![]() |
Asbjørnsen og Moe
| ||||||||||||||||||||||
|
Gullslottet som hang i lufta
Det var ein gong ein fattig mann som hadde tre søner. Då han døydde, skulle dei to eldste ut i verda og freiste lykka; men den yngste ville dei ikkje ha med seg på noko sett eller vis. "Du då," sa dei, "du duger ikkje til anna enn å sitje og halde tyrilysa og grave i oska og blåse i glørne, du!" - "Ja ja, så får eg vel gå aleine med meg sjølv eg," sa Oskeladden, "så blir eg ikkje uforlikt med følget mitt heller." Dei to drog i veg, og då dei hadde reist i nokre dagar, kom dei i ein stor skog; der sette dei seg til å kvile og skulle få seg mat av nista dei hadde med, for dei var både trøytte og svoltne. Som dei sat der, kom det ei gammal kjerring opp gjennom ei tue og bad om litt mat; ho var så gammal og skrøpeleg at munnen var rund. Ho hakka med hovudet og måtte stave seg fram; ho hadde ikkje hatt brødsmulen i munnen på hundre år, sa ho. Men gutane lo berre og åt, og sa at når ho ikkje hadde livnært seg så lenge så heldt ho nok ut resten om ho ikkje skulle ete opp matsmulane for dei; dei hadde lite niste og ingenting å miste. Då dei hadde ete seg gode og mette og kvilt, la dei i vegen att, og langt om lenge kom dei til kongsgarden. Der fekk dei teneste begge to. Ei stund etter dei hadde reist heimafrå, sanka Oskeladden i hop dei smulane som brørne hans hadde vraka heime, og la dei i den vesle nisteskreppa si, og tok med den gamle børsa som det ikkje var lås på, for han tenkte den kunne alltid vere god å ha på vegen; så gjekk han av garde. Då han hadde gått i nokre dagar, kom han også inn i den store skogen som brørne hans hadde reist gjennom, og då han blei trøytt og svolten, sette han seg under eit tre og ville kvile seg og få seg litt i livet. Men han hadde auga med seg, og mens han tok opp nisteskreppa, fekk han sjå det hang eit målarstykke på eit tre, og på det var det malt ei ung jomfru eller ei kongsdotter som han syntest var så herleg at han ikkje kunne ta auga sine frå det. Han gløymde både maten og skreppa og tok ned måleriet og låg og ni-glante på det. Rett som det var, kom den gamle kjerringa opp gjennom tua, gjorde munnen rundt og hakka med hovudet og stava seg fram, og så bad ho om litt mat, for ho hadde ikkje hatt brødsmulen i munnen på hundre år, sa ho. "Det kan vere på tide du får litt å leve av då, gamlemor," sa guten, og gav henne av dei brødsmulane han hadde. Kjerringa sa det var ikkje nokon som hadde kalla henne mor på hundre år, og ho skulle nok gjere han eit morsstykke att, sa ho. Ho gav han eit grått ullgarnsnyste som han berre skulle trille framfor seg, så kom han dit han sjølv ville; men målarstykket sa ho han ikkje skulle vørde; han kom berre i ulykke av det. Oskeladden syntest at alt var godt og vel; men måleriet ville han ikkje vere utan; så tok han det under armen og trilla ullgarnsnystet framfor seg, og det varte ikkje lenge før han kom til kongsgarden der brørne hans tente. Der bad han også om teneste. Dei svara at dei hadde ikkje bruk for han, for dei hadde nyleg fått to tenestegutar; men han bad så vakkert, og til sist skulle han då få lov å vere hos stallmeisteren og bli opplært til å stelle hestane. Det ville Oskeladden gjerne; for hestar likte han godt. Han var både flink og flittig, så han lærde snart å stulle og stelle dei, og det varte ikkje lenge før alle i kongsgarden heldt hav han; men kvar stund han hadde til overs, var han oppe og såg på skilderiet; for det hadde han hengt i ein krok på høyloftet over stallen. Brørne hans var late og dovne; derfor fekk dei ofte vondord og hogg, og då dei såg det gjekk betre for Oskeladden enn dei sjølve, blei dei misunnelege på han, og sa til stallmeisteren at han var ein avgudsdyrkar; han bad til eit bilete og ikkje til Vårherre. Enda stallmeisteren tykte vel om guten, var det ikkje lenge før han sa det til kongen. Men kongen berre talte kvasst og beit etter han, for han var sturen og sørgmodig støtt, etter at døtrene hans var røva av eit troll. Men dei tuta så lenge i øyra til kongen at han til sist ville ha greie på kva den var guten hadde for seg. Då han kom opp på høyloftet og fekk sjå skilderiet, så var det den yngste dottera hans som var malt på det. Men då brørne til Oskeladden høyrde det, var dei straks klare og sa til stallmeisteren: "Bror vår har sagt seg god for å skaffe kongen attende dottera hans, berre han vil det." Ein kan nok vite det var ikkje lenge før stallmeisteren gjekk til kongen med det, og då kongen høyrde det, ropte han på Oskeladden og sa: "Brørne dine seier at du kan skaffe igjen dotter min, og no skal du gjere det." Oskeladden svara han hadde aldri visst det var kongsdottera, før kongen sa det sjølv, og kunne han frelse henne og hente henne, så skulle han visst gjere sitt beste. Men to dagar måtte han ha til å områ seg og ruste seg på. Det skulle han få. Guten tok fram det grå ullgarnsnystet og kasta i vegen, og det trilla føre og han gjekk etter heilt til han kom til den gamle kjerringa som han hadde fått det av. Henne spurde han kva han skulle gjere, og ho sa han skulle ta med den gamle børsa si, og tre hundre kasser med spikar og hesteskosaum, og tre hundre tønner bygg og tre hundre okseskrottar, og trille nystet i vegen til han møtte ein ramn og ein trollunge, så kom han nok fram; for dei to var av slekta hennar. Ja, guten gjorde som ho sa; han gjekk innom i kongsgarden og tok den gamle børsa si, og bad kongen om spikar, kjøt og flesk, og hestar og gutar og køyredoning til å få det fram med. Kongen syntest det var mykje forlanga; men når han kunne skaffe igjen dottera, skulle han få alt han ville krevje, om det så var halve riket, sa han. Då guten hadde rusta seg, trilla han nystet i vegen att og han hadde ikkje gått mange dagane før han kom til eit høgt berg; der sat det ein ramn oppe i ei fure. Oskeladden gjekk til han kom tett innunder, og la til å sikte og peike med børsa. "Nei, skyt ikkje, skyt ikkje meg, så skal eg hjelpe deg," skreik ramnen. "Eg har aldri høyrt at nokon har kytt av ramnesteik," sa guten, "og sia du er så oppsett på å leve, så kan eg gjerne spare deg." Så kasta han børsa, og ramnen kom flygande ned og sa: "Her oppe på dette fjellet går det ein trollunge som har tulla seg bort så han ikkje kan kome ned att. Eg skal hjelpe deg opp, så kan du få følgje ungen heim og få deg ei lønn som du vel kan trenge. Når du kjem dit, byr trollet deg alt det gildaste han har, men det skal du ikkje vørde, du skal ikkje ta noko anna enn det vesle grå eselet som står bakom stalldøra." Så tok ramnen guten på ryggen og flaug opp på berget med han og sette han der. Då han kom eit stykke innover, høyrde han trollungen kvinka og bar seg ille for han ikkje kunne kome ned att. Guten talte nokså vel med han; dei blei venner og vel forlikte, og han tok seg på å hjelpe han ned, og så skulle han følgje trollungen heim i trollgarden så han ikkje skulle tulle seg bort på heimvegen. Så gjekk dei til ramnen, og han tok dei på ryggen begge to og bar dei like til bergtrollet. Då trollet fekk sjå att ungen sin, blei han så glad at han gløymde seg sjølv, og sa til guten han kunne følgje med inn og ta kva han ville for at han hadde frelst sonen hans. Han baud han både gull og sølv og alt det som rart og dyrt var; men guten sa han helst ville ha seg ein hest. Ja, han skulle då få hest, sa trollet, og så bar det til stallen med dei. Der var det fullt av dei gildaste hestar, dei skein både som sol og måne; men guten syntest dei var for store til han alle i hop. Så gløtta han bakom stalldøra, og så fekk han sjå det vesle grå eselet som stod der. "Det vil eg ha," sa han, "det høver meg; dett eg av, så er eg ikkje lenger frå bakken enn som så." Trollet ville nødig miste eselet, men sia han hadde sagt det, måtte han stå ved det. Så fekk guten eselet med sal og beksel og alt det som til høyrde, og så fór han av stad. Dei reiste gjennom skog og mark, over fjell og vide heiar. Då dei hadde reist lenger enn langt, spurde eselet om guten såg noko. "Nei, eg ser ikkje anna enn eit høgt berg som det blånar i," sa guten. "Ja, det berget skal vi gjennom," sa eselet. "Skal tru det?" sa guten. Då dei var ved berget, kom det farande mot dei ein einhyrning som om den ville ete dei levande. "No trur eg mest eg blir redd," sa guten. "Å ikkje," sa eselet; "less av eit par sneis okseskrottar og be den bore hòl og bryte veg gjennom berget," sa det. Guten så gjorde. Då einhyrningen hadde fått metta seg, lovde dei den eit par sneis slakta svin om den ville gå føre og bore hòl i berget så dei kom gjennom. Då den høyrde det, bora det hòlet og braut veg gjennom berget så fort at dei hadde nok med å følgje den, og då den var ferdig med dei, kasta dei av eit par sneis svineskrottar til den. Då dei var komne vel frå dette, reiste dei langt bort gjennom landa, og så kom dei gjennom skog og mark, over fjell og ville heiar att. "Ser du noko no?" spurde eselet. "No ser eg ikkje anna enn himmel og ville fjell," sa guten. Så reiste dei langt og lenger enn langt, og då dei kom høgare opp, blei fjellet jamnare og flatare så dei kunne sjå vidare omkring seg. "Ser du noko no?" sa eselet. "Ja, eg ser noko langt, langt borte," sa guten; "det glitrar og skin som ei lita stjerne." "Den er nok ikkje så lita enda," sa eselet. Då dei hadde reiste langt og lenger enn langt att, spurde det: "Ser du noko no?" - "Ja, no ser eg noko langt borte; det skin som ein måne," sa guten. "Det er ingen måne," sa eselet; "det er sølvslottet vi skal til," sa det. "Når vi kjem dit, ligg det tre drakar på vakt ved porten; dei har ikkje vore vakne på hundre år, så det har grodd mose på auga på dei." - "Eg meiner mest eg blir redd dei, eg," sa guten. "Å ikkje," sa eselet; "du får vekkje den yngste og kaste i han eit par sneis okseskrottar og slaktesvin, så snakkar han nok til dei andre to så du kjem inn i slottet." Dei reiste langt og lenger enn langt før dei kom fram til slottet; men då dei kom dit, var det både stort og gildt, og alt det dei såg, var støypt av sølv, og utafor porten låg drakar og stengde så ingen kunne kome inn; men dei hadde hatt det stilt og roleg og ikkje vore mykje brydd på vakta si, for dei var så mosegrodde at ikkje nokon kunne sjå kva dei var gjorde av, og bortmed sidene på dei tok det til å gro småskog mellom mosetuene. Guten vekte den minste av dei, og den til å gni auga sine og kare vekk mosedottane. Då draken fekk sjå det var folk, kom den imot han med gapet på vid vegg, men då stod guten ferdig og kasta i den okseskrottane og slengde i den svinet, til den hadde blitt mett og litt rimeleg å snakke med. Guten bad at den skulle vekkje dei andre og be dei flytte seg unna så han kunne kome inn i slottet. Men det torde og ville den ikkje, sa draken i førstninga, for dei hadde ikkje vore vakne og ikkje smakt mat på hundre år; den var redd dei skulle fare i ørska og somle i seg både levande og dødt. Guten meinte det hadde ikkje noka nød, for dei kunne leggje igjen hundre okseskrottar og hundre slaktesvin og reise unna eit stykke, så kunne dei vel få metta seg og samle seg til dei kom tilbake att. Ja, det ville draken også, og så gjorde dei det; men før drakane blei retteleg vakne og fekk mosen av auga på seg, fór dei omkring og ørska og glefste både etter likt og ulikt, og den yngste draken hadde nok med å hytte seg for dei til dei hadde fått vêret av kjøtet. Då slukte dei ned heile oksar og svineskrottar, og åt til dei var mette. Sia blei dei nokså spake og godlynte og slapp guten imellom seg inn i slottet. Der var det så gildt at han aldri hadde trutt det kunne vere så gildt nokon stad; men det var aude for folk, for han gjekk frå det eine rommet til det andre og opna alle dørene, men han såg ingen. Jo til sist så gløtta han inn gjennom døra til eit kammers han ikkje hadde sett før. Der inne sett det ei kongsdotter og spann, og ho blei glad og sæl då ho fekk sjå han. "Nei, nei, tør dei kome kristne folk hit?" ropte ho. "Men det er nok best du går att, elles kan trollet drepe deg; for her bur eit troll med tre hovud." Guten meinte på det at han flytta seg ikkje om trollet så hadde sju. Då kongsdottera høyrde det, ville ho han skulle freiste om han kunne svinge det store rustne sverdet som hang bak døra. Nei, han kunne ikkje svinge det, han kunne ikkje lette det ein gong. "Ja," sa kongsdottera, "når du ikkje orkar det så får du ta deg ein slurk av den flaska som heng ved sida, for det gjer trollet når han skal ut og bruke det." Guten tok seg eit par slurkar; så kunne han svinge sverdet som det var ei bakstefløyg. Rett som det var, kom trollet susande. "Ho, her luktar så kristen mannlukt!" skreik det. "Det gjer så," sa guten; "men du treng ikkje blåse i nasen for det; du skal ikkje ha vondt av den lukta lenge," sa han, og så hogde han alle hovuda av det. Prinsessa blei så glad som ho skulle fått noko godt. Men då det lei på litt, blei ho sturen; for ho lengta etter syster si, som var røva av eit troll med seks hovud og budde i eit slott av gull, tre hundre mil bortafor verdas ende. Guten meinte det ikkje var verre det; han kunne hente både kongsdottera og slottet, og så tok han sverdet og krukka, sette seg på eselet, og bad draken følgje med og frakte kjøtet og flesket og spikrane han hadde. Då dei hadde vore på vegen ei stund og reist langt, langt bortover, både land og strand, så sa eselet ein dag: "Ser du noko?" "Eg ser ikkje anna enn land og vatn og himmel og høge hamrar," sa guten. Så reiste dei langt og lenger enn langt. "Ser du noko no?" sa eselet. Ja, då han hadde sett seg vel for så han noko langt, langt borte; det skein som ei lita stjerne, sa guten. "Det blir nok større," sa eselet. Då dei hadde reist eit langt stykke igjen spurde det: "Ser du noko no?" "No ser eg det skin som ein måne," sa guten. "Ja ja," sa eselet. Då dei hadde reist langt og lenger enn langt, bortover land og strand, over haug og hei att, spurde eselet: "Ser du noko no?" "No synest eg det skin mest som sola," sa guten. "Ja, det er gullslottet vi skal til," sa eselet; "men utafor ligg ein linnorm [eit slangeliknande fabeldyr] som stengjer for vegen og heldt vakt." "Eg meiner eg blir redd den," sa guten. "Å ikkje," sa eselet; "vi får bryte over den nokre lag med kvistar og leggje imellom lag av hesteskosaum og tenne varme på, så blir vi vel kvitt den." Langt om lenge kom dei bort imot der slottet hang; men linnormen låg framfor og stengde for vegen dit. Så gav guten draken eit godt mål med okse- og svineskrottar for at dei skulle hjelpe han, og dei braut over den eit lag kvist og eit lag spikar og hesteskosaum til dei hadde brukt opp dei tre hundre kassane som dei hadde, og då det var gjort, sette dei varme på og brende opp linnormen lys levande. Då dei var ferdige med den, flaug den eine draken under og letta slottet opp, og dei to andre fór høgt til vêrs og løyste ut lenkjekrokene som det hang i, og så sette dei det ned på marka. Då det var gjort, gjekk guten inn, og her var det enda gildare enn i sølvslottet, men folk såg han ikkje før han kom inn i det innarste rommet. Der låg kongsdottera på ei gullseng. Ho sov så hardt som ho skulle vere død, men det var ho ikkje, enda han ikkje var kar for å vekkje henne, for ho var raud og kvit som mjølk og blod. Best som guten stod og såg på henne, kom trollet farande. ikkje før hadde det fått det første hovudet inn gjennom døra, så skreik det: "Huff, her luktar så kristen mannlukt!" "Kanskje," sa guten; "men du treng ikkje blåse så hardt i nasen for det; du skal ikkje ha vondt av den lenge," sa han; og så hogde han alle hovuda av det, som dei sat på kålstilkar. Så tok draken gullslottet på ryggen og fór heim med det - dei var ikkje lenge om vegen, skal eg tru - og sette det ved sia av sølvslottet så det skein både vidt og breitt. Då kongsdottera frå sølvslottet kom til vindauget om morgonen og fekk sjå det, blei ho så glad at ho sprang over i gullslottet straks på timen; men då ho fekk sjå syster si som låg og sov som ho var død, sa ho til guten at dei kunne ikkje få liv i henne før dei fekk døds- og livsvatnet, og det stod i to brønnar på begge sider av eit gullslott som hang i lufta ni hundre mil bortafor verdas ende, og der budde den tredje systera. Ja, det var ikkje annan råd, meinte guten, han fekk hente det også, og det var ikkje lenge før han var på vegen. Så reiste han langt og lenger enn langt, gjennom mange rike, gjennom mark og skog, over fjell og fjøre, over berg og båre. Til sist kom han til verdas ende, og enda reiste han både langt og lenge, over hei og haug og høge hamrar. "Ser du noko?" sa eselet ein dag. "Eg ser ikkje anna enn himmel og jord," sa guten. "Ser du noko no?" sa eselet, då det hadde gått nokre dagar til. "Ja, no synest eg at eg skimtar noko høgt oppe og langt borte, liksom ei lita stjerne," sa guten. "Det er nok ikkje så lite enda," sa eselet. Då dei hadde reist ei stund att, spurde det: "Ser du noko no?" "Ja, no tykkjer eg det skin som ein måne." "Jaså," sa eselet. Så reiste dei i nokre dagar til. "Ser du noko no?" spurde eselet. "Ja, no skin det som sola," svara guten. "Dit skal vi," sa eselet; "det er gullslottet som heng i lufta. Der bur ei kongsdotter som er røva av eit troll med ni hovud; men alle dei ville dyr i verda, ligg på vakt og stengjer for vegen dit," sa eselet. "Huff, eg meiner mest eg blir redd no!" sa guten. "Å ikkje," sa eselet. Og så sa det at det ikkje hadde nokon fare når han ikkje gav seg til å stanse der, men reiste så snart han hadde fylt krukkene sine med vatnet; for det var ikkje framkomeleg meir enn éin time om dagen, og det var midt på dagen; men var han ikkje kar til å bli ferdig i den tida og kome unna, så reiv dei han i tusen stykkjar. Ja, det skulle han gjere, sa guten; han skulle nok ikkje vente for lenge. Klokka tolv kom dei fram. Då låg alle dei ville og vonde dyra som fanst, som eit gjerde utafor porten og på to sider av vegen; men dei sov som stokk og stein, og det var ikkje eitt av dei som lea på labben ein gong. Guten gjekk imellom dei og akta seg vel så han verken trødde på tærne eller rumpetippane deira, og fylte krukkene sine med livs- og dødsvatnet, og mens han gjorde det, såg han på slottet, som var støypt av blankt gull. Det var det gildaste han hadde sett, og han meinte det måtte vere enda gildare innvendig. "Pytt, eg har tida for meg," tenkte Oskeladden, "eg kan alltid sjå meg om ei halv times tid," og så lét han opp og gjekk inn. Men der var det gildare enn gildt; han gjekk frå den eine staselege stua til den andre; det var så det lavde av gull og perler og alt det dyraste som fanst. Folk fanst der ikkje. Men til sist kom han inn i eit kammers; der låg ei kongsdotter og sov på ei gullseng. Ho sov så tungt som ho var død; men ho var så gild som den gildaste dronninga, og raud og kvit som blod og snø, og så vakker at han aldri hadde sett noko som var så vakkert, utan måleriet hennar; for det var ho som var skildra der. Guten gløymde både vatnet han skulle hente, og dyra og heile slottet, og såg bere på kongsdottera, og syntest han aldri kunne bli mett av å sjå på henne; men ho sov som ein død, og han var ikkje god for å få henne vaken. Då det lei mot kvelden, kom trollet susande, og ramla og smelte i porter og dører så det braka i heile slottet. "Huff, her luktar så kristen mannlukt!" sa det, og stakk det første hovudet inn av døra og vêra. "Kanskje det," sa guten; "men du treng ikkje blåse så vomma rivnar for det; du skal ikkje ha vondt av den lukta lenge," sa han, og dermed så hogde han alle hovuda av det. Men då han var ferdig, var han så trøytt at han ikkje kunne halde auga opne. Så la han seg på senga ved sia av kongsdottera, og ho sov både natta og dagen, som ho aldri skulle vakne. Men ved midnattstid var ho vaken ein augeblink, og då sa ho til han at han hadde frelst henne; men ho måtte vere der i tre år til; kom ho ikkje heim då, fekk han kome og hente henne. Han vakna først då klokka gjekk til eitt andre dagen, og høyrde at eselet tok til å skrike og låte så ille, og så tenkte han det var vel best han gav seg på heimvegen; men først klipte han eit ein bit ut av kjolen til kongsdottera og tok med seg. Men korleis det var eller ikkje, så hadde han drunta der så lenge at dyra tok til å vakne og ruske på seg, og då han var komen opp på eselet, kringsette dei han så han syntest det så reint trugande ut. Men eselet sa han skulle skvette på dei nokre dropar av dødsvatnet. Det gjorde han, og så styrta dei på flekken og rørde ikkje ein lem meir. Mens dei var på heimvegen, sa eselet til guten: "Når du no kjem til ære og herlegdom, skal du sjå du gløymer meg, og det eg har gjort for deg, så eg kjem på knea av svolt." Nei, det skulle aldri skje, meinte guten. Då han kom heim til kongsdottera med livsvatnet, skvetta ho nokre dropar på syster si så ho vakna, og så blei det glede og herlegdom, det kan ein vel vite. Så reiste dei heim til kongen, og han var også blid og glad for at han hadde fått dei att; men han gjekk og stunda og stunda etter at det skulle vere slutt på dei tre åra til den yngste dottera skulle kome. Guten som hadde henta dei, gjorde han til ein mektig mann, så han blei den første i landet nest etter kongen. Men det var mange som var misunnelege for det han var blitt slik ein storkar, og så var det éin - han heitte enda Riddar Raud - som dei sa ville ha den eldste kongsdottera; han fekk henne til å skvette på guten litt av dødsvatnet så han sovna. Då dei tre åra var omme, og det lei eit stykke ut i det fjerde, kom det seglande eit fremmendt krigsskip, og på det var den tredje systera, og ho hadde med seg eit tre års gammalt barn. Ho skikka bod opp til kongsgarden og sa at ho ikkje ville setje foten sin på land før dei sende den som hadde vore på gullslottet og frelst henne. Så sende dei ein av dei høgaste der i kongsgarden, og då han kom på skipet til kongsdottera, strauk han hatten av og bukka og krøkte seg. "Kan det vere faren din, son min?" sa kongsdottera til barnet, som leika med eit gulleple. "Nei, faren min kryp ikkje som ein ostemakk," sa gutungen. Så sende dei éin til av same slaget, og det var Riddar Raud. Men det gjekk ikkje betre med han enn med den første, og kongsdottera sende bod med han at skikka dei ikkje den rette, så skulle det gå dei ille. Då dei høyrde det, måtte dei vekkje guten med livsvatn, og så gjekk han ned på skipet til kongsdottera; men han bukka ikkje for mykje på seg, skal eg tru; han berre nikka på hovudet og tok fram biten han hadde klipt ut av kjolen hennar på gullslottet. "Der er faren min," ropte guten og gav han gulleplet han leika med. Så blei det stor herlegdom over heile riket, og den gamle kongen var den gladaste av dei alle, for det han hadde fått att kjæleungen sin. Då det kom for dagen, det som Riddar Raud og den eldste kongsdottera hadde gjort mot guten, ville kongen at dei skulle rullast i kvar si spikartønna; men Oskeladden og den yngste kongsdottera bad for dei, og så slapp dei den biten. Då dei skulle til å feire bryllaup i kongsgarden, så var det ein dag guten stod og såg ut gjennom vindauget, - det var på vårsida dette, dei skulle til å sleppe ut hestane og buskapen, og den siste som kom ut av stallen, var eselet; men det var så utsvelta at det kom på knea ut gjennom stalldøra. Då blei han så ille ved for at han hadde gløymt det at han gjekk ned og ikkje visste kva for noko godt han skulle gjere; men eselet sa det beste han kunne gjere, var å hogge hovudet av det. Det ville han nødig; men eselet bad så vakkert at han måtte gjere det til slutt. I det same hovudet fall på tråkka, var det slutt med trollhamen som var kasta på det, og der stod den vakraste kongssonen som nokon kunne sjå. Han fekk den andre kongsdottera, og så tura dei bryllaup så det blei høyrt og spurt over sju kongerike. Så bygde dei bu Raudrev og OskeladdenDet var ein gong ein konge som hadde mange hundre sauer og mange hundre geiter og kyr; og mange hundre hestar hadde han også, og sølv og gull i store haugar og dungar. Men enda sørgde han så mykje at han mest aldri ville sjå folk, og enda mindre tale med dei. Slik var han sia den tida yngste dottera hans kom bort. Ja, det var elles ille nok der, om han aldri hadde mista henne; for det var eit troll som gjorde ustell og ustyr der støtt, så det mest ikkje var komande til kongsgarden for folk. Rett som det var, sleppte trollet ut alle hestane, så dei trakka ned åker og eng og åt opp kornet, og rett som det var, reiv han hovudet av endene og gjæsene til kongen. Somtid drap han kyrne på båsen, så dreiv han sauer og geiter over åsen, og kvar gong dei skulle ta fisk i dammen, var dei jaga på land alle saman. Men så var det eit par gamle folk som hadde tre søner; den eine heite Per, den andre heite Pål, og den tredje kalla dei Espen Oskeladd, for han låg og kara i oska støtt. Det var gjæve gutar, men han Per, som eldst var, skulle no vere den gjævaste, og så bad han faren sin om han fekk lov til å reise ut i verda og freiste lykka. "Ja, det skal du få; seint er betre enn aldri, guten min," sa kallen. Så fekk sonen brennevin på flaska og niste i taska, og så tok han foten på nakken og lakka nedover bakken. Då han hadde gått ei stund, møtte han ei gammal kjerring som låg ved vegen. "Å, kjære gut, gi meg ein liten matsmule i dag," sa kjerringa. Men Per såg knapt til sia, han slengde berre på nakken og gjekk sin veg. "Ja, ja," sa kjerringa, "gå du, du skal få sjå det går som det går," sa ho. Per gjekk langt og lenge og lenger enn langt, til han kom fram til kongsgarden. Der stod kongen i svala og gav hønene mat. "God kveld, gud signe Dykk," sa Per. "Tippe tippe tippe, tuppe tuppe - !" sa kongen og strødde både i aust og vest, og vørde ikkje han Per det grann. "Ja, stå der du og strø korn og kakl hønemål til det blir ein bjørn av deg," sa Per ved seg sjølv; "du skal nok vere fri for at eg skal tale til deg," meinte han, og så gjekk han inn på kjøkkenet og sette seg bortpå benken som ein annan storkar. "Kva er du for ein storsnuta kar?" sa kokka, for Per hadde ikkje fått skjegg enda. Dette syntest han var spott og spe, og så tok han til å dengje kokkejenta. Men rett som det var, kom kongen og lét dei skjere tre raude reimar av ryggen på han; så strødde dei salt i såra og let han gå heim att same vegen han var komen. Då Per vel var komen til hus, ville Pål ut. Å ja, han fekk også brennevin på flaska og niste i taska, tok foten på nakken og lakka nedover bakken. Då han kom eit stykke på vegen, trefte han kjerringa som bad om mat; men han strauk forbi og svara ikkje ein gong, og på kongsgarden gjekk det ikkje eit hår betre med han enn det hadde gått med Per. Kongen sa "tippe tuppe", og kokketausa kalla han ein uskikkeleg unge, og då han ville banke henne opp for det, kom kongen med slaktarkniven og skar tre raude reimar og strødde eldmørje i, og sende han heim att med sår rygg. Så kraup Oskeladden opp frå grua og tok til å ruske på seg. Den første dagen rista han av seg oska, den andre vaska og kjemte han seg, og den tredje kledde han seg i kyrkjepynt. "Nei, sjå på den!" sa han Per; "No skin det ei ny sol her. Du vil vel til kongsgarden og vinne kongsdottera og halve riket? Å, bli i oska og ligg i oska du," sa han. Men Oskeladden høyrde ikkje på det øyret, han gjekk inn til far sin og bad om å få lov til å gå litt ut i verda. "Kva skal du ute i verda?" sa gamlingen; "det gjekk dårleg med han Per og han Pål, korleis skal det så gå med deg?" sa han. Men Oskeladden gav seg ikkje før han fekk lov til å gå. Brørne ville ikkje at han skulle få matsmulen med seg, men mora gav han ei osteskorpe og eit kjøtbein, og dermed labba han av garde. Det hasta ikkje med han; "du kjem alltid tidsnok," tenkte han; "no har du dagen for deg, og sia kan det hende at månen kjem opp, om lykka er god." Så sette han den eine foten framfor den andre, og pusta i bakkane og såg seg vel om på vegen. Langt om lenge kom han frammi den gamle kjerringa som låg i veggrøfta. "Stakkars deg, din gamle krok, du er vel svolten du!" sa Oskeladden. Ho var det, sa kjerringa. "Ja, så får eg dele med deg," sa Oskeladden og gav henne osteskorpa. "Frys du også?" sa han, han såg ho hakka tenner. "Du får ta gamletrøya mi. Det er ikkje stort til ermar og lite til rygg, men det var eit godt plagg då den var ny." "Vent no," sa kjerringa og raka nedi storlomma si; "her har du ein gammal nøkkel," sa ho. "Eg har verken betre eller verre å gi deg; men når du kikar gjennom nøkkelringen, så kan du sjå kva du vil." Då han kom fram til kongsgarden, heldt kokka på å bere vatn, og det hadde ho eit svare strev med. "Det er for tungt for deg dette," sa Oskeladden, "det kan vere så passe for meg å gjere det," sa han. Den som blei glad var kokketausa, og sia lét ho Ladden støtt få skrape gryta. Men det varte ikkje lenge før han fekk han mange uvenner for det, og dei laug på han for kongen, og sa han hadde sagt seg god for både det eine og det andre. Ein dag kom kongen og spurde Oskeladden om det var sant at han var god for å halde fisken i dammen så ikkje trollet kunne skade den; "dei seier du har sagt deg god for det," sa han. "Eg har ikkje sagt det," sa Oskeladden; "men hadde eg sagt det, så ville eg også vere god for det." Vel, korleis det no var, så fekk han nok prøve om han ville frelse ryggskinnet sitt, sa kongen. Ja, han fekk prøve då, sa Oskeladden; for han hadde ikkje hug til å gå med raude render under trøya, sa han. Om kvelden kika Oskeladden gjennom nøkkelringen, og då såg han det at trollet var redd for timian. Han til å ruske opp all den timianen han kunne kome over; noko strødde han i vatnet og noko på landet, og resten strødde han rundt kanten på dammen. Så måtte trollet la fisken vere i fred; men no fekk sauene unngjelde for det; trollet jaga dei over alle haugar og hamrar heile den natta. Så var det nokre av dei andre tenarane som hadde vore ute igjen og sagt at Oskeladden visste råd for sauene også, om han berre ville; han hadde sagt seg god for det, det var sikkert. Ja, kongen gjekk ut til han og sa det same som sist, og truga med å skjere tre raude reimar av ryggen på han, om han ikkje gjorde det. Det var ikkje anna råd då, og så tok Oskeladden til med timian att; men det blei det mest ingen ende på; for etter som han batt timian på sauene, så åt dei av kvarandre att, og det varte og det rakk, for sauene åt fortare enn han batt på. Men til slutt gjorde han smurning av timian og tjøre og smurde dei inn med, og så lét dei vere å ete den. Kyrne og hestane fekk også timianssmurning; så fekk dei fred for trollet. Men ein dag som kongen var ute på jakt, kom han på villgras i skogen; han rei omkring i mange dagar og hadde verken mat eller drikke, og kleda fór så ille i trongskogen at til slutt hadde han nesten ikkje filla på kroppen. Så kom trollet og sa at fekk han det første kongen møtte når han kom til jordet sitt, så skulle han sleppe heim til kongsgarden att. Ja, det skulle trollet få; kongen tenkte det var vel den vesle hunden hans som støtt kjasa i møte med han. Men då kongen kom så nær kongsgarden at dei kunne sjå den, gjekk den eldste kongsdottera med alle folka etter seg i møte med kongen og tok imot han både godt og vel. Då han fekk sjå at ho var den første, blei han så ille ved at han stupte i bakken med det same, og sia den tida var han mest som ein halvtulling. Om kvelden skulle trollet kome og hente kongsdottera. Ho var pynta og sat på ei eng ute ved tjernet og gret og bar seg ille. Det var ein som heitte Raudrev som skulle følgje henne, men han var så redd at han kleiv opp i ei tømmergran, og der blei han sitjande. Rett som det var, kom Oskeladden og sette seg ned på bakken ved sia av kongsdottera. Og ho blei glad, det kan ein nok vite, då ho fekk sjå det var folk som torde vere hos henne enda. "Legg hovudet i fanget mitt du, så skal eg plukke lus av deg," sa ho. Espen Oskeladd gjorde som ho sa, og mens ho gjorde det, sovna han, og så tok ho ein gullring av fingeren sin og knytte fast i håret på han. Rett som det var, kom trollet pustande; han var så tung på foten at det knaka og braka i skogen ei heil kvartmil framfor han. Då han fekk sjå Raudrev, som sat i grantoppen som ein liten orre, spytta han etter han: "Tvi," sa han, så både Raudrev og tømmergrana fauk i bakken, og der låg han og sprella som ein fisk på tørt land. "Ho ho!" sa trollet; "sit du her og plukkar lus av folk, så et eg deg," sa han. "Tvi!" sa Oskeladden med det same han vakna, og tok til å kike på trollet gjennom nøkkelringen. "Hu hu! Kva glanar du på meg for?" sa trollet til Oskeladden, "hu hu!" Så kasta det jernstauren etter han så den stod ni meter inn i berget; men Oskeladden var så snapp og snar på foten at han kom seg unna med det same trollet kasta. "Tvi for kjerringstykke!" sa Oskeladden. "Hit med tannstikka di, skal du få sjå kast!" Ja trollet nappa opp stauren i eitt rykk; den var så stor som tre grindstaurar. Imens stirde Oskeladden under himmelen både i sør og i nord. "Hu hu! Kva glanar du etter igjen?" sa trollet. "Eg ser etter kva for ei stjerne eg skal kaste til," sa Oskeladden. "Ser du den ørande vesle beint i nord? Den tek eg," sa han. "Nei, la den sitje som den sit," sa trollet; "du får ikkje slenge bort jernstauren min." - "Ja ja, så får du vel ha den igjen då," sa Oskeladden; "men kanskje du hadde betre hug til at eg skulle slengje deg opp til månen ei vending?" sa han. Nei, det ville ikkje trollet heller. "Ja, men blindebukk! Har du ikkje hug til å leike blindebukk?" sa Oskeladden. Jo, det kunne vere snodig nok, meinte trollet; "men du skal gå først," sa han til Oskeladden. "Å ja, gjerne det," sa guten; "men det greiaste er at vi tel, så slepp vi å ha noko å mase om." Ja ja, dei fekk då det. Og så kan ein vite at Oskeladden laga det slik at trollet fekk bindet om auga og kom til å gjere den første reisa. Men der skulle du sett blindebukk! Dei fór omkring i skogkanten; trollet rauk og rende mot stubbane, så smuldra tre fauk og det knaka etter. "Hau, hau, det skulle troll vere blindebukk lenger!" skreik trollet, så illsint var det. "Vent litt," sa Oskeladden, "så skal eg stå still og rope til du tek meg." Imens tok han ei hampehekle [plate med spisse metalltenner til reinsing av hamp] og sprang på den andre sida av tjernet, som det ikkje var botn i. "Kom no, her står eg!" skreik Oskeladden. - "Det er vel leire og skog?" - "Du kan vel høyre det ikkje er skog her," sa Oskeladden. "Kom no!" Så bar det i vegen att. Plump! sa det; der låg trollet i tjernet, og Oskeladden hogde han i auga med hekla kvar gong han fekk hovudet over vatnet. No bad trollet så tynt for livet sitt at guten syntest det var synd på han; men først måtte han seie frå seg kongsdottera og skaffe fram den som han hadde teke før, og love at folk og fe skulle ha fred. Så slapp trollet og krabba heim til berget sitt. Då var Raudreven kar att, kom ned av grana, og tok kongsdottera med seg opp til slottet, og truga henne til å seie at det var han som hadde frelst henne. Og så luska han ned og tok imot den andre også, då Oskeladden hadde sleppt henne inn i hagen. No blei det slik glede i kongsgarden at det blei høyrt og spurt over land og rike, og Raudrev skulle ha bryllaup med den yngste kongsdottera. Ja, det var godt og vel; men det var ikkje så vel enda - for rett som det var, så hadde trollet gått ned i jorda og stappa igjen alle vassårene; "Kan eg ikkje gjere anna ugagn," tenkte han, "så skal dei ikkje få vatn å koke bryllaupsgrauten i." Det var ikkje anna råd enn å sende bod etter Oskeladden att. Han fekk seg ei jernstong som skulle vere ni meter lang, og seks smedar som skulle gjere den gnistrande raud. Så kika han gjennom nøkkelringen. Då såg han trollet like godt under jorda som over jorda, og køyrde så stonga ned igjennom bakken og ned etter ryggen på trollet så det lukta brent horn nesten fire mil omkring. "Hau, hau!" skreik trollet; "slepp meg opp!" Rett som det var, kom han setjande opp gjennom hòlet og var oppbrent like til nakken. Men Oskeladden var ikkje sein, han tok trollet og la det på ei stong som var fletta med timian, og der måtte det liggje og seie han kor det hadde fått auga frå, etter at Oskeladden hadde hakka dei ut med hampehekla. "Eg stal meg ei rånepe," sa trollet; "den smurde eg vel inn med smurning; sia skar eg den til som eg ville og sette den inn med pumpespikar, og betre auge vil eg ikkje ønskje nokon mann." Så kom kongen og begge kongsdøtrene og ville sjå trollet, og Raudrev gjekk så krapp og kry at rumpa stod høgare enn nakken. Men så fekk kongen sjå at det var noko som blinka i håret på Oskeladden. "Kva har du der?" sa han. "Å, det er den ringen som dotter di gav meg då eg frelste henne frå trollet," sa Oskeladden. Og no kom det for dagen korleis alt var gått til. - Raudrev gret og bad for seg; men alt han lét og alt han gret, så hjelpte det ikkje, han måtte i ormegarden, og der sprakk han med det same. Så tynte dei trollet og tok til å dundre og drikke og danse i bryllaupet til Oskeladden, for no var han basen. Han fekk den yngste kongsdottera og halve kongeriket. Så legg eg eventyret mitt på ein slede
Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Omsetjing m.m., Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||