![]() |
Verdien av dyreeventyr
| ||||||||||||||||||||
|
Fram i verda ved dyr og draumarDet er livskunnskap i mange overleverte eventyr.
Folkeeventyr
EIN SKIL mellom kunsteventyr av kjente opphavsmenn på den eine sida og folkeeventyr på den andre sida. Folkeeventyr er brei, forteljande dikting med stort sett ukjente opphavsmenn [1], og har vanlegvis blitt overlevert (tradert) frå slekt til slekt før nedteikningar. Handlinga i folkeeventyr er kanskje lagt til ei ikkje nemnt fortid, med dyr, personar og gjenstandar som blir framstelt i ei blanding av røyndom og ikkje-røyndom. Mange folkeeventyr har moral og eit preg av livsorientering, men det finst ulike slags folkeeventyr også, og ikkje alle kjennemerka ovafor gjeld alle typane [Caplex nett, s.v. "eventyr".]1. Forteljarane for nedskrivarane har dikta med i somme eventyr. Og somme nedskrivarar, som norske Asbjørnsen og Moe, kunne sy saman ulike versjonar av same eventyr til ein heilskap: Dei redigerte dei, skriv redaktørar bak samlinga Norsk Eventyrbibliotek. Britannica Student Encyclopedia forstår med folkeeventyr "undereventyr (magic stories), romansar, dyresoger og anekdotar (skjemt)", og viser med det til dei fire hovudinndelingane i den internasjonale eventyrkatalogen etter Antti Aarne og Stith Thompson. Britannica meiner også at undereventyr, magic stories, representerer ein freistnad på å sleppe bort frå røyndommen [Tft; Tyno 5; Ebu Stud, s.v. "folklore"]. Men dette heller reduksjonistiske utsynet over funksjonane til eventyr er mangelfullt og slett ikkje sant i alle tilfelle: Eventyr kan bli deklamert, fortalt og lest for tidtrøyte, gild underhalding og kanskje for å overlevere normer frå gammalt. Dei kan også gi uttrykk for glede over å leve. Eventyr har fleire andre aspekt som vi skal gå inn i: Dei underviser i haldningar til medvesen, til kva for åtferdseiningar som kan vere bra og gi lykka med, og kanskje kva for utstyr som til sjuande og sist må til for å løyse problema. Det er såleis mange måtar å tolke eventyr på [Propp; Greimas; Engelstad.] Der Britannica tek fram tre eventyrgrupper nemner Birgit Hertzberg Johnsen fire: dyresoger, soger om det overnaturlege, og komiske forteljingar. Johnsen legg også andre perspektiv på eventyr: Folkeeventyr er "free ranging " og "imaginative stories " som har blitt overlevert frå forteljar til forteljar ifrå "time immemorial ". Det vil seie dei er forteljingar utan særlege bindingar, fantasifulle og temaa kan vere rett gamle. Eventyrarven kjem inn på forhold mellom folk uttrykt i fantastiske og symbolske former. Dei er basert på det verkelege livet, men ikkje avgrensa til det eller til det som folk held for sant og rimeleg. Dei har ofte i seg overnaturlege og uvanlege element, men slutten tek helten og heltinna tilbake til den verkelege verda att. [5] Birgit Hertzberg Johnsen: "Norwegian folktales and legends". [Lenkje] Accessed 29 okt. 03. Folkeeventyr hører med blant dei finaste kulturskattane, fortel Johnsen også. Skal vi gjette dei er blant dei tretti finaste formene for kultur? [Op.cit.]. Egil Sundland legg enkle psykologiske perspektiv på undereventyr. Han meiner at dei er farga av grunnleggjande eksistensielle fenomen. Dei syner mellom anna gammal jakt på originale problemløysingar i eit tilvære fullt av under eller mystikk. Helten har det som skal til for å undre seg, og nettopp det er kjernen i mange Oskeladd-eventyr. Ei undrande innstilling fører Oskeladden til eit skapande forhold til røyndommen, skriv Sundland (1995: 9, 40, 64, 65). Handlingsgangen: Undereventyr har gjerne surrealistiske element, der helten eller heltinna kombinerer ulike røyndomsnivå, vender seg til og får hjelp frå den andre sida, kanskje i form av å få og eige ein god hest, og vinn framgang og livslykke til slutt, kanskje etter trengsler. Hjelpt av dyr ved avstandsgjeringSANNINGA skal sigre når det ikkje lenger er så viktig at den gjer det, seier den britiske diktaren Coventry Patmore (1823-96) i Magna est Veritas: The lie shall rot; Ein kan bli hjelpt til innsikt i kva som kan vere sant og flott av dyr, og det kan skje på mange måtar. I fablar blir menneskelege forhold portrettert av dyr i stiliserte roller. Ofte kan dei snakke og undervise. Den psykologiske og eksistensielle avstanden ein vinn ved å leggje bitre og vanskelege tilhøve til dyr og fuglar som oppfører seg som typifiserte menneske, tek vekk mangt fælt så einkvan kan muntre seg. I eventyrkatalogen er elles dyresogene gruppert med AT-nummera 0-300. I desse sogene er det dyra som er hovudaktantar [2] og som underviser. Det gjer dei på minst tre måtar: På enkle, skjematiserte måtar illustrerer dei kva som går an, kva som ber galt av, og korleis livet kan vere også mellom menneske. Esopsfablar hører inn under dyresogene. [Tff; Agha; jf. Tyno] 2. Aktant: term frå Vladimir Propp også nytta av Algirdas Greimas. Dei mest kjente villdyra i norske dyresoger er bjørn, rev og ulv. Dei underviser oss til dels bra om livet. Blant tamme dyr og fuglar har vi katt, hund, sau, geit og gris mellom dyra, men tilmed mus er med. Haner og høner fortel også ein del. Desse skapningane underviser oss om det vonde og gode på enkle vilkår, og fine tankar blir lagt i nebbet på somme av dei. To døme: I fabelen "Heimemusa og fjellmusa" (AT 112) vitjar to mus kvarandre, og fabelen blir runda av med at den eine vil heller ha fattigdom og tryggleik ute på landet enn farleg, stressfylt otte i byen. Også i det norske samfunnet held den lærdommen under eitt, ser det ut til ut frå statistikk. Men statistiske gjennomsnittsmål gjeld ikkje for kvar ein. Somme har det godt i byen. Dessutan er det også slik at urbaniseringa veks fram heile tida, og kan betrast undervegs, som så mykje anna.
I dyretragedien "Kvar synest best om sine barn (AT 247) naudber ei myrsnipe ein jeger om å spare ungane hennar, dei venaste i skogen. Så skyt jegeren dei styggaste han finn, det er nettopp myrsnipeungane. Lærdommen er at kvar synest særs godt om sine eigne barn, og nett det kan bere galt av stad. At kvar synest best om sine eigne barn, er elles overlevert frå gamle Hellas i ein fabel om ei apemor også [LES DEN].
Co: Watson, Burton, tr. The Complete Works of Chuang Tzu. New York: Columbia University Press, 1968. Ashliman, D. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood, 1987. Bruner, Jerome. The Culture of Education. Cambridge Mass. Harvard University Press, 1996. Brøgger, Waldemar, trans. Boken om tusen og en natt. Vols 1-6. S.A. Spain: Triangle Commercial Corporation, 1985. Buzan, Tony, with Barry Buzan. The Mind Map Book. Rev. utg. London: BBC Books, 1995. Bø, Olav et al eds. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982. de la Fontaine, Jean Fables. On-line: [LENKJE]. Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2007 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2007. Engelstad, Irene. Fortellingens mønstre: En strukturell analyse av norske folkeeventyr. Oslo: Universitetsforlaget, 1976. Fuller, Edmund. 2500 Anecdotes for All Occasions. New York: Wings, 1970. Gross, Ronald. Peak Learning: A Master Course in Learning How to Learn. New York: J. Tarcher/Putnam, 1991. Hodne, Ørnulf. The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984. Kirk, James A. Stories of the Hindus: An Introduction Through Texts and Interpretation. New York: Macmillan, 1972. Propp, Vladimir. Morphology of the Folktale. Austin: University of Texas, 1968. Rajan, Chandra, trans. Visnu Sarma: The Panchatantra. London: Penguin Classics, 1995. Shastri, Hari, trans. Ramayana of Valmiki, vo1s 1-3. London: Shanti Sadan, 1959. Sundland, Egil. "Det var en gang - et menneske" Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 1995.
Aarne, Antti. The Types of the Folktale: A Classification
and Bibliography. Translated and Enlarged by Stith Thompson. 2. rev. utg.
Helsinki: Suomalainen Tiedeakatemia / FF Communications, 1961. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20052009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||