Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ Innleiing
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  


Innleiing

Femboka er ei samling fablar og eventyr. Her er 65 soger i alt - dei fleste sogene i verket.

I teksten er sogene gitt tilleggs-overskrifter som samsvarer med overskriftene i ei av dei best kjende engelske omsettingane, Arthur Ryders omsetting, og er lagt til for at den som vil, nokså lettvint kan finne og jamføre med sogene hos han.

Fem oldtidsbøker i eitt, den gamle, indiske Femboka

Femboka, Pantsjatantra, er ei samling fablar i vers og prosa, med røter i oldtida. I korte drag:

  • I første del blir ei løve venn med ein okse. Men ein sjalu sjakal klarer å bryte vennskapen deira. Denne delen inneheld rundt 30 historier og utgjer nesten halve verket. Litt fleire detaljar: Den første delen av Femboka handlar aller først om knasa vennskap mellom løva Rustraud og oksen Livleg. Så kjem fleire andre fablar inn i historia etter kvart som aktørane fortel dei. Dei fleste fablane i første del blir fortalde av to sjakalar.

  • I andre del, om å vinne vennar, bestemmer ei kråke seg for å gjere seg til venns med ei mus (eller rotte) i rammeforteljinga her. Vennskapen veks og innlemmar etter kvart ei skjelpadde og ei råkalv. Når råkalven blir fanga, samarbeider dei for å fri han.

  • I tredje del, om kråker og ugler, er det krig mellom slike fuglar. Ei kråke lèt som ho er støytt vekk frå flokken sin, og får såleis sleppe inn hos uglene. Der ser og høyrer ho løyndommane og dei sårbare sidene deira. Seinare kallar kråka saman dei andre kråkene for å sette fyr på alle inngangane i hola der uglene bur, så dei blir kvelt.

  • Fjerde del handlar om naturstridig "samskap" (hopehav) mellom apa og krokodilla. Krokodilla vrakar forholdet for å skaffe seg apehjertet så det kan gjere kona til krokodilla frisk. Men apa finn ut av opplegget og unngår å bli drepen.

  • I femte del etterlèt ein prest (bramin) barnet sitt saman med ein vennleg mungo. Når presten og kona hans seinare ser blod omkring mungosnuten, trur kona at mungoen har drepe barnet deira, og drep han i sinne. Seinare finn dei ut at mungoen fekk blodet på seg då han drap ein brilleslange for å berge livet til barnet mens dei to var vekke.

[Jf. Wikipedia, s.v. "Panchatantra"]

Dette verket blir kalla Fem-boka av blant andre Olav Bø (1982:12), og namnet skal vise det dreier seg om fem sjølvstendige bøker samla til ei. Dei tre første delane er godt forma. Dei to siste skil seg noko ut - dels ved at rammeforteljinga i starten av del 4 nok ikkje er like interessant som dei innleiande rammeforteljingane i dei tre første delane, dels ved at del 5 knapt kan seiast å ha ei rammeforteljing, og dessutan har noko annleis historier enn dei første fire delane: Det kjem omsettaren Arthur Ryder til.

Eit utval

Over seksti soger er med her. Arthur W. Ryder har med om lag tjue til, men kor gode dei er, er diskutabelt. Nokre av fablane i den siste av dei fem bøkene som utgjer Femboka, har kor som er ry for å vere av dårlegare kvalitet enn mange av dei hine. [Ryders omsetting].

I tillegg til dei fablane som er med her, finst ein variant av fabelen om den tåpelege løva og kaninen (Numskull and the rabbit) blant buddhist-forteljingane her på nettstaden. Og for ordens skyld:

Ikkje tatt med her

1. Frå første bolk hos Ryder:

  1. The ungrateful man
  2. Smart, the jackal
  3. The mice that ate iron
2. Frå andre bolken hos Ryder:
  1. Mother Shandilee's bargain
  2. Self-defeating forethought
  3. Hang-ball and Greedy
3. Frå tredje bolken hos Ryder:
  1. Crows and owls
  2. How the rabbit fooled the elephant
  3. The cat's judgement
  4. The unsocial swans
  5. The self-sacrificing dove
  6. The snake in the prince's belly
  7. The bird with the golden dung
  8. The cave that talked
  9. The frogs that rode snakeback
4. Frå fjerde bolken går desse ut:
  1. Loss of gains
  2. The ungrateful wife
  3. King Joy and secretary Splendour
  4. The pert hen-sparrow
  5. How Supersmart ate the elephant

Bruk av rammeforteljingar

Femboka sine forteljingar er sett saman i ein "vev" der ein finn fablar inni andre fablar. Slik er verket komponert frå oldtida. Somme av historiene i boka kan sporast like til Rigveda frå rundt 1500 før vår tidsrekning. Ein reknar likevel at sogene blei sett saman som eiga bok ein gong i tidsrommet 200 fvt. - 500 evt. (fvt. = før vår tidsrekning, f.Kr. Og evt. = etter vår tidsrekning, e.Kr.)

Den første forteljinga i kvar bok i originalen fungerer som ei slags rammeforteljing. Ulike fablar kjem til før alt er ferdig og neste del startar med forteljingar inni forteljingar. Å bruke rammeforteljingar med andre historier i seg, er godt nytta i orientalsk verk, og i Vesten er teknikken kjent frå blant anna Tusen og ei natt, som har røter i egyptisk, persisk og indisk forteljekunst. Forteljingane i "nattboka" kan sporast både til slike tradisjonar og arabiske. Og mange persiske soger har opphav i India. [Wikipedia, s.v. "One Thousand and One Nights"]

Waldemar Brøgger, som har omsett Tusen og ei natt i seks band, nemner i første bandet:

Forskarar meiner at denne måten å komponere ei eventyrsamling på, er typisk indisk - det er mykje mogeleg . . . han var svært populær i India alt i gammal tid [Brøgger, bd. 1, s 17, jf s. 5]

Boka kjem frå oldtids-India, venteleg frå 200-talet før vår tidsrekning, og er kjent rundt om i verda den dag. Vismannen Vishnu Sharma (med eit namn på sanskrit som også blir skrive Visnu Sarma i omsetting) er forfattaren til dette staselege oldtidsverket. Femboka bygg på enda eldre, munnlege tradisjonar, og er det mest omsette av alle indiske verk, og historiene er mellom dei mest kjente i verd. Dei har hatt stor innverknad på litteraturen i Vesten, i Mellomalderen især. Doris Lessing skriv at boka har blitt omsett til engelsk minst tjue gongar, til dømes.

Ei bok om kunsten å te seg

I indisk tradisjon er Femboka eit nitishastra, eit verk om politikk og menneskeleg oppførsel, der å te seg bra i livet blir samanfatta med ordet niti, som femner over dei to eldgamle hindu-ideala om rettferd og velstand: dharma (mellom anna rett, lov eller rettferd) og artha (rikdom, velstand). Å te seg klokt og moralsk her i verda gir jamt velstand, og utan å bryte med sunn rettferd, skal det bety. Det blir fortalt at målet til Vishnu Sharma var å oppsede tre sløve og uvitande prinsar så dei forstod seg på politikk, og han brukte historier for å nå fram til dei med det.

Verket startar med ei kort innleiing, der vi møter Vishnu Sharma, som fortel resten av verket til prinsane. Tryggleik, velstand, resolutt handling, vennskap, og god læring bør kombinerast så lagleg at det gir djup glede; det er eit fint ideal. Sider ved ei slik sameining blir no lagt fram i diktarform i ei livsklok, femdelt bok der dei fleste aktørane er dyr.

Forteljingar med sitat, ordtak og småvers i seg

For gammal, indisk forteljekunst er det også særmerkt at aktørar i ulike historier seier fram korte og fyndige dikt (epigram). Ordtak er like eins forma som dikt. Strofene står framfor forteljingar, inni dei her og der, og etter dei. Versa er for det meste siterte frå vørde skrifter eller andre kjelder som blir haldne for høgverdige og autoritative. Versa gir Pantsjatantra det preget boka har. Historiene er sjarmerande forteljingar, men vene, vise og vittige vers lyfter verket enda høgare, seier Arthur Ryder (innleiinga). I mange omsettingar er versa omsette til prosa.

Gammalt fabelverk med sider av livets langdryge diplomati

Titlane på forteljingane blir lagt til av omsettarar, for originalen er utan titlar.

Somme fablar og vers kan utfordre verdiane våre, mens andre hjelper oss eit stykke på veg i å fatte og sidan dra kjensel på simple bedrag, og svindelstykke - men også kunsten å vinne vennar og samarbeide med andre, og styre livet sitt nokså generelt. Det finst dei som seier at denne fabelboka er særskilt nyttig for dei som gjer forretningar eller har diplomatiske samkvem med indarar - ganske som mange i Vesten har funne at boka Krigskunsten av Sun Tzu gir innsikt i strategisk tenking hos kinesarar. Kanskje, kanskje ikkje.

Så enda om forteljingane har dyr i rollene, er langt frå alle høvelege for barnestua. Fablane er tiltenkt unge og vaksne, og somme - med menneske i rollene - høver dårleg for barn under fjorten, lausleg vurdert. Og kanskje halvparten av desse dyrefablane frå andre himmelstrok passar for barn over ni år. Heimlege fablar kan vere bra for barn over åtte - som gjennomsnitt. Det er ikkje nokon absolutte normer for dette; snarare velmeinte peikepinnar.

Dyra syner menneskelege eigenskapar jamt

Når ein tillegg dyr menneskelege eigenskapar, dreier det seg gjerne om projisering - truleg også fordommar av det ganske enkle slaget.

Dei fleste fabeldyra blir tillagt faste eigenskapar, så også i namna deira. Det er eit indisk fabelsærmerke. Sjakalen Listig kan godt stå som døme. Ved namnet gir ein til kjenne at det er eit listig dyr ein har med å gjere. I indiske fablar blir løva jamt over rekna som sterk men ikkje klok. "Grufull" er kanskje ikkje nemnt, men det er ho så menn også - kongen over dyra. I fablar har indarar også kalla hegra dum og katten hyklar.

I Vesten har til katten og geita blitt knytte til djevelen fordi dei har spalte-pupillar, og ikkje rundingar. Kattar og geiter er ikkje djevelen sine drabantar for det; dei er no jamt flotte og joviale dyr og elendig oppfatta og uthengte. Men det er likevel eit kattedyr - ei løve - som pryder riksvåpenet vårt med stridsøks i pote. Kongehuset har same våpenet.

I somme land er det elles eit godt teikn når ein svart katt spring over vegen, noko som varslar hell. I somme kulturar reknar dei svarte kattar som teikn på hell, og i andre som teikn på vanhell, skriv Wikipedia (s.v. "Black cat"). Jørn Piø (1973) har samla saman mykje gammal, dansk overtru i ei bok ein kan sjå slikt i og meir til, og ei liknande bok er gitt ut av Ronald Grambo (1993).

Det går lettare å eksponere menneske ved å la dyr få rollene deira. Høveleg avstand til vanskelege tema kan bli gitt ved dette knepet, og indre avstand til vanskelege ting hjelper oss å slappe av og ikkje rekne avsløringane som altfor farlege - får vi då håpe.

Norske namn

I oldnorsk namnegiving og i andre kulturar, gir ein barn namn som skal peike på eller minne om eigenskapar, og stundom klengenamn (oppnamn). Nokre døme:

  • Klengenamn, oppnamn: Vikingen Olav Haraldsson fekk oppnamnet Digre. Han blei såleis kjent som Olav Digre (Storvom) ei tid, og seinare som Heilag-Olav (Olav den heilage).

  • Personnamn: "Gunvor" er norrønt, og tyder "strids-verge, vern i striden". [◦Lenke]

Unntak frå at personnamn skal knytast til person-eigenskapar, finst også: Jenta som får namnet "Sabina", blir såleis kalla opp etter røva kvinner frå fjella nord om Roma. Det var romarane som var på ferde der i oldtida.

Namnebøker som syner kva for eigenskapar eller minne ein tradisjonelt knyt til ulike namn, finn ein både på nettet og i namnebøker.

Fabelorienteringar

Normene som blir fremma omfattar klokskap og usentimental list, ofte imot naive og ideal som blir krenkte ved dette. I europeisk folklore handlar nok halvparten av dei katalogiserte eventyrtypane om å vise fram list og gamle knep og leie ferder så unge kan sleppe å bli offer for dei. På enkle, indre moralnivå kan dei komplette Pantsjatantra-fablane - fulle av list og knep og narrskap med overlegg - dermed bli ei utfordring, trass i vidd og humor og framifrå forteljekunst frå ei tid då folk i Norden nok ikkje hadde funne kjelder til varig glede og harmoni med naboane -

Men det mange likande fablar, og mykje visdom i kortversa under eitt, for eksempel:

If his favourite food comes not his way,
still you'll never catch a lion eating hay.

Slik omset Chandra Rajan eit lite vers. Det stemmer at løva ikkje har tenner og magar og sånt for å livnære seg på gras aleine, men det har den "dronninglege" vestlandshesten Glen Tanar Hans (fjordingen, fjordhesten) og eselet. Godt gjort! No vel, verdien av verset kjem an på kva ein samanliknar løva med - kongen er vanleg - og kva ein vil at høy skal bety, og av kva for omstende det blir kopla til, med meir. Det er ein kunst å seie fram ordtak.

Det er altså mengder av tradisjonelle ordtak og orienteringar og funderingar fletta inn i desse eldgamle forteljingane. I somme omsettingar til bl.a. engelsk, blir mange av småversa tatt ut, så fablane står att, kanskje med eit lite utval lærdommar (visdomsord) i seg. Slik er det også her. Behageleg nedkorta fablar som desse er så gode forteljingar at dei har gått jorda rundt, og høver truleg betre for born og unge enn dei med mange, mange minivers isprengt. All den tid ein veit at det finst fleire variantar av fablane og meir innhald knytt til dei i originalen, går det vel godt nok.

Denne attgivinga

Somme omset omstendeleg, tilnærma bokstavleg. Andre gir att meir lausleg. Mellom desse to ytterkantane, som er "ganske likt, bokstavleg talt" og "minner om originalen på eit vis, men med fri gjengiving" finst kloklege mellomstadium. Det er vel som det skal vere. Den som vil ha fram hovudinnhald og gode kjerner frå originalteksten, vil truleg nærme seg fri gjendikting, men kanskje ikkje heilt ut.

Frankling Edgerton trudde han kunne nærme seg ein tenkt originaltekst ved å sjå kva ti ulike, nokså gamle versjonar hadde felles. Det var ikkje mykje, viste det seg. Men han forma ein versjon som blei god nok til å bli tilrådd av Unesco, og då er Edgertons bok grei for meg! No kan ein finne at stilen her og stilen hans har eitkvart felles, til dømes at den er knappare enn Ryder sin og at dei gamle versa ikkje er omsett til anna enn prosa - stort sett - med minimalt omsyn til rim og rytmer. Slik kan ein løfte fram gamle hovudbodskap og vonleg glede nye fabellesarar. Men det finst altså andre måtar å gå fram på også. Det skulle vere klart.

Fablane her er enkelt gitt att ved meg i von om at nokre kan høve for barn, unge og eldre. Då hjelper det ein heil del med nokså enkel nynorsk. Den engelske omsettinga eg har brukt nesten heile vegen, er Arthur W. Ryder si. Eg har altså lagt vinn på å gjere hovudinnhald enklare å få med seg. I store delar av verket brukar aktørar vers mot kvarandre, fram og tilbake. Mange småvers har eg funne det tenlig å ikkje ta med. Eg har gjort utval. Eg har heller ikkje laga rim og rytme til dei versa eg har med. Dei fleste står som prosatekst, kanskje ramma inn med hermeteikn, som mange av ordtaka.

I somme fablar opptrer heimlege dyr i staden for dyr frå India. Til dømes blir ein svart slange til ein svart hoggorm, sjakalen til ein raudrev, mungoen kan bli til ein røyskatt, eselet kan bli til hest, "kongedyret" løva blir til bjørn. Å "omplante" dyra til slike ein kan finne i faunaen i Noreg og som gjer om lag det same i fabel-samanhengane, gjer nok at innhaldet kjem nærare. Noko vinn ein ved slikt, og noko mister ein - mellom anna ein slags dåm - noko som kling med, så å seie. Ein får vege tenkte fordelar og ulemper mot kvarandre og sjå kva som har skjedd med gamle fablar som har komme frå andre land og slått rot i europeiske land. Dei har blitt omplanta i større eller mindre grad etter ein slik leist som er skissert. Til dømes har esopsfabelen der reven seier at rognebæra er beiske, opphav i ein om druer, der det ikkje alltid er enkelt å vite skil på søte og sure. Druer har blitt til rognebær: Det er eitt døme på omplanting av gode historier frå gammalt.

Dei fem forteljingane som opphavleg står fremst i dei fem delane av bokverket, har eg sett til sist i bolkane sine. Somme stadar finn ein innhaldet i mange vers omsett til prosa med blå skrift. Meininga med det er å skilje mellom handling og snakking så ein kan hoppe over omstendeleg snakk dyr imellom og få med seg handlingsgangen nokså lettvint om ein vil. Eg tenker meg for eksempel at mang ei(n) kan få lyst til å sleppe å lese og bla gjennom 210 sider i Arthur W. Ryder si omsetting for å vite korleis den aller første fabelen endar. Den spenner ikkje så vidt her. Sjå sjølv.

Her og der har eg ikkje kvidd meg for å legge til ein lausleg tilknytt lærdom eller to heller, som i etterhenga med skråskrift og denne markeringa - - framfor seg.

Eg har dessutan løyst fablane frå kvarandre så dei ikkje står inni kvarandre, men kjem ein etter ein. Det kan gi hyggelegare lesnad.

Fleire av dei gamle tilvisingsvendingane (referansane) til eldre tiders og fjerne himmelstroks tru og tenking fann eg det greitt å fjerne, iallfall i første omgang. Eg kom til at hovudlærdommane i sjølve historiene kjem fram likevel.

Dette var hovudpunkta i tilnærminga mi, som er gjendikting. Det finst andre tilnærmingsmåtar også, men dei verka ikkje like høvelege for meg.

- Tormod Kinnes

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, Pancatantra, litteratur  

Det finst fleire dusin omsettingar og gjengivingar frå Femboka, til engelsk aleine, men ingen andre på skandinaviske språk (2015). Dei fleste forteljingane i verket er med her. Somme av bøkene som er lista opp nedanfor, inneheld berre spinkle utval av fablane i lag med enkel kunst som barn vel kan like. Bøkene det er sett ei stjerne framfor, er bra omfangsrike samlingar.

Brøgger, Waldemar, tr. Boken om tusen og en natt. Band 1-6. S. A. Spain: Triangle Commercial Corporation, 1985.

Bø, Olav, mfl, redr. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.

Dutton, Maude Barrows. The Tortoise and the Geese and Other Fables of Bidpai. Boston and New York: Houghton Mifflin Company, 1908. Boka finst på nettet. ⍽▢⍽ Gitt att frå persisk tilpassing.

* Edgerton, Franklin. The Panchatantra: Translated from the Sanskrit. London: George Allen and Unwin, 1965. ⍽▢⍽ Unesco-godtatt, rekonstruert omsetting av fablar frå dei eldste Sanskrit-versjonane. Edgerton samanlikna kvar einaste setning i ti avleiingar av oldtidsverket for å forme ein tekst. Han skriv at resultatet er berre omtrentleg. I svært mange høve kan ein ikkje vere viss på kva som tilsvarer den opphavlege teksten. Med andre ord: teksten som har blitt rekonstruert, er tvilsam fordi kjeldene ikkje strekker til. Men boka her er etter måten god å lese; det blir sagt den er meir leseverdig enn (den tenkte) originalen. Edgerton-boka har færre fablar enn til dømes Ryder si omsetting av ein versjon frå rundt 1200. - Vel, førsteutgåva av Edgerton-boka er frå 1924. Utgåva frå 1965 er utan illustrasjonar, i godt format. Versa i originalteksten blir omsette som prosa slik at kvart vers formar sitt eige avsnitt.

Govindan, Santhini. 71 Golden Tales of Panchatantra. New Delhi: Unicorn Books, 2007. ⍽▢⍽ Mange av fablane er med her. Dei fleste ordtaka er fjerna. Finst hos Google Books.

Grambo, Ronald. Svart katt over veien: Om varsler, tegn og overtro. Oslo: Ex Libris, 1993.

Olivelle, Patrick, oms. Pancatantra: The Book of India's Folk Wisdom. New York: Oxford World Classics /Oxford University Press, 1999. ⍽▢⍽ Ei skikkeleg omsetting med innleiing og notar.

Piø, Jørn. Den lille overtro. København: Politiken, 1973.

Rajan, Chandra, tr. Visnu Sarma: The Panchatantra. London: Penguin Classics, 1995. ⍽▢⍽ Alle fablane i den nordvestlege Purnabhadra-varianten av verket frå 1199 er her, og vise ord (epigram) inkludert. God omsetting. Den prøver å vere nær opp til sanskrit-originalen, trass i at mange verdsorienteringar var annleis då enn i Vesten i vår tid. Den såkalla bokstavlege omsettingsprofilen har sine fordelar og ulemper. Mange ulemper kan avhjelpast eit stykke på veg ved innskotne forklaringar og kommentarar.

Ryder, Arthur William. Gold's Gloom: Tales from the Panchatantra. Chicago: The University of Chicago Press, 1925. ⍽▢⍽ Utdrag frå Ryders omsetting av Panchatantra. Den viktige førstehistoria er ikkje med i Gold's Gloom, til dømes - lang og oppstykka som den er. (sjå neste oppføring).

* Ryder, Arthur William. The Panchatantra. Chicago: The University of Chicago Press, 1925. Finst som uavkorta engelsk utgåve på nettstaden her. ⍽▢⍽ Ei god omsetting som har blitt kalla "nøyaktig og sjarmerande". Sanskritversa blir omsette som vers, og prosa som prosa. Blant Ryders kjennemerke er stor truskap overfor originalen, forma på levande og naturleg engelsk med bruk av rim og faste vendingar (idiomatisk engelsk). [Meir om den]

Wiggin, Kate Douglas, and Nora Archibald Smith, eds. The Talking Beasts: A Book of Fable Wisdom. Illustrations by Harold Nelson. Garden City, NY, and Toronto: Doubleday, Page & Company, 1911. ⍽▢⍽ Fablar frå "Bidpay" (dvs. Vishnu Sharma) er med blant kanskje to hundre frå ulike kulturar. På nettet.

Femboka, gammalindiske fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, Pancatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]