Norsk del, Gullvekta
Finske eventyr  ❀ 3
Seksjon › 16   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Bjørnen og mauren

Bjørnen og mauren møttest på skogsstigen og tok til å skryte av kreftene sine.

"Eg er så sterk", sa bjørnen tilfreds, "at eg klarer å velte den steinen der, like stor som meg sjølv, og rulle han ut i vatnet."

"Det er nokså lite i forhold til meg", sa mauren, "for eg kan bere ein stein som er like stor som meg sjølv heilt opp i ein grantopp."

"Det vil eg sjå før eg trur det", sa bjørnen.

Mauren greip fatt i ein stein som var like stor som han sjølv, og drog til han hadde steinen i høgaste grantoppen. Bjørnen prøvde å gjere det same med ein stein som var så stor som han sjølv, men det gjekk skeis. Steinen glapp ut av bjørnelabbane og datt ned på føtene hans så det gjorde rett vondt.

Sidan då har bjørnen rota i maurtuene og ete mauregg for å bli like sterk som mauren.

Notar

  Innhald  


Bøker

Finske eventyr, folkeeventyr frå Finland.    Seksjon     Sett    Neste

Finske eventyr, folkeeventyr frå Finland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]