Norsk del, Gullvekta
Finske eventyr  ❀ 4
Seksjon › 16   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Pelsen til bjørnen

I lang tid brydde ikkje bjørnen seg mykje om korleis han såg ut. Men ein dag la han merke til for ein vakker, raud frakk reven hadde, og blei misunneleg. Han spurde reven: "Fetter, kor har du fått ein så vakker, raud frakk frå?"

"Pelsen min?" sa reven. "Å, eg kleiv opp på ein høystakk her om dagen, og vennane mine sette fyr på stakken under meg. Eg let håra i frakken bli litt svidd i tuppane, og sidan den tida har frakken min hatt denne vakre fargen som du ser."

Høystakkar av Claude Monet
Franske høystakkar av Claude Monet.

"Stemmer det?" sa bjørnen. "Eg skulle ønske du ville gjere det same for meg. Eg vil gjerne ha raud frakk, eg også."

"Gjerne," sa reven og lo for seg sjølv. "Det er ein høystakk bortpå marka der. Klyv opp dit, så skal eg sette fyr på stakken."

Bjørnen kleiv opp til toppen av høystakken og ropte: "Skund deg, fetter, skund deg!"

Reven sette fyr på høyet, og snart var bjørnen nesten kvalt av røyk. "Det brenn," ropte han. "Det brenn! Skal eg hoppe ned?"

"Det er ikkje klart enno. Vent litt lenger!" ropte reven attende.

Akkurat då kom eit vindkast så flammar stod høgt til vêrs ifrå høyet. Den tjukke, rufsete pelsen til bjørnen tok fyr. Han hoppa ned frå høyet og stupte ned i elva som rann forbi der.

"Berre vent til eg får tak i deg!" ropte han til reven. Men reven hadde allereie rømt.

Sidan den dagen har bjørnen hatt mørk og rufsete pels som ser svidd ut i tuppane.

Notar

  Innhald  


Bøker

Finske eventyr, folkeeventyr frå Finland.    Seksjon     Sett    Neste

Finske eventyr, folkeeventyr frå Finland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]