Norsk del, Gullvekta
Aforismar og andre åtgåingar
Seksjon › 13   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Usorterte

Alder fører sikkert til det som er verre.

For somme er "ein annan gong" jamgodt med aldri.

Som ein fuskar mot barna, slik vanartar dei.

Den som bygger ved landeveg, kan få mange til å kommentere seg.

Bønner flest går trass alt utan svar.

Beste middel mot å bli drukken er å halde seg edru.

Ein utolka draum er som eit uopna brev (frå Talmud).

I draumar ligg bestevinka ofte gøymt.

Ingen ting duger feil prøvt.

Ein lykkast ikkje alltid, enda om ein er dugleg nok.

Der dug vantar, er venleik lite blid.

Der dyden manglar, er det ikkje langt mellom motgangane.

Dei som er kvarandre lik, finn saman (Fransk: Qui resemble, s'assemble ).

Dess lenger du ventar, dess meir mat trengst for å overleve.

Froskar får ein ete, men ikkje alle.

Når frosk leier frosk, vil begge til sumpen.

Frukt er frukt og bær er frukt [jf.].

Mange daudfall kan ein hindre ved enkle føre-var-tiltak.

Det den fattige seier, er normalt ikkje skjemt.

Det hjelper ikkje kva du trur, det høver ikkje å vere fattig.

Den fuglen som syng på feil plass, kan bli tatt av katt.

Det skulle hjelpe å vere behageleg og sakleg informert. Gal tru har felt så mang ein. At somme handlar heilt urimeleg tullete gjennom tru og låg griskheit i spann, høyrer dessverre ikkje heime berre i eventyr.

La kjent folk kjenne sin beste profil -

Når ein kar blir fødd, er fiendane hans alt omkring han. Det gjeld å kjenne slike.

Når katten mjauar, kjenner han seg.

Oppkomlingar kjenner ingen normal pietet.

Den som har vada i stryket, kjenner det vel.

Den som kjenner dei tolv pulsane, veit vel kva veg det ber [akupunkturlære].

Den som kjenner seg best, får gå for storkunstnar i faget.

Ein boge bør ikkje alltid vere spent.

Ein kastar skit på dei levende og blomster på dei daude. (Svensk)

Ein bør ikkje strekke beina lenger enn teppet rekk. (Svensk)

Eg har ein god boge, men han ligg på slottet. (Engelsk)

Eg seier berre litt, men tenker desto meir. (Engelsk)

Ein gneg litt av bein, men ingenting av ein berre stein. (Etter svensk)

Ein god smak lever ikkje evig på leppa. (Afrikansk)

Ein får ikkje noko godt når ein seier noko vondt. (Gammalegyptisk)

Ein gammal ramn skrik ikkje utan grunn. (Russisk)

Ein løgnar trur vi ikkje, ikkje eingong når han taler sanning. (Latin)

Ein mann kjennast på sin omgang. (Latin)

Ein skade skjer lett, men kan vere vanskeleg å gjere god att. (Tysk)

Ein må la folk tale, ettersom fisk ikkje kan. (Polsk). (Merknad: Her har folkeoppfatninga vore feil, for ◦fisk kan tale som fisk.)

Ein skal kjenne sedene, og te seg ganske naturleg under eitt.

Ein skal spare i tide, mens ein enno har noko.

Etter regn gror gras, etter vin veks vas.

Eit esel er eit esel, om så salteppet er av atlask.

Ein skal skunde seg vel ifrå ein gal mann.

Esel er vakre i auga til esel, grisar i auga til grisar. (Latin)

Eit svolte auge ser langt. (Engelsk)

Eit liv utan venn blir snart ein daude utan vitne. (Spansk)

Eit lys tenner andre lys og et seg sjølv. (Engelsk)

Ekstreme vonde krev ekstreme forholdsregler. (Latin)

Eitt ord er nok for den vise. (Latin)

Ekteskap er ikkje noko kappløp, du når alltid fram i tide. (Russisk)

Ein skal først sope framfor si eiga dør. (Norsk)

Ein skal ikkje dømme ei bog etter tittelen. (Svensk)

Ein skal ikkje krangle om skjegget til paven. (Engelsk)

Ein skal ikkje ro lenger ut enn å ein kan ro i land igjen. (Svensk)

Ein tiger et ikkje sine eigne ungar. (Indonesisk)

Ein stut kan ikkje brøle to stadar samtidig. (Afrikansk)

Ein vis mann vinn kunnskap frå den som ingen har. (Skotsk)

Ein smigrar er ein hemmeleg fiende (Ungarn).

Eit sant ord er ikkje alltid frekt. (tilmåta frå Afrikansk)

Ein varmar omnen for at han skal varme igjen. (Svensk)

Einaste dottera blir snart moden. (Svensk)

Et godt namn mister ein berre ein gong. (Svensk)

Et med måte og sov søtt. (Skåne)

Europearen vernar og slår i hel. (Afrika) Ekteskap kurerer kjærleiken. (Tysk)

Eit vennleg ord held ein mann varm i tre vintrar. (Tyrkisk)

Innhald


Høyet i hus

Klammer, symbol, stjerner, teikn og meir blir forklart: (1) Teiknforklaringar; (2) Klok fôr-handtering.

Litteratur

Aforismar, tankekorn, betraktningar, åtgåingar, vurderingar, fyndord, sentensar, ordspråk, levereglar, ordtak, observasjonar, sitat, maksimar, meiningar, synsmåtar, overslag, fråsegner, granskingar, utsegner, tankar, ord, opp    Seksjon     Sett    Neste

Aforismar, tankekorn, betraktningar, åtgåingar, vurderingar, fyndord, sentensar, ordspråk, levereglar, ordtak, observasjonar, sitat, maksimar, meiningar, synsmåtar, overslag, fråsegner, granskingar, utsegner, tankar, ord. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2016–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]