NORSK DEL, GULLVEKTA

Asbjørnsen og Moe. Innleiing

 13 › 1 › 3 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Asbjørnsen og Moe – SAMLINGA

Asbjørnsen og Moe på nynorsk

Margaret Tarrant. Boat to Fairytales. Section

Asbjørnsen og Moes samla verk med eventyr og forteljingar og segner – no er alt kome på nynorsk. Eventyr og segner som Asbjørnsen og Moe sette saman ut frå variantar av norske dialektar, har vore gitt ut berre på bokmål før, enda om nynorsk har vore ein heil del nærare dei fleste munnlege originalkjeldene, og trass i rimelege ønske om å få eventyra på eiga målform.

Asbjørnsen og Moes samla verk blir rekna som ein sentral del av nasjonalarven, og var i si tid med å påverke til fornorsking av bokmålet etter kvart som eventyra blei fornorska etter språkreformer. Men opphavet til det aller meste av eventyrarven er ikkje heimleg; eventyra er felleseige med andre folk.

Noko av det som kan vere godt av å vite om denne utgåva, er:

  • Språket er gjennomgåande normalisert.
  • Dialektbruk finst nesten ikkje.
  • Sideformer er kutta vekk.
  • Dei verste bannorda og påkallingane i forteljingane er borte.
  • Fleire gamle, nesten heilt gløymte ord og uttrykk er bytte ut med nyare.
  • Mange eventyr er dessutan utstyrt med ordforklaringar. Berande delar av norsk kultur, folkearv eller identitet har også fått ein og annan illustrasjon saman med anna artig, sia "eit bilete seier meir enn tusen ord", som det heiter.
  • Mange segner har fått overskrifter sette til så det blir lettare å oppdage dei teksten. Dessutan er det eit samla oversyn over dei her: [Lenkje]

Og vidare, 'SØK' (øvst på sida) gir tilgjenge til nynorsk ordbok på nettet.

Teksten eg har omsett ifrå, er prega av massiv bruk av semikolon gjennom særs lange periodar. Sjølv om setningane stundom er lange, glir dei etter måten godt, jamt over. Eg har derfor ikkje delt opp alle lange setningar til kortare.

Endringane er gjort for at fleire kan få glede av tilfanget. Innhaldet har blitt lettare tilgjengeleg under eitt.

Eg har teke med nokre av dei gamle illustrasjonane for kontinuiteten sin del. Otto Sinding og Theodor Kittelsen kan ha flest her. Eventyrarv er ei hovudkjelde til fantasi-fundert utfalding - kunst - ikkje berre innleving. Slik har det vore frå gamle Egypt og Hellas også. Og gode forteljingar er retteleg god hjelp i tileigninga av språk, her ei norsk målform som mange kjenner seg heime i.

Etter at heile verket blei ferdig grovomsett sommaren 2008, har eg finpussa frå starten til eit stykke inn i andre bandet, stort sett. Råd om betringar og rettingar er velkomne.

Nye omsyn kjem til: Nokre kommentarar

I vår tid har omsyn til bevaring av fin natur og dyr og plantar i den, gjort jegerlykka mindre velsett enn hos til dømes Asbjørnsen frå ei tid då folk svalt, drakk og jakta, og emigrerte. Ein tredel av folket emigrerte, og langt dei fleste til USA. Haldningane har altså endra seg, og vi er i ei brytningstid på mange måter. Jakt har blitt fotosafari eller naturtur med skisse- og teikneblokk, og mang ein fiskar slepper ut fisken levande etter å ha fanga den - snakk om dill! Det er nye tider. Den svenske diktaren Evert Taube ber fram eit syn som gler meg:

Änglamarken

Kalla den Änglamarken eller Himlajorden om du vill,
jorden vi ärvde och lunden den gröna,
vildrosor och blåsippor och lindblommor och kamomill,
låt dem få leva, de är jo så sköna.

Låt barnen dansa som änglar kring lönn och alm,
leka tittut mellan blommande grenar,
låt fåglar leva och sjunga för oss sin psalm,
låt fiskar simma kring bryggor och stenar!

Sluta att utrota skogarnas alla djur!
Låt örnen flyga, låt rådjuren löpa!
Låt sista älven, som brusar i vår natur,
brusa altjämt mellan fjäller och gran och fur!

Kalla den Änglamarken eller Himlajorden om du vill,
jorden vi ärvde och lunden den gröna,
vildrosor och blåsippor och lindblommor och kamomill,
låt dem få leva, de är jo så sköna!

- Evert Taube

Asbjørnsen og Moe samla både eventyr og segner

Peter Christen Asbjørnsen
Måleri av Peter Christen Asbjørnsen

Peter Christen Asbjørnsen (1812-85) og Jørgen Moe (1813-82) leita opp folk som kunne fortelje dei eventyr og segner, skreiv ned og redigerte frå det materialet. Dei to reiste for det meste kvar for seg for å nå over eit større område.

Dei to vennene gav ut eventyr frå 1841. Det året kom ei brosjyre. I 1842-44 kom tre hefter i tillegg, slik at dei hadde publisert 53 historier i alt i 1844. Moe hadde førebudd 28 av forteljingene, og Asbjørnsen 25 av dei. I 1852 kom eit nytt og mykje større tobands-verk.

Til sist, i 1871, kom ei bok med førtifem nye historier. Boka, som blei siste hand på verket frå dei to, var redigert av Asbjørnsen, og inneheldt bidrag fra Moe også.

I alt gav dei ut om lag hundre eventyr, og det er kanskje halvparten av dei best omtykte norske eventyra som finst. I forteljingane finst nær hundre segner i tillegg, og dessutan ufullstendige segner og segnfragment [Nov 25-26].

Takk vere notatane til dei to samlarane veit ein kven som fortalde dei to dei fleste eventyra i samlinga.

Jørgen Moe
Måleri av Jørgen Moe

Språkpolitisk bakteppe

Molkte Moe (1859-1913) var son av Jørgen Moe, og blei den første professoren i folkloristikk i Norden. Molkte Moe fann at det meste av kulturen vi reknar som norsk, er innført utafrå. Han påviste også at eventyra er det. Og slik er det nesten utan unntak. Eventyr og segner blei fortalte og attfortalte munnleg i tradisjonelle far til dei blei skrivne ned i mange variantar. Det synte seg at mange eventyr også blei attdikta, ikkje berre attfortalte. Variantar finst av mange av eventyra. Asbjørnsen og Moe valde ut og "sydde" saman (redigerte) ifrå det store materialet dei fekk, og fordanska tilfanget i eventyra spesielt.

Då Noreg blei fritt i 1905, talte størstedelen av den norske befolkninga dialektar. Henrik Wergeland hadde villa fornorske dansken, og Asbjørnsen og Moe hadde det same synet som Wergeland. Dei skreiv på dansk med ein del særnorske ord. Molkte ivra for samnorsk noko tid etter dei, for då hadde bygdegeniet Ivar Aasen samla inn og gjennomarbeidd dialektord frå mange hald og laga norsk grammatikk attåt, med ny norsk målform som hovudbidraget sitt. Det blei eit alternativ til slapt og klossete fornorska dansk.

Etter 1905 var riksmål (no: bokmål) og landsmål (no: nynorsk) dei to offisielle målformene i Noreg. Molkte Moe ivra for meir fornorsking av skriftspråket og meinte dansk rettskriving var eit hinder for den norske folkedanninga.

I 1907 kom så ei språkreform som braut klart med dansk-norsken, og i 1917 kom ei ny reform som førte vidare fornorskinga av det danskaktige riksmålet. Hovudpunktet i reforma var at riksmål og landsmål ein gong skulle smelte saman, slik at Noreg fekk eitt skriftspråk. Molkte Moe arbeidde vidare med denne tanken, og det var han som innførte omgrepet "samnorsk".

Men reforma vekte stor motstand hos bokmålsfolk. I 1952 blei Norsk Språknemnd skipa for å fremje tilnærminga mellom bokmål og nynorsk. Det oppstod språkstrid i Noreg over det. Vi kan ikkje seie han er over.

I dag (2008) har vi to norske målformer, bokmål og nynorsk. Vi har ikkje offentleg samnorskstrev meir. Den linja enda Bondevik-regjeringa og Stortinget i 2002.

Det er framleis vanleg å snakke dialekt i Noreg. Gamle ord blir erstatta av nye, og bokmålet taper trutt mot engelsk, mellom anna.

I 2008 kom kulturdepartementet med ei språkmelding. Regjeringa vil styrkje nynorsken med særlege tiltak. Signala har tverrpolitisk oppslutning på Stortinget.

ASBJØRNSEN OG MOE
Asbjørnsen og Moe - SLUTTBOLK

Asbjørnsen og Moe samla verk med eventyr og segner - LITTERATUR  

Nov: Bø, Olav, mfl, redr. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.

Asbjørnsen og Moe eventyr og segner - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Asbjørnsen og Moe samla verk med eventyr og segner BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2009–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]