, falk og maur

Det var ein gong ein mann som hadde ein einaste son; men han levde i armod og usseldom, og då han låg på det siste, sa han til sonen at han ikkje åtte anna enn eit sverd, eit strieplagg, og nokre brødsmular, og det skulle han få til arv. Då mannen var død, ville guten ut i verda og freiste lykka. Så batt han sverdet om seg og tok brødsmulane og la i strieplagget til niste; for dei budde oppe i ei skogli, langt frå folk. På vegen måtte han over eit fjell. Då han var komen så høgt at han kunne sjå ut over vidda, fekk han sjå ei løve, ein falk og ein maur som stod og tretta omkring ein død hest. Guten blei ille ved då han såg løva; men den ropte på han, og sa at han skulle kome og skilje tretta imellom dei, og dele hesten slik at kvar fekk det han burde ha.

Guten tok sverdet og skifta hesten så godt han kunne; løva gav han skroget og største parten; falken fekk noko av innmaten og noko anna småtteri; men mauren fekk hovudet. Då han hadde gjort det, sa han: "No synest eg det er rett delt. Løva skal ha det meste, for ho er størst og sterkast; falken skal ha det beste, for han er fin og fysen; mauren skal ha skolten, for han kryp i krokar og krikar."

Ja, den delinga var dei vel nøgde med alle saman, og så spurde dei kva han skulle ha for at han hadde skifta så vel imellom dei. "Har eg gjort dykk ei teneste, og de er nøgde med det, så er eg velnøgd," sa han; "men betaling skal eg ikkje ha." Jo, det skulle han ha, sa dei. "Vil du ikkje ha anna," sa løva, "så skal du få tre ønske." Men guten visste ikkje kva han skulle ønskje seg. Så spurde løva om han ikkje ville ønskje at han kunne skape seg om til ei løve, og dei to andre spurde om han ikkje ville skape seg om til falk og til maur. Det syntest han kunne vere både godt og vel, og så ønskte han seg det.

Han kasta sverdet og strieplagget, skapte seg om til falk og la til å fly. Så flaug han til han kom over eit stort vatn; men då han kom utpå, blei han så trøytt og så sårvenget at han kunne ikkje fly lenger, og då han såg eit brattberg som stod opp av vatnet, sette han seg på det og kvilte seg. Han syntest det var eit underleg berg, og gjekk omkring på det ei stund.

Men då han hadde kvilt ut, skapte han seg til ein falk att og flaug av stad til han kom til kongsgarden. Der sette han seg i eit tre utafor vindauga til kongsdottera. Då ho såg fuglen, fekk ho lyst til å fange den. Ho lokka den til seg, og då falken var komen innafor, stod ho ferdig, og - husj - slo kongsdottera vindauget att, tok fuglen og sette den i eit bur.

Maur på grasblad
Om natta gjorde guten seg til maur.

      Om natta gjorde guten seg til maur og kraup ut av buret, og så skapte han seg til den han var, og gjekk bort og sette seg hos kongsdottera. Då blei ho så redd at ho gav seg til å skrike så kongen vakna og kom inn og spurde kva som var på ferde.

"Det er nokon her!" skreik kongsdottera. I det same var guten maur, kraup inn i buret og gjorde seg til falk att. Kongen kunne ikkje sjå nokon som var å bli redd for; så sa han til kongsdottera at det måtte vere mara som trykte henne. Men ikkje før var han vel ute av døra, så var det den same att. Guten kraup ut av buret som ein maur, blei så til den han var, og sette seg hos kongsdottera.

Ho skreik høgt, og kongen kom og skulle sjå kva som var på ferde att.

"Det er nokon her!" skreik kongsdottera. Men guten smatt inn i buret att, og sett der som ein falk. Kongen såg og leita både høgt og lågt, og då han ikkje så noko, blei han sint for han ikkje kunne få nattero, og sa det var noko tøv ho fór med. "Skrik du slik éin gong til," sa han "så skal du få merke at kongen er faren din."

Men kongen var ikkje meir enn vel ute av døra, før guten var hos kongsdottera att. Den gongen skreik ho ikkje, enda ho var så redd at ho ikkje visste kor ho skulle gjere av seg.

Så spurde guten kva det var ho var så redd for.

Jo, ho var lovt bort til ein haugebasse, sa ho, og første gongen ho kom under bar himmel, skulle han kome og ta henne, og då guten kom, trudde ho det var haugebassen. Kvar torsdagsmorgon kom det bod frå haugebassen, og det bodet var ein drake, som kongen måtte gi ni velgjødde svin kvar gong den kom, og derfor hadde han sett ut at den som kunne fri han frå draken, skulle få kongsdottera og halve riket.

Det sa guten han skulle gjere, og då det blei lyst om morgonen, gjekk kongsdottera til kongen, og sa at det var éin inne som ville fri han for draken og svineskatten. Då kongen høyrde det, blei han glad, for draken hadde ete opp så mange svin at det snart ikkje var fleire igjen i heile kongeriket. Den dagen var det nettopp ein torsdagsmorgon, og dermed så strauk guten dit draken pleidde kome og ta imot svina, og husbondkaren i kongsgarden viste vegen for han.

Ja, draken kom også, og han hadde ni hovud, og var så arg og sint at det spruta eld og flammetunger frå han då han ikkje såg svinematen sin, og rauk på guten som han ville ete han levande. Men husj - gjorde guten seg til løve, og slost med draken og reiv av han det eine hovudet etter det andre. Draken var sterk han også, og han spydde eld og eiter. Men då det lei på, hadde han ikkje meir enn eitt hovud att; det var det seigaste. Til sist fekk guten rive av det og, og så var det ute med draken. Så gjekk han til kongen, og det blei stor glede over heile kongsgarden, og guten skulle ha kongsdottera.

Men så var det ein gong dei gjekk i hagen, då kom sjølve haugebassen farande, tok kongsdottera og fór bort igjennom lufta med henne. Guten ville etter med det same; men kongen sa han ikkje skulle gjere det, for han hadde ikkje nokon annan att, no då han hadde mista dottera. Men verken bøn eller bod hjelpte. Guten gjorde seg til falk og fór av garde. Men då han ikkje såg dei, kom han i hug det underlege brattberget han hadde kvilt på første gongen han flaug ut. Han slapp seg ned og sette seg der, skapte seg til maur og kraup ned gjennom ein sprekk i berget. Då han hadde krope ei stund, kom han til ei dør som var attlåst. Men han visste råd til å kome inn, han kraup inn gjennom nøkkelholet; der sat ei fremmend kongsdotter og lyska ein haugebasse med tre hovud.

"Eg har nok gått rett!" tenkte guten ved seg sjølv, for han hadde høyrt kongen hadde mista to døtrer før, som trolla hadde teke. "Kanskje eg finn den andre også," sa han ved seg sjølv og kraup inn gjennom nøkkelholet på ei dør til. Der sat ei anna fremmend kongsdotter og lyska ein haugebasse, og han hadde seks hovud. Så kraup han igjennom eit nøkkelhòl til, og der sat den yngste kongsdottera og lyska ein haugebasse med ni hovud. Han kraup opp på leggen hennar og klypte henne; så skjøna ho det var guten som ville tale med henne, og så bad ho haugebassen om ho ikkje fekk lov til å gå ut litt. Då ho kom ut, var guten den han var att, og så sa han til henne at ho skulle spørje haugebassen om ho aldri skulle kome derfrå og heim til faren sin. Så gjorde han seg til maur og sette seg på foten hennar, og så gjekk kongsdottera inn att og tok til å lyske haugebassen.

Då ho hadde halde på med dette ei stund, fall ho i tankar. "Du gløymer å lyske meg; kva er det du grundar på?" sa trollet.

"Å, eg grundar på om eg aldri skal kome herifra og heim til garden til far," sa kongsdottera.

"Nei, det gjer du aldri," sa haugebassen; "ikkje før nokon finn det sandkornet som ligg under den niande tunga i det niande hovudet på den draken som faren din skatta til. Men det finn ingen. For kjem det sandkornet over berget, så sprekk alle haugebassane, og berget blir til eit forgylt slott, og vatnet til engmarker."

Då guten høyrde det, kraup han ut gjennom alle nøkkelhola og gjennom sprekken ut på berget; der gjorde han seg til falk, og flaug dit som draken låg. Så leita han til han fann sandkornet under den niande tunga i det niande hovudet, og flaug av stad med det. Men då han kom til vatnet, blei han så trøytt, så trøytt at han måtte dale ned og setje seg på ein stein i stranda. Rett som han sat der, blunda han ein augeblink, og imens fall sandkornet ut av nebben hans og ned i strandsanden. Så leita han i tre dagar før han fann det att. Men då han hadde funne det, flaug han beint til brattberget med det og sleppte det ned igjennom sprekken. Då sprakk alle haugebassane; berget rivna, og det stod eit forgylt slott der, det gildaste slottet i heile verda. Vatnet var dei vakraste åkrane og grønaste engene nokon ville sjå.

Versailles, Grand Trianon
Detalj frå Versailles.

Så reiste dei til kongsgarden og der blei det vel glede og herlegdom. Guten og den yngste kongsdottera skulle ha kvarandre, og dei tura bryllaup over heile kongeriket i sju samfulle veker. Og fór ikkje dei vel, så gi du no må fare enda betre!

ASBJØRNSEN OG MOE  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]