![]() |
Asbjørnsen og Moe
| ||||||||||||||||||||
|
TobakksgutenDet var ein gong ei fattigkjerring som gjekk omkring med sonen si og bad; heime hadde ho verken å bite eller brenne. Først gjekk ho bygdimellom, og så kom ho til byen. Då ho hadde gått husimellom der ei stund, kom ho til borgarmeisteren. Det var både ein snill mann og ein gjæv mann, ein av dei beste i byen. Han var gift med dottera til den rikaste kjøpmannen der, og med henne hadde han ei smådotter. Dei hadde ikkje fleire barn, så ho var både søtungen og sukkerungen, og det var ingen ting som var for godt for henne. Ho blei straks velkjent med denne fattigguten også, då han kom der med mor si, og då borgarmeisteren såg at dei var godvenner så snart, tok han til seg guten så ho kunne ha han til leikebror. Ja, dei leika saman og stelte saman, las saman og gjekk på skule saman, og var støtt venner og vel forlikte. Ein dag stod borgarmeisterkona ved vindauget og såg etter barna då dei skulle på skulen. Då fekk ho sjå det var ein regndam i gata; først bar guten tina med skulematen over dammen; så kom han igjen og lyfte veslejenta over, og då han sette henne ned, tok han eit kyss. Då borgarmeisterkona såg det, blei ho sint: "Skal slik ein skarveunge kysse dotter vår, vi som er dei beste folka i byen?" sa ho. Mannen prøve å stagge henne det beste han kunne, og sa ingen visste kor barna skulle bu, og ingen kva som kan hende sine; det var ein snill og skikkeleg gut, og det kom ofte eit stort tre av ein liten renning, sa han. Men nei, det var det same kva han var og kva han blei; "når armod kjem til ære, veit den ikkje korleis den vil vere," og "den som er slått til femkrone, blir aldri til hundrekroning, om han skin som ein gullpenge," sa borgarmeisterkona. Hos henne fekk han ikkje lov å vere; ho ville av med han. Då det ikkje var anna råd, så sende borgarmeisteren han bort med ein kjøpmann som var komen dit med eit skip. Der skulle han vere kahyttsgut. Til kona sa han at han hadde selt guten for tobakk. Men før han reiste, braut borgarmeisterdottera ringen sin i to stykke og gav han halvdelen så dei kunne kjennast om dei skulle møtast att. - så reiste skipet, og guten kom til ein by lange borti landa. Der hadde det nyleg kome ein prest som var så svær til å preike at alle måtte i kyrkja og høyre han, og om søndagen måtte skipsfolka dit også og høyre preike. Guten blei aleine igjen på skipet. Som han heldt på å lage maten, høyrde han det ropte over eit sund tett ved. Guten tok båten og sette over, og så var det ei gammal kjerring som stod der og hauka. "Ja no har eg stått her i hundre år og hauka og ropt og tenkt eg skulle kome over sundet," sa kjerringa; "men ingen har høyrt det og vørdt det før du, og du skal få lønn for at du har sett meg over," sa ho. Guten måtte følgje med til syster hennar, som budde i eit berg tett ved, og der skulle han be om den gamle duken som låg på skaphylla. Ja, då han kom dit, og trollkjerringa fekk vite at han hadde hjelpt syster hennar over sundet, så måtte han få kva han ville, sa ho. "Å, eg vil ikkje ha anna enn den gamle duken som ligg på skaphylla, eg," sa guten. "Det har du ikkje av deg sjølv," sa trollkjerringa. "No får eg ombord og koke helgemat til kyrkjefolka," sa guten. "Vørd det ikkje," sa kjerringa; "den skal koke seg sjølv den, mens du er borte," sa ho. "Bli med meg, så skal du få meir lønn du; eg har stått ved sundet og hauka og ropt i hundre år; men ingen har høyrt det eller vørdt det før du." Så skulle han følgje med til den andre systera. Der skulle han be om å få det gamle sverdet som var slik at han kunne putte det i lomma så blei det ein kniv, og drog han det ut, så blei det til eit langt sverd; vifta han med den svarte eggen, så fall allting dødt, og vifta han med den kvite, så blei alt levande att. Ja, då dei kom dit, og trollkjerringa fekk vite at han hadde hjelpt syster hennar over sundet, så skulle han ha ferjeløn; han kunne få kva han ville. "Å, eg vil ikkje ha anna enn det gamle sverdet som ligg oppå skaptoppen, eg," sa guten. "Det har du ikkje av deg sjølv," sa trollkjerringa. "Kom med meg," sa den andre; "eg har stått ved det sundet og hauka og kaua i hundre år, og ingen har høyrt det eller vørdt det før du; du skal ha meir lønn du; bli med til den tredje systera mi!" Der skulle han be om den gamle salmeboka, og den var slik at når nokon var sjuk og han song ein salme som passa til sjukdommen, så blei den sjuke frisk att. Ja, då dei kom fram, og den tredje trollkjerringa høyrde han hadde hjelpt syster hennar over sundet, skulle han ha ferjeløn der også; han kunne få kva han ville. "Å, eg vil ikkje ha anna enn den gamle salmeboka til bestemor, eg," sa guten. "Det har du ikkje av deg sjølv," sa trollkjerringa. Då han kom ned på skipet att, var folka i kyrkja framleis. Så prøvde han duken og breidd ut berre ein liten snipp, for han ville sjå kva den dugde til først, før han la den på bordet og brukte den. Jo, det blei både gild mat og mykje mat, og drikke til, det var sikkert nok. Han tok berre ein smakebete han, og så gav han hunden så mykje det orka å ete. Då kyrkjefolka kom ombord, sa skipperen: "Kor har du fått all den maten til hunden? Han er jo stinn som ei rullepølse og lat som ei purke." "Å, eg gav han beina eg," sa guten. "Det var bra gut, som kom i hug hunden også," sa skipperen. Så breidde guten ut duken, og med det same var det så fullt med mat og drikkevarer at dei aldri hadde levd så vel før. Då guten var aleine med hunden att, ville han prøve sverdet også. Han hytta til den med den svarte eggen, så fall den død i dekket; men då han snudde det og hytta med den kvite, livna den opp og vispa med halen imot leikekameraten sin. Men boka, den kunne han ikkje få prøvd. Så siglde dei både vel og lenge, til det kom ein storm på dei som varte i mange dagar; dei låg og dreiv så dei ikkje visste kor dei var. Til sist så stilna det, og dei kom til eit land langt borte, der ingen av dei var kjente; men dei kunne skjøne det var stor sorg der, og det var det også, for kongsdottera var spedalsk. Kongen kom ned til skipet og spurde om ingen kunne frelse henne og gjere henne god att. Nei, det var ingen der ombord som kunne, sa dei som var på dekk. "Er det ingen fleire ombord i dette skipet då?" sa kongen. "Jo, ein liten fillegut," sa dei. "La han kome, han også," sa kongen. Guten meinte han nok skulle gjere henne god. Skipperen blei så vill og redd då han høyrde dette at han rende i ring som ein tordivel i ein tjørekopp; han tenkte guten kunne leggje seg borti noko som han ikkje kom vel ifrå, og meinte det var ikkje verdt å vørde slikt barnesnakk. Men kongen sa at vettet kom med voksteren, og barn var mannsemne; hadde han sagt seg god for det, fekk han prøve seg; det var mange som hadde freista og feila før. Han tok han med til dottera, og guten song salmen éin gong. Då kunne kongsdottera lette armen; han song den éin gong til, så kunne ho sitje i senga, og då han hadde sunge den tredje gongen, var kongsdottera frisk. Kongen var så glad at han ville gi han halvdelen av land og rike, og dottera med. Ja, land og rike kunne det vere godt nok å ha halvdelen av, det takket han mangfaldig for, men han hadde lova seg til ei anna, sa han, kongsdottera kunne han ikkje ta. Så blei han der i landet og fekk halvdelen av riket. Men då det lei om ei stund, blei det krig; guten måtte vere med, og han sparte ikkje den svarte eggen, kan du vite. Krigsfolka til fienden fall som fluger, og kongen vann. Men så brukte han den kvite eggen; då livna dei opp att alle i hop, og gav seg under kongen, for at dei fekk lov å nyte livet. Men då det var blitt så mange, var det vondt for mat, og kongen ville gjerne gi dei fullt opp både av mat og drikke. Så måtte guten fram med duken sin, og så skorta det ikkje på noko slag, verken vått eller tørt. Då han hadde vore ei tid hos kongen, tok han til å stunde etter borgarmeisterdottera. Han rusta fire krigsskip å reise med, og då han kom utafor den byen der borgarmeisteren var, skaut han og dundra så vindaugsrutene skrelte ut i halve byen. Ombord på desse skipa var det så staseleg som hos ein konge, og sjølv hadde han gull etter kvar saum, så gild var han. Det varte ikkje lenge før borgarmeisteren kom ned og bad om ikkje den fremmende storkaren ville vere så god å kome og ete hos han. Jo, det ville han; han kom opp til borgarmeisteren, og der sat han ved sia av dottera og borgarmeisterfrua. Som dei sat der i beste praten og åt og drakk og levde vel, lurte han seg til å kaste den halve ringen oppi glaset til dottera. Ho var ikkje sein om å skjøne meininga, gjorde seg eit ærend ut frå bordet og sette den saman med den andre halve.
Mora merka det var noko på ferde, og strauk etter, så snart ho kunne. "Veit du kven som er inne, mor?" sa dottera. "Nei," sa borgarmeisterfrua. "Det er han som far selde for tobakk," sa ho. Med det same dåna frua og fall over ende på golvet. Så kom borgarmeisteren etter, og då han høyrde korleis det hang i hop, blei det ikkje stort likare med han. "Det er ikkje noko å få støkk av," sa tobakksguten; "eg er berre komen for å få den veslejenta eg kyste på skulevegen," sa han. Og til borgarmeisterkona sa han det: "Du skal aldri vanvørde fattigmanns barn; det er ingen som veit kva det kan bli av det; for barn er mannsemne, og vettet kjem med voksteren."
"Tsju pus, vil du ned av bordet!"Det var ein gut som skulle ut og fri ein gong, det var langt borte i ein avdal. All ting var gammaldags hos dei folka han gjekk til; dei budde i ei røykstove, der årerøyken gjekk opp og lyset kom ned gjennom ljoren. Her var det ei gifteferdig jente som var så vakker at ho var namnspurd; men ho hadde eit lyte, ho og. Dei tok nokså vel imot friaren. Men mens dei sette fram på borda både lefser og flatbrød og spekjebogar og rømmegraut og bar fram eit heilt stort smørstykke, så var det gått ei rift i eit plagg, og den skulle nestast saman i ein fart. Det skulle dei ha ei nål til, men det var inga synål å finne. Så sa kjerringa i stua. "Du får til å leite du også, dotter mi, du som ser så godt." Ja, ho til å leite både høgt og lågt. Til sist glante ho oppetter ljorestonga. "Der sit den," sa ho, "øvst oppe ved gluggen." Det var ikkje noko menneske som kunne sjå ei synål der oppe, men der var den. No, nåla kom ned, rifta blei stoppa att, alt var godt og vel, og jenta gjekk og briska seg på jordgolvet. Men så hadde dei ein gulflekka katt der i stua; den syntest ho hadde sett seg opp på bordet - men det var smørstykket ho tok for katta -, og så dreiv ho til smørstykket så det sa klask borti veggen: "Tsju, vil du ned av bordet, pus!" sa ho. Det var jente som såg godt, det. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||